, ,

Tre minne frå andre verdskrig

     Alliert fly skote ned ved Nærøyane. Databilete av Fridtjov Urdal

Flystyrt våren 1945

Ein gong på vårparten 1945 vart eit alliert fly skote ned og styrta i fjorden nord for Nærøyane. Han Peder Iversen (Pederen på Kviene) såg til og rodde ut og fekk plukka opp flygaren, rodde han i land og fekk han i hus, og sette han til turk attmed kjøkenomnen. Men kva gjer ein med ein alliert flygar som har landa i fjorden høgste dags?

Skal ein freiste å få vedkomande unna og korleis? Peder kom til at sjansane var små for at noko slikt ville lukkast. Ein måtte gå utifrå at den tyske kontrollposten på Storeåsen i Florø hadde sett kva som hadde hendt og at det hadde vore båt ute og henta ein som låg i sjøen. (Kor vidt flyet hadde naudlanda på fjorden, eller om flygaren hadde kome i skjerm, er for meg noko uklårt, all den tid båe ting vart fortalt). Dessutan var det sikkert andre som óg hadde sett. Avgjerda vart at her var det berre å melde frå til okkupasjonsmakta om at dei kunne kome og hente ein alliert flygar. Så vart gjort.

Men det smakte ikkje heilt godt å gjere det. Sjølv om det ikkje var noko særleg tale om det, så verka det som ein hadde eit agg for at flygaren vart utlevert til fienden. I ettertid kan ein vel sjå at det å få flygaren unna og i løynd ville ha vorte svært vanskeleg all den tid dette var noko som hende høgste dags med mange tilskodarar. Tyskarane ville likevel ha kome før eller seinare, og kva då? Nei, han sprang til skogs han og borte var han. Ville dei verte trudde på det? Og kva med dei hine i bygda om det vart noko styr?

30. mars 2023: Vi etterlyste dato for denne flystyrten då vi la ut denne historia, og fekk svar frå Aud Slettehaug, som er knytt til Luftkampmuseet i Frammarsvika, Naustdal. Flyet styrta 7. april 1945 og flygaren overlevde krigen, sjølv om han kom i tysk fangenskap etter flystyrten. 

        «Dinna store styggheita», databilete av Fridtjov Urdal.

Då dinna «Store styggheita» låg nede på Vågen

Eit av krigsåra kom det eit havariskadd tysk fraktefartøy og la seg til ankers på Nordre Vågen. Kva tid dette var og kva fartøy det var veit eg ikkje, men det skulle vere lasta med kol og poteter vart det fortalt.

Bjarne Holstad meinte at det var eit fartøy som hadde gått seg på Årebrotsodden. Der var tydeleg merkje i bergnova etter skuring, og båten var oppskrapt og hadde kollisjonsskadar i baugen. Folk var redde for at der skulle kome allierte fly og gå til åtak. Ho Maria på Løypa var så å seia næraste granne til fartøyet og ho omtala det slik: «Eg har aldri vore så redde som då dinna store styggheita låg nede på Vågen her.» Heldigvis for gardane i kring så kom der ingen fly og bomba. Men ein del av mannskapet hadde fått landlov og trekte til skogs og fjells.

Det gjekk ikkje likare en at to-tre mann gjekk seg skårfaste i Futenipa og måtte ha hjelp av heimekjende folk for å kome seg velberga ned att. Nokon var framme med kjeften og meinte at ein «berre skulle ha lete dissa helsikes tyskarane sete opp i skåra si». Men fekk då til svar: «Kunne no ikkje ha dei sitjande der å skrike som nokre andre ramnar». Fartøyet kom ikkje under åtak den tid det låg på Nord Vågen, så bygda gjekk klar åtak.

Spekulasjonar kring eit løetak

På Kvia vart det rett etter krigen lagt nytt tak på løa/fjøsen. Slikt går ikkje uakta føre seg i ei lita bygd der det ikkje er kvart år det ver lagt nye tak. Kor hadde dei no fått råd til det? Jau, det vart sakte funne ei forklaring på det. Det var sjølvsagt pengar som dei hadde fått som erstatning for han Fridtjov, yngste sonen som kom av dage då lokalbåten Fusa vart attakkert (angripe) på Korsfjorden (Krossfjorden) 8. januar 1945. Ja, slik var det nok, meinte somme å vite. Nett dette vart aldrig omtala heime, men det skulle meir en godt gjerast for at det ikkje skulle kome dei etterletne for øyra, men det vart aldri nemnt som eg kan minnest. Det er dette med reip i hengd manns hus. Det var noko sørgjande pårørande hadde klart seg godt utan.

Eg har ingen grunn til å tru at eit slikt ord kom ut grunna vondskap eller aggresjon/misunning mot dei på Kvia. Nei, det var nok heller syskenbarna, toskeskapen og tankeløysa som gav føter til slikt. Så korleis kom det for mine øyre? Den som fortalde mest utførleg om dette var Abraham Øvrebotten frå Botnane. Vi kom ved eit høve i prat om farbror Fridtjov, som han hadde kjent i si ungdomstid. Abraham nemnde det som eit døme på kva folk kunne sleppe or seg. Han fortale vidare at det óg var dei som hadde meint at det måtte vere ei trøyst for familien at det var dei allierte og ikkje tyskarane som hadde drepe han. Kva trøyst der var å finne i det var han meir enn tvilande til. Nett den trøysta hadde eg høyrt heime, med mora, ho Anna, sin kommentar: «Å, da er lett trudd da so ikkje sjølv e røynt». Andre informantar når det gjeld ord om det nye løetaket var Henrik Kleiven og Kjell Døskeland.

Av Fridtjov Urdal, februar 2023.