,

Flystyrten og dei himmelsende kjolane ved Nærøyane

Fridtjov Urdal har tidlegare skrive historia om då eit engelsk fly styrta ved Nærøyane 7. april 1945, slik han hugsar brotstykke av det han vart fortalt om det. No har han fått Kjell Døskeland si skildring av hendinga. – Kjell Døskeland, fødd 1935, er vel av dei siste attlevande som opplevde og hugsar denne hendinga vårdagen fyrst i april 1945.  Han har ei annan og meir heilskapleg framstilling enn det eg kunne gje på grunnlag  av dei minnefragmenta eg bygde på, skriv Fridtjov Urdal. Silken i fallskjermen vart brukt til på sy kjole til ein konfirmant, og seinare til brudekjole, til ei frå Nærøya. Har nokon bilete? 

Kjell Døskeland minnest flystyrten slik:

Det var slett ikkje uvanleg med fly i dei dagar. Det kom fleire gonger fly vestfrå for å gjera åtak på farty som låg i Nordgulen. Kor vidt dette flyet hadde vore ute i slikt ærend veit eg ikkje. Flyet kom uvanleg lågt på vestleg kurs og vi høyrde at det måtte vere noko gale med motoren. Trass i den låge høgda sprang  flygaren ut i fallskjerm, landa i sjøen og kom seg sidan opp  i ein gummiflåte.  Der kom båtar til, kven det var hugsar eg ikkje anna enn at det var ein robåt med to mann. Bestefar min og onkelen tok  motorbåten og for ut og fekk slepa flåten til lands inn på Nordre vågen. Eg trur eg gret fordi eg ikkje fekk vere med.

Eg meina å hugse at der kom fleire folk til og det var diskusjon om kva ein skulle gjere. Dette var berre nokre veker etter at radiostasjonen i Breivika var teken, så folk var vel noko oppskremde. Eg meiner at flygaren vart teken opp i Vågen. Ein vart einige om at det ikkje var anna å gjere en å melde frå til myndigheitene. Det vart ringt frå Ura og flygaren vart henta og ført til Florø og derifrå til Bergen. Han var vanleg krigsfange. Folk visste å fortelje at han hadde komme vel gjennom tyske fangenskapet det var då berre ein månad att av krigen Det vart naturlegvis rykte, praten gjekk om dette som om alt anna. Mellom anna skulle føraren av den båten (truleg var det Sonja, ein båt heimehøyrande i Seljestokken som tyskarane hadde kverrsett til sitt bruk) som skulle hente flygaren  gjeve seg god tid og endå til skura bort i eit skjer i von om at ein skulle få flygaren unna. Kor vidt det er rett er høgst uvisst.

Den himmelsende kjolen

Det som derimot er sikkert er at ein mann frå Nærøyane hadde plukka opp fallskjermen og ei stund etter kom den til Urøya. Finnaren eller bergar hadde ei dotter som skulle konfirmerast det året og han ville ha tanta mi, ho Alma som var sydame, til å sy kjole av skjermen. Så vart gjort. Nokre år etter kom kjolen attende til Urøya og ho Alma, men no skulle han syast om til brurekjole. Det vart og gjort, skriv Kjell Døskeland til Fridtjov Urdal.

Skal tru kven det var som sto konfirmant og brud i denne himmelsende kjolen? Er det nokon som veit det? Det kan ikkje vera så mange konfirmantar frå Nærøyane å velje i. Om kjolen finst enno så har han si historie. Har nokon bilete av konfirmanten og/eller brura i kjolen av fallskjermsilke?

At det er fleire forteljingar om same hending er heilt vanleg, og denne som Kjell Døskeland fortel er meir konsistent enn dei brokkar som eg minnest vart fortalt. Denne hendinga er nok dokumentert i både allierte og tyske arkiv. Fly avdelinga som det her er tale om hadde basen sin i Peterhead og fangen vart nok registrert og avhøyrd av tyskarane.

Fridtjov Urdal 14.04.2023.