,

Kjærleikshagen på Urane

– Denne hagen er Agnes sitt verk, eine og åleine. Ho planta løkar, staudar og rododendron i søkk og kav, særleg då ho vart eldre og nådde i folketrygda. Før den tid var det blomar på eit mindre område, for det var om å gjere at kvar minste jordflekk vart brukt til å dyrke gras for sauene. Det var nøysemd sett i system, seier Are Skoglund, som no er den heldige eigaren av Gamlebøen på Urane, der Agnes Uren (1903-1992) budde all sin dag. 

 

Ein kan nyte både utsikta og grøderikdomen frå uteplassen.  

Vi har fortalt historia om Agnes og folka på Gamlebøen før. Det var ho som i ungdomen hadde fått seg jobb på eit hotell i London og stod reiseklar då mora Juditta utbraut: «Kva med meg då?». Agnes blei verande, ho makta ikkje å la mora site att åleine med ei ku og fem sauer. Etter å ha gjeve opp London forlova ho seg med Mandius Sønnervåg, som hadde eit gardsbruk litt lenger nord på stranda. Dei var ringforlova, men det vart aldri noko giftarmål, for Mandius fekk tuberkulose og døydde på tuberkuloseheimen på Sandane i 1944.

– Agnes bar ringen til Mandius heile livet. Huset her var fullt av religiøse bøker og broderte bibelvers. Eitt av bibelversa har eg teke vare på: «Vær tro inn til døden, så skal jeg give dig livsens krone», står det. Det var ho verkeleg heile livet. Men ho snakka ikkje om det.

– Du kallar hagen her for «Kjærleikshagen», kvifor?

– Ja, det namnet var det Fridtjov (Urdal) som brukte fyrst. Han er meir poetisk enn meg, og kjende Agnes og folka her på Gamlebøen godt. Ho heldt alltid eit ope og gjestfritt hus. For meg er dette ein slags minnehage, for henne om Mandius, for oss andre om Agnes. Det fortener ho. Folk blir store i augene når dei ser kva blomsterprakt som skjuler seg bak steingarden og mellom steinane her.

 

Ein fordel med å bli pensjonist er å få med seg vårbløminga på Gamlebøen

– Reiser du hit for å få med deg våren i hagen?

– Ja, det var fyrst i fjor, då eg vart pensjonist, at eg skikkeleg fekk glede av våren i hagen her. Då var våren mykje tidlegare enn i år og med mykje rikare bløming. Alt kom på ein gong. Kulden og det ustadige veret gjer at det er seinare og mindre blomsterprakt i år. Men her er rikeleg likevel, seier han og ser utover ein hage der påskeliljene og narsissane er i ferd med å blomstre av, og dei fleste rododendronane ikkje har sprotte heilt enno. Dei er høge som tre, dei eldste meir enn 50 år gamle. Dei er eit syn i raudt, og snart sprett dei lilla, rosa og kvite også. Ulike blomar avløyser kvarandre utover våren, sommaren og hausten, sjølv om hjorten tek føre seg her også.

Are Skoglund har gjeve 17. mai-nemnda i Botnane og Årebrot grendalag ståande beskjed om at dei må kome hit og plukke blomar til å pynte med. Her er det fort gjort å samle seg store bukettar med påskeliljer, narsisser og rododendron. Han tykkjer det er kjekt om Agnes sin hage kan glede andre. Det ville ho ha likt.

 

 

Førebels er det berre dei raude rododendronane som blømer. Dei lilla, kvite og rosa står høge som tre med eit vell av knoppar.

 

 

 

 

– Korleis maktar du å halde hagen ved like?

– Nei, sei det du. Eg er ingen botanikar, hadde nok stroke om eg kom opp i det faget. Men eg er stolt av hagen og har fordel av at løkplantane formeirar seg villig. Eg prøver å halde dei store trea i sjakk, slik at dei ikkje skuggar for hagen.  Men eg slit mest med rosehekken Agnes planta fram på kanten mot sjøen. Ho kom heim med stiklingar etter å ha vore i systerdottera Tordis sitt bryllaup. Trekken frå sjøen skulle spreie den gode lukta bakover i hagen, og vere til glede når vi sat her, hugsar eg ho sa. Men eg kan ikkje fordra dei rosene!

– Kvifor ikkje?

– Dei stikk noko alldeles forferdeleg og eg likar ikkje å få hendene fulle av små torner. Dei verkjer ut att etter nokre veker. Det går ut over stellet rosene skulle hatt frå mi side og eg finn ikkje ut av kva stell dei skal ha. Det er små gule roser, mest som ballar, og luktar godt. No har eg malt opp kvist og greiner og lagt rundt dei, å bruke hjorteskiten som låg her hjelpte ikkje. Nei, eg vansteller nok dei rosene, for folk som får avleggarar får dei til å bli vakre busker. Eg bør kanskje få meg tak i sauemøk?

 

Den problematiske rosehekken skuggar ikkje for sjøutsikta  

– Plantar du noko sjølv i denne hagen?

– Det er lite som har vore planta her etter at Agnes la inn årane, og her er så mykje at det ikkje er nødvendig med meir. Tvert om trur eg at eg må kutte ned på dei største rododendronane, dei tek liksom heilt over der dei står. Den aller største er den Agnes gjødsla med oske frå omnen, det er tydelegvis god næring for dei som likar sur jord. Ho hadde greie på slikt, ho Agnes. Ho las om plantar jamsides bandsterke verk av Hamsun og Bjørnson. Vinteren var for lesing, vår, sommar og haust for hage. Agnes la sjela si i arbeidet med denne hagen, seier Are Skoglund, i stor respekt for grandtanta sitt arbeid.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 14.05.2023.