,

Fyrvaktaren

Eg får kalla han så sidan eg ikkje kjenner den offisielle yrkestittelen. Men det er i dette høve han Bjarne på Løype det er tale om. Han var fiskar og 3 kyrs bonde og hadde dertil ansvar for å halde lys i 4 lykter ut i leida. Det var ikkje noko stor og tidkrevjande stilling, men desto større ansvar. Dei skulle lyse same kva vêr det var. Berre høgste sommar var dei sløkte og så vart dei tende att, når nettene tok til å skymast att. Det var for å sikre trygg ferdsel på sjøen, men ein skulle ikkje brenne gass i utrengsmål. Det var då statspenge det var tale om. Bjarnen, som vakta fire lys var ei lita tann i det store maskineriet som heite Fyr- vesenet. No heiter det visst direktorat. Det var mange lykter og lysbøyer kring kysten,  heile 2000. Dei vart vakta av ein heil liten hær av blåkledde dongeri-karar med blank skuggehue på hovudet og Viking gummistøvlar på føtene.

Lyktene var gassdrivne og den var på store, tunge stålflasker som måtte skiftast etter eit fast skjema. Dei sto nede på bua og var strengt forbode og røre dei, for då kunne dei kome til å gå i lufta. For sikkerheits skuld var faren sterkt overdriven, men den verka. Eg meiner óg at det var ein del anna vedlikehald og ettersyn som skulle gjerast. I alle høve så gjore han Bjarne det, såg til at rutene ikkje fekk gro til av saltdrev, sota av brennarar, pussa og stelte. Lyktene måtte skine klårt. Han var i all si ferd så at han ikkje stogga ved grensa for det formelle ansvar.

Når det var sundag så gjekk han på fyrane. To av dei kunne han nå frå land. Årebrotsodden og Solberg- fyren som vi sa. Endå det visst heiter Klenevågen. Det var ein bra sundagstur fram og attende. Dei to andre, Drogaflu og bøya inn av Nærøyane, måtte han i båt for å sjå til. Fyrst hadde han berre færingen, men fyrst på 60-talet rådde han seg til med ein liten open gavlbåt. På Drogaflu lykt var det ei lita hand- driven vinde til å heisa opp gassflaskene. Lykta sto høgt på tre skjelvaksne jarnføter med ein leider opp til lykta. Eg trur han såg på dette arbeidet meir som ei samfunnsteneste enn som eit løna arbeid.

Tekst og teikning av Fridtjov Urdal desember 2024.