, ,

Den fyrste som flaug over Atlanteren

I år er det 90 år sidan Thor Solberg, frå Solberg, rett sør om Seljestokken, kryssa havet frå New York og landa i Bergen. Fredag 16. august 1935 flaug han siste etappe frå Tórshavn på Færøyane over Nordsjøen til Bergen. Turen tok fire og ein halv time gjennom tette skyer, og med eit radiosamband som svikta. Men Thor hadde trua, og fann vegen heim til gamlelandet.

Flyet til Thor Solberg ankra opp framfor heimegarden på Solberg, dagen etter at han landa i Bergen, etter å ha floge frå Amerika til Noreg.

Saman med radiotelegrafist Paul Oscanyon flaug han innover Øygarden og Askøy og eit stykke opp i Bergensdalen før han snudde utover igjen mot Sandviken. Der var det så svart av folk og båtar at han måtte heilt ut til Storemøllen for å lande med sjøflyet sitt der. Heile Bergen og sju av brørne var møtte fram. Men her var også kringkasting og aviser og New York Times, som hadde dekka turen heile vegen frå Brooklyn, over Grønland og Island, og heile vegen til det norske Vestlandet.

Neste dag flaug han opp til Solberg og Årebrot for å ta ein sving over Hovden og Batalden med foreldra om bord. Det må ha vore litt av eit syn!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mora Gunhild fotografert på sin fyrste flytur. 

 

 

 

I boka om flygarhelten, som kom på Samlaget i 2013, kan ein lese meir inngåande om bragdene til Thor frå Solberg. I denne omgang får du eit kort riss av det som truleg er den største folkehelten langs våre strender i nyare tid.

Gamle-Thor i Husefest

Thor Solberg vart fødd 28. mars 1893 som barn nummer fire på garden Solberg ved Seljestokken. Etter Thor kom det fleire søsken, og flokken blei etter kvart til 11 jenter og gutar. Mellom desse var også søstera Sigrun som blei krigshelt, og står framfor Florø kyrkje saman med motstandsmennene Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Om ungane på Solberg blei det sagt at dei var både kvikke og gåverike.

 

 

Thor Solberg fotografert av Knut Vang i Brooklyn, New York.

Vågemotet fekk dei inn med morsmjølka. Skal ein forstå kva som dreiv Thor, og fekk han til å krysse Atlanterhavet i open cockpit med ei enkel skinnhue mot kulda, kan morfaren vere eit greitt utgangspunkt. Morfar og mormor var Thor Hansen Ytre-Vigene og Kristi Larsdatter frå Kvinnherad i Hardanger. Dei kom til Sunnfjord fordi gamle-Thor hadde tatt seg hyre som notbas for det Stavanger-baserte handelshuset Køhler som dreiv med sild.

Då Køhler gjekk over ende kjøpte gamle-Thor eit stort område nord for Florø av konkursbuet. Han slo seg ned i Husefest, og familien tok etternamnet etter staden dei var komne til. Her vaks mor til flygarhelten opp. Då alle onklane og tantene til Thor var gamle nok, fekk to av onklane bruk i Husefest, onkelen Kristoffer fekk Seljestokken, og mora Gunhild fekk Solberg. På denne tida gifta mora seg med faren, Simon Ludvigsen, frå Solheim i Nordalsfjord.

 

Huset på Solberg der Thor vaks opp i lag med ti sysken.

Morfaren i Husefest var ei drivande kraft, og hadde lang erfaring som notbas. Vesle Thor fekk med seg humoren frå dette barndomsriket, men også rikeleg av den protestantiske arbeidsmoralen. At han hadde kontroll på nervane treng ingen lure på når ein ser kva vågestykke han etterkvart skulle utføre som flygar. Samtidig var han så glad i familien at det grensa til det sentimentale, blir det sagt.

Mytemakaren

Då Thor var 14 år gamal reiste han til Florø for å arbeide i rammforretninga til broren Ludvig. Men det gjekk ikkje lange tida før ferda gjekk vidare til Bergen, og ein annan bror der. Thor starta då eigen rammeforretning i Nikolaikirkeallmenningen, og blei involvert i Sunnfjordlaget i byen.

Der møtte han Ingeleiv Marie Hille som han gifta seg med. Ho var dotter av Andreas Jensen Nødset frå Bremanger, og hadde ei mor som heitte Martha. Det var på denne tida Thor køyrde motorsykkel heilt til Berlin fordi han ville lære å fly. Så seier han sjølv at han trefte polarhelten Roald Amundsen på båten mellom Stavanger og Bergen, og at det var Amundsen som inspirerte han til å krysse Atlanterhavet i lufta. Desse opplysningane har det ikkje vore mogleg å verifisere, men Thor seier dette i fleire intervju med NRK mellom anna.

Tok Amerikabåten frå Skolten

Vi er no komne fram til 1925, og Thor tar Amerikabåten til New York. Det må ha vore eit syn for han å stå på dekk og sjå Fridomsgudinna på Liberty Island ved innseglinga til New York. Likevel var ikkje alt glede og forventning, for turen vestover kosta han ekteskapet med Ingeleiv.

 

I USA slo han seg ned i den norske kolonien i Brooklyn, og starta rammeforretning der. Her kom han raskt inn i det legendariske flygarmiljøet på Floyd Bennett Field. Der blei han kjend med folk som Charles Lindbergh (New York – Paris), Jimmie Mattern (første rundt jorda), Amelia Earhart (første kvinne over Atlanterhavet) – og den eksentriske millionæren Howard Hughes som det er laga film om med Leonardo DiCaprio i hovudrolla.

Det finst eit filmopptak med Thor der han flyr over Manhattan på 1920-talet. Filmen heiter «Glimt fra New York og den norske koloni». Vi ser han cruise over Chrysler-bygningen og Empire State Building som var heilt nybygd på denne tida. Seinare fortalte han at flymotorane var så dårlege den gongen at han heile tida måtte sjå etter ein plass å gå ned dersom motoren stoppa i høgdene over skyskraparane.

Det er nesten surrealistisk å sjå opptaka der småbrukarsonen frå Solberg svevar over det nye Jerusalem mot ei framtida der alt er mogleg!

Fleire forsøk

Men alt gjekk ikkje som han hadde tenkt. Første gong han forsøkte å krysse havet krasjlanda han på Newfoundland. Andre gongen var det trøbbel med økonomien, og det beste han klarte å få tak i var eit utrangert bombefly som var bestilt av luftforsvaret i Sør-Amerika. Her hjelpte brørne hans i Bergen med dei siste kronene slik at han fekk hand om denne vaklevorne maskina. Men motoren på flyet var ikkje som han skulle, og avgangen drog ut i tid. Dermed måtte han gje opp også dette forsøket. Tredje forsøk gjekk heller ikkje så bra fordi lasta var ujamn og flyet for Tail-Heavy, som New York Times uttrykte det. Men no hadde Thor fått tak i sjøflyet som han skulle krysse havet med, og som i dag står utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo. Dette flyet døypte han Leif Eiriksson etter vikingen som oppdaga Amerika. Han hadde sans for marknadsføring, det er sikkert.

I dag står flyet Leif Eiriksson utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo.

I Brooklyn møtte han norskamerikanske Ingerid Swensen som var fødd i Illinois, og hadde far frå Goa i Rogaland. Etter at dei gifta seg i City Hall på Joralemon Street blei Thor amerikanske statsborgar.

Kryssinga over Atlanterhavet

Og korleis gjekk det med draumen om å fly Atlanteren? Sommaren 1935 var han klar igjen. Thor var blitt 42 år gamal, og skulle endeleg realisere draumen han hadde levd med i nesten 20 år. Første strekket var frå New York til Newfoundland. Tre flyturar med stopp for å fylle drivstoff. Vêret var vekslande og flybensinen var ikkje på plass i alle depota, men Thor løyste brasane!

I reiseskildringa med «Norge som mål» skriv han at dei kryssa Davisstredet mot Grønland i tjukk skodde. Nokre timar etter avgang streika radiosambandet, og det magnetiske kompasset tok kvelden. Men då kom orda frå Amundsen til han; «nøye planlegging og ei fast tru vil få deg trygt fram.» Thor steig til 15.000 fot der han kom ut i det «reneste solskinn» over skodda, som han skriv. Langt om lenge kom dei fram til Julianehaab der dei klarte å lande på hamna som var full av is.

Deretter flaug dei opp langs austkysten før dei kryssa over Danmarksundet til Island. Nesten kryssing var til Reykjavik, og deretter til Tórshavn på Færøyane før dei tok sjarmøretappen over Nordsjøen til Bergen.

Ruta som Thor Solberg flaug i 1935. 

Krigen og nytt ekteskap

Med ekteskapet gjekk det dårleg. Kona Ingerid bad om skilsmisse fordi Thor aldri var heime. Men det plaga han ikkje for han elska å fly. Under krigen gifta han seg for tredje gong med ei kvinne han møtte i Rockefeller Center på Manhattan der han då hadde kontor.

Lorraine Phyllis Sturdevant kom frå det norske Amerika i St. Paul Minnesota. Thor skulle få tre barn med henne, ein gut og to jenter. På denne tida kjøpte han eit stykke land i New Jersey der arvingane framleis driv Thor Solberg Airport, og den største ballongfestivalen i USA. Det formelle namnet på flyplassen er Solberg–Hunterdon Airport. Eigedomen ligg i Readington, sør for New York.

Og han var instruktør for det amerikanske luftforsvaret under krigen. Thor seier sjølv at han lærte opp fleire tusen amerikanske pilotar i løpet av desse åra.

Jarlsberg, New Jersey og havari i Hardanger

Heime i gamle Noreg var han også, i eit evig kav. Han reiste tur etter tur over Atlanterhavet som passasjer på ei av dei mange maskinene til SAS som no gjekk fast langs den nordlege ruta som Thor sjølv hadde floge. Og han kjende folk over alt, som Wiggo Widerøe, skipsreiar Ludvig G. Braathen (grunnleggaren av Braathens S·A·F·E), og Bernt Balchen som må reknast som den største norske flygaren gjennom tidene. Balchen var oberst i det amerikanske luftforsvaret, og er gravlagd på den amerikanske æreskyrkjegarden, Arlington, i Washington D. C.

 

Statuen av Thor Solberg ved Florø lufthamn.

Men Thor ville vidare. Etter krigen kjøpte han difor Jarlsberg flyplass ved Tønsberg med tanke på transport av alle kvalfangarane som skulle til og frå Antarktisk. Plassen ligg på slettelandet nedanfor herregarden til grev Wedel Jarlsberg. Her skipa han ein flyskule der han utdanna norske pilotar som seinare fekk seg arbeid i SAS, Braathens og Widerøe. Flyplassen er framleis i familien si eige.

Og Thor overlevde fleire flykrasj her heime som det vil føre for langt å kome inn på i denne omgang. Etter eit av desse havaria, som var i Hardanger, låg han lenge på sjukehus i Bergen. Etter at han var utskriven frå sjukehuset utvikla han ein hakkete måte å gå på, og han sleit med smerter i åra etterpå. Men det gjekk aldri utover humøret.

Gravlagd i Florø

Hausten 1966 blei han dårleg i Bergen etter å ha hangla nokre år. Etter ein operasjon på Haukeland fortalde legane at dei ikkje kunne gjere meir for han. Vinteren 1967 døyr han på Somerset Hospital i New Jersey med den næraste familien ved sjukesenga. Fordi han ville heim igjen til gamlelandet blei han gravlagd på kyrkjegarden i Florø saman med foreldra Simon og Gunhild. Etterkvart blei også kona Lorraine gravlagd der, og søstera Sigrun.

Nokre år etter blir Thor frå Solberg innskriven i Aviation Hall of Fame and Museum of New Jersey. På Norsk Luftartsmuseum i Bodø står det ei byste av han, og framfor flyplassen i Florø står det ein statue. Flyet han kryssa storhavet med er utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Meir enn ein million nordmenn tok båten til Amerika frå 1825 til 1925, og i år markerer vi at det er 200 år sidan kvekaren Cleng Peerson organiserte den første overfarten. Thor Solberg frå Årebrot var den første som flaug heim igjen. Laurdag 16. august er det 90 år sidan han og radiotelegrafist Paul Oscanyon landa i Bergen etter ei dramatisk reise frå den nye til den gamle verda. Det er ein prestasjon som framleis inspirerer.

Tekst: Dag H. Nestegard, juli 2025.
Nestegard har også skrive boka «Atlanterhavsflygaren Thor Solberg – ei røvarhistorie«, som kom ut på Det Norske Samlaget i 2013.