, ,

Fullt av folk på Kvievatnet

 

Minne er usikkert og stundom minnest ein ting som ikkje har hent eller vore slik ein minnest.

På 1950 og 60 talet var vintrane kalde, serleg etter jul. Januar, februar, ja, like ut til slutten av mars og byrjinga av april låg det snø og det kunne vere farande is på vatna. Var det ikkje det då? Vintrane når isen låg på vatnet var det laurdags- og sundags-kveldane fullt av folk på isen på Kvievatnet. Fullt av folk? Det kan det ikkje ha vore. Det var ikkje folk nok til det. Men der det mest ikkje er folk skal det ikkje så mange til før det vert fullt. Det er nok det som verkar i minnet.

Fire frostnetter og dagar etter at isen hadde lagt seg skulle isen vere trygg. Gode fire tommar. Far min gjekk over vatnet og prøvde med øksehammaren. I firetida på ettermiddag kom dei hine ungane. Då hadde dei vore heim etter skulen og glefst i seg middagsmaten. Så rett av stad til vatnet. Reima på seg skøytene og la i veg ut over den mørke, blanke flata. Sjølv har eg alle dagar vore ein klums så å gå på skeiser lærde eg aldri. Men på isen var eg så lenge dei hine var der. Ein var sjølvsagt avundsjuk på dei som kunne skli av garde som ingen ting, leggje hendene på ryggen og berre sparke i veg så isspruten sto kring skøytestålet. Dei som kunne alt det dei snakka om i radio når det var skeiselaup. Den gongen varde ein 10 000 meter ein heil ettermiddag. Åh, dei kunne gjere åttetal så lett som ingen ting. Men når ein hadde laga bane og skulle ha laup og take rundetider, så var det eg som hadde knallpistol.

Skulen låg den gong så nær vatnet at det var berre over Håjen så kunne ein i matfriminuttet, om ein nøyte seg og tok skjeva i neven og åt medan ein sprang, så kunne ein få teke seg nokre rundar på Isen. Det var i helgane, når det var fint ver, at der kom vaksne på isen. Det som måtte vere av ungdom, det kan ikkje ha vore mange, men der var. Dei kunne finne på uvanlege ting som å tende opp bål på steinen i vatnet. Svarte skuggar glei ut og inn av det flakkande lysskinet. Lyden av skeiser mot is, lukta av sur brannrøyk, rå ved og solar. Dei kunne halde på lenge etter at vi småungane var sende eller jaga heim. Sjølv dei eldste av oss var småungar når dei kom.

På sundagane kom dei verkeleg vaksne og til å med dei gamle, eller rettare dei vi helt for gamle. Dei hadde ikkje skøyter for dei var ikkje komne for å renne, men for å treffe folk. Isen var det ein i dag ville kalla for ein møteplass eller sosial arena. Det visste ikkje folk den gongen, dei berre kom. Nokon av desse vaksne hadde skeiser med og dei tok dei til og med på seg og gjorde nokre svingar no og då for å syne at dei enno kunne gamle kunster og skrytte av kor lenge det var sidan sist, og at det var mest eit under at dei framleis kom i frå det med live, og med beina heile. Av dei vaksne var det berre karane som gjekk på skeiser. Så vidt eg kan hugse. Det gjekk rett nok rykte om at det var eit par vaksne jenter som rende på skeiser, men det var før dei var gifte. Det var rett nok før krigen ein gong. Den eine var mi tante Magnhild og så ei sør i Sonde. Dei var visst nok så flinke at nokre av gutane ein dag hadde teke og gøymt skeisene deira. Sportsmateriellet var etter våre dagars mål heller enkelt, det var snabelskeiser med reimar og så eit par som hadde langrennsskeiser med reimar. Det var svære greier. Jentene var av ein eller annan grunn utstyrte med bandy- skøyter. Ein måtte mest ha beksaumar på om skøytene skulle sitje. Reima skøyter på gummistøvelar var dårleg sort, og dessutan kaldt. Skulle det sitje så nokolunde måtte reimane stramast så det gjekk ut over blodomlaupet.

Det leid til fjøstid. Himmelen raudna vest ute over Skorpa og Batalden, og Urahåjen sto skuggesvart. Heia, Gulskarnipa og Futenipa, i det siste rosa skinet av solefallet. Lyden av stålis drøna frå luft under isen. Ropa røystene frå dei inn under Rabbane, som var så langt borte at ein ikkje kunne høyre kva dei sa. Dei som hadde fare like inn på Eide og heilt inn på Rundevatnet, der det var ein liten holme med to tre på. Dei som var så lang borte at dei gjekk i eitt med skuggane og mørkret, før dei kom susande på skjerande blankt stål . Hei ! Det som ikkje hadde fjøsstell og anna å anke på heime, kunne halde ut til lenge etter att det var mørkt før dei tende lommelyktene og tusla seg heim. Og isen låg still og blank og spegla utepæra på Løype.

Fridtjov Urdal, 1. nyttårsdag 2026.