, ,

Fridtjov Urdal 70 år:
– Eg kunne ha blitt eit bygdarop

Den 22. mars var det 70 år sidan Fridtjov Urdal kom til verda i Bergen. Nokre veker gamal vart han adoptert vekk til Ågot og Paul Urdal, og bestemor Anna på Kviene. Han meiner han var heldig som hamna der. Fyrst i 2014 søkte han fylkesmannen om innsyn i kven som var dei biologiske foreldra hans, og over natta vart han storebror til fire halvsystrer og onkel til ti.

 – På den eine sida visste dei om meg, på den andre vart eg ei overrasking. At systrene mine ikkje visste om meg, trur eg på, men at familiemedlemmer før dei ikkje visste trur eg knapt. Dei heldt berre godt kjeft. Eg trur dei to familiane hadde stukke hovuda saman og i lag funne ut korleis «problemet» meg kunne løysast, utan at det vart eit bygdarop. Det både var og er viktig, ler Fridtjov.

Fridtjov Urdal bak pc-en på heimekontoret på Vassenden. Han samlar på kunst, bøker, møblar, tekstilar og bruksgjenstandar, ja, alt. Stilen kallar han «barokk estetikk».

Det var døtrene hans, Åsta og Idun, som fekk han til å søkje opp den biologiske familien sin. Sjølv var ikkje Fridtjov Urdal så oppteken av den. Han har alltid visst at han var adoptert, men delte det ikkje med alle. Døtrene var opptekne av om dei hadde ein stor familie dei ikkje visste om. Og det hadde dei.

– Begge dei biologiske foreldra mine var døde, men eg har fire halvsystre og det vert to heilsystre til saman! To på mor mi si side, og to på far si.  Eg er veldig godt fornøgd med den familien eg fann. Eg har gått frå å vere einebarn til å ha fire systrer.

– Kjenner du deg att i systrene dine?

– Ja, vi har ein del felles trekk. Eg la ut etterlysing av den biologiske familien min på Fjesboka og ei av systrene på farsida ringde morgonen etter. Det var nokre setningar og så var det som om vi hadde kjent kvarandre i årevis. Det er rause folk til begge sider og det vart veldig fort naturleg at eg fanst. Det har vore ei glede og heilt uproblematisk, seier Fridtjov. Han lurer på om han hadde vore meir oppteken av den biologiske familien sin om det var problem i samband med den? – Ein set kanskje for lite pris på det som er alminneleg og takkar for lite for det som er sjølvsagt?   

Fridtjov Urdal snakkar no om den biologiske familien og den sosiale/kulturelle familien sin. Mor og far er framleis Ågot og Paul Urdal. – Eg trur på mange måtar at eg var heldig som hamna hjå dei og bestemor Anna på Kviene. Eg kunna ha hamna i mange slags miljø, seier han ettertenksamt.

Dørklokka til Fridtjov: Ring på! Når du høyrer det brøler: Kom inn! Så gjer det Stå ikkje der som ein tyl Kom inn!

 

Tre gudar på Kviene

– Kva miljø var det på Kviene?

– Dei hadde det felles at dei ikkje visste kva godt dei kunne gjere for meg. Eg vart vel det dei kalla «forbrælt». Det var tre gudar i huset på Kviene. Gud ein var bestemor sin. Han oppheldt seg stort sett i Det gamle testamentet og la seg opp i alt. Ein uhyre travel person som meinte om alt frå verdssituasjonen til sauer i skorfeste. Gud to var mor mi sin. Han var ein litt engsteleg metodistgud. Gud tre var far min sin. Han var nokre etasjar over Vatikanet. Far var fasinert av moderkyrkja (Den katolske kyrkja). Men det var bestemor Anna som hadde det næraste og mest daglegdagse tilhøve til guden sin, minnest Fridtjov.

Han hugsar godt svaret til faren ein søndag det kom folk til gards som spurde om korleis det stod til med ho Anna? – Jau, ho sit inne og høyrer på høgmessa og hyggjer seg til dommedag. For då skal vi endeleg få sjå, svarde Paul Urdal. Slike svar set Fridtjov pris på og frydar seg over den dag i dag.

– Eg kunne Fadervår på latin før eg kunne det på norsk. Like eins Ave Maria. Det var det far min som lærde meg. Eg trur ikkje det er så mange av mine samtidige som har opplevd høgtlesing av helgenbiografien om den heilage Birgitta av Vadstena. Den las far min for meg som kveldslektyre. Like eins Snorre og dei islandske ættesogene, frå perm til perm. Det var spennande og greitt å høyre på, men berre råd å forstå på overflata for ein unge.

Mor Ågot var god til å teikne og hadde vore organist i metodistkyrkja i Haugesund. Ho spelte på husorgelet i heimen og på alle basarar og tilstellingar på Årebrot. – Men det var det skrivne ordet som hadde den største plassen i heimen. Dei las meir enn vanleg var av poesi. Både Bellmann og Frøding stod i bokhylla, fortel han. Til konfirmasjonen fekk Fridtjov boka «Hærverk» av Tom Kristensen, av ei tante i Danmark. – Litt av ei konfirmasjonsgåve, ein dekadanseroman, frå syster til mor mi, ler han og siterer innleiinga til romanen utanboks.

– Den store interessa for bøker og lesing som eg fekk heime gjorde at eg byrja kjøpe bøker sjølv i ung alder, ja, alt på folkeskulen kjøpte eg meg Fakkelbok med Ibsenstykka Brand og Peer Gynt. Hugsar eg fekk ein boksjekk og stod i valet mellom å kjøpe Hardyguttene eller «Brødrene Karamasov»/»Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij.

– Og du kjøpte Dostojevskij?

– Ja, eg fekk att mest sider og lesetid med det. Eg las dei som ei ytre handling og filosoferte meg ikkje gjennom laga. Men eg skjønte meir etter kvart. Difor er det ikkje vekkasta å lese Dostojevskij som 14-15-åring. Du treng ikkje forstå alt med ein gong.

– Eg vaks opp i eit hus der det var samla mykje. Fekk nok med meg det ho bestemor kalla «røyskattnatur»: Å dra likt og ulikt heim til hola og sjå seg gang i alt.

– Liten, feit og illsint

Fridtjov si evne til å hugse og lære seg tekst utanåt kom vel med i skulen då det synte seg at han var ordblind (dysleksi), og det vart mykje bal med skrivinga. Han hadde det ikkje kjekt på skulen og det var ikkje mykje hjelp å få med lese- og skrivevanskar på 1960-talet. Han vart det vi i dag kallar mobba, den gongen heitte det terga.

– Når ein er liten, feit og illsint då ligg alt til rette for at du skal bli plaga. Det ville vore eit under om ikkje så var tilfelle. Det er slik det er, slær han fast. – Å gå og hugse på skeive ord og fornærmingar, er den sikraste form for sjølvplaging. Slike ting er avhengige av situasjonane og den tida det skjer i, meiner Fridtjov.

– Korleis har det merkt deg?

– Somme tider likar eg å tru at slikt kan auke eins eigen toleranse. Nokon folk tykkjest å tenkje slik at «når eg vart plaga så skal jammen andre bli det óg». På den måten held elendigheita berre fram, ein får ikkje brote den vonde sirkelen. Slik er det med mykje i livet.

– Toler ein meir?

– Etter å ha byrja i arbeidslivet på fiskebåt og smelteverk har eg lært meg å ikkje vege andre sine ord på gullvekt. I ettertid sett ville eg ikkje vore utan tida på Bremanger smelteverk i Svelgen på slutten av 1960-talet. Det var ein del av oppdragelsen, ein stor arbeidsplass og store prosessar som var fasinerande.

Sjømannslivet til Fridtjov Urdal var makrellfiske i Nordsjøen, på Finnmarka etter lodde, frakt av jern til Oslo, kystfrakt frå Nordmøre til Svelgen med kalk, og malm frå Rødsand gruver til Svelgen. – Var vi heldige og alt gjekk greitt kunne vi ha Hustadvika og Stadten ein par dagar for veka. Så eg har vore i litt sjø.

– Han der høres passelig gal ut

Etter å ha avslutta sjømanns- og smelteverkslivet arbeidde han ei tid på Ungdomsklubben Docken i Florø. Han var med i Flora kunstlag og fekk ansvaret for å vere kontaktperson for ei utstilling i Riksgalleriet. Der møtte han Svanaug Steinnes som tipsa sjefen sin, Einar Berg, om at Fridtjov Urdal kunne vere ein godt eiga vikar når dei trong folk til å reise rundt med utstillingane til Riksgalleriet.
– Han der høres passelig gal ut, så han tror jeg at vi prøver, sa Berg etter å ha snakka med Fridtjov i telefonen.

Han vart sendt til Mandal, «Kunst i bøker» heitte fyrste utstillinga. Han fekk ei kort innføring av kunstnaren Hans Kristian Zigler om korleis han skulle gjere det. Utstillinga passa Fridtjov som hand i hanske, han kjende mykje av kunsten frå bøkene og julehefta på Kviene. Han reiste rundt med originalane frå Snorre, Kittelsen og Werenskiold.  – Vi hadde dei montert i glas og råme, pakka i tunge kassar, som vi køyrde på opne lastebilar. Kunsten levde farleg på midten av 1970-talet. Om dagens konservatorar hadde sett det hadde dei sprunge skrikande derifrå.

Denne engelske aqvarellen var det fyrste kunstkjøpet til Fridtjov. Kjøpt då han var 15 år.

Fridtjov likte dette arbeidet. Han trefte mykje folk som reiste rundt i anna arbeid, både kjende og ukjende. Alt frå seljarar til emisærar og landskjende pianistar. Han budde på alt frå finare hotell til brakker på industriområde, og heime under trappa hjå folk. Han har tråla heile landet på denne måten. Frå slutten av 1970- talet til 1989 reiste han på turne for Riksgalleriet fleire månader i året, om lag ei veke på kvar plass.

– Det var ei stor oppleving når du hadde synt rundt ein utkommandert skuleklasse og det kom att ein av eige tildriv og ville sjå meir. Det store er når du føler at du vekkjer ei form for interesse. Det er viktig å sjå kven som er førar i flokken og på eitt eller anna vis sette klørne i vedkomande, gje dei litt merksemd. Stundom var det nett dei som kom att for å sjå meir.

Men han skundar seg med å legge til at han sikkert har skremt av tusenvis av skuleelevar rundt om i landet, med si malmtunge røyst og dramatiske forteljingar. Han prøvde å snakke seg inn på dei med noko daglegdags som dei kjende, men stundom vart det meir monolog enn dialog.

– Eg brukte å seie med dei at eg kom til å seie ting dei ikkje forsto. Men det brydde eg meg ikkje om. Dei treng det dei ikkje forstår, for det er det dei får forstand utav. Dette forskrekka mange lærarar. Det vart ikkje betre når eg sa til elevane at dei ikkje måtte tru det eg sa, for eg formidlar mitt inntrykk. Dei kan ha eit anna.

– Var ikkje det litt krevjande tankegang for ein flokk skulelevar?

– Jau, det der slit jo vaksne folk med å forstå óg. Men det er berre kven som har laga bilete, når og storleik som er fakta. Resten er formidlaren si oppfatning og meiningar. Ein formidlar ikkje den absolutte sanninga, men viser veg for at folk kan gå sine eigne vegar og få sine eigne oppfatningar. Det er som med dikt, dei blir tolka ulikt og har ingen fasit.

– Denne vakre båten laga båtbyggjaren Saxe Bjørkedal til meg.

 

Sjølvlærd og forviten

Fridtjov Urdal kan med rette kallast sjølvlærd og fagleg forviten. Når eg spør kvar den store kunstinteressa hans kjem frå ber det attende til bøkene og foreldra på Årebrot. Faren hadde eit syskenbarn som var målar og då Paul Urdal gjekk på Voss landsgymnas gjekk han inn og ut av heimen til målaren Lars Osa.  – Mor mi kom frå Haugesund og der hadde dei omgang med målarane Fredrik Kolstø og Ole Frøvik. Så vi visste at slike fanst. Det fyrste eg las om kunst var to bøker av den danske kunsthistorikaren R. Broby-Johansen, som vi hadde heime. Så kunsten var ikkje framand for meg.

Fridtjov fortel med stor innleving om «fæle bøker» dei hadde på loftet. Han såg i dei for å skremme seg sjølv. Særleg gjorde Gustav Pore sin biletbilbel inntrykk. – Der hang folk att i trea når Syndefloda trekte seg attende. Salomons dom såg heller ikkje særleg kjekt ut, fortel han og ramsar vidare opp namna på biletebøker av tyske ekspresjonistar som Hitler rydda ut av dei tyske galleria då han kom til makta. Fridtjov trur faren hadde kjøpt bøkene for å halde tysken ved like.

– Kvar jul kom det i hus eit veldig flott julehefte som heitte «Kimer i klokker» (katolikkane sitt julehefte). Det var fullt av av kunst frå renessansen og helgenar i søkk og kav. Dessutan er eg nærsynt og det medførde at eg måtte til Bergen til augelækjar ein gong i året. Då budde vi hjå ei tante og ein onkel i Ladegårdsgaten og gjekk i dagesvis på Historisk museum, Rasmus Meyers samlinger og Permanenten og såg på kunst og historiske gjenstandar, seier Fridjov og kan på strak arm fortelje kva kunstverk han såg der som gutunge, og kva inntrykk dei gjorde.

Denne lampen er Fridtjov sitt siste «godkjøpt» på bruktbutikken. Det vert nok fleire.

Etter over ti år som kunstformidlar i Riksgalleriet byrja han i 1991/92 på Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane og «vart med som nissen på lasset» til Sogn og Fjordane kunstmuseum. Frå 1. april er Fridtjov Urdal pensjonist. Han tykkjer det har vore kjekt å arbeide med kunst og kunstformidling, difor håpar han at Kunstmuseet kan nytte han til «eitt og anna» ei stund til.

– Eg har høyrt så mange snakke om alt dei skal få gjort som pensjonistar. Men når eg ser kva dei har fått gjort på eigen kjøl har eg mista trua. Det er liten grunn til å tru at det vert annleis med meg, skrattler Fridtjov Urdal.

 

 

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 23.03.2022.