
Det var torsdag og møte i sanitetsforeininga. Ute stod vinterregnet lik ein grå vegg. Men inne i bestestova var det ljonande heitt, så nyvakna fluger svima av i kakefata. Damene hadde som vanleg handarbeid med. Alle hadde eitkvart dei heldt på med til basaren.
Men det dei alle venta på var at ho Agnes skulle syne dei kva ho hadde gjort. Dei fleste kunne erkjenne at ho var den som overgjekk dei hine. Ikkje så at ho prata med dei om det, langt derifrå, ho var heller litt blyg over ros og vellæte. Nei, det var no berre det at om ein gav seg tida så vart det no slik. Dei hine heldt seg stort sett til mønster, men ho Agnes broderte fritt, store bukettar med fargerike blomster i ein feittglinsande silketråd. Nei, dukane hennar Agnes var noko for seg sjølv, så kva hadde ho å syne dei i dag skal tru?
Ein stor gulkvit duk vart bretta ut på stovebordet. Store klasar med blomster og fargerike sommarfuglar i mjuke broderte liner. Eit vedunder av ein duk. Dette var slikt som mest ikkje var brukande. Tenk om ein kom til å søle kaffi eller endå til blåbærsylte på slikt noko? Nei, slikt var ikkje godt å få bort. Det var då dei vart var det. Ho Agnes hadde gjort ein feil. Heilt ut på eine dukkanten var det brodert ein sommarfuglveng, men resten av sommarfuglen var utanfor kanten. Kva var dette? Ho som var så flink måtte no kunna ha fått heile sommarfuglen inn på duken. Det skulle no dei óg ha fått til.
Det var ikkje fritt for at dei vart smått forarga. Her hadde ho Agnes nær sagt snytt dei for over ein halv sommarfugl. Kor det kom til å verte utsjåande om alle skulle take til å brodere slike mønster! Jamen eg tykte berre eg ville brodere ein som heldt på å flyge sin veg og då gjorde eg det slik. Eg undrar om ho Agnes, utan å vite det, braut grensa og let sommarfuglen flyge inn i kunsten?
Tekst og dataprint Fridtjov Urdal 2025
