Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, aktuelt, Ukategorisert

Årebrot eller Årebrotet? Årebrot kai eller Årebrotskaia?

Skal båtane i framtida legg til ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?

Styret i grendalaget skal ta stilling til om vi skal søkje om å få registrert Årebrot eller Årebrotet som samlenamn/bygdenamn for området mellom Årebrot lykt og Husefest. Styret skal også ta stilling til om vi skal søkje om namnebyte på kaia, frå Villevika til Årebrot kai eller Årebrotskaia. Send meininga di med grunngjeving til leiaren i grendalaget, Åsmund Berthelsen: asmund.berthelsen@icloud.som.

Og kom gjerne på søndagskafeen 2.februar kl.16.00. Så tek vi ein prat om det!

Grendalaget vedtok på årsmøte i fjor å foreslå å byte namn på Villevika kai til Årebrot kai. Årsmøte vedtok også å arbeide for å få opp skilt i Myklebustkrysset  (der Frøysjøvegen møter FV 611) der det står Årebrot kai.

Brev vart sendt til Vestland fylkeskommune, Kinn kommune og Bremanger kommune. Fylkeskommunen var dei fyrste som svarte. Svaret var at dei kunne ikkje handsame sak om skilt før Kinn kommune hadde avgjort namnesaka. Når namnet var på plass ville dei ta saka opp att, men viste til at det er Statens vegvesen som vedtek skiltinga ved fylkesvegane.

Kinn kommune sende forslaget til namnebyte  ut på høyring. Det var berre Språkrådet som uttalte seg. Rådet peika på at Årebrot ikkje var registrert som bygdenamn eller «eit samlenamn» som var uttrykket grendalaget brukte i brevet.  Språkrådet skreiv vidare at «Årebrot(et) «er ført opp som eigedomsnamn og som namn på ein haug.» Difor meinte Språkrådet at det måtte gjennomførast namnesak for namnet Årebrot (et) som samlenamn eller primærnamn. Og det måtte i ei slik sak verte avgjort om namnet skulle skrivast med bunden eller ubunden form, altså Årebrot eller Årebrotet.

Språkrådet har foreslått at eit alternativ til Årebrot kai kan vere å bruke eit «fast samansett» namn som Årebrotskaia. Her vert det vist til namneformer andre stader, mellom anna Igland i Bremanger og Iglandskaia.

Grendalaget er utfordra til å kommentere og opplyse saka.

Som leiar i grendalaget har eg snakka litt med Fridtjov Urdal. Få kjenner historia til bygda betre enn han. Fridtjov meiner at Årebrot er nytta som bygdenamn mellom folk lenge. Han viser til at dei to skulane i bygda, den eine ferdig 1902 og den andre ferdig i 1985 båe heitte Årebrot skule. Og no har vi Årebrot grendahus. Vi har også Botnane og Årebrot grendalag. Årebrot er då bygdenamnet eller samlenamnet for  området mellom Årebrot lykt (altså ikkje Årebrotet lykt) og til kommunegrensa til Bremanger kommune ved Husefest.

Fyrste spørsmålet er om vi skal søkje om å få registrert Årebrot som bygdenamn/samlenamn? Det reknar eg med vi svarar ja på. Det andre spørsmålet er om vi samstundes skal søkje om å endre namn på kaia til Årebrot kai eller Årebrotskaia? Det veit eg det er litt ulike meiningar om. Så det vil vi gjerne ha synspunkt frå fleire på, gjerne med ei grunngjeving for det eine og det andre. Send det til asmund.berthelsen@icloud.com

Det er Kinn kommune som skal ta stilling til søknadane om bygdenamn/samlenamn og namnebyte på kaia.

Og kom gjerne på søndagskafeen i Botnane på søndag den 2.februar, så tek vi ein prat om det!

28.januar 2025

Åsmund Berthelsen

Leiar i styret i Botnane og Årebrot grendalag

Kaiskuret er nyleg fiksa skikkeleg opp. Spørsmålet er om kaiskuret skal stå ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?

28. januar 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-01-28 13:09:102025-01-28 13:09:46Årebrot eller Årebrotet? Årebrot kai eller Årebrotskaia?
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Tankar om namnet Seljestokken

Garden Seljestokken blir lokalt også kalla Stokken. For dei som ikkje er lokalkjende er det plassen der Seljestokken båtverkstad ligg, og rett nord om steinbrotet. Fridtjov Urdal har fundert over kva namnet Seljestokken kjem seg av:

Stokk vert stundom brukt om ein smal og langstrekt våg eller sund. Siste lekk i namnet er i samsvar med landskapet. Fyrste lekken: Selje. Det har vore tenkt på treet selje, at det har noko med det å gjere, men det er lite truleg. Sameleis at det har noko med sal å gjere og at det kan ha vore handel i Seljestokken.

Det er meir å tru at det kan ha med sæle å gjere. Sæle slik som i sælebot, hjelp i naud. Stokkavågen var frå gamalt av ein stad der ein la til lands for å søkje livd eller vente på bør. Då er det ikkje unaturleg at det kan ha vore eit Sælehus. Sælehus (frå norrønt sæluhus og sæluhús), saluhus og salustofa. Vi finn det att i namnet Salhus. Ein stad der farande kan taka inn/finne ly.

I Snorre vert bygging av kyrkjer og sælehus nemnt mellom dei gode tinga som kong Øystein Magnusson fekk gjort medan Sigurd Jorsalfar er utanlands. Sæl er også brukt om einannan med ordet støl. På eine garden seier dei: «Vi har støl inne med vatnet», og på grannegarden kan dei seie: «Dei har sæl inne med vatnet».

I sørvestre enden av Gulskarvatnet ligg det ei tuft. For eit halvt hundre år sidan kunne ein sjå svillestokkane. Når ein skar i dei var dei framleis al-raude under den grå yta. Det var nemnt som selet, ikkje som stølen. Det kan vere at dette vesle huset gjennom tidene hadde fleire oppgåver. Her gjekk farvegen til og frå Gulen, som vi kallar Gulskaret, Gulskarvatnet og Gulskarnipa. Opphavet er Guleskaret der ein kom eller for til og frå Gulen (i Bremanger kommune).

I Olavus Magnus si «Historia om dei nordiske folka», er sælehus nemnt og i illustrasjonar og kart er sælehusa merkte med ein krans som heng frå ein stokk i ramen. Seljestokken, også kalla Stokken, kan ha vorer ein lageleg stad for eit sælehus. Men om denne namneforklaringa er i takt med korleis språkutviklinga er og har vore er uvisst.

Fridtjov Urdal, desember 2024.

 

27. januar 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-01-27 22:37:132025-01-27 22:37:13Tankar om namnet Seljestokken
Aktuelt, Arkiv

Årsmøte 2025

Last ned innkallinga her:

Innkalling 1 2025

 

19. januar 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-01-19 12:21:382025-01-19 12:31:24Årsmøte 2025

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top