Om asmund
This author has not written his bio yet.
But we are proud to say that asmund contributed 96 entries already.
Oppføringar av asmund
Årebrot eller Årebrotet? Årebrot kai eller Årebrotskaia?
Styret i grendalaget skal ta stilling til om vi skal søkje om å få registrert Årebrot eller Årebrotet som samlenamn/bygdenamn for området mellom Årebrot lykt og Husefest. Styret skal også ta stilling til om vi skal søkje om namnebyte på kaia, frå Villevika til Årebrot kai eller Årebrotskaia. Send meininga di med grunngjeving til leiaren […]
Årsmøte 2025
Last ned innkallinga her: Innkalling 1 2025
Endringar i båtrutene frå i morgon, 23.september!
Vestland fylkeskommune svarte fredag 20. sept. på brevet styret i Botnane og Årebrot Grendalag. sende. Svaret lyer slik: Viser til dykkar brev datert 17.9.24 om situasjonen i Florabassenget. Skyss vil frå måndag 23.9.24 gjere endringar på båtruter i Florabassenget. De kan lese meir om dette her: https://www.skyss.no/florabassenget. Endringane gjeld dei to første avgangane om morgon […]
Det går ikkje lenger!
Til Vestland fylkeskommune v/fylkesordførar Jon Askeland Dette går ikkje lenger! Om båtrutene i Flora-bassenget Born har kome for seint på skulen mange gonger. Skuleborn har delvis vore overlatne til seg sjølv på kaia i Florø. Folk kjem seg ikkje på arbeid eller dei kjem ikkje tidsnok. Problema med dei nye båtane i Florabassenget held […]
Om depotøvinga 5.september
Øvelseplan for depoter 2024
Bygdehelga 2024
Last ned plakaten her: Plakat bygdehelg Botnane 2024 Meir om kvar programpost Opnar med Jakob Sande-program Bygdehelga Botnane-Årebrot brukar å opne med ein konsert og 12. juli er det Knut Ingvars, frå Florø, som kjem for å synge og deklamere dikt av diktaren Jakob Sande (1906-67). Namnet på gruppa spelar på at det er […]
Til fjells og langs Frøysjøen
Tek du stolpejakta i sommar får du ein fin fottur i kupert terreng til fjells, og ein flat og fin sykkeltur langs Frøysjøvegen. Det er sett ut 30 stolpar i Skudalen, frå der Skudalselva renn ut i Frøsjøen til Skuldalsnipa (670 moh) og Sola/ Botnanipa (657 moh). Og 17 stolpar frå Nøre Røysa nord for […]
Vedlikehald og utbetring av Frøysjøvegen
Her er brevet styret i grendalaget har sendt til Vestland fylkeskommune med kopi til Bremanger og Kinn kommune om å få utbetring av særleg svingen på Myklebust, autovern i Vindspollen og nytt dekke sørover frå Botnane. Til Bremanger og Kinn kommune og Vestland fylkeskommune
Aktivitetar Botnane og Årebrot grendalag 2025
JANUAR 18. januar (laurdag): Opning av Friluftslivets år 2025, med bålbrenning, mat og natursti på Jørnjorda kl. 15.00. Arr. Bolette Nordbotten Espedal og Rune Nordbotten m/familie, Keipen turlag. FEBRUAR 02. februar: Søndagskafe Botnane grendahus kl. 16.00. Vertskap Trude Sørbotten og Kjersti Straume-Sande. MARS 01. mars (laurdag): Konsert med Sigrid Moldestad, Botnane grendahus, kl. 17.00. Dørene […]
