Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Ukategorisert

Merknader til Kommunedelplan for trafikktrygging, Bremanger kommune

 

60 km-sone, busskur og gatelys i Myrane/Sørbotten er viktige punkt i merknadene grendalaget har sendt til framlegget til trafikktryggingsplan i Bremanger kommune.

 

18.10.21

Til Bremanger kommune

 Botnane og Årebrot grendalag vil med dette kome med nokre merknader til framlegget til plan. Som leiar i laget skriv eg merknadene med grunnlag i dei synspunkt grendalaget tidlegare har gjeve uttrykk for og punkt vi har på arbeidsplanen som årsmøte i laget har vedtke. Det gjeld 60 km-sone gjennom Botnane, gatelys i Sørbotten og generell utbetring og opprusting av fylkesvegen.

Vi tykkjer det er eit godt framlegg med gode strategiar for trafikktryggingsarbeidet i kommunen – og at alle viktige område er med. Vidare ser vi at kommunen er avhengig av samarbeidspartnarar for å gjennomføre alle dei viktige tiltaka. Ikkje minst er det eit spørsmål om økonomi både for kommunen og fylkeskommunen. Når det gjeld spørsmålet om redusert fartsgrense er det også spørsmål om haldningar og regelverk. Grendalaget har ved fleire høve teke opp spørsmålet om redusert fartsgrense gjennom Botnane med Statens vegvesen/fylkeskommunen, men fått avslag. Trass i støtte frå både kommunen og politiet. Her er det viktig at kommunen står på for å få dette til. Det er eit tiltak som kostar lite – og som etter folk i Botnane si meining burde vere sjølvsagt. Ein skal ikkje køyre gjennom Botnane med høgare fart enn i 60 km. Eit par stader bør fartsgrensa vere 30 km.

Vi støttar difor innspel nr. 61 og 62, om 60 km-sone gjennom bygda. Vi støttar også at det vert sett opp gatelys fleire stader. Grendalaget har teke opp spørsmålet om gatelys ved nokre høve, særleg i Sørbotten der det er eit klart ynskje om det. Laget har det på arbeidsplanen å arbeide for gatelys i Sørbotten – og laget vil engasjere seg for å få dette gjort med mellom anna å få inn eksterne midlar. Men det er viktig å få avklara ansvaret for kven som skal gjere dette, kommunen eller fylkeskommunen.

Eit anna tiltak det har kome innspel på, er busskur i Myrane (Sørbotten). Dette tykkjer vi heilt klart at må kome, og det må verte prioritert i tiltaksplanen. Her er det også viktig så snart som mogleg å avklare ansvarsforholda.

Elles ser grendalaget på ei generell opprusting og utbetring  av fylkesveg 5711 (Frøysjøvegen), frå Myklebustkrysset til Villevika som eit viktig trafikktryggingstiltak. Det gjeld ikkje minst gjennom Botnane der vegen er smal, går tett inn på hus og har fleire uoversiktlege parti. I periodar går det mykje tungtransport som er utfordrande for alle, både gåande, syklande og anna biltrafikk. I tillegg til at vegbana ikkje er bygd for tungtrafikk.

Frøysjøvegen høver godt for sykkeltrafikk med lite stigning og mange flate strekningar. Men i fleire parti er det ein risikosport å sykle. På dei smalaste partia gjennom Botnane må du gå av sykkelen for at bilar skal passere.

Oppsummert har vi desse merknadene:

For å gjere vegen gjennom Botnne tryggare for alle trafikantar er desse tiltaka svært viktige og må verte prioriterte:

  1. 60 km- sone gjennom heile bygda. Og helst 30 km-sone eit par stader.
  2. Gatelys i Sørbotten.
  3. Busskur i Myrane (Sørbotten)
  4. Generell opprusting og utbetring av fylkesveg 5711 med å gjere den breiare og meir oversiktleg.

Med helsing

Botnane og Årebrot grendalag

Åsmund Berthelsen

asmund.berthelsen@icloud.com

93237073

Last ned pdf-fil av brevet her:

Merknader frå BÅG

18. oktober 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-10-18 12:55:282021-10-18 12:56:12Merknader til Kommunedelplan for trafikktrygging, Bremanger kommune
Aktuelt, Arkiv

I 80 km gjennom tuna

Frå 50-skiltet på Myklebust til Årebrot er det 80 km fartsgrense på Frøysjøvegen, fv 577. Grendalaget fekk avslag då dei søkte Vegvesenet om å få 60 km fartsgrense. Det bur for lite folk og det er for få avkøyrsler til at Vegvesenet vil sette ned farten. – No er borna våre så små at vi må vere ute med dei, men dei skal vekse opp her og kunne leike seg ute utan å risikere å bli ihelkjøyrde. Det seier småbarnsmora Kjersti Straume i Botnane, som bur tett i vegen og opplever at mange køyrer svært fort.

 

11. oktober 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-10-11 22:25:542021-10-11 22:25:54I 80 km gjennom tuna
Aktuelt

Hjortefest 20. november

Det vert hjortefest i Botnane grendahus laurdag 20. november, kl. 19.00. Fristen for å melde seg på er 17. november. Det gjer du til Rune Nordbotten. E-post: run-norb@online.no Han har mobilnr: 415 53 395.

I fjor vart det ikkje hjortefest pga. koronaen. Tradisjonen tru er det hjortejegarane som står for både maten, pyntinga og programmet. Vi andre treng berre å melde oss på og bli med på festen. Håpar mange vil vere med og halde oppe denne tradisjonen i november.

11. oktober 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-10-11 22:10:362021-10-11 22:12:43Hjortefest 20. november
Aktuelt, Arkiv

Diktarstien opnar opp landskapet

Denne sommaren har eg vist rundt mange på Diktarstien i Botnane og fleire fortel at dei ser landskapet i Botnane på ein annan måte med å gå stien og lese dikta til Jan-Magnus Bruheim. Dei kjem til plassar dei aldri har vore før, og dikta set i gang fantasien og forsterkar opplevinga. Tenk om nokon kunne skrive litt om dette, har eg tenkt. Difor utfordra eg syskenbarnet mitt, journalisten Audgunn Oltedal, om å gjere det. Ho snakka om det same, då eg viste rundt henne og mannen, John Garsjø, ein nydeleg sommardag i september:

Kor er Botnane?

Slik kan ei austlandssjel – utan blygsel – spørje. Austlending er eg sjølv blitt, langt på veg, etter å ha budd i hovudstadsområdet sidan 1975. Men eg veit likevel at fedrelandet har meir å by på enn Preikestolen, Jotunheimen,Trollstigen og Lofoten.

Har du gått diktarstien i Botnane?

Det hadde eg ikkje gjort, før no. Ein varm ljos septemberdag i 2021, tre år etter at den vart opna 18.august 2018. Det var ein dag då vinden bles og regnet hølja ned over dei 200 som var møtt fram for å vere med på opninga, gå stien, sjå og lese dikta til Jan-Magnus Bruheim

I Botnane hadde eg vore før, for her budde moster mi Sigrid og onkelen min Arne Øvrebotten. Mange gonger hadde eg vore her i lag med syskenbarnet mitt, Magni Øvrebotten, dotter deira.

No gjekk eg og mannen min, John Garsjø, diktarstien i lag med Magni.

Eg gjekk der eg aldri før hadde gått. Diktarstien opna opp landskapet. Den startar nede ved sjøen, går langs grøne marker inn i skogen, ut på holmen, ned til brygga, utover mot havet og fram til gravplassen. 4.3 kilometer lang.

Vi gjekk forbi det gamle skulehuset – no grendehus,- såg  dei høge bratte fjella inst i dalen.  Vi gjekk innover langs elva, trødde på mose i grønfargar av alle slag,  frå djup grøn, nesten svart mose, til lys grøn, nesten gul mose. Forbi skumle trestubbar nedgrodde i grønt, skræmelege skapningar i det dunkle lyset under trea.

John Garsjø og Magni Øvrebotten ved steingarden.

Ungar ser ulike dyr i denne rotvelta.

 

 

 

 

 

 

 

 

Magni viste oss eit merkeleg avtrykk i ein stein, og vi las diktet Jan-Magnus Bruheim skreiv om det som ser ut som avtrykk av ein barnefot:

Far av ein

barnefot-

så klår og rein

står teikna i

den harde,

grå steinen

Kven kunne tru

ein liten barnefot,

kan setja merke

i det

harde grjot?

Kvart av dei ti dikta vi kom til, skreiv Jan Magnus Bruheim dei åra (1978-1985) han budde i Botnane.

Kvifor kom han hit ?

Då Magni og Åsmund (Berthelsen) var nygifte, budde dei på Otta og jobba i bladet Dølaposten. Der intervjua Magni diktaren Jan-Magnus Bruheim om boka han gav ut hausten 1978. Bruheim var fødd i Skjåk og hadde budd der heile livet. No ville han til havet og bu ved sjøen. Magni fortalde om heimbygda Botnane og kom til å nemne eit tomt skulehus. Kunne ho ordne det slik at han fekk leige seg husvære der? Det kunne ho og knapt 1,5 månad etterpå steig han i land på kaia i Botnane.

I sju år var Jan-Magnus Bruheim ein del av dagleglivet i Botnane.

Han var ein kjærkomen gjest når foreiningar og lag hadde tilstelningar på grendehuset. Hadde med ei av bøkene han hadde gitt ut, og las eit dikt eller to.

Han gjekk til brygga når båten kom, for å sende brev, ta i mot post og for å snakke med folk.

‘Her skulle eg hatt med barnebarn’, tenkte eg då vi gjekk tørrskodde på tang og tare ut til Flothôlmen. Ingen stad i Botnane likte Jan-Magnus Bruheim seg betre enn akkurat her. Her kunne han sitje i den store stilla berre fylt av naturens lydar; vinden, bylgjene, fuglane. Men når sjøen flør og det ikkje er fjøre, men flo sjø, då kan du ikkje gå tørrskodd til og frå Flothôlmen. Det hende at stilla tok han, og diktaren gløymde akkurat det, og då var det berre å vente 4-5 timar på fjøre sjø.

Vi gjekk vidare langs Frøysjøvegen til gravstaden i Botnane. Ved inngangen står diktet’ Tri grannar’. For Jan-Magnus Bruheim var gravstaden ei inspirerande historiebok, der kvar grav har si historie.

 

Tri grannar står der og

og grev ei grav

Men teier med det dei tenkjer:

så snøgt kan livstråden

slitna av

Det kjennest som noko

av grendi er burte

med han som tok ut

på den siste ror.

Alt står her og talar

stille i togna

um han som for.

 

Det peip i Magni sin mobil. Åsmund hadde lunsjen klar. Inn for å ete, så ut att. No i bil. Til gravhaugane ytst ute på begge sider ved fjorden inn til Botnane. Fire uvanleg store gravrøyser frå bronsealderen (eldre bronsealder 1700-1100 f.Kr) to på kvar side av Pollen. Og gravrøyser som perler på ei snor, vel 30 i talet, mellom Botnane og nabobygda Årebrot.

Arkeologhane har lenge visst at dette området var heilt spesielt, men arkeologar driv ikkje i mediebransjen. No i mai (30.05.21) fekk Botnane ei kulturminneløype med fem skilt med informasjon på norsk og engelsk. Kvifor var det eingong eit samfunn med mektige høvdingar akkurat her?  Leia alle rodde gjekk forbi her. Var det fordi dei kravde passeringsavgift av båtane som rodde forbi til dei mektige høvdingeseta på Jæren, Sunnmøre og i Trøndelag? Kva slag liv vart levd her då? Kan slik røyndom diktast fram frå gravhaugane?

Til Dosabu

Vi drog frå Botnane dagen etter. Sette oss i bilen og køyrde til Kalvåg, sentrum i Bremanger kommune før Svelgen vart det midt på 1960-talet. Fiskeværet Kalvåg ligg på øya Frøya. Der åt vi nyfiska brosme på Knutholmen og dagen etter gjekk vi to timar til utsiktshytta Dosabu, som heng i fjellveggen ytst ute mot storhavet. Litt skummelt å gå ned til døra der. Det sokk i meg, like mykje som då eg gjekk forbi dei mest luftige delane av stien til Preikestolen.

Audgunn Oltedal

260921

 

 

Magni Øvrebotten og Audgunn Oltedal ved diktet Tjelden på Jørnjorda.

 

3. oktober 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-10-03 16:13:522021-10-03 20:31:57Diktarstien opnar opp landskapet

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • historikk
  • Historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top