Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Historikk

Juletrefest på Årebrot medan «Ike» Eisenhower var president i USA

Av Fridtjov Urdal (1952)

Kor lenge det har vore slik veit eg ikkje, men det var fast. Andre dag var det juletrefest i skulehuset. Somme heldt på at det var i skulehuset, andre meinte det var på. Men kor det no var, dit kom alle. Det vil seie ikkje så svært mange, så det vart lagt godt merke til kven som ikkje var der. Dessutan kunne det vere ein liten flokk med utflytte som var heime i jula som óg møtte opp. Til og med bydamer med høge helar kunne det vere, og alle visste kven dei inngifte var.

 

Fridtjov Urdal fortel levande frå juletrefesten andredag på Årebrot for 60 år sidan.

I regelen regna det, men eg har óg tydelege minne etter kalde kveldar med raudt solfallslys ute bak ein blåsvart Batalden. Folk kom medan det enno var lyst, så juletrefesten må ha byrja i tre-fire-tida og slutta så ein nådde heim til eit litt seint fjøsstell. Men det fekk no gå for ein gongs skuld.

Vi kom heller tidleg for mor mi skulle spele på orgelet, så ho måtte vere tidleg på plass. Eg har eit minne om at gangen var stuvande full av karar i besteklede og breie slips. Sigarettrøyken låg i kvasse blå striper. Gangen var ikkje så stor, så dei kan ikkje ha vore så svært mange, men mange nok til at røystene vart eit surr, i alle høve når ein høyrde dei nedanfrå. Folk for inn og ut av dører, og dei ute i gangen stod flittig i vegen for dei i viktig ærend og det var det heile tida.  Inn og ut av kjøkenet, inn i stova, opp trappa til loftet var det berre så halvveges, eller mindre lov å gå opp. Kottet på sida av trappa, det som alltid var låst, var det mest mystiske av alt. Kva var det der? Var det derifrå nissen kom? Vi visste kven han var. Det var han Henrik.

Det var ikkje så mange vaksne karar som var frimodige nok til å take på seg ei slik rolle. «No må de sjå til å kome inn og ikkje stå her ute. Vi skal begynde snart» Karane lest ikkje høyre og snakka om kva tid silda kunne kome og kvar «Hjorten og Shartsen» var å leita. Kor det var før lyset kom, kva russen og amerikanarane dreiv på med? Det heldt dei på med heilt til ein sa: «Nei, vi får vel sjå oss inn. Dei er vel komne dei som kjeme no». Då var det tid å gå inn. Der  var det dirrande varmt, den svarte Pax-omnen dura av eld. Pultane var sett opp i rekkjer til bord og alle langbenkane var borne ned. Det var ein seremoni berre det.

Alle likte ikkje nissen

Inne stod juletre overhendig høgt og vidt med stjerna høgt opp under taket. I alle høve såg det slik ut den gongen, trur eg. Det var alltid einkvann som la merke til om det var kjøpt ny pynt. Og der var ei kule eller ein engel som dei visst hadde vore kjøpt før krigen. Under krigen var glaskulene, som alt anna, av papir.  Når det store skåpet var drege ut frå nordveggen, og det hekk snor frå det til midt på fyrste glasposten på vestre veggen, og det hekk flagg på snora, då skjøna vi at vi skulle få sjå sketsj. Men det var det enno lenge til for fyrste skulle dei ynskje velkomen, spele og synge julesongar, lese juleevangeliet, synge meir julesongar og så var det gang kring juletreet. Ungane i inste ringen om vi var så mange at vi rakk i hop, om ikkje så var der ei omsorgsfull tante som skøytte på så vi rakk i hop. Over sjø og land raska reven over isen og helste på grøne glitrande både ein og to gonger. Det var stearinlys på juletre den gongen. «Pass deg så det ikkje dryp på deg». Vi kraup under tre, benkar og bord. Vi venta på nissen, eller rettare vi venta på posen med snop eller frukt. Det var ikkje alle som likte nissen. Han Henrik var kjekkare utan maske. Det verste var om nissen snakka til oss, for då måtte vi svare og då høyrde folk på oss. Det kunne gå ord om ein hadde svart nissen slik eller slik, og om ein ikkje svarde var det like gale det óg. Helst ville vi ut og leike i mørkret med lommelykter vi hadde fått til jul.

Dette er så langt attende i tida at dei skjemdalaust hadde med seg bommer med påsmurde skjever av kjøpebrød, som var skorne på skrå og dermed opphøgde frå skjever til smørbrød. Vi fekk små brusflasker med spikarhol i korken slik at dei skulle vare lenge. Men vi lærde tidleg at det som er godt tek fort slutt same kor lite holet er. Det klirra i glas, koppar og fat. Det vart sunge. Ut med tome fat og inne med fulle. «Det er berre å forsyne seg». Men alle visste likevel at alt vart lagt merkje til av alle, sjølv dei som ikkje brydde seg om slikt gjorde det.

Ein del av verdsordninga

Så måtte ein gå rundt tre vel og lenge, og det vart sunge. Det lyser i stille grender av grøne glitrande i himmelrik ein stad, er sjelens pilgrims gang. Alt det folk kunne utanboks og det var ikkje lite. Det tok si tid før ein kom i gong med loddtrekkinga slik at skjerf, handdukar, vottar, hekladukar, kaker og kringler kunne byte eigar. Men det alle venta på var fruktkorga i raudt cellofanpapir. Det var lodd på bok der namn var sirleg oppskrivne og det var lodd på farga lappar. Dette var den tid folk hadde reie blanke pengar og blå femmarar, og ein heil brun tikroning vart sett på som skryt. Pengane vart sylta ned på norgesglas til gode formål. Sume la dei fleirfarga lappane i nummerete liner på bordet, andre hadde dei i bunkar, så når opplesaren sa Grøn H 47 såg dei med ein gong at det ikkje var dei. Deretter var det rundt og rundt juletre att før folk tusla seg frå stovevarmen og ut i gangen. Dei ynskte kvarandre god jul og nyår, fekk på seg ytterkleda, takka for laget og for ut i mørkret og heimover i små flokkar, som tynntest ut for kvart tun. Den tid Lyndon B. Johnson var president var mykje annleis, men juletrefest andredag var framleis ein del av verdsordninga.

Gamleskulen på Årebrot var åstad for andredagsfesten der alle var. Eigar: Venche Faye Sandvik.

Tradisjonen var at det var dei unge som laga til festen og stod for programmet, som utifrå dagens mål ikkje var all verden, men vel meint. Det vi gjorde var så vidt alminneleg at det truleg skal ei ettertid til for å sjå og tenkja over kva det var, og kva ein var ein del av. Arbeidet med å få i stand juletrefesten var eit overgangsritual som sette skilje mellom barndom og tidleg ungdom. Var ein trudd til å vera med å stå for juletrefesten var ein på veg inn i det vaksne samfunnet. Det var heller ikkje gjort med berre ein fest, dei fleste hadde ei tenestetid med minst tre juletrefestar. Det byrja etter det eg hugsar jula etter at ein hadde gått ut av skulen, eller året etter. Kor vidt det vart diskutert eller gjort noko vesen av at ein i år skal vere med å lage til juletrefest har eg i dag ikkje noko minne om. Truleg var det berre slik det skulle vere. Slik var det med det meste, det var ikkje så mange måtar å gjere det på. Rituala var faste, det var detaljane som måtte diskuterast og det vart dei, men aller mest andre og for festen heilt uvedkomande ting. Eg trur vi kalla oss «Kometen», og i den hadde vi ein stad å møtast i førjulstida og festen var så langt i frå hovudsaka. Det var dei eldste som hadde makta, sjølvsagt. Dei hadde vore med før og visste korleis det skulle vere og hadde vore. Dei visste kvar brusen skulle kjøpast, og kvar appelsinane og snopet til nissesekken skulle skaffast, og alt det hitt, som innkjøp av nye flagglekkjer til treet og kasting av gamalt gulna glitter.

Umerkande rann vår tid ut

Eit år hadde overskotet vore så stort at ein kjøpte elektriske juletrelys. Det vart ein stor diskusjon. Kva gjer ein med leidningen? Legg ein han på golvet så folk kan snåve i han når dei går rundt juletre, eller endå verre, om ein går med fulle kakefat?  Skulle ein henge han i taket vart det merkje i målinga, osv. Det vart luftboren straum til treet og dei små fleirfarga stearinlysa vart verande i øskjene sine. Vi teikna bilete på tavla og skreiv god jul, las opp dikt og stykkje der publikum i blinde hadde sett inn adjektiv. Ein freista seg på satire til og med, men umerkande rann vår tid ut. Tidsskifta kjem umerkande på oss, dei er naturlege rett og slett. Som det står i den store bok: Det er ei tid for alt.

 

Opplysing: Dweight D. Eisenhower, også kalla Ike Eisenhower, var president i USA frå 1953 til 1961. Lyndon B. Johnson frå 1963 til 1969.

23. desember 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-12-23 22:07:332021-12-23 22:07:33Juletrefest på Årebrot medan «Ike» Eisenhower var president i USA
Aktuelt, Arkiv

Aase Botnmark – kunstnaren frå Håjen

Skulpturen «Ho mor i ank» er støypt i bronse og står i Sløydsalen i grendahuset i Botnane.

I 2005 vart det samla inn 15.000 kroner for å få støypt i bronse ei av kystkvinnene til Aase Botnmark til grendahuset i Botnane. Sidan den hausten har «Ho mor i ank» skoda utover forsamlingslokalet Sløydsalen. Ho står slik mange kystkvinner har stått og sett etter båten med mann, barn og skuleungar om bord, eller etter ungar som leika i fjøre og fjell. «God tur heim, mor», skreiv Aase Botnmark på gråpapiret då ho sende frå seg skulpturen.

Sommaren 2021 følgde 22 av Aase Botnmark sin skulpturar etter og fekk fast plass i den gamle skulestova i Botnane, som Aase hadde så mange gode minne frå. Ho opplevde skulen som ein fristad. Før ho døydde i 2012 ba ho familien om å deponere delar av kunsten hennar til Bremanger kommune. Systersonen, Are Fjellestad, prøvde å få skulpturane plassert i Botnane, men den gongen var det ikkje rydda plass i grendahuset. Frå 2016 har skulpturane i gips, betong og bronse vore å sjå på Kulturhuset Heimen i Bremanger. Men når Heimen skulle selgast tok eigaren, Reidun Øvrebotten, på nytt kontakt med Botnane og Årebrot grendalag for å oppfylle Aase sitt ynskje om at kunsten hennar skulle kome heim til Botnane.

Aase Botnmark, fødd Øvrebotn, kom til verda 25. mai 1927, på garden Håjen i Sørbotten. Ho var det yngste av Sanna og Kaare Øvrebotten sine sju barn. Faren var frå Floten, inste garden i Øvrebotten, og mor hennar, Mette Susanne Kjørlaug, frå Sogndal. Syskena til Aase var Bergljot, Olaf, Magne, Hans, Finn og Sigrid. Faren var mykje vekke på arbeid, og då var det Sanna og borna som stod for arbeidet på småbruket og ettersyn av fyrlyktene på Olaskjæret og i Vikja.

Rettferd, likeverd og likestilling

– Mora Sanna vart eit førebilete for Aase, som gjennom heile livet kjende seg sterkt knytt til Botnane og kystkulturen, fortel sonen, Wiggo Botnmark. Ho trekte ofte fram kvinnene sin store og viktige innsats for familie og lokalsamfunn, og var levande oppteken av rettferd, likeverd og likestilling. Aase var stillfarande som type, men full i sterke meiningar.

Ho hadde eit naturtalent for teikning og teikna frå barnsbein av på alt ho kom over av papir.  Tilgangen på teikneblokker var ikkje slik då som no, så det var mest på aviser og gråpapir det vart teikna. I 1935 døydde broren Hans av tuberkulose og Aase fekk sjølv sjukdomen. Ho vart sendt til Hagavik sanatorium i Bergen for behandling. Der fekk ho teikne på skikkeleg papir med ho ville, og fekk oppmuntring om at ho var flink og burde halde fram med det.

Aase Botnmark i 30-årsalderen. Foto: Kåre Botnmark.

– Som ungjente vart ho oppteken av fotografi som fag og drøymde om å gå i fotolære. Ho sjekka kva utdanning som måtte til og skjønte fort at familien ikkje hadde økonomi til den nødvendige skulegangen, seier Wiggo Botnmark. Men ho var ikkje typen som gav seg. Ho sende eit brev, med eigne teikningar, til Fotograf Sande på Sandane. Der fekk ho jobb og opplæring som retusjør. Hennar gode anlegg for teikning kom til nytte i retusjeringa og samstundes fekk ho opplæring i fotografarbeid.

Hjå Fotograf Sande møtte ho Kåre Botnmark, som arbeidde der som fotograf. Han kom frå Bogen i Ofoten. Då dei vart eit par fekk Kåre tilbod om å kjøpe ei fotoforretning Sande hadde i Florø, og dei slo til. Dei gifta seg i 1948 og fekk to søner, Wiggo i 1949 og Knut i 1952. Aase og Kåre Botnmark dreiv fotoforretninga Vest Foto i Florø frå 1948 til 1969.

Aase spesialiserte seg på handkolorering, det vil seie fargelegging av  svart-kvitt-bilete. Ho var halden for å vere dyktig til det og fargela tallaust med brude- og naturbilete. Systera til Aase, Sigrid, og mannen hennar, Roald Fjellestad, arbeidde også i Vest Foto. Det var dei som tok over butikken då familien Botnmark flytte til Ullensaker i Akershus då Kåre fekk arbeid som fotolærar på yrkesskulen der, og seinare på Strømmen vidaregåande skule.

 

Aase og mannen Kåre Botnmark.

Aase og mannen Kåre Botnmark.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skulpturane dine leve, Aase

Aase Botnmark i arbeid med ein skulptur. Foto: Kåre Botnmark.

Både som barn og vaksen opplevde Aase periodar med sjukdom, som vaksen også psykisk sjukdom. «Lukketreffet» var då ho vart innlagt ved Modum Bad- og Nervesanatorium. Der fekk ho god hjelp og etablerte viktige venskap, som fekk ho med i eit rikt og skapande kunstnarmiljø.  Det var her ho for fyrste gong brukte leire (keramikk) som uttrykksform og det vart starten på mange års intenst arbeid som kunstnar.

Frå 1973 til 1979 var Aase hospitant ved Statens Håndverk- og Kunstindustriskole i Oslo. Talentet hennar vart lagt merke til og verdsett, mellom anna av skulptøren Per Ung. Han vart rettleiaren hennar på skulen og utbraut ein gong begeistra: «Skulpturane dine leve, Aase»

Ho stilte for det meste ut kunsten sin saman med andre kunstnarar, bl.a. skulptøren Skule Waksvik, og deltok i mange år fast på den juryerte Romeriksutstillinga. Fleire av skulpturane hennar er selde, særleg til private samlarar. På Modum Bad heng eit relieff av dr. Gordon Johnsen, lege, psykiater og grunnleggar av Modum Bad. Han såg Aase sitt talent og vart ein nær ven og mesen for henne. Gipsforma til dette relieffet er med til Botnane

Gallerist Olaf Broers, dreiv Galleri Unique på Dal i Eidsvoll. I 1991 hadde han separatutstilling med Aase Botnmark sin kunst og var svært begeistra for arbeida hennar. – Ho kom seint, men godt, sa han og sikta til at ho var 51 år før ho debuterte som kunstnar. Det var råd å sjå at ho hadde hatt Per Ung som lærar, men ho fann raskt si eiga kunstform, meinte Broers.

– Per Ung sin kunst var prega av det maskuline, medan Aase får fram kvinnene og deira livsvilkår i kunsten sin. Det er mykje kjensler, varme og ømheit i skulpturane til Aase. Fleire av verka hennar burde vore laga i større format, for reint teknisk er arbeida hennar uvanleg fullkomne i forma, sa gallerieigar Olaf Broers i eit avisoppslag i 1991.

– Eg skulle ha starta før

Skulpturen “Krav” er omtalt i teksten. Foto:Magni Øvrebotten

Diverre intervjua eg ikkje Aase Botnmark då eg i mai 2003 var på Jessheim for å plukke ut ein kystkvinne-skulptur, og heller ikkje dei gongene eg snakka med henne i telefonen. Ho ringde stundom for å fortelje meg kor glad ho var for at skulpturen «Ho mor i ank» kom «heim til Botnane». Eg har møtt mange Botnane-entusiastar, men trur ingen kan måle seg med Aase Botnmark. Ho ville ikkje ha ei krone sjølv då vi kjøpte skulpturen, dei innsamla pengane gjekk til å støype han i bronse.

– Det var ein draum som gjekk i oppfylling då eg byrja på Kunst- og industriskulen. Men eg angrar så på at eg ikkje byrja før, for då hadde eg fått gjort meir, sa ho då eg besøkte henne i 2003. Ho var bestemor før ho byrja som bilethoggar.

 

Kanskje er skulpturen ho laga av ei høggravid kvinne med tre barn eit symbol på å la andre omsyn gå føre eigne draumar? I eit intervju med Indre Smaalenenes Avis (som eg ikkje har dato og årstal for) sa Aase dette om skulpturen «Krav»: – Kvinna er svanger, men med kva? Ikkje nødvendigvis eit barn. Ho kan bere på idear og tankar. Idear ho ikkje maktar å forløyse fordi mykje anna opptek tida hennar. Dei tre borna kan symbolisere bønnfallande krav om kjærleik, hylande krav om omsorg og aggresive krav. Krav kvinna må imøtekome før ho kan tenkje på å utvikle sine eigne idear. Dette gjeld også menn, men eg valde å bruke ei kvinne som modell fordi då får eg fram symbolikken med å vere svanger med ein ide. Eg føretrekkjer ofte kvinnekroppen som utgangspunkt for det eg vil fortelje, sa ho til avisa.

Bilete av mannfolk som stolt syner fram kor store fiskar dei har fått er inspirasjonen til skulpturen “Vekst og utvikling”, ei kvinne som stolt viser fram den gravide magen sin. Foto: Magni Øvrebotten

Ho brukte også den gravide kvinna då ho laga eit utkast til ein næringslivspris som skulle symbolisere vekst og utvikling. Ei høggravid kvinne som med stolt mine syner fram kor stor og flott magen hennar er.
– Ideen kom etter å ha sett tallause bilete av menn som stolte viser fram kor store fiskar dei har fiska. Den gravide er i tillegg eit symbol på vekst og utvikling, fortalde Aase Botnmark til avisa. Men utkastet vart ikkje brukt til nokon pris fordi Aase Botnmark ikkje ynskte ei kommersialisering av kunsten sin.

Synet øydela for kunsten

Diverre fekk ho den arveleg augesjukdomen macula degenerasjon, som svekkjer skarpsynet. Sjukdomen tok frå henne evna til å sjå proporsjonar. Det øydela for modelleringa og ho sleit mykje med synet då ho vart eldre. I intervjuet med Indre Smaalenenes Avis sa ho: – Det hender eg misser motet, men eg må jobbe. Eg vert deprimert når eg ber på tankar og idear og eg ikkje er rask nok til å omforme dei til skulpturar.

I same intervjuet fortel Aase Botnmark kva ho ynskjer å formidle i skulpturane sine: – Det høyrest kanskje stort og fjollete ut, men eg har trong for å få fram ein bodskap i skulpturane mine. Dei skal ikkje berre vere eit avbilete av modellen, men innehalde noko meir. Det er diverre slik at eg aldri vert fornøgd. Det er fortvilande å finne feil etter at du har fullført eit arbeid. Læraren min, Per Ung, har trøysta meg med at det er viktig å aldri vere fornøgd. Det er då ein kjem seg vidare, sa Aase Botnmark i intervjuet med Indre Smaalenenes Avis.

Aase Botnmark var ein utprega perfeksjonist og ville ikkje lage noko som ikkje var 100 prosent kvalitet. Problema med synet sette ein stoppar for ei kunstnargjerning som ho følte vart altfor kort. Aase hadde så mykje ho gjerne skulle ha laga og kom så seint i gong. Det var ei sorg, men samstundes var ho glad for det ho hadde fått gjort, og stolt av å ha skildra ulike kvinneliv i kunsten sin.

Det er råd til å dele den sorga med Aase. Kva kunne ho ha drive det til som kunstar om ho hadde kome i gong tidlegare? Galleristen Olaf Broers har rett i at fleire av skulpturane hennar hadde gjort seg i stor storleik, fordi dei er så godt forma. Min draum er «Ho mor i ank» i bronse og full storleik, skodane utover Frøysjøen, på Håjen. På avsatsen rett ovanfor langrøysa, kvinnegrava frå jernalderen, på vegen ned til sjøen. Det hadde vore eit monument over kystkvinnene som Aase Botnmark var så oppteken av å heidre, og av henne. Det blir nok med draumen, diverre, for så mykje pengar maktar vi nok ikkje å samle inn.

“Møte” heiter denne skulpturen. Foto: Magni Øvrebotten

 

28.11.2021. Magni Øvrebotten

Kjelder:

Wiggo Botnmark om mora i hefte Aase Botnmark 1927-2012. Retrospektiv utstilling. Galleri Dorthea, Bremanger 2016. Og samtale med han om mora, mars 2021.

«Nærkontakt», april 1991. Intervju med gallerist Olaf Broers. Fekk ein kopi av det med Aase Botnmark i 2003.

Indre Smaalenenes Avis, utan dato. Intervju med Aase Botnmark. Fekk ein kopi av artikkelen med Aase Botnmark i mai 2003.

Reidun Øvrebotten, eigar av Kulturhuset Heimen, som har husa dei 24 deponerte skulpturane til Aase Botnmark, frå 2016 til 2021. To av dei er plasserte på Rådhuset i Svelgen, med opplysing om at det 22 til å sjå i Botnane.

Opplysing om slektskap: Reidun Øvrebotten og Magni Øvrebotten er tremenningar. Fedrene våre, Roald Øvrebotten og Arne Øvrebotten, var begge syskenbarn til Aase Botnmark.

 

Frå opninga av utstillinga av Aase Botnmark sin kunst i den gamle skulestoga i grendahuset i Botnane i juli 2021. Foto: Åsmund Berthelsen

 

 

 

 

 

 

 

23. desember 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-12-23 21:58:442022-01-04 15:04:16Aase Botnmark – kunstnaren frå Håjen
Aktuelt, Arkiv

Vegen mest uråd å brøyte skikkelg

 

Vegen er så ujamn at det vert liggande att snø og slaps når det vert brøyta. Så frys det til, og det vert glatt.

Med snøfall og brøyting kjem det for ein dag kor dårleg delar av Frøysjøvegen (FV 5711) frå Villevika til Myklebustkrysset er! Det er uråd å få brøyta skikkeleg, og brøyteutstyret vert øydelagt. Mykje is og snø vert liggande att i spor og holer og vegen vert glatt. 

Det vart stort oppslag i Firdaposten etter at eigar i grendalaget; Åsmund Berthelsen  brev til vegetaten om forholda, og no har vegetaten svara.

Dei takkar for henvendelsen og peikar på at det er vedlikehaldsbehov på mange fylkesvegar i Vestland. Dei skriv også at dei nyttar tildelte midlar etter beste evne og opplyser at på dei har meldt inn behov for diverse behov for vedlikehald i samband med budsjettarbeidet.

I brevet til vegetaten vert det peika på at det er tungtransporten som er årsaka til at vegen er så dårleg som han er. Vegen er ikkje fundamentert og bygdt for den transporten som i hovudsak er knytt til steinbrotet i Seljestokken. Og den transporten må gå. Det er vegen som må verte rusta opp og utbetra.

Vegbudsjettet skal fylkestinget handsame midt i desember. I tillegg til budsjettet handlar vedlikehald og utbetring av fylkesvegar om regional transportplan som også gjeld fylkesvegane. På fylkestinget i desember skal prinsippa/strategiane for både bygging, utbetring og vedlikehald av fylkesvegane handsamast. Men fyrst på fylkestinget i juni skal politikarane prioritere kva som skal stå fyrst og sist i investeringsbudsjettet. Så grendalaget og andre må stå på for å få naudsynte midlar til både å få utbetra vegen og godt vedlikehald både sommar og vinter!

 

Så ujamn vegen er det vanskeleg å få brøyta skikkeleg, og det er fort å få øydelagt brøyteutstyret.

Her er brevet som vart sendt til vegetaten:

«Eg er leiar i Botnane og Årebrot grendalag og fekk nyleg melding frå folk som bur ved vegen(Frøysjøvegen frå Myklebustkrysset til Villevika) at tilstanden er no slik på delar av vegen at det er vanskeleg å få bort snø og slaps. På grunn av djupe hjulspor er det vanskeleg å få bort snø/slaps- og det vert liggande og frys til, så det også vert vanskeleg å føte seg. Vegen er slil nokre stader at også utstyret vert øydelagt i forsøket på å få gjort det skikkeleg. Også på grunn av djupe spor og generelt ujamn veg. Delar av vegen er slik eg vurderer det heilt nedkøyrt. Dette på grunn av mykje tung transport dei siste åra i samband med utbygginga av vindkraftanlegget på Guleslettene. Vegen har ikkje fundament for slik transport. På same tid er verksemdene på denne strekningen mellom Botnane og Årebrot heilt avhenig av å kunne nytte denne type transport.

Har også hatt kontakt med entrepenør som har vedlikehaldet at dei prøver å få gjort mest mogleg for dei midlane som er stilt til rådvelde.

Her må det tydeleg vere behov for å gjere meir, både for å kunne drive eit tilfredstillande vedlikehald og få gjort noko skikkeleg med vegen slik at vegen vert trygg for både køyrande, gåande og syklande – og slik at dei som har ansvaret for vedlikehaldet/brøyting ikkje øydelegg utstyret.

Med helsing

Åsmund Berthelsen
Botnane og Årebrot grendalag»

3. desember 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-12-03 11:35:582022-01-11 10:28:00Vegen mest uråd å brøyte skikkelg
Aktuelt, Arkiv

Glipp av 110 Vest i Bergen

Fredag kveld, 26.november, var det branntilløp i eit hus i Botnane. Brannen vart avverga ved at huseigar tok ut sikringen til kjøkenvifta det brann i. Etter 55. minutt kom det brannbil frå Svelgen. Men det lokale brannvernet i Botnane/Årebrot vart ikkje varsla. Det har til rådvelde ei brannvogn dei kan hekte på ein bil med hengarfeste, og dei fleste i bygda står på lista over frivillige.

På spørsmål frå Botnane.no har brannmeister Ole-Petter Sande i Kinn brann og redning undersøkt kvifor det lokale brannvernet ikkje vart kalla ut fredag. – Det er ein glipp frå 11o Vest i Bergen og dei vil no gå gjennom alle rutinane sine for å syte for at dette ikkje skjer fleire gonger, seier Sande. 110-sentralen i Bergen skulle også ha varsla vakthavande brannsjef i Kinn kommune, som samarbeider med Bremanger kommune om brannberedskapen, men det vart heller ikkje gjort fredag. Hadde det vore gjort ville vakta spurt om det var varsla lokalt. Bilete er frå ei øving med utstyret på brannvogna i 2019. Ho er stasjonert på Firda settefist sitt anlegg i Botnane.

Fleire i Botnane og på Årebrot har fått opplæring i bruk av brannutstyret som er plassert på settefiskanlegget i Botnane. Men ingen av dei som står på lista og skal varslast, vart det sist fredag den 26.november då det var branntilløp i eit hus i Botnane. Det var ein glipp av 110-sentralen i Bergen.

 

2. desember 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-12-02 20:38:322022-01-11 10:29:55Glipp av 110 Vest i Bergen

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top