Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

Håpar mange kjem på julemessa 25. november

(29.10.2023) Det heiter seg at vil du ha noko gjort skal du be nokon som har nok å gjere frå før om å gjere det. Kanskje var det slik leiaren i Botnane og Årebrot grendalag tenkte då han i fjor spurde Britt Maret Sunde om ho kunne få med seg folk og lage til ei julemesse?

 – Åsmund hadde fått med seg at vi var nokre kvinnfolk som møttest på Årebrot grendahus for å sy i lag og lurde på om vi kunne ta opp tråden frå tidlegare julemesser i Botnane og i Vindspollen? Vi fekk frie tøylar, drøfta det litt og vart samde om å prøve med julemesse og kafe på Årebrot grendahus. Sjølv om vi var litt skuffa over frammøte i fjor, gjev vi oss ikkje og prøver på nytt laurdag 25. november, frå 13.00-16.00, seier Britt Maret Sunde.

Britt Maret Sunde på julemessa i fjor med strikka og quilta ting ho har laga. Det er  også handarbeid av andre på dette bilete.

Etter julemessa i fjor møtte ho fleire som ikkje visste at ein på laurdagar kan ta rutebåt frå Florø til Villevika. Båten går frå Florø kl. 13.00 (båten til Smørhamn), er framme på Villevika kl.13.10, med retur til Florø kl.16.00. Dei som ikkje er førte til å gå frå kaia til grendahuset kan avtale skyss med å ringe Britt Maret på førehand, så vert det organisert køyring.

– Med dette tidsrommet til rådvelde har folk god tid til både å sjå, drikke kaffi og ete heimelaga mat på kafeen, før dei bestemmer seg for kva dei vil handle, seier Britt Maret. Ho er litt forundra over kor få som veit kvar Botnane og Årebrot er. – Folk trur Årebrot er ei øy, utan samband med omverda!

Dei som vil ha ekstra god tid på julemessa og kafeen kan kome med bil langs Frøysjøvegen, der dei tek av i Myklebustkrysset rett etter/før Magnhildskar-tunellen, alt etter om dei kjem fylkesveg 614 frå Førde/Florø-kanten eller frå Svelgen/Nordfjord. Det står Botnane på skiltet og det er berre å køyre vidare sørover derifrå, så endar ein på Årebrot. Grendahuset der har adresse Frøysjøvegen 4200 og det er god plass til å parkere.

Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200.

Kvalitet i både mat og handarbeid

I år er det ti utstillarar med kvalitetsprodukt innan mat og handarbeid på julemessa. Der er arbeid i toving, strikking, tegerbinding, quilting, måling på stein og tre. Av mat er det honning, lefser, natronkaker, fiskebrød og kanskje meir når vi kjem så langt.

I tillegg kan ein førehandstinge røykt laks, som vert levert på julemessa. Det gjer ein med å ringe Kåre Vedvik direkte på mobil 41 32 55 02. Det kostar kr. 350 for ei halv lakseside, som er delt i fire og vakumpakka.  Julemessa og kafeen vert avslutta med eit lynlotteri med gevinstar frå messa, der inntekta går til grendahuset på Årebrot.

– Men er det ikkje vanskeleg å konkurrere med alle julemessene som er rundt om?

– Jau, det er det sjølvsagt. Men vi har prøvt å styre unna å ligge for tett opp til liknande arrangement i Florø. Sanitetsbasaren der er 5. november og julemessa 11. november. Då er det litt pust i bakken før vår julemesse 25. november. Vi håpar på fint ver og godt føre, og at både lokalbefolking og andre kan ha glede av å møtas ein laurdag på Årebrot grendahus. Til mat, prat og julehandel. Det er ein utstillar i kvar sjanser. – Vi skal ikkje konkurrere med kvarandre i ei slik lita bygd, slår ho fast. I tillegg er det utstillarar frå både Kalvåg, Svelgen, Florø, Førde og Myklebust.

Strikkar over alt

Britt Maret Sunde strikkar på eit par lubbar medan vi snakkar. Ho er av dei som alltid har eit handarbeid i hendene eller i veska. – Eg strikkar på båten, på bussen, ja, over alt om høvet byr seg. Det strikkearbeidet som krev konsentrasjon ligg heime, det eg kan tyte til er med på tur.

– Du syr og strikkar til julemessene heile året du då?

– Ja, eg driv med handarbeid heile året, men ikkje med tanke på messene/basarane. Eg gjev vekk mykje, men litt har eg att til basarar og julemesser.

– Har du alltid vore oppteken av handarbeid?

– Ja, eg lærde å strikke då eg var seks år gamal. Heime på Askrova hadde vi ei gamal tante av far min buande på loftet. Kristofa Sunde heitte ho, trur jentenamnet hennar var Sørgulen. Det var ho som lærde meg å strikke. Ho hadde tid, det hadde ikkje farmor og mamma. Og dei tre damene hadde alltid handarbeid i hendene når dei sette seg ned. Det var slik det var den tida, no er det meir uvanleg, sjølv om strikkelysta har teke seg opp blant folk.

Britt Maret fortel at mora fekk seg elektrisk symaskin då Britt Maret var 7-8 år, og ho fekk lov til å bruke den nye maskina!! Mora var mindre redd for at ho skulle øydelegge den enn bestemora si gamle sveivemaskin.  – Vi var fire sysken, bror min var eldst og eg var eldst av oss jentene, så eg sydde dokkekle til systrene mine. Bror min snikra i kjellaren saman med pappa. Ein gong hugsar eg han sa at «den jentungen syr opp ei heil formue i tråsneller», men då fekk han raskt svar frå mamma: «og den andre halvparten av formuen går til spikar», ler ho. Men sjølv om det gjekk mykje i handarbeid var det også aksept i familien for å lese bøker, og Britt Maret likte å sitte i ein krok for seg sjølv og lese.

Det er vid og vakker utsikt frå hytta til Britt Maret Sunde, her sørover mot Villevika, der rutebåtane legg til kai.

Alltid likt meg på Årebrot

No har Britt Maret Sunde leilegheit i Florø og hytte på Årebrot. Hytta kjøpe ho i 2020. Det er ei hytte med utsikt over skipsleia, Villevika og øyriket utanfor Årebrot. Ein kan lett bli sittande å glo her, med naturen og særleg sjøen så nær innpå seg.

– Du var gift med Håkon Årebrot og budde her frå 1975 til 1995, så skilde de lag og du busette deg i Florø og bygde deg seinare ny hytte på Nekkøya. Men så selde du den og kjøpe hytte på Årebrot. Kvifor?

– Eg har alltid likt meg godt her på Årebrot, det minner meg om Askrova og eg er glad i naturen, sjøen og fjella. Her er flott å sykle og gå tur, og med ei hytte som treng oppussing vert eg ikkje arbeidslaus. Treng eg litt hjelp kan eg spørje Håkon om det, verre er det ikkje.  Dessutan er det lettare å kome seg til og frå her med båt, sidan eg ikkje har bil. Eg likte aldri å køyre bil, så eg brukar beina, sykkel, båt, buss og fly. Nokon må gjere det også.

Nordsjøen var ein god arbeidsplass

Ho er van med å reise og ta seg fram etter over 30 år på plattform i Nordsjøen. Der var ho reinhaldsleiar dei fleste åra. – Eg likte meg verkeleg godt i Nordsjøen. Det var travelt, men flott å arbeide der. Mykje godt kameratskap og venskap. Der må ein lære seg å leve tett på andre, ta omsyn og ikkje ryke uklar med folk. Blir det ei konflikt må du rydde opp i den, elles kan du ikkje vere der, rett og slett.

Britt Maret Sunde var 33 år då ho byrja å arbeide i Nordsjøen og hadde tre born heime på Årebrot, den yngste var tre år då ho byrja i Nordsjøturnusen. I starten var det to veker ute og tre veker heime, seinare vart det to veker ute og fire veker heime. Tolv timars arbeidsdag i to veker når ho var på arbeid. I 2017 vart ho langtidssjukmeld og tok tidleg pensjon 63 år gamal. Ho er revmatikar og kunne ikkje arbeide så mykje lenger.

– Mi store frykt då eg slutta i Nordsjøen var å bli sittande i ein stol, gamal og einsam. Eg bestemte meg for å vere aktiv, og no har det teke heilt av, ler ho. Britt Maret er aktiv i  Saniteten i Florø, Flora husflidslag og ho er leiar av Flora revmatikarlag.

– Vi prøver å vere aktive med å få folk ut, gje dei opplevingar, trene i terapibassenget og bli med på ein fast gåtur i veka. Vi har mange medlemmer, men få er aktive. Det må vere opp til den einskilde, men det er kjekt å sjå kor folk blomstrar opp når dei berre kjem seg ut. Han kjem tidsnok den dagen vi vert sittande i ein stol og ikkje kan gjere det vi vil, seier Britt Maret Sunde med ettertrykk.

Tekst og bilete Magni Øvrebotten, 29. oktober 2023  

 

 

 

31. oktober 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-10-31 12:17:232023-11-26 13:04:39Håpar mange kjem på julemessa 25. november
Aktuelt

Julemesse og kafe 25. november

Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200, på Årebrot, er ein stad å kjøpe julegåver laurdag 25. november, frå 13.00-16.00. Då er der julemesse og kafe. Du kan køyre dit sjølv eller ta båt frå Florø kl. 13.00 (båt til Smørhamn), som stoppar på Villevika kl. 13.10, og retur frå Årebrot kl.16.00. Treng du bilskyss til/frå grendahuset let det seg ordne etter avtale, seier primus motor for julemessa Britt Maret Sunde.

Det er ti utstillarar med arbeid i strikk, toving, tegerbinding, quilting, måling på stein og trematerialer, og mat som honning, røykelaks, natronkaker, lefser og fiskebrød. Kanskje endå meir når vi kjem så langt.

Kåre Vedvik tek mot bestilling av røykt laks, til kr. 350 for ei halv lakseside, delt i fire og vakumpakka. Desse må ein bestille direkte hjå Vedvik på mobil 41 32 55 02, for levering på julemessa.

Dagen vert avslutta med eit lite lynlotteri med gevinstar frå julemessa. Inntekta går til Årebrot grendahus.

Desse stiller ut på julemessa på Årebrot 25. november:

Linda Førde, småstrikk
Merethe Langeland, toving/nålefilting
Åsmund Berthelsen, tegerbinding
Bente Årebrot, strikking
Bjørg Kleiven, hobbysløyd
Jackeline Førde, kosedyr og måla stein
Britt Maret Sunde, quilting
Kåre Vedvik, røykt laks
Kari Hauge, honning
Anne-Karin Holm Årebrot, lefser og natronkaker

Her er bilete av litt av det som er til sals på julemessa på Årebrot 25. november:

 

 

 

 

 

24. oktober 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-10-24 19:31:122023-11-05 10:06:39Julemesse og kafe 25. november
Aktuelt, Arkiv

– Ei glede å gje

Det er sjeldan å få slike telefonar som då Tone Aasrud ringde og spurde om Botnane og Årebrot grendalag var interessert i dette kunstverket av Aase Botnmark?

Ho og syskena hadde fått det av ei kunstglad tante og funne ut at kunstnaren kom frå Botnane.

Bronseskulpturen «Møte» får seg ein godt synleg plass i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, der den andre skulpturen grendalaget eig står.

– Det er ei glede å gje denne skulpturen i gåve til grendalaget, og vi håpar han med det kan glede mange, seier Tone Aasrud. 

 

Tone Aasrud og syskena Mette Aasrud og Knut Morten Aasrud har ei tante, Berit Sæthersmoen (f. 1930), i Nittedal, som har vore ein ivrig kunstsamlar. Ho har gjeve dei mellom anna denne skulpturen, som er signert Aase Botnmark. Tone Aasrud googla for å finne ut meir om kunstnaren, og fekk opp artiklar på www.Botnane.no og skjønte at Aase kom frå Botnane. Tone Aasrud har sjølv budd i Florø i 45 år og skriv dette:

– Vi oppdaga at Botnmark kjem frå Botnane og at Botnane og Årebrot grendalag samlar hennar kunst i det gamle skulehuset. Det er ei glede for oss å gi denne bronseskulpturen i gåve til grendalaget, og vi håper at den med dette kan glede mange. Særleg var det kjekt å høyre at skulpturen har foreldra til Aase Botnmark som modellar. Sidan eg har budd i Florø sidan 1978, skal vi også finne eit høve til å besøke Botnane og sjå kunsten til Aase Botnmark.

Ynskjer du å lese meir om Aase Botnmark (1927-2012) kan du gå til stykket «God tur heim, mor» på sida vår for historikk. I samlinga med 22 deponerte skulpturar i skulestova i Botnane grendahus finst også gipsfiguren til «Møte», slik Aase forma han før han vart støypt i bronse.

Nokon av oss har trudd at foreldra hennar, Sanna og Kåre Øvrebotten, var modellar for denne skulpturen. Det meiner også nokon som dei var besteforeldre til. Men brorson til Aase, Steinar Øvrebotn, meiner ho har brukt seg sjølv og mannen Kåre Botnmark som modellar. Han tykkjer han kjenner att andletstrekka, særleg hjå mannen. Vi har forhøyrt oss med eldste sonen til Aase, Wiggo Botnmark, som meiner å hugse at mora let seg inspirere av den legendarisk sketsjen «Ikke sant’a Kal», med skodespelarane Kari Diesen og Alf Nilssen.  Dei spelar uteliggarar som vert jaga frå ein benk i parken. Aase har gjort det gamle paret meir vanlege, slik gamle par ofte såg ut på 1960- og 70-talet, men kven som er modellar får vi aldri sikkert vite. Slik er det ofte med kunstverk, men det er uansett ein vakker skulptur.

Magni Øvrebotten 29. oktober 2023.

11. oktober 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-10-11 19:44:472023-11-05 10:12:04– Ei glede å gje

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • historikk
  • Historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top