Vona er å få skrive ned veghistoria til Botnane og Årebrot, fordelt på fleire artiklar. Det har teke si tid å få veg både i og ut av begge bygdene. Denne artikkelen skreiv Ståle Sørbotten i «Avis for Botnane og Årebrot» i 2006, ei bygdeavis som Jacqueline Mannaart gav ut. Ståle Sørbotten og Magni Øvrebotten har gått gjennom artikkelen på nytt og oppdatert han litt. Vegen rundt Pollen i Botnane rakk i hop 25. august 1956. Dette er Ståle Sørbotten (f.1935) si forteljing om vegen i heimbygda. Han byrja yrkeslivet sitt som flisgut på denne vegen i 1950/51:
Av Ståle Sørbotten
I dag set folk i Nordbotten seg i bil når dei har ærend i Sørbotten. Det same gjer folk i Sørbotten når dei skal i Nordbotten. Slik har det så visst ikkje alltid vore. Går vi omlag 90 år attende i tid var det knapt framkommeleg sjølv til fots mellom gardane. Det var ein gangstig som batt gardane saman. Det var ingen enkel veg, spesielt mellom Nordbotten og Øvrebotten, der Inste- og Yste (ytre) Stegen (Stigen) var ei utriveleg sperre. Yste Stegen måtte ein passere på oppsida, oppe i ura. Inste Stegen kunne ein passere på nokre tripser (smale trinn) i hamrane, men beinføringa måtte vere god for å kome over.

Yste Stegen sett utanfrå. Den var ikkje enkel å ta seg over før der vart skote ut veg på 1930-talet. Vegen har vore utvida her seinare. Foto: Magni Øvrebotten.

Inste Stegen var lettare å passere, men beinføringa måtte vere god også her.
Over Nøre elva låg det frå først av to stokkar over elva, tett utanfor Bruaberget (der det står ei fyrlykt). Seinare vart det lagt på ein stokk til. I steingarden på sørsida av elva syner det kvar opningen var. På slutten av 1930-talet kom det opp ein stokk på utsida, som skulle tene som handtre (rekkverk). Denne brua måtte skuleungane frå nordsida passere frå då skulehuset vart teke i bruk i 1926-27 til det kom veg og bru over elva lenger nede i 1956. Det gjekk likevel godt kor enn vêret var. Eg er likevel rimeleg trygg på at i dag hadde det vorte store foreldreprotestar, dersom dei skulle sende borna ut på denne skulevegen. Når elva var flaumstor brukte læraren å stå i døra i skulehuset for å sjå om vi kom oss velberga over. I ettertid har eg tenkt at om nokon hadde falle i den flaumstore elva, så var det kanskje ikkje så mykje hjelp i at han stod der? Den mest dramatiske historia eg har høyrt om denne bru-passeringa var Oline Øvrebotten (1919-2022) si skildring av då ho som lita skulejente miste eine treskoen sin på den flaumstore elva. Ho vart så fortvila at ho sprang heimatt i Sletten.

Brukaret på nøre sida av Nøre elva. Det syner godt i steingarden på sørsida kvar det er mura att der brua (to stokkar) var.
Skuleungane var ofte våte på føtene
Frå brua gjekk stigen rett oppover marka på bnr. 1 i Øvrebotten (då kalla i Botn) og rett gjennom tunet der. Vidare over Søre elva og ei ny trebru, men ho var breiare enn den nøre brua. Gardbrukarane i Øvrebotten køyrde likevel vadet like ovanfor brua, når dei henta ved eller tømmer frå skogteigane sine på sørsida av elva. Frå brua svinga stien utover Støylen, ut og tvers over myra i Timbrevika, over Skjerven og vidare ut over Skjervelva. Der var det ei lita steinbru. Ho var låg, så var det flaum gjekk vatnet godt over brua. Ungane frå Sørbotten var difor ofte våte på føtene når dei kom på skulen, og sokkane vart turka på den store omnen i skulestova.

Dette er Timbrevika der stien gjekk over Skjerven.

Frå Korsnesvika gjekk stien på oppsida av gravstaden og ut Myrane, medan vegen vart lagt nedanfor gravstaden.
Stigen gjekk så ut i Korsnesvika og vidare ut i Sørbotten ovanfor gravstaden, ovanfor gjerdet i Myrane og ut til innmarka på bnr 3 (Åge Sørbotten). Der i Runnane gjekk stigen gjennom tunet, men på dei andre gardane i Sørbotten gjekk han nedanfor tuna like ut til bnr. 4, på Håjen (Steinar Øvrebotn).

Stien gjekk gjennom tunet i Runnane, men vegen vart bygt nedanfor tunet. (Bilete privat, Astrid Sørbotten)
Dagsløna var kroner 1,50
I 1930-åra vart det sett i gong vegarbeid for å få betre vegforhold over utmarka mellom gardane. Arbeidet vart sett i gong som eit sysselsettingsprogram i ei tid med svært stor arbeidsløyse. Dagløna varierte visstnok frå 1,50 frå først av, til rundt 2,50 på slutten av 1930-talet. Dette var pengar Staten løyvde mot at kommunane skulle løyve like mykje. Bremanger kommune gjorde visstnok det «kunstgrepet» at i staden for å auke dagløna heldt dei ho nede for å få bygt mest mogeleg veg. Dette var haust- og vinterarbeid inntil dei årlege midlane var brukt opp. I desse åra vart det bygt veg mellom innmarka på bnr. 4 (Arve Nøttingnes) i Nordbotten og inn til innmarka på bnr. 2 (Torbjørn Øvrebotten), innanfor Inste stigen. I fjellet, på oppsida av vegen i Yste stigen var årstalet 1939 hogge inn. Då eg gjekk i skulen (1943-1950) var talet tydeleg. Kanskje er det der i dag også om vi ser godt etter? Men det kan også ha gått med i seinare arbeid med vegen.
I Sørbotten vart det bygt veg innover frå innmarksgarden på bnr. 3,(Åge) og til litt forbi Korsnesvika, nesten inn til grensa mot Øvrebotten (midt i stranda, litt innanfor der vi går ned på kaia). Då krigen kom i 1940 var det slutt på vegmidlane. Difor enda vegen på sørsida midt i utmarka.

Midt inne i stranda her stoppa vegarbeidet på sørsida før krigen.
I 1950-åra kom det meir fart i sakene. Straks etter at eg vart konfirmert i 1950 (eller kanskje det var i 1951?), kom Nils Øvrebotten, som var kontaktmann for Vegvesenet, og spurde meg og Harald Hamrebø (vi var jamgamle) om vi kunne vere med vegingeniørane Bruland og Østenstad som flisgutar? Då vart vegtraseen frå der vegen stoppa på sørsida og innover til innmarka i Øvrebotten flisa opp (merka der vegen skulle gå). Arbeidet kom i gang straks etter, hausten 1951. Det arbeidde to lag, eitt lag med folk frå Sørbotten, med Olaf Øvrebotn som leiar, og eitt lag frå Nordbotten, med August Sande som leiar. Dei fekk tildelt kvar sine strekningar etter akkordprinsippet. Det vil seie at det vart sett ein verdi på kvar strekning, og timeløna varierte etter kor lang tid dei brukte på kvar strekning. Nils Øvrebotten var kasserar for anlegget.
Handemakta rådde
Arbeidsutstyret var bor og feisel, slegge, spade og trillebåre. Det vil seie at det var handemakta som rådde. Det vart oppretta ei smie med Jon Øvrebotten som smed. Han hadde gått smedlinja på Heimyrkeskulen på Jølster og var nett komen heim frå militærteneste. Smeden skulle syte for at borane var kvasse til ei kvar tid. Ein kort periode, då Litje Skjerven og Skjerven skulle passerast, leigde laga inn Sverre Seljestokken til å bore. Han hadde skaffa seg boremaskin. Meterprisen var visstnok 11 kroner. Sannsynlegvis ein rimeleg bra pris den gongen. Seinare heldt Vegvesenet boremaskin, men ho måtte veksle mellom vegarbeid i Midtgulen og i Botnane. På slutten av anleggstida kjøpte eldste bror min, Anders Sørbotten, seg boremaskin til bruk i arbeidet. Han var med på arbeidslaget i Nordbotten.
Eit bilete eg har syner at i pinsehelga i 1953 var det brote fram veg inn til Søre elva i Øvrebotten. Eit anna bilete, som Sigrid Øvrebotn Fjellestad tok frå Storehornet, truleg i 1955, syner at det var kome veg over innmarka på dei to gardane i Øvrebotten, men bruene mangla. I eit skriv frå Olav Nordbotten til Vegetaten i oktober 1955, skriv han at vegen mellom dei gamle vegendane no var opparbeidd. Han ber difor Vegetaten om å sette fart i bruarbeidet. Av dette kan vi vel slutte at bruene kom på plass i 1956, skriv Ståle Sørbotten.
Merkedagar i august 1956
Her har vi endå meir sikre opplysingar. Brua over Nøre elva var ferdig støypt 22. august 1956. Det fortalde August Sande til sonen Audun, som vart fødd den dagen. I eit intervju med Kari og Johannes Nordbotten fortalde han at dei gjekk glipp av at Botnane vart bunde saman med veg. Det skjedde 25. august i 1956, same dagen som dei gifta seg i Hellandsbygd i Rogaland. Då var også brua over Søre elva ferdig støypt. Desse bruene heldt til det var totalt nedkøyrde og det vart støypt nye i 2018/19 (dette avsnittet er Magni Øvrebotten ansvarleg for).
Ståle Sørbotten skreiv vidare: I 1957-58 arbeidde arbeidslaga på innmarkene både i Sørbotten og Nordbotten. Johannes Nordbotten (1929-2022), fann i arkivmaterialet sitt oppgjer frå desse åra. Timebetalinga låg på om lag kroner 3,50. Over innmarkene i Sørbotten arbeidde arbeidslaget der, og laget i Nordbotten på nordsida. Kor tid vegen var ferdig opparbeidd frå ende til ende har eg ikkje klårt føre meg. Sannsynlegvis var det først på 1960-talet, for i ettertid dreiv dei med utbetring av førkrigsvegen. Dei dreiv i alle høve med det i 1962-63, skreiv Ståle Sørbotten.

Dei nedkøyrde bruene frå 1956 vart avløyste av mellombels bruer i 2018 før det kom opp nye bruer over Nøre og Søre elva i 2019. Foto: Magni Øvrebotten.
Etterord: Om nokon har fleire opplysingar om bygginga av vegen rundt Pollen i Botnane må de gjerne ta kontakt. Om det finst bilete frå arbeidet med vegen ville det vore storveges. Kontakt: Magni Øvrebotten: magni.ovrebotten@gmail.com
Mobil 970 55201.
Det er også sett i gang arbeid med å fortelje den fyrste veghistoria på Årebrot. Vi ser for oss at det må bli fleire artiklar om dei ulike vegkampane i bygdene våre.
Av Magni Øvrebotten 01.01.2024.

11.12.1993: Ragnvald Sørbotten lyfter opp landgangen til ferja for siste gong. Tida hans som ekspeditør var over den dagen det kom veg frå Sørgulen til Botnane og ferja slutta å gå. Foto: Arne Øvrebotten.
I haugane med papir om kampen for veg til Botnane og Årebrot dukka det opp eit hyllingsdikt til Ragnvald Sørbotten (1924-2014), som mor mi, Sigrid Øvrebotten (1921-2012), skreiv i høve opninga av vegen Sagebø-Botnane 11.12.1993. Same dagen slutta ferja å gå og Ragnvald sitt lange arbeidsliv som ekspeditør på kaia i Botnane var over. I ei utklyppsbok etter mor mi fann eg også ein prolog Knut Gulestø (1930-2008) skreiv til Ragnvald sin 80-årsdag i 2004. I sin generasjon var Sigrid Øvrebotten og Knut Gulestø høvesdiktarane i Botnane. Dei skreiv songar, dikt og prologar til alt frå 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Her har vi to døme, begge om Ragnvald i Posten, som vi kalla han.
Hyllingsdiktet til Ragnvald frå 1993 fortel med ord det same som Sigrid Øvrebotten teikna og vov i dobbeltveven til Ragnvald sin 50-årsdag. Den veven heng no i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, som eit minne om alt-mogeleg-mannen Ragnvald Sørbotten og Botnane i hans tid. Mamma og Ragnvald budde begge på Svelgen omsorgssenter mot slutten av livet. Ein gong vi møttest til kaffi, og snakka om gamle dagar, spurde mamma Ragnvald kva som ville skje med dette teppet når dei begge var ute av tida? Han hadde ikkje tenkt på det, men lyste opp når ho føreslo at det kunne henge i grendahuset, som eit minne om både han og bygdelivet i hans tid. Det var eg som fekk i oppdrag å ordne det.

Dobbeltvev-teppet fortel at Ragnvald hadde posten, køyrde mjølkespann, hadde traktor og hjelpte dei som ikkje hadde. Han fira seg ned i fjellet og løyste sauer som hadde gått seg i skorfeste, han var ekspeditør på kaia og stolpeklatrar når lyset var vekke. Traktorkyndig og nevenyttig til det meste, skar klauvene på kyrne og hjelpte til med vanskelege fødslar i fjøset, for både ku og sau. Når snøen la seg i fonner var det Ragnvald og traktoren som heldt vegen open.
Mor mi var flink til å klyppe ut og lime i bøker når det stod noko i avisene om folk og hendingar herifrå. Difor har eg også Knut Gulestø sin prolog, skriven i høve Ragnvald sin 80-årsdag 28. juli 2004. Knut budde i Gulestøa, nord om Botnane, og var lærar i Botnane frå 1958-74. Han skreiv mengdevis med prologar, songar, kåseri og høvesdikt fram gjennom åra. Mange av dei er samla i boka «Berrføtt i tareskog», som borna hans, med hjelp av Grethe Johnsen, gav ut i 2019.
I sin generasjon var det for det meste Knut Gulestø og Sigrid Øvrebotten som stod for songar og prologar i Botnane til ulike høve, som 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Han tok vare på det han skreiv, ho gjorde det ikkje. Det einaste vi har av det er stykka ho skreiv i Bergens Tidende på 1960- og 70-talet, under dekknamnet «Småbrukarkona fortel». Det gav vi ut i bok i 2010.
Hyllingsdikta dei begge skreiv til Ragvald gjev oss høve til også å presentere ein skrivetradisjon som ikkje har halde seg levande etter dei.

På vegfesten vart Ragnvald (til venstre) takka for innsatsen frå både bygdefolket, Fylkesbaatane og Sunnfjord meieri. Her er det kaptein Jonvald Kjerpeset, på ferja Førdefjord, som har ordet. Foto: Arne Øvrebotten.
Hyllest til Ragnvald
11. desember 1993.
Av Sigrid Øvrebotten
I alle år har vi hatt ein kar
som kunne alt – og hjelpte alle
Var bygdas «sørvis» – alt muleg mann:
Han køyrde mjølka, han bora båten,
han sleit på sekkjer og melde frå.
Han reparerte når straumen for
eller traktoren sto «i sju steinar»!
Og attåt var han postmann og dyrlege!
Ring te`an Ragnvald !
Så mang ein kveld –
gjekk vi og vakta på kalvesjuk ku –
«Her er noko gale, kva gjer vi no?»
Ring te `an Ragnvald!
Der står han i døra kvarteret etter –
skjortearmane opp han bretter:
rotar og finn ein fot og ein snute:
«Hal i og dra!» Og kalven er ute!
«Der gjekk lyset!» Huff, detta var trist!
Ring te`an Ragnvald, han veit det visst.
Før var det alltid Ragnvald sitt yrke:
å klatre i stolpar i helg som i vyrke.
Byta sikringar – slå ut og slå inn –
finna feilen – du store min!
Lenge før Botnane fekk seg ei bryggje
sto han i støa og venta ved naust.
Han bora «Sendingen» i storm og styggje,
og stundom gjekk det på livet laust!
No var vi så vane med å sjå han stå der,
ytterst på kaien – venta på ferja.
«Huff for eit ver – kor går dette her?»
Stormen har auka – storbåra herja
Ferja sig innåt og bakkar opp:
Ragnvald hiv trossa og vinkar «stopp!»
Det knakar og skjelv i kai, båt og last,
og folk pustar letta: ferja er fast!
Takk Ragnvald!
Du skulle hatt største medaljen –
du skulle hatt kongens i gull,
i staden får du ei klokke –
Gjev tida di heretter blir full
av gode dagar med helse –
Så framleis vi ringjer til deg
når noko er skeivt eller gale.
Då veit vi det rettar seg!
Ragnvald var navet i bygda
For dei som ikkje kjende Ragnvald Sørbotten tek eg sjansen på eit lite samandrag av det som ikkje står i dikta. Begge dikta handlar om Ragnvald som sjølve navet i den veglause bygda. Han alle kunne spørje og få ja frå når det trongst. Eg trur gjerne han kom ubedd når han skjønte at det trongst ei hand. Han lærde tidleg at livet kunne røyne på. Ragnvald var ni år og nummer seks i ein syskenflokk på ti som miste mor si, Aletta, i den fæle drukningsulukka i 1934, som kosta tre menneske livet og gjorde 18 born morlause. Han miste seinare fleire sysken i sjukdom og ulukke.
Mot slutten av andre verdskrig låg Ragnvald i dekning i frykt for å bli kalla inn til arbeidsteneste for tyskarane, og i mars 1945 kom han seg saman med 15 andre over til Shetland med redningsskøyta «Johan Brusgaard». På 50-talet tok han over Posten og garden etter faren Magnus og i 1958 gifta han seg med Valborg Ryland (1917-1988), som oftast kalla Valla. Dei var barnekjære og såg oss ungane, og snakka meir med oss enn vaksne vanlegvis gjorde på den tid. Dei hadde ikkje eigne born og det hugsar eg at eg tykte var gale, så glade og blide som Ragnvald og Valborg var. Det må ha vore eit tungt tap for Ragnvald då Valborg døydde i 1988. Men han var ikkje typen som klaga, han sa vel helst lite om korleis han hadde det og kva han meinte og tykte. Kanskje er det sjølve nøkkelen til å bli navet i ei lita bygd?

Ragnvald feira både 70- og 80-årsdagen sin i Botnane grendahus. Dette bilete er frå 70-årsdagen i 1994. Til høgre for Ragnvald på bilete sit naboen hans, Oddny Langø. Til venstre Alisander Aarseth, ein slektning av Ragnvald. Foto: Arne Øvrebotten.
Ragnvald Sørbotten 80 år
Prolog av Knut Gulestø 28. juli 2004.
Det bankar ein båt langs fjæra
med mannskap og not om bord
Ei reise i den gamle verda
etter sild i ein Gulenfjord
Ragnvald var med i laget
til rors og som motormann,
men det var i gamle dagar
som få av oss minnast kan.
Det var i sommarøkta
når graset stod moge på bø`n
ei eng måtte også bli røkta
når kara kom heim frå sjø`n.
Det var ikkje traktor med spakar
og forhaustar, slik som no.
Han Ragnvald var arbeidstakar
med sveitte og blankslipt ljå.
Fødslar i fjøset er oftast å sjå
som eit spennande eventyr,
men stundom kan det om livet stå,
og då vert det mykje til styr.
Veglaus var grenda, og milelang ferd
for å finne ein utdanna mann,
men i gåsauge hadde vi veterinær
i han Ragnvald si hjelpande hand,
Etterkvart kom varer og post til lands,
ting vart betre enn før.
Båten og bua skapte litt glans,
og Ragnvald vart ekspeditør.
Skulle det kome eit drygtungt lass,
så kom det ein tilhengar ned,
og Gråtassen køyrde det tunge på plass
så lett som berre det.
No har tankane fare på flog
og nemnt både land og sjø;
men det står att å nemne ei skuff og ein plog
og vintrar med mykje snø.
Kor tok han krefter og tida i frå,
denne Sørbotten-karen vår?
Det var eitkvart støtt å maksle på
i gjennom det heile år.
Han var ein mann som sjeldan sa nei.
Men ja med eit smil til det meste.
Det er godt å få møte ein slik på vår vei
som han vi i dag får gjeste.
Og merk dykk det er ikkje skryt eg skriv,
men biografisk dokumentar.
Slik var han i heile sitt vaksne liv
den støvande kjekke kar.
Så no kjære Ragnvald, er stunda god
når du er gamal og komen på trygd,
å sei det slik at dei orntleg forsto
kva du var for den heile bygd.
Tillukke med dagen, vi vonar du får
ei framtid som enno vert bra,
og kan vare i mange, mange år.
Du fortenar eit trefald hurra.

