Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

Til fjells og langs Frøysjøen

Skaravatnet som ligg mellom Skuldalsnipa og Solanipa, også kalla Botnanipa.

Tek du stolpejakta i sommar får du ein fin fottur i kupert terreng til fjells, og ein flat og  fin sykkeltur langs Frøysjøvegen.

Det er sett ut 30 stolpar i Skudalen, frå der Skudalselva renn ut i Frøsjøen til Skuldalsnipa  (670 moh) og Sola/ Botnanipa (657 moh). Og 17 stolpar frå Nøre Røysa nord for Botnane og til grensa til Kinn ved gardane i Husefest.

Gå inn på www.stolpejakten.no og finn ut meir. Og last ned appen

Solnedgang ved Frøysjøen.

Stolpejakt går ut på å finne stolpar  som er sett ut på ulike stader i mange kommunar. Stolpejakt er ei form for orientering med bruk av digitalt kart. Du kan registrere besøket både manuelt og digitalt. Last ned app på mobilen og scann QR-koden som du finn på kvar stolpe, eller skriv inn bokstavkoden som også er på alle stolpane.

Stolpejakta er eit gratis tilbod. Og ein tek sikte på å legge til rette for å få med både unge og gamle, inaktive, skuleelevar, syklistar, folk med ulike funjsonshemmingar og rullestolbrukarar. Det er ein fin måte å gjere seg kjent i ulike distrikt og byar.

Til fjells

Botnane og Årebrot grendalag har hatt stolpejakt i to år, med postar både i Botnane (Øvrebotten og Nøre Dalen)  og i Uradalen på Årebrot. I år er det stolpejakt i Skudalen som ligg nord for Botnane, frå Frøysjøvegen der Skudalseleva renn ut i Frøysjøen – og heilt opp til dei to toppane, Skuldalsnipa og Solanipa, også kalla Botnanipa. Her det 30 stolpar. Det er sett ut 17 stolpar langs vegen frå rett nord om Botnane og fram til kommunegrensa til Kinn kommune, nær gardane i Husefest.

I Skudalen går turen oppover til Skuldalsvatnet gjennom flott, gamal furuskog med Skudalselva til venstre. Stolpane er plassert litt ut for stien som stort er  ganske tydeleg og merka. Fint å raste ved det reine og blanke Skudalsvatnet før du tek til å stigninga vidare oppover, fyrst til Knoltren med eit vidt utsyn mot Frøyalandet, Kalvåg og Bremangerlandet, om ikkje skodda har kome inn frå havet og stent utsynet. Etter furuskogen kjem du opp i eit belte med spreidde bjørketre, merka av vinden. Vidare oppgover er det mest lyng og så stein og myrlende. Og det er mykje stein på vegen opp, fyrst til Solanipa og så til Skudalsnipa. Mellom desse to toppane ligg Skaravantet. På veg opp til Skuldalsnipa ser du alle vindturbinane på Guleslettene mot sør. Og her ved Skuldalsnipa og Botnanipa er det planar om fleire vindturbinar. Du treng litt tid for å nå alle. Og ta gjerne ei overnatting i telt ved Skaravatnet. Det ryktast at det er fisk i vatnet.

Sykle eller gå

Medan terrenget i Skudalen er både litt bratt og ulendt er den andre delen av stolpejakta til grendalaget flat, og du kan bruke sykkel eller gå. Ja, du kan nå dei fleste stolpane ved hjelp av rullestol også. Du kan gå på vegen, men du kan også store delar av turen gå i fjæra.Du kan starte i nord ved den fyrste gravrøysa du kjem til i Botnane, Nøre Røysa. Her er det mogleg å parkere.  Du kan også starte i sør ved grensa til Kinn kommune og sykle eller gå nordover. Og du kan starte midt på, der Diktarstien i Botnane startar. Parkering er markert på kartet. På denne delen av stolpejakta får du litt informasjon om plassane der stolpane er plasserte. Og du kjem forbi fire-fem av dei om lag 40 gravrøysane frå bronsealder og jernalder som ligg på denne strekningen. Meir informasjon om dette finn du her

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Bremanger kommune har støtta stolpejakta i 2024.

Tekst og foto:  Åsmund Berthelsen

 

 

12. mai 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-05-12 21:38:162024-05-12 21:38:16Til fjells og langs Frøysjøen
Aktuelt, Arkiv

Ein rustflekk i kulturhistoria

 

Av Fridtjov Urdal, 30. april 2024

Fridtjov Urdal skriv vakkert om historia til maiblomsten og betydninga av den. Etter det stykket kan du lese om då han og Håkon Årebrot skulle selge maiblomstrar på Årebrot ein gong på 1960-talet. Men fyrst «Ein rustflekk i kulturhistoria».

Det hekk ei frålevd, attgløymd gammal kåpe med ein liten rustflekk på venstre slaget. Ein maiblomst hadde ein gong på 1960-talet ste så lenge at den fekk sett rustflekk i det lyse klede. Argeleg sikkert. Den vert ikkje god å få vekk.

Det har ikkje maiblomen vore heller, den har vore her sidan 1909. Det var fyrste gongen den var i sals her til lands. I Sverige hadde det byrja alt i 1907. Beda Hallberg fekk ideen om ei form for hjelp som ikkje berre dei velhavande kunne vere med å yte, men óg dei jamne folkelag. Ei demokratisering av hjelpearbeidet, og slik har det vore.

Her til lands var det hæren hennar Fredrikke Marie Qvam (1843-1938), i Norske kvinners sanitetsforeining, som fann at denne vesle blomen kunne vera eit våpen i striden mot den kvite pesten, Tuberkulosen (tæringa). Den gong kosta visst blomen 10 øre og det hadde mange råd til for ei god sak. Det var dette med dropane og havet. Det som er lite og smått kvar for seg vert stort når det kjem ihop. Det er grunntanken i solidaritetsarbeidet.

Tenkte og visste ho som sette maiblomen i kåpeslaget kva ho gjorde og var ein del av? Er det så nøye då, det var kan hende berre det ein gjorde? Då seljaren kom kjøpte ho nokre stykke så ho hadde til ungane, mannen og seg sjølv. Feste dei på kjøkengardina slik at dei var for hand når mann og ungar skulle kledast på, så dei kunne synast for folk.

Ein regnvåt vårdag vart kåpa hengd bort og blomen gløymd. Men merkje etter maiblomane er mykje meir enn ein rustflekk på slaget. Det er merkje etter dei store børene som folk lyft og bar i hop. Den vesle plastblomen er eit mektig monument.

Å selje maiblomar

Det var visst når dagane og kveldane lengdest ut i april så måtte ein ut å selje maiblomar. Både mor og tante var som dei fleste andre kvinnene i bygda medlem i Saniteten (Norske Kvinners sanitetsforening) og dei selde maiblomar. Ein vart utstyrt med alle naudsynte formaningar; Ikkje gå inn med støvlane på, takke pent, passe på vekslepengane og ikkje ta i dei 5 blomsterbretta (arka) med blomar på, osb.

Salet av maiblomar hadde eit lag til å falle på regndagar, i alle høve er det dei eg hugsar best.  Alt før ein var komen sør  i Vågen var det ei våt rand mellom støvlane og regnfrakken. Kundegrunnlaget var stort sett fast og råd å berekne, i det huset brukte dei kjøpe så mange og der brukte dei kjøpe så. Eit år var vi to som selde, Håkon Årebrot og eg. Kor det kom i stand er eg ikkje sikker på, anten det no var slik at det var avtala på førehand eller det vart avtala då eg kom. Ruta var Vågen, ho Helga var sikker kunde og ville dessutan ha greie på kor det sto til med ho Anna bestemor mi og så fekk vi solbærsaft. Vidare var det over Håjen og ned til dei i Skåra, til Domben og hjå ho Emelia lukta det ATA og alt var urørleg på sin faste plass. Domben var ikkje den beste ein kunne handle med, for han kunne finne på ville undersøkje om læraren hadde lært ein å rekne. Ned i Sundet måtte ein innom Martin og ho Oleana. Det vil seie der kom en ikkje lenger enn til den opne døra, der vart  handelen avgjord; to maiblomar. Men han var ein raus loddkjøpar. Ein skulle ha vore på Urøyna og selt, men då måtte ein i båt. I Vaulen hos Nikken og Aslaug var det livlegare, der var det ho Aslaug som rådde og prata frå døra var opplaten til ho gjekk att. «Å, kan skjøne eg ska ha maiblomster. Såg du ikkje kor fint påskeliljene mine står? Nei, gutungar dei ser no ikkje etter slikt. I Vaulen, hjå Hjalmar og Hilma, skulle dei sjølvsagt ha blomster. Ho Hilma var foreiningsmenneske så det skulle berre mangle. Eg trur det var der det vart avgjort at Håkon og eg skulle gå i Bråte i lag, då kunne vi besøke han Jostein óg.

Men når ein fyrst var to så opna det seg nye vegar. Vi tek færingen og så ror vi bort på Urøyna.  Om det var lov eller ulov kan eg ikkje minnast.  Vi banka på den grøne utedøra og ut kom ho Alma. «Nei, e da de so kjem!» Om foreldra våre visste om kor vi var og om det var noko som sto på? Vi bar fram ærendet og sølvsagt skulle dei ha maiblomster. Vi kom like inni stova der det hekk eit stort bilete av Jesus som stod og banka på ei dør i fylgje med ein flokk sauer. Når vi fyrst var på Urøyna så kunne vi no gå bort til han Oskar  og sjå om han ville ha maiblomster. Vi viste at der hadde det ikkje vore framande inne på årtider, men det var no verdt å prøve. Men Oskaren skulle ikkje ha.

Spørsmålet var no at sidan vi hadde båt, om vi skulle ro sør i Brotet  eller gå. Det vart til at vi gjekk. Ho Bella hadde fått ferten av framandfolk og kom logrande til møte. I Brotet hadde vi ikkje vore så mange gonger, så Josteinen hadde mangt å syne fram. Frå den store slagkeipingen i naustet til helikopter som kunne flyge om ein drog det opp, og bunkar med vekeblad med teikneserien om Lucky Luke. Inger hadde dekka kveldsbordet i det blå kjøkenet og Bella tigga. Vi hadde det så kjekt at vi helt på å gløyme heile ærendet, for tida og timane rann heilt til ho Inger sa at: » No verte dei vel ikkje redde føre dokke?» Vårkvelden var åt og skymest i regntjukka då vi tusla oss nord att over myrane. Det var Håkon om såg det fyrst. Der står folk bort ved steinen i kalvegjerdet. Kven kan det ver? Det var fedrane våre. Det vart nokre alvorsord om tid, stad og klokkeslett.

1. mai 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-05-01 10:30:582024-05-01 10:40:33Ein rustflekk i kulturhistoria

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • historikk
  • Historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top