Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Aldri opplevd ein slik sommar

Rune Nordbotten (58) slår seks gardar i Botnane, men i år er han langt frå ferdig med fyrste slåtten. Det er så mykje væte i jorda at han ikkje kjem utpå med traktor. – Eg har 2,5 månad med fôr av kvalitet, resten er vombafyll, mest berre brukande til ungdyra. Difor har eg alt tinga to trailerlass med fôr. Eg har aldri opplevd ein slik sommar før, seier Nordbotten, som har drive som gardbrukar sidan tidleg på 1990-talet.

Mor hans, Kari Nordbotten (93) er no den einaste attlevande av foreldregenerasjonen vår i Botnane og ho fortel at det var like eins sommaren 1964. Det var uråd å få høyet turt, korkje i hesjar eller på bakken, og vanskeleg å fare ut på bøen med slåredskap. Det året la vinden hesjane flate. I tillegg hadde ho to bleiebarn, som ho ikkje fekk turka bleiene til. Rune var eit halvt år gamal sommaren 1964. Kari minnest den sommaren som eit mareritt.

– Eg burde sikkert bli motlaus, men eg får ikkje gjort så mykje med dette veret. Det er uråd å fare ut på bøen, køyrer eg der no vert det ei blanding av jord og gras, som ikkje er brukande til noko. Og svære dammar etter meg. Veret må snu ein gong…..

Per dags dato har Nordbotten 40 storfe, av dei 19 mjølkekyr. Men når kalvane vert slakta i løpet av hausten er det 30 dyr som skal ha mat gjennom vinteren. – I år har kyrne fått mest stutkalvar og dei vert slakta som kvalitetskalv når dei er 6.-7. mnd gamle. Å slakte, for å kjøpe att dyr og ikkje fylle mjølkekvoten, er dårleg økonomi. Då er det betre å kjøpe fôr, men det løner seg lite å kjøpe fôr til kjøtproduksjon, seier han.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Han prøver å slå litt kveldsmat til dyra langs vegen, der det er turrast. Men spora er tydelege.

 

– Kva kostar to trailerlass med fôr?

– No stig jo alt i pris, så det er litt usikkert. Men ein stad mellom 140.000 og 150.000 kroner. Nettoen forsvinn. Eg får vere glad for at det er eit godt turistår, med godt belegg på utleigehytta. Der er det så nær hundre prosent utleige som det går an å kome.

Sverm av fiskemåsar

– Har du fått slege noko i august i det heile?

– Ja, eg slo litt i månadskifte juli-august, og det var kolsvart etter meg. Det vart ikkje betre då det kom mellom 200 og 300 fiskemåsar, som vi kallar småmåse, og la seg på bøen for å ete makk. Dei kom så tett på traktoren at vengene slo mot ruta i hytta. Dei forfølgde meg rundt traktoren, det har eg aldri vore borti før.

Dette bilete er henta frå Fjesbok-sida til Nordbotten. Han har teke det frå traktorhytta 30. juli.

– Er det ikkje vanleg at måsen legg seg på bøen når du slår?

– Jau, det er vanleg med måse på marka i august. Men ikkje i slike mengder. Dei seinare åra er det berre gråmåse og svartbak som har hekka og halde seg her. Fiskemåsen har vorte bymann og held seg i Florø og Førde, der det er jamnare tilgang på mat folk kastar frå seg.

Berre åtte dagar med opplett

Rune Nordbotten har registrert veret i Botnane i 47 år og har aldri målt så mykje nedbør i juni-august før. Det har snart passert ein meter.

– Frå 10. juni til 12. august har vi hatt berre åtte dagar utan nedbør. Det er uvanleg. Tidlegare har det i same tidsperiode vore 20-25 dagar opplett slik at det går an å slå. Som regel har det brukt å vere ei veke med godver slik at ein får slege.

– Kva er det nærmaste du kan samanlikne denne sommaren med?

– I 2001 registrerte eg mest nedbør i juni-juli-august. Då var det likevel 23 dagar opplett i juni-juli, og medrekna august var det 34 dagar opplett. Så vi har fått vår del av nedbøren sommaren 2022, slår han fast.

– Du snakkar ofte om eit verskilje som ligg ved Botnane. Er det det som har heimsøkt oss denne sommaren?

– Ja, når det ligg høgtrykk sør for oss og lågtrykka ligg ut i havet då vert nedbøren pressa ned her, men trenger ikkje så sterkt innover land. Vi har fått 175 mm til no i august. Til samanlikning har det kome 97 mm i Svelgen, 57 i Davik, 109 på Fureneset og 70 mm i Bergen på dei tolv fyrste dagane i august.

– Har du ikkje for tung traktor når du ikkje kjem deg ut på bøen utan å køyre opp jordet?

– Så vått som det er no er det mest uråd same kva eg brukar av redskap. Det var ikkje råd med den gamle traktoren min heller, som eg brukte før den gjekk sund. Den nyaste traktorane veg fort 6-8 tonn.

 

I Nordbotten er det både nyslegne jorde og bøar der håslåtten burde vore teken.

Nordbotten slår seks gardar i Botnane og har så langt fått slege fire av dei. Han er ferdig på sin eigen gard og nabobruka i Nordbotten. Der skulle han no ha slege håa, men får ikkje gjort det heller på grunn av regn og væte.

– Korleis kan du rekke over dette åleine?

– Nei, når eg får slege er det arbeid frå seks om morgonen til midnatt. Stundom tek eg natta til hjelp også. Eg har yngste dotter vår, Karen, med meg i siloen og prøver å få hjelp til å mjølke, slik at eg slepp det når det står på som verst med slåtten.

Høymolen ser ut som plantefelt

I Øvrebotten ser høymolen ut som ein juletreskog.

Rune Nordbotten slår også dei to gardane i Øvrebotten og der har han ikkje fått byrja. Der ser høymolen ut som brune plantefelt og gjev ein skrekkvisjon om korleis det kan bli sjåande ut den dagen heller ikkje Rune slår lenger. Høymolen likar seg ekstra godt når det er mykje væte.

– Ja, høymolen blir ei større og større plage, og det blir ikkje betre når han får stå og frø seg no når eg ikkje får slege. Den tid alle hadde sauer og kyr som åt han, var det råd å ha kontroll med høymolen.

– Korleis då?

– Vekselbruket mellom sauer og kyr var nyttig. Sauer er gode beitedyr på høymol, dei et alt og gjekk på bøen vår og haust. Dei forseinka høymolen på våren, det er alltid mjukt gras der sauene beitar. Kyrne beita der etter at håa var i hus. Dei åt også den høymolen som ydda opp att. Men no er det lite av dette vekselbruket.

Bøen, den innerste garden i Nordbotten er eit godt døme på ein gamal bø der det var slikt vekselbruk og høymolen ikkje har fått tak. Difor jyllar ikkje Rune der, det spreier berre høymolefrøa, som har passert kyramagane.

– Kvifor sprøytar du ikkje mot høymol?

– Eg gjorde det i Mækja for to år sidan, og i fjor var all høymol vekke der, men i år er han på plass att. Frøa ligg i jorda. I 2020/21 trudde eg at eg fekk litt hjelp av insektet gullsmed, som gjekk på høymolen i svære svermar og åt opp alt det grøne på han. Men heller ikkje det reduserte mengda med høymol.

Hjorten forseinkar slåtten

Rune Nordbotten er gardbrukar i Garden der det er tradisjon for å vere dei fyrste som byrjar å slå i juni. Far hans, Johannes, byrja å slå 10. juni mest same kva som stod på.

– Det går diverre ikkje lenger. 10. juni er det berre ei veke eller to sidan store flokkar med hjort beita på bøen og åt graset nedåt. Då eg byrja som gardbrukar på 1990-talet slo eg garden tre gonger. Det varde til tidleg på 2000-talet, men no er det uråd. No er 18.-20. juni det vanlege, litt avhengig av veret. Det er ideelt å slå frå då og fram til 1. juli. Då får ein beste graset. Og håslått frå 1. august omlag.

– Men i år gjekk ikkje dette?

– Nei, men det må vel bli ei råd slik at eg får slege resten. Men nett no ser det ikkje lyst ut på vermeldinga. Eg håpar ikkje dotter Birthe vert sanndrøymt. Ho drøymde at eg slo i silo julafta!

Intervju og foto Magni Øvrebotten 12.08.2022.

 

 

 

15. august 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-08-15 11:38:462022-10-02 23:21:49Aldri opplevd ein slik sommar
Aktuelt, Arkiv

Svært velluka bygdehelg

Bygdehelga Botnane-Årebrot, 29. til 31. juli, trefte eit par dagar med nokolunde opplett ver, og stundom sol. Det må vi rekne som eit lukketreff denne sommaren. Fredag vart dessutan «kvelden rundt oss signa av dette sommarlyset Vårherre stundom gjev kystfolket til sjelefred og helsebot», for å sitere Helge Johnsen.

Bygdehelga vart opna med konsert i Botnane grendahus fredag kveld. «Viser og slikt» hadde Helge Johnsen kalla programmet. Han hadde med seg Ove Mjåtveit på bass og lydmann Einar Nesbakk sytte for god lyd. Den tidlegare Firda-journalisten Helge Johnsen song både eigne og andre sine tekstar og tonar, og etter tilbakemeldingane å døme fall dei godt i smak hjå publikum. Mange sa dei var glade for at dei hadde teke turen då dei gjekk.

Kari Brun Ågotnes og Asgeir Øvrebotten var vertskap for kvelden og hadde laga god fingermat til dei omlag 30 som kom. Kva oppleving hadde så dei som song og spelte? Helge Johnsen oppsummerer besøket i Botnane slik:

– For meg var besøket i Botnane 29. juli ei oppleving. Eg hadde aldri vore i denne bygda før, og det var med ei viss ærefrykt eg kom med tekstane mine til staden der Jan-Magnus Bruheim i si tid budde og dikta. Her har langt større sko trødd enn mine. Bassist Ove Mjåtveit og eg følte vi fekk ei mottaking som varma, og vi opplevde eit lyttande publikum som tok vel mot songane vi hadde med. I tillegg, vart kvelden rundt oss signa av dette sommarlyset Vårherre stundom gjev kystfolket til sjelefred og helsebot. Takk til dykk alle».

Fottur over Dyreskora

 

 

 

 

 

 

 

 

Laurdag føremiddag møtte ni opp for å vere med turleiar Torbjørn Øvrebotten over Dyreskora, frå Nøre til Søre dalen. Dei var fyrst oppom restane etter hytta i Nøre dalen der det låg motstandsfolk i dekning under krigen. Deretter tok dei seg over elva på Støylen og opp over Dyreskora, med eit flott utsyn over både Nøre vatnet og Botnane. Ingrid Bruflot var med på turen og tok desse bileta og skreiv om turen på Fjesboksida til grendalaget.

Rekordstor fiskekonkurranse

Fiskekonkurransen i Nøre dalen har vorte ein tradisjon i Botnane, med Vetle Aase Øvrebotten som primus motor. I år var det rekordstor deltaking med heile 29 deltakarar, i alle aldrar. Dei konkurrerte i å få den største og den minste fisken, og flest fisk.

Seks år gamle Guro Hole Sørbotten fekk den største fisken på fyrste kastet. Han vog 171 gr. Kvelden før hadde Guro høyrt bestefar Ståle fortelje om den store auren han og onkel Tore, fekk på garn i Nøre vatnet i 2001, på 2,9 kg.

På årets fiskekonkurranse fekk Marie Ullevålseter den minste fisken på 21 gr, og Vegard Følling Slettemark fekk flest fisk, 27 stk.

Godt besøkt lunsjkafe

Dei som kom frå fottur eller skulle på fiskekonkurranse kunne nyte den gode maten på lunsjkafeen til Hannele Turunen i Botnane grendahus. Den var open frå 11.00-15.00. Både bygdefolk og tilreisande la inn ei matstund der.  Hannele servert graskarsuppe med focaccia-brød, smørbrød og diverse kaker. Salet gjekk strykande og folk var veldig positive til den nye menyen. Kor mange som var innom lunsjkafeen laurdag veit vi ikkje, men Hannele hadde ikkje sett så mykje folk sidan ho flytta til Botnane i november! Det vart seldt mat for over 4000 kr. til inntekt for grendalaget.

Overraska over kunsten

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I samband med Bygdehelga nytta vi også høve til å ha omvising i den faste samlinga av skulpturar etter Aase Botnmark (1927-2012), fødd Øvrebotn, på garden Håjen i Botnane. Etterkomarane har deponert vel tjue skulpturar til Bremanger kommune, som no er å sjå i den gamle skulestova i Botnane. Aase Botnmark ynskte at delar av kunsten hennar skulle kome «heim» etter at ho var død.

Bygdehelga var omlag ti personar innom og fekk omvising. Fleire var overraska over å finne slik kvalitetskunst i eit grendahus utanfor alfarveg, av ein kunstnar dei aldri hadde høyrt om. Det var også innom folk frå Sogn og Fjordane kunstmuseum denne helga og såg kunst av ein kunstnar dei ikkje kjende til frå før. Samlinga i Botnane grendahus er den einaste faste utstillinga av kunsten til Aase Botnmark, som budde på Jessheim frå sist på 1960-talet til ho døydde i 2012.

Fottur til Futenipa 

Søndag føremiddag hadde turleiar Håkon Årebrot med seg fem glade vandrarar til fjellet Futenipa på Årebrot, skriv Kirsti Hole på Fjesboksida til grendalaget etterpå. Turen er blå-merka, men det var likevel godt å ha med seg lokalkjende. Kva namnet Futenipa kjem av veit vi ikkje. Lokalt vart ho før ofte omtalt som Futnipa.

Frå Futenipa er det eit vidt utsyn både over Årebrot, fjell og vidde, sjø og land ikring. Bileta har Kirsti Hole og Håkon Årebrot teke.

Diktarstien etter Bruheim

Det møtte opp tre personar som ville vere med meg på omvising på Diktarstien i Botnane søndag. Ekteparet Anne Grete og Arild Vedvik har hytte på Myklebust og hadde gått Diktarstien åleine før. Denne søndagen hadde dei bestemt seg for å få med seg ei guida omvising. Arild Vedvik driv Fjesboksida PoesiRingen der han har lagt ut meir enn 11.000 dikt. https://www.facebook.com/poesiringen/

– God kunnskapsformidling og mykje nytt å høyre, sjølv for oss som trudde vi visste mykje frå før, skriv Magnhild Sørbotten på Fjesboksida til grendalaget. Det er ho som har teke bileta.

Gudsteneste i skulestova

Det var planlagt med utegudsteneste ved diktsøylene på Jørnjorda, men vermeldingane gjorde at gudstenesta kl. 14.00 søndag vart innomhus i den gamle skulestova i Botnane. Det var 16 frammøtte.

– Igjen viste dette lokalet seg å høve godt, prest Dag Leirvik ved talarstolen og Jarle Grotle ved det gamle trøorgelet. Ei passeleg stor forsamling stemte med i dei sommarlege salmane. Takk for frammøte frå fjern og nær», skreiv Elisabeth Ruud Nordbotten på Fjesboka etter preika. Ho tok også bileta.

Basar på Årebrot

Rundt 60 personar kom på basaren på Årebrot grendahus kl. 16.00 søndag. Der styrde Husefest-folket (Ullevålseter-familien som driv Ullevålseter sportsstue i Nordmarka), Ragnhild Nøttingnes, Elisabeth Ruud Nordbotten og Ingrid Seljestokken med mat og servering, og kakebordet vart fylt med hjelp frå kakebakarar i dei to bygdene.

Årebrot sin mest ordhage son, Fridtjov Urdal, var i storform då han kåserte om kva stadnamna i ei bygd som Årebrot fortel om historia vår, at vi i staden for å klage må gjere noko sjølve med det vi vil ha annleis, og kor stas det var som gutunge når det var basar i bygda.

Seks loddbøker hadde vore på omgang og var nær fylte då Sigfred Nøttingnes og Magnhild Sørbotten tok over loddsalet på sjølve basaren, som vart avslutta med loddtrekking av masse gevinstar. Og framleis er mange av dei heimelaga; strikka, hekla, sydde, tova og denne gongen sådde nellikar. Den tradisjonelle babydukka med heimelaga kle var med også i år.

Godt resultat

Botnane og Årebrot grendalag fekk inn omlag 36.400 kr på loddsalet og 2.500 kr på matsalet på basaren. Begge summane er brutto og det er fleire som skal ha dekka utlegg. På konserten fredag kveld og lunsjkafeen laurdag vart det seldt mat for 4.300 kr. Salet av Bruheim-bøker/kort og andre bøker til inntekt for Diktarstien i Botnane – vipps 76 14 42 – gav ei inntekt på 2.345 kr.

14. august 2022/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2022-08-14 10:53:542022-10-02 23:22:28Svært velluka bygdehelg
Aktuelt, Arkiv

Meir Bruheim frå Moldestad

Sommaren 2023 håpar vi at Sigrid Moldestad og Regndropebandet hennar står på scena på Årebrot grendahus med familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr. Ho har sett tone til 14 barnedikt av Jan-Magnus Bruheim og håpar å få laga plate av dei neste år. Det er eit samarbeid med Førdefestivalen, Falturiltufestivalen på Stord og Vossajazz som  har gjort førestillinga mogeleg, som hadde premiere  på Folkemusikkfestivalen i Førde i juli. I dette intervjuet fortel Sigrid Moldestad om forholdet sitt til Bruheim sine barnedikt.

4. august 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-08-04 09:34:102022-10-02 23:22:55Meir Bruheim frå Moldestad
Aktuelt, Arkiv

Hagen forlengar livet

– Dei som driv med hage lever lenger og er friskare enn andre. Det trur eg på, seier Anne-Karin Holm Årebrot bestemt. – Det er mykje god terapi i å arbeide i hagen, legg ho til, og skildrar leande kor godt det gjer å denge laus på ein stein eller hakke i jorda når du er skikkeleg forarga. 

– Desse blomstrane likar ikkje slike regnsomrar som vi har i år, seier Anne-Karin Holm Årebrot, og plukkar vekk det som har visna.

Etter ein  regntung sommar har eg endeleg kome meg på besøk i hagen til Anne-Karin i Vaulen på Årebrot, der ho og mannen Håkon Årebrot bur. Stadig fleire på Årebrot spurde om eg hadde vore der? Den hagen er noko å skrive om, meinte dei. Sjølv synst ho at eg helst burde ha kome i tidsrommet april-juni, når løkplantane og rododendronane blømer. Då er hagen eit syn! Men trass i alt regnet lyser vakre roser, klematis, busknellikar og massevis av stauder mot meg i sterke fargar, fint avstemt mot gråstein og grøne blad og busker. Blomane vitnar om godt stell og mykje arbeid.

Dette bilete har Håkon teke av Anne-Karin i arbeid med rosene. Det er så grunn jord at ho må plante dei i vide tønner for å få skikkeleg vokster på dei.

– Har du alltid vore oppteken av hagearbeid?

– Nei, på ingen måte. Eg trur det er ei sjeldan interesse hjå folk i heilt ung alder. Men eg vaks opp med ei adoptivmor på Furset, i Fjaler og hagen hennar var rekna for å vere fin. Der var det bærtre og prydbusker som sette preg på hagen.

Fyrste hagen i Luxemburg

Det var i Luxemburg Anne-Karin hadde fyrste hagen sin. – Der budde eg i seks år (1986-92), med den dåverande mannen min og dei tre borna våre. Der merka eg ei gryande interesse for å plante til hagen, særleg med busker, blant anna eit mandeltre. Borna mine har vore attende og sett huset vi budde i og fortel at buskene vi planta framleis står der og er frodige.

– Stor skilnad på Luxemburg og Årebrot reknar eg med?

– Ja, men mellom dei to hagane hadde eg hus og stor hage i Florø i mange år. Det var fyrst då eg selde huset der i 2012 at byrja med hagen her som Håkon hadde hus.

Håkon og Anne-Karin har stor glede av hagen og likar å finne ut kva dei kan få til å vekse der.

Dei var begge skilde då dei møttest på dans i Flora samfunnshus i januar 2000. Ho har to døtrer og ein son, han har to søner og ei dotter. I mange år budde dei fast i Florø og brukte huset på Årebrot i helgar og feriar. No har dei ei leilegheit i Florø, men bur mest på Årebrot. Begge er pensjonistar, men ho tek framleis vakter i omsorgstenesta i Florø når dei spør.

– Hagen her har blitt til litt etter litt. Det bles og er verhardt, så det er spennande å sjå kva ein kan få til å vekse her. No er det stauder som står hjarte mitt nærast, og dei plantar eg tettast råd, då er det minst arbeid med dei. Ugraset sleppe ikkje til på same måten som når det er opa mold, forklarar Anne-Karin.

Ingenting å seie på utsikta. Denne kvelden gjekk Christian Radich forbi.

– Er du med på dette hagearbeidet, Håkon?

– Det var ikkje mykje hage her med meg då Anne-Karin kom hit, eg konsentrete meg om å halde husa ved like. Men etter at eg fekk meg gravemaskin flyttar eg stein og planerer, berre ho seie korleis ho vil ha det. Vi brukar mykje naturstein som alt er på tomta, men som må flyttast både hit og dit.

Han er openbert stolt over hagen til kona, men tykkjer han er stor nok no. På ein rundtur i hagen fortel ho levande om at her ynskjer ho seg ein dam, her skal det bli meir bed, fleire stader trengst det ein ny sitteplass for å få nyte nett den nydelege sjøutsikta. Dei har panoramautsikt over hovudskipsleia, og medan eg er der fer Christian Radich forbi.

– Det er ikkje alltid at Håkon er ledig når eg vil ha noko gjort, ler Anne-Kristin. Men etter kvart har det vorte mindre snakk om at eg ikkje må kjøpe meir blomar. Det gjer eg no uansett, for eg vil plante tett, og så er det så spennande å prøve nye sortar.

Til dømes druer i drivhuset, som dei bardunerer fast om vinteren, slik at det ikkje fyk til himmels. Men no modnar det druene der.

Håkon byr på prøvesmaking av druene i drivhuset i Vaulen.

Tang mot sniglar 

Håkon er mest med i samtalen når han kan dele gode råd mot sniglar på grønsakene. Det hjelper å legge tang kring karmane på beda, då slepp ein at gråsnigelen et opp grønsakene. Tang er også godt for bærtrea, ein sekk med tang per tre held dei friske og grøne. Mot lus på rosene hjelper det med neslevatn, så Anne-Karin har brennesle i blomsterbedet for å vere sjølvberga. Nesleblad og vatn skal stå i to veker til det luktar kloakk før ein blandar det ut i vatn og tek luseangrepet, raskt og effektivt.

Dei ynskjer å bruke minst mogeleg med kunstgjødsel og har funne løysinga i sokalla Bokashi-kompost. Dei samlar matavfallet i små plastbøtter, strør på sukkerhaldige frø og let det stå i to veker og gjære, også kalla fermertering. – Sniglar likar ikkje fermertert materiale, men makk og padder er det mykje av i komposten etter denne nedbrytingsprosessen. Og frå plastbøttene med matavfall tappar Anne-Karin vatn og brukar som gjødsel på plantane, fortel Håkon entusiastisk.

– Korleis reddar de hagen frå å bli oppeten av hjort?

– Straumgjerde, seier Håkon kontant. Han har sett opp eit høgt sauegjerde med eit straumførande kvit band/streng ca. 50 cm over på toppen. – Du merkar at du er borti det, seier han. – Det er vår og haust det er viktigast å ha straumen på. Det verkar som om hjorten har lært at her er det ikkje vits i å hoppe gjerde. Hadde vi ikkje hatt det gjerde hadde vi  berre hatt rododendron og påskeliljer, for det et ikkje hjorten, seier Anne-Karin Holm Årebrot.

Ingenting kan måle seg med våren og forsommaren i hagen, meiner Anne-Karin, og dette bilete syner kva ho snakkar om då. Privat foto.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 1. august 2022.

 

 

4. august 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-08-04 08:36:402022-10-02 23:23:47Hagen forlengar livet

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top