Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

Familien Uren ber inn til haustfest

 

– Motivasjonen min for å be inn til haustfest er å bli meir kjend med folk og kanskje få fleire med på å dyrke grønsaker. Hjorten åt opp dei fyrste graskara eg sådde, så eg får neppe fram nye tidsnok til å delta i konkurransen om det største graskaret dyrka på strekninga Årebrot-Myklebustkrysset, seier Siren Uren. Ho trur ho må kjøpe graskar for å lage graskarsuppe til haustfesten.

– Men du må ikkje framstille meg som nokon ekspert i grønsakdyrking. Eg har vore god på poteter, men er helst for nybyrjar å rekne med grønsaker. I år har dei sådd seg sjølve, og så lenge eg ikkje har gjerda inn åkeren er det hjorten som har mest glede av grønsakene.

– Har det meldt seg nokon graskardyrkarar?

– Ja, det har meldt seg eit par stykke så langt og eg håpar det kan bli fleire. Men folk må sjølvsagt kome sjølv om dei ikkje dyrkar graskar. Det er mest ein gimmik for å få fokus på dyrking av grønsaker. Vi prøvde oss på å arrangere haustfest i fjor også, men då avlyste vi på grunn av lita påmelding, seier Siren Uren, som håpar på betre oppslutning i år. Ho har med seg dottera Sofie og barnebarnet Oliva på tiltaket. Dei bur i Bergen. Haustfesten skal vere på Årebrot grendahus, laurdag 19. oktober, kl. 16.00.

Fristen for å melde seg på, med og utan graskar, er no laurdag 12. oktober. Påmelding til Siren Uren sin mobil 482 14 990, eller e-post:urensiren@gmail.com

23. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-23 08:49:542024-10-08 11:56:50Familien Uren ber inn til haustfest
Aktuelt, Arkiv

Mange idear for Midtbø økogård

– Vi trivst veldig godt med sauene og arbeider med å finne ut kva meir vi kan få til av dei, utover kjøt, skinn og ull. Det handlar mest om kva meir vi kan bruke ulla til, seier ei oppglødd Heidi Yttrehus. – Vi manglar ikkje idear!
Heidi og mora Hannele Turunen kjøpte det vesle sauebruket i Botnane for tre år sidan. Dei delte draumen om å drive ein økologisk gard med sauer, der dei kunne dyrke rein mat og syne at også små bruk er viktige i den store samanhengen. Garden dei kom til var den einaste i bygda utan særnamn, men i matrikkelen stod det Midtbø, difor vart merkenamnet Midtbø økogård.

 

Midtbø økogård med fjellet Opnaren bak. Foto; Hannele Turunen.  

Dei hadde inga tilknyting til Botnane, men farfar til Heidi kom frå Ytrehus i Bremanger, og Heidi og familien hadde vore mykje der om somrane då ho var lita. Garden i Botnane vart kjøpt fordi han passa i storleik, det fylgde med sauer og dei slapp gjere mykje med husa. Men på ein av dei fyrste søndagskafeane etter at dei flytta hit i 2021, kom Ingrid Bruflot bort til Heidi og sa: «Vi er i slekt». Ja, ja, tenkte Heidi, i Bremanger er vi kanskje i slekt alle.

– Men eg fekk litt gåsehud då Ingrid kunne fortelje at tippoldemor mi, Amalie Sørbotten, var syster til hennar mormor, Anna Sørbotten. Dei vaks opp på denne garden og Anna tok over den. Ho gifta seg med Anders Sørbotten, medan storesystra Amalie gifta seg med Ola Birkelid og flytta til Birkelia, utanfor Svelgen. Dei fekk dottera Borghild, som gifta seg med Alf Ytrehus, dei fekk bestefar min, Asgeir, og eg er dotter til son hans, Bjarte!

– Ja, kva var oddsen for at Heidi skulle hamne akkurat her? På garden der tippoldemora hennar vaks opp? Heidi kunne ha kjøpt seg gard kvar som helst i landet. Snakk om artig samantreff, seier Hannele Turunen. Ho har nyleg flytta inn i leilegheita i grendahuset i Botnane. Ikkje fordi ho og dottera har roke uklar, men fordi det er på veg inn ein svigerson og Hannele meiner ungfolket skal ha bustadhuset på garden for seg sjølv. Men ho vert framleis med i stellet av sauene, og utviklinga og arbeidet med salsprodukt av dei. Meir om svigersonen seinare.

Sauene er av rasen gamal norsk spelsau og går ute heile året. Men når lamma er små beitar dei nær husa heime, og får gjerne litt ekstra med kos. Her med Hannele.

Rein mat er viktig

– Kvifor er det viktig for dykk å drive ein økologisk gard, Heidi?

– Rein mat er det viktigaste. Det bryr vi oss mykje om og vi vil vere med å ta ansvar for at rein mat finst. Like eins sjølvberging. Det er lett å peike på at andre har ansvar og la vere å ta noko ansvar sjølv. På ein plass som her kan vi ha dyr på ein god måte, utan at det treng å øydelegge for naturen rundt. Vi treng ikkje tilføre så mykje innsatsmidlar utanfrå, og det er motiverande å sjå kor mykje vi kan få til med det vi har. Det er moro å få gode tilbakemeldingar om kvaliteten på kjøtet frå både slakteriet og Debio, der vi er medlem.

Garden er sertifisert som økogard gjennom Debio (medlemsorg. som kontrollerer og merkar økologisk landbruksproduksjon).  Ein gong i året kjem det kontrollørar derifrå og sjekkar at dei driv etter deira standardar. Dei sjekkar forholda i fjøset og på garden, om dyra er friske og i godt hald, og gardbrukarane må dokumentere alt kjøp og sal, osv. – Det er eit strengt regelverk der alt frå mineralsteinen til det minste grasstrå skal vere dokumentert utan sprøytemiddel og giftstoff, fortel Heidi.

Hannele samlar inn turrhøy. Dei både hesjar og turkar høy på bakken. Væren Toffi poserer med damene og grønsaker og bær veks godt. 

I starten ba dei om og fekk råd frå landbruksrådgjevinga om korleis dei kunne pleie enga best mogeleg. Det kom rådgjevarar som tok jordprøver og gav tips om forbetringar. – Vi prøver å halde ved like det som vert kalla «langvarig slåtteeng», der vi ikkje forstyrrar jorda, men samstundes er det viktig å slå graset. Vi kan få vekk vekstar vi ikkje vil ha der med å endre litt på beitestilen. Artig å sjå kva anna vi kan gjere enn å gjødsle og pløye, seier Heidi Yttrehus.

Hannele trur folk kan har lurt litt på kva dei driv på med når dei i mai spring rundt og stadig flytter på både gjerda, sauene og lamma. Det er det som heiter «målretta beiting», men ho overlet til dottera å forklare kva det er.

– Ja, det ser kanskje litt rart ut og vi var spente på korleis sauene ville reagere. Men vi flyttar altså rundt på sauene, let dei beite ein til to dagar på eit forholdsvis lite område, før vi flyttar gjerde og let dei beite på eit nytt område. Det er sokalla «regenerativ beitepraksis», som er å forbetre eit beiteområde. I staden for å ha dyra gåande over eit stort område over tid, og beite det ned, har vi dei på eit mindre område, der dei ikkje er lenge nok til å beite det ned. På den måten held vi nede dei uynskte plantane og fremjar veksten.

– Betyr det at graset veks raskare med kort beiting?

– Ja, med intensiv og kort beiting skyt graset meir fart, medan det tek lenger tid for graset å kome att når det har vore beita lenge på området. Det har vore skikkeleg kjekt å eksprimentere med beiting kort/lengre tid, og sjå med eigne auge at kvaliteten på graset er best der sauene har gått kortast tid, versus lengre beitetid eller inga beiting i det heile.

Saueflokken under flytting i Myrane.

Dei små bruka er viktige

Per dags dato har dei 57 sauer, medrekna lamma. Men talet skal ned att til 27 vinterfora sauer. Det er andre året at dei driv med målretta beiting og Hannele er imponert over kor samarbeidsvillige sauene har vore. – Når eg kjem ut til dei er det akkurat som dei lurer på kvar skal vi no? Dei har vore med på leiken og likar å kome til eit nytt område. Det er kjekt å sjå at det vert meir gras og blomar, og mindre med ugras, der dei beitar.

– Det er praktisk å drive med dette på bøane kring oss her i Sørbotten når sauene nettopp har lamma, før vi slepper dei sør i stranda, der dei går på beite elles. Det opne kyst- og kulturlandskapet der er rekna for truga. Det er både plantar og innsekter som er avhengige av at den typen natur vert halden ved like. Det er skikkeleg motiverande å ha beitedyr der, elles tek einer, tre og buskas over. På det viset medverkar sauene våre til å halde kulturminne som gravrøysene godt synlege, og det tykkjer vi er litt stas å hjelpe til med, seier Heidi.

Mor og dotter brenn også for å halde i hev dei små bruka. – Verda treng dei små bruka, ikkje berre dei store. Ikkje minst no når det vert meir merksemd og alvor kring sjølvberging av mat er det viktig med dei små bruka. Det trengst minimalt med innsatsmidlar for å få til dømes kvalitetskjøt og kvalitetsgrønsaker ut av eit lite bruk som det vi har. Det er arbeidsinnsatsen det kjem an på, seier Heidi Yttrehus.

Saueskinn, karda ull og ferdig spunnen tråd.  

– Tidsoptimismen er ein sjukdom her i huset

Både mor og dotter er nevenyttige og dyktige handverkarar og opptekne av å halde ved like tradisjonshandverk og å lære seg nytt. Dei prøver seg fram med kva produkt dei kan få ut av saueulla og skinna. Nett no arbeider dei med å få ferdige nokre ullfellar. Dei er tova og sydde for hand, og kan brukast som teppe eller sitteunderlag. – Når vi skal lage ullfellar må vi klyppe sauen på rett tidspunkt, i mai/juni. Helst må vi klyppe slik at vi får av heile fellen på sauen i eitt stykke. Klypper vi for seint vert kvaliteten for dårleg. Så sorterer vi ulla i tel (underull) og tog (overull), rensar vekk rusk og kastar skiten ull. Vi syr til for hand, tek vare på den finaste ulla, kardar ho og legg ho inni fellen for toving, fortel Heidi.

– Det er veldig fint arbeid for turre fingertuppar om hausten. Vi får mjuke hender av lanolinen i saueulla, ler Hannele. Det er kjekt arbeid, men store fellar kan vere tunge å arbeide med.

 

Heidi syner ein ullfell under arbeid. Foto: Magni Øvrebotten.

– Kva kostar ein ullfell med så mykje arbeid bak?

– Kvar ullfell må koste 3-4000 kroner om vi skal ha noko att for det. Dette er handverk, alt er gjort for hand og utan kjemikaliar. Ein ullfell varer i årtider om ein tek skikkeleg vare på han, seier Heidi. Dei tenkjer heile tida på utvikling av nye produkt, til dømes vestar. I år har dei for fyrste gong klypt lam og spunne ulla til handlaga lammullsgarn. Det vart veldig fint ullgarn. – Vi prøver oss fram og har det gøy med det, forsikrar Heidi.

– Eg trur vi ser på dyra på ein annan måte etter at vi byrja med ullfellar. «Fin ull du har!», kan eg tenkje når eg ser på eit lam eller ein sau, fortel Hannele. – Ja, den vesten der kunne eg tenkje meg», vedgår Heidi å ha tenkt. Dei treng ikkje slakte dyret for å bruke ulla heller. No arbeider dei med å få ferdige ullfellane til sauene Elly og Snefrid, for levering til nokon som har tinga.

– Vi har ikkje akkurat lite idear, det skortar heller på tid og energi til å sette dei ut i livet. «Tidsoptimismen» er nesten ein sjukdom her i huset, meiner Heidi, som sjølv er fødselslege i 100 prosent stilling ved sjukehuset i Førde. I vår- og sommarhalvåret  dagpendlar ho Botnane-Førde, men når det blir haust og vinter overnattar ho hjå ein kollega. Når Heidi er i Førde på jobb har Hannele hatt ansvaret for gardsdrifta åleine. Men så dukka det opp ein kar frå Sør-Afrika, som no er 90 dagar der og 90 dagar i Botnane, medan han ventar på opphaldsløyve.

Frå Cape Town til Botnane
James Harris heiter han, og Heidi møtte han på reise i Thailand i 2014. Då budde han der. Dei var kjærastar nokre år før dei skilde lag, men heldt kontakt som vener. I 2022 tok dei opptatt tråden då han kom til Norge for fyrste gong. No planlegg dei bryllaup i juni neste år og håpar han får opphaldsløyve så fort som mogeleg.

 

Heidi Yttrehus og James Harris. 

– Han har vore her sopass mykje no, at han veit kva han går til. Det er sjølvsagt ein stor overgang frå utkanten av Cape Town til Botnane, men han gler seg til å lande her. Han prøver å lære seg norsk og forstår no meir enn eg trur. James er veldig kreativ og likar å arbeide med mykje forskjellig, så han passar godt inn i prosjektet vårt. Det er han og eg som har klypt sauene denne våren, fortel Heidi. I Sør-Afrika har han vore deleigar i ein kaffibar-kjede, arbeidd som web-designar og med nettsal. Der har han stor kjøkkenhage, med høner og to hundar. – Sauer, hesjing og slåttearbeid er nytt for han, som så mykje anna. Men det var det også for meg då eg kom til Botnane. Vi satsar på kvarandre og trur det skal gå fint, seier Heidi Yttrehus.

Tekst: Magni Øvrebotten 10.08.2024.

Foto: Flesteparten av bileta er private.

14. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-14 22:51:382024-08-16 21:50:08Mange idear for Midtbø økogård
Ukategorisert

Om depotøvinga 5.september

 

Øvelseplan for depoter 2024

 

 

9. august 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-08-09 10:12:522024-08-09 10:12:52Om depotøvinga 5.september
Aktuelt, Arkiv

Ny hamn og gjestebrygge på Piren

Det gamle naustet frå slutten av 1890-talet ligg no midt mellom to flytebrygger på tolv meter. Omlag der Rune Nordbotten står skal det opp eit nytt naust med plass til båtar og sørvisrom for turistar.

Om du har vore i Botnane det siste halvanna året har du kanskje lurt på kva som går føre seg i fjøra på garden til Rune Nordbotten? Saman med gravemaskinkøyrar Ronny Brandsøy har Rune bygt ei ny hamn, der det er plass til åtte mindre båtar. Ved den gamle kaia Piren skal det vere gjestebrygge for to båtar sommarstid.

– Heilt sidan eg tok over garden 1991 har eg tenkt på å få til betre hamneforhold her. Både synna- og vestavinden tek hardt på Piren, og mang ei styggeversnatt har eg måtta opp for å sjå etter båten. Det same gjorde far min, seier Rune Nordbotten.

No er det tidkrevjande arbeidet i sjøen ferdig. Det er uråd med samanhengande arbeid når du skal rette deg etter flo og fjøre. – Det store fjøra var alltid der når eg skulle i fjøsen, så kyrne mine har måtta lære seg fleksitid, seier Rune. Det er til saman mura over 100 meter med mur i hamna, pluss ein halvhøg mur på steinfyllinga inn mot Øvrebotten. Mellom dei to murane i innløpet til hamna er det ein avstand på 25 meter, og det er lagt ut to flytebrygger på 12 meter. Ved dei er det plass til totalt åtte båtar og to plassar er leigde ut fast. Gamlekaia Piren skal han bruke til forskaling og støype 30 centimeter oppå, slik at kaia kjem over flodmålet. Der vert det gjestebrygge for to båtar sommarstid.

 

Det er lagt ut to slike flytebrygger på 12 meter og det er 25 meter mellom dei to murane som omkransar den nye hamna.

Den nye båthamnen sette frå den nordre muren. Her det plass til åtte mindre båtar.

Viktig å bruke lokale fagfolk

Kva det har kosta vil ikkje Rune Nordbotten snakke om, men det har kosta mykje, både tid, pengar og arbeid, let han om. – Men eg hadde ikkje hatt råd til dette om her ikkje var fagfolk å bruke lokalt. Ronny (Brandsøy) bur på Årebrot og har maskiner der, dermed slepp eg å betale for lang arbeidsreise og transport av eigna maskiner. Ronny er ein flink fyr og vi har samarbeidd om muringa. Han har understreka at det er eg som er sjefen og bestemmer kvar steinane skal ligge, seier Rune og fortel at han har samla på eigna stein sidan 1991. Då var det ein annan lokal gravemaskinkøyrar, Øystein Faye (no pensjonist), som dyrka jord og bygde veg for han, og byrja legge til sides større steinar til hamneføremålet. Rune Nordbotten er oppteken av at det er viktig å bruke dei fagfolka vi har lokalt.

I arbeidet med få på plass ein landgang frå ei av flytebryggene skada Rune sist veke venstre handa. Ho kom i klem mot gravemaskina og det vart brot i tre fingrar og ein vart klemstra.  – Eg var litt uoppmerksam, skulle skunde meg og få det gjort før eg skulle i fjøsen. Slikt er fort gjort, men eg vil understreke at det var mitt ansvar. Det tek seks veker før beina er grodde og så må eg trene mykje for å få fingrane i vigør att, konstaterer Rune Nordbotten.

No er det arbeidet med å jamne ut området på land som står att og det skal opp eit nytt naust, i tillegg til det gamle frå slutten av 1890-talet. – Vi treng eit naust vi kan ha båtane i vinterstid. Naustet vil også innehalde sørvisrom for turistane våre, til sløying, stell og frysing av fisk. Og når vi fyrste byggjer vert det og eit kjølerom for opphenging av hjort.

Dette er badetrappa til jentene mine, seier Rune Nordbotten. Ho er alt teken i bruk, fortel han og siktar til kona Elisabeth og døtrene Bolette, Birthe og Karen. I tillegg har det nyleg kome til gards to barnebarn, som sikkert også får glede av trappa.

– Molbupolitikk å ville ha vekk turistfiske

Opphavleg var det for å få ei trygg hamn for båtane sine at Rune ville bygge småbåthamn ved Piren. Men etter at han byrja med turisme ser han også nytten av å legge til rette for turistane. Han har ei utleigehytte som stort sett er leigd vekk til tyskarar frå 1. mai til ut september. Per no er ti veker alt leigde ut for sommaren 2025.

– Skal vi ha pengar av turistane må vi også legge til rette for dei. Dei som vil ha vekk turistfiske, at kvar turist kan ta med seg heim 18 kg fisk, driv molbupolitikk. Det vil øydelegge mykje for turistnæringa. Eg har ektepar her som reiser rundt fordi dei likar å fiske, og dei kjem att, år etter år. Om det vert redusert fiske vil færre kome. Dei som kjem for å drive tjuvfiske vil kome uansett, meiner Rune Nordbotten. Då han bygde utleigehytta si i 2005/06 var ho ikkje tenkt berre for turistar, men også for familie og avløysarar. I avtalen med det tyske firmaet han samarbeider med har Rune sikra seg at at han kan «låse hytta» til eige bruk når som helst i sesongen, og for kor mange dagar/veker han ynskjer.

I mai i år flytta eldste dottera på garden, Bolette Nordbotten Espedal, heim med familie.  Svigerson Fredrik Espedal seier han ser lyst på at svigerfaren legg til rette for turisme. Kva det kan bli til veit ikkje Rune enno, det får tida vise. – Fyrst må vi få gjort ferdig hamna her, seier han, og ser utover mykje stein som skal flyttast på før hamna på Piren er ferdig. Men det er lettare å få arbeidet gjort på land enn når ein skal rette seg etter flo og fjøre.

Den gamle kaia på Piren blir forskaling til ei 30 cm høgare, støypt kai, der det sommarstid skal bli gjestebrygge for to båtar. 

Det er framleis att ein god del arbeid før anlegget er ferdig, men no er det arbeid på land. 

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 28. juli 2024.

–

 

1. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-01 10:32:372024-08-01 10:32:37Ny hamn og gjestebrygge på Piren

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top