Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Om medlemskontingent og arbeidet i grendalaget

30.3.20-Medlemskontingent-2020Last ned

30.mars 2020

Til medlemmene i Botnane og Årebrot grendalag

Det er tid for å betale kontingenten for 2020. Som i 2019 kostar det 150 kr for personar over 18 år. For dei mellom sju og 18 år kostar det 50 kr. 

De kan betale til bankkonto 3775.65.59177 eller bruke Vipps 501465. Skriv på innbetalinga at det gjeld kontingent for 2020! 

Send oss ei melding også med opplysningar om e-postadresse, slik at vi kan sende informasjon og meldingar direkte til dykk! Send e-post eller tekstmelding til:

asmund.berthelsen@icloud.com eller 93237073.

Grendalaget har eit aktivt år bak seg, med mange tilskipingar og tiltak. Og vi arbeider med å påverke i fleire saker som gjeld båe bygdene.

Vi har også omfattande planar for 2020, men koronasituasjonen stoppar også oss. Difor vert det ikkje søndagskafear eller andre fellesarrangement før det vert lempa på tiltaka som er sett i verk. 

Men vi arbeider på med ein del tiltak og prosjekt som ikkje krev at folk samlast. Arbeidet med å tilrettelegge for at folk skal sjå og verte informert om gravrøysane i Botnane held fram. Og vi har tinga nye ytterdører til grendahuset i Botnane. Vi skal også tinge nye utebord og benkar til grendahuset på Årebrot. Der skal vi rydde vekk gamle og øydelagde leikeapparat og benkar. 

Vi står på for å få skikkeleg breiband og mobildekning og for å få både rusta opp Frøysjøvegen der det trengst, og  å få redusert fartsgrensa gjennom Botnane. Gatelys i Sørbotten står også på programmet. På årsmøte kom det fram iide om at ein bør vurdere å bruke ledlys og solceller.

Og så håpar vi altså at dei arrangementa vi planlegg også kan gjennomførast, både søndagskafeane, 17.mai, jonsokfeiring, sommarbasaren, fiskekonkurranse, hjortefest og kanhende også ein julemarknad. Vi er også med på ein felles strandryddeaksjon, men veit endå ikkje korleis den skal gjennomførast.

Få gjerne med dykk fleire som medlemmer i grendalaget. Pr. i dag er vi mellom 50 og 60 medlemmer som bur i dei to bygdene eller har tilknyting til ei eller båe bygdene. 

Beste helsing

Åsmund Berthelsen

(leiar i styret)

Mobil: 93237073

E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

30. mars 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-03-30 17:56:462020-03-30 17:56:47Om medlemskontingent og arbeidet i grendalaget
Historikk

Sjukekorga i Botnane

På loftet i grendahuset i Botnane har ei gamal sjukekorg stått bortgøymd og ubrukt i mange år. Kvar gong det vart rydda der var spørsmålet om ho skulle brennast eller bli ståande. Hausten 2017 fekk Kystmuseet i Florø korga. Halmmadrassa med jutetrekk var borte, men bekkenet i aluminium og ein tisseflaske i glas fylgde med. Kystmuseet hadde ikkje ei slik sjukekorg og den er også ein del av historia vår.


Oline Øvrebotten (fødd 1919) er den eldste i Botnane som kan fortelje noko om når dei fekk sjukekorg i bygda. Oline er sikker på at dei ikkje hadde ho i 1951, då ho sjølv var sjuk og vart boren ned til båten på ei jarnseng. Då hugsar ho at «karane i Posten» (Håkon Sørbotten, med fl.) sa at dei gav ikkje ei krone meir til ulike føremål før det vart kjøpt ei sjukekorg til bruk i bygda. Den tid var det ikkje eiga sanitetsforeining i Botnane, men Oline og nokre andre yngre kvinner var med i Saniteten i Kalvåg. Ho har eit vagt minne om at innkjøpet av sjukekorg kanskje var noko dei fekk til i samarbeid med dei.

Uhygge med sjukekorga

Sjølv minnest eg ei sterk kjensle av uhygge med den sjukekorga. Ho var mykje inn og ut hjå oss på Flåten dei siste 6-7 åra bestefar min, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) levde. Han var mykje sjuk og når dei kom med den korga betydde det at han måtte på sjukehuset. Han var lam og sengeliggande dei fem siste åra han levde. Besta, Magna Øvrebotten (1900-1992), stelte han heime. Men kvar gong han fekk eit nytt slagtilfelle måtte han på sjukehuset og eg var redd han skulle døy.

Den 8. september 1967 døydde Bestefar. Eg var 13 år og hadde vore i Korsnesvika og henta posten og mjølkespanna. Synet som møtte meg då eg kom inn att i krysset på nabogarden sit som eit måleri i minnet. Det kunne vore måla av både Eirik Wærenskjold og Nikolai Astrup, men det finst berre på netthinna mi. For der for dei berande med han Bestefar i sjukekorga utover bøen, rett utanfor Bruaberget. Det sokk i meg og eg byrja grine, men trilla heim med mjølkevogna. Sette ho ikkje frå meg og sprang ned til sjukebåtskyssen M/S Harald som låg i Inste Stegen og venta. Ungar gjorde ikkje slikt den gongen.
Dei som bar må ha vore far min Arne (1923-2017), syster hans Oddbjørg (f.1928), Besta og doktaren. Det må ha vore tungt på alle vis. Faster Oddbjørg fortel at Besta ba doktaren om å la vere å sende Bestefar på sjukehuset den gongen. Ho ville at han skulle få døy heime i si eiga seng. Men doktaren var ung og urøynd, og veldig stressa, minnest Oddbjørg. Han ville ha den sjuke, gamle mannen på sjukehuset i Florø, sjølv om familien trudde han kom til å døy før dei kom så langt.

Bannande doktar
Det er eit godt stykke å gå frå huset heime til sjøen. Dei må ha hatt fleire kvilepausar. Då dei sette frå seg korga på berget i Inste Stegen, før ho vart løfta ombord i båten, skjønte også doktaren kva veg det bar. – Han sto der bøygd over han far og banna høgt og inderleg. Det var forferdeleg å høyre på, seier Oddbjørg stille når eg ber henne fortelje om det i dag. Men Bestefar var ikkje død enno, så det bar ombord i båten og Besta vart med han. Eg hugsar at pappa og faster kom gåande innover Myrane, og vi såg M/S Harald fare utover Pollen og runda neset på veg sørover. Det var ein stille og vakker haustdag.

Men det tok ikkje lange tida før M/S Harald kom til syne att, med kurs innover Pollen, og med flagget på halv stang. På den måten vart heile bygda varsla om at han Bestefar var død.

Botnane 20.01.2020.
Magni Øvrebotten

15. mars 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-03-15 12:04:172020-03-19 11:15:52Sjukekorga i Botnane
Ukategorisert

Styret i BÅG 2020-21

Les meir
8. mars 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-03-08 13:55:272021-12-06 17:23:40Styret i BÅG 2020-21
Aktuelt, Ukategorisert

Årsmelding for Botnane og Årebrot grendalag 2019


Melding om arbeidet i perioden 9.3.2019 til 7.3.2020

7. mars 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-03-07 00:17:582020-03-07 00:33:07Årsmelding for Botnane og Årebrot grendalag 2019

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top