Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Arkiv, Historikk

Då Gud peikte på ho Karnils Helina

Av Fridtjov Urdal

Ho Anna på Kviene fortalde mykje og ofte frå sin barndom og var på det viset ein munnleg tradisjonsberar. Mangt vart fortalt fleire gonger med små variasjonar. Så òg her. Hendinga må ha gått føre seg ein gong på byrjinga av 1880-talet:

Farmor til Fridtjov vart kalla Anna på Kviene, og det er henne han har denne historia etter. Anna Lovisa Korneliusdotter levde frå 1872 til 1969, og var gift Iversen.

«Det var ein dag seint i adventa at ho mor og eg stod attmed glasa og såg at det kom ein splintebåt roande. Det var berre ho mor, han Nils og eg heime då. Han far va vekke på fiskje, men va ventande.
« Å, sjå dissa stakkars krypane så fere her roande, men Gud gje dei ikkje teke land her hjå oss», sa ho mor. Men da gjorde dei sakte. Dei va fire stykkje ikkje rettare eg minnest, mann og kåne og to unga, nokolunde jamgamle med han Nils og eg. Dei spurde om å få vere her og liggje i høya. Dar va da råd å halde heten. Dei hadde frose. Det var ei skikkeleg kulderid då som varde godt ut på nyåre. Nok av da, ho mor sa ja, splintane vart verande. Ho hadde bedd Vår Herre om å sende dei vidare, men  han hadde sendt dei til oss. Då hadde han sagt: «Nei, Helina ditte får du take deg av». (Helina og Anna, og mange med dei, hadde Gud som stelte med slikt).

«Han far kom heim nåkre dage før jul, og då vart det avgjort at dei fekk vere over helga i alle høve og det vart rydd og vaska  ut i Masstaua, så dei fekk vere der, men dei ville sove  i høya. Han takka splinten og velsigna attpå. Det var ikkje kvar jul dei hadde fått vere i folkehus. Han far va no ikkje sikker på kor mykje ei velsigning tå slikt folk var verdt, men ho mor meinte at berre da kom frå eit ærleg hjarta, so va da av Gud. Det vart  fire nye munnar å mette den jula og til godt over nyåret. Men det var som var det velsigna, det rekte til og vel så det. Fisk og sild var der rikeleg, men det rekte til med kjøt og mjølmat òg. «Ja, er det ikkje forunderleg som det stundom er stelt?» Splintane åt i hop med oss på helgedagane, annast so helt dei seg for seg sjølv i Masstovene  Vi ungane tykte det var store stas å ha splinteungane å leike med. Splinten hadde funne nokre utslitne ljåblad som han lagde skjeise av tå til han Nils og meg. Da va slikt noko han far aldri hadde eller såg seg tida til. Splintekjæringa  tok seg på og vølte klede. Ho va flinke etter som ho mor sa. Det var over 20 dag før dei sette seg i båten og for vidare sørover. Ho mor fekk eit nålebrett og eit knappeskrin av splintekjæringa. Det var ein sorgens dag for han Nils og meg når splinteungane for. Nils fortale ein gong at han hadde treft att ein av dei ungane, sonen, då dei var på fiske ned ved Skudesnes. Han let for at han hugsa godt jula i Seljestokken».

Kornelius (Karnils) og Helena (Helina), foreldra til Anna. Dei var plassfolk i Seljestokken.

 

28. desember 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-12-28 11:50:462023-12-28 11:59:17Då Gud peikte på ho Karnils Helina
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Ein kunstnar med kniven

Kvar gong eg ser skulpturane til Aase Botnmark vert eg minna om at eg lova henne å skrive om farbror hennar, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967), som skar geiter, kyr og sauer i tre med tollekniven. «Han var ein kunstnar med kniven», sa Aase, og fortalde at ho kjende på eit sterkt kunstnerisk slektskap med denne onkelen. «Vi hadde same givnaden», sa Aase Botnmark.

Thorbjørn Øvrebotten og litt av alle dyra han skar i tre. Bilete er teke 30. september 1962, av fotograf Kaare Botnmark. 

Farbror til Aase var farfaren min og eg har vegra meg for å skrive om mine eigne. Men no er det ikkje lenger så mange andre som kan fortelje om den store geiteflokken hans i tre. Den er etter kvart delt i mange mindre flokkar og enkeltdyr til oldeborn, borneborn, born, folk han var onkel til og andre som han, eller Besta Magna, sette pris på. Mange har truleg ei geit i hylla, som dei har arva, men ikkje veit meir om. Nokon godt vaksne hugsar kanskje monteren med «Bukkane bruse», i samband med Florø by sitt 100-årsjubileum 16. mai 1960? Der hadde Aase Botnmark dramatisert dette eventyret med Bestefar sine bukkar i ein monter for Florø husflidslag, på Florø barneskule (?) Der var det mange utstillingar av det folk dreiv på med i området i 1960, og eg har eit svakt minne om at vi var på Flora for å sjå bukkane til Bestefar på utstilling.

Aase Botnmark si dramatisering av eventyret «Bukkane bruse» til ei husflidutstilling i høve 100-årsjubileet for Florø by i 1960. Foto: Aase Botnmark. 

Thorbjørn Øvrebotten vart fødd 22. mars 1886. Foreldra var Brita Øvrebotten (1858-1951), fødd Husefest, og Hans Øvrebotten (1859-1928), eigar av inste garden i Botnane. Dei fekk til saman 13 born, to av dei døydde som små barn. Bestefar hadde to eldre brør, August og Peder, som reiste til Amerika og døydde der som unge. Thorbjørn var eldst av dei fem gutane som var att heime og vart såleis odelsgut. I 1923 gifta han seg med Magna Nordbotten (1900-1992) og dei fekk to barn, Arne (1923-2017) og Oddbjørg (1928-2023).

Skar fyrste dyra på anlegg

Til liks med fleire (alle?) av brødrene sine gjekk Thorbjørn Øvrebotten på Holmøy arbeidsskulen, Holmøyane i Nordfjord. Skulen var den eldste i sitt slag her i landet og føremålet med skulen var å gje opplæring i snekring, smiing, måling og teknisk teikning, tilpassa å vere attåtnæring i jordbruket og for handverk på landsbygda. Det var ein god skule.

Det var som anleggsarbeidar på Rjukan-anlegga, truleg rundt 1910, at Thorbjørn byrja å skjere i tre. Vi har ein liten dyreflokk frå den tida, som har overlevd motten (bille som går på treverk). I Telemark laga han små modellar som kom att i seinare og større arbeid. Bestefar si tid som anleggsarbeidar omfatta også starten på kraftutbygginga i Svelgen kring 1917. Kor lenge han arbeidde der veit eg ikkje, men frå starten av 1920-talet dreiv han garden i Botnane med geiter, kyr og hest.

Dyreflokken frå då han byrja skjere i tre, som anleggsarbeidar rundt 1910. Foto: Magni Øvrebotten.

Under andre verdskrig (1940-45) var han aktiv i motstandsarbeidet mot den tyske okkupasjonsmakta. Vi veit ikkje når han byrja med det, men i alle høve frå januar 1944 til krigen slutta var han og familien hans med i arbeidet med å gøyme og halde mat i motstandsfolk, fyrst i heimehusa, seinare i ei spartansk hytte i Nøre dalen. Der hyste dei 6-7 mann og ein radiosendar. Våren 1945 måtte Thorbjørn og sonen Arne også gøyme seg på skogen, då tyskarane kom på døra etter dei 13. mars 1945. Det var same dagen som tyskarane fann radiostasjonen Roska i Breivika og skaut radiotelegrafisten Atle Svardal og tok medhjelparen Fredrik Persen til fange. Motstandsmannen Isak Breivik, som dei samarbeidde med, vart og teken til fange den dagen.

Fram på 1950-talet byrja helsa til Thorbjørn å svikte, han fekk problem med å gå. Beina svikta fordi hoftene gjorde det. Det er ei familiesvaktheit som i dag kan opererast, men ikkje den gongen. Han hadde vore ein grusar til å arbeide, seint og tidleg, og hadde teke mange tunge tak både med steinrydding på garden og arbeid i skogen. Han prøvde å henge med i gardsarbeidet så lenge han makta, men med to stavar var det begrensa kva han fekk gjort.

Han var fysisk utsliten, men det låg ikkje for han å sitte gjerandslaus, så han tok opp att treskjeringa frå ungdomen. Kor mange dyrefigurar han laga har eg inga aning om, men det var store flokkar med dyr. Mest geiter. Han må ha vore glad i geita. Han skar også nokre sauer, kyr og stutar, to hundar, ein gris, ei kjerring og ein mislukka mann.

 To tilhogde emne, det største til ein bukk, den minste til ei geit. Det andre er av ei
geit brordottera Aase Botnmark fargela til utstillinga i Florø i 1960. Aase arbeidde då som retusjør og fotograf i Florø. 

Laga kjerring som barnevakt

Fyrst grovhogg han eit emne med øks, for så å gå laus på det med tollkniven. Han trylla fram den eine geita etter den andre. Kjøkkengolvet vart fullt av spon der han sat på ein krakk, mellom vindauget og kjøkkenbordet, og smidde. Som liten unge hadde eg stor glede av å ligge på rygg under bordet og putte spon opp i bestikkskuffa! Kvar gong dei opna skuffa taut det ut spon. Det er slikt berre besteforeldre finn seg i.

Eg var i tre-fire-årsalderen då Bestefar fekk ansvaret for å passe meg medan dei andre var i ei gravferd i bygda. Han skar på ein kvinnefigur og heldt meg i ånde med å fortelje at han laga ei kjerring, ei slik som Besta. Eg sat i vindaugskarmen med føtene på krakken han sat på, og drog i dei breie bukseselane hans. Dei var grå med blå striper. Drog dei ut og slepte så det small mot den breie ryggen hans. Om att og omatt, medan han skar og kjerringa med knute i nakken vaks fram. Tolmodet hans virka endelaust. Då det gjekk i utedøra rende eg ut i gangen og ba alle om å kome og sjå på «sjæringa hass bestefar». Besta var oppteken av at eg måtte arve denne kjerringa. No står ho hjå meg saman med ein mann Bestefar aldri hadde framme. Han er litt kortføtt, eller «for side i lortefallet», hugsar eg det vart sagt om den karen.

Det var dyr, og særleg geiter, han levandegjorde best med kniven. Stolte bukkar som kneisar med hovudet og geiter med føtene godt planta i bakken. Og eit og anna kje. Men det ypperste arbeidet vart kyra, som sleikjer seg bak på låret, rekna for å vere. Ho fanst i liten versjon frå då han var på anlegg i Telemark, og fekk meir liv i seg frå den aldrande Thorbjørn si hand. Den kyra skulle fylgje garden, fastslo Besta.

Kyra som sleikjer seg bak på låret er halden for å vere av det beste han skar.

Geiter på alle skåp og hyller

Det siste bilete av Bestefar og dyra er teke av fotograf Kaare Botnmark (mannen til Aase Botnmark) 30. september 1962, dagen etter at Faster Oddbjørg gifte seg med Ståle Sørbotten. Geitene stod i mengder oppe på alle skåp og hyller. Bestefar skar nok geiter eit tid etter dette, men dei siste fem åra han levde var han lam etter fleire slag. Han vart sengeliggande og kunne ikkje snakke. Besta stelte han heime, med avbrot av fleire innleggingar på sjukehuset i Florø. Han døydde 8. september i 1967. Då var eg 13 år.

Det var vanskeleg at Bestefar ikkje kunne snakke, eg visste ikkje kva eg skulle seie når eg var på besøk i kammerset hjå han. Kvidde meg for å gå inn. Besta måtte alltid vere med og fortelje for meg, kva eg dreiv på med. Eg sat berre der og hadde lyst til å gå, og hadde dårleg samvit for det, både då og etterpå.

Bestefar var ikkje ein veldig pratsam mann, han lytta nok meir enn han snakka. Det var ikkje han som fortalde om då han var liten, det tok storesystra Ragna seg av. Ho budde på nabogarden og var ein forteljar av Guds nåde. Ragna var ikkje tung å be når eg ville høyre om barndommen deira. Eit glansnummer var då fleire av brørne sette ei kyrabjølle på grisen og slapp han ut. Det var vinter, og det vart eit svare leven og vanskeleg å få grisen i hus att. Bestefar hadde vore med på det, men han var ikkje av dei mest kreative spiloppmakarane i brødreflokken, slik Ragna skildra dei. Livet hans elles har eg blitt fortalt om av Besta, Faster og far min. Men dyra hans fekk eg eit nært forhold til gjennom leiken i sponen, og minnet om då hine var i gravferd og Bestefar skar seg ei kjerring, med meg som styggen på ryggen.

Kjerringa Bestefar laga frå to vinklar. Foto: Magni Øvrebotten.

Av Magni Øvrebotten, 23.03.2023.     

22. desember 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-12-22 22:44:032023-12-22 23:57:27Ein kunstnar med kniven
Aktuelt, Arkiv

30 år med veg – fin markering søndag!

Leiaren i Arbeidsnemda for fast vegsamband til Botnane og Årebrot Åsmund Berthelsen gjekk gjennom kampen for veg til dei to bygdene på 30-årsmarkeringa søndag 3.12.

Er det her det skal ende? Det var tittelen på eit hefte som Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane sende til fylkespolitikarane i 1984. Med det starta  sluttkampen for veg mellom dei to bygdene. Og det vart veg, og dagane då vegstrekningane vart offisielt opna er to merkedagar i historia til Årebrot og Botnane, 1.august 1987 og 11.desember 1993.

22 kom, åt middag og prata. Dei fekk også høyre kortversjonen av historia om vegen som til slutt vart ein røyndom.

Og dette ville grendalaget markere og inviterte til fellesmiddag i grendahuset i Botnane i dag, søndag 3.desember. 22 kom, åt ein god middag og prata om den lange vegkampen. Og fekk ein gjennomgang av veghistoria, frå 1930-talet og fram til den 11.desember 1993 då det var offisiell opning av den siste parsellen, frå Sagebø til Botnane. Den 1.august i 1987 var det offisiell opning ved grensa mellom Flora og Bremanger kommune, ved Husefest.

Leiaren i samferdsleutvalet i Vestland, Arve Helle var invitert og kom. Han hadde aldri køyrd Frøysjøvegen frå Myklebustkrysset og sørover. Men han hadde vore innom Botnane med ferja som gjekk frå Smørhamn, via Botnane til Florø. Den slutta å gå den dagen vegen mellom Sørgulen/Sagebø og Botnane vart opna.

Helle tykte veghistoria var spennande og interessant å høyre, og han kjende seg mykje att med den kampen dei hadde hatt for Dalsfjordbrua gjennom nokre 10 år fram til realisering for 10 år sidan i  2013.

Randi Holsen, t.v og Else Frøynes var aktivt med i Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane og var på fylkestinget fleire gonger for å få vegen inn på vegbudsjettet.

Arbeidsnemnda for fast vegsamband var samansett av folk frå båe dei to bygdene. På festen søndag var Else Frøynes, Randi Holsen, Håkon Årebrot og underskrivne med. Solbjørg Sørbotten var også med då nemnda var på fylkestinget for å påverke politikarane. Johannes Nordbotten og Norvald Seljestokken er døde.

I mitt riss av veghistoria stilte eg spørsmål om kva vegsaka handla om, og korleis vi nådde fram. Svaret på det fyrste var at det handla om framtida for bygdene. Det var eit vere eller ikkje vere. Kanhende spesielt for Botnane som ikkje hadde veg fram til snøggbåtane som trafikkerte Villevika på Årebrot. Vegen mellom dei to bygdene gjorde at dei kunne pendle til jobb i Florø.

Flytte til bygda

Nokon flytte til bygda på lovnad om veg – og fleire kom då vegen var eit faktum. Og det er fleire arbeidsplassar enn innbyggarar i dei to bygdene. Så her er det innpendling.

I Botnane bygde folk sjølv veg gjennom bygda  frå 1930-talet og framover til kring 1960. Sysselsettingsarbeid og eigeninnsats var oppskrifta. Frå Villevika og nordover vart det bygd vegfondsveg med ein sum kvart anna år. Men denne vegen stoppa i fleire år, 500 meter frå Breivika der det budde tre eldre menneske i 1984.

Det vart etterkvart brukt hardare ord for å påverke. Her frå ei fråsegn vedteke på folkemøte den 13.mai 1984

Oppsitjarane i Botnane prøvde å få kommunen til å bygge veg sørover mot grensa til Flora, men fekk knapt svar. Og i eit vedtak sa Bremanger kommune direkte nei til å ta inn vegprosjektet.

Men kring 1980 var tålmodet slutt og ein brukte hardare ord og  ba ikkje lenger om veg, men kravde det. Her er eit døme frå eit folkemøte 13.mai 1984:

Ei ny tid

Arbeidsnemnda skreiv ikkje lenger berre brev, men reiste på fylkesting og møtte politikarar frå alle parti. Og vi hadde møte med Samferdsleutval. Vi gav oss ikkje, men det var både oppturar og nedturar. Gladmelding eine året – og sjokk neste år. Til slutt vart det eit spleiselag for å få bygd vegen mellom bygdene. Og så kom vegen nordover frå Botnane til vegen som alt vart bygd til Sørgulen/Sagebø.

Bremanger kommune var lenge ikkje til stor hjelp. Og då kommunen bygde fleire vegar til bygder i kommunen kom ikkje Botnane med, men då kom vegen inn i fylkesvegplanen vegparsellen vart realisert.

Det som for mange var ein draum vart røyndom til slutt! Og ei ny tid kom til bygdene. Dei hadde fått fridomen til å reise og kome når dei ville – og dei kunne pendle med bil, båt og buss.

 

Teskt: Åsmund Berthelsen

Foto: Magni Øvrebotten

3. desember 2023/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2023-12-03 21:08:032023-12-03 22:45:2630 år med veg – fin markering søndag!

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top