Om magni
This author has not written his bio yet.
But we are proud to say that magni contributed 193 entries already.
Oppføringar av magni
Augevitneskildring 13. mars 1945
Fredrik Persen (1906-1990) var radiotelegrafist på radiostasjonen Roska, saman med Atle Svardal. Dei hadde kontakt med motstandsfolk i området, radiokontakt med London, rapporterte om båttrafikken og sende meldingar om menneske som måtte hentast ut av landet. 13. mars 1945 vart dei oppdaga av tyskarane og Svardal vart skoten. Persen vart teken til fange, mishandla og […]
Under Gestapo sin kommando
«Eit minne frå krigen» var tittelen på denne stilen, som Halvdan Øvrebotten (1926-1993) skreiv på Sunnfjord folkehøgskule i Førde, rett etter krigen. Han var med då Gestapo kommanderte alle mennene i Botnane til å bere ned utstyret frå radiostasjonen Roska. Det var 13. mars 1945. Dette er den einaste skriftlege kjelda vi har om det, […]
Soga om Harald Langø
Av Ståle Sørbotten Harald Langø var fødd i Batalden 1. februar 1901, i dåverande Kinn herad. 30. juni 1934 gifta han seg med Oddny Sørbotten, i Domkirken i Bergen. Ho var dotter til Anders og Anna Sørbotten på bnr. 5 i Sørbotten. Oddny og Harald Langø fekk to born, Harald (1935-2004) og Oddvar Villy (1937-1975). […]
Nina Seljestokken: – Folk trur framleis at eg berre er med på jakt
Berit og Nina Seljestokken klar for jakt. No er dei rundt 40 år og har gått på jakt med gevær sidan dei var 18 år. Systrene Nina (40) og Berit (39) Seljestokken var dei fyrste kvinnene i området her som byrja gå på hjortejakt med gevær. Eg hugsar det var eit storhende på hjortefesten dei […]
GLANING, ELLER SKOTRING
Av Ståle Sørbotten (1935) Glaning, eller skotring, er eit uttrykk som vel er på veg ut av språket vårt. Dei yngre generasjonane veit knapt kva «glaning» eller «skotring» er? Det var ein skikk før, at den som ikkje var bedd i bryllaup, kunne reise i bryllaupet for å «glane», eller «skotre», som det òg vart […]
13. mars 1945
Den 13. mars 1945 var eg 9,5 år og budde i Sletten, på ein av dei nordre gardane i Nordbotten, med fri utsikt til dampskipsleia. Vi arbeidde med eit eller anna oppe på bakken, rett opp for husa. Då la vi merke til at Sonja, ein båt Gestapo hadde rekvirert, kom nordover ved Sørbottsneset, runda […]
Då vi ikkje var åleine
Nokre segner om underjordiske på Årebrot. Av Fridtjov Urdal. Foto: Åsta Urdal Det er ikkje så lenge sidan folk trudde på slikt. Mangt underleg hende og skulle ha ei rimeleg forklaring. Dei underjordske var ei slik. Ho Karnils-Helina hadde treft på buskapen deira opp ved tjønna i Stølsdalen. Ho trudde fyrst at det var […]
