(06.0819) Leilegheita i grendahuset er no leigd ut 8.- 15. august. Elles ledig. Det kostar kr. 4000 for ei veke, medrekna vask, oppreidde sengar og handkle.
Om du er interessert kan du kontakte leiaren i grendalaget, på mobil 93 23 70 73, eller e-post; asmund.berthelsen@icloud.com
Det kom vel 90 menneske og det vart seldt lodd og mat for vel 30.000 kroner brutto på basaren søndag 14. juli.
Pål Anders Ullevålseter er i Husefest på ferie og var invitert til å snakke om livet på motorsykkel og som tv-stjerne. Han fortalde om eit godt barndomsminne.
Frå 19. august er Åshild, Amanuai og Kjetil Nesthus busette i Førde og ikkje i Flora. Dei flyttar frå einebustad på Årebrot til garden Instebøen i Solheimsdalen. Dei har sett seg om etter eit småbruk på kysten i årevis, men ikkje funne noko som var råd å kjøpe. Åshild gler seg til å byrje på ny skule og Kjetil til endeleg å få plass til alt han driv med. – Berre garasjen i Solheimsdalen er på 60 kvadrat, fortel han. Men Amanuai er meir usikker. Ho har budd ti år i Norge og likt seg godt på Årebrot. – Her kjenner eg alle. Ja, eg føler meg i slekt med Kari, Unni og Ingrid, ler ho, men understrekar at ho føler dei er velkomne i Solheimsdalen også.
Vossingen Kjetil Nesthus (62) har drøymt om småbruk lenge. Han er ein mangesyslar som samlar på mykje han treng uthus til, og det har vore fullt på tunet. Det var synbert at Kjetil trong meir plass til gamle båtar. traktor, motorar, fjøler og anna han kunne få bruk for. Traktoren og båtane vert ikkje med til Førde, men det er likevel litt av ein jobb å flytte alt. Dei har flytta litt etter litt, men det er framleis mykje att. – Nei, vi er nok ikkje ferdige her til Åshild byrjar på Karstad skule i Solheimsdalen måndag. Der var det 12 elevar i fjor, så vi kjem vel opp i ein ny debatt om skulenedlegging, seier Kjetil, og tenkjer på at Årebrot skule vart lagt ned i 2011. Åshild har reist til Florø på skule. I Solheimsdalen bur ho for nær skulen til å ha rett på skyss. Der kan ho sykle eller gå, men faren reknar med at det vert ein del køyring. Garden deira ligg inst i Solheimsdalen, 4,5 km frå fylkesvegen til Askvoll.
Åshild (9) gler seg til å byrje på ny skule. Ho har vore der på besøk og kjende seg velkomen. Men mest gler ho seg til å kunne springe rett over vegen til ei nokolunde jamaldra jente, for på Årebrot er det langt mellom dei. Kjetil reknar med å pensjonere seg og ha nok å gjere på garden. Der er det bustadhus, driftsbygning, garasje og verkstad, og ei hytte på fjellet, å halde i orden. Han reknar ikkje med å bli gjerandslaus. Dei 15 åra på Årebrot har han arbeidd hjå Bauge Trevare i Florø, på torskeoppdrettet som var i Nærøysundet og ti år på båtverkstaden i Seljestokken. – Der har eg lært mykje, seier han.
Amanuai (49) er både kokke og står for vask av kle og brakker for dei som arbeider på steinbrotet i Seljestokken. Sist vinter stod ho også for maten til Mesta og Veidekke sine folk, som bygde bruer i Botnane. Thaimaten hennar er populær og i fjor kjøpte ho seg salsvogn og skipa selskapet «Amanuais thaimat». No er vona at ho skal få løyve til å drive sal av thaimat frå vogna, på ein fast plass i Førde. Syster hennar bur på Stadtlandet og sel thaimat frå ei vogn på tunet sitt. Ho legg ut på Facebook når ho har ope og kva mat ho har til sals, og så kjem folk dit og handlar. Men til det opplegget vert Årebrot for avsides, vedgår Amanuai.
Fritt og ope på Årebrot
– Men eg har likt meg så godt her på Årebrot. Her er så stilt og fredeleg. Veninnene mine seier at her er for stille, med det er perfekt for meg, seier Amanuai. Ho kjem frå innlandet i Thailand, men set pris på å sjå ope og fritt utover sjøen på Årebrot. – Eg kan gå eller sykle ned på kaia og fiske meg mat når eg vil, slepp å kjøpe fisk. Eg kan plukke sopp og bær, fryse ned og ha til god mat heile året. Og eg kjenner folk. Når eg møter Kari, Unni og Ingrid er det som å møte slekta mi. Det er så kjekt. Men huset og plassen rundt det er liten. Vi har lite plass til besøk, så eg ser fram til å få meir plass. Men eg er ikkje noko bymenneske, seier ho med ettertrykk. – Nei, Amanuai blir «hovudgalen» når det blir for mykje støy, legg Kjetil til.
– Kva forhold har du til Årebrot, Kjetil?
– Det er ein bra plass å bu på, stilt og fredeleg. Eg har vore her i 15 år og fekk meg endeleg båtplass i fjor, med den grunneigaren som har absolutt minst strandlinje, fortel han. Grunneigaren er Fridtjov Urdal, som skryter av all den praktiske hjelpa han har fått av Kjetil. I bygder som Botnane og Årebot, der det bur 50-60 menneske til saman, er det alltid litt vedmodig når folk flyttar. Bygdefolket tykkjer det er trist at familien Nesthus skal fare herifrå.
– Det er no eit godt teikn at folk tykkjer det. Her er det ikkje større forhold enn at alle kjenner alle, stort sett, og det merkast når folk flyttar til eller frå. Vi har vore med på det som skjer og då blir du kjend med folk. Vi tykkjer det er viktig å stille opp når grendalaget arrangerer noko, så vi kjem nok til å kome ut på ein del søndagskafear, seier Kjetil Nesthus, som sjølv har vore aktivt med i styret for Botnane og Årebrot grendalag i fleire år. – Ja, du veit vi må ut på nokon søndagskafear og møte att folk, understrekar Amanuai.

Dei reknar med å selge huset som vart bygt som lærarbustad på Årebrot tidleg på 1980-talet. Det ligg høgt og fritt på ei høgde rett sør for grendahuset på Årebrot, med naturtomt rundt. Kjetil skal bruke helgane til å stelle på huset før sal og Amanuai kjem til å vere på Årebrot ei tid framover på grunn av jobben på steinbrotet. Så enno ei stund er det råd for folk i området å tinge seg take-away-mat frå Amanuais thaimat på Årebrot.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 5. august 2019.

Fossedalen med Nøre dalen ned til høgre.
Kva for område og stader i Botnane vert brukt til friluftsliv, til å gå tur, til å bade, til å leike, til å spele ball, til å ake eller annan leik, til å gå på ski og har vi særskilte turmål? Grendalaget er utfordra av Bremanger kommune til å registrere slike område og stader og kva aktivitetar dei vert nytta til. Vi har fått frist til 30.august med å sende inn. Og vi skal også seie om det er særskilte natur-og kulturlandskapselement å sjå på dei ulike stadene/områda.
Kartleggina er eit nasjonalt tiltak med oppfølgjing både i fylket og i kommunen. I kommunen er det ei fagleg arbeidsgruppe som skal samordne og kvalitetssikre. Før sluttføring av arbeidet vert det ei enkel høyring.
Vi skal i kartlegginga også seie meir om kven som brukar området, born, unge, eldre og kor ofte. Vidare kva tid området/stien vert brukt og om stiar og anna er merka. Til slutt vil dei også vite om kor bilane eventuelt vert parkerte.
Kom med innspel til grendalaget! Ta kontakt direkte eller send inn! Kontakt: Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com
Av Ståle Sørbotten (juli 2019)
Desse orda har lydd ved alle gravferder i uminnelege tider. Den første gravferda eg fekk vere med på var gravferda til bestefar min – Annanias Norbotten – i Botnane 6. mars 1943. Eg var sju år gamal og minnet sit i meg den dag i dag.

Båra til den andre bestefar min – Anders Sørbotten – blir boren til sjøen ute i Sletten i Botnane for å fraktast i båt over Pollen, til gravstaden i Botnane i 1957. Arvid Birkelid – trur eg – systerson til den avlidne går føre og leiar salmesongen. Bak han på høgre sida går Albert Dyrstad, Erling Nøttingnes og Otto Nordbotten. Til venstre framme går bror min Arne Sørbotten og Finn Øvrebotten, dei andre er skjulte. Ein fantastisk skikk at den avlidne skulle syngast ut og fram til grava. Der går vi glipp av noko verdfullt i dag. Av og til gjekk det tre forsongarar føre gravfølgje og forsongarane hadde ofte ikkje bruk for salmebok, dei såg opp og fram og let songen ljome. Ei gripande oppleving. Foto: Ståle Sørbotten
Kista stod på to plankestubbar rett over gravopningen, men det faste ritualet «Av jord……» lydde ikkje fordi presten var fråverande. Visstnok fordi han var nazivennleg og av mange var uønskt til å gjere teneste. Læraren i bygda, Karl Årøen, var brukt til å styre gravferder, men å bruke det geistlege ritualet var ikkje han tiltrudd. Men sjølv om presten var fråverande, og lærar Årøen ikkje kunne forrette, måtte kista senkast i jorda. Det skjedde slik som det har skjedd ved dei fleste gravferder i mangfoldige år tilbake i tid. Tre av naboane stilte seg opp på kvar side av grava med kvar sin taurull i handa, tredde det gjennom handtaket på kista og løfte kista så høgt opp at plankane kunne trekkast ut. Så fira dei kista langsomt ned i grava, drog tauet ut av handtaket og la det pent frå seg på gravkanten. Og slik vart kistene senka etter kvart dødsfall i Botnane, inntil «kloke» hovud fann ut at denne enkle metoden var for gamaldags. Det kom mekaniske senkeapperat. Det var «framsteget». Men så skjedde det enkelte uhell med desse senkeapperata rundt om i landet og dei forsvant litt etter kvart frå gravplassane, også i Botnane. Dei «gamaldagse» og enkle taua vart tekne til nåde og i bruk att. Men med den forskjellen at no var det festa ein krok i enden av tauet til å hekte i handtaka på kista, i staden for å tre tauet gjennom handtaket. Eg synest likevel at den gamle metoden er den beste, tryggaste og enklaste måten, for då kan du berre dra tauet ut når kista er nede, utan tanke på om at kroken kan hekte seg fast. So enkelt, so enkelt.
Eg vart minna om dette i ei gravferd i Førde for nokre dagar sidan. Det var noko stemningsfullt over dette då fire personar stilte seg opp ved grava med kvar sitt tau i handa, hekta kroken i handtaka på kista, løfta ho litt opp, plankane ut og så fira dei kista langsomt ned i grava. Då gjekk tanken til gravferda til bestefar min i Botnane i 1943. Naboane som stilte seg opp med kvar sin taukveil ved grava, tredde den gjennom handtaka, løfta kista, andre naboar drog plankane ut, så fira dei kista sakte ned i grava. Då gjev desse kraftfulle orda: «Av jord er du kommen-til jord skal du bli» verkeleg meining. Desse orda lydde imidlertid ikkje ved gravferda til bestefar min 6. mars 1943 fordi det ikkje var prest tilstades og lekfolk kunne ikkje la desse orda lyde på offentlege gravplassar.

Kista blir gjort klar til å bli senka ned i grava. Foto: Ståle Sørbotten
I første gravferda i Botnane etter krigen, gravferda til Harald Langø våren 1946 – der sokneprest Tjelta i Florø gjorde teneste – tok han føre seg fleire graver som i krigsåra 1940-1945 ikkje hadde fått den geistlege velsigning som lova tilseier. Dermed fekk både dei og bestefar min den velsigning dei skulle fått ved jordfestinga. Og der og då lydde dei mektige orda «Av jord er du kommen-til jord skal du bli» utover dei uvelsigna gravene i Botnane.
TRI GRANNAR
Tri grannar står der
og grev ei grav.
Men teier med det dei tenkjer:
Så snøgt kan livstråden
slitna av.
Det kjennest som noko
av grendi er burte
med han som tok ut
på den siste ror.
Alt står her og talar
stille i togni
um han som fór.
Skodda heng lågt over lendet.
Regn dryp og bårone vaskar.
Hausten er kringum, og vinden
susar i fallande lauv.
Alt er det same
i stilt og stridt.
No er dei ferdige – grannane.
Står der ei stund
ved den opne gravi.
Teiande og med bøygde hovud.
Så går kvar heim til sitt –
Dette diktet heng i dag i porten inn til gravstaden i Botnane, som ein del av Diktarstien etter Jan-Magnus Bruheim. Det stod i diktsamlinga «Flo og fjøre» i 1984. Bruheim var ofte innom gravstaden og dit kom han også ein oktoberdag i 1983, då Ragnvald Sørbotten, August Sande og Torbjørn Øvrebotten grov grava til far min, Ivar Sørbotten. Det inspirerte Bruheim til å skrive dette diktet om ein tradisjon som vart borte då det kom veg og ei gravemaskin kunne ta over den oppgåva.

Gerd Ullevålseter i båt med Husefest i bakgrunnen. Foto: Privat.
– Når skal du til Husefest i år? er eit vanleg spørsmål i familien Ullevålseter. Dei har vore der kvar sommar i 57 år. Det er ferie- og fristaden deira, langt vekke frå kafedrifta på Ullevålseter og Rustadsaga i Oslo. No tel familien 20 personar med smått og stort, fordelt på fire generasjonar. – Husefest er hjartebarnet vårt, seier Sissel Ullevålseter.
I år er det fyrste året Reidar Otto Ullevålseter ikkje er med til Husefest, helsa held ikkje til det lenger. Det kjennest rart og uvant for dei alle, men Gerd Ullevålseter (85) er framleis med og oppdaterer mannen dagleg per telefon. Dei var 29 år gamle då dei kjøpte fyrste garden i Husefest i 1962, av Harald Husefest. Seinare kjøpte dei også nabobruket, som Aron Saga hadde kjøpt og ville selge. På begge gardane fylgde det med kårfolk i husa.

Gerd og Otto Ullevålseter kjøpte Husefest i 1962. I år er fyrste sommaren han ikkje kan vere med dit på grunn av helsa. Foto: Privat.
– Foreldra mine hadde vore på leit etter ein eigedom med skog i fleire år, men det var vanskeleg å få tak i. Far var 1. amanuensis ved Norges Landbrukshøg-skulen og underviste i skogbruk, og interessert i skogsdrift og planting. Dessutan ynskte dei å ha noko dei eigde sjølve, for Ullevålseter leigde dei av Oslo kommune. Det har familien gjort i fleire generasjonar, og far min fekk namnet Ullevålseter fordi han vart fødd der, fortel Sissel Ullevålseter.
Men då garden i Vikja i Husefest vart lyst for sal i Nationen drog Reidar Otto og far hans Paul Pettersen hit for å sjå på forholda. Reidar Otto tykte dette var ein perfekt plass for dei, sjølv om det var langt frå Oslo, dei måtte i båt for å kome hit og det var kårfolk med på kjøpet.
– Han fortalde meg at det var alt vi trong her, så eg kom hit fyrste gongen med ei piknikkorg med mat, Sissel på seks månader og eldstemann Otto på to år. I vår del av huset stod det eit bord og nokre korte skuvesenger, elles ingenting, ler Gerd før ho går over til å rose kårfolket Marie og Thorvald Husefest. – Det var alle tiders folk. Det same var Alma og Guttorm Husefest på det andre bruket. Vi hadde mykje hygge saman med dei fire og vi lærde mykje av dei, sjølv om dei ikkje sa så mykje, fortel Gerd.
– Nei, vi måtte helst sjå korleis dei gjorde det, men eg hugsar enno kor rysta Thorvald var over at bestefar stod i båten når han var på sjøen. Det var galskap og berre slikt Oslo-folk kunne finne på, seier Sissel. Ho hugsar at dei måtte vere stille når Marie og Thorvald sov middag, og at det var veldig stas når det kom ungar på besøk. Då fekk Ullevålseter-ungane leikekameratar og sto i kø for svelene til Marie.
– Vi lærde etterkomarane til kårfolka å kjenne, og dei oss. Det gjer at vi har kontakt med mange av dei og det er både hyggeleg og naturleg. Det at her var kårfolk då vi kom hit har gjort at vi kjenner oss meir som ein del av Husefest si historie, seier Sissel.
Lærde nøysemd
– Det var stor skilnad på Oslo og Husefest?
– Ja, men vi vaks opp i skogen på Ullevålseter, så vi er ikkje tradisjonelle byfolk. Vi vart òg lærde opp til stor nøysemd. Ingenting skulle kastast. Var kle eller møblar slitne vart dei med til Husefest, ja, endåtil plastposane vart nøye vaska og vranga, for å kome til nytte i Husefest. Dette var verdiar som rådde her i Husefest frå før, seier Sissel. Ho meiner både dei og etterkomarane deira har hatt godt av å lære seg at her er det langt til butikk, lege og sjukehus. Då lærer ein seg å planlegge, finne praktiske løysingar og gjere ting sjølv.

Syskena Ullevålseter på sommarferie i Husefest. Frå venstre Pål Anders, Sissel og Otto. Sistnemnde kan ikkje fordra å bli fotografert og har vendt seg bort også her. Foto: Privat
Det er mange hus i Husefest og alltid eitkvart som treng reparasjon og måling, og alle må gjere sitt. Men det kjem vel med at mannen til Sissel, Pål Pettersen, er tømmermeister. Dei deler det største våningshuset med yngstemann i syskenflokken, Pål Anders Ullevålseter og kona hans Mette Solli. Eldste bror, Otto og sambuar Birgitte Jensen, held til i det andre våningshuset, medan gamlefolket Gerd og Reidar Otto bygde om den gamle saga til bustad då borna fekk familiar.
Syskena Otto, Sissel og Pål Anders har til saman seks barn, frå 29 til sju år, så Gerd har oldebarn og barnebarn på same alder. Ho arbeidde i 60 år på Ullevålseter, mange av dei saman med svigermor si, men no er det Otto og Birgitte som driv kaféen der. Sissel og Pål driv Rustadsaga. – Når ein bur og arbeider på same staden slik har ein aldri heilt fri, seier Pål Pettersen, og då er det godt å fare til Husefest. Du må mest vere her litt når du har køyrt så langt. Både han, kona og svigermora understrekar at det er kjekt å ha med gjester og mykje folk å gjere i jobben, men for å henge med i svingane gjer det godt med ro og kvile i Husefest.
– Husefest er hjartebarnet vårt. Det var kanskje ikkje det sværaste eg visste då eg var tenåring, men no er det ei god kjensle å sette seg i bilen i Oslo og vite at om åtte timar er eg i Husefest og der har eg fri. Her er nok å gjere, men eg har fri frå det daglege og er det noko eg må kan eg ta fly frå Florø og kome att same vegen, seier Sissel. Det kjem og fer folk heile tida i Husefest.
Hjortejakta er rekreasjon
Gerd Ullevålseter er glad for at både born og borneborn likar seg i Husefest. Dei tre syskena eig no staden i lag, men eldstemann Otto er her aller mest. Han har vore mykje i Husefest og arbeidd. Otto er òg den som har engasjert seg i lokalsamfunnet og vore aktivt med i grendalaget, i fleire år som leiar. Han kjenner mest folk og kan historia til Husefest og området rundt aller best, slår mor og sysken fast. – Dessutan har Otto traktor, og det er alltid nyttig å kjenne nokon som har det, ler Pål Anders Ullevålseter, som er kjendisen i familien. Hans fyrste sommar i Husefest var i 1969, eit halvt år gamal.

Syskena Pål Anders og Sissel Ullevålseter i Husefest i sommar. Foto: Privat
Han kallar seg sjølv ein rastlaus type og opplever hjortejakta som rein rekreasjon. – Det er herleg å kunne gå inn i skogen her åleine, sette seg ned og kvile, gjerne sove litt om eg treng det, og skyte når det dukkar opp ein hjort, fortel han. Sissel legg til at Pål Anders er beste jegeren i familien, han får mest alltid hjort. Ho er sjølv med på jaktlaget saman med eldste son sin Emil (29), Pål Anders og ein barndomsven av han. Dei andre er med for å bere eller køyre heim det dei har skote.
– Skjærgarden sørover frå Husefest er noko av det mest urørte du finn og slett ikkje prega av turistar. Eg skjønar ikkje at folk som bur her i området kan bu her utan å ha båt. Det er då du kan dra ut til Fanøy, Kinn og slike plassar. Merkeleg nok er det mange i nærområdet som knapt har vore der, seier Pål Anders Ullevålseter før han varslar at dei tek seg ein tur til Florø.
Men både Gerd og Sissel hugsar kor etterlengta VEGEN var. – Eg hugsar han Isak i Breivika, næraste naboen vår her, kor han venta på veg. Og så døydde han tre månader før vegen kom. Det er vemodig å tenkje på at han aldri fekk oppleve det, seier Gerd Ullevålseter.
Magni Øvrebotten 20. juli 2019.
På basaren på Årebrot 14. juli var Pål Anders Ullevålseter invitert til å fortelje om livet på motorsykkel og om å delta i ulike underhalningprogram, som ein del av prisen for å halde seg varm i sponsormarkedet. Han har vunne alt frå isdans til Mesternes mester, Farmen og 71 grader nord, osv. Familien hans har eigd Husefest-gardane sidan 1960-talet og sjølv har han vore der mest kvar sommar sidan 1969 (fødd 1968). Alt frå barnsbein av hadde han store og «ville»idear om kva han skulle gjere. Særleg fristande var det andre sa var farleg. Han oppmoda ungane i salen om å fylgje draumar sine og vere både dristige og allsidige.
Per Anders Ullevålseter trekte fram Olaf Øvrebotn – lokalt i Botnane kalla Olaf på Håjen – som ein han beundra som liten. Olaf var postmann og hadde ein liten båt han brukte til postrute for øyane nord om Florø, Årebrot, Seljestokken, Breivika og Husefest. Då Pål Anders var ni år fekk han vere med Olaf i båten ein heil dag på postruta. Niåringen lurde på kvifor Olaf ikkje gjekk beint fram med båten, og fekk til svar at han måtte fylgje straumen for å kome snøggast mogeleg fram. Å svinge på seg, slik som Olaf gjorde med båten, måtte Pål Anders også gjere når han køyrde rally i sanddynene, sa han.
Vêrmerke hadde han også fått lære på turen som niåring. Det låg skoddedottar over øyane og det betydde at det var vind i vente. Det stemmer alltid, slo han fast. Han hadde spurt postmann Olaf om korleis han tok seg fram når det var tett skodde på sjøen. Jau, Olaf hadde teke tida med stoppeklokke, slik at han visste kor lang tid det tok frå ein stad til ein annan. Så med hjelp av kompass og stoppeklokke tok han seg fram i skodde, og då galdt det å halde same farten. Pål Anders Ullevålseter var imponert både no og som niåring, og har stor respekt for dei som har livnært seg i båt på kysten.
Referat: Magni Øvrebotten 14. juli 2019.
Lykta på Olaskjæret med Botnane i bakgrunnen. Foto: Grete Thorsen Nøttingnes
Av Ståle Sørbotten
Bestefar min, Ananias Nordbotten døydde våren 1943 og vart gravlagd 6. mars. Etter jordfestinga var gravferdsfolket samla i Sletten til middag med sosekjøt som vanleg var ved gravferder på den tida. På slutten av middagen høyrde vi ein eksplosjon ute i skipsleia og mor kom fort inn og sa at eit skip hadde gått på mine, inn og sør for Olaskjæret. Middagen fekk ein brå slutt.
Ein del av karfolka sprang frå matbordet og rett til sjøen, løyste båtane og fossrodde ut for å sjå om det var folk som trong berging. Mannskapet hadde imidlertid kome seg om bord i ein dykkarbåt som fartyet hadde på slep. Dei var berga, men korleis dei kom seg vidare har eg ikkje minne om. Seinare fekk vi greie på at det var D/S Engøy, sansynlegvis ein båt som dreiv med dykkaroppdrag sidan den hadde ein dykkarbåt på slep. Det vart ogso berga opp ein del utstyr som tydde på dykkararbeid.
Der fartyet sokk var det så grunt at mastetoppane stakk opp av sjøen. Ei tid seinare kom det eit bergingsfarty som skulle fjerne vraket. Korleis det vart gjort, er borte frå «hardisken» min. Eg veit dei arbeidde med dykkar, for bergingsfartyet –Sterkodder kanskje – brukte tåkeluren ofte for å varsle skipstrafikken om å seinke farten når dei passerte. Det var det nok ikkje alle som respekterte, i alle høve ikkje dei tyske krigsfartya som traffikerte nord-sør i leia. Sansynlegvis vart vraket knust og teke opp stykkevis. Det er vel mogeleg at det enno ligg vrakdelar igjen ute på Sørbottsflua.
I boka «Lang kyst» nemner Trygve Nordanger så vidt Engøy, men det er sparsomt med opplysningar.
I følgje «Skipet.no» var skipet ein trebåt, bygd som seglskip i 1882 i Steinkjær, med ukjend eigar og namn, dimensjon 89,2 x 26,6 x 18,9. Eg reknar med at måla er i fot. Skipet vart så seld til A/S Norma i Trondheim i 1910. Der vart det ombygd til dampskip, 131 brt, 69 nrt og 200 tdw og gjeve namnet NORMA. I 1912 vart det overteke av A. Trøan i Trondheim, i 1915 av Linnerud og Breien i Oslo, i 1918 seld til Karl A. Dahl & Rasmussen i Bergen, i 1919 seld til P. Bruun i Bergen, i 1922 seld til I. Barnholdt i Fredrikshald og omdøypt til BRUUNDAHL. I 1925 overdrege til Johannessen og Vartdal i Ålesund, i 1928 overdrege til Kr. Vike i Molde, i 1930 overdrege til Lars Leirvik, Molde, i 1932 overdrege til Andreas Eivindsen i Molde, i 1933 overdrege til Jakob Sivertsen i Trondheim, i 1935 overdrege til Borgund Bruk i Ålesund som igjen selde til Stavanger Skibsophugnings Co i Stavanger. Så det er ingen tvil om at skipet har hatt ein omflakkande tilverelse. Stavanger Skibsophugnings Co nytta sansynlegvis skipet til opphoggingsoppdrag der dykkararbeide var ein del av oppdraga.
Stavanger Skibsophugnings Co gav skipet namnet ENGØY og let det gå i fraktfart på Norskekysten fram til skipet møtte lagnaden sin i Frøysjøen 6. mars 1943, forårsaka av ei mine i eit minefelt som visstnok var utlagt av den norske MTB-en 619, 23. februar 1943. Det har ikkje vore mogeleg å framskaffe bilete av DS Engøy.
Bileta av Olaskjæret er tekne av Grete Thorsen Nøttingnes sommaren 2018. Sigfred Nøttingnes har sjeldan opplevd så blikkstill sjø ved Olaskjæret som den gongen. Han fortel elles at det framleis er lett å sette fast fiskereiskap der, på Sørbottsgrunnen, og trur det må vere restane av DS Engøy som gjer det.


