Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

– Svingen på Myklebust er farleg

Den omtalte svingen må Myklebust er smal og uoversiktleg, og vanskeleg å få eit dekkande bilete av.

– Eg reknar med at det er svingen 100 meter vest om brua på Myklebust du meiner, seier sjåfør på mjølkebilen, Jan Magne Herstad, når han vert spurt om korleis han opplever «den smale svingen» på Myklebust.

Ingen vi spør er i tvil om kva sving det er snakk om. Nokon ser på han som ein av mange smale svingar der det berre gjeld å avpasse farten og kunne rygge, medan andre kjenner på frykta for kva dei møter når dei sig inn i svingen, evna til å rygge vert fråverande og det mest må gå gale når det kjem bilar i mot i stor fart.      

– Vi har vore veldig mykje i den svingen på Myklebust og henta krasja bilar, mange gonger i året, i mange år. Det er berre nokre veker sidan vi var der sist, seier dagleg leiar Ole Johni Havn i Havnen auto i Eikefjord. 

– Det er ei skam at den svingen ikkje er utbetra for lenge sidan. Han er farleg, seier Ronny Brandsøy, som har brøytt Frøysjøvegen i 33 år og køyrer her ofte med store bilar.

Det er meir enn 20 år sidan grunneigar Leif Myklebust gav Sogn og Fjordane fylkeskommune løyve til vederlagsfritt å skyte vekk bergnakkane i den svingen og utvide han med ein meter. Korkje vegen eller svingen er dimensjonert for den trafikken som er her i dag.

              Bergingsbilar frå Havnen auto er eit vanleg syn på Myklebust.

På Myklebust var bygdevegen ferdig i 1962. Deretter var det stopp i vegbygginga til i 1981, då kom det veg vidare til Vindspollen/Mulelid. I 1987 vart det veg til Sørgulen, og i 1993 opna vegen mellom Sørgulen og Botnane. Då vart fartsgrensa gjennom Myklebust sett til 50 km. Det kom veg mellom Årebrot og Botnane i 1987.

– Då dei skulle til å køyre stein frå steinbrotet i Seljestokken til vindkraftanlegget på Guleslettene var Vegvesenet her og såg på både vegen og svingen. Sjølv om dei kunne ordne svingen utan kostnad til grunn var dei ikkje interesserte. Det var for dyrt, sa dei. Det ville gjort vegen ein meter breiare og meir oversiktleg, seier Kåre Vedvik.

Han ser at store bilar/trailarar køyrer heilt på kvitstripa på begge sider av vegen. Det er mest uråd å gå der med barnevogn, og knapt for gåande. Her er mykje tungtrafikk og annan trafikk til fiskeanlegget i Botnane, steinbrotet i Seljestokken og båtverkstaden der, mjølkebil og andre store køyretøy. Det er store bilar med grus og stein, smolt og fôr, og no for tida tømmerbilar med hengar.

Kåre Vedvik meiner at den smale svingen på Myklebust er den verste av mange svingar på Frøysjøvegen, Myklebust-Årebrot; her er ein utan oversikt, kurva på vegen er feil og det er høgt utfor om ein kjem ut på kanten. Rekkverk er det ikkje plass til og bilane som møtest der må rygge i sving, same kva trafikkreglane seier. – Vi har møtt mange vitskremde folk i den svingen, som nektar å rygge. Både lokale og tilreisande køyrer for fort. Dei peisar inn i svingen og er avhengige av at den møtande bilen har låg fart, maks 35 km, og sjølve må dei stå på bremsen. Aller verst er det å rygge der om vinteren når det er glatt og snøkave, då ser du absolutt ingenting. Då burde her vore lysregulert. Det kunne vore ei løysing heile året, med ei utkøyrsle på begge sider av svingen, meiner Kåre Vedvik.

Kåre og Jorunn Vedvik kan sitte i stova og sjå små og store bilar innta tunet deira.

Dette tunet er ein mykje brukt møteplass.

Jorunn og Kåre Vedvik er pensjonistar og bur i eitt av tuna som er mykje brukt som møteplass når store bilar møtest og må rygge seg ut av vegen. Det same gjeld bubilar om sommaren, som må inn på tunet her for å sleppe forbi andre. Sams for mange av bilane er at dei kjem hit for fyrste gong og ikkje er vande med så tronge forhold. – Det er mykje rart å sjå og mest eit under at her ikkje har skjedd meir alvorleg skade, i alle høve ikkje på folk. Men bergingsbilar ser vi ofte, dei kjem for å hente bilar som ikkje er køyrande lenger. Lastebilar i 80 km gjennom tunet her er ikkje uvanleg, sjølv om skiltet for fartsgrensa på 50 km står her, seier Kåre Vedvik.

Trafikken på Myklebust har auka svært mykje sidan Jorunn Vedvik kom dit i 1969, og også sidan dei sjølve hadde to barn som ferdast i vegen. No er det naboen sine born ho ottast for.  Ho er vel van med å køyre bil til arbeid i Svelgen, men har aldri heilt forsona seg med den uoversiktlege svingen. – No er det mest så eg skjelv til eg er gjennom den svingen, det er den som gjev meg lyst til å slutte å køyre bil. Trafikken, og særleg tungtrafikken, har auka mykje dei siste tiåra. Eg har ei kjensle av at det ikkje er så nøye med oss som bur her. Vi er for få i den store samanhengen, der svingen truleg vert sett på som både for dyr og for liten til å bli gjort noko med, sjølv om ei utbetring av den ville gagne alle som ferdast her, seier Jorunn Vedvik.

Maja Vedvik: – Både eg og barnevogna måtte i grøfta

Maja og Robert Vedvik er naboar til Jorunn og Kåre Vedvik. Maja arbeider på Svelgen omsorgssenter og han i Nordsjøen. Dei har to døtrer, Birgit på 9 år og Agnete på 7 år. Dei går på skule i Svelgen.

Birgit, Maja, Robert og Agnete Vedvik bur nær vegen gjennom Myklebust.

   Vegen går gjennom tunet til Maja og Robert Vedvik og med skilt og syklar prøver dei
å signalisere at her ferdast barn.

Birgit og Agnete trenar seg i trafikken mellom heimehuset og naboen.

Robert Vedvik vaks opp på Myklebust og har merka kor trafikken har auka sakte men sikkert. – Vegen skulle vore lagt bak busetnaden, men det var ingen som den gongen kunne sjå føre seg den trafikken som er her no, og heller ikkje storleiken på bilane. På dei smalaste partia må bilane inn på dei private tuna til folk for å passere kvarandre, seier Robert Vedvik. Det er ikkje uvanleg å finne lykter og bildelar langs vegen, og lykteglas når dei plukkar bær. Sjølve bur dei ikkje i den verste svingen, men i ein annan, som også er uoversiktleg.

– Enkelte køyrer hardt. Du ser maks fem meter når du ser «langt fram» i vegen her, og fleire stader er det stupbratt utføre, seier Maja Vedvik. – Å gå langs vegen med barnevogn var mest uråd, både eg og barnevogna måtte i grøfta.  Vi likar å følgje ungane når dei skal ut, for vegen går gjennom tunet. Det er skummelt å stå og vente på skulebussen, sjølv om det er 50-sone her. Den byrjar/sluttar nær tunet vårt og det er meir vanleg at folk køyrer i nærmare 80 enn at dei held fartsgrensa forbi her, seier Maja Vedvik.

Men samstundes må borna lære seg til å takle trafikken i vegen, og det er ikkje enkelt. På det smalaste partiet, i den mest uoversiktlege svingen, må både born og vaksne i grøfta når det kjem bilar. Og grøfta kan vere djup for små barn, dei har valet mellom å gå der eller ut på kanten, der det er høgt utfor. Maja går i yttersving med dei for å bli sette av bilane, medan Robert held seg i innersvingen. Når det er mykje nedbør kan susen av elva høyrest ut som det kjem bilar.

Det var fyrst sist sommar at dei to borna fekk lov til å gå åleine frå huset deira, gjennom den smale svingen og over elva til leikekameratar på toppen av bakken. Maja Vedvik er usikker på når ho vågar å la dei å gå åleine til busstoppen i Myklebustkrysset.

Birgit på ni år og Agnete på sju synst ikkje lenger at vegen er skummel. No er dei store nok til å gå åleine til naboane Jorunn og Kåre Vedvik. Det er ei strekning på eit par hundre meter, mellom to svingar, som har vore vegtreninga deira, der skal dei også lære seg å sykle. – Vi har vore veldig strenge med å sleppe dei ut i vegen på eiga hand, fordi innsatsen er for høg, seier Maja Vedvik.

Haldis Myklebust Førde: – Har sett mykje rart

Barndomsheimen til Haldis Myklebust Førde var i det brune huset «opp på svingen» med god utsikt ned på det som skjedde i svingen. No har ho hytte der vi køyrer inn i svingen frå aust, og oppkøyrsla til hytta er mykje brukt til å rygge opp i for å sleppe forbi bilar. Det er berre plass til ein bil i svingen.

 

Frå barndomsheimen til Haldis ser ein rett ned i den smale svingen.  

Oppkøyrsla til hytta til Haldis og familien er mykje brukt til rygging.

– Det har unekteleg vore mykje rart å sjå fram gjennom åra. Folk som tekstar på mobilen når dei køyrer i den uoversiktlege svingen, elendige ryggekunnskapar og altfor stor fart, særleg på dei bilane som kjem austfrå. Det er som dei trur dei har meir oversikt enn dei har, seier Haldis Myklebust Førde.

Ho veit ikkje om alvorlege personskader etter kollisjonar i svingen, men det har vore mykje skade på bilar og motorsyklar.  – Vegen er på ingen måte dimensjonert for den trafikken som er her i dag og fartsgrensa burde vore 30 og ikkje 50. Trafikken i helgane har auka svært mykje dei seinare åra, tykkjer Haldis. – Vi er mange som har hytte og hus i området, og er her mykje. Mange heimekjære som pustar litt lettare når vi kjem oss utover her.

Det er meir enn 20 år sidan far hennar, Leif Myklebust, sa med fylkeskommunen at dei vederlagsfritt kunne skyte vekk dei små og få bergnakkane, og utvide vegen med ein meter i denne svingen. Men ingenting har skjedd. Ho minnest at faren ofte var nedi vegen for å hjelpe folk som hadde fått problem av ulikt slag. Ofte hadde dei hamna i grøfta på oppsida og måtte dragast oppatt med traktor. – Det er som regel dei som kjem frå aust som sig med sakte fart inn i svingen. Eg hugsar ein eldre kar, som budde i Mulehamn, som tuta gjennom heile svingen for å varsle at han kom. Vi lo av det då, men det var kanskje ikkje så dumt? Det var før det i 1993 kom veg til Botnane og Årebrot og trafikken auka veldig mykje og berre held fram med det.

 

        Så langt inn i svingen kan du slå fast at du ikkje møte andre bilar denne gongen.

– Korleis er det å vere fotgjengar mellom tuna her?

– Det er mest uråd. Du er meir i grøfta enn på vegen. I svingen er det berre plass til ein bil i gongen og trillar du sykkel eller barnevogn må du i grøfta, og den er delvis ganske djup. Der kan du bryte deg sund. Ikkje for ungar å gå der. Vi som vaks opp her lærde oss å lytte etter bilar og ulike naturlydar, men det er ikkje barnelærdom i dag. Difor trur eg trafikken kjem meir brått på folk og til verre er det, særleg når farten jamt over er høg.

– Oppkøyrsla til hytta di er mykje brukt?

– Ja, det er dit folk ryggar når dei møter bilar i svingen. Som oftast er det dei som kjem frå aust som ryggar, og det er rett som det er to bilar som ryggar seg opp i tunet vårt. No har vi fått barnebarn og på grunn av farten og trafikkforholda vil vi sette opp grind og gjerde.

– Kva då med ryggeplassen?

– Nei, vi innser vel at vi ikkje kan ta vekk heile den, men vi må sette opp gjerde slik at vi slepp bilar opp i tunet. Men utan oppkøyrsla vår må folk rygge veldig langt før dei kjem til eit anna tun dei kan kome seg ut av vegen i. Folk kvir seg for å rygge innover i svingen for der er det høgt utføre og svært uoversiktleg. Svingen hallar dessutan innover, så særleg på glatt føre kan ein kjenne at bilen dreg seg mot grøfta på oppsida.

– Korleis er det å sitte ute på hytta og sjå på trafikken?

– Det kan vere nervepirrande når det er mykje trafikk og stor fart. Mange gonger er det berre flaks at det går bra. Nokon vert heilt fortvila når dei må rygge, dei kan det ikkje, eller vert redde fordi dei ikkje har oversikt. Det hender at vi tilbyr oss å rygge bilen for folk som ikkje kjem seg av flekken. Då vert det fort kork og endå verre å løyse opp floken. Det hadde hjelpt mykje å fått retta ut denne mest uoversiktlege svingen her på Myklebust, seier Haldis Myklebust Førde.

Ronny Brandsøy: – Det er ei skam at svingen ikkje er utbetra

 

Ronny Brandsøy og brøytebilen, men ikkje i den aktuelle svingen. Foto:Privat.

Ronny Brandsøy har brøytt Frøysjøvegen sidan 1993 og køyrt her mykje med store bilar. Han meiner at den smale svingen på Myklebust er farleg og at det er ei skam at han ikkje er utbetra for lenge sidan. Folk kan få problem der om dei er aldri så flinke sjåførar, seier han.

– Korleis er svingen farleg?

– På det verste vil snøen presse brøytebilen utfor vegen når eg brøyter den svingen om vinteren, og kjem frå vest – Då må eg ta opp skjæret og køyre til Myklebustkrysset og snu, slik at snøen fer utfor på nedsida når eg kjem attende til svingen. Men når eg kjem den vegen vert brøytebilen pressa inn mot berget og grøfta i svingen, vegen hallar innover og er ofte glatt om vinteren, seier Ronny Brandsøy.

– Men det er vel ikkje kvar vinter det er så mykje snø at dette skjer?

– Nei, men det har hendt meg fleire gonger enn ein kanskje vil tru utifrå vanleg snømengde. Det er ofte meir snø på Myklebust enn her lenger ute og eg er avhengig av at folk langs Frøysjøvegen ringjer meg om føreforholda, sidan dei varierer så mykje. Folk er veldig flinke til det. Eg hadde slutta å brøyte Frøysjøvegen for lenge sidan om det ikkje var for det gode samabeidet eg har med folk slik.

Ronny Brandsøy driv familieverksemda Brandsøy Maskin på Årebrot og har køyrt mange store bilar, med tung last, på denne vegen. – Du har fått rygga din del?

– Ja, det blir ein del rygging. Men det er óg vi som har største bilen som har best oversikt, sjølv om ingen ser heile svingen. Eg ryggar når eg ser folk plundrar med det, men dei som er kjende her ryggar om det er mogeleg med omsyn til plassen. Det er ein typisk veg der ein må hjelpast åt for å få flyt i trafikken.

Bilete frå den farlege svingen i 2021.

– Er det fleire grunnar til at du meiner svingen er farleg?

– Han er svært smal og uoversiktleg, det er ikkje plass til rekkverk og det er høgt utføre på nedsida. Mange køyrer fort, altfor fort etter forholda. Sjølv om du sjølv køyrer sakte inn i svingen kan det kome bilar imot i høg fart. Det er mest eit under at det ikkje har enda bilar utfor i dei mange kollisjonane som har vore i svingen på Myklebust. Det eg veit har det heldigvis ikkje vore alvorlege personskader, men det er ikkje uvanleg at bilane vert køyrde vekk av bergingsbilar.

– Når eg har snakka med folk om denne svingen er det mange som seier dei kvir seg for å køyre der, og dei er særleg redde for å rygge seg utfor når dei kjem frå sør og må rygge. Er største problemet at mange av oss er dårlege til å rygge?

–  Du kan få problem i den svingen der om du er aldri så van eller «flink» til å rygge. Ein aldri så liten feil med rattet og du kan fare utfor. Kjem du i stor fart kan du skubbe møtande bil utfor i kollisjonen. Fer bilen utfor vegen på nedsida trillar bilen rundt. Vi skal vere sjeleglade for at her ikkje har skjedd alvorlege ulukker.

–  Du kallar det ei «skam« at svingen ikkje er utbetra på over 20 år?

– Ja, det meiner eg. Det kan ikkje vere store jobben å sprenge vekk dei små bergnakkane som stikk ut i innersvingen der, og utvide vegen på det viset. Alt kostar pengar, men eg har vanskeleg for å skjøne at det blir veldig dyrt. Det vil i alle høve vere fort gjort. Eg skjønar ikkje kvifor det ikkje er gjort når grunneigar har gjeve grunn for lenge sidan, og trafikken er så stor i høve til det vegen var bygt for. Ei utbetring av den smale svingen på Myklebust ville med enkle grep gjort Frøysjøvegen betre og tryggare å ferdast på, både til fots og i bil, seier Ronny Brandsøy.

Jan Magne Herstad. – Det blir ein del rygging

– Eg reknar med at det er svingen 100 meter vest om brua på Myklebust du meiner, seier sjåføren på mjølkebilen, Jan Magne Herstad, når han vert spurt om korleis han opplever «den smale svingen» på Myklebust. – Det har blitt ein del rygging der ja, når eg møter bil i den svingen. Vi som sit høgt ser også betre enn  dei som køyrer personbil. Eg ryggar ofte fordi det går raskare enn om personbilen skal rygge, vi har betre speglar å rygge etter og betre oversikt. Men eg synst folk er flinke til å stoppe når dei ser tankbilen, seier Herstad.

– Det mest utfordrande i den svingen er når det er minusgrader og det legg seg blank is på asfalten, som det kan vere vanskeleg å sjå. Då må farten ned. Eg kan ikkje hugse å at eg har vore «nære på» å kollidere der, men det hjelper nok mykje at dei fleste som køyrer der kjenner vegen godt, trur Jan Magne Herstad.

Nok ein samanstøyt i den smale svingen på Myklebust, og redningsbilar frå ulike etatar er på plass. 

Ole Johni Havn: – Vi har henta mange krasja bilar der

– Vi har vore veldig mykje i den svingen på Myklebust og henta krasja bilar, mange gonger i året, i mange år. Det er berre nokre veker sidan vi var der sist, seier dagleg leiar Ole Johni Havn i Havnen auto i Eikefjord. – Det er ein dritveg, som det mest ikkje går an å køyre fort på, men fort nok til å krasje i den smale svingen og trenge bergingsbil etterpå. Vi er i det heile ofte ute og hentar krasja bilar på Frøysjøvegen, men denne svingen på Myklebust peikar seg ut, seier Havn.

Mange langs Frøysjøvegen hugsar den gongen det kom bergingsbil for å hente ein annan bergingsbil frå Havnen auto som hadde fare i grøfta i den svingen.

– Ja, det hugsar vi også. Vi hadde vore på Årebrot og henta ein traktor som skulle på verkstad. På heimveg møtte bergingsbilen ein personbil i den smale svingen på Myklebust. – Bilen hadde stor fart etter forholda og for å unngå kollisjon måtte vi vrenge bergingsbilen inn mot berget og grøfta. Han var ikkje køyrande etterpå, så vi måtte ut med ein annan bergingsbil for å hente han. I grunnen eit nokså typisk døme på det som ofte skjer når bilar møtest i den svingen, seier Ole Johni Hamn, i Havnen auto.

Tekst og bilete Magni Øvrebotten, september/oktober 2026.

18. oktober 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-10-18 16:05:332026-10-18 16:30:49– Svingen på Myklebust er farleg
Aktuelt, Arkiv

Botnane blir rydda fram att

Gravstaden i Botnane vart både lys og open.

Siste vekene har Sunnfjord Skog drive med granfelling i Botnane, i den tett granskogen i Øvrebotten og langsmed Frøysjøvegen frå Øvrebotten til gravstaden i Sørbotten. Sjølve gravstaden vart lys og open etter at granene mot nord og aust vart vekke. Dei livda for vinden, men tok mykje lys. Hogstmaskinene skal også til Seljestokken og ta ned granskog.

Arbeidet med felling av den avtalte granskogen er ikkje ferdig enno, og det har ikkje lukkast oss å få tak i Martin Braanaas i Sunnfjord Skog for å høyre om arbeidet. Granfellinga byrja hjå Torbjørn Øvrebotten på Selja og i Brendene, område folk går gjennom når dei skal i Nøre dalen. – Eg hadde ikkje begrep om at det var så mykje stor granskog i desse granfelta. Det var kalkulert med 500 kubikk der, og det er i alle høve det dobbelte. Og sitkagrana er betre enn sitt rykte i kvalitet, for eg hadde ikkje rekna med at her var så mykje sagtømmer, seier Øvrebotten. Etter det vi skjønar er det også tilfelle i dei andre granfelta det så langt er felt gran i.

Det er lenge sidan vi såg leia frå Brendene på veg mot Nøre dalen. 

Det er ei hogstmaskin og ein lastbærar som tek ned og køyrer tømmeret ned til vegen og legg det i la der. Og der vert tømmeret henta og køyrt til tømmerkaia i Eikefjorden. Det er 32 kubikkmeter tømmer i kvart lass, som vert sendt til Tyskland for vidareforedling.

 

I Trollhogane er granskogen no vekke på begge sider av vegen.

Skjervelva har kome fram att i lyset.

Mykje meir kubikk enn rekna med.

Det var styremedlem i Botnane og Årebrot grendalag, John Sande, som tok initiativet til å få felt granskog i Botnane. Til liks med folk elles i bygda er han begeistra over å sjå att område som ikkje har vore framme i dagslyset på mange år. – Eg har lenge sagt at når mi tid er omme så vil eg ikkje ligge på den mørke gravplassen her i bygda. Men no var eg der hin dagen og må visst revurdere det. No er det lyst over heile plassen, skjemtar han.

– Til denne tid er det hogsmoden skog som er teken ned, kva med den som aldri vert hogstmoden og verdi i å ta ned?

– Det er mykje av den og eg håpar vi kan få hjelp av det offentlege med det. Har byrja så smått å undersøke kva ordningar som finst. I fjor søkte eg Miljødirektoratet om støtte til å ta ned den skogen eg sjølv eig. Dei var positive til tanken, men ville ta eit større område om dei fyrst skulle byrje på slikt, og dei ville ha med kommunen og andre. Det nyttar lite om ein grunneigar tek ned skogen dersom naboen let sin stå og frø seg vidare. Grana bryr seg ikkje om eigedomsgrenser, så om vi skal lukkast med dette må alle grunneigarane vere positve til å hogge ut større område, seier John Sande. Sist vinter hogg han ned eit lite granfelt attmed tunet sitt i Sletten og fekk røyne kor tungt og arbeidskrevjande det er å ta sjølv. Også difor viktig å gå saman om maskinfelling der det let seg gjere.

 Dette er tømmervelta innanfor gravplassen.


Gravplassen sett frå utsida mot nordvest.

 

Muren på gravplassen sett mot Korsnesvika.

Vi håpar å få oppdatert teksten med litt meir informasjon etter kvart i granfellinga, så i denne omgang prioriterer vi å syne bilete av eit Botnane vi ikkje har sett dei siste 30 åra.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 6. september 2026. 

7. september 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-09-07 21:42:242026-09-07 23:33:10Botnane blir rydda fram att
Aktuelt, Arkiv

Regn sumar minne

 

«Det var mykje regn i slåtten det året», er tittelen på dette dataprint-bilete av Fridtjov Urdal.

Kor det kjem frå dette at veret var betre før? Det var meir sol og meir snø. Det regna og bles før óg, men ikkje slik som no. Ja, de veit. Minne er ein ting, statistikk og metrologi noko anna. Men dei skal ikkje få leggje seg i dette. Det er lenge sidan. Det var i den tid ein hadde slipestein med sveiv og slo med stuttorv mellom steinane. Det var så vidt det var lov å plukke blåbær og berge turrhøy på ein sundag, om det var meldt regn til natta. Det var i den tida då det var orden på ting og skil på årstider, helg og yrk. Visst var der sumrar då ein sto i silregnet og hesja vått gras fullt med padder og svartsniglar, og hesjane vart ståande til dei var brune og ein fekk mangel på staur. Så var det óg somrane med kleggebit då det var så lite regn at brønnen gjekk tom og vatnet måtte berast frå elva. Men i regelen så skulle det vere ei dugeleg elvafylle og to for summaren.

Det vil seia at vatnet var så stort at det gjekk inn til mitt på golvet i steinhuset på Løypa. Det var når Bjarnen sa: – Det var mest ikkje kommande utfor ei dør. Men ut gjekk han og slo med langorv i silregnet. – Eg har no mest ilt av hånå, sa ho Helena. Ho sto og hesja. Dagane då elva var full av kvit-gule skum-hattar og Gamlesaga gjekk buldrande kvit og sette Lonene under vatten så dei på Ura ikkje fekk slege. Og regnbyene kom lik blakrande grå faner langsmed fjell og bergsva. Vindflagene for svarte over grå vassyte. Kyrne samla seg utfor grindene og ville i hus alt tidleg på ettermiddagen. Då var det sønnavind og vatten så det forslo og då beit små-auren villeg berre ein fekk makkongelen ut i sivkanten.

Når elvaflaumen kom gjekk sjø-ørreten opp og då var sommaren slik den skulle vere. Då skein det alltid opp att så hesjane vart knasande turre og kunne fyllast på ny. Ja, når fineveret kjem får ein atte for da ein fekk unnagjort i styggevêra. Det var den gong då det var sommar- sundagar med sol då ein kunne sjå det gjekk karar i kvite skjorter på Urahogen endå det ikkje var basar den sundagen. Batalden hadde skodde hatten på til langt ut på dag. Dagar med humlesurr i glaskarmen og gaukemål aust i lianen, medan ripsen modnast på hagebuskene og kattane låg på solvarme trappehella. Det var då ein kunne gå tørrskodd i blå tysko.

No har det vore den eine elvafylla etter den hi i vekesvis. Det er dette ulidelege styggveret som kallar fram minnebilete frå ei onnor tid som kan hende ikkje var så mykje annleis likevel, for det skulle ikkje så lenge med opphaldsver til før det vart tala om turkesommaren i 1933. Då høystålet var helvta av det som var vanleg og potetene var ikkje større enn hasselnøtene. Men så kom det så veltande med hå det året då regnet endeleg slo til.

Av Fridtjov Urdal, 9. august 2026.

9. august 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-08-09 22:08:322026-08-09 22:32:28Regn sumar minne
Aktuelt, Arkiv

Line Dybedal duo til Årebrot

Botnane og Årebrot grendalag har dei siste åra satsa ein del på konsertar og det er alltid ein sjanse å ta med omsyn til publikum. Men den sjansen må vi ta. Vi tinga Line Dybedal etter årsmøte i vår og ho har ein konsertturne i Sunnfjord no på ettersommaren. Difor ekstra spennande kor mange som kjem til konserten hjå oss på Årebrot grendahus. Billettane kostar kr. 300 for vaksne, kr. 100 for dei mellom sju og 18 år og dei minste gratis. Det vert sal av mat frå kl.17.00.

Vi la konserten til ein søndag for at dei som ikkje vil køyre kan ta rutebåt mellom Florø og Villevik på Årebrot. Kystvegekspressen går frå Florø kl. 16.30 og er på Villevik kl. 16.40. Det går rutebåt attende frå Villevik og direkte til Florø kl. 21.40. Elles køyrer folk til Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200.

Dei som ikkje er lokalkjende kan bli forvirra av å få opp Svelgen som adresse når dei søkjer på kvar Årebrot er, særleg sidan Årebrot ligg i Kinn kommune og har felles postadresse med nabobygda Botnane, som ligg i Bremanger kommune. De som køyrer tek av frå fylkesveg 614 på Myklebust og køyrer Frøysjøvegen mest til endes.

Om nokon brukar eigen båt kan de legge til ved kaia/flytebrygga i Søre Vågen på Årebrot. Det er avtalt med grunneigarane Marit og Ronny Brandsøy.

Musikk prega av havet og naturen

På spørsmål om kva kan vi vente oss av Line Dybedal duo svarar ho at vi får vere med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman til noko heilt unikt.

Line Dybedal duo målar sterke og levande bilete med musikken som lerret og teksten som pensel. Med si varme og klåre stemme, akkompagnert av funklande gitartonar frå Mathias Marstrander, tek ho oss med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi med tekstar der havet og naturen stiller sterkt.

Musikken til Line har vore mykje spelt på både NRK P1 og P3, og albuma hennar har fått strålande kritikk – med terningkast 5 og 6 frå begeistra misikkmeldarar. Ho har skrive musikken til barne-TV-serien Bli med heim på NRK Super og gjeve ut barneboka «Eit hjarte til jul» på Samlaget. I 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), der juryen hylla hennar sterke musikalske identitet og unike evne til å fange kjensler i musikken.

Med hennar nære og ærlege tekstar, kombinert med ei stemme som varmar hjartet, inviterer Line Dybedal duo deg til ei stemningsfull konsertoppleving i Årebrot grendahus 27.september.

Ting billettar her!

 

7. august 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-08-07 11:47:032026-09-17 11:40:12Line Dybedal duo til Årebrot
Aktuelt, Arkiv

– Vi kjenner ikkje til bygdedyret

Tre blad Brandsøy framfor to av firmabilane. Frå venstre Ronny, Knut Andrè og Kim-Henrik Brandsøy.

Brandsøy Maskin AS er ei familiebedrift med fem tilsette som driv med snekkararbeid, gravemaskiner/lastebilar og ein av dei største omreisande verkstadbilane i landet. Heimehøyrande på Årebrot og skipa i 2014, av far Ronny og eldste son Kim-Henrik Brandsøy.
– Vi kjenner ikkje til bygdedyret, for her er folk svære til å bruke oss, seier Marit Kleiven Brandsøy, mor og rekneskapsførar i selskapet, og i fylgje karane «sjefen». Det vil ho ikkje ha snakk om, ho meiner Ronny og sønene Kim-Henrik og Adrian driv kvar sin spesialitet og styrer seg sjølve. Men kontoret og rekneskap held Marit styr på. På sikt vil dei prøve å få også yngstesonen Morgan med på laget. Når han no blir ferdig med sertifikatet, er planen at han skal kunne hente og levere deler og diverse ved behov.

– No kunne vi brøfødd oss bra med å satsa på arbeid lokalt frå Myklebustkrysset til Villevika, med arbeid for privatfolk, ulike verksemder og steinbrotet i Seljestokken, for lokalbefolkninga har vore fantastiske flinke til å bruke oss, seier Ronny Brandsøy. Slik har det vore sidan langt attende. Han hugsar godt då han og Marit tok over sagbruket i 2001 og han var spent på korleis det skulle gå. Jon Øvrebotten i Botnane var den fyrste som ringde og lurde på om han kunne gje bod på byte av taket på huset hans, og dermed var han i gong, sjølv om han minnest at han bomma mykje på prisen på det taket. Ein lærer etter kvart.

Etter at det kom steinbrot i Seljestokken i 2008 vart det meir fjellrensk enn snekkararbeid for Ronny Brandsøy, han vart fast tilsett og arbeidde der på heiltid. Der var han til Romarheim overtok drifta for nokre år sidan, og no er han der berre sporadisk og hjelpe til når han har tid. I 2014 starta Brandsøy Maskin AS med to og etter kvart tre dumparar i Skiparvika i Gulen kommune. – Der dreiv vi utelukkande med flytting av massar og hadde seks tilsette, pluss Kim-Henrik. Når ein driv med ting som rullar på hjul, vert det mykje skruing og lite profitt, så etter omlag sju år, la vi ned drifta der. Kim-Henrik ville heller satse på å skru for andre og kjøpte sin første sørvisbil og byrja livet som omreisande mekanikar, fortel Ronny Brandsøy.

Han må ha vore flink til å ta med seg sønene Kim-Henrik og Adrian i arbeidet, for begge framhevar at dei har lært mykje av å vere med faren, og kor viktig det er å få vere med dei vaksne i arbeidet. – Då steinbrotet kom vart dei hyra til å vaske maskiner og det tykte dei var svære greier, minnest Ronny.

 

Samling kring kjøkkenbordet på Årebrot. Frå venstre: Knut Andrè, Kim-Henrik, Ronny med Saga på fanget, Gard Henrik og Marit.

– Eg skal bli endå betre enn pappa

Interessa for å vere med tidleg i arbeidet går tydelegvis i arv, for medan familien er samla kring kjøkkenbordet på Årebrot, sit 12 år gamle Knut Andrè med øyrene på stilk og høyrer interessert på når faren og besteforeldra fortel om framveksten av Brandsøy Maskin. Han er eldste son til Kim-Henrik og overtydd om at dette er framtida også for han. – Eg har lyst til å bli mekanikar, som pappa, men eg skal bli endå flinkare enn han, slår Knut Andrè entusiastisk fast. Han og dei to syskena, Gard Henrik på seks år og Saga på snart fire, er hjå faren og besteforeldra annankvar helg. Då roar familien ned og gjere noko i lag med dei. – No veit kundane at her er barnebarn annankvar helg, så då ringjer dei ikkje. Eg har aldri hatt fri annankvar helg før, ler Ronny.

Denne søndags føremiddagen har dei vore og fiska krabbe. Det er viktig å kunne og finne glede i slikt også. – Eg likar meg godt her, og det er kjekt å vere med i fjøsen og stelle sauene, fortel Knut Andrè. Besteforeldra har 120 villsauer og kallar det ein hobby for ikkje å gro inne. Og her er køyretøy nok i ulike storleikar til å lære seg å køyre frå ein er ganske liten. Her gjeld tydelegvis ordtaket «Tidleg krøkast som god krok skal bli».

Det er allsidig praksis å få hjå besteforeldra på Årebrot. Frå venstre: Knut Andrè på traktoren, Saga og Gard Henrik byte på bruk av ATV-en og Saga og Gard Henrik finn roa i sauefjøsen. Foto: Privat.

280 døgn i bilen

Det var i 2023 Brandsøy Maskin AS kjøpte inn den digre sørvisbilen Kim-Henrik Brandsøy trålar land og strand med. Det er ein verkstadbil som kjem dit nokon har fått problem med bilar, båtar, maskiner, motorar, osv. og reparerer på staden. Det vert betydeleg billegare for den som har problemet, for ikkje å snakke om kor mykje tid, transport og bekymringar dei blir spart for.

Bilen kosta 3. mill. kr. pluss alt utstyret. – Eg vert alltid sveitt når folk spør kva bilen kostar, men han er nok oppe i over 4. mill. kr. alt medrekna. Då vi kjøpte han var han den største bilen i sitt slag i landet, men no er det både fleire og større bilar. Vi har arbeid nok til å drifte to slike bilar til, meiner Kim-Henrik. Han hadde 280 overnattingar i bilen i fjor. Det er både billegast for dei som treng hjelp og ofte einaste alternativet for han.

– Men slitsomt?

– Ja, nei, eg fer rundt der kundane vil ha meg. Du kan ikkje seie nei når rutebåten «Fjordsol» i Kystvegekspressen treng hjelp med å få sveisa roret, som vart bøygd vekk førre fredag. Kundane er greie med meg, dei syter for at eg får mat, så eg kan arbeide til problemet er løyst, seier Kim-Henrik Brandsøy. Han og bilen er mykje på basen i Florø, og på Fjesboksida til Sordal Seaservice, som driv i oppdrettsnæringa, er det lagt ut mykje skryt av at han gjer godt arbeid. Men mor Marit vil ikkje at dei skal skryte av eige arbeid og slår ned på det når Ronny seier at han ikkje veit nokon som byter dekk raskare på ein dumpar enn Kim.

Han trudde i utgangspunktet at det var på strekninga Bergen-Ålesund det kom til å bli mest oppdrag, men har vore heilt til Hitra og reparert motoren i ein båt ved kai. Og han har fått spørsmål om å kome til Finnmark. – Då spurde eg om dei visste kor langt det var frå Årebrot til Finnmark, og fekk til svar «Nei, det er no der sør». Det syner kor opprådde folk kan vere for å få reparert og ordna ting som går sundt, seier Brandsøy. Nytt av året er det at han driv med linjeboring. Det kan t.d. vere utslitne boltar på ei gravemaskin, som etter kvart medfører at hola dei skal passe i vert ovale i staden for runde. Då sveisar Kim-Henrik dei att og borer ut nye hol, slik at alt blir beint og fast.

 

 

Journalisten fekk prøvd å få verkstaden inn på tunet då eine bakhjulet på bilen var flatt. Det vart fiksa fort.

– Vi arbeider til vi er ferdige og skriv ikkje overtid. Vi avtalar ein fast timepris før vi byrjar, seier Ronny Brandsøy. No når høve byr seg antydar han at det er ein del her heime som han gjerne skulle sette at Kim-Henrik tok seg tid til å reparere. – No har eg fiksa både slåmaskina og traktoren, så no kan du ikkje klage på noko før jul, slår Kim-Henrik fast. Han bur på Årebrot, men er stort sett berre heime annankvar helg, når dei tre borna er hjå han.

– I denne bransjen er det det du skulle ha gjort heime du skyv på for å yte sørvis til andre. Vi skulle ha gjort ferdig hallen, slik at vi kunne ta inn båtar der, og badet Ronny byrja på i vår er halvferdig, slik er det berre, seier Marit Kleiven Brandsøy.

Fordel med lokale oppdrag

Ronny Brandsøy er samd i det, men gler seg over at mange lokale oppdrag gjer det mogeleg å rekke over meir. – Når eg skulle bygge molo for Rune Nordbotten i Botnane måtte vi ta omsyn til flo og fjøre og fjøstidene hans. Det let seg gjere fordi eg kunne fare heim og gjere noko anna, om det no var for andre eller meg sjølv. Ronny har meir enn nok å gjere med gravemaskin og lastebil her lokalt, og treng snekkar Adrian ei handsrekking kan far trå til der også.

I tillegg har Ronny snøbrøytinga på strekninga Villevik – Myklebust. Det kan til tider vere store skilnadar i ver og føreforhold på denne strekninga. Det er ikkje alltid like lett å vite at det ligger 20 cm snø i Vindspollen, når vegen her er fri for snø. – Då er det veldig kjekt at folk langs ruta ringer og tipsar meg om at føret er dårleg her og der. Det gjer jobben min så mykje lettare, seier Ronny Brandsøy.

Adrian Brandsøy er glad for at han vart med i familiefirmaet, og stadfestar at han måtte lokkast med eigen  firmabil.

Lovnad om firmabil avgjorde

Adrian Brandsøy er ikkje med i praten kring kjøkkenbordet på Årebrot, han bur i Florø og eg møter han måndag morgon i arbeid med ei ny sjøbu i Nordbotten. Han arbeidde sju år i Recover i Florø, med reparasjon av forsikringsjobbar, og hadde lyst til å starte for seg sjølv som snekkar. Familien ynskte å ha han med i Brandsøy Maskin, men han drog på det heilt til faren lova han eigen firmabil. Då var det greitt.

– Det stemmer, og det har eg ikkje angra på, seier Adrian. – Det er praktisk å vere ein del av eit familiefirma, rein luksus å kunne konsentrere meg om jobben som skal gjerast. No har vi tilsett ein tømrar til som skal byrje i løpet av hausten. Det er arbeid nok til at vi kunne tilsett to, men det er ikkje lett å få tak i fagfolk.

Også Adrian rosar faren for å ha lært han godt opp, og med skule og læretid i Florø Bygg er det alt 12 år sidan han fekk svennebrevet sitt. Han trivst godt i snekkaryrket, sjølv på kalde regnversdagar som den dagen eg møter han. – Det er meir enn nok å gjere, eg har fleire på venteliste. Eg er heldig som har tolmodige kundar og det er kjekt når folk er fornøgde med arbeidet, sjølv om dei må vente.

– Kva oppdrag er det du tek på deg?

– Heile nybygg er for stort. Det går mykje i rehabilitering av hus og hytter, og tidvis større oppdrag. Til dømes bytte eg nyleg om lag 65 vindauge på fasaden til EL-kjøpbygget i Florø. Det er i Florø og området frå Myklebust til Villevika eg har teke på meg mest oppdrag, så langt, og eg vert ikkje arbeidslaus med det fyrste, seier Adrian Brandsøy.

 

Moloen i Nordbotten der Ronny Brandsøy måtte tilpasse arbeidet til flo og fjøre. No gjer snekkarsonen Adrian sjøbua ferdig utvendig.  

 

Tekst og nokre foto: Magni Øvrebotten, 26.07.26.

 

1. august 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-08-01 21:36:512026-08-01 21:36:51– Vi kjenner ikkje til bygdedyret
Aktuelt, Arkiv

– Vi blir aldri arbeidslause

Skifertaket er endeleg på plass.

Etter fem år med mykje att og fram er skifertaket på plass på huset i Storevika. Det kom på 680.000 kroner og vi spør Siv Elise Gulestøl og Eddy Robertsen om «gode råd» for andre som har planar om å byte tak på gamle hus. – Vi har lært på den harde måten, slår Siv Elise Gulestøl fast og fortel om røyndommen. – Ja, men vi fekk dekka meirkostnadane med skiftertak, legg sambuaren Eddy Robertsen optimistisk til. Frå hausten av skal dei bu mest i Storevika for å få gjort meir med alle planane dei har for staden. – Vi blir aldri arbeidslause, slår dei fast.

Dei skryter av samarbeidet med Kulturminnefondet og minnest diverse taktekkarfirma med gru. – Kulturminnefondet var veldig opptekne av at vi skulle bruke lokale firma, handle lokalt og bruke om att så mykje takstein som råd. Men det synte seg vanskeleg å få til i praksis, særleg det med lokale fima, seier Eddy Robertsen.

– Den lokale snekkaren Adrian Brandsøy kunne diverre ikkje ta det på seg, men har likevel hjelpt oss mykje under vegs i å gjere ulike vurderingar. Heretter kjem vi til å bruke det lokale familiefirmaet Brandsøy (på Årebrot), sjølv om vi må vente til dei har tid. Andre firma mista interessa når dei skjønte kor «usentralt» Storevika låg, då gadd dei ikkje kome, og det var ein for stor jobb for eit einmannsføretak. Det fyrste bodet vi fekk og godtok var på 225.000 kroner, men firmaet møtte aldri opp, fortel Siv Elise Gulestøl og minna om alt styret med å få det til strøymer på. Ho var nøydd til å fylgje med heile tida og det vart mange turar mellom Horten (der dei bur) og Storevika, for ikkje å snakke om hennar 250 e-postar! Ho skaffa seg advokat for å kome trygt i mål og sjølv advokaten byrja få nok av alt styret før dei var ferdige.

Garden har vore i familien til Siv Elise Gulestøl i fleire generasjonar.

Siv Elise Gulestøl såg ei lysing for firmaet Takbytte i eit blad Huseiernes Landsforbund gjev ut og tenkte det skulle gå greitt sidan Huseiernes Landsforbund «gjekk god for dei» med å la dei lyse i bladet sitt. Dei skulle kome til Storevika før påske i fjor, men dukka ikkje opp. Det synte seg at dei hadde sett vekk jobben til eit anna firma og det sette den vidare til eit tredje. – Dei som kom var eit lite nyskipa firma frå Bergen, ein mann frå Polen som hadde med seg kona og ein hund. Då eg kom hit dreiv han og kasta ned skifter frå taket, skifer som vi skulle bruke om att. Og det var berre stillas på ei side av huset. Eg måtte beordre stans i arbeidet, og alt synte seg å vere gjort feil, bortsett frå sutaket. Men reglane er slik at firmaet måtte gjere ferdig arbeidet før vi kan reklamere på det. Firmaet gjekk konkurs og fyrst då sette Takbytte, som hadde sett vekk jobben, inn eigne og dyktige folk, og gjorde om att det heile med godt resultat. Heldigvis var det dei vi hadde fastprisavtalen med, seier Siv Elise Gulestøl. Ho trur firmaet må ha hatt store tap på at arbeidet måtte gjerast på nytt. – Men utan den hjelpa vi fekk frå Adrian, Kim og Ronny (Brandsøy) hadde ikkje dette gått, slår Gulestøl fast.

– Det har vore ei påkjenning

Anbodet på taket var 680.000 kroner og det var huseigar sin jobb å skaffe tidsrett skiferstein i tillegg til den som kunne brukast om att. Skiferen fekk dei kjøpt i Naustdal, som i denne samanhengen må reknast som lokalt. Ved oppstart av arbeidet betalte dei 40 % av kostnadane, når arbeidet var kome halvvegs nye 40 % og 20 % når det var avslutta. – Vi hadde altså betalt mykje før alt arbeidet måtte gjerast på nytt, og sjølv om vi hadde fastprisavtale med «moderfirmaet» har det vore ei skikkeleg påkjenning. Det har vore tungvindt å fjernstyre denne prosessen og stundom har eg vore så fortvila at eg har lurt på kvifor eg gjer dette, seier Siv Elise Gulestøl.

– Kvar er det pengar å hente til å byte tak på gamle hus?

– Vi søkte og fekk pengar frå Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI, det er ei stifting som mellom anna gjev støtte til vern av historiske bygningar. Kulturminnefondet er særleg opptekne av å gje støtte til restaurering av skifertak for dei er truga av utrydding, det vil seie at folk vel rimelegare løysingar når dei skifter tak på gamle hus, seier Eddy Robertsen.

– Kor mykje fekk de?

– Vi fekk godkjent inntil 200.000 kroner frå Kulturminnefondet og 40.000 kroner frå UNI til taket. I tillegg fekk vi 30.000 kroner frå UNI til brannsikring. Det var til restaurering av pipe og mur slik at eldstaden fungerte. Totalt fekk vi 270.000 kroner og det dekka meirkostnadane med å legge skifertak. Men alt styret det vart med arbeid som måtte gjerast om att og fristar som stadig måtte utsettast følte vi at vi stod fram som useriøse typar, særleg i høve til Kulturminnefondet. Dei har vore veldig greie med oss og vi fekk firmaet Takbytte til å ringe dei og forklare at mykje hadde gått gale, seier Siv Elise Gulestøl. Etter reglane skal prosjektet du får pengar til vere ferdig innan eitt år. Arbeidet med taket i Storevika skulle vore ferdig i juni 2025, men vart det ikkje før i februar 2026.

 

Huset i Storevika er frå kring 1934, pluss minus, seier Siv Elise Gulestøl.

I utgangspunktet er det bygningar som er over 100 år som kan få slik støtte til byte av skifertak som huset i Storevika har fått, men hus bygde på 1920- og 30-talet kjem også inn under ordninga. Kulturminnefondet har strenge reglar, til dømes kan du ikkje bruke impregnert materiale om du vil ha pengar frå dei, og i Storevika kunne dei ikkje få tilskot til pipebeslag (hatt) fordi det ikkje var det frå.

Eddy Robertsen har vore nestleiar i Hovudutvalet for bygg, regulering og næring i Horten kommune, og kallar seg «hobbypolitikar» som varaordførar for Venstre. Bakgrunnen hans frå nett det hovudutvalet har vore gull verd i alle søknadane som har vore sende om tilskot til restaureringsarbeidet i Storevika. – Det har det nok, vedgår han, men det har også vore viktig at Siv Elise kan historia til huset og garden, for du må ha ei historie å fortelje når du søkjer om pengar til restaurering. Dette er eit typisk fiskarbondebruk og i søknadane har vi lagt vekt på at vi vil ha fram att kulturlandskapet, til dømes med å grøfte jordstykket som høyrer til garden.

– Vi vert aldri arbeidslause her, slår ho fast. Ho er oppteken av å gjere skikkeleg arbeid slik at dei tre døtrene slepp å styre med så mykje når dei tek over. No satsar dei begge på å vere meir i Storevika for å gjere ferdig det som står att på huset og stelle dei andre bygningane på garden. Eddy drøymer om å få oppatt løa, ho om drivhus. Og så skal det grøftast og ho treng meir stein til murane i tunet. Nett no er ho i manko for stein! Men det reknar dei med å finne rikeleg av på jordet dei driv og ryddar før grøfting.

 

 

Det ligg også to hytter på garden som skal restaurerast for utleige.

Studiar og kontoret i veska
Siv Elise Gulestøl er spesiallærar i den vidaregåande skulen og frå hausten av skal ho studere rådgjeving og danning som fjernstudium med base i Storevika.  Eddy er i den heldige situasjonen at han har kontoret med seg i veska. Han driv med sal og utvikling av programvare for HMS og tryggleik. – No skal eg ha hovudkontor i Storevika, ler han. – Eg elskar å vere her, er heilt nyfrelst. Eg er ikkje versjuk og likar storm. Eg er oppvaksen i Vestfold og har segla mykje. Og i mine auge ligg Storevika nokså sentralt, det er berre ein halvtime herifrå til flyplassen i Florø.

Dei ser føre seg å drive med utleige av husa i Storevika, i alle høve dei to hyttene på eigedommen. No når turistar oppsøkjer styggever framfor godver, regn framfor sol og kjøleg ver framfor varme trur dei det vil vere framtid i å drive med turisme på våre kantar.

Meir om garden i Storevika i dette intervjuet med Siv Elise Gulestøl og dei to eldste døtrene i 2019. 

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 19. juli 2026.    

24. juli 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-07-24 08:30:052026-07-24 10:26:38– Vi blir aldri arbeidslause
Aktuelt, Arkiv

Ny kjekk Bygdehelg!

Les meir
15. juli 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-07-15 10:31:112026-10-06 13:12:26Ny kjekk Bygdehelg!
aktuelt

Bygdehelga 10.-12.juli 2026

Digital versjon av  Programmet

 

 

20. juni 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-06-20 09:32:152026-06-20 09:32:15Bygdehelga 10.-12.juli 2026
aktuelt

Endeleg 60 km i timen?

 

Her i Sørbotten er vegen smal, det fleire utkøyrsler og hus står nær vegen. No kan det endeleg verte redusert fartsgrense, frå 80 til 60 km/t.

Statens vegvesen avgjer

No kan endeleg fartsgrensa på delar av vegen gjennom Botnane verte redusert frå 80 til 60 km/t! Det er teke opp fleire gonger tidlegare, men avslag kvar gong. Men no har

Vestland fylkeskommune kome til at det er grunnlag for å sette fartsgrensa til 60 km/t på vegen gjennom Nordbotten og Sørbotten og har sendt innstilling til Statens vegvesen om det. Og det er dei som avgjer etter å ha høyrt kva Bremanger kommune og politiet meiner om det. Dette skriv dei i eit brev til grendalaget som tok opp spørsmålet i brev til fylkeskommunen i mars månad.

Fylkeskommunen meiner det ikkje er grunnlag for å redusere fartsgrensa mellom Nord- og Sørbotten og på delar av strekningen sørover frå Vikja til Villevika.

Bruka rekneark

Fylkeskommunen vurderer fartsgrense utifrå gjeldande fartsgrensekritererier,  sjølv om dei  ser at desse ikkje passar «godt inn i gjeldande standardar og normalar»

Med å bruke eit rekneark for utrekning av fartsgrense 60 km/t får fylkeskommunen fram at «fartsgrense 60 km/t er anbefalt for vegen gjennom Sørbotnen» Dei får ikkje same utslaget på vegen mellom Nord- og Sørbotten, og dei ser at Nord- og Sørbotten er «relativt like med omsyn til tettleik av avkøyrsler og bustader». Difor vert konklusjonen til fylkeskommunen at «fartsgrensa bør setjast til 60 km/t begge stadane.»

For strekningen vidare sørover er det færre avkøyrsler, lågare tettleik, bustadene er spreidd og heller ikkje annan aktivitet som tilseier at fartsgrensa bør setjast ned.

Kopi av brevet er sendt til Bremanger og Kinn kommune.

Som i Sørbotten er vegen her frå Sletten og vidare til Nordbotten smal, her er fleire utkøyringar og her er hus tett på vegen. Også her foreslår fylkeskommunen å redusere fartsgrensa til 60 km/t.

NB! Fylkeskommunen brukar Sørbotnen og Nordbotnen slik namna er skrive på kartet, men folk seier Sørbotten og Nordbotten. Difor brukar vi dei her.

Av Åsmund Berthelsen, leiar i grendalaget

7. juni 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-06-07 09:14:232026-06-07 09:14:23Endeleg 60 km i timen?
aktuelt

Elevar på Botnane skule januar 1927 til juni 1975.

Elevar Botnane skule 1927-75.

 

 

6. juni 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-06-06 11:19:582026-06-06 11:28:08Elevar på Botnane skule januar 1927 til juni 1975.
Side 1 av 34123›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top