
Styret for Botnane og Årebrot grendalag har vedteke å ta ned dei to brakkene ved Årebrot grendahus. Den eine var sløydbrakke då det var skule der, og den andre var tenkt som lokale for ein ungdomsklubb. – Dei har stått ubrukte lenge og vi har nok hus å halde ved like elles, difor vil vi ha dei vekk. Og vi jobbar med å få nokon til å ta dei ned, seier Nina Seljestokken, nestleiar i grendalaget.
– I røynda er det fire brakker, to i sløydbrakka og to i ungdomsklubben. Og dei som er interesserte i dei, må sjølve ta ned og får det av materialar som kan nyttast . Vi vil ha dei vekk denne våren, seier Seljestokken.
– Kva utstyr er det i brakkene?
– Den gule ungdomsklubb-brakka er tom, ho står sør om grendahuset, ved brakkeriggen til steinbrotet. Den lyseblå sløydbrakka står ved vatnet, rett nord og ned frå inngangspartiet til Årebrot grendahus. Der er det mellom anna fire høvlebenkar tilpassa barn, elektrisk stikksag, lita søyleboremaskin, lita bandsag, handsag, tvinger, lampar og diverse anna. Men ingenting er «siste skrik» i utstyr, men vi håpar å kunne få inn litt pengar for dette utstyret.

Frå venstre Birthe, Elisabeth, Bolette og Karen. Foto: Rune Nordbotten.
Elisabeth Ruud Nordbotten har vore lærar ved Svelgen skule i 25 år, og før det arbeidde ho som førskulelærar frå 1987. I 1996 gifta ho seg med Rune Nordbotten, i Botnane, og frå 1998 til 2002 fekk dei tre døtrer; Bolette Maria, Birthe Johanne og Karen Betine. Elisabeth kan ikkje ha snakka ned læraryrket for alle tre døtrene har satsa på det. Dei to eldste arbeider som lærarar og yngstejenta går siste året på utdanninga for barnehagelærarar på Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
– Det kan vere uttrykk for dårleg fantasi også, ler Elisabeth, ein kveld i romjula der eg har bedt dei fire om ei prat om læraryrket. Døtrene har på førehand gjeve beskjed om at dei har lite å tilføre samtalen, men det er sjeldan å møte ein så lettsnakka og engasjert gjeng som dette. – Det er vel eg som er stillast, eg tek meg stundom i å rette opp handa for å få sagt noko, slik eg gjorde som liten, seier Karen.
– Dei har i alle høve sett at det er mykje arbeid å vere lærar. Men eg sat vel mest med arbeidet etter at dei hadde lagt seg. Ved Svelgen skule var vi heldige og fekk kvar vår PC tidleg. Dåverande rektor sa at for han var det nett det same kvar vi sat med arbeidet, om det var på månen eller heime, berre det vart gjort, fortel Elisabeth. Etter mange år som førskulelærar fekk ho lyst til å arbeide med større barn og tok vidareutdanning i 5-10-årspedagogikk, matte 1.-7. klasse og grunnleggande lese- og skriveopplæring.

Systrene Birthe, Bolette og Karen. Bolette er eldst, deretter Birthe og Karen.
– Har de kjent på press om å bli lærarar?
Det er dei tre døtrene samstemte i at dei ikkje har kjent på, korkje om å bli lærar eller bonde, slik foreldra er. – Det er vel helst eg som har skremt dei av frå bondeyrket, skyt pappa Rune inn, med å arbeide seint og tidleg. Døtrene minnest det som kjekt at både mor og far var der i skuleferien, som også betydde slåttonn for alle. Dei hadde også Besta og Besten (Kari og Johannes Nordbotten) rett ned i vegen og hugsar bestefaren formante dei om å ikkje la seg presse til yrkesval dei ikkje ville sjølve. Det har heller ikkje foreldra gjort.
Bolette hugsar at dei likte å leike skule og at mora gav dei oppgåver som høvde til leiken. For henne har det alltid vore eit alternativ å bli lærar. Men ho prøvde seg også i Heimetenesta for å tene litt ekstra pengar under utdanninga, og vart då også sikrare i valet sitt. Ho studerte fleirkulturell forståing ved NLA høgskulen i Bergen og tok deretter lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen, for alderstrinna 1.- 7. klasse. Ho søkte og fekk fast jobb ved Svelgen skule før ho var ferdig med studiet i Bergen.
Våren 2024 flytta Bolette Nordbotten Espedal heim til Botnane med mann og to barn, og pendlar no Botnane-Svelgen saman med dei to borna, mora Elisabeth og stundom ei nabojente. Om dei to lærarane skal ha møte, eller arbeide utover skuletida, blir borna på fire og 1,5 år henta i barnehagen av far Fredrik eller bestefar Rune. Det er som regel kvar tysdag det skjer.

Bolette Maria Nordbotten Espedal.
– Eg hadde ikkje fått meg fast jobb så tidleg om vi hadde blitt verande i Bergensområdet, men utanfor dei store byane og pressområda tek dei mot utdanna lærar med opne armar, seier Bolette. Ho likar seg som kontaktlærar i 4.og 5.klasse, som er slegne saman i Svelgen. Ho underviser i norsk, matte, engelsk, gym, mat og helse, KRLE, og kunst- og handverk. – Det er mange gode møte med barn når dei viser at dei har tillit til deg, og det er ein jobb å bygge denne tilliten både med borna, dei i mellom og foreldra deira.
Skulen brann ned i oktober
Birthe Nordbotten ville ha eit yrke der ho fekk arbeide med menneske, men hadde ikkje noko brennande ynskje om å bli lærar. Men ho tok likevel lærarutdanning ved NTNU i Trondheim, og eit årsstudium i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. I haust flytta ho til Sørreisa i Troms, midt mellom Senja og Bardufoss, saman med ei studieveninne. Der byrja Birthe som lærar for fyrste klasse. Sørreisa barne- og ungdomsskule er den einaste skulen i Sørreisa kommune, etter at fleire skular vart lagt ned for eit par år sidan. Det er ein skule med 400 elevar og 70 tilsette.
– Vi hadde kome godt i gang, men søndag 26. oktober brann delar av skulen ned. Det var den delen der skulefritidsordninga (SFO) og barneskulen held til som gjekk opp i røyk. Heldigvis skjedde det ein søndag, ingen vart skadde og brannårsaka var feil på det elektriske anlegget. Vi slapp spekulasjonar om brannen var påsett, i staden skapte brannen samhald og alle har stilt opp for å hjelpe.

Birthe Johanne Nordbotten.
– Kvar underviser du fyrste klasse no då?
– SFO og fyrste klasse held til i kapellet, i ein kjellar. Vi er dobbelt så mange som det er plass til. Difor er vi ute halve dagen. Det går fint det, men vi må improvisere heile tida, så eg har svært god nytte av årsstudiet i friluftsliv. Kontor- og ungdomsskulebygget var nyoppussa for nokre år sidan og overlevde brannen, det var den eldste delen av skulen som brann.
Karen var mest i tvil
– Av oss tre er det vel eg som har vore mest i tvil om kva eg skulle satse på, seier Karen Nordbotten, som går siste året på utdanninga for barnehagelærarar på Høgskulen på Vestlandet i Bergen. – Eg hadde ikkje lyst til å bli barnehagelærar før eg vart tante og oppdaga kor kjekt det er å vere saman med, og leike med, ungar. Mange på studiet vil ta master med det same, etter at vi er ferdige med dei tre åra til våren, men eg vil ut i arbeidd før eg eventuelt tek meir utdanning.
– Du vil prøve yrket i praksis?
– Ja, no har vi ein god del praksis i sjølve studiet og eg har likt meg godt dei plassane eg har vore. Ungane har ofte mykje artig å fortelje. Nokon barn tek meir plass enn andre og sidan eg har vore litt beskjeden sjølv prøver eg å høyre også på dei som seier lite, kanskje ikkje noko i det heile, seier Karen. Det ho gruar seg mest til er foreldresamtalar, stort ansvar og det å ta opp vanskelege ting med både barn, foreldre og kollegaer.

Karen Betine Nordbotten.
Her kjenner systrene seg godt att. Dei trur alle nyutdanna gruar seg mest til å møte foreldra til borna, særleg dersom det er problem av noko slag. Studentane får øvd på det både i utdanning og praksis, å snakke om positive og negative ting med både barn/elevar og foreldre, men når ein skal i elden for fyrste gong åleine kjennest det tøft, slår dei fast.
– Tyngda av dei som arbeider i barnehagar er ikkje pedagogar, men mange av dei har mange års røynsle med å arbeide med barn, ofte i den aktuelle barnehagen. Då er det ikkje alltid så enkelt å kome der som nytilsett, nyutdanna pedagog og skulle til å praktisere det ein har lært på studiet, seier Elisabeth.
– Eg har vore heldig der eg arbeider, eg er nesten aldri åleine i klasserommet. Det er 33 elevar i fyrste klasse, fire lærarar og ein assistent. Fire av elevane kjem frå Ukraina og skal lære seg norsk heilt frå grunnen av. Det er ein fin klasse, lett å bli kjend med og trygg på, seier Birthe.
Leiken på veg attende i skulen?
Elisabeth Ruud Nordbotten byrja som barneskulelærar berre nokre år etter at 6-årsreforma vart innført i 1997. Ei reform forskarane ikkje har funne nokon framsteg med. Tvert om er det mykje som tyder på at ho har skapt mange skuleleie barn og ungdomar, og er ein viktig grunn til at mange ikkje fullfører vidaregåande skule. Dei fire rundt bordet i Garden ynskjer leiken velkomen attende i skulen og håpar at det no vert gjort alvor av det.

Elisabeth Ruud Nordbotten.
– Då snakkar vi om fri leik, ikkje styrt av vaksne. I den grad vi klarer å få ungane til å leike i barneskulen kan vi hindre at dei hoppar av i den vidaregåande skulen. Det å bevege seg i terrenget er bra for læring, særleg i ulendt terreng, seier Elisabeth.
– I Sørreisa startar vi kvar dag med ein times leik og kvar fredag er vi ute med borna heile dagen. Borna har godt av å kome ut av skulegarden og ut i skogen eller ned i fjøra. Det går godt an å drive med både bokstav- og talundervising der. Ber vi ungane om å finne så mange steinar at dei kan forme ein S, så er det eit heilt anna engasjement enn når dei sit ved pulten og skal skrive bokstaven, seier Birthe engasjert. Dette har ho verkeleg fått prøvd i praksis i haust etter at skulen brann ned. – Det er merkbart mindre konflikter når borna leikar ute på uteskule mot når dei berre er ute i skulegarden. Å vere ute i naturen er roande, for ein seksåring er det å sitte i ro mest naturstridig, seier Birthe.
– Både barnehage og skule har endra seg mykje på dei snart 40 åra du har drive som lærar, Elisabeth?
– Ja, veldig. Både barnehage, skule, elevar og foreldre har endra seg mykje. Det har alltid vore eit stort ansvar å vere lærar, men det har ikkje nett minka. Vi skal takle veldig mange ulike problem, og helst sjå dei og gjere noko med dei før dei vert for store. Kva skal borna minnast frå skuletida si? Burde vi gjort meir for den eleven, eventuelt kva? Korleis sikrar vi at elevane i alle høve har ein vaksen dei kan ha tillit til? Det kan vere overveldande spørsmål å tenke på, seier Elisabeth.
– Kvernar slike spørsmål ofte rundt i hovudet etter avslutta skuledag, Bolette?
– Med to små barn i bilen heim og rundt meg når eg kjem heim får eg lite tid til å tenkje på anna enn dei. Eg har det med å drøyme om jobben og då drøymer eg ofte om at eg har gløymt å førebu noko. Som kontaktlærar er det mykje anna enn undervisinga å tenke på.
Det er ein snakkefør gjeng som sit rundt bordet og tre av fire har strikka samstundes, her er det openbert god trening i å gjere fleire ting samstundes. Dei vedgår at det vert mykje «pedagogikk-snakk» når alle er heime. – Trur pappa kjenner seg litt utanfor stundom, sjølv om han også kan hive seg inn i diskusjonane våre, seier Birthe spøkefullt og kikar bort på Rune, som nett har kome inn frå fjøsstellet.
Intervju 30.12.25. Magni Øvrebotten
Foto: Rune Nordbotten, 02.01.26.

Minne er usikkert og stundom minnest ein ting som ikkje har hent eller vore slik ein minnest.
På 1950 og 60 talet var vintrane kalde, serleg etter jul. Januar, februar, ja, like ut til slutten av mars og byrjinga av april låg det snø og det kunne vere farande is på vatna. Var det ikkje det då? Vintrane når isen låg på vatnet var det laurdags- og sundags-kveldane fullt av folk på isen på Kvievatnet. Fullt av folk? Det kan det ikkje ha vore. Det var ikkje folk nok til det. Men der det mest ikkje er folk skal det ikkje så mange til før det vert fullt. Det er nok det som verkar i minnet.
Fire frostnetter og dagar etter at isen hadde lagt seg skulle isen vere trygg. Gode fire tommar. Far min gjekk over vatnet og prøvde med øksehammaren. I firetida på ettermiddag kom dei hine ungane. Då hadde dei vore heim etter skulen og glefst i seg middagsmaten. Så rett av stad til vatnet. Reima på seg skøytene og la i veg ut over den mørke, blanke flata. Sjølv har eg alle dagar vore ein klums så å gå på skeiser lærde eg aldri. Men på isen var eg så lenge dei hine var der. Ein var sjølvsagt avundsjuk på dei som kunne skli av garde som ingen ting, leggje hendene på ryggen og berre sparke i veg så isspruten sto kring skøytestålet. Dei som kunne alt det dei snakka om i radio når det var skeiselaup. Den gongen varde ein 10 000 meter ein heil ettermiddag. Åh, dei kunne gjere åttetal så lett som ingen ting. Men når ein hadde laga bane og skulle ha laup og take rundetider, så var det eg som hadde knallpistol.
Skulen låg den gong så nær vatnet at det var berre over Håjen så kunne ein i matfriminuttet, om ein nøyte seg og tok skjeva i neven og åt medan ein sprang, så kunne ein få teke seg nokre rundar på Isen. Det var i helgane, når det var fint ver, at der kom vaksne på isen. Det som måtte vere av ungdom, det kan ikkje ha vore mange, men der var. Dei kunne finne på uvanlege ting som å tende opp bål på steinen i vatnet. Svarte skuggar glei ut og inn av det flakkande lysskinet. Lyden av skeiser mot is, lukta av sur brannrøyk, rå ved og solar. Dei kunne halde på lenge etter at vi småungane var sende eller jaga heim. Sjølv dei eldste av oss var småungar når dei kom.
På sundagane kom dei verkeleg vaksne og til å med dei gamle, eller rettare dei vi helt for gamle. Dei hadde ikkje skøyter for dei var ikkje komne for å renne, men for å treffe folk. Isen var det ein i dag ville kalla for ein møteplass eller sosial arena. Det visste ikkje folk den gongen, dei berre kom. Nokon av desse vaksne hadde skeiser med og dei tok dei til og med på seg og gjorde nokre svingar no og då for å syne at dei enno kunne gamle kunster og skrytte av kor lenge det var sidan sist, og at det var mest eit under at dei framleis kom i frå det med live, og med beina heile. Av dei vaksne var det berre karane som gjekk på skeiser. Så vidt eg kan hugse. Det gjekk rett nok rykte om at det var eit par vaksne jenter som rende på skeiser, men det var før dei var gifte. Det var rett nok før krigen ein gong. Den eine var mi tante Magnhild og så ei sør i Sonde. Dei var visst nok så flinke at nokre av gutane ein dag hadde teke og gøymt skeisene deira. Sportsmateriellet var etter våre dagars mål heller enkelt, det var snabelskeiser med reimar og så eit par som hadde langrennsskeiser med reimar. Det var svære greier. Jentene var av ein eller annan grunn utstyrte med bandy- skøyter. Ein måtte mest ha beksaumar på om skøytene skulle sitje. Reima skøyter på gummistøvelar var dårleg sort, og dessutan kaldt. Skulle det sitje så nokolunde måtte reimane stramast så det gjekk ut over blodomlaupet.
Det leid til fjøstid. Himmelen raudna vest ute over Skorpa og Batalden, og Urahåjen sto skuggesvart. Heia, Gulskarnipa og Futenipa, i det siste rosa skinet av solefallet. Lyden av stålis drøna frå luft under isen. Ropa røystene frå dei inn under Rabbane, som var så langt borte at ein ikkje kunne høyre kva dei sa. Dei som hadde fare like inn på Eide og heilt inn på Rundevatnet, der det var ein liten holme med to tre på. Dei som var så lang borte at dei gjekk i eitt med skuggane og mørkret, før dei kom susande på skjerande blankt stål . Hei ! Det som ikkje hadde fjøsstell og anna å anke på heime, kunne halde ut til lenge etter att det var mørkt før dei tende lommelyktene og tusla seg heim. Og isen låg still og blank og spegla utepæra på Løype.
Fridtjov Urdal, 1. nyttårsdag 2026.
Det er eit utsagn eg føler oppsummerer intervjua eg har hatt med tre av dei fire borna til folkeskulelæraren min, Knut Gulestø. Han var lærar på Botnane skule frå 1959 til 1974 og budde med familien sin i Gulestøa, ein då einbølt gard nord om Botnane. Dit kom det veg same året som til Botnane, i desember 1993. Fram til då måtte ein i båt same kvar ein skulle. Med tresnekka Fix, på 24 fot, reiste Knut fram og attende Gulestøa-Botnane kvar skuledag, med opp til tre av borna i båten samstundes. Eg hugsar at vi stod i glaset heime og speida etter båten hans når det var skikkeleg galever. Korleis var det då å vere ombord?

Gulestøa. Foto: Privat.
Linda Gulestø: – Såg på far min som ein Gud i båten
Linda Gulestø (1954) er eldst av dei fire borna til Johanne (1933-2016) og Knut Gulestø (1930-2008). Hausten 1961 byrja Linda på skulen og minnest at ho fyrste tida var med far sin i eit ope, lite raudt eggeskal av ein båt, som det ikkje var forsvarleg å gå vinteren i møte med. Men Linda var ikkje redd, for ho såg på far sin som ein Gud i båten.
Den hausten kjøpte Knut Gulestø seg ein Tresfjord båt, som fekk namnet «Fix», ein båt han brukte i alle dei 15 åra han var lærar i Botnane. På Fix vart det frå fyrst av bygt ei treråme framme med presenning over, for å livde for verste vinden og sjøsprøyten. På godversdagar kunne båtreisa Gulestøa-Botnane vere ein roleg og fin tur langsmed land, men i styggever var det alt anna enn roleg. Linda likte seg best i styggever, godver var kjedeleg. Ho hadde med seg bok for å forkorte tida.
– Eg kan ikkje hugse at eg var redd nokon gong, eg tykte det var spennande å vere med. Eg trur eg såg på far min nærmast som ein Gud i båten. Når han var roleg så var eg det óg, fortel Linda. Ho opplevde ingen av dei motorhavaria som brørne var med på, men hugsar ein gong at presenningen datt ned over henne og broren Kåre Johan (1957). Seinare vart det bygt eit overbygg på Fix.

Fix på veg mot land ved nausta i Gulestøa. Foto privat.
– Du opplevde aldri at far din var redd?
– Nei, eg hadde aldri inntrykk av det. Den gongen hadde eg ingen tanke for kor redd mamma må ha vore mange gonger. Det skjønte eg ikkje før eg sjølv fekk barn. På det meste var tre av oss med pappa i båten, men dei fleste åra var vi to. Og pappa skulle på jobb og vi på skulen same kva ver det var.
– Mor di fortalde at det var to gonger ho truga med å reise frå Gulestøa for godt om han drog, og då vart de heime?
– Ja, ho skal ha pakka kofferten to gonger for å dra om han reiste i det galeveret som var. Det var tydelegvis ikkje ein trussel ho brukte ofte sidan han tok det på alvor dei to gongene. Mamma var oppteken av at vi ikkje skulle merke slike diskusjonar mellom dei, men stemninga fekk vi no med oss!

Familiebilete frå 2000. Johanne og Knut framme, Frå venstre bak: Kåre Johan, Sven, Linda
og Terje. Bilete er skanna frå Bremanger bygdebok. Band II.
– Og i Botnane gjekk vi og såg etter båten til Knut når det var styggever.
– Ja, eg hadde inntrykk av at bygda passa på oss. Eg trur Alma Sande ringde mamma så snart ho såg i båten vår når det var skikkeleg styggever. Eg har ei svak aning om ei overnatting i Botnane fordi folk overtalte pappa til ikkje å fare heim på grunn av veret. Eg gjekk heile oppveksten og ynskte at vi skulle bu i Botnane, særleg etter at eg byrja på skulen og oppdaga at det fanst andre ungar der!
– Brørne dine lærde seg tidleg å føre båten, kva med deg ?
– Du, det sveiv meg aldri å spørje om å få gjere det. Trur ikkje pappa hadde nekta meg det om eg hadde spurt, men tydelegvis såg ingen av oss det som naturleg. Eg hadde ingen tanke om å lære meg å legge til eller ta frå land med båten, men for brørne mine var det heilt naturleg å lære seg det. Men alle lærde at vi ikkje skulle ha sjøstøvlar på i båt.
Elles hugsar Linda ein gong ho og faren skulle til Kjelkenes og handle, noko dei gjorde ein gong i veka, og vart gåande rundt og rundt i skodda. Men også det løyste seg og dei kom fram. Ho vart ikkje redd på sjøen av oppveksten i båt, heller tvert om. – For nokre år sidan reiste eg med ei veninne med ein ribb-båt over Oslofjorden. Det var godt ver, men ribben slo og slo mot båra, og eg tykte det var nett som då eg var unge. Det var som å reise på skulen med båten vår, seier Linda Gulestø. (Intervjua 02.07.24.)
I songen «Dagane på skulen i Botnane» har Knut Gulestø sjølv skildra båtreisa. Det er ein takkesong på seks vers, truleg skriven til avsluttingsfesten for Knut då han slutta som lærar i Botnane i 1974. Dei to siste versa lyder slik:
Det hende at mi skute så reint for liten var,
når regnet small mot rute og vinden var så hard.
Men alltid var det husrom, og seng vart laga til,
slik var det alltid kvar eg kom. For det eg takke vil.
Og tidt det kom beskjed; ta berre borna med
og kom så att til middag for den er laga te`.
Når eg skal skrive songen om ei forgangen tid,
eg kan`kje gløyme gongen då eg lei havari.
Det var nok fleire vender at Fix var nær på grunn,
men alltid var det hender til hjelp i slik ei stund.
I stormen tryggleik var i kvart eit augepar
som følgde oss på ferda til vel i hamn vi var.

Terje Gulestø og Linda Gulestø sommaren 2025. Foto: Privat.
Terje Gulestø: – Vi hadde ingenting å hjelpe oss med
– Pappa var ein flink mann på sjøen og vi hadde ein solid båt som låg godt i vatnet, men det var likevel mange vågale turar mellom Gulestøa og Botnane, ikkje minst når eg tenkjer på at vi hadde ingenting å hjelpe oss med om det gjekk gale. Ingen redningsvestar, ingen flåte, ingen radio. Absolutt ingenting, fortel Terje Gulestø (1960). Han er nummer tre i syskenflokken i Gulestøa og rakk eitt år på skulen med storesyster og storbror i båten, og tre år til saman med dei to brødrene. Det var dei fire åra Knut Gulestø hadde med tre av fire born i tresnekka Fix til og frå skulen i Botnane.
Ei tid var det todelt skule i Botnane og den ekstra læraren budde i Sørgulen, og vart henta der om morgonen av Knut. Terje hugsar ei ung lærarinne frå Bergenskanten som må ha vore vanvittig redd for båtreisa i styggever, han skjønte det berre ikkje som barn. – Båten hadde berre kalesje, med eit lite firkanta vindauge framme med manuelle vindaugsviskarar. Der sat pappa med taumar og styrde båten. I Heianeset møtte vi storhavet, båten gjekk opp og ned i store bølger, opp og ned. Då treiv lærarinna tak i meg og sette meg på fanget sitt, og på dei verste bølgetoppane kneip ho meg veldig hardt. Trur ikkje eg skreik, sjølv om det gjorde vondt, men stakkars dame, ho må ha hatt det fælt.
– Vart du ikkje redd?
– Nei, eg har aldri vore redd på sjøen. Veit ikkje om eg er dumdristig eller ikkje har betre vit, men redd var eg ikkje. Men eg brukar stundom historia om denne lærarinna for å forklare folk korleis det var å ta seg fram med den vesle trebåten.
– Og utan redningsvestar?
– Ja, nei, det var ikkje vanleg utstyr for snart 60 år sidan. Trur det kom ei forskrift om at det skulle vere redningsvestar om bord, og då trur eg pappa overtok nokon frå syskenbarnet sitt, Kristoffer i Pollen. Han skulle byte dei ut, men dei var ganske ubrukelege til føremålet, men vi hadde dei med i båten. Det var ikkje mykje pengar å rutte med. Pappa hadde prøvt å få litt meir godtgjerdsle for å drive skuleskyss attåt lærarjobben, men utan særleg gjennomslag. Ikkje trur eg han hadde heilt trua på at det var noko hjelp i desse redningsvestane heller.
– De reiste i alt slags ver?
– Ja, i grunnen gjorde vi det. Pappa hadde ikkje radio i båten, og skulle i Sørgulen og hente den andre læraren, så vi ungane hadde i oppgåve å pugge siste vermeldinga før vi kom i båten nokre minutt over åtte. Det var ikkje berre lett å skjøne og hugse vermeldinga, vindretningar og styrke. Trur det var ustabile meldingar han fekk av oss. Og veret kunne skifte mykje frå morgon til kveld, og vi la til den kaia i Botnane som det var vindforhold til å kome seg i land på. Også heime i Gulestøa måtte det ofte til fleire forsøk før han kunne legge båten til lands. Det kom ikkje kommunal kai før i 1972, meiner eg å hugse. Før den tid var det berre ein steinvorr.
Tre havari i svartestilla
– Knut skriv i ein song om då han «lei havari» med Fix. Var du med?
– Ja, det er ei forunderleg historie. Det vart vel heile tre havari til saman. Pappa hadde skifta båtmotor frå ein Sabb på 4-6 hestekrefter til ein Marna, ein litt kraftigare motor. Det var ein norskprodusert motor frå Mandal, som pappa hadde blitt rådd til å kjøpe. Det gjekk bra ei stund. Det fyrste havariet var då veivakslingen brotna, ein støypt metalldel midt i motoren. Det var eit totalt motorhavari, som skjedde i blikkstilt ver. Han fekk tak i ein ny veivaksel, som også rauk ein dag det var heilt stilt. Pappa tok kontakt med dei som leverte desse veivakslingane, men dei tok ikkje på seg noko ansvar. Han måtte ha tre motorhavari med same type aksling før motorfabrikken vedgjekk at det var ein feil med den. Det skjedde alltid i stilla og pappa snakka mykje om kor svinheldige vi var med veret. Barn tenkjer ikkje så langt, så vi oppfatta ikkje kor gale det kunne ha gått om det ikkje var stilt. Det hadde vore rett i fjøresteinane om det bles.
Halvtimen det tok å reise frå Gulestøa til Botnane brukte dei til å pugge lekser. Båten rulla og gjekk, stampa og hoppa, og dei pugga salmevers og andre lekser. – Vi visste at vi var dei fyrste han spurde når timen starta. Vi tykte det var urettferdig, men han ville ikkje høyre frå andre foreldre at han favoriserte eigne ungar. Difor måtte vi til pers.
Terje hugsar at han misunnte borna i Botnane som kunne gå rett heim til middag, medan dei som skulle til Gulestøa gomla på ei turr skive dei hadde spart til heimreisa. – Heimturen kunne ta ei æve om pappa tok med tre-fire tømmerstokkar heim for å sage dei på sagbruket. Dei bremsa heile Frøysjøen, og sleit dei seg måtte vi snu og plukke dei opp. Vi gjekk heimover med ein fart på ein til to knop.

Johanne Gulestø. Foto privat.
– Mamma likte seg ikkje på sjøen
Johanne Gulestø var frå Bø i Vesterålen, men sjølv om ho var nordlending likte ho seg ikkje på sjøen. – Ho var ikkje med ut å fiske eingong, fortel Terje. Det var ho som stelte med sauene og kyrne og stod for den daglege drifta på garden, saman med borna. Etter at svigerforeldra døydde var ho åleine på garden når Knut og borna var på skulen eller vekke for vidare skulegang. – Mamma var nok ikkje av den mest lettskremde typen, men å sitte åleine på land er det verste. Det er då tankane tek over. Då ringde ho til Gunda i Pollen eller Alma i Botnane for å ha nokon å snakke med, sjølv om det var dyrt å bruke telefonen i den tid.
Skulen i Botnane vart lagt ned i 1975, og Knut slutta eitt år før for å ta lærarutdanning i Bergen. Det måtte til for å halde fram som lærar i Svelgen, sidan han ikkje hadde formell lærarutdanning. Etter at han byrja skule i Svelgen fekk Johanne seg arbeid på aldersheimen der og reiste med Knut i båten. – Sjølv om dei slapp å køyre forbi Heianeset når dei reiste den vegen kunne også den båtturen vere tøff. Eg hugsar vi prøvde å få han til å kjøpe overlevingsdrakter dei kunne ha på seg, men det skulle han ikkje ha noko av. Det berre bles han av, fortel Terje Gulestø (intervjua 16.12.25).
11. desember 1993 kom den lenge etterlengta vegen til Gulestøa og Botnane. Knut og Johanne var i 60-åra. Han hadde skrive tallause songar og prologar og ein av dei siste prologane han skreiv var til denne vegopinga. Den er med i boka «Berrføtt i tangskog», eit utval av dikt, prologar, kåseri og andre tekstar som borna fekk gjeve ut i 2019, med Grethe Johnsen som redaktør. Prologen om vegopninga har tolv vers og i det sjette heiter det:
For meg er saksa og snora
berre ein seremoni,
om ein ikkje kan knyte til orda
og minna frå gammal tid.
Ei glede kan ikkje bli fullendt forutan å vite
og også forstå;
at det er det beinharde nerveslitet
i fortid du byggjer gleda di på.

Vinter i Gulestøa. Foto: Privat.
Sven Gulestø: – Vi hadde mykje flaks
Sven Gulestø (1962) er yngstemann i syskenflokken i Gulestøa. Han trekkjer fyrst fram kor flotte båtturane kunne vere på godversdagar, særleg om vinteren. Å fare heimover i morelden var fantastisk, og når det var snø vart det eit heilt eige landskap. Men det var ikkje så ofte det var godver om vinteren. – Styggever opplevde eg som ubehageleg, men eg var aldri redd. Det var fordi pappa var så roleg. Eg hugsar eg følgde med på ansiktsuttrykka og rørslene hans, dei var rolege og då følte eg meg trygg. Pappa var dyktig og trygg i båten og på sjøen. Men som vaksen har eg tenkt at vi også må ha hatt mykje flaks, seier Sven Gulestø.

Dette bilete av Knut Gulestø er truleg teke tidleg på 2000-talet, ombord i ein nyare båt enn den omtalte Fix. Foto: Privat.
Til liks med Terje hugsar han havaria med båten Fix i godver. Då den tid kom at han og faren var åleine i båten minnest han ein gong dei miste roret utanfor Sletten. Dei var på veg heimatt og det var også ein finversdag. Vi hadde to gamle, små bildekk som fendear på båten, og vi hadde alltid med tau. Vi festa tauet i dekket og den andre enden høgt oppe på båten, og styrde med å presse tauet fram og tilbake, alt etter kva veg vi ville. Vi kom oss vel heim og det var ein nyttig og praktisk fysikktime for meg.
– Korleis hugsar du «redningsutstyret» om bord?
– Det var desse belta pappa hadde overteke etter Kristoffer i Pollen. Dei var i kork og lerret, kan ha vore frå krigens dagar for det eg veit? Hadde vi brukt dei i storver hadde vi garantert drukna. HMS-krav var ikkje påkome den tid vi farta Gulestøa-Botnane, men belta etter Kristoffer kom om bord fordi det kom krav til «sikkerheitsutstyr» i båtar som dreiv skuleskyss. Det gjorde både Kristoffer og pappa, men det var ikkje mykje pengar å hente i det. Og vi var vel eit godt stykke ut på 2000-talet før sikkerheita i småbåtar vart teken på skikkeleg alvor.
– Korleis hugsar du båten Fix?
– Det var to-tre utgåver av den båten. Fyrst var det berre vindskjerm på han, så kom det presenning framme og trevegg bak. Og så laga Norvald i Seljestokken overbygg og rekkverk til å halde seg i.
– Det kjendest vel som eit stort framsteg?
– Ja, absolutt. På Fix var det rorkjetting og den drog til den sida du svinga rattet. Men på Fix var det viktig å ikkje dra for hardt til, for då kunne kjettingen låse seg til ei av sidene. Det hende Terje og meg nær Kjelkenes ein gong. Det gjekk bra det også, Alf i Mulida kom til og hjelpte oss.

Sven Gulestø med eigenkjøpt Wrangler jeans og vest, klar til tur med båten Fix. Foto: Privat.
– De gutane fekk altså ta ut med båten åleine?
– Å, ja då. Vi reiste med den båten frå 11-12 års alder. Det må vel helst seiast å ha vore uforsvarleg tidleg. Men båten hadde ikkje den farten som båtar har no, og vi kjende nok på ansvar for å fare fint med båten til far. Når vi var på veg ut døra brukte han å minne oss om at vi ikkje måtte dra for hardt til. Pappa var oppteken av at vi skulle lære oss å takle både båtar, vind og sjø, og lukkast bra med det. Båt var det einaste framkomstmiddelet vi hadde om vi skulle til og frå Gulestøa, så medan andre lærde seg å køyre bilen til far, lærde vi båten.
– Gjorde du også lekser på veg til skulen?
– Det gjorde eg sikkert. Men eg hugsar best at eg gjorde lekser på veg heim, i alle høve leseleksene, slik at eg hadde fri heime. Elles så var eg ein lesehest og hadde med bøker om tida fall meg lang. Heime likte eg å vere med mamma i fjøsen og stelle sauene, stutane og den eine kua eg hugsar, som vi vel hadde for å halde oss med mjølk. Ho hadde så store og sørgmodige auge, og må ha blitt horngamal.
Sven hugsar at faren ville vere for seg sjølv på saga eller med anna arbeid når han endeleg var komen heim og kunne få litt åleinetid. – Han var ikkje flink til å lære oss praktisk arbeid, men vi fekk vere med om vi kunne vere til nytte, til dømes i skogen når han skulle vinsje stokkar til sjøen.
– Han hadde lange arbeidsdagar?
– Ja, og han var nok tidvis aldeles utkøyrd. Arbeidsdagen hans starta med at han reiste til Nesbø med mjølkespann, deretter henta han den andre læraren i Sørgulen, før han plukka opp oss ungane i Gulestøa. Så var det båtturen til Botnane, heil skuledag og heimatt med anløp i Gulestøa – Sørgulen – Nesbø, for å hente mjølkespann. Ein gong svima han av i båten og køyrde seg opp på ein sandbank på Nesbø. Det vart sjølvsagt ikkje snakka noko om, men vi overhøyrde at det hadde skjedd.

Sven Gulestø i dag.
– Du byrja i sjuande klasse same hausten som far din byrja som lærar i Svelgen, og gledde deg til å sleppe han som lærar?
– Ja, det såg eg fram til. Det er ei veldig lojalitetskonflikt å ha ein forelder som lærar, du veit ikkje kven du skal halde med. Men i Svelgen fekk eg han som klasseforstandar! Det var nedtur! Etter at han var ferdig med klassen min byrja han med ein fyrsteklasse, som han følgde oppover i sju år. Fleire av dei har fortalt oss at han var ein så god lærar. Det hugsar eg overraska meg, for eg hadde aldri tenkt over korleis han var som lærar, seier Sven Gulestø. (Intervjua 18.12.25).
Tekst: Magni Øvrebotten 21.12.25.



«Hjort i sikte». Foto; Vetle Aase Øvrebotten.
Kva er det som får folk til å trosse styggever, kulde, mørke og slit for å gå på hjortejakt? Kva er det som gjer at nokon blir så inntekne i denne jakta at dei må ha ho med seg kvar haust? Ja, kva betyr ho for dei ivrigaste jegarane? Og er endeleg den tida koma at det er naturleg at jenter også er med?
I min generasjon (71) var hjortejakta for karar. Vi jentene stod heime og tok opp poteter saman med sysken og mødre, medan fedrene var på jakt midt i veka. Det var den einaste ferien dei hadde. Sjølv var eg både for svaktsynt, utolmodig og utan stadsans til å ha vore med om eg ikkje var så heldig å ha ein bror. Om han ville vere med på jakt trur eg aldri var eit spørsmål. Det likaste vi jentene kunne tilføre jaktlaga var å få tak i svigersøner som skaut meir enn i sjølvforsvar!
Siste vekene har eg snakka med åtte hjortejegarar i Botnane, Husefest og Seljestokken, fire menn og fire kvinner, for å høyre med dei kva det er med denne jakta? Kva betyr ho for dei? Og får dei med seg nye generasjonar?
Arve Nøttingnes : – Arven etter far min
– For meg er hjortejakta ein arv etter far min (Erling). Eg rakk så vidt å gå på jakt saman med han og til liks med han har eg gått på jakt både i Nordbotten og i Sørbotten, seier Arve Nøttingnes. Han har skote hjort sidan han var 18 år gamal og vore på hjortejakt kvar haust sidan. I januar blir han 70 år.
– Eg byrja skyte prøve som gutunge, den tid det var prøveskyting ovanfor brønnen på Håjen. Fekk prøve meg med det gamle geværet til pappa, ein tysk mauser. Den slo noko grådig attende når du skaut. Hugsar vi gjekk med blå skuldrar lenge etterpå.
– Stor skilnad på jakta før og no?
– Ja, før var vi meir oppe på fjellet og skaut store bukkar, som det var eit bal å bere heim att. No held vi oss meir nede i Lia og sør i skogen, og byttet vert lettare å transportere heim. Før kunne eg sitte i timesvis på post og vente på hjorten medan hine gjekk heim til middag. Det var meir krefter i oss før i tida. Eg spring ikkje lenger opp på Opnaren på 20. minutt!
– Og dei ulike jaktlaga var veldig opptekne av kva dei andre hadde fått av dyr?
– Å, ja, det var mykje spekulering på det. Vi var opptekne av kor mange, kor store og kva type dyr dei andre jaktlaga i bygda hadde skote. Brukte tid på å finne ut av det. Trur det tok mest slutt etter at her vart så mykje hjort at dei fleste ikkje vann over å skyte kvoten.
Arve Nøttingnes trur at etter kvart som ein eldest så betyr naturopplevingane med jakta meir og meir, sjølv om det sjølvsagt framleis er kjekt å få hjort. Men det betyr ikkje like mykje lenger. Han gler seg til hjortejakta også fordi det er kjekt å gå i skogen og oppleve dyrelivet der, høyre, lytte og sjå. Lære og lære frå seg, fellesskap med andre og høve til å slappe av.
– Korleis er det med etterveksten av hjortejegarar i Sørbotten?
– Vi har fantastisk flinke ungdommar med oss. Dei er lærde opp til ikkje å skyte før dei er 100 prosent sikre. No driv vi med små jag og det blir mykje sitting. Vi sit og ventar på trekket. Då er det rolege dyr som kjem og det vert ei sikrare jakt.
Han likar ikkje termiske sikte for å kunne skyte i mørkna. – Om du ikkje kan skyte hjorten på lyse dagen får du la vere, slår han fast. Han trur det fører til meir skadeskyting og det er i alle høve ein heisen jobb for dei som skal fare og leite opp dyret i mørkna. Ein annan kjepphest er hjorteforvaltinga, etter at dei i mange år no har skulla skyte mest kalvar og ungdyr, og spare dei store bukkane og beste kollene. – Det har minka mykje på hjorten her dei siste åra. Milde vintrar gjer at han ikkje treng ut her for å finne seg mat. No er her for mange store bukkar i høve til koller og kalvar. Kollene må få tid til å lære opp kalvane på trekkruter, kvar det er best beite, osv. Skal vi ha ein robust hjortestamme må det vere meir jamvekt mellom kalvar, stilkar, koller og bukkar. Og vi som er jegarar må drive ei forsvarleg forvalting av hjortestammen, seier Arve Nøttingnes.

Helene Nøttingnes med den andre hjorten ho skaut. Skoten på post i Bjønnabakkane. Foto: Privat

Arve Nøttingnes og svigerson Øystein Gulestøl på jakt. Foto: Helene Nøttingnes.
Helene Nøttingnes : – Lurde på om eg skulle skyte ei kråke fyrst
Helene Nøttingnes fanst ikkje interessert i natur før ho fekk barn. – Det var når eg fekk dei at eg såg kor fint det var kring oss, og lærde meg å sette pris på naturen og gode naturopplevingar. Eg tenkte litt på å bli med på hjortejakta frå A til Å, og ikkje berre stå på kjøkkenet med det karane kom heim med. Samstundes var eg usikker på om eg i det heile kunne ta livet av eit dyr. Eg lurde på om eg skulle skyte ei kråke fyrst for å sjå om eg klarde det, fortel Helene Nøttingnes.
Ho er dotter til Ragnhild og Arve Nøttingnes. Dei to døtrene deira vaks opp med at det stod på ein stor Walkie Talkies i stova når faren var på hjortejakt. Som barn tykte Helene at det var spennande å lytte til kva jegarane snakka om når dei var på jakt. Men den interessa dabba av i ungdommen. Ho fekk seg sambuar, han vart med til Botnane og vart raskt med svigerfar Arve på jakt. Men Helene løyste ikkje skot før i 2020, 39 år gamal.
– Eg hadde snakka med Øystein (sambuar Øystein Gulestøl) om å bli med på jakt, og tanken modnast litt etter litt. Eg tok jegerprøva og byrja bli med. Eg er ein forsiktig type og må vere 100 prosent sikker før eg skyt. Eg hugsar fyrste gongen eg sat åleine på post, det var med skrekkblanda fryd. Helst ville eg sitte i lag med Øystein eller pappa, og lære meg om vindretningar, lydar, trekkruter, gjere meg kjend i skogen, bli tryggare.
– Korleis var det å skyte fyrste hjorten?
– Då hadde eg ikkje kjøpt meg eige gevær ein gong, eg brukte Øystein si rifle. Eg såg at eg trefte godt på fyrste skotet, men hjorten sprang litt vidare. Eg skulle ta nytt ladegrep og geværet kilte seg. Men dyret stupte bak ein stein og var daudt. Då hadde eg mykje adrenalin i kroppen, og skalv når eg byrja puste att. Men samstundes blei eg både glad og stolt. Det er viktig for meg at dyra dett på fyrste skotet og slepp eventuelle lidingar.
– Kva med styggever, kulde og mykje venting, som òg er ein del av pakken?
– Ja, og eg er ein frostpinne utan sidestykke. Eg har fått meg batteridriven varmevest i gåve, den hjelper på. Men det har vore tilfelle der vind og kulde har teke overhand, slik at eg til slutt rista så mykje at eg ikkje kunne skyte. Ein gong måtte eg melde frå til dei andre at eg måtte opp for å slå floke. Men dei fine opplevingane slår i hel dei sure, seier Helene.
– Det er eit samhold i jakta som eg set stor pris på at Øystein og eg har i lag. Det er mykje rundt jakta som er viktig for heile jaktlaget. Vi flår, vommar ut og steller dyret, det er heile pakken som gjer det kjekt. Heile jaktlaget får sams opplevingar og kjenner på samhald.
– Og ungdommen lærer av dei eldre?
– Ja, absolutt. Pappa og Åge (Sørbotten) har namn på kvar ein stein og bakke. Vi hine lest som vi veit så nokolunde. Men skal vi på jag må vi skjøne kva dei snakkar om, elles kan vi risikere å øydelegge heile opplegget. Det er gjevande å lære av dei som har gått her sidan dei var gutungar. Eg set pris på å lære og ta det vidare. Det gjev ei meining, som du gjerne ikkje skjønar som ung.
– Får du reaksjonar på at du går på jakt?
– Ja, det er dei som seier dei ikkje skjønar at eg kan drive med slikt, at eg kan drepe dyr. Men eg kallar det ikkje å drepe. Vi haustar av naturen og forvaltar hjortestammen, og skaffar kortreist mat. Det er ingen som reagerer på at du dreg på sjøen og fiskar. For oss var fiske og fangst ein del av barnelærdommen. Det er viktig for meg å lære borna kvar maten kjem frå, så dei ikkje trur den vert skapt på butikken. Difor har vi hatt borna litt med på jakt når dei har hatt lyst til å vere med.
– Eg er fødd og oppvaksen med at pappa var på jakt. Då vi var små tykte vi nok at han aldri var heime i hjortejakta. Hugsar vi sat i kjøkkenglaset og såg og såg, og når lommelyktene byrja bevege seg ned Lia kunne vi sette på pizzaen, minnest Helene Nøttingnes.

Berit og Nina Seljestokken var dei fyrste jentene i området som vart med på hjortejakt. Foto: Privat.
Nina Seljestokken har gått på hjortejakt med våpen i nær 30 år, sidan ho var 18 år i 1996. To år etterpå vart systera Berit med. Dei var lenge dei einaste jentene i området Botnane-Årebrot som gjekk på jakt. No samlar dei årleg familien i Seljestokken ei veke i september, for familieliv og jakt. – Hjortejakta i Seljestokken har blitt eit familieføretak som eg set stor pris på og er veldig glad for at vi får til, seier Nina Seljestokken.
– Du veit, pappa (Torleif) hadde berre døtrer, så han hadde ikkje noko val. Han måtte lære opp oss og lukkast med å få to av tre interesserte i å vere med. Det er i grunnen godt gjort, særleg fordi han tok oss med på det kjedelegaste fyrst. Han brukte å skyte hjorten tidleg om morgonen og så vart mamma (Ingrid) og vi jentene kalla ut til å vere med på alt etterarbeidet som det medfører å ha skote hjort; vomming, bering av kjøt, skinn og våpen, og partering. Og alt dette skjedde stort sett i mørkna, for lyse dagen hadde han anna å gjere, fortel Nina.
Sjølv gjekk ho på jakt i to år før ho våga skyte fyrste hjorten. – Eg kvidde meg for å skyte eit så stort dyr, var redd for å skadeskyte og hadde alltid ei forklaring på kvifor eg ikkje hadde skote eit av alle dyra eg hadde sett. Pappa vart lei av denne nølinga mi og tilbydde seg å vere med meg på jakt, og lova å skyte dyret om eg bomma. Vi gjekk langsmed bøen for at området skulle vere oversikteleg, og han sette seg attmed meg. Brått kom det rennande ei kolle, men eg vart så forfjamsa at eg fekk ikkje sikta. Så kom det ein bukk og eg sikta, men tenkte at han måtte stå heilt «perfekt» før eg kunne skyte. Då kjende eg albogen til pappa i sida og beskjeden: «No». Eg skaut og bukken stupte. Då var det liksom gjort og etter det har eg skote hjort, seier Nina.
Men ho slit med å få rydda seg tid til å gå på jakt i tillegg til arbeid og mykje anna ho driv med. Difor vert det til at ho går mykje åleine på jakt, ho må gjere det når det opnar seg eit høve. – Men eg er ikkje fysisk sterk nok til å få ned dyret åleine. Det er eit styr for meg å få heist det opp i eit tre, og eg må ofte tilkalle pappa for å hjelpe meg. Han er heime og på båtverkstaden, og oftast den som veit at eg er på jakt.
– Då er det familieveka i Seljestokken som er den mest intensive jaktbolken, med nok mannskap?
– Ja, det har vorte ein årleg tradisjon å samlast i Seljestokken den veka det er haustferie i Finnmark, der Berit bur med mann og to søner. Då kjem dei hit og så mange som kan frå resten av familien samlast også her då. Vi går på jakt, samlast kring måltida og har det kjekt i lag. Vi vil ha jakta i Seljestokken som eit familieføretak. Vi får spørsmål frå folk om å få jakte her, men det har vi ikkje opna for. No til helga skal eg ha med meg eit syskenbarn som fyrste gongs jeger på snikjakt, så litt nye folk kjem det til heile tida. Men det er ekstra tungt å byrje gå på jakt att åleine når vi har vore godt mannskap i ei veke.
– Korleis får de med dykk neste generasjon?
– Eg hadde med meg dei tre borna mine på jakt då dei var små for å syne dei prosessen, dei var vel 7-8 år gamle. Men dei må sjølve finne ut av om dette er noko for dei. Dei to sønene mine er ikkje interesserte, men neste år har dottera mi og kjærasten hennar antyda at dei kan tenkje seg å vere med. Og Berit har ein 13-åring som er svært interessert.
– Kva likar du best med jakta?
– Det er naturopplevingane og fellesskapet når vi er fleire på jakt. Når eg fyrst kjem meg ut i skogen på jakt gjer det godt. Det at vi driv snikjakt på hjorten gjer at vi også ser andre dyr og får ei sterkare oppleving av naturen kring oss, seier Nina Seljestokken.

Ein ny generasjon under opplæring i Seljestokken. Utsikt over Husefestvatnet. Foto: Tormod Onarheim.
Sissel Ullevålseter: – 40 år gamal dame med ladd gevær

Sissel Ullevålseter er utdanna kokk og har såleis gode føresetnader for å partere dyr. Foto: Privat.
Sissel Ullevålseter var 40 år før ho gjekk kurs og tok jegerprøva. Før det hadde ho prioritert arbeid og barn og ikkje tenkt noko særleg på at det var berre karar på jakt i Husefest. Den ivrigaste var yngste bror Pål Anders, medan eldstemann Otto tok seg av alt det praktiske kring jakta.
– Hjortejakta gav meg eit gyllent høve til å få meg ein ekstra tur til Husefest, så for min del heng Husefest og jakta nøye saman, seier Sissel Ullevålseter, som no er pensjonist og kan ta seg endå fleire turar frå Oslo til Husefest. I ein alder av 40 år byrja ho tenke på at ho óg var grunneigar i Husefest, til liks med brødrene. På grunnkurset skjønte Sissel at ho alt kunne nyttige ting som dei måtte lære, som til dømes partering av dyr. Det kunne ho som kokk og drivar av kafe/restaurant.
– Det var fleire brikker som fall på plass for meg på det kurset. Eg fekk litt trua, så eg kjøpte meg rifle og var klar for hjortejakt i Husefest hausten 2002.
– Hugsar du fyrste jaktturen?
– Hadde du ingen til hjelp?
– Ein av karane var att for å lære meg å vomme dyret, men jakta skulle eg klare sjølv. Han gav meg beskjed om at eg fekk skyte eit dyr den dagen, for han skulle reise neste dag. Eg skaut ein kalv på fyrste jakta mi og var godt nøgd med det.
– Kva betyr jakta for deg?
– Eg var litt spent på om jakt var noko for meg, men det har gått fint. Det er rekreasjon og avkopling frå kvardagen, matauk og eit godt høve til å vere i Husefest. Å lære kva du skal gjere og ikkje er lang lærdom. I haust var eg der medan det var mykje brøling i skogen. Det er fasinerande å gå og sjå på dei. Bortsett frå i brølinga er det ei god ro i skogen. Høyrer du ein lyd er det eit ekorn eller ein hjort, og trakkar du på ein kvist er løpet køyrt. Då får du ikkje skote den hjorten du har i sikte. Vi er ikkje meir enn maks tre personar i skogen samstundes, vi driv snikjakt og leitar opp hjorten. Brått står han der rett framfor deg.
– Driv du meg jakt elles?
– Nei, alle vi i Husefest er samde om at vi aldri ville gått på jakt anna enn i Husefest. Jakta er for oss nær knytt til plassen. Eldste bror min, Otto, går ikkje på jakt. Han er den som legg til rette og hentar dyra som er skotne, er med og flår, ja, alt dette etterarbeidet som fylgjer med. Yngstemann, Pål Anders, har gått på jakt sidan 1992 og er nok den ivrigaste jegeren av oss. Far vår var ikkje mykje på jakt, bestefar kanskje litt meir. Men det var ikkje så mykje dyr her dei fyrste åra våre i Husefest på 1960-talet. Eg hugsar Are Svardal var her på hjortejakt og sa at: «Du må nyte det å vere ute, ikkje berre jage dei dyra». Det føler eg er veldig sant.
– Kva med etterkomarane dine?

Desse karane drog i gong hjortefesten i Botnane for nær 30 år sidan. Frå venstre (lite synleg); Torleif Seljestokken, Einar Samnøy, Jon Øvrebotten, Sigfred Nøttingnes, Otto Ullevålseter, Torbjørn Øvrebotten og Ståle Sørbotten. Sittande framme; Rune Nordbotten. Foto; Aslaug Nordbotten Samnøy.

Asgeir Øvrebotten meiner hjortefesten er ein viktig tradisjon. På hjortefesten sist helg var han programleiar. Foto: Magni Øvrebotten.
Asgeir Øvrebotten: – Angrar på at eg ikkje vart med før
Asgeir Øvrebotten (61) har vore med på hjortejakta med børse sidan 2001 og angrar på at han ikkje vart med for alvor før. Då hadde han fått med seg meir jakt saman med far sin Jon og dei andre gamlekarane i Nordbotten. – Eg var med og jaga på 1990-talet, men fatta ikkje nok interesse for å lære meg å skyte hjort. Eg skjønte ikkje kva felleskap eg gjekk glipp av før det nesten var for seint, seier Øvrebotten i dag.
Han hadde mest fokus på alt slitet hjortejakta førde meg seg. Litt sett på spissen opplevde han det sokalla «Nordbotten-jaget» som å jage all hjorten frå Skudalselva og lengst mogeleg opp og inn på fjellet, skyte ein to-tre dyr der, og så bere dei på ryggen same vegen ned att. Det var tungarbeid av verste sort. Når dei endeleg hadde fått dei ned i stranda måtte dei ha båtskyss siste biten heim med hjorteskrottane. Dette vart lettare då det kom veg i Nøre stranda i 1993.
– Eg gløymer aldri ein slik jakttur. Eg hadde endåtil billett til ein Åge Aleksandersen-konsert i Florø om kvelden og var oppteken av å kome meg dit. Vi var langt inne på fjellet og der skaut dei tre store, tunge dyr. Det var hinsides tungt. Både rygg, bein og armar var aldeles av når vi kom ned. Far min skjønte at det hasta med denne konserten, så han sette meg av utanfor leilegheita mi i Florø i tide før konserten. Men der seig eg ned i ein stol og sov til neste dag.
– Du fekk stygge til heile jakta, med andre ord?
– Nei, veit ikkje om eg gjorde det heller. Men det var fyrst når eg vart med for å skyte at eg lærde at sjølv om veret kan vere både kaldt og ufyseleg, neste dag er det gløymt. Særleg om du får ein skikkeleg godversdag. No har eg varme i huset, skikkeleg bad med dusj og høve til å tørke våte kle før neste dag. Far min hadde ikkje det, han hengde dei våte kleda over omnen og håpa at dei vart nokolunde turre til neste dag. Det var han som stelte til huset han vaks opp i her i Botnane, men han fekk diverre ikkje gleda av å bruke det før han døydde.
– Du seier du angrar på at du kom seint med på jakt, kva var det du miste?
– For det fyrste å få meir tid på jakt saman med pappa. Han var veldig oppteken av at alt skulle vere så skikkeleg, så for å vere sikker på at det vart gjort skikkeleg så gjorde han det meste sjølv. Difor lærde eg lite om å skyte, slakte og vomme dyr og anna ein bør kunne når ein går på hjortejakt. Men hadde eg synt nok interesse hadde eg garantert fått lært meir av både han, Einar Samnøy og hine. Og gått på måneskinsjakt med pappa og Einar……… Han Einar var ein fantastisk entusiast for hjortejakta. Entusiasmen hans var så sterkt at han kunne smitte, men eg følte meir på at eg skulda far min å vere med.
– Kva vekte interessa ?
– Jau, det var felleskapet eg oppdaga at dei hadde i jakta, naturopplevingane, dei tallause jakthistoriene og etter kvart vart det viktig for meg å bli med og ta vare på denne tradisjonen. Det er stort å skyte hjort i Botnane, på eigen grunn. Eg hadde aldri betalt for å gå på jakt andre stader, men sidan eg er så heldig å vere grunneigar her får eg høve til å vere med. Det er Rune Nordbotten og Sigfred Nøttingsnes som er berebjelkane i jaktlaget i Nordbotten, men vi er no med vi hine òg. Gjennomsnittsalderen er over 60 år, men no har vi fått med Bolette (Nordbotten Espedal), så ho trekkjer snitten betrakteleg ned. Bolette har overteke rifla til far min, kjekt å få den i bruk att på jakt i Botnane, seier Asgeir Øvrebotten. Han likar å vere med og føre tradisjonar vidare, som til dømes den årlege hjortefesten i november, som hjortejegarane står for. Den har snart eksistert i 30 år.
– Far min kunne skyte hjort på eigen bø frå soveromsglaset, men no ser det ut til at det er slutt på dei store hjorteflokkane som prega bøane i Botnane for berre nokre år sidan. Dei gjorde mykje skade, men dei var eit mektig og flott syn. No må vi anstrenge oss meir for å skyte hjort, om ikkje Rune får skote dei som går mellom husa hans når han er på veg til fjøsen om morgonen.
Rune Nordbotten, Bolette Nordbotten Espedal og Eivind Skaar på jakt i haust. Bolette med rifla ho har arva etter naboen Jon Øvrebotten. Foto; Elisabeth Ruud Nordbotten.
Bolette Nordbotten Espedal: – Skal bli godt å få skote fyrste dyret
Bolette Nordbotten Espedal (28) har vore med og jaga sidan ho var ni-ti år, og tok skyteprøva rett før pandemien i 2020. Ho har ikkje skote hjort enno, men tykkjer det har vorte lettare å vere med på jakt etter at ho i fjor flytta heim til Botnane. – Det skal bli godt å få skote fyrste dyret. Eg veit eg treffe på skytebana og ser for meg korleis det blir, men det er noko med fyrste gongen, seier Bolette.
Ho likar å stå opp tidleg, sitte ute og få frisk luft, sjå og sanse naturen og håpe at det dukkar opp eit dyr.
– Eg har to små barn som hjelper meg med å kome tidleg på beina. Det er om morgonen og i helgane eg er med.
– Kva er det som motiverer deg?
– Eg har alltid likt å vere med å jage. Både eg og dei to systrene (Birthe og Karen) mine har vore med på det. Men etter kvart byrja eg å tenke på at nokon må lære seg å skyte også, eg kjenner vel på ei slags ansvarskjensle for å føre tradisjonane vidare etter pappa (Rune) og bestefar (Johannes).
– Kjenner du deg pressa?
– Nei, det gjer eg ikkje. Pappa har i grunnen ikkje mast med nokon ting, og det trur eg er lurt. Om du vil vere med på jakt eller ikkje må du finne ut av sjølv. Vi vart med tidleg fordi vi hadde tre syskenbarn i Stavanger som kom heim her kvar haust, saman med foreldra sine, for å vere med og jage. Og då vart mamma (Elisabeth) og vi tre systrene også med, i tillegg til folk frå nabogardane. Det var veldig kjekt og miljøskapande, ein skikkeleg hyggeleg tradisjon som eg håpar vi kan ta vare på.
– Har du tenkt på hjortejakta som ei karagreie?
– Det har jo alltid vore mest mannfolk på jakt, men eg har ikkje tenkt at det ikkje var noko for meg av den grunn. På hjortefestane i oppveksten høyrde vi om kva Nina og Berit i Seljestokken hadde skote. Det hjelper sjølvsagt å vite at det var med jenter på jakt sjølv om det ikkje var det på jaktlaget i Nordbotten. Og etter kvart vart syskenbarnet mitt, Åshild i Stavanger, med på jakt her med børse. Systrene mine er kanskje ikkje like interesserte enno, men det kan kome. Dei bur ikkje her og eg merkar at det vart lettare å kome meg ut på jakt når eg bur her fast, og har mann min eller mamma til å sjå etter borna.
– Kva betyr hjortejakta for deg?
– Det er mykje tradisjon for meg og bruk av dei ressursane vi har her. Kortreist mat og naturopplevingar. Ein dag eg sat på post dukka det opp ein rev fem meter frå meg. Han stoppa og såg nøye på meg, og eg på han. Fyrst då eg skulle ta opp mobilen for å fotografere skvatt han og stakk av. Slike opplevingar set eg pris på, seier Bolette Nordbotten Espedal.
Sigbjørn Sørbotten med ein kalv skoten på smygjakt i Rogneskaret. Foto; Sigbjørn Sørbotten

Heimtur med kolle og kalv skotne på jag over Dyreskora. Foto; Sigbjørn Sørbotten.
Sigbjørn Sørbotten: – Hjortejakta må eg ha med meg
Sigbjørn Sørbotten (53) har vore med på jakt sidan han fekk lov, 10-12 år gamal. Hjortejakta må han ha med seg kvar haust, sjølv om han no bur i Asker. På eit jobbintervju i 2005 vart han spurd korleis han såg på det å reise mykje utanlands. Han svara at det var greitt, berre ikkje i oktober, for då var det hjortejakt i Botnane. – Han som spurde stussa litt før han konkluderte med at om eg kunne reise elleve månadar i året så skulle han vel alltids finne nokon som kunne gjere det i oktober, humrar Sigbjørn Sørbotten.
Han hugsar godt då far hans, Ståle, skaut fyrste hjorten sin i 1982. Det var saman med han og syskenbarnet sitt, Torbjørn Øvrebotten, at Sigbjørn lærde seg å gå på jakt. – Eg dilta med dei og var med på mitt fyrste jag over Dyreskora då eg var 12 år, byrja gå med våpen då eg var 17 år og skaut fyrste hjorten min i 1989, 17 år gamal.
Sidan det har han i snitt skote to-tre hjortar kvart år og kome opp i 70 dyr totalt. Det meste han har skote på ei helg er fem dyr. – Anten du trur meg eller ikkje så er det ikkje så nøye om eg skyt hjort. Det er det å vere i Botnane, det sosiale, avkoplinga og naturopplevingane som betyr mest for meg. Det å sitte på Litjehornet og snakka om laust og fast, prate om då hjorten lurde oss, om det var flaks eller uflaks, eller «dyktigheit» som vi gjerne kallar det når vi får dyr.
Sigbjørn var lenge yngstemann på jaktlaget i Øvrebotten, heilt til han for seks-sju år sidan brått oppdaga at han var den eldste. – Torbjørn var ikkje med den dagen og far min hadde slutta å gå på jakt. Men tvillingane på nabogarden, Ida og Vetle Aase Øvrebotten, var for lengst varme i trøya, og hadde med seg kjærastar og kompisar. Alle pluss minus 30 år. Det var både kjekt og rart å innsjå at eg var eldstemann.
– I mange år var det svært mykje hjort, ofte på bøen, men no er det sjeldan du kan skyte hjort frå hytteglaset?
– Nei, det må no etter kvart hjelpe at vi har hatt dobbel kvote i mange år. I år har vi 35 løyve på dei to gardane, har så langt skote 14 dyr og gjev oss vel på 17-18. Det er meir ein normal kvote. No kan vi snart byrje å mimre om dei store flokkane vi såg, både på bøen og i skogen, for berre nokre år sidan. Vi har aldri vore så seine med å skyte fyrste dyret som i år. Eg skaut det siste helga i september, åleine på jakt fordi hine var opptekne.
– Stor skilnad på å jakte åleine eller som lag?
– Ja, når du går på jakt åleine må du berekne at du skal gjere alt åleine. Det er sjølvsagt kjekkare når vi er fleire, men i Øvrebotten har vi aldri vore det store jaktlaget og ikkje drive særleg med drivjakt, bortsett frå jaget over Dyreskora. Det er snikjakt som gjeld her og det er kjekkare å snike seg inn på dyret enn å skyte det frå hytteglaset. No skal vi også skyte lettare dyr, eg er glad vi ikkje skyt hjortar på 120 kilo lenger. Det er tungt nok med dyr på 30-40 kilo, pluss børse og ryggsekk.
– Du har to barn, ei dotter på ni år og ein son på seks. Ser du føre deg at dei skal bli med når dei «får lov», slik du fekk?
– Det blir spennande å sjå om ungane blir interesserte, dei skal få bli med når dei har lyst, sjølv om Vetle meiner eg alt er seint ute med å få dei med.
Vetle Aase Øvrebotten med «riflekonto» for neste generasjon
Vetle Aase Øvrebotten (37) har god tru på å få med neste generasjon på jakt med å la dei bli med tidleg. Son hans har alt vore med på jag på ryggen til Vetle, litt over eitt år gamal. Vetle oppretta «riflefondkonto» til dei tre onkelungane sine, frå dei var fødde. Kvar fødselsdag og jul går det eit fast beløp inn på fondskontoane deira, slik at dei skal kunne kjøpe seg rifle når dei blir gamle nok til å delta på jakt. – Dei treng å vite kvar maten kjem frå, og dei skal ha alle mulegheiter til å bli med på jakt når dei blir eldre. Om dei sjølve vil, legg han til.

Eldste systerdotter til Vetle på tur i Nøre dalen med onkel. Foto: Vetle Aase Øvrebotten.
Eldste jenta er seks år no og var med onkel på jakt fyrste gongen då ho var tre. – Ho og eg gjekk oss ein tur i Nøre dalen, vi hadde med kakao og kikkert, og studerte hjortebæsj og hjortespor. Mykje hjortebæsj, ler han. Vi såg ingen dyr den dagen, men det var ikkje så viktig, turen var målet. Borna kan også vere med når dyra er i hus og blir flådde. «Hjorten aua», seier dei når vi flår og dei oppdagar kulehol.
Intervjuet med Vetle Aase Øvrebotten går føre seg medan han, ein kamerat og ein svoger skjær ned ein av tre hjortar dei har skote førre helg. Det er ikkje berre eitt svar på kva hjortejakta betyr for Vetle. Det er mange:
– Det er kjekt og spennande. Eg veit aldri kva dyr og situasjonar eg møter i skogen. Det er same skogen, men mange ulike opplevingar, masse adrenalin og spenning.
– Ein kjem seg ut når det er lite folk i marka. Mange fine naturopplevingar, både med og utan dyr. Finversdagar i september, sitte og kikre, drikke kaffi og planlegge. Det gjer godt.
– For meg er det også ei side av saka at vi går i ein tradisjon, etter bestefar Abraham og nabo Arne, som var gardbrukarane her då det vart hjort nok til å drive jakt på slutten av 1950-talet. Eg føler at det høyrer med å føre vidare noko eg har lært av Torbjørn, Ståle og Sigbjørn. Hjortejakta har vore eit felles prosjekt mellom desse to gardane og slektene, det synst eg er fint.
– Før når det var sauer og andre husdyr i marka lærde ein seg kva det heitte her og der. Dei stadnamna går i gløymeboka om vi ikkje brukar naturen.
– For meg er matauk ein viktig del av jakta. Her haustar vi av naturen det mest kortreiste kjøtet du kan ete.
– Det er også ei sosial side med jakta, vi har ein plan, mål og meining med å drive på med den. Og ein opplever meistring, blir betre og betre gong for gong. Ingen fasit.
– Det er eit godt slit, ein god måte å bruke kroppen på. Det var nok meir slit før då det vart skote færre, men større dyr, gjerne bukkar på over 100 kg. No skyt vi mest kalv, stilk, og små bukkar og koller, og børene er dermed lettare. Vi brukar beremeis og traktor der vi når i det. Tidlegare har det vore skote mykje dyr på innmark, men dei siste åra har vi skote dei fleste dyra i skogen. Det er i grunnen greitt, for det er den jakta eg likar best. Det er då eg finn roa, og kjem tett på natur og dyr.

Mykje etterarbeid med tre dyr. Frå venstre: Viktor Persson, Espen Kvamme og Vetle Aase Øvrebotten. Foto: Magni Øvrebotten
– Men no ser det ut til å minke på dei store hjorteflokkane, kva då?
– Vi har eit ansvar for å ha ei sunn hjorteforvalting i området vårt, og det har vi teke på alvor. Målet med forvaltinga var å redusere bestanden, og det ser det no ut til at vi har klart. Framover er det viktig å følge med, slik at vi kan trekke i nødbremsen, og eventuelt redusere nedskytinga, dersom bestanden minkar for mykje. At den har minka mykje dei siste fire-fem åra er det ikkje tvil om.
Vetle trur han vart oppteken av hjortejakta tidleg. – Det eksisterer ein veldig kul video frå sandkassen då eg var i treårsalderen, der ein høyrer eit par skot og eg slår fast at «Pappa (Norulv) kyte hjort i kogen». Han spør meg framleis om eg har skote hjort «i kogen». Eg og naboguten Kristian var tidleg med på jag, men det var lenge før vi fekk vere med på brøling i Breilida. Då måtte vi gå heimatt og det tykte eg var surt. Det var Ståle som vart den store mentoren i å lære opp oss ungdomane i hjortejakt, særleg var jentene begeistra fordi Ståle var så glad for at dei vart med.
– Mange som har vore innom jaktlaget i Øvrebotten?
– Vi har vore ein fast grunnstamme i Torbjørn, Ståle, Sigbjørn og meg, og systrene mine Ida og Julie vart med etter kvart, og kompisar, kjærastar og sambuarar. Trur vi vert opplevde som eit seriøst og inkluderande jaktlag som tek jakta og dyrevelferda på alvor og ikkje vil ha noko tull. Vekslar på kor mange vi er til ei kvar tid, men vi er sopass mange at vi kan byte litt på, seier Vetle.
– Dette året bur eg i Oslo og har pappaperm, og det krev meir planlegging for å kome meg på jakt. Kjenner nok på litt abstinens og håpar eg får til å avslutte sesongen (1.9.-23.12) med ein siste tur i skogen her veslejulafta, slik eg plar gjere, seier Vetle Aase Øvrebotten, ei skikkeleg eldsjel for hjortejakta.

Hjortejakt ved Sørdalsvatnet. Foto; Vetle Aase Øvrebotten.
Tekst: Magni Øvrebotten 25.11.2025.
–

Stykket «Med kvinnfolk på hjortejakt» vart skrive av Sigrid Øvrebotten for 55 år sidan. Ho skreiv i Bergens Tidende under dekknamnet «Småbrukarkona» og dette stykket stod på trykk der 25. november 1970. Det er ei sann historie om då ho og nabokona Oline vart kalla ut til å vere med mennene sine, Arne og Abraham Øvrebotten, på jakt.
BT-teiknaren Sverre Bø illustrerte stykka til «Småbrukarkona» Sigrid Øvrebotten. Dei vart samla i boka «Småbrukarkona fortel», på Vestlandsforlaget i 2010.
Siste veka av jakt-tida var alt halvgått. Dette såg ikkje bra ut. Berre nokre få dagar att og endå ikkje løyst skotet. Det gjekk på æra hans snart. Dei to jaktmennene våre her i inste grenda kom til å missa ansikta sine heilt. Lenger ute hadde dei fått dyr både på nord – og sørsida. Og her sat vi i den aller beste jaktmarka utan noko slag.
Men her ein dag ved middagstider kom an`nabo farande heim med tiend til oss kvinnfolka:
I dag skulle det bli hjort av, like visst som han heitte det han heitte! No skulle dei ha oss kjerringane til vaktarar ein stad innmed vatnet og skræma dyret om det skulle finna på å røma unna den vegen. Offeret hadde dei alt sett seg ut i kikkerten, mannen min sat att innved vatnet og skulle «gjæta» det til vi kom.
Klesvasken min var berre halvt på snorene, men no fekk vask vera vask. Etter å ha slukt i meg noko halvkokt middagsmat, stod eg klar til avgang i neste blunken. Nabokona hadde og gjort seg ferdig i ein fart, og innetter bakkane bar det med oss alle tre.
Vel opptil vatnet, kom hin jegeren vassande over elva. Han hadde tapt dyret av syne, fortalde han, men det var ikkje einstydande med at det ikkje var der enno. Truleg hadde det lagt seg ned, slik dyr plar ha seg ein «siesta» midt på dagen. Han nabo skulle sitja vakt her ved Demma, det strategiske punktet i generalplanen. Om alt klaffa ville dyret kome setjande utover for på berga seg over elva og ta seg til skogs den vegen.
Vi andre tre lista oss på «katteføter» innover stien langs vatnet. Akta deg at du ikkje trør på lause steinheller, han der oppe både såg og høyrde utruleg godt! Men beste teften hadde han i nasen, vindretninga var på vår side – utover.
Eg hadde fått vaktstaden min like oppunder Stølshamrane, nokre svarte, loddrette fjellveggar. Ein måtte snu nakken brått bakover om ein ville meditera over krekse-furuene som hadde klort seg fast øvst oppe i nakne kluftene.
Her skulle det bli kjerring-gaul og attljom om det trongst! Vi skulle gå hi tytta ein høg gang, ho som ropa til fjellet om ho skulle til gjestebods eller bli heime. For å ha noko å rutte med, ruska vi i hop noko hivandes og: gamle trerøter, småstein, pinnar og jordtorver. Her skulle stor-hjorten måtta slå retrett.
I dag hadde vi tid til verkeleg å sjå kor vakkert her er. Etter tre sure dagar på rad, hadde det skine opp til ein haustdag av dei sjeldne. Sol og skyer laga artige lys- og skuggeverknader oppetter lia. Det fekk lauvet som enno hang att til å lysa som bronsebrune fargeklattar mot den mørkegrøne barskogen. Endåtil steinrapa, som her var mange av, måtte ta seg godt ut i slikt eit overlys: Dei skifte frå djupaste blå-grått til skiraste raud-lilla, alt ettersom dei var i sola eller skyene sin sektor.
Øvst oppe var Jotene, desse karakteristiske takkete formasjonane av forvitra sandsteinsfjell var rissa i tusen variantar mot den klåre hausthimmelen.
Høgt der oppe ein stad var det objektet vårt heldt seg. Men om vi stirde augene ut or skolten, aldri om vi såg ein ting rørde seg. Annsleis var det med jaktmennene våre, dei hadde «Ørneøyne fra mers», for å sitere Terje Vigen. Dei kunne sjå eit dyr røra seg på utruleg avstand.
Den store stilla rådde kring oss, ein kunne høyra ufsedropane falla ein for ein. Berre elva susa svakt nede i dalbotnen der ho rann ut i vatnet. Nokre sauer gjekk og beitte på stølsvollane, kanskje fann dei seg ein smak tytebær endå –
Då small det. Eit einaste dumpt skot, det måtte tyda eitt av to; anten ein fulltreffar eller eit skræmeskot. Det var umuleg å seia for visst om det kom ovanfrå eller nedanfrå. Men alt var like stille ikring oss, her kom ingen hjort farande i fullt flog. Og kvar vart det av signalet vi skulle få? Det gjekk endå ein halvtime og vi samrådde med kvarandre: Skulle vi gå? Nei, hadde vi fått ordre om å stå her, så stod vi her til dei gav lyd frå seg. Dei skulle ikkje ha det å seia på oss at vi tapte hovudet berre for eit skot og forlet postane våre. Det tok til å røyna på tolmodet, det er i alle høve ikkje mi sterkaste side. Hadde mannfolka gløymt at vi var med?
Endeleg kom signalet, ein lang plystretone, med tre korte sist.
Vi var nede av rabbane våre fortare enn svint og denne gongen fekk steinklopper og heller ramla som dei ville. Spenninga vaks til nærmare vi kom osen. Det tyktest oss så reint utruleg at dei kunne ha felt dyr der, berre snaue kilometeren i strak linje heim. Men snart fekk vi syn for segn. Vel framme på Demma, der terrenget brått skråar slakt nedover, såg vi skyttaren sjølv nedi bakken. Han sat til skrevs over bytte sitt og slurpa i seg heit kaffi frå ei termosflaske. Både sessen og kaffien såg ut til å bekoma han vel, han humra nøgd. Hin stod ved sida av og tok augnemål av dyret. Han hadde gått «jaget ut», som det heiter på jaktspråket, heile lida og urdane utover, det var difor vi laut venta så lenge.
Dyret var ein femgreinar, ikkje av dei aller største, men mannfolka var vel nøgde. Vi skulle versågod få vera med oftare –
Så kunne vi rusla heimover, mennene greidde resten best sjølve. Vi hadde gjort vårt jobb, men ein ørlien tvilar inni oss lurde på om hjorten hadde hatt teften av oss i det heile? Kor om all ting var, litt avkopling og spenning i den grå kvardag hadde det vore og kor mange gjer hjortejakta unna på to og ein halv time?
Dessutan: Jaktæra var berga for i år, like eins sundagsmiddagane langt ut i neste år.
Bergens Tidende 25.11.1970. Sigrid Øvrebotten.



