– Det er her eg har røtene mine. Botnane var ein god plass å vekse opp, vi hadde det fritt og fint. Det er ei eiga ro her ute, så når eg skal «heim» er det hit eg skal. Vi var ikkje så mange ungar i bygda, men vi hadde det kjekt i lag vi som var her. Det er nok litt slik at eg hugsar best lange somrar med godt ver, ler Elin Sørbotten, den nye kommunalsjefen for helse og velferd i Kinn kommune. Og så hugsar ho dei gode minna frå tida med Besta, Maria Sørbotten. Elin trur at det gode forholdet til farmora er grunnen til at ho fekk slik godhug for eldreomsorga.

Elin Sørbotten heime på kjøkkenet i Botnane.
Elin Sørbotten og mannen Terje Johansen kjøpte seg eit stort hus i Botnane i 2012, og då ungane var små budde dei her mykje. – Dei tre borna våre likar seg godt her, men når dei vert tenåringar har dei behov for å vere nærmare vener og «liv og røre», og då vert det mest Florø. Slik som no når son vår er aktiv i fotball. Men om somrane har vi base her, og kvar helg i hjortejakta og annan kvar jul. Då samlar vi heile storfamilien, og i år kjem vi til å bli 23 stykke og eg gler meg stort til første jul som bestemor.
No til dags er det ungt å bli bestemor 42 år gamal, men Elin og Terje fekk fyrste dottera si i ung alder. Som heilt unge budde dei 1,5 år i leilegheita i grendahuset i Botnane, og pendla med buss og båt til Florø kvar dag. Elin gjekk på Flora vidaregåande skule og leverte dottera i barnehagen før skulestart. – Det var unekteleg eit travelt år og eg følte eg fekk for lita tid med Vilde, så vi flytta til Florø att. Og så fekk vi like godt dotter nummer to då eg var ferdig med vidaregåande. Då var eg heime med ho i eitt år, og jobba deretter eitt år i butikk før eg starta på sjukepleiarutdanninga.
– Du har tydelegvis aldri vore redd for å ha mykje å gjere?
– Nei, men vi har alltid hatt god hjelp av familien vår på begge sider. Vi er begge veldig familiekjære og har klart oss godt. Men vi har måtta jobbe, ja. Vi kjøpte oss leilegheit i ung alder og Terje, som arbeider med ventilasjon, var mykje på reise. Men han var heime i helgane, då kunne eg ta ekstravakter som assistent i pleie- og omsorgstenesta. «Docen» var mitt fyrste møte med den tenesta. Eg jobba tredje kvar helg gjennom vidaregåande, i feriar og gjennom åra på sjukeplepleiarstudie. Det var eit veldig kjekt arbeid og eg treivst godt i eldreomsorga. Men det hadde ikkje gått å studere, ha to ungar og jobbe helg og natt utan at systera mi, Trude, budde hjå oss den gongen. Ho leverte ungane i barnehagen når eg måtte reise tidleg på skulen.
Elin gjekk sjukepleien i Førde og hugsar dei tre åra som utruleg kjekke, sjølv om det var travelt. – Eg visste veldig tidleg at eg ville bli sjukepleiar. Eldste dotter vår vart fødd åtte veker for tidleg og eg budde ein månad på sjukehuset med henne. Det var skremmande og var nok med å påverke meg til å utdanne meg til sjukepleiar og kunne bli ei tryggheit for folk i slike situasjonar.

Fyrlykta på Sørbottsneset var ein ynda stad å leike i Elin sin barndom.
Utdanning og arbeid
– Eg trivast veldig godt ilag med dei eldre, og det trur eg er på grunn av ho Besta, Maria Sørbotten. Eg var veldig mykje med henne og vi hadde alltid noko å snakke om. Vi kjem attende til bestemora seinare i intervjuet.
– Du seier du alltid har jobba i kommunen, kvifor det?
– Å jobbe i kommunane er veldig gjevande og spennande det byr på veldig mange forskjellige utfordringar som må løysast. Det krev helsepersonell med generalistkompetanse, omsorgsevne og som må handtere det som dukkar opp. Eg har vore trufast mot valet mitt og har aldri angra.
Elin Sørbotten arbeidde på sjukeheimen Furuhaugane i Florø etter at ho var ferdig utdanna og etter nokre år vart ho leiar for langtidsavdelinga der og byrja på leiarutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane ved sida av.
– Eg hadde aldri sett for meg å bli leiar, eg skulle vere sjukepleiar. Men så har eg ei lei evne til å meine mykje og engasjere meg. Eg blei på Furuhaugane i mange år som leiar, først på langtidsavdelinga og deretter ved korttidsavdelinga.

– Det er ei eiga ro her ute, seier Elin Sørbotten.
Etter at Elin slutta på Furuhaugane i 2017, jobba ho eit år som utviklingskoordinator i Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester, og deretter interkommunalt som samhandlingskoordinator for alle kommunane i Sogn og Fjordane.
Same året som koronapandemien snudde om på alt, i 2020, leverte ho masteroppgåva si som omhandla samhandlingsreforma og korleis kommunane hadde løyst oppgåvene med reforma ulikt. Då vart det pandemi, beredskap og smittevern det gjekk i, og jobben som samhandlingskoordinator fekk eit anna innhald desse åra. – Det var travelt, men utruleg spennande. Når eg tenkjer attende så handterte kommunane og sjukehusa pandemien på ein utruleg god måte i fellesskap.
Nye utfordringar
I 2023 vart Elin prosjektleiar for den nye institusjonen Albertatunet i Florø, og frå nyttår 2026 vart ho tilsett som kommunalsjef for helse og velferd.
– Likar du å vere leiar?
– Ja, det gjer eg. Det å leie handlar for meg om å leite etter og finne potensialet i folk, kva dei er gode til og bygge opp om det. Det er ekstra kjekt å leie folk som er kompetente, dyktige og engasjerte, å bygge laget og legge strategiar og felles mål. Eg likar å jobbe med folk, og med utvikling, det får eg som leiar.
Elin Sørbotten er framleis veldig ny i jobben, men ho trivst og tykkjer det er ein spennande jobb der ho får brukt heile seg. Stillinga som kommunalsjef for helse og velferd omfattar mykje.
Saknar framleis Besta
Elin Sørbotten er dotter til Aud Djupevik og Stein Arne Sørbotten. Dei skilde lag då ho var i 12-årsalderen, Aud busette seg i Florø og Stein Arne vart buande i Botnane. Dei hadde delt omsorg for dei tre døtrene sine. – Eg har alltid dilta i hælane til pappa, fiska og vore med til Kalvåg. Om somrane var vi med og hesja og hjelpte til i slåtten hjå tante Solbjørg og onkel Åge, ho er syster til mor mi og han bror til far min. Der var det fire doble syskenbarn å leike med og det var kjekt og sosialt å drive i slåtten når vi var så mange. No er fleire av dei naboar med meg her i Sørbotten.

Besta, Maria Sørbotten, med dei to døtrene til Elin då dei var små. Foto: Privat.
– Og mellom dei to tuna budde Besta Maria?
– Ja, ho bygde seg ei lita hytte og der var vi mykje. Det var alltid ope hus hjå Besta og også venene mine kalla henne Besta. Ho var veldig inkluderande, du kjende deg veldig velkomen hjå henne. Eg har overnatta mykje i hytta til Besta og bada i det rosa badekaret hennar. Ho var bitte lita, kjapp i replikken og sa kva ho meinte, nesten uansett. Då ho vart eldre flytta ho til Florø, og eg besøkte henne framleis mykje.
– Du saknar henne framleis seier du?
– Ja, eg saknar Besta kvar dag endå, sjølv tjue år etter at ho gjekk ut av tida tenkjer eg på ho veldig ofte.
– Folk som ikkje veks opp på plassar som Botnane lurer på kva det er å gjere på her. Kva dreiv de med då du vaks opp?
– Vi bygde oss hytter og gjekk i fjæra og fann alt mogeleg vi kunne ha i dei, hoppa på steinar og fanga aure med hendene i Oddny-elva. Der kunne vi drive på i timesvis, var vi skikkeleg heldige fanga vi ål. Eg hugsar at barne-tv-tida var viktig, men elles sat vi lite inne og såg på TV. Om vinteren gjekk vi på skøyter på vatnet rett her borte, det var så grunt at der var det ufarleg å ferdast. Der samlast heile bygda når det var is på vatnet. Skigåing var det mindre med.
Elles minnest Elin «Rune-klubben» med glede. – Rune (Nordbotten) dreiv denne klubben for oss ungane i bygda sist på 1980-talet/fyst på 1990- talet. Dette var før han fekk eigen familie. Kvar veke i vinterhalvåret samla han oss i grendahuset til ei lita «preike» fyrst og deretter modellbygging. Rune tinga inn byggesett vi hadde lyst på, og vi fekk bygge stabbur og anna. Han var også frivillig på ein ungdomsleir i Bremanger, der tre av oss jentene var med på ei vekes leir. Det tykte vi var stas, seier Elin Sørbotten.
Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 7. mars 2026.



















