Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
aktuelt, Ukategorisert

Har nokon forslag til namn?

Kinn kommune har i brev til grendalaget spurt om det er forslag til namn på to eigedomar på Årebrot.

  1. Det gjeld Gbnr 10/29 som er ein fritidsbustad utan vegtilkomst. Den er markert med raud ring på kartet. Namnetenesta i Kinn foreslår Årebrotsvågen. Men dei tek sjølvsagt mot andre forslag.
  2. Det gjeld Gbnr 10/26. Det er også ein fritidseigedom utan vegtilkomst i Årebrotsvågen. Namnetenesta i Kinn foreslår Båsen som namn. Men dei tek sjølvsagt mot andre forslag.

Har de forslag til namn på dei to stadene så send dei til grendalaget på e-post til asmund.berthelsen@icloud.com

innan torsdag 11.september. Så sender vi det vidare til Kinn kommune innan 15.september.

Kinn kommune skriv at namneforslaga skal ha historisk forankring i tråd med god namneskikk og bør vere grunngjevne. Namneforslaga bør ikkje forvekslast med allereie vedtekne namn, og skal godkjennast av Språkrådet før handsaming i Oppvekst- og Kulturutvalet som fattar vedtak etter eit delegasjonsreglement.

 

 

Skjermdump frå norgeskart.no

 

Skjermdump frå norgeskart.no

4. september 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-09-04 10:01:372025-09-04 10:18:08Har nokon forslag til namn?
Ukategorisert

Kjem til Botnane 5.oktober!

Boka “Team Berlin” er i trykken og forfattaren Roger Sevrin Bruland håpar på griseflaks slik at ho er ferdig til søndagskafeen i Botnane 5. oktober, kl. 16.00. Men uansett kan folk førehandsbestille boka.
Fyrst kom pandemien, deretter krigen. I boka “Team Berlin” tek Roger Sevrin Bruland oss tett på store kriser i vår tid, sett gjennom augo til ein NRK-korrespondent som stod midt i dramatikken. Frå overfylte sjukehus i Nord-Italia til frontlinjene i Ukraina skildrar han med skarp penn og levande detaljar korleis historia kom nærmare på enn nokon gong.
På søndagskafeen i Botnane 5. oktober vil Bruland fortelje om historiene i boka og korleis det var å stå midt i dei. Han vil lese utdrag frå boka og vise bilete frå reportasjereiser, og reflektere over kva krisene i Europa har lært oss om samfunn, politikk og menneskeleg motstandskraft.
Etter føredraget vert det høve til å stille spørsmål og kjøpe signert bøker, om boka rekk å bli ferdig til 5. oktober. Elles kan ein førehandsbestille ho på www.teamberlin.no
3. september 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-09-03 10:19:482025-09-03 10:19:48Kjem til Botnane 5.oktober!
Aktuelt, Arkiv

Snart klart for Årebrot som bygdenamn

Det går mot at Årebrot vert godkjent som bygdenamn for strekningen frå Årebrotsodden til grensa mellom Kinn og Bremanger ved Husefest. Skjermdumpane er frå Norgeskart.

 

Årsmøte i  Botnane og Årebrot grendalag tok i mars i år opp spørsmålet om å endre namn på kaia frå Villevik til Årebrot kai. Og å få opp eit skilt i Myklebustkrysset med det namnet. Dette vart teke opp med Kinn kommune, som sende saka på høyring til Språkrådet. Rådet oppdaga då at Årebrot ikkje var godkjent som bygdenamn, eller som eit samlenamn for strekninga frå Årebrotsodden til Bremanger grensen. Difor kunne ikkje kaia få namnet Årebrot, meinte dei. Det kom fleire andre forslag som namn på kaia med Årebrotskaia som eitt av dei.

I styret i grendalaget var det klart fleirtal for å halde på Årebrot også som namn på kaia og vi tok opp spørsmålet om å få godkjent Årebrot som bygdenamn. Språkrådet har no ikkje innvendingar til det og skriv i eit brev at det er Kinn kommune som avgjer. Saka kjem truleg opp i oppvekst-og kulturutvalet i Kinn rett etter valet den 8. september. Etter at det eventuelt er vedteke at Årebrot vert samlenamn/bygdenamn for strekninga frå Årebrotsodden til grensa til Bremanger kommune ved Husefest, vil spørsmålet om å endre namn på kaia teke opp att. Når det er gjort vil grendalaget søkje om å få opp skilt i Myklebustkrysset der Frøysjøvegen møter Magnhildskarvegen/Gulevegen. Heile brevet frå Språkrådet kan ein lese med å trykke på lenkja under.

Av Åsmund Berthelsen

 

Årebrot nytta som bygdenamn – tilråding

19. august 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-08-19 19:51:572025-08-19 20:04:22Snart klart for Årebrot som bygdenamn
Aktuelt

Mange har historia si i veggane her

Solnedgangen over Uravika frå stoveglaset på gamleskulen. Foto: Atle Faye.

– Det er veldig spesielt å ta over skulehuset og skulle vere den som tek historia vidare. Vi er mange som har historia vår i veggane her, seier Venche Faye Sandvik. Saman med mannen Magnar Sandvik, fekk ho skøyte på gamleskulen på Årebrot som hytte tidleg på 2000-talet. – Om nokon har lyst til å sjå att huset dei gjekk på skulen i er det berre å kome. Vi kjem til å vere her meir no når begge er pensjonistar, seier Venche Faye Sandvik.

Det var Simon Solberg som bygde skulehuset, som vart teke i bruk i 1905. Då hadde det lenge vore semje om at det trongst eit skulehus, men krangel om kvar det skulle ligge. Gamlebøen på Ura vart valt, det var omlag midt på strekninga Husefest-Årebrotsvågen.

– Huset vart ståande ei stund før vi vann på å pusse det opp. Vi dreiv gard i Sandvika (Eikefjord) med kyr og ungbeist. Magnar hadde heiltidsjobb utanfor garden, medan eg hadde deltid. Så det meste av arbeidet her er gjort av Magnar (73 år) etter at han vart pensjonist, og det kom vel med at han er bygningsmann, seier Venche Faye Sandvik.

Utvendes har huset same form og farge som då det var skulehus. Foto: Atle Faye.

Naturen var i ferd med å ta over både uteområdet og sjølve bygget då dei tok over. Då hadde huset vore både utleigd og stått tomt, og bar preg av det. Huset var i bruk som skulehus til 1985, då det vart bygt ein ny Årebrot skule, og lærarbustad i 1979.
– Randi og Sigbjørn Holsen var det siste lærarparet som budde her på gamleskulen. Eg må seie at eg er imponert over at dei tok mot jobben med dei buforholda. Dei hadde to barn då, og her var liten plass og utedo. Kjøkken nede, ei lita loftsstove utan takglas og tre små soverom, alt oppe med skråtak. Det var neimen ikkje nokon luksusbustad, slår Venche Faye Sandvik fast.

– Vi har skifta alle vindauga attende til slik dei var før husmorvindauga kom på 1970-talet. Huset er etterisolert utvendig og det er bytt kledning. Alt det elektriske er bytt og no er her avløp etter forskriftene. Før gjekk alt det rett utfor muren. Og vi har bora etter vatn, fortel Magnar Sandvik, som får æra for å ha stått for det meste av dette arbeidet. Sjølv seier han at svoger Øystein Faye, med gravemaskin, har vore ei uvurderleg god hjelp å ha. Utvendig ser huset ut slik det gjorde som skulehus. Det har vore kvitt så lenge Venche kan hugse.

Venche ser heim til Kvalvika, der ho vaks opp. Foto: Magni Øvrebotten.

 

Skulestova har blitt stove. Foto: Magni Øvrebotten.

 

 Kammerset har blitt kjøkken. Foto: Magni Øvrebotten

Inne har det som var kjøkken i skulehuset blitt eit kombinert bad, toalett og vaskerom, og kammerset ved sida av skulestova har blitt kjøkken. Gangen og trappa opp i andre høgda er som dei var. Skulestova har si opphavlege form og dei kledde veggane er måla og tapetserte. – Huset er eit tømmerhus med høvla og kløyvd tretoms tømmer. Skulestova var ei tømmerstove til ho vart kledd med plater, truleg på 1950-talet, seier fagmannen Magnar Sandvik. Tilbygget vart bygt av bestefar til Venche, Hjalmar Uren, saman med Hjalmar Holstad, etter det Venche har høyrt.

Skuldrane senkar seg

– Det har vore skule i dette huset i 80 år. Var det mange klenodium å finne frå skuletida?

– Nei, det var diverre lite med klenodium. Det einaste var då vi reiv taket. Då kome det for ein dag ei bok og ei rekning på poteter kjøpt av Magnus Fimland. Han var lærar her og døydde sommaren før eg skulle byrje på skulen i 1966. Eg hadde gledd meg slik til å få han som lærar, minnest Venche. Ho vart sjølv lærar og tykkjer det har vore eit gjevande yrke. Ho avslutta yrkeslivet som rektor ved Stavang skule. No vert den lagt ned og det høver å bli pensjonist i ein alder av 65 år. Ho håpar dei får tid til å vere meir på hytta no når begge er pensjonistar. Dei har tre barn, som alle har vore med på oppussinga av huset, og foreldra håpar dei også får tid til å bruke det.

– Er det mange gamle elevar som kjem for å sjå att skulen?

– Det har slett ikkje vore noko renn av dei, men eg merkar av folk er knytte til skulen sin. Dei som har lyst må berre kome så skal dei få sjå korleis det har blitt. Det var mindre innreidd i andre høgda då eg gjekk på skule her, og ute står utedoen frampå kanten som han har gjort.

Magnar Sandvik og Venche Faye Sandvik. Foto; Magni Øvrebotten.

– Kva betyr det for deg å ha dette huset på Ura?

– Skuldrane senkar seg når eg kjem hit. Når eg har passert Botnane og byrja på stranda sørover då kjenner eg roa senke seg. Eg har lurt litt på kvifor det er slik? Kanskje er ikkje krava dei same? Det eg ikkje har med det får eg ikkje gjort noko med, det er mindre kav. Denne kjensla har forsterka seg etter kvart som eg eldest, og difor håpar eg at vi får god tid til å vere her framover, seier Venche Faye Sandvik.

 

Gamleskulen på Årebrot tronar på toppen av den vesle klynga med hus på Gamlebøen. Foto; Atle Faye.

Tekst: Magni Øvrebotten 02.08.2025.

 

 

15. august 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-08-15 08:00:092025-08-15 12:53:23Mange har historia si i veggane her
Ukategorisert

Takk til fylkeskommunen

Vestland fylkeskommune har kosta 12-13 kilometer med ny asfalt, med kvite striper, på Frøysjøvegen, frå kaia på Villevika til Håjen i Botnane. På vegne av folk som bur og ferdast langs vegen takkar Botnane og Årebrot grendalag for det!
Vegen vart heilt nedkøyrd då det vart transportert mykje steinmasse frå steinbrotet i Seljestokken til Guleslettane. No er det vegen gjennom Botnane som treng vøling. Å ferdast på Frøysjøvegen gjev mykje flott utsyn, om du går, syklar eller køyrer bil. Det er ein flott sykkeltur frå Villevika og nordover.
11. august 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-08-11 15:03:142025-08-11 15:03:14Takk til fylkeskommunen
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Roska-stasjonen og dei lokale hjelparane

Fridtjov Urdal sin tale i Breivika 13. juli 2025.  

Under Bygdehelga 2025 markerte vi 13. juli at det er 80 år sidan andre verdskrig tok slutt og Fridtjov Urdal fortalde om Roskastasjonen og dei lokale hjelparane. 

 

Fridtjov Urdal i tunet i Breivika

Velkomne hit i tunet. Eg skal freiste gje bilete frå ei onnor tid og av folk som ikkje er her lenger. Det er historie, men det er ei IKKJE ei historie etter krav som ein faghistorikar ville kunne gje. Dette som ei åtvaring.

Formann Mao seier i si bok om folkekrigen: «Gerilja-soldaten skal røre seg i folket, lik fisken i vatnet», og då Tito vart spurd om kva prinsipp geriljahæren hans var bygd på svarde han: «Når huset til Goran brann kom Duro og Milos og hjelpte han å bygge nytt, og Vaslav lånte bort eselet sitt då dei skulle køyre stein». Det rører seg om å bruke dei banda som bind folk til kvarandre, det gjeld i krig så vel som i fred.

22. juli 1940 fekk Hugh Dalton denne ordre frå Statsminister Winston Churchill: «And now go and set Europe on fire» («Gå no og sett Europa i brann»). Det var opprettinga av SOE, Special Operations Executive. Denne organisasjonen skulle vere med og hjelpe fram og organisere motstanden mot den tyske okkupasjonen. Drive etterretning, sabotasje og opplæring. Alt som var og kunne vere til plage og fortred for okkupantane. Denne ordren skulle få føljer også her i tunet og bygdene i kring. Alle er vi del av historia. Det var óg dei som her skal forteljast om.

Nordahl Grieg skriv i diktet om Martin Linge:

«Slitt fra søvnen i en vårnatt
fikk enhver av folkets sverm
presset inn i sine hender,
bydende, enn rolleperm;
og hvert blad var ubeskrevet,
og hver vei var mørk og blind,
og til alle kom et stikkord».                                                       

Så kva var stikkordet? Kva var det som gjorde at folk gjorde som dei gjorde? Ulikt, høgst ulikt.

For godt og vel ein mannsalder sidan fekk Rolf Losnegård og eg i oppdrag å skrive eit teaterstykke om krigen her i Sogn og Fjordane. Utvalet av fyrste hands informantar var den gong noko betre enn det er no. Ein fekk snakka med ein del av dei som var med. Om ein hadde venta seg utsegner til bruk i 17. mai-talar vart ein vonbroten. Alt var så alminneleg. Lur-tonen med Konge, folk og fedreland vart ikkje blesen. Kan hende torde dei ikkje bruke den, det vart for store ord for dei. Det kunne vera det ikkje var så nøye overtenkt, før tida var der.

«Ja, eg skal gjere opp for båten»

Somme hadde ei ideologisk overtyding på førehand. Ei klår antifascistisk og antinazistisk overtyding. Medan andre ikkje hadde brydd seg særleg med politikk før hærtakinga var i gong. Det var vanlege folk som slepte det dei hadde i hendene og møtte til mobilisering, det var plikt. Det er ei historie. Det var ein flokk karar på ei kai. Mellom dei var ein unggut som skulle til Voss. Mobiliseringsstaden for Infanteriregiment nr. 10. Han som slengde med kjeften var og frammøtt. «Ja, ska du i krigen for å slost for han Johan no? Skuldar du han noko kanskje?» «Ja, eg skal gjere opp for båten». Han var fødd og oppvaksen på ein holme der dei så vidt helt svolten utom kjøkendøra. Han hadde fått hjelp til å kjøpe seg ein av dei minste «Nygårdsvollane», ein færing så han kunne freiste ro seg ut or armoda. No var det tid å gjere opp. Det gjorde han både då og sidan. Slik var det med mange.

Alf Torvanger fortalde om minelegging ei natt i Frøysjøen då kapteinen tok seglmerket på skjæret for eit ubåttårn, og om åtak med MTB´ar i Kanalen. Jakob Syltøy, ein av dei aller fyrste som gjekk over med flyktningar og seinare opererte frå basen i Peterhead i Skotland, fortalde om kor dei stal rom frå kaggane til Royal Navy og stempla i lakken med ein topenc. Dei fortalde meir og villigare om andre fantestykkje enn dei fortalde om seg sjølv og kvifor dei hadde gjort som dei gjorde. Dette nemnde eg i ein samtale med krigshistorikaren og Linge-mannen Ragnar Ulstein: «Ja, eg vil tru det», sa han. «Det var difor dei var brukande til slikt arbeid. Dei var alminnelege folk med ein alminneleg moral og pliktkjensle. Det var det som gjorde at folk vart med i arbeidet. Det var dei som såg på dette som eventyr, og gjorde seg ærend heimom for å hente trekkspel og juletre. Men dei var og er mytiske unntak og dei kunne vere farlege», sa Ulstein.

Det møtte fram 25 personar for å høyre om den lokale krigshistoria.

Då eg i 1978 fyrste gong trefte dåverande direktør for Riksgalleriet, Jan Askeland, og han høyrde kor eg var i frå fekk eg straks spørsmål etter folk frå grannebygdene: Karstensen, Ulriksen, Domben, Torvanger, Grotle, Igland, Skorpen og Saltskår, og namn frå Askvoll, Bulandet og Sula. Han hadde vore telegrafist på Hessa, ein av dei tre Shetlands-bussane. Det gav og eit innsyn i kor sterkt mange kjende stridsfellesskapet. Dei fleste var vanlege folk. Var dei heltar?

Arnulf Øverland skriv i Roktas forlis:
Helter? – Hvem snakker om helter her?
Det er jo folk som vi kjenner!
Det er Peder og Eilert og Lars og Johan,
det er naboer, skyldfolk og venner!

Det var slik dei vart sett på av andre. Dei var vanlege folk som ein kjende og som var med dei i kvardagen. Eg kallar dei det «Blå folket» Dei som hadde blå dongeri og brune Viking gummistøvlar til nasjonalbunad. Det eineståande med desse var at dei ikkje var eineståande. Det var tusenvis i alle okkuperte land, som på ulike vis tok vågnaden og var med i det illegale arbeidet. Som Ulstein sa: »Nokon har talent for slikt og lærer fort. Det er slikt ein ikkje ser utanpå folk, det må røynast».

Krig er logistikk og forsyning

Så kvifor vart det her (Breivika). Staden her kan vere nett tilfeldig, men ikkje området. Krig er logistikk og forsyning. Det er viktig å vite kva som går av frakt langsmed leia. Ei rad observasjons- og radiostasjonar rapporterte om kva som gjekk føre seg i skipsleia. Her hadde ein utsyn til heile Frøysjøen, Hellefjorden, Gulefjordane var ei godt eigna konvoihamn. Her var store kraftanlegg og eit smelteverk. Med tida vart det og festningsverk i Florø og Berle. Begge partar var einige om at dette var eit viktig område. Grunnane til at folk tok vågnaden med å vere med i illegalt arbeid er like så mangfaldige som folk er, sjølv om slumpehøve spelar ei avgjerande rolle når det gjeld kva folk kom bort i. Det er dei færraste som målmedvite søkjer illegalitet, men i botnen ligg ein fredstidsmoral og ideal dei ikkje ville gje slepp på. ´

Når det gjeld bygdene her så byrja krigen i 1939 med folk som var i utanriksfart i krigsonene. Seinare mobilisering, det illegale byrja litt lenger sør, på Solberg. I 1941 hadde okkupasjonsmakta fått greie på at Harald Solberg hadde ulovlege våpen og kom for å konfiskere desse. Harald, som elles var ein fredeleg person, var svært glad i våpen og situasjonen eskalerte, som det heiter no. Det kjem fram at broren Lars óg har gøymt unna våpen. Harald får livstiddom og Lars 1,5 år, og begge vert sende til Tyskland.

Alt den 12. august 1941 bankar krigen på ny på bislag-døra på Solberg. Utanfor stod to karar som kom frå England, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei var på Solberg fyrste natta og så gav Simon Solberg dei lov til å slå seg til på Gåsøyna. Familien Solberg var alt hardt råka av krigen med to i tysk fangenskap, ein annan bror og syskenbarn i England. Om dette gjorde avgjerdene lettare eller vanskelegare veit eg ikkje. Det kunne gå båe vegar.

Men ho Sigrun hadde lete opp døra for dei to karane der ute på tunet, sidan dei hadde kome på Solberg fyrst var det den naturlege kontaktstaden og dei var der jamleg. Men det er kvardag om det er krig og dette blandar seg i hop og påverkar kvarandre. Ho Sigrun hadde komme heim frå teneste for å taka seg av dei to aldrande foreldra Simon og Gunnhild. Ho hadde ein kvardag med gard og beist, som ho skulle få til å henge så nokolunde i hop, om det var krig aldri så mykje. Då sumaren kom og Gåsøya skulle slåast måtte agentane og utstyret i land og flytte opp til Husefestvatnet. På hausten flytte dei ut att. Det vart seinhaust og vinter. På Gåsøya kunne dei ikkje fyre så lenge det var lyst, for ingen måtte sjå at der var folk. Staden var ein god observasjonsstad, men det var dårleg med retrett derifrå. Slike agentar som dette vart ikkje av tyskarane definert inn under Genevekonvensjonen. Dei var for terroristar å rekne om dei var i uniform. Det fortel noko om kor alvorleg ein såg på dette trugsmålet. Dette råka sjølvsagt óg dei som hadde kontakt og samarbeid med allierte agentar.

Det illegale arbeidet måtte skje i løynd så dei som ikkje var med ikkje merka noko. I eit lite samfunn skal det ikkje mykje uvanleg til før det vert lagt merke til og ord byrjar gå. Arbeidet har dessutan eit lag til å ringe seg ut og dei ytste ringane er størst og har størst kontakt. Angivarane var ikkje det ein var mest redde. Det var dei som nesten visste, eller trudde dei visste og som var uforsiktige og ikkje kunne halde kjeft. Bra folk som leit for mykje på andre.

Sigrun Solberg hadde anlegg for det illegale

Ragnar Ulstein nemnde Sigrun som ei av dei som hadde anlegg for det illegale. Modig og rasjonell. Han meinte ho var ein godt døme på dei kvinnene som var direkte med i illegalt arbeid. Vi var heilt avhengige av desse folka. Vi må heller ikkje gløyme dei som var involvert og visste, fordi dei var koner, mødrer, systrer og døtrer til menn som var med. Det fall tunge bører på dei óg. Såleis var det illegale arbeidet grenselaust. Ein kom i situasjonar der det ikkje var råd og seie nei. Dei hadde lese oppslaga med oppropet om at: «Skutt blir enhver som har kontakt med fienden».

Sigrun Solberg var aktiv partisan i mest fire år. På to unntak nær var ho eit vanleg bygdemenneske i skaut og avskorne gummistøvlar, og stundom i blå gabardinkåpe. Det uvanlege var at ho gjekk for å vera sanndrøymd, og ha eit utifrå godt lag med sjuke dyr. Det skulle ho ha etter mor si, ho Gunnhild. Vi tenkte ikkje på at ho hadde hatt fire år der ho levde med livet i neven. Det er ikkje sikkert ho hadde synst det var noko stas om folk gjekk og hugsa på det, så til kvardags. Dei lokale kontaktane måtte ordne opp med mykje og mangt. Den fyrste tida kunne det vere så som så med forsyningane. Dei hadde i regelen rikeleg med kaffi, te og tobakk, og pengar. Men når det er krig er det ikkje alt som er å få for pengar. Det og ha kontakt med framande agentar var óg å få fleire i kosten. Slik var det på Solberg og på dei andre gardane i Breivika og i Botnane. Det ligg i kulturen at gjest forpliktar og i dette høve var det folk som var i teneste. Det gjorde det ikkje mindre viktig. Vansken var det at det skulle  ikkje merkast. Sigrun fortalde: «Det var ein gong Ulriksen var nede på Solberg. Han hadde teke av seg på føtene for å varme seg på omnen. Då kom det folk på døra. Ulriksen hadde ikkje tid til å få på seg støvlane, han tok dei i neven og bykste berrføtt ut stoveglaset, då hin tok i kjøkendøra. Det var ikkje Gestapo, men han Gustav på Kvalvika som hadde gjort seg eit  ærend innom for å sjå kor det sto til. Han visste eg var åleine med to gamle. Han skulle berre visst…… Dei grøne militærsokkane hekk att på omnsstonga, fortalde Sigrun Solberg. Slike detaljar kunne velte spelet om dei rette såg og tenkte.

Søndag 13. juli var ein av desse varme dagane i juli då folk søkte skuggen.

Radioagentane kom til Breivika i 1942

Til Breivika og han Isak kom radioagentane i 1942. Den alminneleg mannen. Småbonde, fiskar og vikarskippar i Fylkesbaatane. Ein roleg og sindig mann. Sopass at det var dei som tykte det fekk vere måte på, og med ein humor som det var tryggast å tenke over ein gong eller to, før det var tilrådeleg å le. Slik fortalde Isak om då radioagentane kom til gards:

«Eg hadde ingen aning om desse karane Atle Svardal og Eivind Viken før dei kom. Dei hadde vore på Solberg fyrst. Eg skjøna snart at der hadde det gått føre seg slik verksemd i lengre tid og at ho Sigrun var til å lite på. Det var ikkje meg dei hadde bruk for, det var den vindkjegla vi hadde som kunne produsere 12 wolt straum. Det var nok til sendaren, men då måtte det blåse og det gjorde det ikkje støtt. Dei hadde med seg ein usedvanleg lunefull og upåliteleg bensinmotor. Den hadde det med å stoppe medan dei sende. Den sette vi ned i kjellaren med eksosrøyret inn i pipa. Det gjekk då på eit vis. Sendaren var veik, det var visst så vidt at signala kroka seg att og fram over Nordsjøen etter at det hadde vorte mørkt. Men det hadde den fordelen at sendaren var vanskeleg å peile. Det vart sendt meldingar kvar dag i kodar som stendig vart skifta. Tyskarane høyrde dei nok, for etter nokre månadar så svarde dei på sendingane.  Då visste ein at fienden var merksam på verksemda. Sendaren var i kjellaren og agentane budde på loftet. Det var om å gjere at ingen merkte det som gjekk føre seg. Det var ikkje nok at folk var pålitelege, dei måtte kunne halde kjeft óg. Du må sjå bort i frå at du kan fortelje noko til ein ven, for han eller ho har óg ein ven dei trur dei trygt kan fortelje til og så er det på vidda før du veit ord av. Dei som har den visa at dei spør om alt er og truande til å fortelje alt. Det heng i hop det der. Det var det at ein måtte passe på heile tida, dei skulle helst vere usynlege desse karane og det var ikkje alltid så god sak. Agentane meinte at vi kunne då berre låse av, men her brukte vi ikkje å låse dørene korkje dag eller natt. Det var ikkje skikken her og det ville folk legge merke til og undrast på. Det folk undrast på det vert lettare omsnakka enn det dei veit, og veit dei skal teie om. Fyrste gongen dei kom då var dei her i 8 månader. På seinvåren og sommaren flytte dei til skogs, det var meir folk som for og rak her då, så ein måtte vere forsiktig», fortalde Isak.

Agentane kom ikkje direkte hit, dei hadde vore innom andre stader og andre kontaktar og det drog dei med seg slik at nettet heile tida vart utvida og fleire og fleire visste om at det var noko om gjekk føre seg. Det er ikkje til å unngå og alle hadde meir og mindre sin måte å gjere ting på.
«Det var stor skilnad på to som han Martin Domben og han Saron Karstensen i Batalden. Begge gjorde ein stor innsats, men der Karstensen var systematisk, forsiktig og målretta var Domben impulsiv, dumdristig og ikkje alltid god å kome til rettes med. Han var meir av den sjølvhevdande våpentransportøren, den risikovillige eventyraren. Dei har eigenskapar ein treng dei óg. Det er med dette som med mangt anna. Det er mangfaldet av eigenskapar som gjev styrkje», sa Ragnar Ulstein i ein samtale eg hadde med han.

I Botnane var det mange som var involvert. Der låg gardane tettare. Der var det Thorbjørn Øvrebotten og sonen Arne Isak hadde mest kontakt med. Dei hadde óg kome bort i dette arbeide med ein slump. Så spann det på seg. Når det var veit ein ikkje sikkert. Når nye folk kom over, anten det var frå Shetland eller Sverige, vart dei grundig forhøyrde for å skilje ut agentar og andre tvilsame element, men óg for å få kartlagt miljøa heime så dei på andre sida havet fekk fort greie på kven og kvar det va litande og villige folk. Det var ikkje alltid det same, men i dette høve var det heil ved.

Frå Botnane gjekk kontaktene vidare inn til Nordgulen og Svelgen der Ragnvald Rise var ein viktig kontakt til dei gruppene som låg der, og over til Ålfoten og Davik. Dei som kom vestfrå kunne i somme høve vere vel så uforsiktige med unødige opplysingar. Isak fortalde: »Ein gong, det var ute i Domba, måtte eg berre gå ut for då var der nokon frå ein båt som hadde vore opp i Sula som fortalde om kven dei hadde vore i kontakt med. Det var slikt som korkje eg, eller andre her, trong å vite noko om», sa Isak Bredvik og heldt fram:.

«Dei i Botnane hadde tidlegare kontakt ut dit, eg var skysskar ut dit nokre gonger for Thorbjørn og Arne. Der ute hos han Martin i Domba. Der var det som om det var eit ikkje okkupert område. Der sto framandt utstyr og utrusting mitt på stovegolvet. Agentane óg hadde som ein annan tone der. Det var ikkje berre radioagentar som var på ferde. Det var óg folk som hadde reine sabotasjeoppdrag, dreiv med instruksjon og våpenopplæring, samt mekle fred i intern strid i motstandsgrupper. Slikt tek ein seg tid til om der er krig aldri så mykje. Det er ikkje alltid det dei saktmodige som utgjer fleirtalet i slike grupper».

Opna ikkje døra for kven som helst

Den 7. september 1944 sto ubåtjagarane Hitra og Hessa inn Fåfjorden med to einmanns ubåtar og fire Linge-karar ombord: Fredrik Kayser, Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Tønnesen. Oppdraget var å sprenge skip på Måløy hamn. Dei tok land på Gangsøy og så langt var alt vel. Så gjekk alt gale då dei vart tekne for å vere tyske sauetjuvar og melde til lensmannen i Davik, Alf Rosenlund. Han måtte melde vidare til tyske myndigheiter. Då dei på Gangsøy oppdagar at det var folk vestfrå, var det for seint å reversere prosessen og agentane måtte komme seg av garde. Det vert dramatisk med tyskarane etter seg. Dei skjøna fort kva dette var slags folk.

Den 15. september var dei framme i Øvrebotten, hjå han Thorbjørn, men han ville ikkje vite av dei. Det var ikkje å opne døra for kven som helst. Dei kunne vere provokatørar. Denne reaksjonen fortel at han ikkje var nokon næming i illegalitet. Det er etter boka. Men då Kayser kan fortelje kva oppskrifta på ripsvinen hans er losnar det så pass at Thorbjørn spør om han kan nemne namnet på førarane av dei tre ubåtjagarane Hitra, Hessa og Vigra?  Kayser svara rett: Hildesheim, Salen og Larsen. Då må det vere ekte vare og agentane kjem i hus og vert stelt med på beste vis. Så går det melding hit til Isak om han har kontakter som kan få sendt melding om at dei fire må hentast? Isak svarar ikkje noko på det, men han går med på å hente dei i Botnane og frakte dei ut i Domba.

Same kvelden hentar Isak dei med båten sin og skyssar dei ut. Her er kjeldene noko usams om det er Isak eller Martin som tek turen, men det er mest rimeleg at det er Isak. Det var ikkje berre skipstrafikk som vart rapportert. Det var viktig i andre samanhengar som transport av flyktningar, laster med forsyningar og nye mannskap. Små hjul i det veldige krigsmaskineriet. Her som elles er det summen av det ikkje avgjerande som er avgjerande.

Den fyrste tida i 1944 helt radioagentane Svardal og Persen for det meste til i løa. Seinare flytte dei opp i skora. Det var ein god stad for utsyn, men ikkje for retrett. Det var bygd hytte der. Kassane for proviant og utstyr utgjorde veggane. Med seg i dette arbeidet hadde dei Magnus Uren, han var snikkar og hytta vart kamuflert så godt som råd. Det var trongt og det var kaldt, ein måtte vere varsam med lys og varme, så det var ingen triveleg stad. Det var naudsynt å komme ned til folk, ikkje berre for informasjon og kontakt, men óg for å få kome i hus. Ut på våren 1945 vart det tydeleg at tyskarane la vinn på å få peila inn den illegale radiotrafikken. Per Indrehus, i Hovden, fortalde at peilarane frå ein av båtane dei brukte hadde gått i land der med utstyr. Medan dei var der fekk dei utslag rett over taket på hovudhuset. Det vart eit svare styr. Maskingevær i stilling, fullvæpna ransaking frå kjellar til møne. Men der var ingen sendar. Dette skulle ha hendt to, tre dagar før Roskastasjonen vart teken.

Isak Bredvik var grandonkel til Rune Fromreide som tok med interesserte dit Roskastasjonen låg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det hende berre nokre få dagar før agentane skulle returnere til England. Isak hadde åtvara om at no tykte han desse båtane som dreiv peiling var noko nærsøkne, men Svardal heldt fram som før. Tyskarane var rimeleg sikre på i kva område sendaren var, men dei trudde at den måtte vere aust med Husefestvatnet. Det var folk i land og leita og dei hadde vore sett. Lenger sør i bygda hadde ein merka seg at: Det er folk i markene. Ein som hadde vore stad å henta brennetorv hadde vorte vár folk der ingen skulle ha ærend på denne årsens tid og tenkt at det kunne vere einkvan som var på tjuvjakt. Eller at det var eit kvart anna som gjekk føre seg lenger nord i bygda.

På vinteren 44 gjekk der far frå ned med saga i Nore vågen og opp i skogen frå Vasskreken, kven hadde fare der og gått nattestid? Det var Daniel Hjertenes og sonen Dagfinn, på Florø, som nytta den ruta når dei skulle ha kontakt nordover. Dei var i familie med Solbergarane og om dei la båten opp under saga hans Simon så var det råd å forklare. Men nett det mysteriet fekk ikkje si løysing før ved eit slumpehøve på 1960-talet.

Her er det litt ulike versjonar: Ein går ut på at staden (Roska) vart lokalisert den eine dagen og teken i ein samordna aksjon neste dag. Det var no tydeleg for alle kva veg det bar med krigen, men det gjorde ikkje at okkupasjonsmakta på nokon måte slakna av. Den tyske militærestrukturen var sterk. Øverstkommanderande for Vestlandet, admiral Otto von Schrader, heldt kommandolinene strame til siste slutt. I dei siste krigsåra hadde det illegale nettverket, eller rettare sagt nettverka auka på; Heimefronten, Milorg, den militære delen. Det som var her var bygd kring radiostasjonane og agentar av ymse slag, var under SOE (Special Operations Executive) og XU som dreiv med etteretning og infiltrasjon

Opp i det her skulle det drivast våpentrening, skrivast og sendast ut illegale aviser, bøtast klede, setje poteter og kokast komlegryter. På papiret er dette greit og ryddig, men i praksis flyt det eine over i det andre der dei same personar kunne ha fleire roller og vere kontakt for radioagentar og soldatar på kommandooppdrag. Dei same stelte óg med flyktningetrafikk, mottak og distribusjon av våpen. Dette vart stort sett drive av amatørar som hadde snåva bort i det. Mot seg hadde dei eit profesjonelt kontraverk i det norske Statspolitiet, underlagt Minister Jonas Lie og Karl Alfred Nicolay Marthinsen. Gestapo og Abwer, frå 1944 SD underlagt SS. Det var tidlegare Abwer-folk som hadde ansvaret for peilinga.

Det var rått parti

Tenk dykk Isak, Sigrun og Thorbjørn versus Jonas Li , admiral Canaris og Himmler. Det er unekteleg rått parti. At rollene i det illegale arbeide i røynda var så overflytande gjorde det óg sårbart. Rakna det ein stad drog det etter seg andre, difor fekk ein bylgjene av opprulling. Fekk dei tak i ein tråd i Solund så rekte dei fort tråden vidare inn gjennom Sogn og til Nordfjord. Då var det berre å komme seg unna så sant det var tid. Men då kunne dei, med dei rette kontaktane, vere tekne eller rømde. Då var det å gøyme seg så best ein kunne i utmarkene, eller få så mange fjordar og fjell mellom seg og heimstaden som råd var.

Då agentane på Roskastasjonen skulle attende til England var ei slik opprulling i gang. Kontaktmannen Martin Domben var teken, då var det mykje som stogga opp. Men  ettersøkinga etter radiosendaren stogga ikkje.

Det gjekk folk i land i Husefest og leita sørover. På Ura gjekk der nokon i land og tok seg nordover. Dei skal så og sei ha lukta seg fram til stasjonen, då dei kjende kaffilukt ute i marka. Så kom dei meir mannsterke att dagen etter. Det var opna eld og Svardal fall medan Persen vart teken til fange og teken ned hit til Breivika. Isak var på Dyrstad då han fekk telefon frå drengen sin, Magne Sørbotten, om kva som hadde hent.

Isak hadde høve til å komme seg bort, men han reiser likevel heim. «Eg kjende kor golvet seig under meg då eg fekk høyre kva som var hendt». Han visste at dei kom til å take han og kva som måtte vere i vente. Dei som var heime skulle ikkje stå med dette åleine. Ingen skal stå på hans plass. Heime er mor til Isak, systera Kristi, systerdottera Ingrid og ei tenestejente. «Du veit da er mykje som fere gjennom haue når det er slikt som står på. Eg visste ikkje kva dei kunne finne på om dei ikkje fekk tak i meg», fortalde Isak. Soldatane hadde oppført seg etter situasjonen pynteleg. Det var ikkje andre enn Fredrik Persen som hadde lidd noko overlast. Isak vart teken fyrst til Florø og så til Bergen. Der sat han i to månadar fram til freden kom.

Folk er redde, det er ikkje ufarleg å hjelpe

Sigrun Solberg trudde at agentane var reiste, for sist ho var oppe var alt pakka og klart. Ho fekk greie på kva som var hent då ho var sta og henta posten i Seljestokken. Der viste dei berre at «dei skulle ha teke noken engelskmenn opp i Breiviksmarka». Då viste ho kva som var ventande. Ho får varsla foreldra Simon og Gunnhild. Då Sonja (Gestapo-båten ) kjem så får dei ikkje lagt til lands. Dei må setje ut båt. Det gjer at ho har tid å komme seg ovanom bøgarden og inn i skogen. Ho høyre kor dei romstere inne i huset. Då dei ikkje finn den dei søkjer etter fer dei att.

Når det er mørkt kjem ho seg inn og får nokre ord med foreldra, og hentar gummistøvlane sine. Det er styggevêr ute med regn og vind. Ho ligg ute natta over og kjem seg ut til Husefest og får med seg noko mat før ho fer til skogs att. Folk er redde, det er ikkje ufarleg å gje hjelp til slike. Ho vert liggande ute i to døgn til ho kjem under tak på Kvia. Derifrå vert det teke kontakt med Gustav Gjelsvik i Pusavika, han seier seg villig til å frakte henne vidare inn i Norddalsfjorden der ho har slekt.

Kvifor Gustav Gjelsvik vart vald til kontakt veit eg ikkje, men eg veit at far min (Paul Urdal) og Gustav Gjelsvik ikkje kunne fordra kvarandre, og det var både eit før- og etterkrigsfenomen. Krig kan setje mange omsyn til sides. Årsak for meg ukjent. Men på Klauestølen hjå Magnus Kleiven låg det folk i dekning som var innkalla til arbeidsteneste og folk i Pusavika var kan hende knytt opp mot det på eit slags vis? Det biletet syner i så måte det vidsveimde nettet, som utgjorde den illegale motstanden i det okkuperte landet og kva folk var villige til å risikere. Og kvifor? Eg trur fordi dei kjende seg forplikta andsynes kvarandre. Kom der nokon som trong hjelp så var du forplikta. Det var fredstidsmoral og skikk som folk tok med seg gjennom ein krig. Og som han Isak ein gong sa: «Den viktigaste striden var den for ikkje å verte lik fienden». Nordahl Grieg skreiv i diktet Sjømannen:

Kjenner du frihetens ansikt?
Nærm deg og du skal se:
det er et dødninge-hode.
Skremmes du bort av det?

Historia held oftast med vinnaren

Det kan sikkert verke underleg at dei tyske stridskreftene var så vidt velfungerande til siste slutt. Militære operasjonar heldt fram i Matre-fjella like til 3. mai då Bjørn West trekte seg attende.

Det var ein okkupasjonsstyrke på over 280.000 mann frå Lyngen til Lindesnes. Om den ikkje hadde same stridskraft så var den velorganisert og administrert med alle kommandoliner i orden. Det gjorde sitt til at ein fekk ein roleg og velordna kapitulasjon. Når ordren kom vart den følgd.

Om vi skulle tenkje kontrafaktisk. Om krigen hadde fått eit anna utfall. Ville ein då ha samlast her i tunet i Breivika 80 år seinare for å minnast nokon? Kva omtale ville dei i så høve fått desse som gjorde motstand? Dei som hjelpte framande agentar som dreiv spionasje, sabotasje og våpentrening? Okkupasjonsmakta og NS-styret kalla dei terroristar. Hadde utfallet av krigen vore eit anna enn det som vart. Kva hadde vi kalla dei då? Politiske galningar, ansvarslause ekstremistar, som sette seg sjølv og sine sambygdingar i største fåre? Det er verd ein tanke i høve til kva vi i vår samtid kallar andre stridande folk. Historia er ingen nøytral dommar. Ho held oftast med vinnaren.

8. august 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-08-08 23:23:322025-09-12 11:02:04Roska-stasjonen og dei lokale hjelparane
Aktuelt, Arkiv

Vairert landskap og flott utsikt!

Les meir
20. juli 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-07-20 22:02:572025-07-20 22:02:57Vairert landskap og flott utsikt!
Aktuelt

Frøysjøvegen – litt historie og framtid

Litt meir om vegen som har fått ny asfalt frå Villevika til Botnane. Vegen vart opna for snart 32 år sidan, den 2.august i 1987. Opninga var på grensa mellom den gongen Flora og Bremanger kommune, ved Husefest. Arbeidet med vegen starta sørfrå og vart bygd etappevis nordover. I lang tid sto det heilt stille rett nord for Seljestokken. Etter mykje påverknadsarbeid og midlar frå fleire kantar vart det veg fram til Botnane. Med det kunne folk i Botnane nå båtrutene som gjekk på Villevika – og folk på Årebrot kunne nå ferja i Botnane. Med ny asfalt på denne strekningen har det vorte ein flott sykkelveg også – og for ein natur å nyte på vegen både nordover og sørover.

 

Særleg i samband med bygginga av vindturbinane på Guleslettene for ein del år sidan vart det transportert mykje masse på vegen frå steinbrotet i Seljestokken. Vegen vart ganske nedkøyrd og grendalaget og andre har peika på behovet for å få nytt fast dekke på vegen. Det er på plass no. Og takk for det til Vestland fylkeskommune. For eit par år sidan vart det også gjort mykje utbetringsarbeid  frå Myklebust, der Frøysjøvegen startar nordfrå og vidare til Sørgulen og Sagebø. Så no står det att å få gjort noko med vegen gjennom Botnane. Her er det behov for å utvide og få nytt fast dekke ein del stader. Og så er det stort behov for å få redusert fartsgrensa til både 60 og 50 km i timen.

Og så er det sjølvsagt også behov for ein breiare veg på Myklebust, ikkje minst i ein sving heilt utan oversikt. Grendalaget vil stå på for at også dette vert gjort om ikkje for lang tid.

Tekst og foto: Åsmund Berthelsen

 

Her startar den nye asfalten på Håjen i Botnane.

 

På veg mot Botnane med utsyn mot Frøyalandet og Bremanger.

På veg sørover mot Husefest og vidare til Villevika.

Utsyn over Frøysjøen nær Opnarhella.

Den nye asfalten startar ved kaihuset på Villevika.

17. juli 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-07-17 20:14:342025-07-18 14:31:50Frøysjøvegen – litt historie og framtid
Aktuelt

Diakonissa frå Sletten

Gudveig Sletten i den svarte bestkjolen heime i bærbuskene i Sletten.

Fram til det kom veg nordover i desember 1993 måtte ein bruke båt for å kome til Botnane og som unge hugsar eg at det var spennande å hente posten på kaia i Korsnesvika. Ikkje berre for å høyre på kva verdsproblem karane diskuterte, men óg for å sjå kven som kom og reiste med båten. Sommarstid kom det også folk vi ikkje kjende, men nokon var så særmerkte at vi kjende dei att frå tidlegare somrar. Det var teiknet på at det var sommar at dei kom. Diakonissa Gudveig Sletten var av dei der ho steig i land i den grå diakonisseuniforma si med kåpe, stiva hovudplagg og eit stort gullkors rundt halsen.

Gudveig Sletten var farsyster til Ingrid Bruflot og ho hugsar godt stemninga i huset når ho Gudveig skulle kome heim. – Det skulle vere ekstra reint og fint når ho Gudveig kom. Det sytte systera hennar, tante Alma, for. Ho visste ikkje kva godt ho skulle gjere for å syne at ho sette pris på Gudveig, fortel Ingrid. Ho hugsar at rommet på arka vart gjort i stand med dei finaste sengkleda og pyntelaken bretta utanpå dyna. På nattbordet var det kvit duk, Bibel, vasskaraffel og vassglas, og ein vase med markblomar. – Eg kan framleis sjå det føre meg og hugse stemninga. Eg trur familien var stolt av at ho Gudveig hadde kome seg fram og blitt diakonisse, seier Ingrid Bruflot.

 

På oppfordring har Ingrid Bruflot prøvt å attskape nattbordet slik ho hugsar det vart laga til når tanta Gudveig skulle kome heim. 

Gudveig Sletten (1899-1978) var eldst av dei tre borna til Helene (1871-1962) og Borgar Sletten (1873-1956). Alma (1902-86) var nummer to og yngst var odelsguten Orvald (1908-70). Han var gift med Kjellaug Sørbotten (1916-2008) og dei fekk døtrene Haldis (1947-2017) og Ingrid (1953). I tidlegare tider var det ikkje uvanleg at ugifte kvinner vart buande på garden dei kom frå, og Alma hadde papir på at ho hadde rett til å bu i Sletten så lenge ho ville. Ho budde der til ho flytta på aldersheimen i Svelgen.

– Det var tante Alma som bestemte det meste her i huset, og ho mamma fann seg i det. Alma hadde eine stova og eit soverom, ho heldt seg med mat sjølv, men åt saman med oss andre. Bortsett frå når tante Gudveig kom heim. Då dekka Alma på i stova si, med kvit duk oppå den burgunderraude velurduken, og med kvite tøyserviettar. Og ho Besta åt med dei så lenge Gudveig var heime. Ho brukte å vere her i om lag to veker, og då var ho med ute og raka og hjelpte til i slåtten. Elles trur eg ho sommarstid, i alle fall i yngre år, var med og hadde sommarleirar for vanskelegstilte barn i Oslo.

 

Under dette bilete står det berre 29.3.1931 i Gudveig sitt album. Det er truleg frå den tid ho byrja på opplæringa som diakonisse, i lag med klassen sin. Gudveig sit midt i bilete i andre rekke..   

To diakonisser frå Sletten

Men Gudveig var ikkje den fyrste diakonissa som kom frå denne familien i Sletten. Ho hadde ei morsyster, Elen (1868-1931), som var diakonisse og arbeidde som menigheitssyster i Stavanger. – Ho døydde i 1931, det året eg trur Gudveig byrja på utdanninga si som diakonisse ved Diakonissehjemmet i Oslo. Her var i alle høve mange legebøker og leksikon frå tidleg 1930-tal etter tante Gudveig, seier Ingrid. Ho veit ikkje korleis familien reiste pengar til utdanninga og kor opptekne dei var det. Tanta Alma gjekk husmorskulen i Stryn og faren Orvald folkehøgskulen på Vereide.

 

Systrene Alma og Gudveig heime i Sletten.

– Korleis hugsar du tanta di Gudveig?

– Veldig kristeleg, slik eg opplevde henne. Ho sende brev og kort med masse bibelvers på. Ho var i det heile svær til å skrive brev, trur Alma fekk minst eitt i månaden. Det var helst dei som brevveksla. Og eg hugsar at eg tykte det store gullkorset til Gudveig var flott.

– Det var eit spartansk liv?

– Ja, eg hugsar vi besøkte henne på «søsterhjemmet» som dei kalla det. Der hadde dei kvar sitt rom, ein stor felles matsal og eit bønerom. På rommet hennar var det ei seng, ein kommode, ein stol og eit lite bord. Eg trur ikkje ho brukte noko på seg sjølv. Hugsar at både ho og Alma brukte å gje oss lommetørkle med blomar på i gåve, og at eg fekk ei lita sølje av Gudveig då eg fylte ti år. Ingen av dei hadde mykje pengar å rutte med.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gudveig i diakonissedrakta si som ho brukte til kvardags.        Alma Sletten i yngre år.

– Dett eg ned, så dett eg ned 

Etter at det kom flyplass i Florø i 1971 var det Alma som reiste til Oslo for å besøke Gudveig, og Ingrid var tidvis med. – Folk spurde Alma om ho verkeleg våga reise med fly og då var det kontante svaret «Dett eg ned så dett eg ned». Det bekymra ho seg ikkje for. Trur ho likte desse turane til Oslo. Etter at Alma nådde i alderstrygda (innført i 1967) hadde ho stor glede av å kjøpe fine kjolar til døtrene mine, men ho var alltid redd for at dei ikkje var fine nok. Dei var nydelege dei kjolane ho kjøpte til jentene, minnest Ingrid Bruflot.

Litt om diakonisser frå lokalhistoriewiki.no

Diakonisse er ein betegnelse på kvinner som arbeider med ulike former for omsorg innan menigheitspleie, helsevesen og fattighjelp, og som er tilknytt eit kristent samfunn. Sjølv om det er skilnad på eit diakonissehus og katolske kloster og systerordnar, kan ein sjå diakonissene som ein protestantisk parallell til desse. Dei skulle forbli ugifte, dei hadde «ordensdrakt» og levde som oftast i systerfelleskap.

Norske diakonisser har æra for innføringa av moderne sjukepleieutdanning i Norge, og driv framleis blant anna Lovisenberg diakonale sykehus i Oslo og Haraldsplass diakonale sykehus i Bergen.

Tekst: Magni Øvrebotten 23.mai 2025.
Foto: Private bilete frå Gudveig Sletten sitt album.

 

–

 

14. juli 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-07-14 09:32:262025-07-17 22:23:31Diakonissa frå Sletten
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Den fyrste som flaug over Atlanteren

I år er det 90 år sidan Thor Solberg, frå Solberg, rett sør om Seljestokken, kryssa havet frå New York og landa i Bergen. Fredag 16. august 1935 flaug han siste etappe frå Tórshavn på Færøyane over Nordsjøen til Bergen. Turen tok fire og ein halv time gjennom tette skyer, og med eit radiosamband som svikta. Men Thor hadde trua, og fann vegen heim til gamlelandet.

Flyet til Thor Solberg ankra opp framfor heimegarden på Solberg, dagen etter at han landa i Bergen, etter å ha floge frå Amerika til Noreg.

Saman med radiotelegrafist Paul Oscanyon flaug han innover Øygarden og Askøy og eit stykke opp i Bergensdalen før han snudde utover igjen mot Sandviken. Der var det så svart av folk og båtar at han måtte heilt ut til Storemøllen for å lande med sjøflyet sitt der. Heile Bergen og sju av brørne var møtte fram. Men her var også kringkasting og aviser og New York Times, som hadde dekka turen heile vegen frå Brooklyn, over Grønland og Island, og heile vegen til det norske Vestlandet.

Neste dag flaug han opp til Solberg og Årebrot for å ta ein sving over Hovden og Batalden med foreldra om bord. Det må ha vore litt av eit syn!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mora Gunhild fotografert på sin fyrste flytur. 

 

 

 

I boka om flygarhelten, som kom på Samlaget i 2013, kan ein lese meir inngåande om bragdene til Thor frå Solberg. I denne omgang får du eit kort riss av det som truleg er den største folkehelten langs våre strender i nyare tid.

Gamle-Thor i Husefest

Thor Solberg vart fødd 28. mars 1893 som barn nummer fire på garden Solberg ved Seljestokken. Etter Thor kom det fleire søsken, og flokken blei etter kvart til 11 jenter og gutar. Mellom desse var også søstera Sigrun som blei krigshelt, og står framfor Florø kyrkje saman med motstandsmennene Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Om ungane på Solberg blei det sagt at dei var både kvikke og gåverike.

 

 

Thor Solberg fotografert av Knut Vang i Brooklyn, New York.

Vågemotet fekk dei inn med morsmjølka. Skal ein forstå kva som dreiv Thor, og fekk han til å krysse Atlanterhavet i open cockpit med ei enkel skinnhue mot kulda, kan morfaren vere eit greitt utgangspunkt. Morfar og mormor var Thor Hansen Ytre-Vigene og Kristi Larsdatter frå Kvinnherad i Hardanger. Dei kom til Sunnfjord fordi gamle-Thor hadde tatt seg hyre som notbas for det Stavanger-baserte handelshuset Køhler som dreiv med sild.

Då Køhler gjekk over ende kjøpte gamle-Thor eit stort område nord for Florø av konkursbuet. Han slo seg ned i Husefest, og familien tok etternamnet etter staden dei var komne til. Her vaks mor til flygarhelten opp. Då alle onklane og tantene til Thor var gamle nok, fekk to av onklane bruk i Husefest, onkelen Kristoffer fekk Seljestokken, og mora Gunhild fekk Solberg. På denne tida gifta mora seg med faren, Simon Ludvigsen, frå Solheim i Nordalsfjord.

 

Huset på Solberg der Thor vaks opp i lag med ti sysken.

Morfaren i Husefest var ei drivande kraft, og hadde lang erfaring som notbas. Vesle Thor fekk med seg humoren frå dette barndomsriket, men også rikeleg av den protestantiske arbeidsmoralen. At han hadde kontroll på nervane treng ingen lure på når ein ser kva vågestykke han etterkvart skulle utføre som flygar. Samtidig var han så glad i familien at det grensa til det sentimentale, blir det sagt.

Mytemakaren

Då Thor var 14 år gamal reiste han til Florø for å arbeide i rammforretninga til broren Ludvig. Men det gjekk ikkje lange tida før ferda gjekk vidare til Bergen, og ein annan bror der. Thor starta då eigen rammeforretning i Nikolaikirkeallmenningen, og blei involvert i Sunnfjordlaget i byen.

Der møtte han Ingeleiv Marie Hille som han gifta seg med. Ho var dotter av Andreas Jensen Nødset frå Bremanger, og hadde ei mor som heitte Martha. Det var på denne tida Thor køyrde motorsykkel heilt til Berlin fordi han ville lære å fly. Så seier han sjølv at han trefte polarhelten Roald Amundsen på båten mellom Stavanger og Bergen, og at det var Amundsen som inspirerte han til å krysse Atlanterhavet i lufta. Desse opplysningane har det ikkje vore mogleg å verifisere, men Thor seier dette i fleire intervju med NRK mellom anna.

Tok Amerikabåten frå Skolten

Vi er no komne fram til 1925, og Thor tar Amerikabåten til New York. Det må ha vore eit syn for han å stå på dekk og sjå Fridomsgudinna på Liberty Island ved innseglinga til New York. Likevel var ikkje alt glede og forventning, for turen vestover kosta han ekteskapet med Ingeleiv.

 

I USA slo han seg ned i den norske kolonien i Brooklyn, og starta rammeforretning der. Her kom han raskt inn i det legendariske flygarmiljøet på Floyd Bennett Field. Der blei han kjend med folk som Charles Lindbergh (New York – Paris), Jimmie Mattern (første rundt jorda), Amelia Earhart (første kvinne over Atlanterhavet) – og den eksentriske millionæren Howard Hughes som det er laga film om med Leonardo DiCaprio i hovudrolla.

Det finst eit filmopptak med Thor der han flyr over Manhattan på 1920-talet. Filmen heiter «Glimt fra New York og den norske koloni». Vi ser han cruise over Chrysler-bygningen og Empire State Building som var heilt nybygd på denne tida. Seinare fortalte han at flymotorane var så dårlege den gongen at han heile tida måtte sjå etter ein plass å gå ned dersom motoren stoppa i høgdene over skyskraparane.

Det er nesten surrealistisk å sjå opptaka der småbrukarsonen frå Solberg svevar over det nye Jerusalem mot ei framtida der alt er mogleg!

Fleire forsøk

Men alt gjekk ikkje som han hadde tenkt. Første gong han forsøkte å krysse havet krasjlanda han på Newfoundland. Andre gongen var det trøbbel med økonomien, og det beste han klarte å få tak i var eit utrangert bombefly som var bestilt av luftforsvaret i Sør-Amerika. Her hjelpte brørne hans i Bergen med dei siste kronene slik at han fekk hand om denne vaklevorne maskina. Men motoren på flyet var ikkje som han skulle, og avgangen drog ut i tid. Dermed måtte han gje opp også dette forsøket. Tredje forsøk gjekk heller ikkje så bra fordi lasta var ujamn og flyet for Tail-Heavy, som New York Times uttrykte det. Men no hadde Thor fått tak i sjøflyet som han skulle krysse havet med, og som i dag står utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo. Dette flyet døypte han Leif Eiriksson etter vikingen som oppdaga Amerika. Han hadde sans for marknadsføring, det er sikkert.

I dag står flyet Leif Eiriksson utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo.

I Brooklyn møtte han norskamerikanske Ingerid Swensen som var fødd i Illinois, og hadde far frå Goa i Rogaland. Etter at dei gifta seg i City Hall på Joralemon Street blei Thor amerikanske statsborgar.

Kryssinga over Atlanterhavet

Og korleis gjekk det med draumen om å fly Atlanteren? Sommaren 1935 var han klar igjen. Thor var blitt 42 år gamal, og skulle endeleg realisere draumen han hadde levd med i nesten 20 år. Første strekket var frå New York til Newfoundland. Tre flyturar med stopp for å fylle drivstoff. Vêret var vekslande og flybensinen var ikkje på plass i alle depota, men Thor løyste brasane!

I reiseskildringa med «Norge som mål» skriv han at dei kryssa Davisstredet mot Grønland i tjukk skodde. Nokre timar etter avgang streika radiosambandet, og det magnetiske kompasset tok kvelden. Men då kom orda frå Amundsen til han; «nøye planlegging og ei fast tru vil få deg trygt fram.» Thor steig til 15.000 fot der han kom ut i det «reneste solskinn» over skodda, som han skriv. Langt om lenge kom dei fram til Julianehaab der dei klarte å lande på hamna som var full av is.

Deretter flaug dei opp langs austkysten før dei kryssa over Danmarksundet til Island. Nesten kryssing var til Reykjavik, og deretter til Tórshavn på Færøyane før dei tok sjarmøretappen over Nordsjøen til Bergen.

Ruta som Thor Solberg flaug i 1935. 

Krigen og nytt ekteskap

Med ekteskapet gjekk det dårleg. Kona Ingerid bad om skilsmisse fordi Thor aldri var heime. Men det plaga han ikkje for han elska å fly. Under krigen gifta han seg for tredje gong med ei kvinne han møtte i Rockefeller Center på Manhattan der han då hadde kontor.

Lorraine Phyllis Sturdevant kom frå det norske Amerika i St. Paul Minnesota. Thor skulle få tre barn med henne, ein gut og to jenter. På denne tida kjøpte han eit stykke land i New Jersey der arvingane framleis driv Thor Solberg Airport, og den største ballongfestivalen i USA. Det formelle namnet på flyplassen er Solberg–Hunterdon Airport. Eigedomen ligg i Readington, sør for New York.

Og han var instruktør for det amerikanske luftforsvaret under krigen. Thor seier sjølv at han lærte opp fleire tusen amerikanske pilotar i løpet av desse åra.

Jarlsberg, New Jersey og havari i Hardanger

Heime i gamle Noreg var han også, i eit evig kav. Han reiste tur etter tur over Atlanterhavet som passasjer på ei av dei mange maskinene til SAS som no gjekk fast langs den nordlege ruta som Thor sjølv hadde floge. Og han kjende folk over alt, som Wiggo Widerøe, skipsreiar Ludvig G. Braathen (grunnleggaren av Braathens S·A·F·E), og Bernt Balchen som må reknast som den største norske flygaren gjennom tidene. Balchen var oberst i det amerikanske luftforsvaret, og er gravlagd på den amerikanske æreskyrkjegarden, Arlington, i Washington D. C.

 

Statuen av Thor Solberg ved Florø lufthamn.

Men Thor ville vidare. Etter krigen kjøpte han difor Jarlsberg flyplass ved Tønsberg med tanke på transport av alle kvalfangarane som skulle til og frå Antarktisk. Plassen ligg på slettelandet nedanfor herregarden til grev Wedel Jarlsberg. Her skipa han ein flyskule der han utdanna norske pilotar som seinare fekk seg arbeid i SAS, Braathens og Widerøe. Flyplassen er framleis i familien si eige.

Og Thor overlevde fleire flykrasj her heime som det vil føre for langt å kome inn på i denne omgang. Etter eit av desse havaria, som var i Hardanger, låg han lenge på sjukehus i Bergen. Etter at han var utskriven frå sjukehuset utvikla han ein hakkete måte å gå på, og han sleit med smerter i åra etterpå. Men det gjekk aldri utover humøret.

Gravlagd i Florø

Hausten 1966 blei han dårleg i Bergen etter å ha hangla nokre år. Etter ein operasjon på Haukeland fortalde legane at dei ikkje kunne gjere meir for han. Vinteren 1967 døyr han på Somerset Hospital i New Jersey med den næraste familien ved sjukesenga. Fordi han ville heim igjen til gamlelandet blei han gravlagd på kyrkjegarden i Florø saman med foreldra Simon og Gunhild. Etterkvart blei også kona Lorraine gravlagd der, og søstera Sigrun.

Nokre år etter blir Thor frå Solberg innskriven i Aviation Hall of Fame and Museum of New Jersey. På Norsk Luftartsmuseum i Bodø står det ei byste av han, og framfor flyplassen i Florø står det ein statue. Flyet han kryssa storhavet med er utstilt på Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Meir enn ein million nordmenn tok båten til Amerika frå 1825 til 1925, og i år markerer vi at det er 200 år sidan kvekaren Cleng Peerson organiserte den første overfarten. Thor Solberg frå Årebrot var den første som flaug heim igjen. Laurdag 16. august er det 90 år sidan han og radiotelegrafist Paul Oscanyon landa i Bergen etter ei dramatisk reise frå den nye til den gamle verda. Det er ein prestasjon som framleis inspirerer.

Tekst: Dag H. Nestegard, juli 2025.
Nestegard har også skrive boka «Atlanterhavsflygaren Thor Solberg – ei røvarhistorie«, som kom ut på Det Norske Samlaget i 2013.

 

9. juli 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-07-09 08:19:362025-08-19 20:13:00Den fyrste som flaug over Atlanteren
Side 4 av 34«‹23456›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • historikk
  • Historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top