Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Seljestokken Båtverkstad byggjer for framtida

– Det er dyrt, men vi skor oss for framtida, seier Nina Seljestokken om bygginga av ny hall ved Seljestokken Båtverkstad i Seljestokken. Den 18 meter lange hallen blir lik den som står der frå før og kjem på vel 10. millionar kroner. Han er finansiert med litt eigne midlar og med lån. – Vi må ha skikkelege arbeidsforhold både med omsyn til rekruttering og framtid, seier Nina Seljestokken. Ho er tredje generasjon på Seljestokken Båtverkstad.

Det reiser seg ein ny hall i Seljestokken.

Samstundes med at dei byggjer ny hall er det bygt ark på garderobebygget, med kontor og toalett i andre høgda. Kontoret nede blir slege saman med pauserommet som dermed vert romslegare. Den nye hallen vert bygt tett i tett med den eksisterande hallen. – Begge hallane vert isolerte og heretter kan vi drive med slipping i den eine og anna arbeid i den andre. Vi driv for det meste med plastarbeid og då må vi ha god varme. No får vi ny skinnegang ut i sjøen og ny vogn, fortel Nina Seljestokken. Ho håpar å ta hallen i bruk i mai, men det kan ta meir tid for å unngå full stopp i arbeidet på båtverkstaden. – Det viktigaste er å få gjort skikkelg arbeid, så får det ta den tida det tek, slår ho fast.

 

Ny kai der det stod eit naust.

– Kva nye mulegheiter får de med den nye hallen?

– Når den er ferdig kan vi ta opp sjarkar på 40 fot og arbeide med dei i ein hall, i inntil fire månadar, samstundes som vi når som helst kan ta på oss slipping og meir akutte oppdrag for dei faste kundane våre. For dei kan det vere lenge å vente i fire månadar når dei treng å få noko gjort fort.

– Korleis er ordretilgangen?

– Det er litt rolegare i fiskeribransjen fordi det er nedjusterte kvotar. Dei ligg litt på veret, men vi er ikkje arbeidslause. Per dags dato er vi seks tilsette og skal bemanne oppatt når vi er ferdige med bygginga, seier Nina Seljestokken. I fjor omsette Seljestokken Båtverkstad for 14,4 mill kroner.

 

Fin utsikt over leia frå det nye kontoret på loftet i garderobebygget.  

Ombruk av hall

Elles er Nina Seljestokken godt nøgd med at den vesle bogehallen dei reiv, for å få plass til den nye hallen, kan brukast om att. Brandsøy Maskin reiv den i fjor sommar og byggjer han opp att på Årebrot, der dei hadde ein slik hall som brann ned i 2013. Det er også Brandsøy Maskin som står for byggearbeida i garderobebygget, der det blir nytt kontor, utvida pauserom og toalett.

Ramstad Maskin er entrepenør for bygginga av ny kai og grunnarbeida for den nye hallen. Wiss i Florø som står for bygginga av hallen og Eikefjord bygg for betongarbeidet. – Det er viktig at vi har og brukar lokalt næringsliv, seier Nina Seljestokken.

Tekst: Magni Øvrebotten 25.02.25.
Foto: Torleif Seljestokken

 

 

26. februar 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-02-26 09:49:352025-02-26 10:17:28Seljestokken Båtverkstad byggjer for framtida
Aktuelt, aktuelt

Svært kritisk for bygdene som treng båtane

4. februar 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-02-04 20:08:582025-02-04 20:08:58Svært kritisk for bygdene som treng båtane
Aktuelt, aktuelt, Ukategorisert

Årebrot eller Årebrotet? Årebrot kai eller Årebrotskaia?

Skal båtane i framtida legg til ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?

Styret i grendalaget skal ta stilling til om vi skal søkje om å få registrert Årebrot eller Årebrotet som samlenamn/bygdenamn for området mellom Årebrot lykt og Husefest. Styret skal også ta stilling til om vi skal søkje om namnebyte på kaia, frå Villevika til Årebrot kai eller Årebrotskaia. Send meininga di med grunngjeving til leiaren i grendalaget, Åsmund Berthelsen: asmund.berthelsen@icloud.som.

Og kom gjerne på søndagskafeen 2.februar kl.16.00. Så tek vi ein prat om det!

Grendalaget vedtok på årsmøte i fjor å foreslå å byte namn på Villevika kai til Årebrot kai. Årsmøte vedtok også å arbeide for å få opp skilt i Myklebustkrysset  (der Frøysjøvegen møter FV 611) der det står Årebrot kai.

Brev vart sendt til Vestland fylkeskommune, Kinn kommune og Bremanger kommune. Fylkeskommunen var dei fyrste som svarte. Svaret var at dei kunne ikkje handsame sak om skilt før Kinn kommune hadde avgjort namnesaka. Når namnet var på plass ville dei ta saka opp att, men viste til at det er Statens vegvesen som vedtek skiltinga ved fylkesvegane.

Kinn kommune sende forslaget til namnebyte  ut på høyring. Det var berre Språkrådet som uttalte seg. Rådet peika på at Årebrot ikkje var registrert som bygdenamn eller «eit samlenamn» som var uttrykket grendalaget brukte i brevet.  Språkrådet skreiv vidare at «Årebrot(et) «er ført opp som eigedomsnamn og som namn på ein haug.» Difor meinte Språkrådet at det måtte gjennomførast namnesak for namnet Årebrot (et) som samlenamn eller primærnamn. Og det måtte i ei slik sak verte avgjort om namnet skulle skrivast med bunden eller ubunden form, altså Årebrot eller Årebrotet.

Språkrådet har foreslått at eit alternativ til Årebrot kai kan vere å bruke eit «fast samansett» namn som Årebrotskaia. Her vert det vist til namneformer andre stader, mellom anna Igland i Bremanger og Iglandskaia.

Grendalaget er utfordra til å kommentere og opplyse saka.

Som leiar i grendalaget har eg snakka litt med Fridtjov Urdal. Få kjenner historia til bygda betre enn han. Fridtjov meiner at Årebrot er nytta som bygdenamn mellom folk lenge. Han viser til at dei to skulane i bygda, den eine ferdig 1902 og den andre ferdig i 1985 båe heitte Årebrot skule. Og no har vi Årebrot grendahus. Vi har også Botnane og Årebrot grendalag. Årebrot er då bygdenamnet eller samlenamnet for  området mellom Årebrot lykt (altså ikkje Årebrotet lykt) og til kommunegrensa til Bremanger kommune ved Husefest.

Fyrste spørsmålet er om vi skal søkje om å få registrert Årebrot som bygdenamn/samlenamn? Det reknar eg med vi svarar ja på. Det andre spørsmålet er om vi samstundes skal søkje om å endre namn på kaia til Årebrot kai eller Årebrotskaia? Det veit eg det er litt ulike meiningar om. Så det vil vi gjerne ha synspunkt frå fleire på, gjerne med ei grunngjeving for det eine og det andre. Send det til asmund.berthelsen@icloud.com

Det er Kinn kommune som skal ta stilling til søknadane om bygdenamn/samlenamn og namnebyte på kaia.

Og kom gjerne på søndagskafeen i Botnane på søndag den 2.februar, så tek vi ein prat om det!

28.januar 2025

Åsmund Berthelsen

Leiar i styret i Botnane og Årebrot grendalag

Kaiskuret er nyleg fiksa skikkeleg opp. Spørsmålet er om kaiskuret skal stå ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?

28. januar 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-01-28 13:09:102025-01-28 13:09:46Årebrot eller Årebrotet? Årebrot kai eller Årebrotskaia?
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Tankar om namnet Seljestokken

Garden Seljestokken blir lokalt også kalla Stokken. For dei som ikkje er lokalkjende er det plassen der Seljestokken båtverkstad ligg, og rett nord om steinbrotet. Fridtjov Urdal har fundert over kva namnet Seljestokken kjem seg av:

Stokk vert stundom brukt om ein smal og langstrekt våg eller sund. Siste lekk i namnet er i samsvar med landskapet. Fyrste lekken: Selje. Det har vore tenkt på treet selje, at det har noko med det å gjere, men det er lite truleg. Sameleis at det har noko med sal å gjere og at det kan ha vore handel i Seljestokken.

Det er meir å tru at det kan ha med sæle å gjere. Sæle slik som i sælebot, hjelp i naud. Stokkavågen var frå gamalt av ein stad der ein la til lands for å søkje livd eller vente på bør. Då er det ikkje unaturleg at det kan ha vore eit Sælehus. Sælehus (frå norrønt sæluhus og sæluhús), saluhus og salustofa. Vi finn det att i namnet Salhus. Ein stad der farande kan taka inn/finne ly.

I Snorre vert bygging av kyrkjer og sælehus nemnt mellom dei gode tinga som kong Øystein Magnusson fekk gjort medan Sigurd Jorsalfar er utanlands. Sæl er også brukt om einannan med ordet støl. På eine garden seier dei: «Vi har støl inne med vatnet», og på grannegarden kan dei seie: «Dei har sæl inne med vatnet».

I sørvestre enden av Gulskarvatnet ligg det ei tuft. For eit halvt hundre år sidan kunne ein sjå svillestokkane. Når ein skar i dei var dei framleis al-raude under den grå yta. Det var nemnt som selet, ikkje som stølen. Det kan vere at dette vesle huset gjennom tidene hadde fleire oppgåver. Her gjekk farvegen til og frå Gulen, som vi kallar Gulskaret, Gulskarvatnet og Gulskarnipa. Opphavet er Guleskaret der ein kom eller for til og frå Gulen (i Bremanger kommune).

I Olavus Magnus si «Historia om dei nordiske folka», er sælehus nemnt og i illustrasjonar og kart er sælehusa merkte med ein krans som heng frå ein stokk i ramen. Seljestokken, også kalla Stokken, kan ha vorer ein lageleg stad for eit sælehus. Men om denne namneforklaringa er i takt med korleis språkutviklinga er og har vore er uvisst.

Fridtjov Urdal, desember 2024.

 

27. januar 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-01-27 22:37:132025-01-27 22:37:13Tankar om namnet Seljestokken
Aktuelt, Arkiv

Årsmøte 2025

Last ned innkallinga her:

Innkalling 1 2025

 

19. januar 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-01-19 12:21:382025-01-19 12:31:24Årsmøte 2025
Aktuelt, Arkiv

Ny turne «Med kjærleik frå Breim»

Sigrid Moldestad legg ut på ein ny sesong med soloturneen ho har kalla «Med kjærleik frå Breim». Ho tek utgangspunkt i historiene, slåttane og songane sine i eit nært og levande møte med publikum. Konserten er tilpassa mindre plassar/bygder og rom og målet med denne konsertforteljinga er å kome tett på publikum.

Billetter blir synlige og tilgjengelige her:  https://www.eventim.no/eventseries/3809708/?affiliate=FK3 

Sigrid tek utgangspunkt i sine lokale og personlege historier, og publikum får møte både tradisjonsberaren og skaparen. Ho står sterkt i dei folkemusikalske røtene i Breim, men har også hatt skapartrong og skrive eigne tekstar og songar,  i tillegg til tonesetjingar av andre. Sigrid Moldestad turnerte med denne konserten vår og sommar 2024, og har no vidareutvikla ein ny versjon som ho tek med seg vinteren 2025.

I Botnane grendahus vert konserten i det største forsamlingslokalet i kjellaren, den sokalla Sløydsalen. Der er det plass til 70-80 personar. Men om billettsalet vert mindre kan vi flytte han opp i den gamle skulestova, som rømmer mindre enn halvparten så mange. Konsertbilletten kostar kr. 350.
Konserten i Botnane 1.mars startar kl. 17.00 og varer omlag ein time. Når dørene opnar kl. 16.00 legg Botnane og Årebrot grendalag opp til sal av mat og kaffi, på enkelt vis.

Meldingar om fyrste turneen med «Med kjærleik frå Breim»:

Tett på publikum, trollbatt ho publikummet sitt.  ( Eksingedalen)

Heilt fantastisk å høyre både song, musikk og forteljing! Tårer i augene og ståpels

Vekselen mellom historieforteljing, vakker song og fengande slåttar var magisk

31. desember 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-12-31 16:17:312025-01-30 12:13:59Ny turne «Med kjærleik frå Breim»
Arkiv

Fem kvelds- og morgondikt

Fridtjov Urdal er ein trufast leverandør til heimesida for Botnane og Årebrot grendalag. Han hugsar som få og er ein framifrå forteljar, både munnleg og skriftleg. På sida for historikk her på Botnane.no finn de mykje lokalhistorie redda for ettertida av Fridtjov.
– Eg kjem på eitt og anna eg òg når han Fridtjov fortel, sa ein annan årebroting ein gong eg gramde meg for lite stofftilfang frå Årebrot. Denne hausten har det losna skikkeleg og eg håpar det held fram.

I år tinga eg dikt av Fridtjov Urdal til jul på Botnane.no, men ikkje nødvendigvis om jula. Og fekk fem morgon- og kveldsdikt, med vare datateikningar til. Med dei ynskjer Botnane og Årebrot grendalag god jul og godt nytt år.

Augustkveld
Seint flør mørkret
i mildmjuke
kvelden.
Stilt ringjer
blåklokkene
hausten inn.

Septemberkveld
Ned skaret
kom blåe
austavinden
fann seg
ei tom hes
spela ein slått.

Oktobermorgon
Dirrande blodig
gloraud glorand
over svarte fjellrand
lauv logande
slokna i svartbrende lier.
Tinkle sauebjøller
frå hi sida elva
staren flokkast
over vasstrekte bøar
roser står enno
i knopp.

Novembermorgon
Nipa fekk kvitt skaut
kaldbleik måne
knasande steg
over gul frosen bø.

 

 

 

Desembermorgon
Katten dryger
i dørglytten
går så med
høge steg
over nysnøa
tun.

 

22. desember 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-12-22 15:12:192024-12-22 15:51:51Fem kvelds- og morgondikt
Arkiv, Historikk

Fyrvaktaren

Eg får kalla han så sidan eg ikkje kjenner den offisielle yrkestittelen. Men det er i dette høve han Bjarne på Løype det er tale om. Han var fiskar og 3 kyrs bonde og hadde dertil ansvar for å halde lys i 4 lykter ut i leida. Det var ikkje noko stor og tidkrevjande stilling, men desto større ansvar. Dei skulle lyse same kva vêr det var. Berre høgste sommar var dei sløkte og så vart dei tende att, når nettene tok til å skymast att. Det var for å sikre trygg ferdsel på sjøen, men ein skulle ikkje brenne gass i utrengsmål. Det var då statspenge det var tale om. Bjarnen, som vakta fire lys var ei lita tann i det store maskineriet som heite Fyr- vesenet. No heiter det visst direktorat. Det var mange lykter og lysbøyer kring kysten,  heile 2000. Dei vart vakta av ein heil liten hær av blåkledde dongeri-karar med blank skuggehue på hovudet og Viking gummistøvlar på føtene.

Lyktene var gassdrivne og den var på store, tunge stålflasker som måtte skiftast etter eit fast skjema. Dei sto nede på bua og var strengt forbode og røre dei, for då kunne dei kome til å gå i lufta. For sikkerheits skuld var faren sterkt overdriven, men den verka. Eg meiner óg at det var ein del anna vedlikehald og ettersyn som skulle gjerast. I alle høve så gjore han Bjarne det, såg til at rutene ikkje fekk gro til av saltdrev, sota av brennarar, pussa og stelte. Lyktene måtte skine klårt. Han var i all si ferd så at han ikkje stogga ved grensa for det formelle ansvar.

Når det var sundag så gjekk han på fyrane. To av dei kunne han nå frå land. Årebrotsodden og Solberg- fyren som vi sa. Endå det visst heiter Klenevågen. Det var ein bra sundagstur fram og attende. Dei to andre, Drogaflu og bøya inn av Nærøyane, måtte han i båt for å sjå til. Fyrst hadde han berre færingen, men fyrst på 60-talet rådde han seg til med ein liten open gavlbåt. På Drogaflu lykt var det ei lita hand- driven vinde til å heisa opp gassflaskene. Lykta sto høgt på tre skjelvaksne jarnføter med ein leider opp til lykta. Eg trur han såg på dette arbeidet meir som ei samfunnsteneste enn som eit løna arbeid.

Tekst og teikning av Fridtjov Urdal desember 2024.

22. desember 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-12-22 15:05:462024-12-22 15:30:53Fyrvaktaren
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Julehandel på 1960-talet

Unni Hatlem (1934) minnest korleis det var å fare til Florø på julehandel på 1960-talet og har skrive ned denne fornøyelege skildringa. Den omtalte rutebåten heitte «Frøydis», med Martin Holmen som skipper og eigar. Og Fridtjov Urdal har laga eit databilete av båten.

Tøff-tøff-tøff, der kjem han Martin! Det er mange som skal vere med han i dag. Fleire på kvart stopp, for det er snart jul. Veiret er ikkje det beste, det er lova både kuling og haglbyger. Begge deler er alt i gang, men ingen bryr seg om det for no skal det gjerast julehandel!

Småhutrande kjem ein seg om bord, det gjer godt å komme ned i den varme lugaren. Han Martin har fyrt godt i dag. Det fylles fort opp på benkane. Eit par bein kjem til syne øverst i trappa, dei tilhøyrer visst han Agnar. Men så forsvinn dei opp igjen, kva er det no? Åh, det er Martin som roper at nokon må styre så han får selt billettar. Stadig fleire kjem ned, er det plass til fleire? Ja, vi flyttar oss saman, så berre kom blir det svara.» Alle skulle vere så smale som meg», seier han Rikkard. «Då hadde det vore plass til mange». Han sit nesten heilt innerst, klemd mellom to damer, men det ser ut som han likar seg. Nei, no er visst alle plassar opptatt.

«Eg kan stå her ved trappa», seier Hilma. Men då sprett Kolbjørn opp; «Sett deg her du, eg kan stå»! Eit par ungar har vagla seg opp i trappa, dei likar seg best der. Men no må dei enten komme seg ned eller holde seg godt fast, vi er komne på Villevika og båten ruller godt. Forbi Odden er det verst, så blir det rolegare att. Inger kjem om bord som sistemann. Like smilande og blid som alltid, endå ho har fått ei stygg haglbyge på seg mens ho venta.

Praten går om laust og fast. Kvinnfolka mest om kva som er unnagjort til jul og kva som står att. Karane klagar over lommebøkene som blir skrapa, veit ikkje om det rekk til juledram også. Aron Saga,mannen frå det nordlegaste stoppet vil også vere med i praten. Men sindige sunnfjordingar får ikkje med seg alt den rappkjefta østlendingen seier. Paul har like godt duppa av trass ståket. Det er vel dei gode øyreklaffane på skinnlua som stenger alle lydar ute. Kjellaug lurer på korleis det går med eggekorga hennar, har nokon sett seg på den? Sett den på ovnen, så får vi speilegg før vi går på land kjem det frå ein av passasjerane.

Men no må vi vel snart vere framme? Vi går gjennom Rotasundet, kjem det frå ungane i trappa. Det blir eit ståk for å finne kvar sine ting. Paraply? Nei, den får ligge igjen. Det bles for mykje for den slags.

Artikkelforfattar Unni Hatlem på ein vellukka fisketur i 1981. Ho var glad i å fiske og kjøpte seg eigen båt til føremålet. Foto: Privat.

 

 

På Meierikaia står ein kjent skikkelse for å ta i mot oss. Han er inntulla i ein tjukk, sid frakk med lua godt ned for øyrene. Sjølsagt er det Nils-en. Han må ned og treffe kjentfolk om været er aldri så surt og han har eit ord til alle. «Kor det går der borte, de er ikkje regna vekk enno»spør han. Det er nok like før, får han til svar. . Men ingen har heilt tid til prat i dag, Det er all verden som skal utførast dei få timane ein er her og overalt er det fullt og vanskeleg å sleppe til.

Det blir springing hit og dit, etterkvart har vi fått med oss det meste vi skulle ha. Det var så vidt det blei tid til ein tur innom Nordals Kafe for å sluke ei svele og ein kopp kaffi. Mat må eiin ha, sjølv om det er aldri rå travelt. Så er klokka blitt så mykje at vi må ned på båten igjen. Lugaren er halvfull av ryggsekkar, poser og esker. Så kjem Martin farande; «Det må i rommet alt dette», seier han og letter opp luka. Saker og ting blir lempa ned, berre småting blir att. Vinden har auka, så vi får nok gynge oss! Inger er heldig som skal tidleg på land. På turen over til Nærøya og tilbake igjen, er det nokre som er blitt nokså bleike om nebbet. Ja, vi liker oss sånn måteleg alle! Det er nokså kjøvande i den overfylte lugaren, med damp av våte klede. Men så tøffer vi inn i det stille Sundet, faren over!

Det blir romslegare etterkvart som fleire går i land. «God jul og takk det samme», blir det ropt. Folk strever med å samle i hop sakene sine, det er vanskeleg å få med seg alt. Margit leiter etter brøda ho hadde kjøpt, ho hadde lagt dei i lugaren. «Det er vel aldri dei som ligg her», seier Sigrun forskrekka, og drar fram ein pakke bak ryggen. Det er nok det, dei er blitt litt flate i eine enden. Ja, ja. Agnes har kjøpt julenek, ho tenker på småfuglane ho. Fleire kjem på ting dei skulle kjøpt, men kven kan huske på alt?

Martin kjem og deler ut nokre pakkar, ein haug med julekort og anna julepost. Alle vesker er fulle, men på eit eller anna vis får alle med seg det som blir utdelt. På kvart stopp var det «God jul» igjen, og båten tøffa vidare. Omsider er Martin åleine igjen. «Det var det, no skal det bli godt å komme heim igjen, ståket er over for denne gong».

Desse bileta er frå 13. august 1966, då «Frøydis» var skyssbåt i bryllaupet til Hildur Kleiven og Per Høidal. Bileta er tekne ved bua til Nikolai Holmen. Bryllaupsbileta er tekne av Harald J. Stavang.

Hildur Høidal har skrive ned namn på dei fleste som er med. Bilete 1: Frå høgre: Asbjørn Gjelsvik, Helge Kleiven, Arvid Stavang, ??, Gunn Gjelsvik, ??, Harald Stavang. Attmed masta Einar Nesbø, til høgre for han Palma og Arnold Rekster, ?. Til venstre for Harald S., Hjalmar Årebrot, meg Hildur Høidal, ?, Oddny Høidal, Hilma Årebrot, Håkon Årebrot, Else Endressen, Odd Hansen, jente Edith Årebrot, bak brura Hatlem, ? Bertil Gjøringbø ved styrehuset ? Doralf Høidal, Lars Frøyen.

Bilete 2: Walter Endressen, Dag Vidar Høidal, Palma Reksten, ?, Asbjørn Jagedal, Harald Rikheim, i regnkåpe Else Endressen, ved styrehuset Jakob Kleiven, Doralf Høidal, Odd Hansen. På land Harald Årebrot, Hjalmar Årebrot, Harald Rikheim, Svein Pettersen, Helge Kleiven og Bjørg Stavang.

Unni Hatlem 14.12.2024.

 

13. desember 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-12-13 23:20:442024-12-13 23:20:44Julehandel på 1960-talet
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Snauklipt til jul

Norsk Barneblad kom fyrste gong ut i 1887, og er truleg det eldste eksisterande bladet for barn i verda. 11 utgåver i året, og i desember med julehefta Juletre og Smørbukk. Norsk Barneblad er redigert på nynorsk. 

Atle Faye minnest attende til då han var ti år og førebuingane til jul, både heime i Vikja og på Årebrot skule. Adventstaken hugsar han slik: Vi har laga den av ein trestubb. Pynta med mose, konglar og granbar som vi fann over håjen bak skulehuset. Bora hol, slik at det er plass til fire lys. Lilla, fargen for advent.

A D V E N T

  1. Desember og måndag etter fyrste søndag i advent. Ei stutt versopplesing, eitt lys i staken blir tent, så syng vi. Det er sju ungar i skulestova, frå yngst til eldst, 1. til 6. klasse. Pluss den nye læraren. Han er frå Bergen og bur inne på lærarrommet. Søv oppe på loftet.

Med advent kan også eska med julepynt hentast fram. Vi sjekkar nøye kva som er teke vare på frå i fjor og om dei skjøre glaskulene framleis er heile. Glitter, flagg, englar, bjøller og kreppapir. Og nissemasker!

I dei korte vekene som ligg framfor oss skal det klippast strimlar av farga papir, brettast til korger og lagast lange lekkjer. Juletreet skal stå midt i skulestova, der det til vanleg står pultar.

Men ikkje berre julepynt, rullar med kreppapir blir omstendeleg omforma til dukar. To små fingrar held fast ytst på kreppapiret, frå den andre handa ein finger som gnir papiret inn mellom, slik at det langs kanten vert forma til ein svingande bord.

Det skal bydast inn til fest for folk frå to bygder. Året før har skulane på Årebrot og Nærøya blitt slegne saman. Nærøya har overtaket, dei er fire, vi frå Årebrot er tre.

Nokre av oss sit oppe på loftet, på rommet som er skulebibliotek. Her likar eg meg. Det luktar bøker og papir, og det tikkar svakt i panelomnen på veggen i det den slår seg av og på.

Vi blar i dei innbundne årgangane av Norsk Barneblad, finn små historier og stubbar om jul og livet i bygdene. Diskuterer, skriv av vitsar og plukkar ut gåter og spørsmål som vi kan bruke til ein konkurranse på festen. – No må vi øve, seier Kjell. Ein skikkeleg juletrefest skal ha eit kunstnarleg innslag.

Vi er tilbake i skulestova der læraren har valt ut ein sketsj om vegarbeid, svært tidsaktuelt ettersom dette er eitt av dei få åra der fylke eller kommune gjev ein liten slump pengar slik at det kan kome veg fram til nok eit hus langs den langstrekte stranda.

Det er arbeidarane i Statens vegvesen som skal parodierast. Skulegolvet blir omforma til scene, og den viktigaste rekvisitten er ein stor spade. På rollelista står oppsynsmann og nokre vegarbeidarar. Eg har fått tildelt ei lita birolle. Skal stå litt på sidelinja som anleggsslusk.

– Du kan godt ruske godt til i luggen, fint at du har litt langt hår, seier Kjell. Signalet vert raskt oppfatta, rolla skal være truverdig. Men samtidig har eg fått ein ny idé, ein veldig god idé!

 

Årebrot skule 1971–72. Gjengen som laga til juletrefest. Frå venstre etter alder; 1. klasse: Bjørn Hatlem, 2. klasse: Gerd Bareksten, 4. klasse: Atle Faye, 5. klasse: Unni Bareksten og Randi Hatlem, 6. klasse: Venche Faye, Knut Hovden og Astrid Bareksten. Fotograf og lærar: Kjell Lillestøl

J U L E R I T U A L

Heime på Vikja er det også adventstid. Huset blir rundvaska og det går føre seg storproduksjon av julekaker. Sandkake, berlinarkrans og sirupssnipp med mandel. Delfiakake og hjortetakk. Minst sju slag før mamma kan seie seg nøgd. Luktene gir oss ungane vatn i munn. Vi får smake ein av slaget før godsakene blir forsegla i boksar. Brått vart dagane fram mot julekvelden lange.

Men det er ikkje berre hus og bestikk som skal vere nypussa og skine til jul. Ritualet omfattar også oss ungane. Mamma passar alltid godt på at vi ser skikkelege ut. Ulike klede for skule, heim og helg. Men diverre er det også tid for noko langt verre. Den årlege juleklippen, ein seanse eg hatar!

Pappa hentar då fram regnfrakken til mamma, snur den opp ned, trer splitten bak inn frå nakken langs halsen og festar under haka med ei nål, lik kappen dei profesjonelle frisørane danderer før lokkane skal falle.

Fram med nyslipt saks og ei klippemaskin han eit par år tidlegare kjøpte brukt av frisøren på Florøyna. Eit manuelt muskedunder som sakte gneg seg oppover nakken og legg draumane om langt hår i grus.

For det er langt hår popikona har. Donny Osmund syng ikkje “Puppy Love” med snauklipt skalle. Dei store stjernene har alle langt hår, det har eg sett både på fjernsynet og i Det Nye!

Gamle Årebrot skule frå 1909. Der var det skule fram til det kom ny skule på Årebrot i 1985.

– Læraren seier eg må ha langt ruskete hår, det høyrer med i rolla!

Først måpande ansikt. Kafornåke? Læraren? – Ja, vi skal ha skodespel!

Endå det er strengt forbode å fortelje noko om kva som skal skje på festen må eg lette litt på sløret og seier at eg skal ha ei viktig rolle. Og eg utbasunerer at øvingane har kome langt og at læraren har sagt at eg ikkje må klippe meg.

Til mi store overrasking gjev argumentet inntrykk. Læraren er nemleg ikkje nokon kven som helst for folk i bygda vår. Det ser ut til at eg er redda!

I skulestova glir etterkvart det meste på plass. Ettersom vi øver blir vi stadig tryggare på rollene i skodespelet. Til festen har vi også fått tildelt andre oppgåver. Eit viktig ansvar er å stå for marknadsføringa slik at det kjem publikum. Oppgåva er å lage plakat om tid og stad, og få plakaten opp på døra som går ned til passasjerrommet på Skule Jarl.

Plakatjobben går ikkje til meg, eg skriv som ein gris og får som regel berre små sølvstjerner i boka med skjønnskrift. Og det er i grunnen heilt greitt, eg ser sjølv at ho Randi skriv mykje finare enn meg. Ho får då også stadig vekk stjerner i gull.

Skule Jarl fraktar skuleungar, arbeidsfolk og andre, og alle skal til byen for å handle til jul. På døra ser alle plakaten og på reisa har dei god tid til å både lese og snakke om oppslaget.

Siste skuledag før jul blir klasserommet rydda. Det blir stilt opp bord og benkjer til to rekker, ei langs vindauget og ei langs veggen til døra. Frå den store skogen til dei på Ura får vi juletre og på Ura både høgg og leverer dei, heilt gratis. Etter litt plunder med å få stamme og juletrefot til å samarbeide blir treet reist opp og vi kan starte pyntinga med alt vi har laga i formingstimane. Eit par timar og den gamle skulestova er klar til fest.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Julepynten vart henta ned frå loftet. 

 

 

 

J U L E K V E L D

Kvelden før kvelden skal juletreet inn i stova også heime på Vikja. Ein lenestol må flyttast til sides for å få plass, so hente lys, kuler og anna pynt ned frå loftet. Inn i huset kjem også den gode lukta av nysaga trestamme. Det er oss ungane sin jobb å pynte, vi diskuterer plasseringa av lys, kuler, fargar og har prøvetenning. Mamma kjem og ser resultatet. Godkjent.

Men lysa blir raskt slått av igjen i påvente av den store dagen. Julekvelden kjem då endeleg og det blir tid for å gå med gåver. Fyrst til Gamlebøen.

Det var her pappa vaks opp, han vart fosterbarn her etter at mor hans døydde då han berre var vel to år. I stova sit Agnes og Richard. Klokka er fem og på fjernsynet syng Sølvgutane jula inn. Det luktar jul og vedunderleg god mat i heile huset.

Vi knekker nøtter og pratar. Agnes og Richard får høyre nytt frå skulen og vi drøser om forskjellige ting. Her kunne eg ha vore lenge, det er så utruleg hyggeleg i stova på Gamlebøen.

Men Agnes og Richard skal snart ete julemiddag, og dei et mykje tidlegare enn oss. Det endar med gåvebyte. I nettet med pakkane ser eg ein rull som eg veit kva er, Agnes er nemleg sjølvaste Bladsentralen i bygda og sel julehefte. Så er det på tide å seie god jul, få ein klem og gå vidare til neste stopp.

På Ura vaks mamma opp. Også her slår luktene imot straks ein opnar døra, ein kombinasjon av god mat og gullande reint hus. På kjøkenet sit bestefar og bestemor i kvar sin faste stol.

I stova står det framme allslags frukt, knask og godteri som onkel Jarl og onkel Kolbjørn har kjøpt inn.

Det sprakar i omnen og juletreet er på plass i kroken. Til forskjell frå heime har det lyspærer med forskjellig farga glas, til alt overmål med to lyspærer som blenkjer og heile tida slår seg av og på.

Magnus, onkelen til mamma, har kome heim frå Florøyna og vi får gå til det vesle skåpet på rommet hans og hentar ei lita glasflaske med raudbrus. Onkel Jarl slår ein spikar gjennom metalkorken og vi kan suge ut brusen som kiler så deilig i nasen.

Tante Borghild er som alltid ein kvitrande blid kvervelvind som fer rundt og fiksar smått og stort. Ein har ikkje vore lenge innom døra før ho har diska opp med eit fat snittar. Absolutt ingen lagar så fantastisk sylteflesk som tante!

Julemiddagen på Ura er litt seinare enn på Gamlebøen, men tidlegare enn det vi plar ha ute på Vikja. Snart er det på tide for klemming og utveksle gåver. Eit tung lass som det er ei sann fryd å bere på.

Heime har huset fått ei ny ro. Med ungane ute eit par timar har mamma gjort alt klart. Julegardiner, løparar med nissemotiv, nøtter og alt anna er på plass. Det luktar jul i heile huset frå pinnekjøtet som putrar i panna. Klokka har forlengst passert fem slik at  juletreet har fått dei vakre, gamle og gule juletrelysa slått på.

Julemiddagen smakar himmelsk, men eg et ikkje så veldig mykje, proppande mett som eg allereie er etter alle nøttene på Gamlebøen, brus, snop og snittane med sylteflesk på Ura.

Det tar ulideleg lang tid. Særleg oppvasken drøyer altfor lenge. Det blir no likevel til slutt ring rundt juletreet og vi går sakte rundt og syng nokre julesongar. Alle versa, må vite!

Heile tida kikar eg på haugen av pakkar, lurer på kva som er til meg. Får den vesle grøne bjølla med snøflak på ei grein til å ringle, dultar tilfeldig borti kvar gong eg går forbi. Eg er glad i å synge, men det får no vere måte på og endeleg skjer det.

Pakkane! Det blir lest opp frå merkelappar og delt ut.

Stova er raskt forvandla til eit inferno med papir og band. – Hald no endeleg styr på kven som har gitt kva, formanar både pappa og mamma, dei ser det går vel fort unna i jakta etter nye skattar. Julekvelden er verkeleg kvelden for å setje pris på at ein har mange sysken, onklar og tanter!

Til slutt har eg att berre ein pakke.

Ingen andre får pakke derifrå. Unni og Karl i Synnavåg er nemleg fadderane mine. Pakken er mjuk. Skepsisen endrar seg raskt når eg opnar og ser kva som er inni.

Unni har stikka ein vest med rustraude og sennepsgule striper. Prikk makan til helten i ein tsjekkisk barnefilm. Svakt hugsar eg at Unni, ein gong på sommaren, “sånn litt ut i lufta”, spurde om den tøffe guten og vesten. Eg hadde nok snakka mykje om han.

Og der låg vesten!

Smørbukk på glattisen. Illustrasjonane er gjengjevne med løyve frå Norsk Barneblad. Bak Smørbukk stod Håkon Aasnes og Solveig Muren Sanden

ROMJUL

Fyrste juledag kan gåvene studerast i detalj. Den nye vesten er på før frukost. Kjenner meg like tøff som helten frå filmen, eg har til og med nesten like langt hår.

Vi ungane er sprekkferdige av nysgjerrigheit etter å kome oss ut og sjå kva dei i Synnavåg har fått, og har lyst til å vise dei våre gåver. Men vi veit også at er nyttlaust å spørje om å dra dit. Denne dagen er for familiane, då dreg ein ikkje på besøk. Basta bom!

Litt ut på dagen blir vi nysgjerrige på juleblada. I rullen frå Agnes ligg Juletre, Smørbukk og eit misjonsblad. Pappa har kjøpt inn 91 Stomperud, Fiinbeck og Fia, Texas og Vill Vest. Og julenummert av Krigsropet. Frelsesarmeen er nemleg ein bra organisasjon seier pappa, dei driv så godt hjelpearbeid utan å være so misjonerande.

Vi blar, les og kikar på illustrasjonar. Eg likar Smørbukk best, han finn alltid på so mykje tøys. Og Vill Vest med tøffe kaptein Miky, teikneserien frå cowboy-land som dessutan minner litt om Krutrøyk som laurdag etter laurdag klistrar nasjonen til fjernsynsskjermen.

No er også kakeboksane endeleg opna og vi kan berre proppe i oss. Eigentleg ein ganske fin dag, trass i at eg ikkje kjem meg ut i Synnavåg.

 

 

 

 

 

Songhefte «Kling no klokka» med 32 julesongar vart mykje brukt under juletrefestane i det gamle skulehuset på Årebrot. Eit hendig format til gang rundt juletre utgjeve av Alversund Mållag, Lindås Mållag og Ostereidet Mållag. Takka vere dette vesle heftet har folk i generasjonar, lært seg, blitt glade i og sunge julesongane på nynorsk.  

 

J U L E T R E F E S T

Folk sig sakte inn i skulestova, det er folk frå nesten alle husa frå nord til sør i grenda. Kvinnene går til rada ved vindauget, mennene set seg ved bordet langs veggen. Det kjem båt frå Nærøya som legg til ved kaia på Ura. Frå glasa i skulestova kan vi følgje med på at dei går i land og kjem opp, nokre kikar seg litt ekstra rundt, har kanskje aldri vore her før.

Midt på golvet står treet og lyser, eg syns det er så fint. Ser på korga som heng på ei grein, den som dei små fingrane mine møysommeleg har fletta.

Det er læraren som opnar festen, men ganske raskt tar vi ungane over. Alle har fått tildelt ansvar og programmet er innøvd. Ein les vitsar og gåter, andre har skore skiver og laga snittar til mat, og kaffi skal kokast.

Og ein av dei vaksne skal spørjast om å kle seg ut som den hemmelege nissen og dele ut dei små pakkane med mandarin og tvist som dei minste barna skal få mot slutten av festen. Og so skal det helst også gjerast eit peik der eit par av dei eldste får pakke, saman med dei små.

Eit par har fått det tunge ansvaret med å lage fruktkorg. Ei gamal skoøskje, avispapir i botn, kledd med kreppapir og fylt med bananer, appelsiner, nøtter og allskens godsaker og tilslutt innhylla i mørkeraud cellofan med ei sløyfe. Verdas flottaste fruktkorg, og kveldens gevinst, tronar framme med tavla.

Eg er ein av loddseljarane, det er ein lite krevjande jobb for bygdefolket har alltid vore flinke til å kjøpe.  Gang rundt juletreet. Tre ringar rundt treet. Hand i hand og med songheftet “Kling no klokka” i venstre, inn under albogen til ho som går føre. Ved neste song snur ringane og går den andre vegen, songheftet skiftar også hand og alboge. Dette kan bygdefolket!

I år kjem også orgelet i bruk fordi den nye læraren speler både piano og klaver. Og med orgel blir det mykje lettare for alle å fylgje tonen slik at det retteleg oppstår ei kraft i rommet når julesongane blir sunge i kor av bygdafolket.

Seinare står eg ute i gangen og ser i den vesle spegelen på veggen. Sketsjen om vegarbeidet skal framførast. Eg har lånt ei gamal sliten jakke, væter håret med vatn, rufsar rundt til flokar og prøver å sjå mest mogleg sluskete ut. So går vi alle inn – det er stint av folk, men også knuskande stilt.

Oppstilling. Systrene Gerd og Unni har hovudrollene. Gerd er vegarbeidar i Statens vegvesen og står og heng på den store spaden. Signalet frå oppsynsmannen kjem og arbeidsdagen startar. Brått gjev Gerd frå seg ein illevarslande lyd og segnar om på golvet.

Den store spaden – revisitten i sketsjen – svirrar sakte rundt før den dett over og landar på golvet med eit brak. Drama i skulestova, er Gerd død? Men arbeidet må starte. Andre må ta spaden, dei grev og grev. Gerd blir liggande, rører seg ikkje.

Til slutt kjem eit nytt lydsignal frå oppsynsmannen, arbeidsdagen er no over. Syster Unni veit straks råd.
– No er det slutt, vi skal heim, ropar ho. Som ved eit Guds under  gjenoppstår Gerd frå tilstanden mellom liv og død, gnir seg i augo og reiser seg. – Ja, ja, eg kjem!

Det er applaus, folk ler. Sketjen som parodiserer vegarbeidarar som helst ikkje vil jobbe går rett heim. Vegvesenet har då også eit visst rykte på seg!

Stas å få applaus, men under framsyninga har eg merkt meg noko anna. Trass at eg har ryggen til merker eg at mamma sit heilt ytst på stolen og nøye følgjer med. Og det uungåelege skjer.

Då festen er i ferd med å ebbe ut ser eg at ho går mot læraren. Ho går raskt til saka. Har han verkeleg sagt at eg må ha langt hår for å være med i denne sketsjen?

Lærar Kjell blir litt forfjamsa, men seier forsiktig og lugnt at ja, han syntes det var lurt. Då er det greitt. Etter lensmann og prest er det trass alt læraren som har rang som den viktigaste i bygda.

E P I O L O G

Som kjent var ikkje Adam særleg lenge i Paradis. På nyåret kom saks og klippemaskin fram og eg vart igjen det som Lillebjørn Nilsen i ei vise nokre år seinare så treffande skildra som “ein trill rund skalle som var klipt ein gong for alle”.

Ikkje for det, pappa var flink han. Notabøtaren visste at millimetrane kunne vere avgjerande. Og heimeklipp var eit rituale i mange heimar.

Langt meir stas blei det då eg eit par år seinare fekk være med opp på Florøyna til frisøren som heldt hus i etasjen over Landbruk. 6 kroner for klippen min, 7 for pappa sin. Då gjekk det opp for meg at det å klippe seg kosta ei heil lita formue.

 

 

 I bladet Juletre frå 1971, då barneskulen arrangerte festen det blir fortalt om, kan ein lese diktet “Åleine” av Jan-Magnus Bruheim.

 

Atle Faye, 1. desember 2024.

 

1. desember 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-12-01 11:35:032024-12-01 12:22:31Snauklipt til jul
Side 6 av 34«‹45678›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top