Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Bygdehelga 2024

 

Last ned plakaten her: Plakat bygdehelg Botnane 2024

Meir om kvar programpost

Opnar med Jakob Sande-program

Bygdehelga Botnane-Årebrot brukar å opne med ein konsert og 12. juli er det Knut Ingvars, frå Florø, som kjem for å synge og deklamere dikt av diktaren Jakob Sande (1906-67).  Namnet på gruppa spelar på at det er med to Knut-ar og ein Ingvar. Det er Knut Roald, Knut Magnussen og Ingvar Hopland, ein tidlegare skulesjef i Flora, ein tidlegare journalist i Firda og ein tidlegare kulturhusleiar på Flora samfunnshus.

Knut Ingvars kom i gong då Ingvar Hopland pensjonerte seg og fekk tid til å lage musikk på dagtid, og fann ut at begge Knut-ane hadde ledig tid og lyst til å musisere. Dei byrja å dukke opp på ulike arrangement som Lev Vel i Florø, på sjukeheimar og fredagskafear.

Nyleg gjorde dei suksess saman med koret Sangglede med Jorunn Bakke Nydal som dirigent, med programmet Ein kveld med Jakob Sande. Koret samla 250 menneske i Florø kulturhus.   – Knut Ingvars har henta ut innhald frå denne konserten og sett det saman på vår vis, og vi gler oss til å møte publikum i Botnane med det, seier Ingvar Hopland. Han lovar klassikarar som Kallen og katten, Fabel og Hestehandlarar, men og meir ukjende tekstar som Husdråpar, som tidlegare kultursjef i Flora, Edvin Helgheim, sette melodi til, Augustkveld og Aldri.

Knut Ingvars er ei gruppe med ordsterke og musikkglade karar, så gå ikkje glipp av denne konserten. Det kostar kr. 100 å kome inn og du kan betale til vipps 50 14 65, eller i døra. Det vert servert enkel fingermat og drikke, og vertskap er Kari Bruun Ågotnes og Asgeir Øvrebotten.

Påmelding: Av omsyn til plassen i lokalet må vi vite kor mange som kjem, difor er det påmelding på førehand til Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73.

LAURDAG 13. JULI:

Fiskekonkurranse for store og små i Nøre dalen

Dette er den mest tradisjonsrike programposten, som såg dagens lys lenge før vi byrja med Bygdehelg i juli. Her kan heile familien vere med og det er premie for både flest fisk, største og minste fisken. Fiskekonkurransen er fyrste post på programmet laurdag 13. juli, kl.10.30. Det tek 10-15. minutt å gå frå parkeringsplassen/diktsøylene på Jørnjorda (nord om fiskeanlegget) til vatnet i Nøre dalen. Sigbjørn Sørbotten er ansvarleg for fiskekonkurransen.

Fottur og stolpejakt til Knoltren
Fotturen i år går til Skudalen og Knoltren og startar ved Skudalselva nord om Botnane. Det er der det står eit turskilt langs Frøysjøvegen, mellom Gulestøa og Botnane. Leiaren av grendalaget, Åsmund Berthelsen, er turleiar. Han har dei siste åra ivra for orienterings-trenden Stolpejakt og i år er det sett opp 25 stolpar opp mot Skudalen og 17 langs Frøysjøvegen frå Botnane til Husefest. Fotturen kan vere eit høve til å lære meir om stolpejakt for dei som ynskjer det.

Lunsjkafe frå kl. 11.3o til 15.30.

Det vert lunsjkafe i Botnane grendahus i år også, der folk kan kjøpe seg mat mellom dei ulike arrangementa laurdag. Der vert det sal av mat, drikke og bøker/kort. Det siste finn du på eit sjølvbetent bord i gangen der du betalar med vipps. Til sals er diktsamlingane Dikt i utval og Trollguten og andre dikt av Jan-Magnus Bruheim, Småbrukarkona av Sigrid Øvrebotten og Ord i tide og utide av Fridtjov Urdal. Det er også kort og nett med dikt av Jan-Magnus Bruheim å få kjøpt. Ansvarlege for lunsjkafeen i år er Ragnhild Nøttingnes, Elisabeth Ruud Nordbotten, Hannele Turunen og Birgitte Jensen.

Omvising i skulptursamlinga etter Aase Botnmark

God tur heim mor skreiv kunstnaren Aase Botnmark (1927-2012) på gråpapiret då ho sende frå seg skulpturen Ho mor i ank, som grendalaget hadde samla inn pengar for å kjøpe i 2005. Skulpturen kan du sjå i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, der lunsjkafeen er under Bygdehelga. Der kan du og sjå skulpturen Møte, som grendalaget fekk i gåve i fjor.

Kvinneliv, og kanskje særleg kystkvinnene sitt, var det viktig å formidle for Aase Botnmark, og ho var heile livet sterkt knytt til heimbygda Botnane. I den gamle skulestova i Botnane grendahus er det samla 22 gips- og bronseskulpturar som ho har skapt. Ho ynskte at delar av kunsten hennar skulle kome heim etter at ho var død. Difor har familien hennar deponert 25 skulpturar til Bremanger kommune, og tyngda av dei er samla i skulestova der Aase sjølv gjekk på skulen. Aase var fødd Øvrebotn og kom frå garden Håjen i Sørbotten, nest siste garden i bygda på veg sørover.

Magni Øvrebotten (mobil 970 55201) fortel om Aase Botnmark og kunsten hennar i Botnane grendahus laurdag 13. juli, kl. 11.30.

Turnering på sendebrettbana 

Botnane sendebrettbane opna i fjor sommar, ho er bygt på dugnad og ligg i området bak grendahuset i Botnane. Bana har 20 hol og du ser korleis ho er på appen UDisc. Det er parkeringsplass der bana startar.

Laurdag 13. juli, kl.12.00, vert det turnering og dei som vil delta i den må vere på plass då. Det vert mogeleg å melde seg på anten kort eller full variant av turneringa. Den korte vert spelt på dei fyrste seks hola, medan den fulle varianten vert spelt over alle 20. Primus motor for turneringa er Fredrik Espedal (mobil 476 64 717) og Rune Nordbotten ( mobil 415 53 395). Det er gratis å delta på turneringa, men om nokon ynskjer å støtte arbeidet Botnane og Årebrot grendalag har med bana kan de vippse ein sjølvvalgt sum til Vipps 82 21 71, og merke innbetalinga Sendebrettbana Pengane vert brukte til å utvikle og halde bana ved like.

Til turneringa reknar vi med at folk har med eigne sendebrett (diskgolfar), men elles er det råd å låne. Det ligg eit lite utval i ein plastboks ved inngangen til forsamlingslokalet i Botnane grendahus.  Ein som har brukt bana skriv: » Banen er vel verdt turen! Landskapet banen ligger i er helt fantastisk og banen er godt designet med varierte utfordringer og god flyt. Gode vanntette sko anbefales».

Omvising på Diktarstien i Botnane

Laurdag 13. juli, kl. 13.00, vert det omvising på Diktarstien i Botnane. Ein kultur- og natursti med ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim, som budde i Botnane frå 1978 til 1985. Han kalla dei sju åra dei mest produktive åra i heile forfattarskapet sitt. I år er det ti år sidan Sigrid Moldestad m/musikarar samla vel 400 menneske på ein utekonsert bak grendahuset, i samband med at det var 100 år sidan Bruheim vart fødd. Tonane hennar har gjeve dikta til Jan-Magnus Bruheim ein ny vår og aktualitet.

Diktarstien vart opna i eit forrykande uver 18.08.18, og har seks stoppeplassar med dikt Bruheim skreiv medan han budde i Botnane. Fleire av dei er plasserte der han fekk inspirasjonen til å skrive nett det diktet. Jan-Magnus Bruheim kom til Botnane etter at han møtte Magni Øvrebotten, som ung journalist i Gudbrandsdalen. På omvisinga fortel ho om Bruheimen og Botnane, og diktinga hans. Turen tek omlag to timar om vi går, men dei som ikkje maktar det kan køyre, fordi stien stort sett ligg langsmed Frøysjøvegen gjennom bygda. Omvisinga startar ved Botnane grendahus kl.13.00.

SØNDAG 14. JULI:

Gudsteneste i Botnane grendahus
kl. 11.00, søndag 14. juli, vert det gudsteneste i skulestova i Botnane grendahus. Det er ein av dei tilsette i Bremanger kyrkjelege fellesråd, Britt Linda Domben Mulelid, som har preika. Elisabeth Ruud Nordbotten (mobil 934 99 264) står for den praktiske tilrettelegginga.

Fridtjov Urdal fortel om minne frå ei anna tid og tru
Søndag 14. juli, kl. 13.00, tek Fridtjov Urdal mot oss heime på tunet på Kvia, garden der han vaks opp på Årebrot. Fridtjov hadde mange gode forteljararar rundt seg i oppveksten og må ha vore ein oppmerksam unge, som hugsar det han høyrde og såg.  Det er ei oppleving å høyre han fortelje om Minne frå ei anna tid og tru, så lat ikkje dette høvet gå frå deg.

Vegen opp til Kvia frå Frøysjøvegen vil bli skilta, og Torleif Seljestokken og Sigbjørn Holsen kjem til å vise til rettes med parkeringa.

Basar på Årebrot grendahus

kl. 16.00 er det klart for basar på Årebrot grendahus. Loddsalet er alt i gang (sjå under), men det vert også høve til å kjøpe lodd på basaren. Britt Maret Sunde og Sigfred Nøttingnes sel lodd frå kl. 15.45. Inntektene frå basaren går til drifta av grendahusa på Årebrot og i Botnane, og andre aktivitetar i bygdene våre.

Det vert sal av mat og drikke og utlodding på basaren. Nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag, Nina Seljestokken, leiar basaren. I basarnemnda er desse med: Marit Brandsøy, Solbjørg Sørbotten, Randi Hatlem, Anne-Karin Holm Årebrot, Håkon Årebrot og Bolette Nordbotten Espedal.

Hjå desse kan du kjøpe lodd:

Det vert loddsal på basaren, men du kan også kjøpe lodd på førehand. Lodda kostar kr. 5,oo per stk. Du kan vippse pengar til Vipps 69 94 98 og merke innbetalinga «lodd 2024». For å bli skriven opp i loddbøkene må du sende kvittering på x-antal lodd til ein eller fleire av dei med loddbøker. Vil du t.d. ha lodd i bok 2 og 4, så sender du kvittering og beskjed om kor mange lodd du vil ha i kvar bok til Ingrid Seljestokken (bok 2) og John Sande (bok 4). Dei seks loddbøkene er fordelte slik:

Bok 1: Magni Øvrebotten, mobil 970 55 201
Bok 2. Ingrid Seljestokken, mobil 482 85 440
Bok 3: Sigfred Nøttingnes, mobil 911 33 981
Bok 4: John Sande, mobil 901 90 244
Bok 5: Ingrid Bruflot, mobil 906 91 450
Bok 6: Helen Aasen, mobil 928 28 704

 

 

 

 

 

 

10. juni 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-06-10 21:55:302024-06-16 12:24:41Bygdehelga 2024
Aktuelt

Til fjells og langs Frøysjøen

Skaravatnet som ligg mellom Skuldalsnipa og Solanipa, også kalla Botnanipa.

Tek du stolpejakta i sommar får du ein fin fottur i kupert terreng til fjells, og ein flat og  fin sykkeltur langs Frøysjøvegen.

Det er sett ut 30 stolpar i Skudalen, frå der Skudalselva renn ut i Frøsjøen til Skuldalsnipa  (670 moh) og Sola/ Botnanipa (657 moh). Og 17 stolpar frå Nøre Røysa nord for Botnane og til grensa til Kinn ved gardane i Husefest.

Gå inn på www.stolpejakten.no og finn ut meir. Og last ned appen

Solnedgang ved Frøysjøen.

Stolpejakt går ut på å finne stolpar  som er sett ut på ulike stader i mange kommunar. Stolpejakt er ei form for orientering med bruk av digitalt kart. Du kan registrere besøket både manuelt og digitalt. Last ned app på mobilen og scann QR-koden som du finn på kvar stolpe, eller skriv inn bokstavkoden som også er på alle stolpane.

Stolpejakta er eit gratis tilbod. Og ein tek sikte på å legge til rette for å få med både unge og gamle, inaktive, skuleelevar, syklistar, folk med ulike funjsonshemmingar og rullestolbrukarar. Det er ein fin måte å gjere seg kjent i ulike distrikt og byar.

Til fjells

Botnane og Årebrot grendalag har hatt stolpejakt i to år, med postar både i Botnane (Øvrebotten og Nøre Dalen)  og i Uradalen på Årebrot. I år er det stolpejakt i Skudalen som ligg nord for Botnane, frå Frøysjøvegen der Skudalseleva renn ut i Frøysjøen – og heilt opp til dei to toppane, Skuldalsnipa og Solanipa, også kalla Botnanipa. Her det 30 stolpar. Det er sett ut 17 stolpar langs vegen frå rett nord om Botnane og fram til kommunegrensa til Kinn kommune, nær gardane i Husefest.

I Skudalen går turen oppover til Skuldalsvatnet gjennom flott, gamal furuskog med Skudalselva til venstre. Stolpane er plassert litt ut for stien som stort er  ganske tydeleg og merka. Fint å raste ved det reine og blanke Skudalsvatnet før du tek til å stigninga vidare oppover, fyrst til Knoltren med eit vidt utsyn mot Frøyalandet, Kalvåg og Bremangerlandet, om ikkje skodda har kome inn frå havet og stent utsynet. Etter furuskogen kjem du opp i eit belte med spreidde bjørketre, merka av vinden. Vidare oppgover er det mest lyng og så stein og myrlende. Og det er mykje stein på vegen opp, fyrst til Solanipa og så til Skudalsnipa. Mellom desse to toppane ligg Skaravantet. På veg opp til Skuldalsnipa ser du alle vindturbinane på Guleslettene mot sør. Og her ved Skuldalsnipa og Botnanipa er det planar om fleire vindturbinar. Du treng litt tid for å nå alle. Og ta gjerne ei overnatting i telt ved Skaravatnet. Det ryktast at det er fisk i vatnet.

Sykle eller gå

Medan terrenget i Skudalen er både litt bratt og ulendt er den andre delen av stolpejakta til grendalaget flat, og du kan bruke sykkel eller gå. Ja, du kan nå dei fleste stolpane ved hjelp av rullestol også. Du kan gå på vegen, men du kan også store delar av turen gå i fjæra.Du kan starte i nord ved den fyrste gravrøysa du kjem til i Botnane, Nøre Røysa. Her er det mogleg å parkere.  Du kan også starte i sør ved grensa til Kinn kommune og sykle eller gå nordover. Og du kan starte midt på, der Diktarstien i Botnane startar. Parkering er markert på kartet. På denne delen av stolpejakta får du litt informasjon om plassane der stolpane er plasserte. Og du kjem forbi fire-fem av dei om lag 40 gravrøysane frå bronsealder og jernalder som ligg på denne strekningen. Meir informasjon om dette finn du her

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Bremanger kommune har støtta stolpejakta i 2024.

Tekst og foto:  Åsmund Berthelsen

 

 

12. mai 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-05-12 21:38:162024-05-12 21:38:16Til fjells og langs Frøysjøen
Aktuelt, Arkiv

Ein rustflekk i kulturhistoria

 

Av Fridtjov Urdal, 30. april 2024

Fridtjov Urdal skriv vakkert om historia til maiblomsten og betydninga av den. Etter det stykket kan du lese om då han og Håkon Årebrot skulle selge maiblomstrar på Årebrot ein gong på 1960-talet. Men fyrst «Ein rustflekk i kulturhistoria».

Det hekk ei frålevd, attgløymd gammal kåpe med ein liten rustflekk på venstre slaget. Ein maiblomst hadde ein gong på 1960-talet ste så lenge at den fekk sett rustflekk i det lyse klede. Argeleg sikkert. Den vert ikkje god å få vekk.

Det har ikkje maiblomen vore heller, den har vore her sidan 1909. Det var fyrste gongen den var i sals her til lands. I Sverige hadde det byrja alt i 1907. Beda Hallberg fekk ideen om ei form for hjelp som ikkje berre dei velhavande kunne vere med å yte, men óg dei jamne folkelag. Ei demokratisering av hjelpearbeidet, og slik har det vore.

Her til lands var det hæren hennar Fredrikke Marie Qvam (1843-1938), i Norske kvinners sanitetsforeining, som fann at denne vesle blomen kunne vera eit våpen i striden mot den kvite pesten, Tuberkulosen (tæringa). Den gong kosta visst blomen 10 øre og det hadde mange råd til for ei god sak. Det var dette med dropane og havet. Det som er lite og smått kvar for seg vert stort når det kjem ihop. Det er grunntanken i solidaritetsarbeidet.

Tenkte og visste ho som sette maiblomen i kåpeslaget kva ho gjorde og var ein del av? Er det så nøye då, det var kan hende berre det ein gjorde? Då seljaren kom kjøpte ho nokre stykke så ho hadde til ungane, mannen og seg sjølv. Feste dei på kjøkengardina slik at dei var for hand når mann og ungar skulle kledast på, så dei kunne synast for folk.

Ein regnvåt vårdag vart kåpa hengd bort og blomen gløymd. Men merkje etter maiblomane er mykje meir enn ein rustflekk på slaget. Det er merkje etter dei store børene som folk lyft og bar i hop. Den vesle plastblomen er eit mektig monument.

Å selje maiblomar

Det var visst når dagane og kveldane lengdest ut i april så måtte ein ut å selje maiblomar. Både mor og tante var som dei fleste andre kvinnene i bygda medlem i Saniteten (Norske Kvinners sanitetsforening) og dei selde maiblomar. Ein vart utstyrt med alle naudsynte formaningar; Ikkje gå inn med støvlane på, takke pent, passe på vekslepengane og ikkje ta i dei 5 blomsterbretta (arka) med blomar på, osb.

Salet av maiblomar hadde eit lag til å falle på regndagar, i alle høve er det dei eg hugsar best.  Alt før ein var komen sør  i Vågen var det ei våt rand mellom støvlane og regnfrakken. Kundegrunnlaget var stort sett fast og råd å berekne, i det huset brukte dei kjøpe så mange og der brukte dei kjøpe så. Eit år var vi to som selde, Håkon Årebrot og eg. Kor det kom i stand er eg ikkje sikker på, anten det no var slik at det var avtala på førehand eller det vart avtala då eg kom. Ruta var Vågen, ho Helga var sikker kunde og ville dessutan ha greie på kor det sto til med ho Anna bestemor mi og så fekk vi solbærsaft. Vidare var det over Håjen og ned til dei i Skåra, til Domben og hjå ho Emelia lukta det ATA og alt var urørleg på sin faste plass. Domben var ikkje den beste ein kunne handle med, for han kunne finne på ville undersøkje om læraren hadde lært ein å rekne. Ned i Sundet måtte ein innom Martin og ho Oleana. Det vil seie der kom en ikkje lenger enn til den opne døra, der vart  handelen avgjord; to maiblomar. Men han var ein raus loddkjøpar. Ein skulle ha vore på Urøyna og selt, men då måtte ein i båt. I Vaulen hos Nikken og Aslaug var det livlegare, der var det ho Aslaug som rådde og prata frå døra var opplaten til ho gjekk att. «Å, kan skjøne eg ska ha maiblomster. Såg du ikkje kor fint påskeliljene mine står? Nei, gutungar dei ser no ikkje etter slikt. I Vaulen, hjå Hjalmar og Hilma, skulle dei sjølvsagt ha blomster. Ho Hilma var foreiningsmenneske så det skulle berre mangle. Eg trur det var der det vart avgjort at Håkon og eg skulle gå i Bråte i lag, då kunne vi besøke han Jostein óg.

Men når ein fyrst var to så opna det seg nye vegar. Vi tek færingen og så ror vi bort på Urøyna.  Om det var lov eller ulov kan eg ikkje minnast.  Vi banka på den grøne utedøra og ut kom ho Alma. «Nei, e da de so kjem!» Om foreldra våre visste om kor vi var og om det var noko som sto på? Vi bar fram ærendet og sølvsagt skulle dei ha maiblomster. Vi kom like inni stova der det hekk eit stort bilete av Jesus som stod og banka på ei dør i fylgje med ein flokk sauer. Når vi fyrst var på Urøyna så kunne vi no gå bort til han Oskar  og sjå om han ville ha maiblomster. Vi viste at der hadde det ikkje vore framande inne på årtider, men det var no verdt å prøve. Men Oskaren skulle ikkje ha.

Spørsmålet var no at sidan vi hadde båt, om vi skulle ro sør i Brotet  eller gå. Det vart til at vi gjekk. Ho Bella hadde fått ferten av framandfolk og kom logrande til møte. I Brotet hadde vi ikkje vore så mange gonger, så Josteinen hadde mangt å syne fram. Frå den store slagkeipingen i naustet til helikopter som kunne flyge om ein drog det opp, og bunkar med vekeblad med teikneserien om Lucky Luke. Inger hadde dekka kveldsbordet i det blå kjøkenet og Bella tigga. Vi hadde det så kjekt at vi helt på å gløyme heile ærendet, for tida og timane rann heilt til ho Inger sa at: » No verte dei vel ikkje redde føre dokke?» Vårkvelden var åt og skymest i regntjukka då vi tusla oss nord att over myrane. Det var Håkon om såg det fyrst. Der står folk bort ved steinen i kalvegjerdet. Kven kan det ver? Det var fedrane våre. Det vart nokre alvorsord om tid, stad og klokkeslett.

1. mai 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-05-01 10:30:582024-05-01 10:40:33Ein rustflekk i kulturhistoria
Aktuelt, Arkiv

Vedlikehald og utbetring av Frøysjøvegen

Her er brevet styret i grendalaget har sendt til Vestland fylkeskommune med kopi til Bremanger og Kinn kommune om å få utbetring av særleg svingen på Myklebust, autovern i Vindspollen og nytt dekke sørover frå Botnane.

Til Bremanger og Kinn kommune og Vestland fylkeskommune

12. april 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-04-12 08:08:502024-04-12 08:12:06Vedlikehald og utbetring av Frøysjøvegen
Arkiv

Aktivitetar Botnane og Årebrot grendalag 2025

JANUAR
18. januar (laurdag): Opning av Friluftslivets år 2025, med bålbrenning, mat og natursti på Jørnjorda kl. 15.00. Arr. Bolette Nordbotten Espedal og Rune Nordbotten m/familie, Keipen turlag.

FEBRUAR
02. februar: Søndagskafe Botnane grendahus kl. 16.00. Vertskap Trude Sørbotten og Kjersti Straume-Sande.

MARS
01. mars (laurdag): Konsert med Sigrid Moldestad, Botnane grendahus, kl. 17.00. Dørene opna kl.16.00. Elisabeth Ruud Nordbotten, Hannele Turunen og Torbjørn Øvrebotten er komite.

15. mars (laurdag): Årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag, Årebrot grendahus, kl.15.00.
————————————–

APRIL
5. april (laurdag): Strandrydding Botnane-Årebrot, kl.10.00-15.00. Arve Nøttingnes og Åge Sørbotten samordnar oss. Det kjem båt og hentar det vi samlar saman.

13. april: Palmesøndagkafe på Årebrot grendahus kl. 16.00. Ingrid Seljestokken og Anne-Karin Holm Årebrot er vertskap.

19. april: Påskeafta sendebrett-turnering i Botnane kl. 13.00. Kafe kl 13.00-17.00 i Botnane grendahus med Elisabeth Ruud Nordbotten som vert. Premeiutdeling kl. 16.00.

MAI
3. mai (laurdag): Dugnad Botnane-Årebrot kl. 10.00-15.00. Det skal vere bryllaup i Botnane grendahus 21. juni, så vi må ha fjelga til før det.

17. mai: Årebrot grendahus, kl. 14.00. Torbjørn Øvrebotten, Marion van Eck Ederveen, Elisabeth Ruud Nordbotten og Nina Seljestokken utgjer komiteen.

31. mai (laurdag): Dugnad Botnane-Årebrot er flytta frå 24. til 31. mai, kl. 10.00-15.00.

JUNI
1. juni: Ingen søndagskafe.

5. juni: Omvising gravrøysar og Diktarstien i Botnane for deltakarar på Florø Revmatikerforrening v/Britt Maret Sunde, sin tur til Årebrot og Botnane.

22. juni (søndag): Jonsokbål på Jørnjorda, kl. 17.00. Torbjørn Øvrebotten og Arve Nøttingnes.

JULI
Bygdehelg Botnane-Årebrot 11.-13. juli
(det som er sikkert er):
Opningskonsert fredag kveld kl. 19.00.
Fiskekonkurranse i Nøre dalen m/grilling laurdag kl. 11.00
Kafe Botnane grendahus laurdag kl. 13.00.
Basar Årebrot grendahus søndag kl. 16.00

AUGUST
3. august:
Søndagskafe i Årebrot grendahus kl. 16.00.
Dag H. Nestegard kjem for å fortelje om flypioneren Thor Solberg, frå Solberg. I år er det 90 år sidan han, som den aller fyrste, flaug over Atlanterhavet, frå USA til Norge. Nestegard har tidlegare skrive bok om Thor Solberg. Britt Maret Sunde m/fleire er vertskap for kafeen.

25. august, kl. 17.30-20.00 – depotøving for brannutstyret for Botnane og Årebrot, saman med folk frå Kinn brann og redning. Brannutstyret er lagra på Firda settefisk sitt anlegg i Botnane.

SEPTEMBER
7. september:
Vi avlyser søndagskafeen Botnane grendahus denne søndagen. Det er fyrste helga i hjortejakta og siste helga i valkampen, og folk er travle.

OKTOBER
5. oktober:
Søndagskafe i Botnane grendahus, kl. 16.00.
Gjest Roger Sevrin Bruland
, tidlegare NRK-korrespondernt i Berlin. Derifrå dekka han starten på corona-epidemien og krigen i Ukraina. Til hausten kjem han med bok om dette. Kafevertar vert Marion van Eck Ederveen og Hannele Turunen.

Laurdag 25. oktober: Julemesse på Årebrot grendahus, kl. 13.00-16.00 v/Britt Maret Sunde og Sypikene.

NOVEMBER
Ingen søndagskafe pga fleire andre arrangement før og etter

22. november (laurdag): Hjortefest Botnane grendahus, kl. 19.00. v/hjortejegarane.

DESEMBER
7. desember:  Adventkafe i Botnane grendahus kl. 16.00. Ragnhild Nøttingnes og Solbjørg Sørbotten står for kafeen. Leiaren i Bremanger Sogenemnd, Liv Marit Bøen, presenterer band to av allmennsoga for Bremanger, som omhandlar dei siste 80 åra.

27. desember (laurdag): Romjulskafe i Botnane grendahus, kl. 15.00.

 

 

 

 

–

18. mars 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-03-18 09:29:052025-11-09 22:50:31Aktivitetar Botnane og Årebrot grendalag 2025
Aktuelt, Arkiv

Nytt frå årsmøte

Det kom 14 medlemmer til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i Botnane 16. mars 2024. Det er eit svært aktivt grendalag, særleg sett i høve til folketalet i området. Vi er heldige med at mange fleire kjenner seg knytte til bygdene og støttar opp om grendalaget, både med å vere medlemmer og delta i arbeidet. Per dags dato har Botnane og Årebrot grendalag 180 medlemmer. Det er rekord.

Framfor årsmøte 2024 gjekk vi nøye gjennom medlemslista og innebetalingane for å ha eit så rett medlemstal som råd. Vi hadde nok fleire enn 148 betalande medlemmer i 2023. Mange har betalt for fleire enn seg sjølv, utan å skrive opp namna på kven dei andre var. Og fleire nye medlemmer har ikkje sendt melding til leiaren om at dei melde seg inn, og dermed vert ikkje alle registrerte med namn på lista. No trur vi det skal vere i orden og vi er glade for alle medlemmer, både nye og gamle. Det gjev ein ekstra kveik i arbeidet at folk støttar opp om laget. Medlemmene er folk som bur her, har vakse opp i desse bygdene, har hytte og eigedom her, eller det er folk som ynskjer å støtte eit lite grendalag og ser verdien av arbeidet vårt.

Årebrot kai
Det kom framlegg om å byte namn på Villevik kai til Årebrot kai, for å hjelpe dei som ikkje er lokalkjende til å finne fram. Styret skal ta spørsmålet opp med vegstyresmaktene og på nytt søkje om å få eit skilt til Årebrot kai i Myklebustkrysset.

Meir parkeringsplass ved gravstaden
Styret vart også oppmoda om å ta kontakt med grunneigar og Bremanger kommune om utviding av parkeringsplassen ved gravstaden i Botnane. Der er det plass til få bilar i tillegg til bårebilen, og det tek lang tid før siste del av gravferda kan byrje, fordi folk må parkere lang frå gravstaden og gå attende dit.

Styret for grendalaget
Åsmund Berthelsen vart attvalt som leiar for Botnane og Årebrot grendalag for eitt år. Nestleiar Nina Seljestokken tok attval for to år, det same gjorde styremedlem Marion van Eck Ederveen. John Sande er nytt styremedlem etter Vetle Aase Øvrebotten, som ikkje tok attval. Styremedlem Helen Aasen var ikkje på val. Varafolk er Hannele Turunen, Britt Maret Sunde og Bjørg Kleiven. Dei to siste er nye. Dei som ynskjer å ta kontakt med folk i styret finn e-post og mobilnummer under «Om oss» på denne sida.

Sigfred Nøttingnes vart attvald som revisor. Valnemnd for 2025 er Elisabeth Ruud Nordbotten, Marit Brandsøy og Solbjørg Sørbotten.

18. mars 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-03-18 09:01:282024-03-18 09:01:28Nytt frå årsmøte
Ukategorisert

Sakspapir til årsmøte laurdag 16.mars 2024

Til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag laurdag den 16.mars kl. 15.00 i Botnane grendahus

Då ynskjer eg vel møtt til årsmøte komande laurdag den 16.mars. Her er sakspapir til møte Alt er framlegg frå styreleiar då det ikkje har vore mogleg å samle styret til møte for handsaming av sakene.

Send gjerne spørsmål eller kommentarar på førehand til asmund.berthelsen@icloud.com

Håpar mange har høve til å kome på årsmøte der vi har litt servering.

Beste helsing

Åsmund Berthelsen (leiar i styret)

Sakliste

Framlegg Årsmelding for Botnane og Årebrot grendalag 2023

Resultatrapport 2023 BÅG

Balanse 2023 BÅG

Forslag arbeidsplan 2024

Aktivitetsplan for BÅG 2024

Framlegg budsjett 2024

Forslag fra valnemda -24

Sak 9 Andre saker

 

 

10. mars 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-03-10 12:52:412024-03-10 12:52:41Sakspapir til årsmøte laurdag 16.mars 2024
Aktuelt

Årsmøte i BÅG 2024 – laurdag den 16.mars

27. januar 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-01-27 12:28:192024-01-27 12:28:19Årsmøte i BÅG 2024 – laurdag den 16.mars
Arkiv, Historikk

Vegsamband i Botnane i eldre tid

Vona er å få skrive ned veghistoria til Botnane og Årebrot, fordelt på fleire artiklar. Det har teke si tid å få veg både i og ut av begge bygdene. Denne artikkelen skreiv Ståle Sørbotten i «Avis for Botnane og Årebrot» i 2006, ei bygdeavis som Jacqueline Mannaart gav ut. Ståle Sørbotten og Magni Øvrebotten har gått gjennom artikkelen på nytt og oppdatert han litt. Vegen rundt Pollen i Botnane rakk i hop 25. august 1956. Dette er Ståle Sørbotten (f.1935) si forteljing om vegen i heimbygda. Han byrja yrkeslivet sitt som flisgut på denne vegen i 1950/51:

Av Ståle Sørbotten 

I dag set folk i Nordbotten seg i bil når dei har ærend i Sørbotten. Det same gjer folk i Sørbotten når dei skal i Nordbotten. Slik har det så visst ikkje alltid vore. Går vi omlag 90 år attende i tid var det knapt framkommeleg sjølv til fots mellom gardane. Det var ein gangstig som batt gardane saman. Det var ingen enkel veg, spesielt mellom Nordbotten og Øvrebotten, der Inste- og Yste (ytre) Stegen (Stigen) var ei utriveleg sperre. Yste Stegen måtte ein passere på oppsida, oppe i ura. Inste Stegen kunne ein passere på nokre tripser (smale trinn) i hamrane, men beinføringa måtte vere god for å kome over.

Yste Stegen sett utanfrå. Den var ikkje enkel å ta seg over før der vart skote ut veg på 1930-talet. Vegen har vore utvida her seinare. Foto: Magni Øvrebotten.

Inste Stegen var lettare å passere, men beinføringa måtte vere god også her.

Over Nøre elva låg det frå først av to stokkar over elva, tett utanfor Bruaberget (der det står ei fyrlykt). Seinare vart det lagt på ein stokk til. I steingarden på sørsida av elva syner det kvar opningen var. På slutten av 1930-talet kom det opp ein stokk på utsida, som skulle tene som handtre (rekkverk). Denne brua måtte skuleungane frå nordsida passere frå då skulehuset vart teke i bruk i 1926-27 til det kom veg og bru over elva lenger nede i 1956. Det gjekk likevel godt kor enn vêret var. Eg er likevel rimeleg trygg på at i dag hadde det vorte store foreldreprotestar, dersom dei skulle sende borna ut på denne skulevegen. Når elva var flaumstor brukte læraren å stå i døra i skulehuset for å sjå om vi kom oss velberga over. I ettertid har eg tenkt at om nokon hadde falle i den flaumstore elva, så var det kanskje ikkje så mykje hjelp i at han stod der?  Den mest dramatiske historia eg har høyrt om denne bru-passeringa var Oline Øvrebotten (1919-2022) si skildring av då ho som lita skulejente miste eine treskoen sin på den flaumstore elva. Ho vart så fortvila at ho sprang heimatt i Sletten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Brukaret på nøre sida av Nøre elva. Det syner godt i steingarden på sørsida kvar det er mura att der brua (to stokkar) var.

 

 

 

Skuleungane var ofte våte på føtene

Frå brua gjekk stigen rett oppover marka på bnr. 1 i Øvrebotten (då kalla i Botn) og rett gjennom tunet der. Vidare over Søre elva og ei ny trebru, men ho var breiare enn den nøre  brua. Gardbrukarane i Øvrebotten køyrde likevel vadet like ovanfor brua, når dei henta ved eller tømmer frå skogteigane sine på sørsida av elva. Frå brua svinga stien utover Støylen, ut og tvers over myra i Timbrevika, over Skjerven og vidare ut over Skjervelva. Der var det ei lita steinbru. Ho var låg, så var det flaum gjekk vatnet godt over brua. Ungane frå Sørbotten var difor ofte våte på føtene når dei kom på skulen, og sokkane vart turka på den store omnen i skulestova.

 Dette er Timbrevika der stien gjekk over Skjerven.

Frå Korsnesvika gjekk stien på oppsida av gravstaden og ut Myrane, medan vegen vart lagt nedanfor gravstaden.

Stigen gjekk så ut i Korsnesvika og vidare ut i Sørbotten ovanfor gravstaden, ovanfor gjerdet i  Myrane og ut til innmarka på bnr 3 (Åge Sørbotten). Der i Runnane gjekk stigen gjennom tunet, men på dei andre gardane i Sørbotten gjekk han nedanfor tuna like ut til bnr. 4, på Håjen (Steinar Øvrebotn).

Stien gjekk gjennom tunet i Runnane, men vegen vart bygt nedanfor tunet. (Bilete privat, Astrid Sørbotten)

Dagsløna var kroner 1,50

I 1930-åra vart det sett i gong vegarbeid for å få betre vegforhold over utmarka mellom gardane. Arbeidet vart sett i gong som eit sysselsettingsprogram i ei tid med svært stor arbeidsløyse. Dagløna varierte visstnok frå 1,50 frå først av, til rundt 2,50 på slutten av 1930-talet.  Dette var pengar Staten løyvde mot at kommunane skulle løyve like mykje. Bremanger kommune gjorde visstnok det «kunstgrepet» at i staden for å auke dagløna heldt dei ho nede for å få bygt mest mogeleg veg. Dette var haust- og vinterarbeid inntil dei årlege midlane var brukt opp. I desse åra vart det bygt veg mellom innmarka på bnr. 4 (Arve Nøttingnes) i Nordbotten og inn til innmarka på bnr. 2 (Torbjørn Øvrebotten), innanfor Inste stigen. I fjellet, på oppsida av vegen i Yste stigen var årstalet 1939 hogge inn. Då eg gjekk i skulen (1943-1950) var talet tydeleg. Kanskje er det der i dag også om vi ser godt etter? Men det kan også ha gått med i seinare arbeid med vegen.

I Sørbotten  vart det bygt veg innover frå innmarksgarden på bnr. 3,(Åge) og til litt forbi Korsnesvika, nesten inn til grensa mot Øvrebotten (midt i stranda, litt innanfor der vi går ned på kaia). Då krigen kom i 1940 var det slutt på vegmidlane. Difor enda vegen på sørsida midt i utmarka.

Midt inne i stranda her stoppa vegarbeidet på sørsida før krigen.

I 1950-åra kom det meir fart i sakene. Straks etter at eg vart konfirmert i 1950 (eller kanskje det var i 1951?), kom Nils Øvrebotten, som var kontaktmann for Vegvesenet, og spurde meg og Harald Hamrebø (vi var jamgamle) om vi kunne vere med vegingeniørane Bruland og Østenstad som flisgutar? Då vart vegtraseen frå der vegen stoppa på sørsida og innover til innmarka i Øvrebotten flisa opp (merka der vegen skulle gå). Arbeidet kom i gang straks etter, hausten 1951.  Det arbeidde to lag, eitt lag med folk frå Sørbotten, med Olaf Øvrebotn som leiar, og eitt lag frå Nordbotten, med August Sande som leiar. Dei fekk tildelt kvar sine strekningar etter akkordprinsippet. Det vil seie at det vart sett ein verdi på kvar strekning, og timeløna varierte etter kor lang tid dei brukte på kvar strekning. Nils Øvrebotten var kasserar for anlegget.

Handemakta rådde

Arbeidsutstyret var bor og feisel, slegge, spade og trillebåre. Det vil seie at det var handemakta som rådde. Det vart oppretta ei smie med Jon Øvrebotten som smed. Han hadde gått smedlinja på Heimyrkeskulen på Jølster og var nett komen heim frå militærteneste. Smeden skulle syte for at borane var kvasse til ei kvar tid. Ein kort periode, då Litje Skjerven og Skjerven skulle passerast, leigde laga inn Sverre Seljestokken til å bore. Han hadde skaffa seg boremaskin. Meterprisen var visstnok 11 kroner. Sannsynlegvis ein rimeleg bra pris den gongen. Seinare heldt Vegvesenet boremaskin, men ho måtte veksle mellom vegarbeid i Midtgulen og i Botnane. På slutten av anleggstida kjøpte eldste bror min, Anders Sørbotten, seg boremaskin til bruk i arbeidet. Han var med på arbeidslaget i Nordbotten.

Eit bilete eg har syner at i pinsehelga i 1953 var det brote fram veg inn til Søre elva i Øvrebotten. Eit anna bilete, som Sigrid Øvrebotn Fjellestad tok frå Storehornet, truleg  i 1955, syner at det var kome veg over innmarka på dei to gardane i Øvrebotten, men bruene mangla. I eit skriv frå Olav Nordbotten til Vegetaten i oktober 1955, skriv han at vegen mellom dei gamle vegendane no var opparbeidd. Han ber difor Vegetaten om å sette fart i bruarbeidet. Av dette kan vi vel slutte at bruene kom på plass i 1956, skriv Ståle Sørbotten.

Merkedagar i august 1956

Her har vi endå meir sikre opplysingar. Brua over Nøre elva var ferdig støypt 22. august 1956. Det fortalde August Sande til sonen Audun, som vart fødd den dagen. I eit intervju med Kari og Johannes Nordbotten fortalde han at dei gjekk glipp av at Botnane vart bunde saman med veg. Det skjedde 25. august i 1956, same dagen som dei gifta seg i Hellandsbygd i Rogaland.  Då var også brua over Søre elva ferdig støypt. Desse bruene heldt til det var totalt nedkøyrde og det vart støypt nye i 2018/19 (dette avsnittet er Magni Øvrebotten ansvarleg for).

Ståle Sørbotten skreiv vidare: I 1957-58 arbeidde arbeidslaga på innmarkene både i Sørbotten og Nordbotten. Johannes Nordbotten (1929-2022), fann i arkivmaterialet sitt  oppgjer frå desse åra. Timebetalinga låg på om lag kroner 3,50. Over innmarkene i Sørbotten arbeidde arbeidslaget der, og laget i Nordbotten på nordsida. Kor tid vegen var ferdig opparbeidd frå ende til ende har eg ikkje klårt føre meg. Sannsynlegvis var det først på 1960-talet, for i ettertid dreiv dei med utbetring av førkrigsvegen. Dei dreiv i alle høve med det i 1962-63, skreiv Ståle Sørbotten.

 

Dei nedkøyrde bruene frå 1956 vart avløyste av mellombels bruer i 2018 før det kom opp nye bruer over Nøre og Søre elva i 2019. Foto: Magni Øvrebotten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etterord: Om nokon har fleire opplysingar om bygginga av vegen rundt Pollen i Botnane må de gjerne ta kontakt. Om det finst bilete frå arbeidet med vegen ville det vore storveges. Kontakt: Magni Øvrebotten: magni.ovrebotten@gmail.com
Mobil 970 55201.

Det er også sett i gang arbeid med å fortelje den fyrste veghistoria på Årebrot. Vi ser for oss at det må bli fleire artiklar om dei ulike vegkampane i bygdene våre.

 

26. januar 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-01-26 09:50:362024-01-26 10:35:16Vegsamband i Botnane i eldre tid
Arkiv, Historikk

To høvesdiktarar og dikt om Ragnvald

Av Magni Øvrebotten 01.01.2024.


11.12.1993: Ragnvald Sørbotten lyfter opp landgangen til ferja for siste gong. Tida hans som ekspeditør var over den dagen det kom veg frå Sørgulen til Botnane og ferja slutta å gå. Foto: Arne Øvrebotten.

I haugane med papir om kampen for veg til Botnane og Årebrot dukka det opp eit hyllingsdikt til Ragnvald Sørbotten (1924-2014), som mor mi, Sigrid Øvrebotten (1921-2012), skreiv i høve opninga av vegen Sagebø-Botnane 11.12.1993. Same dagen slutta ferja å gå og Ragnvald sitt lange arbeidsliv som ekspeditør på kaia i Botnane var over. I ei utklyppsbok etter mor mi fann eg også ein prolog Knut Gulestø (1930-2008) skreiv til Ragnvald sin 80-årsdag i 2004. I sin generasjon var Sigrid Øvrebotten og Knut Gulestø høvesdiktarane i Botnane. Dei skreiv songar, dikt og prologar til alt frå 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Her har vi to døme, begge om Ragnvald i Posten, som vi kalla han.

Hyllingsdiktet til Ragnvald frå 1993 fortel med ord det same som Sigrid Øvrebotten teikna og vov i dobbeltveven til Ragnvald sin 50-årsdag. Den veven heng no i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, som eit minne om alt-mogeleg-mannen Ragnvald Sørbotten og Botnane i hans tid. Mamma og Ragnvald budde begge på Svelgen omsorgssenter mot slutten av livet. Ein gong vi møttest til kaffi, og snakka om gamle dagar, spurde mamma Ragnvald kva som ville skje med dette teppet når dei begge var ute av tida? Han hadde ikkje tenkt på det, men lyste opp når ho føreslo at det kunne henge i grendahuset, som eit minne om både han og bygdelivet i hans tid. Det var eg som fekk i oppdrag å ordne det.

Dobbeltvev-teppet fortel at Ragnvald hadde posten, køyrde mjølkespann, hadde traktor og hjelpte dei som ikkje hadde. Han fira seg ned i fjellet og løyste sauer som hadde gått seg i skorfeste, han var ekspeditør på kaia og stolpeklatrar når lyset var vekke. Traktorkyndig og nevenyttig til det meste, skar klauvene på kyrne og hjelpte til med vanskelege fødslar i fjøset, for både ku og sau. Når snøen la seg i fonner var det Ragnvald og traktoren som heldt vegen open.

Mor mi var flink til å klyppe ut og lime i bøker når det stod noko i avisene om folk og hendingar herifrå. Difor har eg også Knut Gulestø sin prolog, skriven i høve Ragnvald sin 80-årsdag 28. juli 2004. Knut budde i Gulestøa, nord om Botnane, og var lærar i Botnane frå 1958-74. Han skreiv mengdevis med prologar, songar, kåseri og høvesdikt fram gjennom åra. Mange av dei er samla i boka «Berrføtt i tareskog», som borna hans, med hjelp av Grethe Johnsen, gav ut i 2019.

I sin generasjon var det for det meste Knut Gulestø og Sigrid Øvrebotten som stod for songar og prologar i Botnane til ulike høve, som 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Han tok vare på det han skreiv, ho gjorde det ikkje. Det einaste vi har av det er stykka ho skreiv i Bergens Tidende på 1960- og 70-talet, under dekknamnet «Småbrukarkona fortel». Det gav vi ut i bok i 2010.

Hyllingsdikta dei begge skreiv til Ragvald gjev oss høve til også å presentere ein skrivetradisjon som ikkje har halde seg levande etter dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På vegfesten vart Ragnvald (til venstre) takka for innsatsen frå både bygdefolket, Fylkesbaatane og Sunnfjord meieri. Her er det kaptein Jonvald Kjerpeset, på ferja Førdefjord, som har ordet. Foto: Arne Øvrebotten.

 

 

Hyllest til Ragnvald
11. desember 1993.
Av Sigrid Øvrebotten

I alle år har vi hatt ein kar
som kunne alt – og hjelpte alle
Var bygdas «sørvis» – alt muleg mann:
Han køyrde mjølka, han bora båten,
han sleit på sekkjer og melde frå.
Han reparerte når straumen for
eller traktoren sto «i sju steinar»!
Og attåt var han postmann og dyrlege!

Ring te`an Ragnvald !

Så mang ein kveld –
gjekk vi og vakta på kalvesjuk ku –
«Her er noko gale, kva gjer vi no?»
Ring te `an Ragnvald!
Der står han i døra kvarteret etter –
skjortearmane opp han bretter:
rotar og finn ein fot og ein snute:
«Hal i og dra!» Og kalven er ute!

«Der gjekk lyset!» Huff, detta var trist!
Ring te`an Ragnvald, han veit det visst.
Før var det alltid Ragnvald sitt yrke:
å klatre i stolpar i helg som i vyrke.
Byta sikringar – slå ut og slå inn –
finna feilen – du store min!

Lenge før Botnane fekk seg ei bryggje
sto han i støa og venta ved naust.
Han bora «Sendingen» i storm og styggje,
og stundom gjekk det på livet laust!

No var vi så vane med å sjå han stå der,
ytterst på kaien – venta på ferja.
«Huff for eit ver – kor går dette her?»
Stormen har auka – storbåra herja
Ferja sig innåt og bakkar opp:
Ragnvald hiv trossa og vinkar «stopp!»
Det knakar og skjelv i kai, båt og last,
og folk pustar letta: ferja er fast!

Takk Ragnvald!

Du skulle hatt største medaljen –
du skulle hatt kongens i gull,
i staden får du ei klokke –
Gjev tida di heretter blir full
av gode dagar med helse –
Så framleis vi ringjer til deg
når noko er skeivt eller gale.

Då veit vi det rettar seg!

 

Ragnvald var navet i bygda

For dei som ikkje kjende Ragnvald Sørbotten tek eg sjansen på eit lite samandrag av det som ikkje står i dikta. Begge dikta handlar om Ragnvald som sjølve navet i den veglause bygda. Han alle kunne spørje og få ja frå når det trongst. Eg trur gjerne han kom ubedd når han skjønte at det trongst ei hand. Han lærde tidleg at livet kunne røyne på. Ragnvald var ni år og nummer seks i ein syskenflokk på ti som miste mor si, Aletta, i den fæle drukningsulukka i 1934, som kosta tre menneske livet og gjorde 18 born morlause. Han miste seinare fleire sysken i sjukdom og ulukke.

Mot slutten av andre verdskrig låg Ragnvald i dekning i frykt for å bli kalla inn til arbeidsteneste for tyskarane, og i mars 1945 kom han seg saman med 15 andre over til Shetland med redningsskøyta «Johan Brusgaard». På 50-talet tok han over Posten og garden etter faren Magnus og i 1958 gifta han seg med Valborg Ryland (1917-1988), som oftast kalla Valla. Dei var barnekjære og såg oss ungane, og snakka meir med oss enn vaksne vanlegvis gjorde på den tid. Dei hadde ikkje eigne born og det hugsar eg at eg tykte var gale, så glade og blide som Ragnvald og Valborg var. Det må ha vore eit tungt tap for Ragnvald då Valborg døydde i 1988. Men han var ikkje typen som klaga, han sa vel helst lite om korleis han hadde det og kva han meinte og tykte. Kanskje er det sjølve nøkkelen til å bli navet i ei lita bygd?

 

 

 

 

 

 

 

 

Ragnvald feira både 70- og 80-årsdagen sin i Botnane grendahus. Dette bilete er frå 70-årsdagen i 1994. Til høgre for Ragnvald på bilete sit naboen hans, Oddny Langø. Til venstre  Alisander Aarseth, ein slektning av Ragnvald. Foto: Arne Øvrebotten.

 

Ragnvald Sørbotten 80 år
Prolog av Knut Gulestø 28. juli 2004.

Det bankar ein båt langs fjæra
med mannskap og not om bord
Ei reise i den gamle verda
etter sild i ein Gulenfjord
Ragnvald var med i laget
til rors og som motormann,
men det var i gamle dagar
som få av oss minnast kan.

Det var i sommarøkta
når graset stod moge på bø`n
ei eng måtte også bli røkta
når kara kom heim frå sjø`n.
Det var ikkje traktor med spakar
og forhaustar, slik som no.
Han Ragnvald var arbeidstakar
med sveitte og blankslipt ljå.

Fødslar i fjøset er oftast å sjå
som eit spennande eventyr,
men stundom kan det om livet stå,
og då vert det mykje til styr.
Veglaus var grenda, og milelang ferd
for å finne ein utdanna mann,
men i gåsauge hadde vi veterinær
i han Ragnvald si hjelpande hand,

Etterkvart kom varer og post til lands,
ting vart betre enn før.
Båten og bua skapte litt glans,
og Ragnvald vart ekspeditør.
Skulle det kome eit drygtungt lass,
så kom det ein tilhengar ned,
og Gråtassen køyrde det tunge på plass
så lett som berre det.

No har tankane fare på flog
og nemnt både land og sjø;
men det står att å nemne ei skuff og ein plog
og vintrar med mykje snø.
Kor tok han krefter og tida i frå,
denne Sørbotten-karen vår?
Det var eitkvart støtt å maksle på
i gjennom det heile år.

Han var ein mann som sjeldan sa nei.
Men ja med eit smil til det meste.
Det er godt å få møte ein slik på vår vei
som han vi i dag får gjeste.
Og merk dykk det er ikkje skryt eg skriv,
men biografisk dokumentar.
Slik var han i heile sitt vaksne liv
den støvande kjekke kar.

Så no kjære Ragnvald, er stunda god
når du er gamal og komen på trygd,
å sei det slik at dei orntleg forsto
kva du var for den heile bygd.
Tillukke med dagen, vi vonar du får
ei framtid som enno vert bra,
og kan vare i mange, mange år.
Du fortenar eit trefald hurra.

 

2. januar 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-01-02 09:04:522024-01-02 09:31:23To høvesdiktarar og dikt om Ragnvald
Side 8 av 34«‹678910›»

Kategoriar

  • Aktuelt
  • aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top