Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Julemesse og kafe på Årebrot 30. november

 

For tredje året på rad vert det laga til julemesse og kafe på Årebrot grendahus, i år laurdag 30. november, frå kl. 13.00 til 16.00. Og arrangørar er framleis Britt Maret Sunde og Sypikene på Årebrot. Dit kan du kome både med rutebåt og eigen bil.

Laurdag går det rutebåt frå Florø kl. 13.00 (båten til Smørhamn), som er på Villevik kai kl. 13.10. Retur derifrå er kl. 16.00. Det skal vere god tid til både handel og kjøpt av mat i kafeen. Dei som kjem køyrande nordfrå tek av fylkesveg 614 i Myklebustkrysset og køyrer langs Frøysjøen til Botnane, og vidare sørover til Årebrot grendahus, med adresse Frøysjøvegen 4200.

Desse stiller ut arbeid for sal på julemessa på Årebrot:

Heidi Yttrehus – saueskinn og urtete
Bente Årebrot – strikking
Åsmund Berthelsen – tægerbinding
Merete Langeland og Karin Andal – tova ullprodukt og rognebærgele
Reidun Seljevoll – hagefigurar i betong
Linda Førde – hekla figurar
Britt Maret Sunde – broderi og quilting
Anne-Karin Årebrot – lefser og natronkaker

 

 

26. november 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-11-26 11:52:212024-11-26 11:52:21Julemesse og kafe på Årebrot 30. november
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Sigrun Solberg og andre motstandskvinner

Tale ved avdukinga av krigsminnesmerke «Eric» i Florø 8. mai 2020.

Den 8. mai 2020 vart det avduka eit krigsminnesmerke i Kyrkjeparken i Florø. Det er ei skulpturgruppe som førestiller motstandsmennene Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, og motstandskvinna Sigrun Solberg, som hjelpe dei under krigen. Det er Hjalmar Lote som har laga skulpturgruppa, på oppdrag frå Flora historielag og Flora krigshistorielag. Magni Øvrebotten var ei av dei som var bedne om å halde tale under avdukinga av dette krigsminnesmerke, og ho gjorde det på vilkår av at ho fekk snakke om kvinnene sin innsats under krigen:

Sigrun Solberg under krigen. Bilete er teke i 1942, då ho var 40 år.  

 

 

Om Sigrun Solberg og andre motstandskvinner

«Vi såg vel aldri på henne som ein helt. Heltar, dei gjekk ikkje i uttrakka, avskorne gummistøvlar og rutete forkle. Eller kom på basaren i blå gabardinkåpe. Heltar gjekk ikkje på basar i det heile. Dei hadde anna å gjere».

«Det var ikkje krigen som stod i tunet på Solberg. Ikkje fedrelandet som kalla med tung og malma røyst. Det var menneske i mørkret, som trong hjelp. Dei hadde bruk for henne».

«Krigsåra gjekk. Agentar kom og for. Ho Sigrun kunne dei lite på. Ho var der støtt. Ho kom gåande skogalangs så ingen skulle sjå. Ho kom stilt roande i landskuggen, for ingen måtte sjå og ingen måtte høyre. Om dei såg og høyrde så måtte dei ikkje forstå».

«Då stasjonen fall ein tidleg vårdag i 45 måtte ho på skogen ho òg. Vi ville ha heltar med stengunn i neven og korslagde patronbelte. Heltar med fiendelik i haug og dunge ville vi ha. Ho Sigrun høyrde ikkje til i det biletet. Ho hadde gjort det ho kjende som plikt.»

«Då freden kom vende ho heim etter nokre veker i dekning. Då var det kvardagen som stod i grinda og tok i mot ho. Møka måtte ut om det var fred i landet».

Dette er sambygdingen Fridtjov Urdal si jordnære skildring av Sigrun Solberg og krigen. Betre kan det ikkje seiast. Ho såg ganske visst ikkje på seg sjølv som nokon helt, ho gjorde berre det ho tykte ho måtte gjere. Attåt dyra, garden og stell av gamle foreldre, og otten for to brør i tysk fangenskap. Ho var av dei som kunne teie og te seg slik at ingen spurde, pliktkjensla var ei rettesnor i livet og sjølv sa ho at «det vart no berre slik».

I dag har Sigrun Solberg kome på sokkel, saman med Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei to karane som banka på utedøra på Solberg 21. august 1941, og ba om hjelp. Det fekk dei; med husly, transport og mat, helgar og julekveld på Solberg, beskjedar til og frå andre hjelpesmenn. Sigrun vart deira auge og øyre i kvardagen dei sjølve ikkje lenger var ein del av. To av dei som hjelpte henne med dette var far og son Daniel og Dagfinn Hjertenes.

Kvinnene måtte bli

Sigrun Solberg ville heilt sikkert tykt at det er storveges at det vert sett opp eit minnesmerke over Svardal og Ulriksen, men som kvinne i sin generasjon ville ho truleg ha vore brydd over å stå der sjølv. «Det er no så altfor mykje», som dei brukte å seie.

Difor er det så fint at ho står der både for eigen innsats, og som representant for alle dei kvinnene som var med og gjorde det mogeleg å drive motstandsarbeid under krigen. Med mat, vaska og bøtte kle, omsorg og ansvar for ungar, gamle og sjuke folk og heile gardsdrifta, og andre næringsvegar. Kvinnene kunne ikkje fare frå alt dette, dei måtte bli. Åleine med frykta for kva som kunne skje. Det galdt å ikkje sleppe ho til. Arbeid dag og natt, helg og ørke, var god hjelp i så måte. Men ho sette seg i kroppen for livet.

«Eg laug så mykje under krigen»

«Eg laug så mykje under krigen at eg lurde på om eg kunne snakk sant meir då han var over». sa Besta mi, Magna (Øvrebotten), når eg ba henne fortelje om krigen. Saman med den 16 år gamle dottera Oddbjørg, stod ho for maten til dei som gøymde seg i hus, uthus og hytte i Botnane. Ein av dei som låg i kammerset heime var Linge-mannen, og den seinare krigshistorikaren, Ragnar Ulstein. Besta kunne aldri snakke om han utan å seie: «Han såg ut som ein gutunge då han kom her». Med all den omsut som låg i det utsagnet.

Thorbjørn, Magna, Arne og Oddbjørg Øvrebotten, fotograferte i 1947.  

Mannen hennar Thorbjørn og sonen Arne var offisielt farne til England, så ingen måtte sjå dei eller andre som gøymde seg i skogen. Heime på garden var det dei to kvinnene og ei gamal bestemor. Det var farleg når det kom folk i hus og såg kor mykje mat dei laga, for det kunne skape mistankar, for tre kvinnfolk trong då ikkje så mykje mat. Det var bale med store gryter på vedkomfyren, fulle av komler, når du ikkje fekk røre i dei, fordi besøket ikkje ville gå. Det kunne kome heilt frå Kalvåg for å høyre om det «ikkje låg att noko tobakk etter karane?»

På det meste var det 6-7 mann som skulle ha mat. Det gjekk i komler, spekesild, røykesild og graut av krigsmjøl, natronkaker og potetkaker i uendelege mengder. For poteter hadde dei nok av. Faster Oddbjørn er i dag 91 år (døydde i 2023) og hugsar framleis at ho hadde store blemmer i hendene etter all kjevlinga.  Det var ho som gjekk med matspanna til skogs og sette dei på avtalte plassar, i urdar, der faren henta og bar dei vidare. Ingen måtte sjå eller høyre dei, skyming og bekmørkna var tryggast. Aldri ope lende.

Besta grein ikkje i utrengsmål

Det var også ho som sprang til skogs for å hente faren heim for å snakke med Isak i Breivika når han kom med beskjedar. Isak kom alltid etter at det var mørkt og la seg til å sove til ho kom att. Ein slik kveld hugsar Oddbjørg at mora gav uttrykk for at ho var redd, ho byrja grine og utbraut; «No kjem eg ikkje til å sjå deg att i live».  Besta grein ikkje i utrengsmål, men denne eine kvelden hugsar dottera at alt arbeidet, ansvaret og frykta ho levde med rann over. Men dei kunne ikkje gje seg over. – Å vere redd har ein ikkje råd til i slike situasjonar, då får ein ikkje gjort noko, slår Oddbjørg fast.

Roa deira kom vel med den dagen tyskarane kom på døra for å fange karane, 13. mars 1945, også då var det berre kvinnfolk heime. Kesting og kompani kom rett frå Breivika, der dei hadde skote Atle Svardal,  mishandla Fredrik Persen stygt, kverrsett Roska-stasjonen og kommandert ut alle mennene i Botnane til å bere ned utstyret frå Roska-stasjonen. Sigrun Solberg visste ikkje kva som hadde skjedd før neste dag. Då måtte ho ryme og late to gamle foreldre site att til ein usikker lagnad når tyskarane kom.

 

Magni Øvrebotten snakka om kvinnene sin innsats under krigen.

Ei skam for etterkrigs-Norge

Det er ei skam for etterkrigs-Norge at alle dei motstandskvinner og – menn som ikkje bar uniform under krigen fekk så lite takk for innsatsen etterpå. Mange gjekk i grava utan, andre vandra på randa av grava då dei vart takka. Aller minst takk fekk kvinnene.

Heldigvis vart Sigrun Solberg 100 år, så ho rakk å få si takk og påskjøning. Heldigvis vart også krigshistorikaren Ragnar Ulstein mest 100 år. Han arbeidde mykje for at ukjende motstands-kvinner- og menn skulle bli heidra. Men skjemdavitet sat ofte langt inne hjå dei han måtte overtyde om at dei fortente det. Og dei som fekk heider hadde ilt av å tenkje på alle dei som ikkje fekk det.

I dag står motstandskvinna Sigrun Solberg her på sokkel, saman med dei fyrste som banka på og ba om hjelp. Til heider for dei tre og andre som gjorde motstand under andre verdskrig. Ikkje for at vi skal sole oss i glansen, men som ei påminning til oss og komande generasjonar om at ingen kamp og ingen fred er vunnen for alltid. Då gjeld det å kjenne si historie, også den lokale historia. Diktaren Jan-Magnus Bruheim formulerte det slik:

Veit vi ikkje noko om det som har vore,
vil vi heller ikkje klårt kunne sjå det som er.

Veit vi ikkje kvar vi står,
veit vi heller ikkje kvar vi skal gå.

Magni Øvrebotten 08. mai 2020.

 

 

3. november 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-11-03 22:56:202024-12-22 16:11:51Sigrun Solberg og andre motstandskvinner
Aktuelt, Arkiv

Ura er Sirens «happy place»

Siren Uren pendlar mellom hytta på Ura og arbeid i Måløy.  

Når Siren Uren kjem til Myklebustkrysset senkar skuldrane seg, då er det strake vegen til hytta på Ura, på Årebrot. Far hennar kom frå garden på Ura og der var familien i feriane frå ho var lita. Ho og broren Gisle vart tekne i mot med opne armar av tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for dei. – Det er så trygt her på Ura, her er det som det alltid har vore. Eg slappar slik av her. Ura er min «happy place», seier Siren Uren. No arbeider ho turnus nær Måløy for å kunne være mest mogeleg i hytta på Ura.

Siren Uren fekk etter kvart ta over eit område som faren hadde fått skilt ut frå garden, men ikkje bygde på. Der har ho eit ambisiøst prosjekt som det vil ta år å realisere. Det fyrste bygget ho fekk opp var ei matbrakke, som vart ordna til slik at Siren og dottera kunne bu der i feriar. I 2017 fekk ho opp ei hytte heilt frampå kanten, med vidt utsyn over grenda og skipsleia. Kring hytta planlegg ho inngjerda grønsaksåkrar, hage inndelt i soner, plattingar og drivhus. Gjerne jordkjellar òg, med tida. – Det manglar ikkje på planar, eg ser det føre meg korleis det skal bli. Her ser eigentleg ikkje ut no, men det skal bli fint, seier Siren Uren. Ho viser rundt på berghylla si og fortel entusiastisk om korleis det skal bli.

 

Hytta sett frå begge sider. 

Gjevande å arbeide i barnevernet

Siren Uren er barnevernspedagog og har leilegheit i Bergen, men bur mest i hytta på Ura. For å kunne bu der arbeider ho i Måløykollektivet si avdeling i Torskangerpollen. Det er ein behandlingsplass for ungdomar med rusproblem og åtferdsvanskar, i alderen 13 til 18 år. Dei er plasserte der på tvang av barnevernet. Det er fem ungdomar på avdelinga og i alle høve fem tilsette, ofte fleire. Ho går i turnus, to veker på og to veker av.

– Det er kanskje ikkje dei mest motiverte ungdomane du har med å gjere?

– Nei, men eg har arbeidd med denne gruppa ungdom i alle år og likar det. Du får brukt heile følelsesregisteret ditt i løpet av dagen. Men eg føler at eg har knekt koden med desse ungdomane etter mange år i barnevernet og med fosterbarn. Det er gjevande og kjekt arbeid. Stundom tek eg ungdomar med hit også for å gje dei litt av den roa og tryggheita eg kjenner her.

– Kva gjer deg så knytt til Ura?

– Det har vore slik heilt sidan eg var lita jente og gledde meg så veldig til å besøke farmor og bestefar i Florø. Far min, Steinar Uren, var yngst av seks sysken på garden Ura, og det var berre han og systera Halldis (Faye) som hadde born. Vi var her i alle feriar og vart møtt av besteforeldre, tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for oss. Sa vi at vi ville ut å fiske var onklane våre, Jarl og Kolbjørn, klare til å ta oss med på flekken, og ville vi vere med i fjøsen var ikkje tante Borghild tung å be. Når dei var i Florø og handla hadde dei med så mykje snop heim at vi aldri såg slike menger elles i året. Det var som å kome til Paradis å kome hit.

– Kvifor var Jenny og Hjalmar Uren kalla «farmor og bestefar i Florø», når dei alltid budde her på Ura, på Årebrot?

– Det veit eg ikkje. Det vart alltid sagt med oss at vi skulle «til Florø», aldri Ura eller Årebrot. Vi sa også at vi hadde vore i Florø på ferie. Rart i grunnen, men slik var det.

Frå hytta ser ho rett ned på garden Ura, der barndomsminna kjem frå.

Spennande når folk kom for å ringe

Oldeforeldra Kristoffer og Hanna Cecilie Uren hadde brevhus på Ura frå 1909, og besteforeldra Jenny og Hjalmar Uren hadde telefonen på Ura. Siren hugsar kor spennande det var når det kom folk for å ringe, og ho fekk leike der inne «ho Jenny på Ura» styrde med telefonen. – Eg var nok ein litt vidløftig unge, og det var ikkje så mange på min alder her (f. 1968), så eg var kanskje mest saman med dei vaksne? Eller eg hadde med ei veninne. Bror min, Gisle, som er tre år yngre enn meg, hadde fleire jamaldringar å leike med her.

Siren hugsar at dei vaksne let vere å fortelje henne når dei skulle fare frå Bergen til «Florø», for elles byrja ho å pakke lang tid i førevegen. Familien reiste med Hurtigruta og vart henta med båt i Florø grytidleg om morgonen. Onkel Jarl hadde favoritt-båten fordi den hadde kalesje og benkar inne. Båten til onkel Kolbjørn var open, og dei sat under presenningar og store regnkle om det var dårlig vér når han henta dei. – Eg har eit koseleg barndomsminne om at eg trefte på postmann Olaf (Øvrebotn) inne i Florø og fekk  vere med han i båten på postruta hans til Årebrot. Han let meg dele ut posten til dei som sto på kaiane og venta. Det var stas.

Det var tanta Borghild og onkelen Kolbjørn som budde på Ura, medan onkel Jarl var der i helgar og feriar. Han arbeidde i Florø. Dei hadde sauer og hest, og Siren hugsar også ei tid med kyr og ein gris av og til.
– Det fyrste eg gjorde når eg kom var å gå i fjøsen. Når vi kom på sommerferie var fjøsen tom og dyra på beite. Då hadde eg usynlege fantasisauer som eg gav høyrestar og mjøl til fleire gonger om dagen. Tante Borghild lo mye av dette og etter at eg vart vaksen minna ho meg ofte om alle dei rare tinga eg gjorde som barn. Eg dilta med Borghild når ho gjekk med kyrne og vi møtte Helena på Løype, som kom med sine kyr, kanskje hadde dei berre ei ku kvar på slutten? undrast Siren og minnest desse damene med glede.

Bortsett frå onkelen Jarl er den generasjonen borte no, men ho likar å bli kjend med nye folk og føler ho har eit godt nettverk på Årebrot. – Vi er to-tre stykke som har danna oss klubb der vi møtest på omgang. Elles likar eg meg i mitt eige selskap, med strikketøyet mitt og mykje forskjellig å drive på med. Som du ser manglar det ikkje arbeidsoppgåver rundt meg.

Hagen mellom husa skal delast inn i parsellar og gjerast inn, elles et hjorten opp alt.

Fem år i USA

I 1979 flytta familien til USA, Siren var 11 år. Far hennar var reisemontør i Frank Mohn (industriverksemd som lagar pumper til tankbåtar) og fekk jobb i Huston i Texas. – Mor mi Turid var veldig eventyrlysten og vi tykte alle at det var spennande å fare ut i verda. Eg følte meg veldig heldig, eg fekk lære språket og knyte venskapsband for livet. På mange måtar budde vi der i USA si glanstid, medan det var «stas» med USA, seier Siren.  Alle naboane i Bergen fylgde dei på flyet når dei skulle fare. Då var det uvanleg å reise til USA,  i dag er det ikkje det. – Vi hadde alle dei fordelane Norge gjev, samstundes som vi fekk møte nye impulsar før dei kom hit. Verda har blitt mindre sidan den gongen, konstaterer Siren Uren.

– Eg var tidleg i tenåra då vi var i USA, etablerte venskap, fekk meg kjærast og ville slett ikkje heimatt i 1984. Då måtte vi heim. Eg var veldig, veldig i mot det. I dag er ho glad for at det vart Norge og ikkje USA.

Siren Uren i grønsakhagen på Ura.

Padlar mellom holmar og skjær

I 1989 fekk Siren sjølv barn og det vart for travelt for dei gamle på Ura å ha huset fullt om somrane. Men ho ville gjerne vere her framleis og knyte dottera til plassen slik ho sjølv vart det. Ho fekk kjøpe matbrakka til Helge Kleiven, som kommunen gav løyve til å sette opp, føresett at det vart saltak på ho. – Det ordna far min, bror min og onkel Jarl med. Dei pussa opp brakka og eg og dotter mi budde i den når vi var her heilt fram til vi fekk opp hytta i 2017. No er det mange små og store hus rundt om på tomta, og vi kan overnatte ein god del folk her, seier Siren.

– Eg har i alle år hatt med meg barnebarnet mitt Olivia (no 15 år) til Ura, ei veke om sommaren og i haustferien. Ho fekk på seg våtdrakt, ein håv i handa og sto i timesvis og fanga reker og andre småkryp. Eg trur ho var seks år første gongen eg kjøpte kajakk til henne. Ho padla i ein liten rosa barnekajakk. Det har vore viktig for meg å knyte henne til staden og sjøen. I dag padlar eg på tur med både dotter mi og dotterdotter.

Siren Uren likar å padle kajakk mellom holmar og skjær i nærområdet når ho har fri. – Nyleg padla eg for fyrste gong ut til Nærøya og her er rikeleg med andre øyar og plassar der eg ikkje har vore enno. I kajakken kjem eg nærmare både sjøen og landskapet og oppdagar idyllar eg ikkje veit om. Dei synst ikkje like godt frå land. Før gjekk ho meir i fjella både her og i Botnane, men etter eit beinbrot har det vorte mindre av det.

– Ura og Årebrotet er min «happy place» på jorda. Eg nyt å vere her både i sol og styggever. Det skiftande veret kan vere fasinerande, fargane skifter frå intenst blått og grønt eine øyeblikket, til svart og kvitt og skikkeleg sjørok i det neste. Men mest av alt nyt eg den roa eg finn her, seier Siren Uren.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 16. august 2024.

29. september 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-09-29 12:00:072024-10-14 10:10:30Ura er Sirens «happy place»
aktuelt

Endringar i båtrutene frå i morgon, 23.september!

Vestland fylkeskommune  svarte fredag 20. sept. på brevet styret i Botnane og Årebrot Grendalag.  sende. Svaret lyer slik:
Viser til dykkar brev datert 17.9.24 om situasjonen i Florabassenget.
Skyss vil frå måndag 23.9.24 gjere endringar på båtruter i Florabassenget. De kan lese meir om dette her: https://www.skyss.no/florabassenget.
Endringane gjeld dei to første avgangane om morgon på rutene Florabassenget sør, Florabassenget nord og Florabassenget vest (rutenr. 291 og 292). Dei inneber tidlegare avgangar om morgonen. Målet er å sikre føreseieleg framkomst til Florø for dei reisande.
Skyss er framleis ikkje nøgde med leveransane frå operatør, og det vert jobba vidare med tiltak på ulike område, i dialog med Norled. Samstundes treng vi å gjere rutene meir robuste, ikkje minst for å sikre at skuleborn kjem fram til skulen i rett tid. Norled har kome med eit forslag til rutejusteringar, og det er dette forslaget vi implementerer.
Brev frå grendalaget og brevet frå fylkeskommunen finn de her:
Brev om båtrutene
Svar frå Vestland fylkeskommune
22. september 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-09-22 14:01:132024-09-22 14:01:55Endringar i båtrutene frå i morgon, 23.september!
Aktuelt, Arkiv

Det går ikkje lenger!

 

Til Vestland fylkeskommune

v/fylkesordførar Jon Askeland

Dette går ikkje lenger! Om båtrutene i Flora-bassenget

 Born har kome for seint på skulen mange gonger. Skuleborn har delvis vore overlatne til seg sjølv på kaia i Florø. Folk kjem seg ikkje på arbeid eller dei kjem ikkje tidsnok. Problema med dei nye båtane i Florabassenget held fram, og det kan berre ikkje halde fram lengre. Det er ikkje forsvarleg å halde fram slik det har vore sidan båtane vart sette i drift

Det er så alvorleg at folk vurderer å flytte frå øyane og  like eins andre som er avhengige av at båtane held rutene. Om det ikkje skjer noko raskt vil problema berre bli større.

Dei nye båtane er større enn dei som har gått rutene før og har store vanskar med å legge til nokre av stoppestadane. Dette vil ikkje «gå seg til.»

Vi har også fått vite at det er vanskar med ladinga, både på tilgang og kapasitet. Vidare er rutene lagt opp annleis, med seinare avgang frå Florø. Kvifor er det slik når dei har vanskar med å halde rutetidene?

Vi skuldar ikkje på mannskap som gjer så godt dei kan.

Det er etter vårt syn behov for å nytte andre båtar for å halde ruta, til alle problema med dei nye båtane er løyste. Vi ser pr. no ikkje ei anna løysing.

Ber om tilbakemelding på kva tid dette vil vert ordna.

Med helsing

Botnane og Årebrot grendalag

v/Nina Seljestokken (nestleiar)

40244849

Kopi sendt til

Leiar i Hovudutval for samferdsel og mobilitet, Arve Helle

Direktør for mobilitet og kollektivtransport Ann Iren Fagerbakke

Skyss v/direktør Målfrid Vik Sønstabø

 

Last ned brevet her:

Brev om båtrutene

17. september 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-09-17 18:32:562024-09-17 20:54:32Det går ikkje lenger!
Aktuelt

Familien Uren ber inn til haustfest

 

– Motivasjonen min for å be inn til haustfest er å bli meir kjend med folk og kanskje få fleire med på å dyrke grønsaker. Hjorten åt opp dei fyrste graskara eg sådde, så eg får neppe fram nye tidsnok til å delta i konkurransen om det største graskaret dyrka på strekninga Årebrot-Myklebustkrysset, seier Siren Uren. Ho trur ho må kjøpe graskar for å lage graskarsuppe til haustfesten.

– Men du må ikkje framstille meg som nokon ekspert i grønsakdyrking. Eg har vore god på poteter, men er helst for nybyrjar å rekne med grønsaker. I år har dei sådd seg sjølve, og så lenge eg ikkje har gjerda inn åkeren er det hjorten som har mest glede av grønsakene.

– Har det meldt seg nokon graskardyrkarar?

– Ja, det har meldt seg eit par stykke så langt og eg håpar det kan bli fleire. Men folk må sjølvsagt kome sjølv om dei ikkje dyrkar graskar. Det er mest ein gimmik for å få fokus på dyrking av grønsaker. Vi prøvde oss på å arrangere haustfest i fjor også, men då avlyste vi på grunn av lita påmelding, seier Siren Uren, som håpar på betre oppslutning i år. Ho har med seg dottera Sofie og barnebarnet Oliva på tiltaket. Dei bur i Bergen. Haustfesten skal vere på Årebrot grendahus, laurdag 19. oktober, kl. 16.00.

Fristen for å melde seg på, med og utan graskar, er no laurdag 12. oktober. Påmelding til Siren Uren sin mobil 482 14 990, eller e-post:urensiren@gmail.com

23. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-23 08:49:542024-10-08 11:56:50Familien Uren ber inn til haustfest
Aktuelt, Arkiv

Mange idear for Midtbø økogård

– Vi trivst veldig godt med sauene og arbeider med å finne ut kva meir vi kan få til av dei, utover kjøt, skinn og ull. Det handlar mest om kva meir vi kan bruke ulla til, seier ei oppglødd Heidi Yttrehus. – Vi manglar ikkje idear!
Heidi og mora Hannele Turunen kjøpte det vesle sauebruket i Botnane for tre år sidan. Dei delte draumen om å drive ein økologisk gard med sauer, der dei kunne dyrke rein mat og syne at også små bruk er viktige i den store samanhengen. Garden dei kom til var den einaste i bygda utan særnamn, men i matrikkelen stod det Midtbø, difor vart merkenamnet Midtbø økogård.

 

Midtbø økogård med fjellet Opnaren bak. Foto; Hannele Turunen.  

Dei hadde inga tilknyting til Botnane, men farfar til Heidi kom frå Ytrehus i Bremanger, og Heidi og familien hadde vore mykje der om somrane då ho var lita. Garden i Botnane vart kjøpt fordi han passa i storleik, det fylgde med sauer og dei slapp gjere mykje med husa. Men på ein av dei fyrste søndagskafeane etter at dei flytta hit i 2021, kom Ingrid Bruflot bort til Heidi og sa: «Vi er i slekt». Ja, ja, tenkte Heidi, i Bremanger er vi kanskje i slekt alle.

– Men eg fekk litt gåsehud då Ingrid kunne fortelje at tippoldemor mi, Amalie Sørbotten, var syster til hennar mormor, Anna Sørbotten. Dei vaks opp på denne garden og Anna tok over den. Ho gifta seg med Anders Sørbotten, medan storesystra Amalie gifta seg med Ola Birkelid og flytta til Birkelia, utanfor Svelgen. Dei fekk dottera Borghild, som gifta seg med Alf Ytrehus, dei fekk bestefar min, Asgeir, og eg er dotter til son hans, Bjarte!

– Ja, kva var oddsen for at Heidi skulle hamne akkurat her? På garden der tippoldemora hennar vaks opp? Heidi kunne ha kjøpt seg gard kvar som helst i landet. Snakk om artig samantreff, seier Hannele Turunen. Ho har nyleg flytta inn i leilegheita i grendahuset i Botnane. Ikkje fordi ho og dottera har roke uklar, men fordi det er på veg inn ein svigerson og Hannele meiner ungfolket skal ha bustadhuset på garden for seg sjølv. Men ho vert framleis med i stellet av sauene, og utviklinga og arbeidet med salsprodukt av dei. Meir om svigersonen seinare.

Sauene er av rasen gamal norsk spelsau og går ute heile året. Men når lamma er små beitar dei nær husa heime, og får gjerne litt ekstra med kos. Her med Hannele.

Rein mat er viktig

– Kvifor er det viktig for dykk å drive ein økologisk gard, Heidi?

– Rein mat er det viktigaste. Det bryr vi oss mykje om og vi vil vere med å ta ansvar for at rein mat finst. Like eins sjølvberging. Det er lett å peike på at andre har ansvar og la vere å ta noko ansvar sjølv. På ein plass som her kan vi ha dyr på ein god måte, utan at det treng å øydelegge for naturen rundt. Vi treng ikkje tilføre så mykje innsatsmidlar utanfrå, og det er motiverande å sjå kor mykje vi kan få til med det vi har. Det er moro å få gode tilbakemeldingar om kvaliteten på kjøtet frå både slakteriet og Debio, der vi er medlem.

Garden er sertifisert som økogard gjennom Debio (medlemsorg. som kontrollerer og merkar økologisk landbruksproduksjon).  Ein gong i året kjem det kontrollørar derifrå og sjekkar at dei driv etter deira standardar. Dei sjekkar forholda i fjøset og på garden, om dyra er friske og i godt hald, og gardbrukarane må dokumentere alt kjøp og sal, osv. – Det er eit strengt regelverk der alt frå mineralsteinen til det minste grasstrå skal vere dokumentert utan sprøytemiddel og giftstoff, fortel Heidi.

Hannele samlar inn turrhøy. Dei både hesjar og turkar høy på bakken. Væren Toffi poserer med damene og grønsaker og bær veks godt. 

I starten ba dei om og fekk råd frå landbruksrådgjevinga om korleis dei kunne pleie enga best mogeleg. Det kom rådgjevarar som tok jordprøver og gav tips om forbetringar. – Vi prøver å halde ved like det som vert kalla «langvarig slåtteeng», der vi ikkje forstyrrar jorda, men samstundes er det viktig å slå graset. Vi kan få vekk vekstar vi ikkje vil ha der med å endre litt på beitestilen. Artig å sjå kva anna vi kan gjere enn å gjødsle og pløye, seier Heidi Yttrehus.

Hannele trur folk kan har lurt litt på kva dei driv på med når dei i mai spring rundt og stadig flytter på både gjerda, sauene og lamma. Det er det som heiter «målretta beiting», men ho overlet til dottera å forklare kva det er.

– Ja, det ser kanskje litt rart ut og vi var spente på korleis sauene ville reagere. Men vi flyttar altså rundt på sauene, let dei beite ein til to dagar på eit forholdsvis lite område, før vi flyttar gjerde og let dei beite på eit nytt område. Det er sokalla «regenerativ beitepraksis», som er å forbetre eit beiteområde. I staden for å ha dyra gåande over eit stort område over tid, og beite det ned, har vi dei på eit mindre område, der dei ikkje er lenge nok til å beite det ned. På den måten held vi nede dei uynskte plantane og fremjar veksten.

– Betyr det at graset veks raskare med kort beiting?

– Ja, med intensiv og kort beiting skyt graset meir fart, medan det tek lenger tid for graset å kome att når det har vore beita lenge på området. Det har vore skikkeleg kjekt å eksprimentere med beiting kort/lengre tid, og sjå med eigne auge at kvaliteten på graset er best der sauene har gått kortast tid, versus lengre beitetid eller inga beiting i det heile.

Saueflokken under flytting i Myrane.

Dei små bruka er viktige

Per dags dato har dei 57 sauer, medrekna lamma. Men talet skal ned att til 27 vinterfora sauer. Det er andre året at dei driv med målretta beiting og Hannele er imponert over kor samarbeidsvillige sauene har vore. – Når eg kjem ut til dei er det akkurat som dei lurer på kvar skal vi no? Dei har vore med på leiken og likar å kome til eit nytt område. Det er kjekt å sjå at det vert meir gras og blomar, og mindre med ugras, der dei beitar.

– Det er praktisk å drive med dette på bøane kring oss her i Sørbotten når sauene nettopp har lamma, før vi slepper dei sør i stranda, der dei går på beite elles. Det opne kyst- og kulturlandskapet der er rekna for truga. Det er både plantar og innsekter som er avhengige av at den typen natur vert halden ved like. Det er skikkeleg motiverande å ha beitedyr der, elles tek einer, tre og buskas over. På det viset medverkar sauene våre til å halde kulturminne som gravrøysene godt synlege, og det tykkjer vi er litt stas å hjelpe til med, seier Heidi.

Mor og dotter brenn også for å halde i hev dei små bruka. – Verda treng dei små bruka, ikkje berre dei store. Ikkje minst no når det vert meir merksemd og alvor kring sjølvberging av mat er det viktig med dei små bruka. Det trengst minimalt med innsatsmidlar for å få til dømes kvalitetskjøt og kvalitetsgrønsaker ut av eit lite bruk som det vi har. Det er arbeidsinnsatsen det kjem an på, seier Heidi Yttrehus.

Saueskinn, karda ull og ferdig spunnen tråd.  

– Tidsoptimismen er ein sjukdom her i huset

Både mor og dotter er nevenyttige og dyktige handverkarar og opptekne av å halde ved like tradisjonshandverk og å lære seg nytt. Dei prøver seg fram med kva produkt dei kan få ut av saueulla og skinna. Nett no arbeider dei med å få ferdige nokre ullfellar. Dei er tova og sydde for hand, og kan brukast som teppe eller sitteunderlag. – Når vi skal lage ullfellar må vi klyppe sauen på rett tidspunkt, i mai/juni. Helst må vi klyppe slik at vi får av heile fellen på sauen i eitt stykke. Klypper vi for seint vert kvaliteten for dårleg. Så sorterer vi ulla i tel (underull) og tog (overull), rensar vekk rusk og kastar skiten ull. Vi syr til for hand, tek vare på den finaste ulla, kardar ho og legg ho inni fellen for toving, fortel Heidi.

– Det er veldig fint arbeid for turre fingertuppar om hausten. Vi får mjuke hender av lanolinen i saueulla, ler Hannele. Det er kjekt arbeid, men store fellar kan vere tunge å arbeide med.

 

Heidi syner ein ullfell under arbeid. Foto: Magni Øvrebotten.

– Kva kostar ein ullfell med så mykje arbeid bak?

– Kvar ullfell må koste 3-4000 kroner om vi skal ha noko att for det. Dette er handverk, alt er gjort for hand og utan kjemikaliar. Ein ullfell varer i årtider om ein tek skikkeleg vare på han, seier Heidi. Dei tenkjer heile tida på utvikling av nye produkt, til dømes vestar. I år har dei for fyrste gong klypt lam og spunne ulla til handlaga lammullsgarn. Det vart veldig fint ullgarn. – Vi prøver oss fram og har det gøy med det, forsikrar Heidi.

– Eg trur vi ser på dyra på ein annan måte etter at vi byrja med ullfellar. «Fin ull du har!», kan eg tenkje når eg ser på eit lam eller ein sau, fortel Hannele. – Ja, den vesten der kunne eg tenkje meg», vedgår Heidi å ha tenkt. Dei treng ikkje slakte dyret for å bruke ulla heller. No arbeider dei med å få ferdige ullfellane til sauene Elly og Snefrid, for levering til nokon som har tinga.

– Vi har ikkje akkurat lite idear, det skortar heller på tid og energi til å sette dei ut i livet. «Tidsoptimismen» er nesten ein sjukdom her i huset, meiner Heidi, som sjølv er fødselslege i 100 prosent stilling ved sjukehuset i Førde. I vår- og sommarhalvåret  dagpendlar ho Botnane-Førde, men når det blir haust og vinter overnattar ho hjå ein kollega. Når Heidi er i Førde på jobb har Hannele hatt ansvaret for gardsdrifta åleine. Men så dukka det opp ein kar frå Sør-Afrika, som no er 90 dagar der og 90 dagar i Botnane, medan han ventar på opphaldsløyve.

Frå Cape Town til Botnane
James Harris heiter han, og Heidi møtte han på reise i Thailand i 2014. Då budde han der. Dei var kjærastar nokre år før dei skilde lag, men heldt kontakt som vener. I 2022 tok dei opptatt tråden då han kom til Norge for fyrste gong. No planlegg dei bryllaup i juni neste år og håpar han får opphaldsløyve så fort som mogeleg.

 

Heidi Yttrehus og James Harris. 

– Han har vore her sopass mykje no, at han veit kva han går til. Det er sjølvsagt ein stor overgang frå utkanten av Cape Town til Botnane, men han gler seg til å lande her. Han prøver å lære seg norsk og forstår no meir enn eg trur. James er veldig kreativ og likar å arbeide med mykje forskjellig, så han passar godt inn i prosjektet vårt. Det er han og eg som har klypt sauene denne våren, fortel Heidi. I Sør-Afrika har han vore deleigar i ein kaffibar-kjede, arbeidd som web-designar og med nettsal. Der har han stor kjøkkenhage, med høner og to hundar. – Sauer, hesjing og slåttearbeid er nytt for han, som så mykje anna. Men det var det også for meg då eg kom til Botnane. Vi satsar på kvarandre og trur det skal gå fint, seier Heidi Yttrehus.

Tekst: Magni Øvrebotten 10.08.2024.

Foto: Flesteparten av bileta er private.

14. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-14 22:51:382024-08-16 21:50:08Mange idear for Midtbø økogård
Ukategorisert

Om depotøvinga 5.september

 

Øvelseplan for depoter 2024

 

 

9. august 2024/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2024-08-09 10:12:522024-08-09 10:12:52Om depotøvinga 5.september
Aktuelt, Arkiv

Ny hamn og gjestebrygge på Piren

Det gamle naustet frå slutten av 1890-talet ligg no midt mellom to flytebrygger på tolv meter. Omlag der Rune Nordbotten står skal det opp eit nytt naust med plass til båtar og sørvisrom for turistar.

Om du har vore i Botnane det siste halvanna året har du kanskje lurt på kva som går føre seg i fjøra på garden til Rune Nordbotten? Saman med gravemaskinkøyrar Ronny Brandsøy har Rune bygt ei ny hamn, der det er plass til åtte mindre båtar. Ved den gamle kaia Piren skal det vere gjestebrygge for to båtar sommarstid.

– Heilt sidan eg tok over garden 1991 har eg tenkt på å få til betre hamneforhold her. Både synna- og vestavinden tek hardt på Piren, og mang ei styggeversnatt har eg måtta opp for å sjå etter båten. Det same gjorde far min, seier Rune Nordbotten.

No er det tidkrevjande arbeidet i sjøen ferdig. Det er uråd med samanhengande arbeid når du skal rette deg etter flo og fjøre. – Det store fjøra var alltid der når eg skulle i fjøsen, så kyrne mine har måtta lære seg fleksitid, seier Rune. Det er til saman mura over 100 meter med mur i hamna, pluss ein halvhøg mur på steinfyllinga inn mot Øvrebotten. Mellom dei to murane i innløpet til hamna er det ein avstand på 25 meter, og det er lagt ut to flytebrygger på 12 meter. Ved dei er det plass til totalt åtte båtar og to plassar er leigde ut fast. Gamlekaia Piren skal han bruke til forskaling og støype 30 centimeter oppå, slik at kaia kjem over flodmålet. Der vert det gjestebrygge for to båtar sommarstid.

 

Det er lagt ut to slike flytebrygger på 12 meter og det er 25 meter mellom dei to murane som omkransar den nye hamna.

Den nye båthamnen sette frå den nordre muren. Her det plass til åtte mindre båtar.

Viktig å bruke lokale fagfolk

Kva det har kosta vil ikkje Rune Nordbotten snakke om, men det har kosta mykje, både tid, pengar og arbeid, let han om. – Men eg hadde ikkje hatt råd til dette om her ikkje var fagfolk å bruke lokalt. Ronny (Brandsøy) bur på Årebrot og har maskiner der, dermed slepp eg å betale for lang arbeidsreise og transport av eigna maskiner. Ronny er ein flink fyr og vi har samarbeidd om muringa. Han har understreka at det er eg som er sjefen og bestemmer kvar steinane skal ligge, seier Rune og fortel at han har samla på eigna stein sidan 1991. Då var det ein annan lokal gravemaskinkøyrar, Øystein Faye (no pensjonist), som dyrka jord og bygde veg for han, og byrja legge til sides større steinar til hamneføremålet. Rune Nordbotten er oppteken av at det er viktig å bruke dei fagfolka vi har lokalt.

I arbeidet med få på plass ein landgang frå ei av flytebryggene skada Rune sist veke venstre handa. Ho kom i klem mot gravemaskina og det vart brot i tre fingrar og ein vart klemstra.  – Eg var litt uoppmerksam, skulle skunde meg og få det gjort før eg skulle i fjøsen. Slikt er fort gjort, men eg vil understreke at det var mitt ansvar. Det tek seks veker før beina er grodde og så må eg trene mykje for å få fingrane i vigør att, konstaterer Rune Nordbotten.

No er det arbeidet med å jamne ut området på land som står att og det skal opp eit nytt naust, i tillegg til det gamle frå slutten av 1890-talet. – Vi treng eit naust vi kan ha båtane i vinterstid. Naustet vil også innehalde sørvisrom for turistane våre, til sløying, stell og frysing av fisk. Og når vi fyrste byggjer vert det og eit kjølerom for opphenging av hjort.

Dette er badetrappa til jentene mine, seier Rune Nordbotten. Ho er alt teken i bruk, fortel han og siktar til kona Elisabeth og døtrene Bolette, Birthe og Karen. I tillegg har det nyleg kome til gards to barnebarn, som sikkert også får glede av trappa.

– Molbupolitikk å ville ha vekk turistfiske

Opphavleg var det for å få ei trygg hamn for båtane sine at Rune ville bygge småbåthamn ved Piren. Men etter at han byrja med turisme ser han også nytten av å legge til rette for turistane. Han har ei utleigehytte som stort sett er leigd vekk til tyskarar frå 1. mai til ut september. Per no er ti veker alt leigde ut for sommaren 2025.

– Skal vi ha pengar av turistane må vi også legge til rette for dei. Dei som vil ha vekk turistfiske, at kvar turist kan ta med seg heim 18 kg fisk, driv molbupolitikk. Det vil øydelegge mykje for turistnæringa. Eg har ektepar her som reiser rundt fordi dei likar å fiske, og dei kjem att, år etter år. Om det vert redusert fiske vil færre kome. Dei som kjem for å drive tjuvfiske vil kome uansett, meiner Rune Nordbotten. Då han bygde utleigehytta si i 2005/06 var ho ikkje tenkt berre for turistar, men også for familie og avløysarar. I avtalen med det tyske firmaet han samarbeider med har Rune sikra seg at at han kan «låse hytta» til eige bruk når som helst i sesongen, og for kor mange dagar/veker han ynskjer.

I mai i år flytta eldste dottera på garden, Bolette Nordbotten Espedal, heim med familie.  Svigerson Fredrik Espedal seier han ser lyst på at svigerfaren legg til rette for turisme. Kva det kan bli til veit ikkje Rune enno, det får tida vise. – Fyrst må vi få gjort ferdig hamna her, seier han, og ser utover mykje stein som skal flyttast på før hamna på Piren er ferdig. Men det er lettare å få arbeidet gjort på land enn når ein skal rette seg etter flo og fjøre.

Den gamle kaia på Piren blir forskaling til ei 30 cm høgare, støypt kai, der det sommarstid skal bli gjestebrygge for to båtar. 

Det er framleis att ein god del arbeid før anlegget er ferdig, men no er det arbeid på land. 

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 28. juli 2024.

–

 

1. august 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-08-01 10:32:372024-08-01 10:32:37Ny hamn og gjestebrygge på Piren
Aktuelt, Arkiv

Ynskjer å bety ein skilnad for bygda

 Elvine vil ha foreldra med på å danse  heller enn å bli intervjua.

I Botnane er det ikkje daglegdags at det flyttar folk til bygda. Men siste veka i mai flytta Bolette Nordbotten Espedal (26 år) heim, saman med ektemannen Fredrik Espedal (30) og dottera Elvine (2,5 år). Og 3. juni kom Alfred Johan til verda på sjukehuset i Førde. No er dei i ferd med å bu seg inn i huset etter besteforeldra til Bolette, og håpar å kunne bety ein skilnad for bygda.

På spørsmålet om ho alltid har tenkt seg heim dreg Bolette litt på det. – I vaksen alder har eg hatt lyst til å flytte heim ein dag, men ikkje nødvendigvis trudd at det kom til å bli. Eg var usikker på om eg kom til å møte nokon som ville bli med meg hit, seier Bolette. Ho møtte Fredrik Espedal i Bergen indremisjon, han er frå Bønes i Bergen. – For nokre år sidan ville det ikkje vore aktuelt for meg å flytte til Botnane. Men når du får barn blir det andre prioriteringar enn før. Familien betyr mest, det vert mindre tid til vener og alt ein dreiv på med før, seier Fredrik.

– Det er lett å tenkje at ein skal vente til her kanskje vert fleire barnefamiliar. Men her er barn i bygda og med å flytte sjølv tenkjer eg at vi kanskje kan få fleire til å kome hit? seier Bolette. Ho håpar det. Intervjuet føregår medan ho ammar Alfred Johan og storesyster Elvine gjer det ho kan for å få den merksemda ei storesyster er van med å ha. Ho både snakkar og syng høgt, og vil ha med seg faren ut på golvet for å danse.

 

 

 

 

 

 

 

 

Dei signaliserte sterk tilknyting til området alt då dei gifta seg 27. juni 2020. Dei vart vigde i Midtgulen kyrkje og bryllaupet feira dei på Årebrot grendahus. Det var skulehus då Bolette gjekk på skulen.
Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten.

 

Lærarjobb i Svelgen og heimekontor i Botnane

Bolette leverte masteroppgåva si på lærarutdanninga på Høgskulen i Bergen 15. mai og ventar spent på sensuren. Fast arbeid har ho fått seg på skulen i Svelgen (1. til 7.klasse) og der skal ho starte etter nyttår. Fredrik arbeider med datasikkerheit og har personalansvar for ni programutviklarar. På grunn av personalansvaret skal han åtte turar i året til Bergen. Utviklarane lagar dataprogram som bankane kjøper for sikker pålogging og bruk, og oppdaging av forsøk på svindel. Firmaet Tietoevry er eit finsk IT-selskap og har totalt 24.000 tilsette i 20 land. Fredrik byrja i jobb att tysdag denne veka, etter to veker pappaperm.

– Eg er veldig glad for at eg fekk flytte med meg jobben til Botnane og heimekontor her. Vi jobbar i team og koplar oss opp mot kvarandre. Før eg flytta var eg på kontoret tre dagar i veka og to heime, men under koronaen fekk vi god trening i å sitte på heimekontor. Så det trur eg ikkje vert noko problem.

– Kva ser du på som største utfordringa med å flytte til Botnane?

– Fyrst må eg få seie at det er ein heilt nydeleg plass. Største utfordringa med å bu her er all reisinga, ein må reise forholdsvis langt om ein unge blir sjuk, om ein skal delta på noko eller handle. Det blir ei omstilling.

– Kva fordelar ser du?

–  I Bergen har vi sakna å ikkje kjenne naboane våre så godt. Det trur eg vert annleis her, vi kjem nærmare folk rundt oss med å delta på dugnadar og kafear, og vi vil vere med og dra lasset. – Vi ynskjer å bidra og forhåpentlegvis bety ein skilnad, og sette Botnane litt på kartet, seier Fredrik entusiastisk.

Opphavet til sendebrettbana  

I fjor sommar opna Botnane sendebrettbane (diskgolf) og det hadde det neppe gjort om ikkje Bolette og Fredrik vart bitne av den sporten under koronaen. Og far/svigerfar Rune Nordbotten vart også engasjert og dei byrja arbeide med å få til ein bane i Botnane.

Bolette og systrene Birthe og Karen snikra utkast til bana saman med Fredrik, faren Rune og andre på dugnaden i påska 2023

– Det var kjekt å få til bana i det fine området ho ligg i, og det kjem folk langvegsfrå for å bruke ho. Eg trur ikkje det vert det siste prosjektet, for eg er veldig glad i å sette i gong til, fastslår Fredrik Espedal.

– Korleis er det å flytte inn i huset etter besteforeldra dine, Bolette?

– Det er litt rart. Her er ting eg forbind med Besta og Besten, som eg ikkje klarer å kvitte meg med. Her er ein del å rydde vekk, men vi er heldige som kan kome til eige hus. Det har vore ei omstilling for Elvine, for ho synst det er rart at vi skal vere her og ikkje oppe med foreldra mine. Det er der vi har brukt å bu når vi har vore heime, og ho likar seg der. Det er i det heile veldig kjekt med to besteforeldre rett opp i bakken (Elisabeth Ruud Nordbotten og Rune Nordbotten).

Fredrik og Bolette med borna Elvine og ein sovande Alfred Johan.

– Du er odelsjente, kva tenkjer du om gardsdrifta når far din ein gong gjev seg?

– Vi tenkjer ikkje å drive med dyr, i alle høve ikkje kyr. Du blir så bunden av dei. Men vi har lyst til å dyrke mat, og vi må slå graset, elles ser her ikkje ut, seier Bolette før Fredrik skyt inn at han har tenkt å ta traktorlappen for å vere med i det praktiske. Han ser positivt på at svigerfaren legg til rette for meir turisme. – Der kan eg administrere og styre meir, betre til det enn praktisk gardsarbeid, trur eg, seier Fredrik.

Bolette valde lærarjobb i Svelgen for å ha meir styring med tida si. – Då kan eg køyre til og frå arbeid, og vite om lag når eg er heime att. Det er ikkje like lett om eg skulle arbeide i Florø og vere avhengig av når båtane går til og frå Villevika på Årebrot.

Likar brettspel

– Du må få med at om her er nokon som likar å spele brettspel så må dei ta kontakt med oss, vi er begge glade i det. Eg lagar også brettspel, fortel Fredrik.

– Du lagar vel eit om Botnane då?

– Ja, kanskje det? Spørst kva det skal handle om?

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 18.06.2024.

22. juni 2024/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2024-06-22 09:00:282024-06-23 11:37:20Ynskjer å bety ein skilnad for bygda
Side 7 av 34«‹56789›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top