Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

Er det interesse for kurs i muring?

Grendalaget har fått spørsmål om å få til eit kurs i turrmuring med gråsteinsmuraren Haakon Aase, frå Holsenøy. Føremålet er å lære turrmuring og få betre kunnskap om stein og muring, både for å lage nye murar og halde ved like gamle. Vi bur i eit område med mykje stein og mange steingardar.

Magni Øvrebotten har teke på seg å finne ut om det er interesse for eit slikt kurs. Dei som er interesserte sender henne melding om det innan 1. februar, om det er vår eller haust som høver best, og kva med kurs torsdag-laurdag, eller fredag-søndag? Send til: magni.ovrebotten@gmail.com, mobil 970 55 201.

 

Haakon Aase kan halde murekurs i Botnane, men før vi tingar kurs må vi vite om det er interesse for det? Og det må søkjast om tilskot frå ulikt hald. Eit 25 timars kurs i turrmuring kostar kr. 20.000, og vi ser for oss at deltakarane ikkje skal betale meir enn maks kr. 1000 per stk. Det er plass til 8-10, maks 12 personar, på kvart kurs, om alle skal få mura sopass mykje at dei har med seg lærdom heimatt. Kurset er ope for alle interesserte.

Aase brukar å starte kurset med ein teoribolk på to-tre timar og mure i to dagar etterpå. Han ser helst at kurset byrjar ein torsdagskveld og avluttar laurdag, men om det må gå frå fredag til søndag kan han tilpasse seg det.

Våren byrjar å bli opptinga for Haakon Aase sin del, men det kan kanskje gå med eit kurs til, om vi er raske. Elles har han god røynsle med murekurs i august/september. På grunn av hjortejakta er kanskje slutten av august beste tida her i området? Kvar i bygda vi kan halde kurset, og få spreidd deltakarane på fleire murar, får vi kome attende til når vi veit om det blir kurs. Før kurset må det køyrast til ein god del stein til å mure av.

Kallar seg gråsteinsmurar

Haakon Aase er halden for å vere ein av dei fremste turrmurarane i landet og bur på Litlebergen på Holsenøy. Han blir omtalt som ein kulturberar, men sjølv kallar han seg gråsteinsmurar. For turrmuring er den tekniske nemninga. Dottera hans, Kjersti Aase Winjum, gav i fjor haust ut boka «Mur, far og dotter», på Skald Forlag. Det er ei bok om turrmuring, der Haakon Aase lærer dottera å mure og ho dokumenterer framdrifta.

 

 

 

 

 

20. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-20 11:11:592023-01-20 11:28:33Er det interesse for kurs i muring?
Aktuelt, Arkiv

Opplett i berre 99 dagar i 2022

Det var berre 99 dagar utan nedbør i Botnane i 2022. Men likevel vart det ikkje eit rekordvått år i Rune Nordbotten sine målingar. Det var ein turrare haust som gjorde det. Nordbotten har registrert veret i Botnane i 48 år og juli månad var den nest våtaste han har målt nokon gong. Juli var 100 prosent våtare enn normalt, med berre fire dagar med opplett. – Månadane mai – august var dei våtaste månadane eg har målt nokon gong, med over ein meter med regn. Det var ein spesiell sommar, på fire månadar var det berre 23 dagar utan nedbør, seier Rune Nordbotten.

Rune Nordbotten visste mest ikkje å kome ut på bøane med traktor i fjor sommar. Foto: Magni Øvrebotten

Det han kallar «tjukkaste sommaren», frå 10. juni til 28. august var det berre åtte dagar med opphaldsver. – Ingen sommar i nærleiken av det som eg har målt. Vi har hatt enkeltmånadar som har vore trøstelause før også, men ikkje fire månadar i strekk, fortel Rune Nordbotten. At det vert meir nedbør med auka temperaturar seier seg sjølv, legg han til.

– Kva er den våtaste månaden du har målt?

– Det var oktober 2021. Då kom det 667,3 mm med nedbør og det var berre ein dag med opphaldsver. Oktober 2022 var den våtaste haustmånaden også i fjor, med 351,6 mm nedbør. Då var det seks dagar utan nedbør. Regntida på Vestlandet er frå september til januar.

– Kva gjorde at 2022 ikkje vart det våtaste året i dei 48 åra du har målt nedbøren i Botnane?

– Det var først og fremst ein turrare haust enn normalt som gjorde det. Men april i fjor var også ein særdeles fin månad med mykje godver. Vi hadde ein relativt mild og fuktig vinter, og etter all nedbøren i fjor sommar og i september, vart det fint i november og desember. Snø i desember og i jula har vi ikkje kvart år. Totalt var det 99 dagar utan nedbør i 2022.

– Kva med vinden?

– Det var mindre med storm i fjor enn normalt. Ei tid no har det vore mindre med kraftige vindar, det går i bølgedalar, som så mykje anna. Tidleg på 1990-talet og ein periode etter 2010 var det mykje vind.

– Og temperaturen?

– I fjor hadde vi totalt 33 dagar med over 20 varmegrader, og dei spreidde seg godt over året. Dei to fyrste hadde vi i april og dei fem siste i september. I juli var det berre fire dagar med over 20 grader.

– Korleis har 2023 starta?

– Måndag 9. januar var det heile 9,8 varmegrader i Botnane på morgonkvisten. Varmlufta kjem i framkant av lavtrykka. Til denne tid i år har vi hatt fem dagar utan nedbør, og det er godt føre fjoråret, slær Rune Nordbotten fast.

Intervju Magni Øvrebotten, 15. januar 2023.

19. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-19 08:20:402023-01-19 08:20:40Opplett i berre 99 dagar i 2022
aktuelt

Nytt brev om vegen

 

Oppslaget om vegen på heimesida i desember 2021.

 

 10.januar 2023

Til Vestland fylkeskommune

v/fylkesordførar Jon Askeland og avdelingsdirektør Dina Lefdal

Botnane og Årebrot grendalag har merka seg at Vestland fylkesting i dsember 2022 vedtok  å løyve meir midlar til å vedlikehalde fylkesvegane. Det er bra – og det er mange vegar å bruke dei på.

Me er sjølvsagt mest opptene av vegen som gjev dei to bygdene, Botnane og Årebrot fast vegsamband, Frøysjøvegen (Fv 5711) som går frå Myklebustkrysset (krysset der Frøysjøvegen møter Gulevegen og Magnhildskarvegen, Fv 614). Me peika på det dårlege vedlikehaldet av vegen for vel eit år sidan. Me fekk då som svar at det i samband med budsjettet for 2022 var spela inn fleire forhold som det burde gjerast noko med. Men det vart ikkje gjort noko med vegen i 2022 og forholda har berre vorte verre. Difor tek me opp att det me peika på for godt over eit år sidan:

«På grunn av djupe hjulspor er det vanskeleg å få bort snø/slaps- og det vert liggande og frys til, så det også vert vanskeleg å føte seg. Vegen er slik nokre stader at også utstyret vert øydelagt i forsøket på å få gjort det skikkeleg. Også på grunn av djupe spor og generelt ujamn veg. Delar av vegen er slik eg vurderer det heilt nedkøyrt. Dette på grunn av mykje tung transport dei siste åra i samband med utbygginga av vindkraftanlegget på Guleslettene. Vegen har ikkje fundament for slik transport. På same tid er verksemdene på denne strekningen mellom Botnane og Årebrot heilt avhengige av å kunne nytte denne type transport.»

Me kan no legge til at  det dårlege vedlikehaldet går mykje utover utstyret som entreprenøren nyttar. Han vurderer å slutte om det ikkje vert betre. Det ville vere svært uheldig då han bur ved vegen og er godt oppdatert på ver- og føreforhold. Det går også utover bilane til dei pendlar og brukar vegen mest.

Det er særskilt strekninga frå Myklebustkrysset til Mulehamn det må gjerast noko, og så frå Sletten i Botnane til Villevik. Vegen gjennom Botnane er også svært smal og det er vel i røynda ein utbetra «kjerreveg».

Me ber om at de prioriterer å utbetre og vedlikehalde desse delane av Frøysjøvegen når de skal fordele midlane til vedlikehald i 2023.

Med helsing

Åsmund Berthelsen (leiar i styret)

93237073

Kopi til ordføraren i Bremanger, Ann Kristin Førde og leiaren i Hovudutval for samferdsle og mobilitet Jannicke Bergesen Clarke

 

Brevet kan du laste opp her:

Brev om dårleg vedlikehalden veg

12. januar 2023/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2023-01-12 12:00:022023-01-12 12:00:02Nytt brev om vegen
Aktuelt

Kjekt å vere besteforeldre

Vi har vore i Runnane og snakka med Solbjørg og Åge Sørbotten om å vere besteforeldre, og mykje anna. Dei har fire barn og sju barnebarn, som gjerne samlast i Runnane. To av borna og tre borneborn bur i nærleiken. Det er stas.

Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra, men den blide og hjelpsame Åge er rett som det er å sjå på jobb ombord i skyssbåtane. – Det er fordi han ikkje kan ordet «Nei, seier Solbjørg.  Åge meiner han har blitt flinkare til å bruke det ordet, men han likar seg på sjøen og tykkjer det er kjekt å hjelpe til.

7. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-07 13:13:532023-01-07 13:13:53Kjekt å vere besteforeldre
Aktuelt, Historikk

Besta og Besten i Runnane

– Det er sant som det vert sagt at borneborn er «livets dessert». Våre likar å vere her og vi likar å ha dei her. Eg prøver å la vere å legge meg opp i oppdraginga, det er foreldra flinke til sjølve, seier Solbjørg Sørbotten. – Å, for å seie det enkelt, det ungane ikkje får lov til heime det får dei lov til her. Som til dømes å bruke senga vår som trampoline, legg Åge Sørbotten til og ler.  Dei har fire born og sju borneborn. To av borna og tre av borneborna bur i nabolaget i Botnane, og heile flokken med barn og barnebarn samlast gjerne i Runnane.  

Åge og Solbjørg Sørbotten med borneborna Thea, Marcus og June. Foto: Linn-Kristin Sørbotten.

Solbjørg og Åge Sørbotten har budd i Botnane sidan 1. juni 1982. Dei hadde med andre ord 40-årsjubileum sist sommar. Dei og Torbjørn Øvrebotten  var dei fyrste av 1950-talsårgangen som busette seg her. Generasjonen som var fødd på 1930- og 40-talet hadde ikkje busett seg i bygda, som talde om lag 25 sjeler då familien på fire kom til Runnane. At det flytta heim fleire ungdomar med familie var starten på ei ny tid i bygda, som enno ikkje hadde vegsamband, korkje sør- eller nordover. Det kom veg til Årebrot i 1987 og fastlandssamband til Sørgulen i 1993.

Postruta etter Olaf

– Det var høvet til å ta over postruta sørover stranda og i øyane, etter Olaf (Øvrebotn), som gjorde det mogeleg for oss å flytte hit i 1982. Då pensjonerte han seg og eg kunne ha fast arbeid og bu her. Garden hadde ikkje vore driven på fjorten år, seier Åge. Foreldra hans flytte til Florø tidleg på 1970-talet og faren Magne hadde planar om å flytte attende som pensjonist. Men han døydde før han vart det.

Solbjørg og Åge i stova si i Runnane. Foto: Magni Øvrebotten.

– Vi hadde vore her ein god del før vi flytte hit og hadde lyst til å ta over då det var klart at ingen av syskena til Åge ynskte å gjere det. Åge var nær knytt til plassen og eg var oppvaksen i Barlinbotn i Eikefjord, så for meg var ikkje overgangen så stor, fortel Solbjørg.

Dei er begge 1956-årgang og har vore i lag sidan dei var 16 år gamle. I 1975 gifte dei seg og eldste dottera, Astrid-Marie, vart fødd i 1976. Bernt i 1978, Jan-Åge i 1983 og Linn-Kristin i 1989. Det er Solbjørg som svarar når eg spør etter namn og fødselsår på borna deira, slik det ofte er når ein spør ektepar om slikt. – Alt du veit, kjem det frå Åge i det ho er nesten ferdig med oppramsinga.  Borna har gjeve dei sju barnebarn, det eldste er snart 20 år og det yngste 5,5 månad, fire jenter og tre gutar. Eldste sonen og yngste dottera kjøpte seg begge hus og bur i Botnane.

Fem av sju borneborn samla i Runnane jula 2022. Frå venstre:  Marcus, Isak, Maria med Thea på fanget, og June. Maximillian og Sarah Emilie er ikkje med på bilete. Foto: Privat.

Storfamilien samlast mykje i Botnane. – Eg veit ikkje korleis det har blitt slik, men alle borna våre er sterkt knytte til bygda. Det er Botnane som er plassen for dei, både dei som bur her og dei som gjerne skulle ha gjort det, seier Solbjørg. Under koronaen budde eldste barnebarnet i Runnane med besteforeldra. Ho gjekk dei to siste åra på vidaregåande skule i Florø, og studerer no i Bergen. Det gler openbert eit bestemorhjarte å få hjelpe til slik.

Radarparet Marcus og Besten

Dei tre borna til yngstedottera Linn-Kristin og sambuaren Jens Anders (Sunde Midtbø) bur ein liten gåtur frå besteforeldra. Det vert sjølvsagt tettast kontakt med dei i det daglege. June er 7 år, Marcus 6 år og Thea 5,5 månad gamal. – Dei to eldste er nesten oppvaksne her. Då minstejenta vart fødd såg Marcus litt mørkt på å få ein baby i hus. Så han truga med at han skulle flytte ut til Besta og Besten. Men det vart ikkje noko av, han fann visst ut at det var stas med ei lita syster, seier Solbjørg.

Marcus er mykje saman med Besten i arbeidet. Foto: Privat.

Marcus og Besten er eit skikkeleg radarpar. Det er kjekt å vere med Åge ut og sette teiner, styre med ved, ja, dilte med i Besten sine gjeremål. – Eg prøver å lære dei praktiske ting. Vi er her med dei og dei får bruke både kniv og øks. Marcus kappar ved med meg og er på kjøkkenet med Besta og lagar mat. «Skal vi lage noko i dag», spør han henne, og får kutte opp grønnsaker. Eg trur born har godt av slikt, seier Åge overtydd.

 

 

June takkar heller ikkje nei til ein tur på sjøen med Besten og Brage. Foto: Privat.

Solbjørg er glad i å gå tur og blir gjerne med når Linn og familien brukar naturen både i bygda og nærområda kring Botnane. – Linn og Jens Anders er veldig flinke til å gå tur med borna. Helst på fjellet. Vi har vore fleire gonger på Opnaren med dei. Men vi treng ikkje gå langt for å ha med oss kakao og mat. «Trollskogen» vår ligg rett bak gravstaden. Vi fortel dei om blomar, orm (som Besta er redd) og livet i fjøra. Elles så har vindmøllene opna eit nytt turområde for oss. Vi køyrer til Magnhildskaret og går vegen innover, både på ski og på beina. Førebels har vi vore så langt at vi ser ned i Sørgulen.

June, Besta, Marcus og Linn på tur i Norddalsfjorden. Foto: Privat

– Er bruken av naturen, både på land og sjø, noko av hemmelegheita med at både born og borneborn kjenner seg så knytte til Runnane og Botnane?

– Eg veit ikkje, men naturen her er heilt fantastisk, både for store og små, kropp og sjel. Jan-Åge (yngste sonen) låg inne i Oddny-elva og vatnet og leika frå han var liten. No lærer han sonen Isak om kva det som leve i fjøra heiter. «Ingen krabbe her, berre marflo», melder seksåringen. Han er for tida mest oppteken av å få seg høner her med Besta og Besten, fortel Solbjørg.

– Det blir det kanskje ei råd med når vi no skal til å vøle løa, skyt Åge inn. Etter 40 år med ulike turnusjobbar på sjøen er det mykje å ta att på husa heime, og han er glad for å ha søner som kan og vil hjelpe til.

– Ragnvald var god å ha

Gjennom samtalen nemner Solbjørg fleire gonger kor godt det var å ha naboen Ragnvald (Sørbotten) når det var noko, og ho var åleine heime med borna og Åge var vekke på arbeid. – Ragnvald innprenta meg at eg kunne ringe han uansett: «Om det er natt eller dag. Berre eg har fått på meg brokja, så kjem eg», sa han og det gjorde han verkeleg.

Ho hugsar ein gong Åge hadde ringt heim og sagt at det bles så gale at han ikkje kunne kome seg heim med båten. Ho var åleine med ungane og dei hadde dyr i fjøsen. Styggeveret gjorde at ferja ikkje kom inn til Botnane den dagen og då Solbjørg let opp utedøra vrengde vinden døra av hengslene. – Eg alarmerte Ragnvald og han kom. I det vi hadde baksa døra på plass att ser vi ut på den forrykande Pollen og der kjem båten til Åge. Han kom heim likevel, tykte nok ikkje at det var forsvarleg at vi var åleine heime.

Ragnvald og Valborg Sørbotten var gode støttespelarar for ungfolket i Runnane. Bilete av foto frå Tor-Harald Langø.

Åge vedgår at det var fleire tøffe styggeversturar med post- og skuleruta, men snakkar dei helst vekk. Før det kom veg mellom Botnane og Årebrot hadde han også dei to eldste borna med i båten. – Men Astrid-Marie seier at ho aldri var redd. Ho sette seg slik at ho såg faren, og når han var roleg så var ho det også, same kor båten hogg og rulla, fortel Solbjørg. Etter at det vart slutt på skule- og postruta arbeidde Åge i utanriksfart, på supplaybåt, i Fjord 1 og dei siste ti åra for Florø skyssbåt.

– Når han var lenge vekke og eg var åleine med borna og dyra, var eg heldig som hadde to sett med «reservebesteforeldre» i Posten hjå Valla (Valborg) og Ragnvald og i Kvia hjå Jenny og Kåre (Nøttingnes). Astrid-Marie og Bernt var ofte på besøk hjå dei. Jenny lærde Astrid å brodere og Bernt var på pletten når Kåre sat på loftet og bøtte garn. Og Valla var svær til lære meg å bake flatbrød og masse anna eg ikkje kunne, seier Solbjørg.

Åge kan ikkje ordet «Nei»

Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra. Ho frå mange års arbeid på Krisesenteret i Florø, han frå matrosjobb i Florø skyssbåt.  Men det blide oppsynet til Åge er framleis ofte å sjå ombord i ulike båtar.

Han dreg på det og flirer, ho ler og forklarar: – Du veit, han Åge kjenner ikkje til ordet «Nei». Etter at han vart pensjonist har han vore med på oppstarten av dei nye ambulansebåtane, lostenesta har han vore med i og som vikar når turnusane ikkje går opp på rutebåtane. Nei, «Nei-ordet», har han ikkje lært.

– Jau, eg har no det, etter kvart. Det er kjekt å ta ein og to dagar, ja, opp til ei veke. Men meir seier eg nei til no. Eg trivst på sjøen og likar å hjelpe til, men eg har så mykje å ta att heime at eg vil prioritere det framover.

Og Solbjørg ilar til med ei vedkjenning: – Misforstå meg ikkje. Eg tykkjer det er greitt at han tek vakter. Trur ikkje det hadde vore bra for oss å gå og trakke oppi kvarandre her heile tida. Eg er av den typen som trivt godt i mitt eige selskap, ja, som treng sokalla «åleinetid».

– Korleis takla du å bli pensjonist?

– I starten var det vanskeleg å ikkje skunde seg. Ja, i det heile å få hovudet til å forstpå at eg ikkje lenger skulle på dei ulike vaktene på Krisesenteret. Eg hadde vanskeleg for å lande etter så mange år med turnus. Eg var 11 år i fast jobb på Krisesenteret, og før det arbeidde eg turnus både der og på hotellet. Det var ikkje helsesamt. Men no har eg landa og trivst med å styre mi eiga tid og kva ho skal brukast til. Eg er glad for å ha både naturen og ein ung familie i nærleiken, som eg kan invitere på middag og vere til nytte for.

– Eg hadde tørna om eg no skulle budd i ei leilegheit i Florø, med 4×4 meter plen. Ja, eg hadde tørna, slår Åge Sørbotten ettertrykkeleg fast og rister på heile seg berre av tanken.

Intervju: Magni Øvrebotten 30.12.22.

7. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-07 10:36:262023-01-07 10:57:48Besta og Besten i Runnane
Aktuelt, Historikk

Mystikk og uhyggje?

Av Fridtjov Urdal

Etter mi røynsle så har, om ikkje alle, så i alle høve mange vore ute for hendingar og opplevingar som vi ikkje finn noko rimeleg rasjonell forklaring på. Kva var no det? Kva var det eg såg? Kva var det eg høyrde og kva var det som hende? Det er kan hende heller ikkje så lett og fortelje om all den tid ein vil gå for å vere rimeleg vettig og rasjonell. Kven vil vel gå for å vera ovtruen. osv.

Men det at ein ikkje kan forklara tyder ikkje at der inga forklaring finst. Den kan vera kvardagsleg og rasjonell. Sjølv tykkjer eg slike forteljingar er med på å gjera stader og tilvære meir spanande, og dei fortel noko om korleis det har vore tenkt og korleis det vert tenk.

Skyming på vegen mellom Kvia og Løype, her ved Kvernhusvatnet. Foto: Magni Øvrebotten

I gamlehuset på Kvia var der eit fenomen som ein aldri vart klok på. Sjølv har eg minne etter å ha høyrt det to gonger i barndomen og siste gongen i 1972. Helst på vintrane kunne ein stundom på nattetider høyre bankelyd. Det var som om nokon nede i kjellaren sto og hogg på eit kvart. Dei fyrste gongane det vart høyrt for ein visst i kjellaren for å sjå, men der var det ingen, men då tyktest lyden komme frå ein annan stad. Så vart det til at ein på eit vis slo seg til tols med at dette var noko som berre var slik. Det eg veit vart det ikkje tolka som noko varsel om uhende av noko slag, så det fylgde ikkje noko uhyggje med det på det viset.

Ei anna forklaring

Bestemor mi ho Anna sa at det var eit merkje på at no vart det eit brått vêrskifte. Han Nils Seljestokken (Nilsen på Kvalvikja) som vi sa, bror henna Anna, hadde ei anna og meir overnaturleg forklaring på fenomenet. Det var nok han Samson som gjekk att. Han var frå Haugesund og båtbyggjar av yrkje. Han kjøpte Kvia og bygde hus der og budde der med huslyden sin. Nilsen si grunngjeving var at det sikkert var eit kvart han ikkje hadde vorte ferdig med før han måtte forlate denne verda. Det gav han ikkje fred på hi sida. Det er óg andre soger som knyter seg til staden. Eit er at dei underjordiske budde i Tussesteinane (det er fortalt om før, sjå sida for historikk).

Framand mann inn på tunet

Men tantene mine, ho Helena og ho Magnhild, kunne fortelje og dette hugsar eg at dei snakka seg i mellom om. Det var i deira barndom dei to og yngste broren Fridtjov var åleine heime. Då ser dei ein for dei framand mann komme inn på tunet og gå bort til løa, late opp døra, gå inn og late att etter seg. Dei torde ikkje gå bort og sjå, men heldt vakt i stoveglaset om dei skulle sjå han kome ut att. Men det gjorde han ikkje. Då foreldra og eldste broren Paul kom heim fortalde dei sjølvsagt at det var ein (fremmonde) mann inne på løa/fjøsen. Dei av stad, men dørkroken var i på utsida og inne var det korkje kjende eller ukjende å sjå. Dette var eit stykke ut på våren, så der var ikkje att noko særleg med høy å gøyme seg i. Dei måtte ha sett syner, men dei to heldt heile livet fast på kva dei hadde sett den gong. Og dei damene var slett ikkje av dei som var redde for sin eigen skugge.

Ein mann som brått vart vekke

Der er og ei anna soge, men der er ingen av husets folk med. Han Kristoffer på Urene hadde sett ein mann opp i nordre Vasskreken, som var på veg opp på Kvia, og som brått vart vekke. Ho Maria hadde sett han frå Løype og var viss på at ho kjende att kven det var. Det var han Annanias på Kviene. Han som hadde selt Kvia til Peder Iversen Sælø og så emigrert til Amerika. Dette synet skulle ha synt seg på den tid då Annanias døydde borte i Amerika, vart det sagt. Pederen på Kviene var det òg eit kvart med. Han var nordlending og helgelending, og hadde det som kallast «Helgelandskjeften». Det gjekk soger om kva Pederen hadde svara og sagt då og då. Ein som fleire gonger nytta høve til å fortelje meg om bestefar Peder var han Thor i Seljestokken, slike som denne: Det var eit kvinnfolk her i bygda som var ei sanne bygdaplage, som for og slarva om alt og alle så det var ikkje rettelse med det grand. Ho og Pederen møttest. »Gussens fine dage, Peder,» helste ho. » Eg ser varmen e kommen i skyn»,svara han.» Å, korleis da då?» « Eg ser at maneta er ut å ræk».

Kunne han meir enn godt var?

Det var òg dei som ikkje var heilt trygge på om han ikkje kunne meir enn det som godt var. Det var ein gong eit notlag som hadde gjort eit steng på Nordre vågen og Pederen spurde om han fekk kjøpe seg litt agn-sild. Det var nei i neven. Slikt småtteri hadde dei ikkje tid til å vase med. «Nei, nei, dei som ve dei små forsmå, dei skal heller ikkje det store få», sa Pederen og rodde der i frå. Kor det no var så rauk nota sund og dei miste kastet. Dei vart visst ute føre ymse slag andre uhell òg så det enda med det at Pederen fekk basen på tunet, med bøn om: «Var det så at han hadde sett noko ilt på dei så måtte han vere så inderleg snill å løyse dei att». Korleis ordskiftet vidare fall veit eg ikkje, men i høve kva eg elles har høyrt om Pederen så let han neppe høve gå frå seg. Det gjorde han i alle høve ikkje då der kom ein til han og klaga over at han trudde dei hadde fått trollskap i nota. Ho fiska ikkje, dei hadde kasta gong etter gong og etter alle synemerkje så skulle der vere fangst. Men så var det ikkje om Pederen visste eit råd?  Jau, dei fekk freiste drage nota opp i ein nypløgde åker og drive ein saueflokk over tre gonger. Denne soga har eg frå to kjelder; Heime og frå han Thor i Seljestokken.

Velstanden har gjort oss fri maktene

Det var mangslags påtruer og magiske gjersler som var så vanleg at ein ikkje tykte det var noko å snakke om. Dei helt seg i live til langt inn på 1900. Det kan ha noko å gjera med at når folk lever på smale marginar så må ein vere varsame med å terga det som kan hende er. Ein kan i alle høve ikkje vere heilt trygg på at det ikkje er.

Velstanden har gjort oss frie andsynes maktene. Pederen hadde og eit anna særdrag eller kan hende er det rettare å kalle det ei plage. Han kunne kjenne det på seg når det var noko som stod på på sjøen. Besta fortalde om den natt då snøggruteskipet Haakon VII forliste på Melsholmen ved Staveneset, 6. oktober 1929.  Dei hadde nett gått til ro for natta då Pederen vart så uroleg, han sto opp att og gjekk att og fram på golvet. «No hender det eit kvart alt for mykje gale på skjøna ein stad», sa han.

– Eg kjende så visst at det var eitkvart

Det skulle ha vore fleire slike hende. Det siste eg veit vart omtala var då han Henrik (Gamle Henrik i Vågjen) og sonen Harald drukna. Då vart Peder så uværige at han laut gå frå bordet, og då det spurdest kva som var hent, sa han: « Eg  kjende så visst at det var eitkvart, men ikkje kva det var». Dette gjekk godt i hop med at han for si tid var ein vetande og opplyst mann med både Bertha von Suttner, Victor Hugo  og andre i bokhylla. I ein kasse på lemmen låg bøkene hans. Der sto det sirleg innskrive: Denne bog tilhører Peder Iversen Sælø, samt kvar boka var kjøpt og når. I Folketeljinga står det om han at han var «jordbrukar og fiskar». I den mon det her er tale om jordbruk så var det nok ho Anna som måtte stå for det. Han Peder likte seg helst i båten og på sjøen.

– No kjem han Peder og då vert det kjekt

Han dreiv òg med notbruk og hadde slupperen  «Ferm», i hop med Straumen ute i Hovden. Gamle Straumen fortalde:» Vi ungane gledde oss når vi såg Ferm komme siglande inna tå Uravikan for då viste vi: No kjem han Peder og då verte det kjekt». Han skulle ha eit uvanleg godt lag med ungar og ungdomar. Han Agnar Faye, som voks opp på Gamlebøen, hadde òg ein del å fortelje all den tid han var mykje i hop med ungane på Kvia, både i barndomen og ungdomen. Agnar fortalde at han som unggut hadde vore med Pederen med nota og der vart han sett til å ro basen. «Å, du veit eg tykte no eg såg sild alle stane og sa i frå. Da slufsa dar inne på vikja, Dar er fugle».  «Ja, ja, du får ro inn då, så får vi sjå». Men der var sjølvsagt ikkje noko å kjenne på loddet. På det viset trur eg vi rodde heile Norddalsfjorden rundt. Det var ein god skule. Eg såg ikkje på langt nær så mykje dagen etter, fortalde Agnar Faye.

Det var ikkje verande heime

Han Bjarne Holstad var eldst i ein etter kvart stor barneflokk på Løype og kjende seg vel både forplikta og tilsidesett. Pederen trefte Bjarne i utmarka og lurde på kor denne karen hadde tenkt seg av? Jau, no hadde han tenk seg av å hengje seg for no var det ikkje verande heime for ungeskrik og spetakkel. Ja, men då var det no bra eg trefte deg i tide då, for eg hadde tenkt å høyre om du ville vere med meg ut å fiske i kveld? Det er ein av dei lengste ettermiddagane eg har hatt medan eg venta, eg var redde for at han Peder hadde gløymt kva han hadde lova, fortalde Bjarne. Men Pederen kom. «Om han hadde tenkt å be meg med, eller det var noko han kom på der og då, veit eg ikkje. Men det vart ikkje berre med den eine gongen».

Det er ting som kan tyde på at Peder var av dei som når han fyrst hadde fått ein tanke for seg så hadde han vanskeleg for å sleppe den. Ho Inger Skår (Inger i Brote) fortalde at då dei var komne i Bråte så kom han Peder og åtvara dei at dei måtte vere forsiktige med isen på myrtjørna der sør, for grunna myrgassen kunne den vere usikker. Dei måtte åtvare ungane.

Uhyggeleg nyttårsnatt 1961

Sidan ein no fyrst er innom Løype kan eg fortelje om den uhyggelege nyårsafta 1961. Kva vêr det var minnest eg ikkje, men eg går utifrå at det regna. Det var vanleg at vi gjekk i lag til kvarandre i jule- og nyårshelga på Løype og Kvia. Det var no ikkje så store laget sidan dei var i alt seks og vi fire. Dei to eldste, ho Maria og ho Anna, tok ikkje på ferd vintradag, i nittiåra som dei var.

Det var hyggjeleg, som det brukte å vere på Løype. Det var nyårsaft med det beste huset hadde å by på. Sprengheitt så veggene bula. Det var då storhelg. Det leid mot midnatt og vi var alle i stova hennar Helena og Bjarne. Der var foreldra mine, ho Maria, han Bernt og ho Sofia, han Olav, Helena og Bjarne. Då tek det i ytterdøra !

Kjem her folk? No på denne tid. Ho Helena for ut, det kunne vere eitkvert som sto på. Men der kom ingen prat frå kjøkenet. Nei, det må ha vore vinden. Men det bles ikkje ute. Kattane då? Praten var ikkje før komen i gong att, så er det der på nytt. Nett som nokon tek i klinka, trykker ho ned og slepper. Nei, kva er dette, ut å sjå. Alle ut å sjå på ingen ting, Ute på trappa er det som det skal vere, ingen uorden. Merkeleg. Då er det at eg ser Bassen. Han sit inn under kjøkenbordet og skjelv. Slik brukar då ikkje Bassen å vere. Merkeleg.

Det må ha vore eitkvart opp på trappa. Ein rev kan hende? Eg trur ikkje det var nokon som trudde på den reven. Rev som ville inn til folk på nyårsafta. Slikt seier ein berre, ein trur ikkje på det. Praten gjekk tråare, det var som vi alle venta på eitkvart vi ikkje visste kva var. Klokka og radioen fortalde at no var Nyåret komme. Då hender det for tredje gong. Alle ut, men Bassen kravla inn under divanen. Ingen ting å sjå, berre lyssirkelen frå utepæra og mørke. Hadde det hent noko hadde det vore noko. Det var då han Bernt let ordet falle: « Å, ja, det kan vel hende han ser innom oss i året som kjem». Der vart Bernt sannspådd. Han overlevde ikkje Cuba krisa.

Rykte om eit mogeleg drap og ei vis kone med lykt

Det som her vert fortalt er ikkje prøvd opp mot skrivne kjelder. Det er munnleg overlevering og må såleis takast med både pepar og salt.

På nordre Urøyna budde det den gong ein skreddar med namn Eide. Det var visst han som fekk bygt det huset som står der no. Kor han var som handverkar veit eg ikkje, men han skulle ikkje vere god å komme til rettes med. Særleg når han drakk, noko som helst gjekk titt på skulle han verte lumsk og farleg.

Ho Anna Korneliusdotter Seljestokken, seinare Anna på Kviene, fortalde: «Vi budde nede i Stokkjen den gong. Det var ei sleke ufjelge stormnatt ut på vinteren. Han far og han Nils var med bruket sør i Bulandet. Det var berre ho mor og eg heime. Vi høyrde at dar kom båt i støa. Det var no ikkje så rart om folk tok land ei sleke natt. Da dundra på døra og inn kjeme Eiden, blodige og forslegjen og godt fulle. Om han far va heime? Han hadde myst ein kar, dei skulle opp te Smørhamnen, han måtte ha hjelp til å leite. Ho Karnils-Helina for opp i Stokkjen og fekk tørna ut kan Kristoffer, som kom ned for å høyre ka som va tiss?».

Nok av det, heile saka var så vidt uklår og mistenkjeleg at det visst nok vart  gransking av det. Det som skulle vere sikkert var at to mann hadde gått i båten, men det var berre ein som kom i land. Han som kom i land var full, blodig og forslegen. Sjølv forklarte Eide sin eigen tilstand med at han hadde fått mastra over seg, ramla over ende i båten og slege seg til blods. Kvar den andre var vorten av, og når han hadde vorte borte, hadde han inga fast formeining om.

Det var eit godt grunnlag for rykte og teoriar, og det var dei som var sikre på at Eiden hadde slege den hin i hel. Det var ikkje anna ventande, det måtte no ende slik. Det vart teke prøver av blodfunn i båten og på ein sekk, men det var fiskeblod.  Men karen var borte og ikkje attfunnen, Den som fann liket var han Nils Korneliussen  i Seljestokken. Det låg ned i Djupevikja. Dei fann ut at dødsårsaka var drukning.

Han Nils fortalde:» Det var ein kveld eg hadde vore sør i Synnevåg eit ærend og mørkna ute. Men det var ikkje det som gjorde noko, men eg fekk det så på meg at eg torde ikkje gå frå Solberg og ned i dalen i Djupevikja. Same kva det var, noko var  galt. Eg visste meg inga råd anna enn at eg gjekk opp på Solberg og fekk ho Gunnhild te å stå med ei kveikte lykt oppe med grinda til eg va komme meg øve dalen. Eg veit ikkje kva da va som kom øve meg, men ho Gunhild på Solberg var av dei som hadde greie på slikt og vart med på fyrste ordet.

 

 

 

 

 

4. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-04 22:37:332023-01-05 09:04:23Mystikk og uhyggje?

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top