Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Ukategorisert

Stort årsmøte og fleire tiltak

Både små og store med på årsmøte i grendalaget.

Årsmeldinga som vart godkjent på årsmøte viste at grendalaget hadde kring 20 ulike arrangement og aktivitetar gjennom heile 2025. Planane for 2026 viser at det vert lagt opp til noko liknande dette året. I tillegg til arrangement har det vore jobba med fleire viktige tiltak og saker. Rekneskapen som vart godkjent på årsmøte syner eit årsresultat på nesten 190.000 kr og grendalaget har bra med pengar på bok. Men vi har også planar om å bruke pengar både på  arrangement og tiltak i 2026.

 Grendalaget har to grendahusa  som det kostar å drifte, reparere og vedlikehalde. I Botnane er det alt installert vassrenseanlegg og kjøpt inn to nye vindauge til kjellaren. På Årebrot grendahus vil ein bytte til ståande kledning og skifte ein vegg om gongen. I Botnane vil vi lage ein skikkeleg port inn til grendahuset, og på Årebrot vil dei to brakkene nord og sør for grendahuset verte teke ned. Når det er gjort,  vil ein ordne til uteområda og kan hende lage til eit lite nærmiljøanlegg.

Laget er i gang med å planlegge ein liten parkeringsplass i Breivika slik at dei som vil gå stien opp til der radiostasjonen Roska låg har ein plass å setje bilane. På parkeringsplassen vert det informasjon om radiostasjonen  og hendingane der under andre verdskrigen. Det same vil laget gjere i Botnane om hytta i Nøre Dalen der motstandsfolk gøymde seg i mot slutten av andre verdskrigen.

Grendalaget har alt vedteke å arrangere to konsertar. Silisium Vokal kjem til Botnane alt i april, medan Line Dybedal kjem til Årebrot i slutten av september. Det vert også lagt opp til konsert ved opninga av bygdehelga som skal vere 10.-12.juli.

På to av søndagskafeane har laget alt planlagt å ha innslag. I oktober står geologi og Ålfotmassivet på programmet med professor Atle Nesje som foredragshaldar. I november er det Magnus Helge Torvanger og Reidar Brandsberg, frå Flora Historielag som kjem. Torvanger skriv bok om «kystagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, medhjelparane og hjelparane deira», der også motstandsarbeidet Botnane-Årebrot vert omtalt. 

På arbeidsplanen står også kurs i å filetere fisk og partere hjort.

 Når det gjeld saker er det Frøysjøvegen som står øvst på lista. Der vil grendalaget arbeide for å få utbetre det faste dekket på strekningen som står att, frå Sagebø til Botnane. Laget vil særleg ta opp og få utbetra den svært uoversiktlege svingen på Myklebust og få opp autovern inst i Vindspollen. På nytt vil grendalaget ta opp å få fastsett fartsgrensa til 60 km i timen gjennom Botnane og nokre strekningar sørover til Villevika. Villevik kai vil grendalaget endre til Årebrot kai og få opp skilt i Myklebustkrysset som viser til kaia. Til slutt i arbeidsplanen er det med eit punkt om at laget vil arbeide for å få endra soneinndelinga til Skyss slik at Botnane og Årebrot kjem i same prissona!

Åsmund Berthelsen (leiar i styret i grendalaget)

Her er dokument på saker som vart godkjent på årsmøte.

Godkjent Årsmelding 2025

Resultatrapport 2025 BÅG Balanse 2025 BÅG

Vedteken arbeidsplan 5

Vedteke budsjett for 2026

Reglar for utleige i grendahusa

Vedtekne endringar i vedtektene

 

 

 

15. mars 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-03-15 15:22:152026-03-16 08:37:25Stort årsmøte og fleire tiltak
Aktuelt, Arkiv

Aktivitetar Botnane og Årebrot grendalag 2026

Oppdatert per 25. oktober

Dette skjer framover:

NOVEMBER
1. november;
Søndagskafé Botnane grendahus, kl. 16.00. Forfattar Magnus Helge Torvanger kjem for å presenterer boka om Kystagentane og hjelparane deira. Øyvind Kleiven og Oddvar Isene frå Flora Historielag er også med. Ansvarlege for kaféen: Kjersti Straume-Sande og Marit Brandsøy.

21. november (laurdag) Hjortefest Botnane grendahus, kl. 19.00. Den kostar kr. 250 for vaksne og 80 kr. for barn. Betal til hjortefesten sitt eige vippsnr. 94 86 78, og meld deg på til Rune Nordbotten, mobilnr. 415 53 395. Det er hjortejegarane som steller til festen og dei treng å vite kor mange som kjem i rimelege god tid før festen. Siste frist 17. november.

5. desember (laurdag) kl. 12.00, JULEVERKSTAD i Botnane grendahus. Solbjørg, Astrid og Linn Sørbotten inviterer til baking og laging av julepynt. Vi tek sjølve med ingrediensar/materiale til det vi vil lage og hyggjer oss med julemusikk og det å gjere noko i lag.

DESEMBER
27. desember
 (søndag): Romjulskafe i Botnane grendahus, kl. 16.00. Ansvarleg: Elisabeth Ruud Nordbotten m/fl.

 2027 – fram til årsmøte i mars

Markering av at Botnane grendahus er 100 år. Teke i bruk som skulehus ved nyttår i 1927. Det skal lagast eit hefte om skulehuset, men det er ikkje avgjort om markeringa av 100 årsdagen skal vere i januar eller til sommaren.

JANUAR
10. januar:
Søndagskafé Årebrot grendahus, kl. 16.00. Bonde og villsauekspert Hilde Buer kjem og snakkar om den siste boka si «Snakk med sauen». Vertskap på kafeen Siren Uren og Marit Brandsøy.

FEBRUAR
7. februar:
Søndagskafé Botnane grendahus, kl. 16.00.

MARS
13. mars
(laurdag): Årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag, Årebrot grendahus, kl. 15.00.
NB: Dette er datoen for då radiostasjonen Roska vart teken i 1945, markering i Breivika om skilta og parkeringsplassen for dei er ferdig.

Dette har vore i 2026:

OKTOBER

AVLYST: 24. oktober er julemarknaden avlyst. – Vi avlyser julemarknaden m/kafe på Årebrot laurdag 24. oktober. Det er nok av utstillarar som ynskjer å stille ut, men det kjem for lite med folk i høve til arbeidet som vert lagt ned i marknaden, seier Britt Maret Sunde.

4. oktober: Søndagskafé Botnane grendahus, kl. 16.00. Professor i geologi Atle Nesje, ved Universitetet i Bergen: Korleis vart landskapet rundt oss forma? Ansvarleg for kafeen Elisabeth Ruud Nordbotten og Ragnhild Nøttingnes. Det kom nær 40 personar.

SEPTEMBER

27. september, (søndag), kl. 18.00. Konsert med Line Dybedal duo på Årebrot grendahus. Bilettpris kr. 300 for vaksne, kr. 100 for dei mellom sju og 18 år. Kystekspressen går frå Florø kl. 16.30 og er framme på Villevika kl.16.40, rutebåt til Florø att kl. 21.40 (rett til Florø). Sal av mat frå kl. 17.00. Ansvarlege: Nina Seljestokken, Odin Nes, Torbjørn Øvrebotten og Magni Øvrebotten. 45 betalte billett til konserten.

o6. september: Søndagskafé Årebrot grendahus, kl. 16.00. Ansvarleg: Britt Maret Sunde og Håkon Årebrot.

01.sept. Omvising på Diktarstien, gravrøysane og skulptursamlinga etter Aase Botnmark for pensjonistlaget i utdanningsforbundet i Sunnfjord kommune. Magni Øvrebotten var omvisar.

AUGUST
05. august: Tinga omvising skulptursamlinga etter Aase Botnmark v/Magni Øvrebotten.

02. august: Søndagskafé i Botnane grendahus, kl. 16.00.  Ansvarleg Astrid Sørbotten og Marion van Eck.

JULI

29. juli: Tinga omvising diktarstien og kulturminneløypa (gravrøysar) v/Magni Øvrebotten

10. – 12. juli: Bygdehelg Botnane-Årebrot
Fredag 10.07: Opningskonsert i Botnane grendahus, kl. 19.00. Vertskap: Kari Bruun Ågotnes/Asgeir Øvrebotten.

Laurdag 11.07:
Fiskekonkurranse Nøre dalen m/grilling laurdag kl. 11.00 v/Sigbjørn Sørbotten, Torbjørn Øvrebotten.
Opning av ny turløype over Åsen, kl. 13.00. Ansvarleg: Torbjørn Øvrebotten.
Lunsjkafé Botnane grendahus laurdag kl. 13.00 -16.00. Ansvarlege: Sissel Ullevålseter, Ragnhild Nøttingnes, Birgitte Jensen og Åsmund Berthelsen.
Sendebrett-konkurranse, kl. 12.00-14.00. Ansvarlege; Fredrik Espedal og Rune Nordbotten.
Omvising i skulptursamlinga til Aase Botnmark, kl. 14.30, omvisar Magnhild Sørbotten.
Omvising Diktarstien i Botnane, kl. 13.30, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Omvisar Magni Øvrebotten.

Søndag 12.07:
Dåpsgudsteneste på Jørnjorda 
kl. 11.00 med sokneprest Dag Leirvik og kantor Brunhilde Engelhardt. Ansvarleg: Elisabeth Ruud Nordbotten.
«Liv og verksemd på land og hav». Fridtjov Urdal fortel om næringsvegar på Årebrot fram gjennom tidene. Vi møtest på Kvia hjå Fridtjov. Torleif Seljestokken og Håkon Årebrot hjelper til med det praktiske som skilting og parkering.
Basar Årebrot grendahus kl. 16.00. Basarnemnd: Bjørg Reksten, Marit Brandsøy, Ingrid Seljestokken, Anne Karin Holm Årebrot og Bjørg Kleiven.

JUNI
23. juni (tysdag): Jonsokbål på Jørnjorda, kl. 18.00. Utsett til onsdag 24. juni pga veret. Ansvarleg: Torbjørn Øvrebotten og Arve Nøttingnes.

7.  juni: Ingen søndagskafé

6. juni (laurdag): Dugnad Botnane-Årebrot, kl.10.00-15.00. Måling av hus. Kaffiykt ved begge grendahusa. Dugnaden vart avlyst pga veret og lite folk heime.

MAI
17.mai (søndag): Årebrot grendahus, kl. 14.00. Desse sit i 17. mainemnda; Astrid Sørbotten, Solbjørg Sørbotten, Marit Brandsøy, Ingrid og Torleif Seljestokken.

11.mai (måndag), kl. 17.30-20.00; Depotøving for brannutstyret for Botnane og Årebrot, saman med folk frå Kinn brann og redning. Brannutstyret er lagra på Firda settefisk sitt anlegg i Botnane og øvinga blir der. Også samtale om praksis kring melding frå 110 i samband med ulukker.

2. mai (laurdag): Dugnad Botnane-Årebrot kl. 10.00-15.00. Måling av hus begge stader.

APRIL
18. april (laurdag): Konsert med Silisium Vokal i Botnane grendahus, kl. 17.00. Billett kr. 300, medrekna fingermat og drikke frå kl. 16.00. Betal bilett på vipps 501465, så får vi også oversikt over kor mykje mat vi skal lage til.  Vertskap: Kjersti Straume-Sande og Helen Aasen.

15. april (onsdag): Flora turlag syklar Diktarstien i Botnane, med bedriftsbesøk på båtverkstaden i Seljestokken.

11. april (laurdag): Strandrydding Botnane-Årebrot, kl.10.00-15.00. Matykt på Årebrot kl. 14.30. Ansvarleg: Arve Nøttingnes, Åge Sørbotten og Marit Brandsøy.

2. april, Skjærtorsdag, sendebrett-konkurranse i Botnane, med kafé i grendahuset, kl. 12.00-16.00. Premieutdeling kl. 15 30. Det vert også eggleiting for barn. Vertskap: Fam.Nordbotten/Espedal.

MARS
14. mars (laurdag): Årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag, Botnane grendahus, kl.15.00.

Det vert ikkje kafé på Palmesøndag 29. mars.

FEBRUAR
08. februar:
 Søndagskafé Årebrot grendahus kl. 16.00. Høve til å synfare dei to brakkene som skal vekk, og lausøyre frå sløydbrakka. Ansvarleg: Nina Seljestokken.

 

 

 

 

15. mars 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-03-15 14:53:272026-10-25 11:04:41Aktivitetar Botnane og Årebrot grendalag 2026
Aktuelt, Arkiv

Konsert med Silisium i Botnane

 

– Det er kjekt at Silisum Vokal kjem til Botnane. Vi har spurt dei fleire gonger om å kome til Bygdehelga i juli, men det er vanskeleg å få til å passe for åtte personar midt i ferietida. No håpar vi at folk har tid til konsert ein vårkveld 18. april, kl. 17.00, seier Åsmund Berthelsen, leiar for Botnane og Årebrot grendalag.

Billettprisen blir kr. 300, og i den er det medrekna litt mat og drikke før konserten. Betal til Vipps 501465, og merk innbetalinga «Billett». Med hjelp av innbetalingane får vi også eit inntrykk av kor mange som kjem, noko vi treng å vite på grunn av maten. Vi opnar dørene kl. 16.00.

Silisium Vokal er ei vokalgruppe frå Bremanger kommune som starta opp i 2017. Damene som er med kjem frå fleire plassar i kommunen: Kalvåg, Bremanger, Svelgen og Ålfoten. Gruppa har gjort mange konsertar både lokalt og i nabokommunane.

– Vi har også spelt inn og gjeve ut musikk som er laga for oss og musikken ligg ute på ulike strøymetenester. I tillegg har vi selt inn videoar til ulike prosjekt, sist til julekonserten i fjor, seier Linn Kristin Sande Igland, leiar for gruppa.

Hausten 2024 hadde Silisium Vokal ein rein acapella-konsert, og til konserten i Botnane har dei med fleire av songane frå sist og nokre nye. – Eg kan nemne Billie Eilish, Aurora og låta «But I loved», som vi øvde inn til konkurransen om å vere kor for Highasakite og nokre gamle slagerar, seier Linn Kristin Sande Igland.

 

15. mars 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-03-15 11:15:112026-03-21 22:17:35Konsert med Silisium i Botnane
Aktuelt, Arkiv

Velkommen til årsmøte i Botnane grendahus komande laurdag!

Her er innkalling og sakspapir  til årsmøte i grendalaget komande laurdag den 14.mars kl. 15.00.

Innkalling 2 2026

Årsmelding 2025

Resultatrapport 2025 BÅG

Balanse 2025 BÅG

Forslag arbeidsplan 2026

Aktivitetsplan 26

Budsjett 2026

Kommentar til framlegg budsjett for BÅG

Forslag vedtektsendring

Vedtektene

Forslag reglar og pris

Forslag fra valnemnda

 

8. mars 2026/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2026-03-08 14:39:472026-03-14 11:06:03Velkommen til årsmøte i Botnane grendahus komande laurdag!
Aktuelt, Arkiv, Historikk

– Isak var heil ved

Isak Bredvik slik han likte å gå kledd heime. Foto: Privat.

– Isak Bredvik (1905-89) var det vi kallar heil ved, ein gjennomført solid mann. Men han var ein mann av få ord, han fortalde veldig lite om barndommen og ingenting om krigen. Så når du utfordrar meg om å fortelje om Isak må eg basere meg på mi eiga oppleving av han og det eg har blitt fortalt, seier Rune Fromreide. Han eig i dag garden etter Isak i Breivika, saman med syskenbarnet sitt Magnar Skrede. Isak var onkel til mødrene deira, Ingrid og Sigrid Kjørlaug.

Bergensaren Rune Fromreide hugsar somrane i Breivika med glede, fullt av folk og mykje arbeid. Med unntak av ein sommar var han i Breivika og hjelpte til i slåtten frå han var liten gut til det var slutt på gardsdrifta til Isak på 1980-talet. – I min familie var vi fire, hjå tante Sigrid var dei også fire og i onkel Kjell sin familie var det fem personar. Det vart mykje folk på ein gong, og eg trur vi var her i to-tre veker. Kanskje ikkje alle heile tida, men eg hugsar at eg følte meg veldig velkomen og treivst godt. Det var eit ekstra pluss at eg fekk køyre traktor og vere med ut og fiske. Etter kvart som eg vaks til var eg her også åleine med Solveig og Isak.

 

Rune Fromreide og mor hans Ingrid hesjar i Breivika tidleg på 1980-talet. Foto privat.

– Dei sette pris på hjelpa med å få høyet i hus?

– Ja, dei trong all den hjelp dei kunne få. Fyrst var det berre Isak og syster hans Kristi som var her. Etter kvart gifta Isak seg med Solveig Russøy, frå Batalden, som hadde vore her og stelt mor deira på hennar gamle og sengeliggande dagar. Solveig laga fantastisk god mat, både middag og brødmat, same kor mange vi var til bords. Rømmekollene vi fekk sommarsdagen hugsar eg enno. Far min, Sivert, var ein nevenyttig arbeidskar, og fekk ofte jobben med å felle skog. Elles såg no far kva som trong gjerast og gjorde det.

– Korleis vil du skildre Isak?

– Han var ein snill mann med godt humør. Veldig hjelpsam og gåvmild. Han hadde i det heile mange fine eigenskapar og neppe mange fiendar. Han dreiv ikkje med baksnakking, heller det vi i dag kallar «framsnakking». I mine auge var han ein heidersmann, med ein lun og god humor. Og ein god replikk. Eg trur han var glad i folk, sjølv om han kanskje ikkje gav så mykje uttrykk for det. Han virka alltid nøgd når det kom folk.

Isak, systra Kristi og kona Solveig i slåtten, saman med Kari Persen. Ho er dotter til Fredrik Persen, som under krigen dreiv radiostasjonen Roska saman med Atle Svardal. Foto: Utlån Flora historielag.

– Kva hugsar du om syster til Isak, Kristi?

– Kristi fekk trefot etter at ho fekk tuberkulose i eine foten og måtte amputere den. Mor sa at dei levde på uføretrygda hennar og sette resten av det dei tente på bok. Kristi var ei sterk og myndig dame, veldig reinsleg og skulle ha alt på stell. Dei la papp på golvet som beskyttelse over linoleumsbelegget, fortel Rune Fromreide. – Ja, den pappen på golvet hugsar eg best frå då eg kom hit fyrste gongen, skyt Wenche Fjørtoft, kona hans inn. – Sparsemda stod høgt i kurs her, seier ho.

– Isak samla på alt mogeleg og han kasta ikkje noko. Fjøs, naust og uthus var stappfulle av gamalt skrot. Ja, det var fullt over alt, både ute og inne. Eldhuset var til dømes fullt av sko.

Etter båthavari og torpederingar under krigen samla han på alt som rak i land. Kvinnene i huset tok nok óg vare på ting, for her var vekeblad i haugevis, Illustrert og Alle Kvinner. Då mor og far min vart pensjonistar, var dei her i vekesvis. Dei rydda og brende, rydda og brende, i det uendelege. Ein som skulle hit på besøk lurde på kvar Breivika var? Og fekk til svar at det var der dei brende bål heile tida.

Rune Fromreide meiner at det var sjøen som var livet for Isak. Han hadde ikkje lyst til å vere bonde, men han var eldst og broren Kåre vart lensmann i Hyllestad, og då var det berre Isak til å ta over garden. Han kjende også ansvar for systera Kristi, som var ufør. Isak treivst som vikarstyrmann på Atløy, som gjekk i rutefart på Sogn om sommaren. Heime hadde dei to-tre mjølkekyr og 20 vinterfora sauer, høner og ein gris. Dyra var det helst Solveig og Kristi som stelte med, meiner Rune.

Isak ombord i båten sin «Spiren». Foto: Privat.

– Isak hadde to båtar, «Odin» og «Spiren». Alle som skulle i Breivika måtte hentast med båt og det tok si tid fordi båten hadde ein gamal, sokalla oppvarmingsmotor, der ein måtte fyre opp motoren med ein flammeblåsar. Det var mykje styr med det og vi tykte det vart for mykje styr for Isak med all denne fraktinga og den tungvinte motoren. Maset vårt irriterte han: «Det kostar meg ikkje meir enn å gå på dass», slo han fast og det var ikkje meir å snakke om.

Elles trur Fromreide at alle som kjende Isak hugsar korleis han gjekk kledd. Det var i ei blå snikkarbukse, flanellskjorte og ei blankslita dressjakke utanpå. Og skipparhue med blank brem. Men når han reiste vekk ville han vere fint kledd, sjølv om det ikkje var siste mote det han hadde på seg. I den tid var det tydelege skilje mellom bestkle og arbeidskle.

– Mor sa alltid at Isak ikkje var ein mann av store ord. Som døme brukte ho ein tale han heldt i bryllaupet hennar. «Eg vil takke deg Ingrid for alt det gode du har gjort for oss», sa Isak og sette seg ned att. Det var den einaste talen i bryllaupet til foreldra mine, og truleg den einaste han heldt i livet.

 

Brudebilete av Solveig Russøy og Isak Bredvik. Foto: Utlån Flora historielag. 

Solveig og Isak var godt vaksne då dei gifta seg og fekk ikkje barn sjølve. –Dei var begge glade i ungar, såg og brydde seg om oss. Han var gniten med seg sjølv, men veldig raus med julegåver til oss ungane. Det var ski og skøyter han kom med, slikt foreldra våre ikkje hadde råd til.

– Kva fortalde han om krigen?

– Ingenting det eg hugsar. Han tok på seg eit stort ansvar under krigen, og var aldri i tvil om at han skulle vere med i motstandskampen. Trur han såg på det som ei plikt. Han reagerte på det han opplevde som urettferd, og var lite begeistra for den behandlinga sokalla tyskarjenter fekk etter krigen. Han likte ikkje at «gode nordmenn» klypte håret av desse jentene. Etter at han kom ut av fengselet i Bergen såg han mishandling som han ikkje tykte var oss verdig. Han meinte at nokon av dei verste følgjene av krigen var at vi var blitt smitta av tyskarane sin oppførsel, seier Rune Fromreide.

Det var Kristi og mor hans som fortalde om krigen, kanskje mest mora. Dei var begge i Breivika då tyskarane tok radiostasjonen Roska 13. mars 1945, Atle Svardal vart skoten og Isak teken til fange. Kva fortalde dei?

– Mor mi var fødd i 1921 og såleis ei ung kvinne under krigen. Ho hadde ikkje barn då og kom til Breivika fordi ho følte ho måtte vere her med bestemor si og tanta Kristi. Ho følte dei trong hjelp. Den dramatiske dagen truga tyskarane med å ta henne med seg når dei drog. Dei sa også at dei ville kome att og brenne opp huset i Breivika. Det er klart at det var minne som sat som spikra for livet. Eg hugsar Isak, eg og far min gjekk opp der radiostasjonen Roska hadde lege. Vi fann att der namnet Atle Svardal var rissa inn i berget. Eg trur ikkje Isak hadde problem etter det han var med på under krigen, for eg opplevde han som alltid i godt humør, seier Rune Fromreide om grandonkelen.

Namnet Atle Svardal vart rissa inn i berget der radiostasjonen Roska låg. Foto: Privat.

Wenche Fjørtoft og Rune Fromreide likar seg i Breivika og er her mest mellom påske og haustferien. Kanskje blir det meir no når dei begge er pensjonistar. Dei bur elles i Sogndal og har to vaksne døtre.

– Isak selde bruket til mor og søstera Sigrid for ein symbolsk sum før han døydde. Seinare overtok eg og Magnar bruket. Isak ville at vi skulle ha det og ta vare på det. Isak og Solveig budde i ein eldrebustad i Florø dei siste åra dei levde. Han måtte amputere eine foten han også til slutt, men var gjerne med til Breivika så lenge det let seg gjere. Eg kjenner på ansvar for å halde det ved like her så lenge eg maktar, seier Rune Fromreide.

Intervju: Magni Øvrebotten juli 2025/februar 2026.

6. mars 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-03-06 08:35:422026-03-06 16:00:07– Isak var heil ved
Aktuelt, Arkiv

Lærarane i Garden

Frå venstre Birthe, Elisabeth, Bolette og Karen. Foto: Rune Nordbotten.

Elisabeth Ruud Nordbotten har vore lærar ved Svelgen skule i 25 år, og før det arbeidde ho som førskulelærar frå 1987. I 1996 gifta ho seg med Rune Nordbotten, i Botnane, og frå 1998 til 2002 fekk dei tre døtrer; Bolette Maria, Birthe Johanne og Karen Betine. Elisabeth kan ikkje ha snakka ned læraryrket for alle tre døtrene har satsa på det. Dei to eldste arbeider som lærarar og yngstejenta går siste året på utdanninga for barnehagelærarar på Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

– Det kan vere uttrykk for dårleg fantasi også, ler Elisabeth, ein kveld i romjula der eg har bedt dei fire om ei prat om læraryrket. Døtrene har på førehand gjeve beskjed om at dei har lite å tilføre samtalen, men det er sjeldan å møte ein så lettsnakka og engasjert gjeng som dette. – Det er vel eg som er stillast, eg tek meg stundom i å rette opp handa for å få sagt noko, slik eg gjorde som liten, seier Karen.

– Dei har i alle høve sett at det er mykje arbeid å vere lærar. Men eg sat vel mest med arbeidet etter at dei hadde lagt seg. Ved Svelgen skule var vi heldige og fekk kvar vår PC tidleg. Dåverande rektor sa at for han var det nett det same kvar vi sat med arbeidet, om det var på månen eller heime, berre det vart gjort, fortel Elisabeth. Etter mange år som førskulelærar fekk ho lyst til å arbeide med større barn og tok vidareutdanning i 5-10-årspedagogikk, matte 1.-7. klasse og grunnleggande lese- og skriveopplæring.

Systrene Birthe, Bolette og Karen. Bolette er eldst, deretter Birthe og Karen. 

– Har de kjent på press om å bli lærarar?

Det er dei tre døtrene samstemte i at dei ikkje har kjent på, korkje om å bli lærar eller bonde, slik foreldra er. – Det er vel helst eg som har skremt dei av frå bondeyrket, skyt pappa Rune inn, med å arbeide seint og tidleg. Døtrene minnest det som kjekt at både mor og far var der i skuleferien, som også betydde slåttonn for alle. Dei hadde også Besta og Besten (Kari og Johannes Nordbotten) rett ned i vegen og hugsar bestefaren formante dei om å ikkje la seg presse til yrkesval dei ikkje ville sjølve. Det har heller ikkje foreldra gjort.

Bolette hugsar at dei likte å leike skule og at mora gav dei oppgåver som høvde til leiken. For henne har det alltid vore eit alternativ å bli lærar. Men ho prøvde seg også i Heimetenesta for å tene litt ekstra pengar under utdanninga, og vart då også sikrare i valet sitt. Ho studerte fleirkulturell forståing ved NLA høgskulen i Bergen og tok deretter lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen, for alderstrinna 1.- 7. klasse. Ho søkte og fekk fast jobb ved Svelgen skule før ho var ferdig med studiet i Bergen.

Våren 2024 flytta Bolette Nordbotten Espedal heim til Botnane med mann og to barn, og pendlar no Botnane-Svelgen saman med dei to borna, mora Elisabeth og stundom ei nabojente. Om dei to lærarane skal ha møte, eller arbeide utover skuletida, blir borna på fire og 1,5 år henta i barnehagen av far Fredrik eller bestefar Rune. Det er som regel kvar tysdag det skjer.

 

Bolette Maria Nordbotten Espedal. 

– Eg hadde ikkje fått meg fast jobb så tidleg om vi hadde blitt verande i Bergensområdet, men utanfor dei store byane og pressområda tek dei mot utdanna lærar med opne armar, seier Bolette. Ho likar seg som kontaktlærar i 4.og 5.klasse, som er slegne saman i Svelgen. Ho underviser i norsk, matte, engelsk, gym, mat og helse, KRLE, og kunst- og handverk. – Det er mange gode møte med barn når dei viser at dei har tillit til deg, og det er ein jobb å bygge denne tilliten både med borna, dei i mellom og foreldra deira.

Skulen brann ned i oktober

Birthe Nordbotten ville ha eit yrke der ho fekk arbeide med menneske, men hadde ikkje noko brennande ynskje om å bli lærar. Men ho tok likevel lærarutdanning ved NTNU i Trondheim, og eit årsstudium i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. I haust flytta ho til Sørreisa i Troms, midt mellom Senja og Bardufoss, saman med ei studieveninne. Der byrja Birthe som lærar for fyrste klasse. Sørreisa barne- og ungdomsskule er den einaste skulen i Sørreisa kommune, etter at fleire skular vart lagt ned for eit par år sidan. Det er ein skule med 400 elevar og 70 tilsette.

– Vi hadde kome godt i gang, men søndag 26. oktober brann delar av skulen ned. Det var den delen der skulefritidsordninga (SFO) og barneskulen held til som gjekk opp i røyk. Heldigvis skjedde det ein søndag, ingen vart skadde og brannårsaka var feil på det elektriske anlegget. Vi slapp spekulasjonar om brannen var påsett, i staden skapte brannen samhald og alle har stilt opp for å hjelpe.

 

Birthe Johanne Nordbotten. 

– Kvar underviser du fyrste klasse no då?
– SFO og fyrste klasse held til i kapellet, i ein kjellar. Vi er dobbelt så mange som det er plass til. Difor er vi ute halve dagen. Det går fint det, men vi må improvisere heile tida, så eg har svært god nytte av årsstudiet  i friluftsliv.  Kontor- og ungdomsskulebygget var nyoppussa for nokre år sidan og overlevde brannen, det var den eldste delen av skulen som brann.

Karen var mest i tvil

– Av oss tre er det vel eg som har vore mest i tvil om kva eg skulle satse på, seier Karen Nordbotten, som går siste året på utdanninga for barnehagelærarar på Høgskulen på Vestlandet i Bergen. – Eg hadde ikkje lyst til å bli barnehagelærar før eg vart tante og oppdaga kor kjekt det er å vere saman med, og leike med, ungar. Mange på studiet vil ta master med det same, etter at vi er ferdige med dei tre åra til våren, men eg vil ut i arbeidd før eg eventuelt tek meir utdanning.

– Du vil prøve yrket i praksis?

– Ja, no har vi ein god del praksis i sjølve studiet og eg har likt meg godt dei plassane eg har vore. Ungane har ofte mykje artig å fortelje. Nokon barn tek meir plass enn andre og sidan eg har vore litt beskjeden sjølv prøver eg å høyre også på dei som seier lite, kanskje ikkje noko i det heile, seier Karen. Det ho gruar seg mest til er foreldresamtalar, stort ansvar og det å ta opp vanskelege ting med både barn, foreldre og kollegaer.

Karen Betine Nordbotten. 

Her kjenner systrene seg godt att. Dei trur alle nyutdanna gruar seg mest til å møte foreldra til borna, særleg dersom det er problem av noko slag. Studentane får øvd på det både i utdanning og praksis, å snakke om positive og negative ting med både barn/elevar og foreldre, men når ein skal i elden for fyrste gong åleine kjennest det tøft, slår dei fast.

– Tyngda av dei som arbeider i barnehagar er ikkje pedagogar, men mange av dei har mange års røynsle med å arbeide med barn, ofte i den aktuelle barnehagen. Då er det ikkje alltid så enkelt å kome der som nytilsett, nyutdanna pedagog og skulle til å praktisere det ein har lært på studiet, seier Elisabeth.

– Eg har vore heldig der eg arbeider, eg er nesten aldri åleine i klasserommet. Det er 33 elevar i fyrste klasse, fire lærarar og ein assistent. Fire av elevane kjem frå Ukraina og skal lære seg norsk heilt frå grunnen av. Det er ein fin klasse, lett å bli kjend med og trygg på, seier Birthe.

Leiken på veg attende i skulen?   

Elisabeth Ruud Nordbotten byrja som barneskulelærar berre nokre år etter at 6-årsreforma vart innført i 1997. Ei reform forskarane ikkje har funne nokon framsteg med. Tvert om er det mykje som tyder på at ho har skapt mange skuleleie barn og ungdomar, og er ein viktig grunn til at mange ikkje fullfører vidaregåande skule. Dei fire rundt bordet i Garden ynskjer leiken velkomen attende i skulen og håpar at det no vert gjort alvor av det.

 

Elisabeth Ruud Nordbotten. 

– Då snakkar vi om fri leik, ikkje styrt av vaksne. I den grad vi klarer å få ungane til å leike i barneskulen kan vi hindre at dei hoppar av i den vidaregåande skulen. Det å bevege seg i terrenget er bra for læring, særleg i ulendt terreng, seier Elisabeth.

– I Sørreisa startar vi kvar dag med ein times leik og kvar fredag er vi ute med borna heile dagen. Borna har godt av å kome ut av skulegarden og ut i skogen eller ned i fjøra. Det går godt an å drive med både bokstav- og talundervising der. Ber vi ungane om å finne så mange steinar at dei kan forme ein S, så er det eit heilt anna engasjement enn når dei sit ved pulten og skal skrive bokstaven, seier Birthe engasjert. Dette har ho verkeleg fått prøvd i praksis i haust etter at skulen brann ned. – Det er merkbart mindre konflikter når borna leikar ute på uteskule mot når dei berre er ute i skulegarden. Å vere ute i naturen er roande, for ein seksåring er det å sitte i ro mest naturstridig, seier Birthe.

– Både barnehage og skule har endra seg mykje på dei snart 40 åra du har drive som lærar, Elisabeth?

– Ja, veldig. Både barnehage, skule, elevar og foreldre har endra seg mykje. Det har alltid vore eit stort ansvar å vere lærar, men det har ikkje nett minka. Vi skal takle veldig mange ulike problem, og helst sjå dei og gjere noko med dei før dei vert for store. Kva skal borna minnast frå skuletida si? Burde vi gjort meir for den eleven, eventuelt kva? Korleis sikrar vi at elevane i alle høve har ein vaksen dei kan ha tillit til?  Det kan vere overveldande spørsmål å tenke på, seier Elisabeth.

– Kvernar slike spørsmål ofte rundt i hovudet etter avslutta skuledag, Bolette?

– Med to små barn i bilen heim og rundt meg når eg kjem heim får eg lite tid til å tenkje på anna enn dei. Eg har det med å drøyme om jobben og då drøymer eg ofte om at eg har gløymt å førebu noko. Som kontaktlærar er det mykje anna enn undervisinga å tenke på.

Det er ein snakkefør gjeng som sit rundt bordet og tre av fire har strikka samstundes, her er det openbert god trening i å gjere fleire ting samstundes. Dei vedgår at det vert mykje «pedagogikk-snakk» når alle er heime. – Trur pappa kjenner seg litt utanfor stundom, sjølv om han også kan hive seg inn i diskusjonane våre, seier Birthe spøkefullt og kikar bort på Rune, som nett har kome inn frå fjøsstellet.

 

Intervju 30.12.25. Magni Øvrebotten
Foto: Rune Nordbotten, 02.01.26.   

 

3. januar 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-01-03 09:15:142026-01-03 14:40:46Lærarane i Garden
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Fullt av folk på Kvievatnet

 

Minne er usikkert og stundom minnest ein ting som ikkje har hent eller vore slik ein minnest.

På 1950 og 60 talet var vintrane kalde, serleg etter jul. Januar, februar, ja, like ut til slutten av mars og byrjinga av april låg det snø og det kunne vere farande is på vatna. Var det ikkje det då? Vintrane når isen låg på vatnet var det laurdags- og sundags-kveldane fullt av folk på isen på Kvievatnet. Fullt av folk? Det kan det ikkje ha vore. Det var ikkje folk nok til det. Men der det mest ikkje er folk skal det ikkje så mange til før det vert fullt. Det er nok det som verkar i minnet.

Fire frostnetter og dagar etter at isen hadde lagt seg skulle isen vere trygg. Gode fire tommar. Far min gjekk over vatnet og prøvde med øksehammaren. I firetida på ettermiddag kom dei hine ungane. Då hadde dei vore heim etter skulen og glefst i seg middagsmaten. Så rett av stad til vatnet. Reima på seg skøytene og la i veg ut over den mørke, blanke flata. Sjølv har eg alle dagar vore ein klums så å gå på skeiser lærde eg aldri. Men på isen var eg så lenge dei hine var der. Ein var sjølvsagt avundsjuk på dei som kunne skli av garde som ingen ting, leggje hendene på ryggen og berre sparke i veg så isspruten sto kring skøytestålet. Dei som kunne alt det dei snakka om i radio når det var skeiselaup. Den gongen varde ein 10 000 meter ein heil ettermiddag. Åh, dei kunne gjere åttetal så lett som ingen ting. Men når ein hadde laga bane og skulle ha laup og take rundetider, så var det eg som hadde knallpistol.

Skulen låg den gong så nær vatnet at det var berre over Håjen så kunne ein i matfriminuttet, om ein nøyte seg og tok skjeva i neven og åt medan ein sprang, så kunne ein få teke seg nokre rundar på Isen. Det var i helgane, når det var fint ver, at der kom vaksne på isen. Det som måtte vere av ungdom, det kan ikkje ha vore mange, men der var. Dei kunne finne på uvanlege ting som å tende opp bål på steinen i vatnet. Svarte skuggar glei ut og inn av det flakkande lysskinet. Lyden av skeiser mot is, lukta av sur brannrøyk, rå ved og solar. Dei kunne halde på lenge etter at vi småungane var sende eller jaga heim. Sjølv dei eldste av oss var småungar når dei kom.

På sundagane kom dei verkeleg vaksne og til å med dei gamle, eller rettare dei vi helt for gamle. Dei hadde ikkje skøyter for dei var ikkje komne for å renne, men for å treffe folk. Isen var det ein i dag ville kalla for ein møteplass eller sosial arena. Det visste ikkje folk den gongen, dei berre kom. Nokon av desse vaksne hadde skeiser med og dei tok dei til og med på seg og gjorde nokre svingar no og då for å syne at dei enno kunne gamle kunster og skrytte av kor lenge det var sidan sist, og at det var mest eit under at dei framleis kom i frå det med live, og med beina heile. Av dei vaksne var det berre karane som gjekk på skeiser. Så vidt eg kan hugse. Det gjekk rett nok rykte om at det var eit par vaksne jenter som rende på skeiser, men det var før dei var gifte. Det var rett nok før krigen ein gong. Den eine var mi tante Magnhild og så ei sør i Sonde. Dei var visst nok så flinke at nokre av gutane ein dag hadde teke og gøymt skeisene deira. Sportsmateriellet var etter våre dagars mål heller enkelt, det var snabelskeiser med reimar og så eit par som hadde langrennsskeiser med reimar. Det var svære greier. Jentene var av ein eller annan grunn utstyrte med bandy- skøyter. Ein måtte mest ha beksaumar på om skøytene skulle sitje. Reima skøyter på gummistøvelar var dårleg sort, og dessutan kaldt. Skulle det sitje så nokolunde måtte reimane stramast så det gjekk ut over blodomlaupet.

Det leid til fjøstid. Himmelen raudna vest ute over Skorpa og Batalden, og Urahåjen sto skuggesvart. Heia, Gulskarnipa og Futenipa, i det siste rosa skinet av solefallet. Lyden av stålis drøna frå luft under isen. Ropa røystene frå dei inn under Rabbane, som var så langt borte at ein ikkje kunne høyre kva dei sa. Dei som hadde fare like inn på Eide og heilt inn på Rundevatnet, der det var ein liten holme med to tre på. Dei som var så lang borte at dei gjekk i eitt med skuggane og mørkret, før dei kom susande på skjerande blankt stål . Hei ! Det som ikkje hadde fjøsstell og anna å anke på heime, kunne halde ut til lenge etter att det var mørkt før dei tende lommelyktene og tusla seg heim. Og isen låg still og blank og spegla utepæra på Løype.

Fridtjov Urdal, 1. nyttårsdag 2026.

 

1. januar 2026/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2026-01-01 12:24:202026-03-05 22:10:40Fullt av folk på Kvievatnet
Aktuelt, Arkiv, Historikk

«Det vil helst gå godt»

Det er eit utsagn eg føler oppsummerer intervjua eg har hatt med tre av dei fire borna til folkeskulelæraren min, Knut Gulestø. Han var lærar på Botnane skule frå 1959 til 1974 og budde med familien sin i Gulestøa, ein då einbølt gard nord om Botnane. Dit kom det veg same året som til Botnane, i desember 1993.  Fram til då måtte ein i båt same kvar ein skulle.  Med tresnekka Fix, på 24 fot, reiste Knut fram og attende Gulestøa-Botnane kvar skuledag, med opp til tre av borna i båten samstundes. Eg hugsar at vi stod i glaset heime og speida etter båten hans når det var skikkeleg galever. Korleis var det då å vere ombord? 

 

Gulestøa. Foto: Privat.

Linda Gulestø: – Såg på far min som ein Gud i båten

Linda Gulestø (1954) er eldst av dei fire borna til Johanne (1933-2016) og Knut Gulestø (1930-2008). Hausten 1961 byrja Linda på skulen og minnest at ho fyrste tida var med far sin i eit ope, lite raudt eggeskal av ein båt, som det ikkje var forsvarleg å gå vinteren i møte med. Men Linda var ikkje redd, for ho såg på far sin som ein Gud i båten.

Den hausten kjøpte Knut Gulestø seg ein Tresfjord båt, som fekk namnet «Fix», ein båt han brukte i alle dei 15 åra han var lærar i Botnane. På Fix vart det frå fyrst av bygt ei treråme framme med presenning over, for å livde for verste vinden og sjøsprøyten. På godversdagar kunne båtreisa Gulestøa-Botnane vere ein roleg og fin tur langsmed land, men i styggever var det alt anna enn roleg. Linda likte seg best i styggever, godver var kjedeleg. Ho hadde med seg bok for å forkorte tida.

–  Eg kan ikkje hugse at eg var redd nokon gong, eg tykte det var spennande å vere med. Eg trur eg såg på far min nærmast som ein Gud i båten. Når han var roleg så var eg det óg, fortel Linda. Ho opplevde ingen av dei motorhavaria som brørne var med på, men hugsar ein gong at presenningen datt ned over henne og broren Kåre Johan (1957). Seinare vart det bygt eit overbygg på Fix.

Fix på veg mot land ved nausta i Gulestøa. Foto privat.

– Du opplevde aldri at far din var redd?

– Nei, eg hadde aldri inntrykk av det. Den gongen hadde eg ingen tanke for kor redd mamma må ha vore mange gonger. Det skjønte eg ikkje før eg sjølv fekk barn. På det meste var tre av oss med pappa i båten, men dei fleste åra var vi to. Og pappa skulle på jobb og vi på skulen same kva ver det var.

– Mor di fortalde at det var to gonger ho truga med å reise frå Gulestøa for godt om han drog, og då vart de heime?

– Ja, ho skal ha pakka kofferten to gonger for å dra om han reiste i det galeveret som var. Det var tydelegvis ikkje ein trussel ho brukte ofte sidan han tok det på alvor dei to gongene. Mamma var oppteken av at vi ikkje skulle merke slike diskusjonar mellom dei, men stemninga fekk vi no med oss!

 

Familiebilete frå 2000. Johanne og Knut framme, Frå venstre bak: Kåre Johan, Sven, Linda
og Terje. Bilete er skanna frå Bremanger bygdebok. Band II.

– Og i Botnane gjekk vi og såg etter båten til Knut når det var styggever.

– Ja, eg hadde inntrykk av at bygda passa på oss. Eg trur Alma Sande ringde mamma så snart ho såg i båten vår når det var skikkeleg styggever. Eg har ei svak aning om ei overnatting i Botnane fordi folk overtalte pappa til ikkje å fare heim på grunn av veret.  Eg gjekk heile oppveksten og ynskte at vi skulle bu i Botnane, særleg etter at eg byrja på skulen og oppdaga at det fanst andre ungar der!

– Brørne dine lærde seg tidleg å føre båten, kva med deg ?

– Du, det sveiv meg aldri å spørje om å få gjere det. Trur ikkje pappa hadde nekta meg det om eg hadde spurt, men tydelegvis såg ingen av oss det som naturleg. Eg hadde ingen tanke om å lære meg å legge til eller ta frå land med båten, men for brørne mine var det heilt naturleg å lære seg det. Men alle lærde at vi ikkje skulle ha sjøstøvlar på i båt.

Elles hugsar Linda ein gong ho og faren skulle til Kjelkenes og handle, noko dei gjorde ein gong i veka, og vart gåande rundt og rundt i skodda. Men også det løyste seg og dei kom fram. Ho vart ikkje redd på sjøen av oppveksten i båt, heller tvert om. – For nokre år sidan reiste eg med ei veninne med ein ribb-båt over Oslofjorden. Det var godt ver, men ribben slo og slo mot båra, og eg tykte det var nett som då eg var unge. Det var som å reise på skulen med båten vår, seier Linda Gulestø.   (Intervjua 02.07.24.)

I songen «Dagane på skulen i Botnane» har Knut Gulestø sjølv skildra båtreisa. Det er ein takkesong på seks vers, truleg skriven til avsluttingsfesten for Knut då han slutta som lærar i Botnane i 1974. Dei to siste versa lyder slik:

Det hende at mi skute så reint for liten var,
når regnet small mot rute og vinden var så hard.
Men alltid var det husrom, og seng vart laga til,
slik var det alltid kvar eg kom. For det eg takke vil.
Og tidt det kom beskjed; ta berre borna med
og kom så att til middag for den er laga te`.

Når eg skal skrive songen om ei forgangen tid,
eg kan`kje gløyme gongen då eg lei havari.
Det var nok fleire vender at Fix var nær på grunn,
men alltid var det hender til hjelp i slik ei stund.
I stormen tryggleik var i kvart eit augepar
som følgde oss på ferda til vel i hamn vi var.

 

Terje Gulestø og Linda Gulestø sommaren 2025. Foto: Privat.

Terje Gulestø: – Vi hadde ingenting å hjelpe oss med

– Pappa var ein flink mann på sjøen og vi hadde ein solid båt som låg godt i vatnet, men det var likevel mange vågale turar mellom Gulestøa og Botnane, ikkje minst når eg tenkjer på at vi hadde ingenting å hjelpe oss med om det gjekk gale. Ingen redningsvestar, ingen flåte, ingen radio. Absolutt ingenting, fortel Terje Gulestø (1960). Han er nummer tre i syskenflokken i Gulestøa og rakk eitt år på skulen med storesyster og storbror i båten, og tre år til saman med dei to brødrene. Det var dei fire åra Knut Gulestø hadde med tre av fire born i tresnekka Fix til og frå skulen i Botnane.

Ei tid var det todelt skule i Botnane og den ekstra læraren budde i Sørgulen, og vart henta der om morgonen av Knut. Terje hugsar ei ung lærarinne frå Bergenskanten som må ha vore vanvittig redd for båtreisa i styggever, han skjønte det berre ikkje som barn. – Båten hadde berre kalesje, med eit lite firkanta vindauge framme med manuelle vindaugsviskarar. Der sat pappa med taumar og styrde båten. I Heianeset møtte vi storhavet, båten gjekk opp og ned i store bølger, opp og ned. Då treiv lærarinna tak i meg og sette meg på fanget sitt, og på dei verste bølgetoppane kneip ho meg veldig hardt. Trur ikkje eg skreik, sjølv om det gjorde vondt, men stakkars dame, ho må ha hatt det fælt.

– Vart du ikkje redd?
– Nei, eg har aldri vore redd på sjøen. Veit ikkje om eg er dumdristig eller ikkje har betre vit, men redd var eg ikkje. Men eg brukar stundom historia om denne lærarinna for å forklare folk korleis det var å ta seg fram med den vesle trebåten.

– Og utan redningsvestar?
– Ja, nei, det var ikkje vanleg utstyr for snart 60 år sidan. Trur det kom ei forskrift om at det skulle vere redningsvestar om bord, og då trur eg pappa overtok nokon frå syskenbarnet sitt, Kristoffer i Pollen. Han skulle byte dei ut, men dei var ganske ubrukelege til føremålet, men vi hadde dei med i båten. Det var ikkje mykje pengar å rutte med. Pappa hadde prøvt å få litt meir godtgjerdsle for å drive skuleskyss attåt lærarjobben, men utan særleg gjennomslag. Ikkje trur eg han hadde heilt trua på at det var noko hjelp i desse redningsvestane heller.

– De reiste i alt slags ver?
– Ja, i grunnen gjorde vi det. Pappa hadde ikkje radio i båten, og skulle i Sørgulen og hente den andre læraren, så vi ungane hadde i oppgåve å pugge siste vermeldinga før vi kom i båten nokre minutt over åtte. Det var ikkje berre lett å skjøne og hugse vermeldinga, vindretningar og styrke. Trur det var ustabile meldingar han fekk av oss. Og veret kunne skifte mykje frå morgon til kveld, og vi la til den kaia i Botnane som det var vindforhold til å kome seg i land på. Også heime i Gulestøa måtte det ofte til fleire forsøk før han kunne legge båten til lands. Det kom ikkje kommunal kai før i 1972, meiner eg å hugse. Før den tid var det berre ein steinvorr.

Tre havari i svartestilla

– Knut skriv i ein song om då han «lei havari» med Fix. Var du med?
– Ja, det er ei forunderleg historie. Det vart vel heile tre havari til saman. Pappa hadde skifta båtmotor frå ein Sabb på 4-6 hestekrefter til ein Marna, ein litt kraftigare motor. Det var ein norskprodusert motor frå Mandal, som pappa hadde blitt rådd til å kjøpe. Det gjekk bra ei stund. Det fyrste havariet var då veivakslingen brotna, ein støypt metalldel midt i motoren. Det var eit totalt motorhavari, som skjedde i blikkstilt ver. Han fekk tak i ein ny veivaksel, som også rauk ein dag det var heilt stilt. Pappa tok kontakt med dei som leverte desse veivakslingane, men dei tok ikkje på seg noko ansvar. Han måtte ha tre motorhavari med same type aksling før motorfabrikken vedgjekk at det var ein feil med den. Det skjedde alltid i stilla og pappa snakka mykje om kor svinheldige vi var med veret. Barn tenkjer ikkje så langt, så vi oppfatta ikkje kor gale det kunne ha gått om det ikkje var stilt. Det hadde vore rett i fjøresteinane om det bles.

Halvtimen det tok å reise frå Gulestøa til Botnane brukte dei til å pugge lekser. Båten rulla og gjekk, stampa og hoppa, og dei pugga salmevers og andre lekser. – Vi visste at vi var dei fyrste han spurde når timen starta. Vi tykte det var urettferdig, men han ville ikkje høyre frå andre foreldre at han favoriserte eigne ungar. Difor måtte vi til pers.

Terje hugsar at han misunnte borna i Botnane som kunne gå rett heim til middag, medan dei som skulle til Gulestøa gomla på ei turr skive dei hadde spart til heimreisa. – Heimturen kunne ta ei æve om pappa tok med tre-fire tømmerstokkar heim for å sage dei på sagbruket. Dei bremsa heile Frøysjøen, og sleit dei seg måtte vi snu og plukke dei opp. Vi gjekk heimover med ein fart på ein til to knop.

Johanne Gulestø. Foto privat. 

– Mamma likte seg ikkje på sjøen
Johanne Gulestø var frå Bø i Vesterålen, men sjølv om ho var nordlending likte ho seg ikkje på sjøen. – Ho var ikkje med ut å fiske eingong, fortel Terje. Det var ho som stelte med sauene og kyrne og stod for den daglege drifta på garden, saman med borna. Etter at svigerforeldra døydde var ho åleine på garden når Knut og borna var på skulen eller vekke for vidare skulegang. – Mamma var nok ikkje av den mest lettskremde typen, men å sitte åleine på land er det verste. Det er då tankane tek over. Då ringde ho til Gunda i Pollen eller Alma i Botnane for å ha nokon å snakke med, sjølv om det var dyrt å bruke telefonen i den tid.

Skulen i Botnane vart lagt ned i 1975, og Knut slutta eitt år før for å ta lærarutdanning i Bergen. Det måtte til for å halde fram som lærar i Svelgen, sidan han ikkje hadde formell lærarutdanning. Etter at han byrja skule i Svelgen fekk Johanne seg arbeid på aldersheimen der og  reiste med Knut i båten. – Sjølv om dei slapp å køyre forbi Heianeset når dei reiste den vegen kunne også den båtturen vere tøff. Eg hugsar vi prøvde å få han til å kjøpe overlevingsdrakter dei kunne ha på seg, men det skulle han ikkje ha noko av. Det berre bles han av, fortel Terje Gulestø  (intervjua 16.12.25).

11. desember 1993 kom den lenge etterlengta vegen til Gulestøa og Botnane. Knut og Johanne var i 60-åra. Han hadde skrive tallause songar og prologar og ein av dei siste prologane han skreiv var til denne vegopinga. Den er med i boka «Berrføtt i tangskog», eit utval av dikt, prologar, kåseri og andre tekstar som borna fekk gjeve ut i 2019, med Grethe Johnsen som redaktør. Prologen om vegopninga har tolv vers og i det sjette heiter det:

For meg er saksa og snora
berre ein seremoni,
om ein ikkje kan knyte til orda
og minna frå gammal tid.
Ei glede kan ikkje bli fullendt forutan å vite
og også forstå;
at det er det beinharde nerveslitet
i fortid du byggjer gleda di på.

 

Vinter i Gulestøa. Foto: Privat.

Sven Gulestø: – Vi hadde mykje flaks

Sven Gulestø (1962) er yngstemann i syskenflokken i Gulestøa. Han trekkjer fyrst fram kor flotte båtturane kunne vere på godversdagar, særleg om vinteren. Å fare heimover i morelden var fantastisk, og når det var snø vart det eit heilt eige landskap. Men det var ikkje så ofte det var godver om vinteren. – Styggever opplevde eg som ubehageleg, men eg var aldri redd. Det var fordi pappa var så roleg. Eg hugsar eg følgde med på ansiktsuttrykka og rørslene hans, dei var rolege og då følte eg meg trygg. Pappa var dyktig og trygg i båten og på sjøen. Men som vaksen har eg tenkt at vi også må ha hatt mykje flaks, seier Sven Gulestø.

Dette bilete av Knut Gulestø er truleg teke tidleg på 2000-talet, ombord i ein nyare båt enn den omtalte Fix. Foto: Privat.

Til liks med Terje hugsar han havaria med båten Fix i godver. Då den tid kom at han og faren var åleine i båten minnest han ein gong dei miste roret utanfor Sletten. Dei var på veg heimatt og det var også ein finversdag. Vi hadde to gamle, små bildekk som fendear på båten, og vi hadde alltid med tau. Vi festa tauet i dekket og den andre enden høgt oppe på båten, og styrde med å presse tauet fram og tilbake, alt etter kva veg vi ville. Vi kom oss vel heim og det var ein nyttig og praktisk fysikktime for meg.

– Korleis hugsar du «redningsutstyret» om bord?

– Det var desse belta pappa hadde overteke etter Kristoffer i Pollen. Dei var i kork og lerret, kan ha vore frå krigens dagar for det eg veit? Hadde vi brukt dei i storver hadde vi garantert drukna. HMS-krav var ikkje påkome den tid vi farta Gulestøa-Botnane, men belta etter Kristoffer kom om bord fordi det kom krav til «sikkerheitsutstyr» i båtar som dreiv skuleskyss. Det gjorde både Kristoffer og pappa, men det var ikkje mykje pengar å hente i det. Og vi var vel eit godt stykke ut på 2000-talet før sikkerheita i småbåtar vart teken på skikkeleg alvor.

– Korleis hugsar du båten Fix?

– Det var to-tre utgåver av den båten. Fyrst var det berre vindskjerm på han, så kom det presenning framme og trevegg bak. Og så laga Norvald i Seljestokken overbygg og rekkverk til å halde seg i.

– Det kjendest vel som eit stort framsteg?

– Ja, absolutt. På Fix var det rorkjetting og den drog til den sida du svinga rattet. Men på Fix var det viktig å ikkje dra for hardt til, for då kunne kjettingen låse seg til ei av sidene. Det hende Terje og meg nær Kjelkenes ein gong. Det gjekk bra det også, Alf i Mulida kom til og hjelpte oss.

Sven Gulestø med eigenkjøpt Wrangler jeans og vest, klar til tur med båten Fix. Foto: Privat.

– De gutane fekk altså ta ut med båten åleine?

– Å, ja då. Vi reiste med den båten frå 11-12 års alder. Det må vel helst seiast å ha vore uforsvarleg tidleg. Men båten hadde ikkje den farten som båtar har no, og vi kjende nok på ansvar for å fare fint med båten til far. Når vi var på veg ut døra brukte han å minne oss om at vi ikkje måtte dra for hardt til. Pappa var oppteken av at vi skulle lære oss å takle både båtar, vind og sjø, og lukkast bra med det. Båt var det einaste framkomstmiddelet vi hadde om vi skulle til og frå Gulestøa, så medan andre lærde seg å køyre bilen til far, lærde vi båten.

–  Gjorde du også lekser på veg til skulen?

– Det gjorde eg sikkert. Men eg hugsar best at eg gjorde lekser på veg heim, i alle høve leseleksene, slik at eg hadde fri heime. Elles så var eg ein lesehest og hadde med bøker om tida fall meg lang. Heime likte eg å vere med mamma i fjøsen og stelle sauene, stutane og den eine kua eg hugsar, som vi vel hadde for å halde oss med mjølk. Ho hadde så store og sørgmodige auge, og må ha blitt horngamal.

Sven hugsar at faren ville vere for seg sjølv på saga eller med anna arbeid når han endeleg var komen heim og kunne få litt åleinetid. – Han var ikkje flink til å lære oss praktisk arbeid, men vi fekk vere med om vi kunne vere til nytte, til dømes i skogen når han skulle vinsje stokkar til sjøen.

– Han hadde lange arbeidsdagar?

– Ja, og han var nok tidvis aldeles utkøyrd. Arbeidsdagen hans starta med at han reiste til Nesbø med mjølkespann, deretter henta han den andre læraren i Sørgulen, før han plukka opp oss ungane i Gulestøa. Så var det båtturen til Botnane, heil skuledag og heimatt med anløp i Gulestøa – Sørgulen – Nesbø, for å hente mjølkespann. Ein gong svima han av i båten og køyrde seg opp på ein sandbank på Nesbø. Det vart sjølvsagt ikkje snakka noko om, men vi overhøyrde at det hadde skjedd.

 

Sven Gulestø i dag. 

– Du byrja i sjuande klasse same hausten som far din byrja som lærar i Svelgen, og gledde deg til å sleppe han som lærar?

– Ja, det såg eg fram til. Det er ei veldig lojalitetskonflikt å ha ein forelder som lærar, du veit ikkje kven du skal halde med. Men i Svelgen fekk eg han som klasseforstandar! Det var nedtur! Etter at han var ferdig med klassen min byrja han med ein fyrsteklasse, som han følgde oppover i sju år. Fleire av dei har fortalt oss at han var ein så god lærar. Det hugsar eg overraska meg, for eg hadde aldri tenkt over korleis han var som lærar, seier Sven Gulestø. (Intervjua 18.12.25).

Tekst: Magni Øvrebotten 21.12.25.

 

 

23. desember 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-12-23 10:47:322026-01-01 12:45:29«Det vil helst gå godt»
Aktuelt, Arkiv

Mytologisk astronomi

Les meir
21. desember 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-12-21 21:36:402026-01-21 10:42:13Mytologisk astronomi
Aktuelt, Arkiv

Minner fra førjulstur til Florø

Julepynta Strandgate på 1980-talet. Foto: R. Aardals Foto. 
Av Jan Roar Hatlem
«Det var min tur det året». Det skal være et sitat fra en kar i «halv-generasjonen» før meg, etter en sjelden tur fra Årebrot til byen. Litt overdrevet er det nok, men faktum er at turer til Florø var såpass sjeldne at det ble en liten opplevelse. Det sagt, var vel fra omtrent da jeg begynte på skolen i 1977 det ble innført svømmeopplæring. Og da måtte vi jo til Florø, det var en lørdag hver femte uke eller noe slikt. Først en time i bassenget, og deretter et par timer i gymsalen. Deretter en times tid for å lete etter tomflaske vi kunne pante for å spe på lommepengene som ble svidd av på snop og tegneserier. Var vel så vidt vi rakk båten noen ganger.
Så de i generasjonene før meg vil nok mene at jeg var ofte i Florø. Likevel, det var såpass sjeldent at det var noe jeg så frem til. Og spesielt var det turen før jul i unge år som huskes.
Florø og ikke minst Strandgata var noe annet på 70-tallet. Det var lenge før Amfi og store butikker på Evja. Strandgata var tettpakket med små og mange spennende butikker og kafeer. Og det var alltid mye folk, overalt. Spesielt før jul da, og sikkert ekstra mye på lørdagene. Butikkene stengte tidlig, og handelen betydelig mer komprimert enn i dag. Og Florøfolket handlet nok det aller meste i egen by den gangen. De reiste ikke til Førde, og ingen hadde hørt om internett og Temu.
Jeg husker julegata som det rene eventyret, og gjorde nok store øyne de første gangene. Det var alltid noe nytt i noen av vinduene, der mange ivrige butikkeiere og ansatte la sjela i pyntingene. Spesielt gjaldt det Landbruk og Glassmagasinet, der de virkelig gjorde mye ut av julepyntingen. Spikret i minnet sitter nissene som beveget seg. Det var rene magien. Jeg husker det var en nisse som tålmodig saget på en kvist på sagkrakken og en som spiste grøt i vinduene på Landbruk. Og var det ikke en som banket i vinduet et sted også? Mener huske det, men klarer ikke helt huske hvor denne var plassert.
Jeg husker de flotte lyslenkene over gata, nesten alltid med noen mørke lamper her og der, og noe hang gjerne litt på «halv åtte». Nordavinden har aldri vært spesiell snill med Strandgata, og det var vel gjerne den som hadde herjet litt. Det gjorde ikke så mye, hørte liksom til.
Fra bakeriene og kafeene kom det pirrende dufter, og julemusikk var det på alle butikker. Det var nok hektisk, mye skulle handles på kort tid. Masse folk og styr. Men for en liten pjokk var det spennende. Et litt rart minne er fra Combi, byens supermarked den gangen. Vi brukte kjøpe en kasse med brus, med litt assortert innhold. Jeg var ikke gamle karen da jeg fikk i oppdrag å plukke sammen en kasse, mens far og Bjørn skulle handle maten. Jeg så gjorde. Sikkert noen flasker med Solo, sitronbrus, champagne og julebrus. Vel ferdig lot jeg den stå og gikk for å finne de andre. Men da vi litt senere kom for å hente var mitt mesterverk borte, i kassakøen stod en voksen kar med kassen under armen, sikkert vel fornøyd med å ha funnet en fiks ferdig kasse med assortert innhold. Jeg turte ikke si noe, men det var vel ikke verre enn å gå i gang med å sette sammen en ny. Brus ble det nok uansett.
Favorittbutikken var nå likevel uten tvil Liviussen (Livius Smith). Det var helt utrolig hvor mye rart han klarte å få plass til på den lille butikken, tror aldri det var en Florøtur uten å være innom der. Han visste virkelig å ta imot oss småtasser, «morgendagens kunder» brukte han visst å si. Mor brukte alltid å handle noen julegaver der inne. Må også nevne «Oddvin med hesten» Han var alltid på plass, med varer på vogna som skulle til butikker og sikkert hjem til de som hadde bestilt noe.
Oddvin med hesten. Foto: R. Aardals Foto.
Så. Var alt bedre før?
Det finnes jo ingen fasit på det, men selv om det jo selvsagt er en høyst subjektiv mening, så mener jeg at julehandelen i Strandgata var bedre og mer koselig den gangen.
Og selv om det ikke var bedre, så er det for meg godt nok at det er slik jeg husker det. Og er det ikke fint da? At man har gode minner fra barneårene, julehandelen og Florø-turer? Slett ikke alle er så heldige at de har gode minner fra barndommen eller jul. Ønsker alle en riktig god jul.
Jan Roar Hatlem 20.12.2025.
21. desember 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-12-21 21:21:572026-01-21 10:41:23Minner fra førjulstur til Florø
Side 2 av 24‹1234›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top