Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

Bryllaupsreise til Botnane

I år er det Jorunn Russøy og Asbjørn Vie som skal spele i gong Bygdehelga Botnane-Årebrot, fredag 11. juli. Dei kjem med konserten «Cohen Boulevard», som dei sette saman i 2016 for å markere ti års samliv. – I år har vi gifta oss og ikkje hatt tid til noko bryllaupsreise, så den får bli til Botnane, ler Jorunn Russøy. Dei er nett ferdige med slåtten og er dei siste som driv med kyr, ja, dyr i det heile, på Vie i Førde.  

Dei har levd og spelt i lag i snart 20 år, og i fleire år spelte dei helg etter helg. – Men vi har slutta med speleoppdrag som byrjar kl. 22.00 og varer utover natta. Det vart for travelt å kombinere med å vere bønder. No tek vi på oss mindre konsertar som den i Botnane. Då treng eg berre skaffe meg fjøsavløysar for ein kveld, seier Asbjørn Vie.

Jorunn Russøy syng og spelar gitar, trompet og kontrabass, medan Asbjørn Vie held seg til tangentinstrumenta. Dei er ikkje knytte opp til ein spesiell musikksjanger. For tida driv dei og øver inn ein julekonsert med norsk popmusikk, saman med andre. Elles har dei spelt både jazz og blues, piano Boggie Woogie, Edith Piaff,  Berthold Brecht og Leonard Cohen. – Vi lagar våre eigne versjonar, som til dømes av Cohen. Han hadde med seg eit ti manns orkester og vi er berre to, så det er ein dyd av nødvendigheit. Det har vore godt motteke der vi har vore før, så vi håpar det slår an også i Botnane, seier Asbjørn Vie.

Han reknar seg sjølv som bonde og spelemann, medan han kallar kona Jorunn ein superkreativ multikunstnar. Mellom mykje anna lagar ho bilete i ulike teknikkar, til dømes i gyldenlær. Til Cohen-konserten har ho laga tre bilete som dei har med på konsert. – Til eit av dei tok eg alle slipsa til Asbjørn og laga til ein installasjon som eg kalla « I’m Your Man», fortel  Jorunn Russøy. Ho har bakgrunn frå kysten, med foreldre frå Værlandet og Russøya, og oppvekst på Askrova. – Det er lyset på kysten eg saknar mest til vanleg, og eg føler meg mest heime når eg sit på eit berg med litt sjø rundt.

Konserten «Cohen Boulevard» fredag 11. juli byrjar kl. 19.00 i Botnane grendahus, Frøysjøvegen 2964. Bilettprisen er kr. 300 og omfattar både konsert, mat og drikke. Du kan betale til Vipps 50 14 65 og merke innbetalinga «konsert». Send også ei melding til leiaren i Botnane og Årebrot grendalag, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73, om kor mange som kjem. Velkomen.

30. juni 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-06-30 21:34:122025-06-30 21:34:12Bryllaupsreise til Botnane
Aktuelt, Arkiv

Sendebrettbana er ein suksess

– Vi er positivt overraska over bruken av sendebrettbana i Botnane. I påska var det eit titals brukarar kvar dag, og ein dag med turnering, seier Rune Nordbotten. – Teknisk sett er bana kåra til ei av dei beste sendebrettbanane i Sogn og Fjordane, men vi ser at det er mykje vi kan gjere betre, legg Fredrik Espedal til. Han syner til det folk skriv på UDisc appen for bana. Svigerfar og svigerson har eit skikkeleg fellesprosjekt å brenne for i denne bana, saman med dotter/ektefelle Bolette Nordbotten Espedal.  Dei var primus motor, og bygdefolk var med og fekk på plass dei tunge rampane for utkast påska 2023.

Rune Nordbotten orienterer tilreisande om bana tidleg i vår. Foto: Ingeborg Sol Fure.

Botnane sendebrettbane har vore i drift sidan juli 2023, med årlege turneringar i påska og  Bygdehelga Botnane-Årebrot i juli. Det er tilreisande og folk på besøk i bygda som brukar bana, men ho er førebels lite brukt av dei fastbuande. – Det er mange par som går bana, og guteflokkar som kjem hit bil. Og folk som har hytte i området. Frå Kalvåg og Bremanger vert det tidvis sett opp båtskyss inn til Botnane for å bruke bana, fortel Rune Nordbotten.

Interessa for å spele diskgolf, på norsk sendebrett, har nærmast eksplodert dei seinare åra. Nokon legg opp ferien sin etter kvar det er banar. Kanskje starta det under koronaen, slik som for Bolette og Fredrik? Dei flytta til Botnane i fjor sommar og då var sendebrettbana alt på plass. Og faste feriefolk fortel at det er lettare å få med seg ungdommar på ferie hit fordi her er noko å gjere på.

– På nettsida kan eg sjå statistikk for til dømes kor langt folk har reist for å bruke bana. Når appen syner 137 unike spelarar, og dei har med seg familie eller vener, kan vi gange med fire i snitt, og det vert 500 ulike brukarar. Statistikken syner at det er gått 1,5 mill. skritt på denne bana, fortel Fredrik Espedal entusiastisk. Han drøymer om å få til ei turnering mellom banane i Sogn og Fjordane, ein «tour» Måløy, Botnane, Florø, Naustdal, Flekke og Solund. Og no vert det også laga bane i Førde. Fredrik drøymer om å få NM til Botnane. – Det er lov å drøyme, seier Rune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei utfordrande bane der sendebrettet må mellom tre og kan også  hamne oppi eit tre. Foto: Ingeborg Sol Fure

Skryt av bana

55 personar har gjeve karakter til bana i Botnane, og litt fleire enn ti har gjeve ei skriftleg melding. Her er nokre døme:

– Flott bane i vakre omgivelser.

– En teknisk bane. En gøy bane. En bane som det har blitt brukt tid på.

– Fine utkast og fin natur. Krevende vindforhold, en av de bedre banene i Norge.

– Nydelig bane, med korte tekniske hull. God variasjon, flotte tee pads. Merk at det kan bli ganske bløtt etter perioder med regn.   

Sendebrettbana i Botnane har 12 korger og 20 utkast. Ei korg på kvart utkast er standard om det skal vere konkurranse. – Det bør også vere meir variasjon i lengda på kasta. I dag er her nokre korger som er knytte til tre utkast, i tillegg til banar som kryssar kvarandre. Det er ikkje noko stort problem i Botnane, men skal ein ha turnering må det vere i orden. Det er planlagt ei ny turneringsløype med 10 nye lengre hol dei komande åra, seier Fredrik Espedal. Den korte løypa ligg i skogen bak grendahuset i Botnane og tek 30 minutt. Den lengste løypa tek om lag to timar og går vidare over elva søraust om grendahuset og utover mot fylkesvegen gjennom bygda.

Bana ligg i eit gamalt kulturbeite der det før beita sauer og kyr, no er det hjorten som rår grunnen. Foto: Ingeborg Sol Fure. 

Betal gjerne til 82 21 71

– Vi har nyleg oppgradert bana med eit sett innerkjetting i kvar korg. Det vil seie at korga fangar sendebrettet betre og hindrar at du kastar rett gjennom. Vi har også laga til fleire vegvisarskilt frå korg til korg, så no kan du gå ruta utan å bruke appen, fortel Fredrik Espedal. Han tykkjer bana er finast om våren, men det er mest om sommaren folk har fri og høve til å fare rundt og spele. Førebels er det få som betalar for bruken av bana. Det kan ein gjere med å vipse eit fritt beløp til  Vipps 82 21 71 og merke innbetalinga «Sendebrettbana». Det er Botnane og Årebrot grendalag som har bygt bana og held ho ved like med hjelp av familien Nordbotten/Espedal. Det er viktig at dei som ferdast på bana tek med seg boksar, flasker og anna avfall heimatt, slik at folk og dyr ikkje vert skada av slikt i naturen.

 

Fredrik Espedal og Rune Nordbotten påska 2023, då det var dugnad på bana. Foto: Magni Øvrebotten.

 

Tekst: Magni Øvrebotten 21. mai 2025.

 

 

 

27. juni 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-06-27 10:47:532025-06-27 10:53:01Sendebrettbana er ein suksess
Aktuelt, Arkiv

Møte med Gestapo

«Kvar dag sidan» heiter utstillinga på Gestapomuseet i Bergen om barn og unge sitt møte med Gestapo på Vestlandet. Eitt av dei åtte døma på slike møte er Oddbjørg Sørbotten (1928-2023) frå Botnane. Den dagen Roskastasjonen i Breivika fall i mars 1945 kom Gestapo på døra på leit etter far og bror hennar, og 16 år gamle Oddbjørg måtte vise rundt i huset med ein ladd pistol mellom skulderblada. 

Magnhild Sørbotten og Peder August Arntzen Sørbotten, dotter og dotterson til Oddbjørg, framfor plakaten som fortel om hennar møte med Gestapo 13. mars 1945. 

I utstillinga har kvar av dei åtte døma ein eigen plakat der historia deira vert fortalt. Oddbjørg er ei av tre kvinner som er med, og ho er ei av tre frå Sogn og Fjordane. Dei andre er frå Hordaland. Berre ein av dei åtte leve. Det er 93 år gamle Per Kvamme frå Granvin. Han var med på opninga av utstillinga på Gestapomuseet 17. juni, og fortalde om då han vart truga med pistol mot tinningen. Gestapo ville ha greie på kvar storebror hans, som var motstandsmann, var å finne. Per Kvamme var då 12 år. På opninga vart han intervjua av kurator for utstillinga Svein Arne Myhren Røyrvik.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skulestilen til Halvdan Øvrebotten er, det vi veit, den einaste skriftlege kjelda vi har frå ein som var med då alle menn i Botnane vart kommanderte ut til Breivika. 

 

På plakaten om Oddbjørg Sørbotten (f. Øvrebotten) vert også stilen til naboguten Halvdan Øvrebotten (1926-93) omtalt. Han var med då Gestapo kommanderte alle menn i Botnane til å vere med til Breivika og bere ned alt utstyret etter radiostasjonen Roska. Det er òg same dagen, 13. mars 1945, som tyskarane hadde skote Atle Svardal og mishandla Fredrik Persen stygt. Stilen er den einaste skriftlege augevitneskildringa frå ein som var med denne kvelden og natta. Halvdan Øvrebotten skreiv stilen etter krigen då han gjekk på Sunnfjord folkehøgskule i Førde. Heldigvis synte han stilen til tanta si, Magna Øvrebotten (1900-1992, mor til Oddbjørg). Ho spurde om å få skrive av stilen og tok vare på han, og takka vere det kan vi no lese om den dramatiske opplevinga. I samband med utstillinga «Kvar dag sidan» er det laga eit eige hefte med stilen som folk kan ta med seg for å lese. På plakaten er det QR-kode til heimesida til Botnane og Årebrot grendalag, www.Botnane.no, der begge historiene er å finne på sida for historikk.

I programhefte til utstillinga står det mellom anna: » Vitnemåla om brutaliteten er mange. Ein treng ikkje leite lenge. Historiene i utstillinga er valde ut mellom fleire. Dei dokumenterer og viser omfanget av det som hende då. Dei vonde minningane har i mange tilfelle sett sine mørke fargar på livet etterpå.  Valdsmakta nytta alle midlar og påførte meir enn skrubbsår og blåmerke. Samstundes er det som hende, berre ein del av det som i dei fleste tilfelle har vore lange menneskeliv fylde av mange andre dagar. Livet er også godt.

Men minneforteljinga peikar òg fram mot notida, til det som skjer i dag, andre stader kring oss. Det er mange born og unge som no går gjennom det same som eldre vestlandske  kvinner og menn fortel om som vonde barndomsminne».

Utstillinga blir ståande på Gestapomuseet i Bergen til august 2026 og det går an å tinge seg omvising. Ho skal brukast i eit nytt undervisingstilbod for elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og vil utfylle det alt eksisterande tilbodet Gestapomuseet og Stiftelsen Lenken tilbyr over 3000 elevar. Det er historiebasert undervising som har som mål å løfta menneskeverdet, byggja fred og sikra demokratiet ved å bidra til å skape unge, engasjerte og aktive medborgarar, heiter det i programhefte for «Kvar dag sidan».

Tekst og bilete: Magni Øvrebotten 18. juni 2025.
For ordens skuld må eg opplyse at Oddbjørg Sørbotten var farsyster mi.

27. juni 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-06-27 10:13:422025-06-27 10:13:42Møte med Gestapo
Aktuelt, aktuelt, Arkiv

Bygdehelga 11-13.juli 2025

13. juni 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-06-13 14:14:252025-06-13 14:14:25Bygdehelga 11-13.juli 2025
Aktuelt, Arkiv

– Botnane skal ikkje bli ein granskog

John-Magne Sande har lenge irritert seg over korleis her ser ut når grana stadig dekkjer meir og meir av både inn- og utmark i Botnane og områda rundt. Og han er oppgitt over kor heise raskt grana spreier seg. – Eg vil ha attende det opne kystlandskapet eg hugsar frå oppveksten. Om Botnane ikkje skal bli ein granskog må vi gjere noko no, før grana tek heilt overhand. Vi er truleg alt litt seint ute.

 

Naboen til John- Magne Sande har byrja med granfellinga.

På årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i mars tok John-Magne Sande opp kor mange grunneigarar som var interesserte i å få hogge gran. – Det var veldig kjekt at det var positiv respons frå alle, for dette problemet er så stort at kvar einskild ikkje hanskast med det åleine, seier Sande. Han har fått med grunneigarane frå Gulestøa i nord til Reksten-eigedomen forbi Sunnervåg i sør. Det må til profesjonelle hogstselskap for å få teke ut granskogen og i deira auge er det små kvantum og ujamn kvalitet på grana i området.

– Her er ikkje 6000 kubikk tømmer som dei har som grense for i det heile å ta på land hogstmaskiner. Men delar av skogen er lett tilgjengeleg og billeg å ta ut fordi han ligg langsmed vegen. Det er denne dei kjem til å ta ut fyrst, med direkte kontakt mellom hogstselskap og grunneigar. Området frå gravstaden til Øvrebotten peikar seg ut i så måte, seier Sande. Sist onsdag var hogstfirmaet Sunnfjord skog, frå Førde, på synfaring og dei kjem til å kome med eit tilbod. I fyrste omgang tek dei nok ut det som er lett tilgjengeleg og kommersielt lønsamt.

– Men kva med all skogen som ikkje er lønsam å ta ut?

– Det er ikkje alle plassar det går å ta ut noko, fordi det er for utilgjengeleg. Men
eg tenkjer at vi må ta kontakt med statsforvaltaren og håpe at vi kan bli med på eit utryddingsprosjekt av gran, slik som på øya Silda. Vi får stadig høyre at vi har eit unikt kulturlandskap her og då må vi få hjelp til å halde det ope. Stadig færre beitedyr gjer at landskapet gror meir og meir att. Det er alvorleg mange mål med beite som har forsvunne for hjorten som gjer at det vert press på bøane til dei som har slåttemark, seier Sande.

 

Granskogen i Botnane og området elles vart planta medan det var offisiell norsk landbrukspolitikk å plante gran for at komande generasjonar skulle ha noko å leve av. Det var før Norge fann oljen i 1969, og på 1950 og 60-talet var det vanleg at skuleelevane var med på granplanting.

 

 

Tekst: Magni Øvrebotten 4. juni 2025.  

Foto: Magni Øvrebotten og Åsmund Berthelsen       

 

9. juni 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-06-09 09:47:482025-06-09 09:48:08– Botnane skal ikkje bli ein granskog
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Fredrik Kayser og hans menn på flukt

Fredrik Kayser (1918-2009) er ein av dei mest kjende og dekorerte norske sabotørane og krigsheltane frå andre verdskrig. Han melde seg frivillig til vinterkrigen i Finland i 1939 og var aktiv i motstandskampen då tyskarane invaderte Norge 9. april 1940. Kayser flykta til England i 1941 og kom med i Kompani Linge. Han vart plukka ut til å vere med på ei rekkje store aksjonar, som Lofotraidet jula 1941, Vemorkaksjonen vinteren 1943 og operasjonar med einmannsubåtar mot Måløy hamn i 1944. Den siste krigsvinteren var han nestkommanderande i den norske geriljastyrken BJØRN WEST i Masfjordfjella.

I samband med oppdraget mot Måløy hamn måtte han og dei tre medsoldatane Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Trønnes rømme, etter at dei vart melde som tyske sauetjuvar på øya Gangsøy ved Måløy. Det vart ei strabasiøs flukt over Bremangerlandet og Frøysjøen og i grålysninga fredag 15. september 1944 banka Severin Synnes på hjå Thorbjørn Øvrebotten i Botnane. Fredrik Kayser hadde fått oppgjeve han som ein mann å kontakte om dei fekk problem, men Thorbjørn Øvrebotten var avvisande til karane som stod på tunet.

Den dramatiske veka på flukt, og det som vidare hende, er skildra i boka «SABOTØREN, et portrett av mennesket og krigshelten Fredrik Kayser», frå 1997. Med løyve frå forfattaren Kjell Harald Lunde har vi skrive av kapittelet «På flukt», som handlar om flukta frå Trollevika på Gangsøy, via Bremangerlandet og Rylandsholmen til Botnane og Dombevågen, før dei vart henta over til England att. Lunde har også eit etterord med nye opplysingar og bilete av ein tropp på 18-19 tyske soldatar som leita etter dei fire karane.

 

Framsida av boka om Fredrik Kayser, som dette stykket «På flukt» er henta frå, med løyve frå forfattaren Kjell Harald Lunde.  

På flukt

Fredrik Kayser, Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Tønnesen ble fraktet over Nordsjøen på ubåtjagerne Hitra og Hessa med Ingvald Eidsheim og Petter Salen som skippere. Karene ble låret i en liten motorbåt i Fåfjorden litt sørvest for Måløy om kvelden torsdag 7. september 1944. De hadde med seg to enmannsubåter. De var godt utrustet med våpen, radiosendere, radiomottakere, fotoutstyr, kikkerter, penger, soveposer og stridsrasjoner. Enmannsubåtene hengte de på slep.

Kursen ble satt mot Trollevika på vestsida av Gangsøy. Øya ligger ved leden inn til Måløy. Herfra var det lett å følge med skipstrafikken inn og ut av Måløy havn. Engelskmennene hadde fløyet over Gangsøy og tatt bilder. Bildene viste at det var hus på nordsiden av øya. På vestsida så det ut til å være utmark uten bebyggelse. Ingen hadde vært her og rekognosert på forhånd. Kayser hadde fått oppgitt navn på noen lokale kontaktpersoner, men ingen på Gangsøy.

De kom seg uoppdaget inn i vika i ly av nattemørket. Noe av utstyret ble straks lempet på land, og ubåtene ble dratt opp på stranda og kamuflert med tang og tare så godt som det lot seg gjøre i mørket. Deretter la karene seg til å sove under en berghammer. Alt virket stille. De la ikke merke til teinene som var lagt ut i vika.

Fredrik Kayser våknet i grålysningen før de andre og tok en liten runde for å se seg om. Det fantes omtrent ikke høy vegetasjon på denne siden av Gangsøy, bare gras- og lyngtuster her og der. Han følte at han måtte krype omkring for ikke å bli oppdaget. Til sin store forskrekkelse la han merke til at det gikk kyr og beitet i nærheten. Og Kayser visste at der det beiter kyr, vil det komme folk og se etter dem. Han prøvde å jage krøtterne hjemover mot gården, men forgjeves. Trollevika ligger heller ikke særlig usjenert til sett fra leden. Det er fri sikt inn til deler av Trollevika fra Fåfjorden. Tyske vaktbåter patruljerte stadig i dette farvannet. Tyskerne hadde også mye folk statsjonert i Måløy, og de hadde bygt opp festningsanlegg flere steder i nærheten. Fredrik Kayser gikk tilbake til de tre andre karene etter en stund. Han likte seg ikke.

Ut på formiddagen så de en båt komme inn i bukta. Mannen om bord hette Sigurd Svoren og bodde i den vesle grenda Svoren rett over på den andre sida av fjorden. Han var ute for å trekke teiner. Sigurd Svoren fikk øye på karene i engelske marineuniformer, og Fredrik Kayser valgte å ta kontakt med han og fortelle så mye at Sigurd Svoren skjønte hvilket ærend de var ute i. Fredrik Kayser ba Sigurd Svoren om å holde tett om det han hadde sett i Trollevika. Skjebnen ville at de skulle møtes igjen.

Resten av dagen brukte de til å skjule ubåtene bedre og til å lade batteriene. Aggregatet som gav batteriene strøm, måtte sveives for hånd, og det var et sant slit. Sveivingen gikk på omgang. Forberedelsene til sabotasjen inne på Måløy havn var begynt.

15 år gamle Magda (Gangsøy) Nygård på Gangsøy gikk for presten denne høsten. Kyrne gav ikke melk på denne tidene av året, bare et par dråper som måtte «sines av» en gang om dagen. Det var Magda sin jobb.

Magda Nygård husker fortsatt turen til Trollvika fredag 8. september 1944. Hun hadde vært i Måløy om ettermiddagen. Etter hun var kommet hjem, bar det i vei for å se om dyra. Magda gikk i sine egne tanker og ante fred og ingen fare. Hun regnet på ingen måte med å treffe noen på turen. Stor var overraskelsen da hun fra bakkekammen overfor Trollevika fikk øye på tre karer i uniform ned i strandkanten. Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Trønnes drev på med ubåtene, og de la ikke merke til Magda.

– Eg fekk sjokk. Eg vart livredd, forteller Magda Nygård femti år senere. Hun minnes hendelsen som om det skulle ha skjedd i går. – Eg gløymde dyra, tok treskorne i hendene og sprang heim i panikk! Magda fór først innom Oskar Svoren på nabogården og fortalte det hun hadde sett, før hun løp sporenstreks hjem og varslet brødrene om at «tyskarane er ute etter saudene våre». Magda hadde hørt gjete at tyskere hadde vært på tjuvslakting flere steder i det siste. Nå var hun overbevist om at tyskerne var kommet til Gangsøy i samme ærend. En av brødrene til Magda gikk og ringte til lensmann Alf Rosenlund, og bad han melde fra til tyskerne. Dette uvesenet ville de ha slutt på straks.

Lensmann Alf Rosenlund i Davik var en fargerik og uredd person, – av somme karakterisert som en villstyring. Han snakket flytende tysk, og tyskerne hadde etter hvert fått tillit til han. Men Rosenlund drev med dristig dobbeltspill. Han var aktiv motstandsmann. Fra England hadde Fredrik Kayser fått oppgitt nettopp lensmann Alf Rosenlund som kontaktperson. Hva lensmann Rosenlund tenkte da han fikk anmeldelsen fra Gangsøy denne septemberkvelden, vet vi ikke. Mye tyder på at han ante sammenhengen, og at han prøvde å vinne tid.

Etter at Rosenlund var varslet, bestemte tre av karene som bodde på Gangsøy å våge seg ut i Trollevika for å se om tyskerne fortsatt var der. De tre var Sverre Gangsøy og Alfred Gangsøy – brødrene til Magda, og naboen Oskar Svoren. Fredrik Kayser iakttok karene da de kom gående, og gav seg til kjenne. – Vi vart heilt frå oss då det gjekk opp for oss at det var norske sabotørar Magda hadde sett i Trollevika, og ikkje tyske sauetjuvar, innrømmer Sverre Gangsøy femti år senere. Vi skjønte at no var det fare på ferde.

Dei tre fortalte Kayser at lensmannen var kontaktet, og at lensmannen ganske sikkert ville melde sakene videre til tyske myndigheter. Fredrik Kayser ble rådet til straks å komme seg bort fra Gangsøy. Tyskerne kunne for alt de visste være underveis.

Fredrik Kayser drøftet situasjonen med de tre andre, og de turte ikke annet enn å følge rådet. Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes pakket i all hast det aller nødvendigste i motorbåten. Enmannsubåtene lot de ligge, men håpet at de kunne hentes senere. Det var begynt å mørkne. Kayser bestemte seg for å sette kursen vestover. På den andre siden av fjorden – på Bremangerlandet, i den vesle vika Fåkeilen – hadde Kayser bitt seg merke i ei laksehytte. Dit bestemte de seg for å dra. De klarte å krysse fjorden uten å bli oppdaget av de tyske vaktbåtene. Det var sent og de var trøtte da de landet i Fåkeilen. Ettersom alt virke stille, tok de sjansen på å legge seg inn i laksehytta for å få noen timers søvn. De regnet med at de iallfall hadde noen timers forsprang på tyskerne.

Før Sverre, Alfred og Oskar forlot Trollevika, sørget de for å kaste fire kontainere med utstyr på sjøen, og ellers prøvde de å fjerne sporene etter de norske sabotørene som best de kunne. Enmannsubåtene var de ikke oppmerksomme på!

Sent neste dag la lensmannsbåten til kai nedenfor husene på Gangsøy. Ombord var lensmann Alf Rosenlund. Han tok kontakt med Sverre Gangsøy, og bad han, broren Alfred og Oskar Svoren om å følge med ut i Trollevika til fots. I Trollevika var alt stille. Rosenlund undersøkte terrenget og fant enmannsubåtene, men ellers ble ingen ting av interesse funnet. Han kommentere ikke funnet. De gikk tilbake til gårdene nord på øya, og Rosenlund bad om å få  overnatte hos Oskar Svoren.

Det er den dag i dag uvisst om Alf Rosenlund hadde varslet tyskerne før han selv dro ut i Gangsøy. Det er ikke tvil om at Rosenlund må ha vært under sterkt press. Han kunne ikke drøye i det uendelige. Det som hendte senere den natta kan tyde på at tyskerne alt visste beskjed.

Kart over det omtalte området og fluktruta. Henta frå boka.

Oskar Svoren hadde merket seg at konteinerne som de hadde kastet på sjøen dagen før, lå sørgelig grunt og var lett synlige ved lavvann. Like over midnatt samme natten vekket Oskar Svoren sønnen Olav som var 17 år gammel, og sammen listet de seg ut av huset uten å uroe lensmann Rosenlund. De gikk ned til nøstet og tok færingen og rodde så stille som mulig langs med land ut til Trollevika. Da de passerte Grindøy, naboøya til Gangsøy, la de merke til små lys som beveget seg i mørket inne på øya. Det var tyskere med lommelykter. Men tyskerne oppdaget ikke de to i robåten. I Trollevika fisket Oskar og Olav opp tre konteinere som var synlige over vannflaten. Den fjerde konteinere lå så dypt at de ikke klarte å få fatt i den.

Brått hørte de at en tysk vaktbåt kom dunkende. De kjente igjen «Tælavågsgavlen» på motorslagene. Denne båten med tverr akterende – med gavl, hadde tyskerne beslaglagt under Tælavåg-aksjonen i 1942 og tatt med til Måløy. Oskar og Olav la seg helt inntil den stupbratte fjellskrenten innerst i Trollevika for å komme i skjul i landskyggen. Små skyer drev hastig forbi månen og kastet på en uhyggelig måte vekselvis lys og skygge over bukta. Den tyske vaktbåten gled sakte framom og fortsatte ut fjorden.

Far og sønn bestemte seg for å ro motsatt vei tilbake, innover fjorden og rundt øya på østsiden. Det måtte skje stille. Roingen kunne knapt høres, bare nå og da gav keipene et lite knirk fra seg. De to på toftene vekslet ikke ett ord. De kom seg rundt øya og kunne skimte konturene av skolehuset. Månen tittet i det samme fram mellom skyene og lyste opp landskapet, og de oppdaget at det lå en tysk vaktbåt i båtstøa. Det var for seint å stikke seg vekk – tyskerne hadde alt sett dem og ropte «HALT!» De måtte ro inn til den tyske vaktbåten.

– Far og eg vart meir eller mindre dregne om bord i vaktbåten og skubba ned i salongen akter. Etter oss nedover trappa kom konteinarane seglande, erindrer Olav Svoren. Tyskarane tok til å pakke opp med oss som vitne. Eg tenkte at konteinarane romma klede og den slags. Det var rett. Men på botn låg det fleire radiosendarar og radiomottakarar. Då tyskarane fann dette, skal eg seia at temperaturen vart høg nede i salongen. Tyskarane truga og ville vita kvar dei var som hadde hatt konteinarane med. Vi svarde at vi ikkje visste kven dei var og kvar dei var. Vi hadde verken sett dei eller høyrt dei. Tyskarane var ikkje nøgde med svara og dreiv på og spurte om att og om att, fortel Olav Svoren.

 

Fredrik Kayser, Kjell Harald Lunde og Olav Svoren på besøk hjå Arne Øvrebotten i Botnane 11. mai 1995, i samband med arbeidet med boka om Fredrik Kayser. Foto: Arne Øvrebotten.  

Ut på morgenkvisten dukket lensmann Rosenlund opp ombord i den tyske vaktbåten. Det var mor til Olav som ante uråd da mannen og sønnen ikke kom hjem igjen om natten, og hadde vekket lensmannen. Etter mye parlamentering på tysk ble Rosenlund, Oskar Svoren og Olav Svoren beordret over i en færing. Rosenlund satte seg i bakskotten, en bevæpnet tysker satte seg i framskotten, og Oskar og Olav ble kommandert til å ro ut i Trollevika. Rosenlund røykte i ett sett under turen. I Trollevika ble tyskerne fortalt hvor konteinerne ble funnet. Ubåtene la tyskerne ikke merke til. De rodde tilbake, og Oskar og Olav slapp fri mye takket være at lensmann Rosenlund la inn et godt ord for dem. De gikk hjem for å sove.

Klokken 14 ble de brutalt vekket av Gestapo. De skulle til nye avhør. Tyskerne gav inntrykk av at det var små sjanser for at de to noen gang ville komme hjem igjen. Til faren sa de at han kunne gi fra seg jakken med en gang. Den ville han ikke få bruk for mer. Han fikk papir og blyant dersom han ønsket å skrive et siste brev hjem.

Noen kilometer lenger ut i fjorden – i Fåkeilen – hadde Fredrik Kayser, Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Trønnes overnattet i laksehytta. Om morgenen prøvde Severin Synnes å få kontakt med England via radiosenderen, for å fortelle siste nytt, uten å lykkes. De bestemte seg for å klyve opp i høyden for å prøve radiosenderen der, men Synnes fikk fortsatt ikke forbindelse med England.

Fredrik Kayser var klar over at de ikke kunne bli værende i dette området lenge. Men etter at tyskerne var blitt varslet, var det for risikabelt å legge ut med motorbåten en gang til. Det var lett å se at den var engelsk. De ble enige om å se det litt an en dag eller to. De oppholdt seg i høyden og sov under en hammer. En morgen ble de vekket av at noen snakket i nærheten. Tre sauesankere hadde kommet sjøveien fra Skavøypollen. Det var Ragna Tennebø, sønnen Oskar Tennebø og naboen Karl Tennebø. Fredrik Kayser gikk bort til dem og kom i prat med de to mannfolka, og forklarte at de var fire karer som var på flukt fra tyskerne, og spurte om det var mulig å skaffe en robåt og sivile klær. De lovet å tenke over saken. Ragna Tennebø stod litt i bakgrunnen, og da hun hørte at karene var kommet over fra England, begynte hun å gråte. Ragna hadde selv sønnen sin Roald i England. Han hadde dratt over i 1941, og hun hadde ikke hørt ett ord fra han siden. Hun tenkte hver dag på hvordan de gikk med han.

Om ettermiddagen for sankerne hjem med sauene i båten. Neste dag kom Oskar Tennebø og Karl Tennebø roende tilbake med en båt som de hadde fått hos Øyvind Andal. De hadde også med sivile klær til fire personer, deriblant en konfirmasjonsdress, og noe fiskeutstyr.

– De ville ikke høre snakk om betaling. Men vi hadde med oss norske penger fra England, så vi gav dem kontanter. De finn også noe proviant og sjokolade, våpen, ammunisjon og en nattkikkert – og armbåndsuret mitt, forteller Fredrik Kayser.

Oskar Tennebø satte stor pris på dette uret, og brukte det i mange år. Mer enn femti år senere er klokka fortsatt i familiens eie og blitt gjemt på som et klenodium fra krigens dager. Etter at Oskar Tennebø og Karl Tennebø hadde levert fra seg båten, ble de to hentet av fedrene Anders Tennebø og Sigvald Tennebø, og alle fire rodde hjem til Skavøypollen.

Alt i skumringa samme kvelden gikk de fire Linge-karene i robåten. I ly av nattemørket ville de dra inn i Trollevika og få fatt i enmannsubåtene, slepe dem ut på dypt vann og senke dem. Etterpå ville de ro videre innover fjorden til Davik og oppsøke lensmann Alf Rosenlund.

Med lange, forsiktige åretak tok de fatt på turen. Men de hadde ikke rodd langt før de kunne høre motordunkene fra en tysk vaktbåt. Leden framfor dem var sperret. Like etter hørte de en tysk vaktbåt til akters – lenger ute i Fåfjorden. Nå hadde de heller ingen muligheter til å dra tilbake til Fåkeilen.

Fredrik Kayser skjønte at det var bare en ting å gjøre: prøve å komme seg inn til lands fortest mulig.  De svingte 90 grader styrbord – inn mot nærmeste båtstø – til Svoren på Bremangerlandet. Der traff de fire sabotørene igjen teinefiskeren fra Trollevika, Sigmund Svoren. Han kom ned til stranda og fortalte foruroligende nytt. Tyskerne hadde nettopp vært i Svoren, men hadde forlatt stedet og tatt inn i skolehuset på Oldeide. Dit bort var det bare 1 kilometer. Tyskerne var sikre på at de norske sabotørene var i området, så de kunne vende tilbake når tid som helst. Mens de stod der i fjøresteinene og pratet, begynte tyskerne å skyte fra den ene vaktbåten, og lyskjegler fra kraftige lyskastere sveipet over land. Men skuddretningen og lyset tydet på at sabotørene ennå ikke var oppdaget. Etter en kort rådslagning bestemte Fredrik Kayser at de måtte stikke til fjells. Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes etterlot de meste av utstyret i båten. De tok bare med seg noen håndvåpen, en kikkert og litt proviant. Ingen tok med ryggsekk. Det ble en strabasiøs tur. Fjellsiden opp fra Svoren-gårdene er nesten uframkommelig.

– Det var bra det var mørkt, så vi ikke så hvor loddrett oppstigningen egentlig var, erkjenner Armand Trønnes i dag. Vi måtte hjelpe hverandre opp over bratthengene. Vi bedrev rett og slett fjellklatring. Fredrik Kayser flerret opp buksa på en skarp stein. Hele tiden fryktet vi at tyskerne på ny skulle begynne å sveipe med lyskasterne.

Straks de fire karene hadde lagt i vei opp bratthenget, tok Sigurd Svoren færingen deres og rodde et par hundre meter fra land og fikk dumpet resten av utstyret, blant annet en maskinpistol og et fotografiapparat. Mens han hold på med dette, dykket tyskerne opp å stranda. De la merke tl Sigurd, og spurte brysk naboen Arnljot Bjørnø hva den mannen drev på med der ute. – Han greier garn, svarte Bjørnø. Tyskerne slo seg til tåls med det.

Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes kom seg helskinnet opp på det flate fjellplatået på Bremangerlandet i det det tok til å lysne. Fredrik Kayser avgjorde at de skulle ligge i skjul hele denne dagen så lenge det var lyst. De søkte dekning bak noen steiner ute på en myr. Det var kaldt og vått.

– Jeg var heldig stilt, sier Kayser. Jeg hadde kartmappen å sitte på. Det var ikke mye prat oss fire imellom. Å være ettersøkt på en øy og vite at man ikke kan komme seg unna uten båt, er et mareritt. På fastlandet er mulighetene til å stikke seg bort større. Vi satt med ladd våpen. Dersom tyskerne kom, var ordren at vi skulle spre oss og sette oss til motverge. Vi hadde avtalt et samlingspunkt etterpå. Jeg visste jeg ville skyte til nest siste patron, sier Kayser. På denne turen var vi ikke utstyrte med giftpiller. Var det umulig å unnslippe, ville jeg trolig ha brukt den siste patronen på meg selv.

Timene gikk. Ingenting hendte. Jeg var ikke personlig kristen den gangen. Men denne dagen bad jeg inderlig til Gud. Omsider begynte skumringen å senke seg over det flate myrlandskapet. Tyskerne hadde foreløpig ikke skjønt at karene hadde stukket til fjells. Fredrik Kayser mente det var for risikabelt å ta seg inn til Davik når tyskerne var på sporet. Han ville heller prøve å nå fram til en annen kontaktperson som han hadde fått oppgitt: Thorbjørn Øvrebotten i Øvrebotten. Men da måtte de komme seg ned til Frøysjøen på sørøstsiden av Bremangerlandet, og over til fastlandet. Sent om kvelden kom de fram til den vesle gården Rylandsholmen. Her bodde det et ektepar. og de bad mannen om å skaffe en båt. Men han sa at han hadde ikke noen båt å avse. Da gav Kayser beskjed til Armand Trønnes at han fikk ordne opp. Trønnes trakk pistolen. Mannen ble samarbeidsvillig. Kanskje var det best at det foregikk på den måten. Dersom tyskerne senere kom og stilte ubehagelige spørsmål, kunne kallen med rette si at han ble truet på livet til å gi fra seg båten.

De rodde over fjorden den samme natten. Vanligvis pleide tyskerne lyse utover fjorden med sterke lyskastere som var plassert på Gottraneset like ved. Da kunne ikke karene på flukt ha unngått å bli oppdaget. Igjen var det som om noen vernet om dem. Denne natten var ikke lyskasterne i bruk. Karene landet ikke langt fra Skudalselva. De drog båten på land, og begynte å gå langs stranda innover mot Øvrebotten. Det var 5 kilometer dit. Da de kom fram så de to hus – et rødmalt og et hvitmalt. De prøvde først det rødmalte, men det viste seg å være feil. Det var skolehuset som også rommet en leilighet for læreren og hans familie. Da de skjønte feiltakelsen, gikk de raskt videre til det neste huset.

 

Familien Øvrebotten fotograferte i 1947. Frå venstre Thorbjørn, Magna, Arne og Oddbjørg.

I grålysningen fredag 15. september – vel en uke etter at de kom til Gangsøy, banket Severin Synnes på døra til Thorbjørn Øvrebotten i Øvrebotten. Sønnen i huset, Arne Øvrebotten, hørte at faren Thorbjørn gikk og åpnet og snakket med en mann som fortalte at de var fire karer som var ettersøkt av tyskerne. De trengte hjelp til å komme i dekning. Synnes refererte til at han visste det hadde vært Linge-karer her på gården før. Kayser, Trønnes og Fjell holdt seg i bakgrunnen bortved løa. Thorbjørn Øvrebotten ordla seg i avvisende vendinger. Han sa at han ikke hadde slike forbindelser at han kunne hjelpe dem og at de måtte ha kommet til feil sted. Thorbjørn fulgte med Synnes bort til de tre andre, og alle trakk inn på låven. Der fortsatte samtalen, men Thorbjørn Øvrebotten var like uvillig. Han stolte ikke på fremmedkarene og sa at de hadde oppsøkt feil mann. Synnes nevnte da at han kjente til oppskriften på den bærvinen som Thorbjørn Øvrebotten pleide å lage: rips + stikkelsbær + rosiner + sukker som skulle stå så og så mange dager og godgjøre seg før den ble tappet på flasker og lagret til det var tid for den første smaken «ein fin vårdag».

Da Thorbjørn Øvrebotten hørte dette, ble han litt mer velvillig, og spurte om de visste navnene på skipperne på Hessa, Hitra og Vigra.   – Salen, Eidsheim og Larsen, kom det kontakt fra Kayser. Da var tvilen borte.  De fire fikk frokost og en prøvesmak på den omtalte vinen ute i høystålet. Mens de satt og åt, oppdaget Severin Synnes at han hadde mistet lommeboka med foto og noen papirer som helst ikke burde komme i hendene på uvedkommende. På veien innover til Øvrebotten hadde Synnes gjort seg et nødvendig ærend under en fjellknaus. Synnes kvidde seg for å gå tilbake selv og lete. Arne Øvrebotten sa han kunne ta seg en tur, og han fant lommeboka liggende i lyngen.

Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes var våte og slitne, og etter frokost la de seg til å sove i høyet. Imens tok Thorbjørn Øvrebotten turen over fjellet til Breivika og rådførte seg med Isak Breivik. Han var kontaktperson for Atle Svardal og Fredrik Persen, som lå i en hytte i nærheten med radiosenderen «Roska» for å rapportere om skipstrafikken i fjorden. Svardal og Persen ble kontaktet, og «Roska» formidlet beskjed over til England om at Kayser og co. måtte hentes i Dombevågen. Samme dag ble Thorbjørn Øvrebotten skysset ut til Martin Domben av Isak Breivik, og Thorbjørn bad Martin om å hente flyktningene om kvelden. Martin lovet det.

 

Dette bilete er teke 11. mai 1995. Frå venstre Olav Svoren, Torbjørn Øvrebotten (son til Arne og Sigrid Øvrebotten), Fredrik Kayser og Arne Øvrebotten, ved den omtalte løa. Foto: Kjell Harald Lunde.   

Martin Domben var en spesiell person. Han bodde i Dombevågen på øya Hovden helt vest i havet, og kom med i motstandsarbeidet i 1943. Det ble mange farefulle båtturer med våpen og motstandsfolk. Han var iskald og dristig, somme vil sogar si han var ustyrlig. Han gikk sine egne veier. Regler og påbud hadde han lite sansen for. Martin Domben syntes ikke å ha respekt for tyskerne. Det gikk bra lenge, men han ble til slutt arrestert i februar 1945.

Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes ble stullet godt med. Til middag ble det servert kokt makrell og en vidunderlig ripsdessert. Søstera til Arne, 16 år gamle Oddbjørg, forbarmet seg over den sundrevne buksa til Kayser og reparerte den på symaskinen. Og før de drog av gårde om kvelden ble de inviterte inn i stuen til kveldsmat.

Det var bekmørkt da Martin Domben plukket opp de fire Linge-karene og fraktet dem ut i Hovden om kvelden 15. september. Med seg som mannskap hadde han eldste sønnen Hjalmar. Ingen lykter var tent. Det var ubegripelig hvordan Martin klarte å manøvrere gjennom særdeles ureint farvann. Selve innseilingen til Dombevågen er trang og vanskelig å passere – selv for lokalkjente folk. Nå og da rev Martin av en fyrstikk og kastet på sjøen. Karene om bord undret seg. Etter en stund fikk de svaret. På neset ved innseglingen stod yngste sønn Mindor og rev av stikker – han også. Det signaliserte at det var klart farvann og ingen tyskere i nærheten. Og lyset fra stikkene tjente også som en lykt, så det var råd å finne innløpet.

To kvelder senere la ubåtjageren Hessa til kai i Dombevågen. Kayser, Fjell, Synnes og Trønnes gikk om bord og kursen ble satt mot Shetland. Karene var utenfor fare – til båten kom ut i Nordsjøen. På denne tiden drev britiske og kanadiske fly med hjelp av avansert radarutstyr en intens jakt på tyske ubåter som gikk i overflatestilling om natten.  Men det var ikke alltid lett å skille mellom tyske ubåter og norske ubåtjagere. Kaptein Salen treiv morselampen og begynte å signalisere til flyet. – Jeg vet ikke hva som ble morset. Men flyet forsvant, kom tilbake en gang og forsvant uten å slippe bomber på oss, konstaterer Fredrik Kayser.

To turer senere var morselampen ikke til hjelp. Et alliert fly slapp to synkeminer, en på hver side av Hessa, og begge skutesidene ble trykket inn. Hessa kom seg tilbake til Shetland på pumpene, men måtte til flere ukers reparasjon i Skottland.

De fire Linge-karene kom velberget tilbake til Shetland. Fredrik Kayser har denne refleksjonen: – Jeg er blitt tildelt mange medaljer. Men den høyeste utmerkelsen har jeg gitt meg selv: takknemmeligheten for at vi fire kom levende fra ekspedisjonen til Måløy. I dag vet jeg at det var én som holdt sin hånd over oss. Kristian Fjell uttrykte seg slik: «Det var ein stutt, men spanande tur».

Med dette ble de satt sluttstrek for operasjoner med enmannsubåter for Kayser og de tre andre sin del. De regnet likevel med å måtte dra tilbake til Norge for å utføre den andre delen av oppdraget: å drive anti-industrisabotasje i Indre Sogn. Slik ble det ikke. I stedet ble alle fire plukket ut til å være med på å bygge opp en norsk geriljaavdeling bak fiendens linjer i Masfjordfjellene. Styrken fikk namnet Bjørn West. Fredrik Kayser ble utpekt til nestkommanderende.

Lensmann Alf Rosenlund i Davik kom fra hendelsene på Gangsøy uten at tyskerne fikk mistanke om at han var en av kontaktpersonene til Fredrik Kayser. Men noen måneder senere raknet det, og Rosenlund måtte gå i dekning i Yksneelvfjellet, der motstandsgruppa SNOWFLAKE holdt til. De siste månedene av krigen var han leder for denne gruppa.

Oskar Svoren og sønnen Olav Svoren ble arrestert av tyskerne på Gangsøy, satt tre døgn i forhør både dag og natt. Etter en ukes tid ble de løslatt uten å ha røpet noe. Ubåtene i Trollvika ble funnet av tyskerne, tatt inn til Måløy og fraktet vekk på en lastebil. Det er ikke kjent hvor de ble av dem.

Her sluttar avskrifta frå boka «SABOTØREN, et portrett av menneske og krigshelten Fredrik Kayer», av Kjell Harald Lunde.  Boka kom ut på Alma Mater forlag i 1997, og no er det Lunde som har rettane til boka. Avskrifta er gjort med løyve frå han og 2025 skriv Kjell Harald Lunde dette etterordet.

Bilete av den tyske troppa som leita etter Fredrik Kayser, Kristian Fjell, Severin Synnes og Arman Trønnes, utan å lukkast. 

ETTERORD:

Det var lenge eit mysterium kvifor tyskarane ikkje søkte etter sabotørane opp på fjellet neste dag når dei var så tett på dei kvelden før. Olav Svoren i Måløy leigde i mange år ut rom til turistar. I seks somrar budde det ein tyskar der. Han sa ikkje så mykje, men fortalde så pass at han hadde vore i tysk teneste i Måløy under krigen. Han var løytnant – løytnant Haufland.

Olav Svoren vart klar over at Haufland sat med eit stort fotoarkiv frå tida i Måløy. Det fekk han etter kvart bla i. På baksida av eit av fotografia har løytnant Haufland skrive ein tekst. Olav Svoren skjønte at fotografiet viser ein tysk tropp – på veg til fjells på Bremangerlandet – på jakt etter Kayser og hans tre menn.

Olav Svoren identifiserte også plassen. Han kjende att løa. Dei står på Bremangerlandet ikkje så langt frå der sabotørane klatra til fjells om natta. Men tyskarane valde å gå opp på fjellet litt lenger aust. Dermed kom tyskarane opp på eit anna fjellplatå. Den avgjerda berga livet til dei fire på rømmen. Det er vanskeleg å tru at fire norske soldatar kunne ha stått i mot ein godt væpna tysk tropp — på 18-19 mann. Denne kunnskapen vart kjend fleire år etter at boka Sabotøren kom ut.

 

 

 

26. april 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-04-26 10:19:582025-04-27 06:40:25Fredrik Kayser og hans menn på flukt
Aktuelt, Arkiv

Nokre skjeljar

Stykket «Nokre skjeljar» står i boka Tankefuglar i tunet, som kom ut i 1980. Jan-Magnus Bruheim hadde skrive det fyrst i ein liten serie med Brev frå Botnane i lokalavisa Dølaposten i 1979: 

Her kan du gå og høyre måseskrik og sjå terna slå rundkast og skrive underlege teikn i lufti. Sjå gåror og rukkur rita som runer i berget, og glatte strandsteinar der havbåra har skrive sin løynde bodskap gjennom tusunåri. Ein bodskap ingen kan tyde.

Denne svartbaken som ligg og flyt i stilla her innan Korsneset, ser så truskuldig ut. Men han er ein røvar, og du veit kva han tenkjer på: Å rana egg og ungar frå andre medskapningar. Han er ei skræmsle for dei.
I ser er det ea og endene som det går utover.

Du går og leitar skjeljar –
Ein dag for lenge sidan, kom ei pakke i posten til drøymaren uppe i fjellbygdi. Du opna henne og fann nokre vakre skjeljar lagde inni. Nokre ord på ein papirlapp og ei namn under. Det var alt.

Men alt ikring vart ljosare på let etterpå. Det var den største påskjøning eg nokon gong hadde fått, fordi eg kjende det kom ifrå hjarta og råka hjarta mitt heime. «Eg fekk hug å senda deg nokre skjeljar – fordi -»

Den gongen tenkte eg vel ikkje at eg nokon gong skulle bli buande utmed kysten, endå det alltid har lege som ein døyvd lengsel og lokka. Kanskje var det med å skuva på – ut til det urolege bårande havet. Det blanke, blundande havet. Der flaksande sjøfuglar skrik. Stilla over grunnane inni ei vik. Dei store djup –

Berg som stuper seg loddbeint nedi sjøen. Glitrande småbåror som går der og tuslar langsmed land. Fargespelet mot soleglad.

Som ein annan liten Odin, går småguten i deg og upplever og uppdagar og undrar seg. Ein stad humrar kanskje ein Bendek: «Du synest her e mangt, mein æg». No er eg her og kan sjølv gå ned i fjøra og leite etter skjeljar.

Og eg sit her og ser på dei og diktar landskap og lende inn. Det er så mangt ein kan sjå inni det perlemorskimrande ljoset. Blåe fjordar og bratte berg. Logne lier og grøne dalar. Vang og vidder og myr og mo. Kvite fenner og bre og bekkjer.

Muslingen fekk skàl ikring seg -. Få er dei som gøymer perlor. Men dei finst.
«Som Insektes Stik i Muslingen ————-«.
Er det slik at det er «insekt»-stikk i muslingen og menneske som avlar perlor?
Ja, eg veit ikkje –
Lang tid må i sofall til, før det kan bli perlor av stikket.
Lang tid —- og vond tid.

Annleis er det med gleda.
Ho er ei glitrande perle med same ho kjem til deg og kan
lenge liggje lyse og blenkje.
Eg fekk hug å sende deg nokre skjeljar ——
Gledesskjeljar var det ho sende.

Her sit du no på ei svaberg utmed havkanten
og tenkjer etter, og tenkjer deg um, medan avdagselden gløder i vest.
Kveldshimmerlen låner si farge til havet,
og fugleflokkar flyg heim og roar seg i reiret.

Godt å veta at gleda finst, og at det er dei gode
ord som varar lengst.
Godt å ta det med seg, når det skymest ikring.
Enno er nettene ljose – .

 

15. april 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-04-15 06:22:392025-04-15 06:31:20Nokre skjeljar
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Da «Delfin Senior» gikk på grunn

   – Jeg husker at det smalt, at trappen kom nærmere og nærmere, og så smalt det igjen. Det forteller Bjørn Hatlem og legger til at han husker ulykken som det var i går. Han var den eneste skadde etter en båtulykke som fort kunne fått et helt annet utfall. 

I halv ni-tiden tirsdag 18. desember 1979 rundet skyssbåten «Delfin Senior» Årebrotsodden. Båten hadde da gjort unna sin del av den nordre ruten i Florabassenget, som på denne tiden bestod av stoppesteder i Barekstad, Hovden, Nærøy, Ura og Vaulen. Det var en morgen lik de fleste andre. Men det snødde tett, det var mørkt og sikten heller dårlig.  Matrosen Elmar Nekkøy hadde akkurat gjort unna billettrunden og var på vei opp igjen i styrehuset da det smalt. 

Fremfor å endre kursen de få gradene som trengs for å sikte seg inn på Rotasundet, ble kursen endret 70-80 grader, og i full fart gikk den ti år gamle trebåten opp i fjæra på vestsiden av Madsøya, sør-øst for Årebrotsodden. Det ble slått to store hull i skroget, ett over og ett under vannlinjen.

Til alt hell, ble båten hengende på en bergnabb. Hadde den glidd fra ville den utvilsomt raskt ha sunket, for skadene i baugen var store og båten tok inn mye vann. De rundt 20 passasjerene måtte hoppe i land.

– Vi hadde flaks, det er nok ingen tvil om», sier Bjørn Hatlem. – Jeg gikk som vanlig om bord på Ura, og satte meg i trappen akter i lugaren. Vi ante ingenting før det smalt skikkelig. Det var full bråstopp for båten, men jeg «tok av». Den ufrivillige og uventede flyturen endte, med hodet først, i trappen fremme i lugaren. Jeg fikk et solid kutt, var selvsagt groggy, men tror ikke jeg var «borte». Det var nok lett kaotisk om bord, men jeg kan ikke huske at det var noe tilløp til panikk. Det hele gikk fort, vi kom oss opp og frem i båten der det var lett å komme seg på land. Nesten som om vi var ved en kai, så det var flaks på flere måter. Jeg tror Nekkøy tok kommandoen og han var nok den som forvisset seg om at alle kom seg på land. Når han var sikker på det, ropte han for å høre om noen var skadet. Jeg husker at Jostein Bareksten sa at «Ja, han Bjørn blør». Og det stemte jo det, blodet rant fra kuttet, men jeg kan ikke huske at det gjorde spesielt vondt. Var vel bedøvd av trøkken, det var jo nesten som en venstrehook signert Mike Tyson.  Jeg tror det var ei dame som hadde smerter i en arm også, men husker ikke hvem det var.

Bjørn Hatlem var ombord i «Delfin senior»  da den gikk på land i full fart den 18.desember i 1979 og ble skada. Han forteller i dette intervjuet om opplevelsene.

Heldigvis rakk båtføreren Trygve Rognsøy å melde fra om ulykken før også han måtte hoppe i land. Madsøya er ikke landfast og det er et stykke bort i Brotet. I tillegg var det feil på en sjøkabel så Årebrot var uten telefon da ulykken skjedde.  Etter hvert kom skyssbåten «Dagning» til stedet og fikk plukket opp passasjerene. Litt mot normalt var det ingen som hadde med barnevogn denne dagen, og det passet vel i grunnen bra.

– Det var ikke akkurat noen stor ståhei må jeg si. I dag hadde det nok blitt slått full alarm om en passasjerbåt full i folk gikk på grunn på den måten. Jeg tror det var 15-20 passasjerer. Men det var ingen som tok imot oss da vi kom til Florø. Det var verken politi, ambulanse eller lege på kaia. Jeg vet faktisk ikke om Rognsøy ble promille-testet en gang, men understreker at jeg absolutt ikke mistenker han for det. Sigbjørn Holsen var blant passasjerene. Han fulgte meg opp på sykehuset der det ble sydd noen sting, og deretter gikk jeg på skolen og ble der resten av dagen. Var jo ikke mulig å komme seg hjem.  Mor hadde hørt om ulykken på radio og visste at en ungdoms-skoleelev var lett skadet. Det var ikke så mange å velge mellom, men hun var ikke klar over at det var meg før jeg kom igjen på ettermiddagen. Ikke at hun kavet seg opp av den grunn, var vel bare lettet over at det tross alt gikk bra. De neste dagene holdt jeg meg hjemme. Hadde solid skallebank og alt dødblodet rant nedover så jeg hadde store poser under øynene, lignet nesten på Odvar Nordli. Var vel også greit å benytte anledningen til å sikre noen fridager fra skolen. Det kan jeg vel innrømme i dag, flirer Hatlem. Et solid arr i panna ble det varige minnet etter ulykken.

 

«Delfin Senior» ble liggende i fjæra noen timer. Ut på formiddagen gikk frakteskuten «Libra» nordover med pumper og utstyr til å tette og lense med. Men det viste seg at skadene var for store, og de måtte tilkalle assistanse av redningskrysseren «Hjalmar Bjørge» fra Måløy. Sammen tok de havaristen mellom seg og fikk transportert den til Florø. Da var det bare toppen av styrehuset som var over vann. Etter hvert ble fartøyet slippsett ved Motor & Mekaniske, bedre kjent som «Sindre-slippen».

Først da ble det klart hvor store skadene faktisk var. Bunnen var slått inn i flere meters lengde og kjølen var borte. Over vannlinjen var det slått et stort hull på styrbord side, der en voksen mann lett kunne krype inn og ut. Båten ble raskt provisorisk tettet, og senere slept til Brødrene AA i Hyen for reparasjon. Noen måneder senere var fartøyet tilbake i drift, der den fortsatte i den nordre ruten til langt ut på 80-tallet.

Den 18. desember 1979 er nok en dato som for de fleste er glemt, men det er liten tvil om at det fort kunne vært en virkelig dyster dato. Og for de som opplevde dramatikken på nært hold, sitter opplevelsen fortsatt friskt i minnet.

– Denne dagen går nok ikke i glemmeboken så lenge jeg har hukommelse, sier Jostein Bareksten. Han vokste opp på Nærøyane, nærmere bestemt Tollaksøya og var ungdomsskoleelev da ulykken rammet.

– Det var bare flaks at ingen andre enn Bjørn ble skadet og at båten ikke gled av grunn. Med de store skadene båten fikk, hadde den nok gått fort til bunns og utfallet hadde blitt et helt annet. Det var ikke noe kriseteam som tok imot oss den gangen, det var rett på skolen, forteller han.

 

Tekst: Jan Roar Hatlem, som er bror til omtalte Bjørn Hatlem.

Bilete: Faksimile frå lokalavisene Firdaposten og Firda Folkeblad 20.12.79. Det har diverre ikkje late seg gjere å skaffe desse bileta i original.

31. mars 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-03-31 10:08:432025-03-31 10:09:27Da «Delfin Senior» gikk på grunn
Aktuelt, Arkiv

Frå årsmøte 15.mars 2025

Laurdag 15.mars var det årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i Årebrot grendahus med om lag 20 frammøtte. Årsmøte godkjende årsmelding og rekneskap, og vedtok arbeidsplan for budsjett. Laget har hatt stor aktivitet og arbeidd med mange saker, i tillegg til at laget driftar og vedlikeheld to grendahus, eitt i Botnane som Bremanger kommune eig, og eit på Årebrot som grendalaget eig.

Grendalaget har mange tiltak, saker og arrangement på arbeidsplanen. Alle vedtak vart gjort samrøystes med unnantak av at kontingenten for 2026 vart auka til 200 kroner for vaksne. Kontingenten for dei mellom 7 og 18 år skal som før vere 5o kr, og for dei under 7 år er det gratis å vere medlem i laget. I debatten vart det peika på at som medlem har du ein klar fordel med svært rimeleg leige av lokale i dei to grendahusa. Men det vart også gjeve uttrykk for at ein del ville la vere å vere medlem med ein auke i kontingenten.

Under er det lenkje til alle dokumenta på årsmøte. Dei vil bli oppdaterte når endringar som vart vedteke på årsmøte er lagt inn.

 

Helsing

Åsmund Berthelsen

(leiar i styret)

 

Endeleg innkalling

Framlegg årsmelding 2024

Forslag fra valnemda -25

Balanse Botnane og Årebrot Grendalag 2024

Detaljert balanse Botnane og Årebrot Grendaleg 2024

Resultatrapport 2024 BÅG

Forslag arbeidsplan 2025

 

10. mars 2025/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2025-03-10 09:32:002026-03-05 22:30:59Frå årsmøte 15.mars 2025
Aktuelt, Arkiv

Seljestokken Båtverkstad byggjer for framtida

– Det er dyrt, men vi skor oss for framtida, seier Nina Seljestokken om bygginga av ny hall ved Seljestokken Båtverkstad i Seljestokken. Den 18 meter lange hallen blir lik den som står der frå før og kjem på vel 10. millionar kroner. Han er finansiert med litt eigne midlar og med lån. – Vi må ha skikkelege arbeidsforhold både med omsyn til rekruttering og framtid, seier Nina Seljestokken. Ho er tredje generasjon på Seljestokken Båtverkstad.

Det reiser seg ein ny hall i Seljestokken.

Samstundes med at dei byggjer ny hall er det bygt ark på garderobebygget, med kontor og toalett i andre høgda. Kontoret nede blir slege saman med pauserommet som dermed vert romslegare. Den nye hallen vert bygt tett i tett med den eksisterande hallen. – Begge hallane vert isolerte og heretter kan vi drive med slipping i den eine og anna arbeid i den andre. Vi driv for det meste med plastarbeid og då må vi ha god varme. No får vi ny skinnegang ut i sjøen og ny vogn, fortel Nina Seljestokken. Ho håpar å ta hallen i bruk i mai, men det kan ta meir tid for å unngå full stopp i arbeidet på båtverkstaden. – Det viktigaste er å få gjort skikkelg arbeid, så får det ta den tida det tek, slår ho fast.

 

Ny kai der det stod eit naust.

– Kva nye mulegheiter får de med den nye hallen?

– Når den er ferdig kan vi ta opp sjarkar på 40 fot og arbeide med dei i ein hall, i inntil fire månadar, samstundes som vi når som helst kan ta på oss slipping og meir akutte oppdrag for dei faste kundane våre. For dei kan det vere lenge å vente i fire månadar når dei treng å få noko gjort fort.

– Korleis er ordretilgangen?

– Det er litt rolegare i fiskeribransjen fordi det er nedjusterte kvotar. Dei ligg litt på veret, men vi er ikkje arbeidslause. Per dags dato er vi seks tilsette og skal bemanne oppatt når vi er ferdige med bygginga, seier Nina Seljestokken. I fjor omsette Seljestokken Båtverkstad for 14,4 mill kroner.

 

Fin utsikt over leia frå det nye kontoret på loftet i garderobebygget.  

Ombruk av hall

Elles er Nina Seljestokken godt nøgd med at den vesle bogehallen dei reiv, for å få plass til den nye hallen, kan brukast om att. Brandsøy Maskin reiv den i fjor sommar og byggjer han opp att på Årebrot, der dei hadde ein slik hall som brann ned i 2013. Det er også Brandsøy Maskin som står for byggearbeida i garderobebygget, der det blir nytt kontor, utvida pauserom og toalett.

Ramstad Maskin er entrepenør for bygginga av ny kai og grunnarbeida for den nye hallen. Wiss i Florø som står for bygginga av hallen og Eikefjord bygg for betongarbeidet. – Det er viktig at vi har og brukar lokalt næringsliv, seier Nina Seljestokken.

Tekst: Magni Øvrebotten 25.02.25.
Foto: Torleif Seljestokken

 

 

26. februar 2025/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2025-02-26 09:49:352025-02-26 10:17:28Seljestokken Båtverkstad byggjer for framtida
Side 4 av 24«‹23456›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top