
Skal båtane i framtida legg til ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?
Styret i grendalaget skal ta stilling til om vi skal søkje om å få registrert Årebrot eller Årebrotet som samlenamn/bygdenamn for området mellom Årebrot lykt og Husefest. Styret skal også ta stilling til om vi skal søkje om namnebyte på kaia, frå Villevika til Årebrot kai eller Årebrotskaia. Send meininga di med grunngjeving til leiaren i grendalaget, Åsmund Berthelsen: asmund.berthelsen@icloud.som.
Og kom gjerne på søndagskafeen 2.februar kl.16.00. Så tek vi ein prat om det!
Grendalaget vedtok på årsmøte i fjor å foreslå å byte namn på Villevika kai til Årebrot kai. Årsmøte vedtok også å arbeide for å få opp skilt i Myklebustkrysset (der Frøysjøvegen møter FV 611) der det står Årebrot kai.
Brev vart sendt til Vestland fylkeskommune, Kinn kommune og Bremanger kommune. Fylkeskommunen var dei fyrste som svarte. Svaret var at dei kunne ikkje handsame sak om skilt før Kinn kommune hadde avgjort namnesaka. Når namnet var på plass ville dei ta saka opp att, men viste til at det er Statens vegvesen som vedtek skiltinga ved fylkesvegane.
Kinn kommune sende forslaget til namnebyte ut på høyring. Det var berre Språkrådet som uttalte seg. Rådet peika på at Årebrot ikkje var registrert som bygdenamn eller «eit samlenamn» som var uttrykket grendalaget brukte i brevet. Språkrådet skreiv vidare at «Årebrot(et) «er ført opp som eigedomsnamn og som namn på ein haug.» Difor meinte Språkrådet at det måtte gjennomførast namnesak for namnet Årebrot (et) som samlenamn eller primærnamn. Og det måtte i ei slik sak verte avgjort om namnet skulle skrivast med bunden eller ubunden form, altså Årebrot eller Årebrotet.
Språkrådet har foreslått at eit alternativ til Årebrot kai kan vere å bruke eit «fast samansett» namn som Årebrotskaia. Her vert det vist til namneformer andre stader, mellom anna Igland i Bremanger og Iglandskaia.
Grendalaget er utfordra til å kommentere og opplyse saka.
Som leiar i grendalaget har eg snakka litt med Fridtjov Urdal. Få kjenner historia til bygda betre enn han. Fridtjov meiner at Årebrot er nytta som bygdenamn mellom folk lenge. Han viser til at dei to skulane i bygda, den eine ferdig 1902 og den andre ferdig i 1985 båe heitte Årebrot skule. Og no har vi Årebrot grendahus. Vi har også Botnane og Årebrot grendalag. Årebrot er då bygdenamnet eller samlenamnet for området mellom Årebrot lykt (altså ikkje Årebrotet lykt) og til kommunegrensa til Bremanger kommune ved Husefest.
Fyrste spørsmålet er om vi skal søkje om å få registrert Årebrot som bygdenamn/samlenamn? Det reknar eg med vi svarar ja på. Det andre spørsmålet er om vi samstundes skal søkje om å endre namn på kaia til Årebrot kai eller Årebrotskaia? Det veit eg det er litt ulike meiningar om. Så det vil vi gjerne ha synspunkt frå fleire på, gjerne med ei grunngjeving for det eine og det andre. Send det til asmund.berthelsen@icloud.com
Det er Kinn kommune som skal ta stilling til søknadane om bygdenamn/samlenamn og namnebyte på kaia.
Og kom gjerne på søndagskafeen i Botnane på søndag den 2.februar, så tek vi ein prat om det!
28.januar 2025
Åsmund Berthelsen
Leiar i styret i Botnane og Årebrot grendalag

Kaiskuret er nyleg fiksa skikkeleg opp. Spørsmålet er om kaiskuret skal stå ved Årebrot kai eller Årebrotskaia?

Garden Seljestokken blir lokalt også kalla Stokken. For dei som ikkje er lokalkjende er det plassen der Seljestokken båtverkstad ligg, og rett nord om steinbrotet. Fridtjov Urdal har fundert over kva namnet Seljestokken kjem seg av:
Stokk vert stundom brukt om ein smal og langstrekt våg eller sund. Siste lekk i namnet er i samsvar med landskapet. Fyrste lekken: Selje. Det har vore tenkt på treet selje, at det har noko med det å gjere, men det er lite truleg. Sameleis at det har noko med sal å gjere og at det kan ha vore handel i Seljestokken.
Det er meir å tru at det kan ha med sæle å gjere. Sæle slik som i sælebot, hjelp i naud. Stokkavågen var frå gamalt av ein stad der ein la til lands for å søkje livd eller vente på bør. Då er det ikkje unaturleg at det kan ha vore eit Sælehus. Sælehus (frå norrønt sæluhus og sæluhús), saluhus og salustofa. Vi finn det att i namnet Salhus. Ein stad der farande kan taka inn/finne ly.
I Snorre vert bygging av kyrkjer og sælehus nemnt mellom dei gode tinga som kong Øystein Magnusson fekk gjort medan Sigurd Jorsalfar er utanlands. Sæl er også brukt om einannan med ordet støl. På eine garden seier dei: «Vi har støl inne med vatnet», og på grannegarden kan dei seie: «Dei har sæl inne med vatnet».
I sørvestre enden av Gulskarvatnet ligg det ei tuft. For eit halvt hundre år sidan kunne ein sjå svillestokkane. Når ein skar i dei var dei framleis al-raude under den grå yta. Det var nemnt som selet, ikkje som stølen. Det kan vere at dette vesle huset gjennom tidene hadde fleire oppgåver. Her gjekk farvegen til og frå Gulen, som vi kallar Gulskaret, Gulskarvatnet og Gulskarnipa. Opphavet er Guleskaret der ein kom eller for til og frå Gulen (i Bremanger kommune).
I Olavus Magnus si «Historia om dei nordiske folka», er sælehus nemnt og i illustrasjonar og kart er sælehusa merkte med ein krans som heng frå ein stokk i ramen. Seljestokken, også kalla Stokken, kan ha vorer ein lageleg stad for eit sælehus. Men om denne namneforklaringa er i takt med korleis språkutviklinga er og har vore er uvisst.
Fridtjov Urdal, desember 2024.

Sigrid Moldestad legg ut på ein ny sesong med soloturneen ho har kalla «Med kjærleik frå Breim». Ho tek utgangspunkt i historiene, slåttane og songane sine i eit nært og levande møte med publikum. Konserten er tilpassa mindre plassar/bygder og rom og målet med denne konsertforteljinga er å kome tett på publikum.
Billetter blir synlige og tilgjengelige her: https://www.eventim.no/
Sigrid tek utgangspunkt i sine lokale og personlege historier, og publikum får møte både tradisjonsberaren og skaparen. Ho står sterkt i dei folkemusikalske røtene i Breim, men har også hatt skapartrong og skrive eigne tekstar og songar, i tillegg til tonesetjingar av andre. Sigrid Moldestad turnerte med denne konserten vår og sommar 2024, og har no vidareutvikla ein ny versjon som ho tek med seg vinteren 2025.
Meldingar om fyrste turneen med «Med kjærleik frå Breim»:
Tett på publikum, trollbatt ho publikummet sitt. ( Eksingedalen)
Heilt fantastisk å høyre både song, musikk og forteljing! Tårer i augene og ståpels
Vekselen mellom historieforteljing, vakker song og fengande slåttar var magisk
Unni Hatlem (1934) minnest korleis det var å fare til Florø på julehandel på 1960-talet og har skrive ned denne fornøyelege skildringa. Den omtalte rutebåten heitte «Frøydis», med Martin Holmen som skipper og eigar. Og Fridtjov Urdal har laga eit databilete av båten.

Tøff-tøff-tøff, der kjem han Martin! Det er mange som skal vere med han i dag. Fleire på kvart stopp, for det er snart jul. Veiret er ikkje det beste, det er lova både kuling og haglbyger. Begge deler er alt i gang, men ingen bryr seg om det for no skal det gjerast julehandel!
Småhutrande kjem ein seg om bord, det gjer godt å komme ned i den varme lugaren. Han Martin har fyrt godt i dag. Det fylles fort opp på benkane. Eit par bein kjem til syne øverst i trappa, dei tilhøyrer visst han Agnar. Men så forsvinn dei opp igjen, kva er det no? Åh, det er Martin som roper at nokon må styre så han får selt billettar. Stadig fleire kjem ned, er det plass til fleire? Ja, vi flyttar oss saman, så berre kom blir det svara.» Alle skulle vere så smale som meg», seier han Rikkard. «Då hadde det vore plass til mange». Han sit nesten heilt innerst, klemd mellom to damer, men det ser ut som han likar seg. Nei, no er visst alle plassar opptatt.
«Eg kan stå her ved trappa», seier Hilma. Men då sprett Kolbjørn opp; «Sett deg her du, eg kan stå»! Eit par ungar har vagla seg opp i trappa, dei likar seg best der. Men no må dei enten komme seg ned eller holde seg godt fast, vi er komne på Villevika og båten ruller godt. Forbi Odden er det verst, så blir det rolegare att. Inger kjem om bord som sistemann. Like smilande og blid som alltid, endå ho har fått ei stygg haglbyge på seg mens ho venta.
Praten går om laust og fast. Kvinnfolka mest om kva som er unnagjort til jul og kva som står att. Karane klagar over lommebøkene som blir skrapa, veit ikkje om det rekk til juledram også. Aron Saga,mannen frå det nordlegaste stoppet vil også vere med i praten. Men sindige sunnfjordingar får ikkje med seg alt den rappkjefta østlendingen seier. Paul har like godt duppa av trass ståket. Det er vel dei gode øyreklaffane på skinnlua som stenger alle lydar ute. Kjellaug lurer på korleis det går med eggekorga hennar, har nokon sett seg på den? Sett den på ovnen, så får vi speilegg før vi går på land kjem det frå ein av passasjerane.
Men no må vi vel snart vere framme? Vi går gjennom Rotasundet, kjem det frå ungane i trappa. Det blir eit ståk for å finne kvar sine ting. Paraply? Nei, den får ligge igjen. Det bles for mykje for den slags.

Artikkelforfattar Unni Hatlem på ein vellukka fisketur i 1981. Ho var glad i å fiske og kjøpte seg eigen båt til føremålet. Foto: Privat.
På Meierikaia står ein kjent skikkelse for å ta i mot oss. Han er inntulla i ein tjukk, sid frakk med lua godt ned for øyrene. Sjølsagt er det Nils-en. Han må ned og treffe kjentfolk om været er aldri så surt og han har eit ord til alle. «Kor det går der borte, de er ikkje regna vekk enno»spør han. Det er nok like før, får han til svar. . Men ingen har heilt tid til prat i dag, Det er all verden som skal utførast dei få timane ein er her og overalt er det fullt og vanskeleg å sleppe til.
Det blir springing hit og dit, etterkvart har vi fått med oss det meste vi skulle ha. Det var så vidt det blei tid til ein tur innom Nordals Kafe for å sluke ei svele og ein kopp kaffi. Mat må eiin ha, sjølv om det er aldri rå travelt. Så er klokka blitt så mykje at vi må ned på båten igjen. Lugaren er halvfull av ryggsekkar, poser og esker. Så kjem Martin farande; «Det må i rommet alt dette», seier han og letter opp luka. Saker og ting blir lempa ned, berre småting blir att. Vinden har auka, så vi får nok gynge oss! Inger er heldig som skal tidleg på land. På turen over til Nærøya og tilbake igjen, er det nokre som er blitt nokså bleike om nebbet. Ja, vi liker oss sånn måteleg alle! Det er nokså kjøvande i den overfylte lugaren, med damp av våte klede. Men så tøffer vi inn i det stille Sundet, faren over!
Det blir romslegare etterkvart som fleire går i land. «God jul og takk det samme», blir det ropt. Folk strever med å samle i hop sakene sine, det er vanskeleg å få med seg alt. Margit leiter etter brøda ho hadde kjøpt, ho hadde lagt dei i lugaren. «Det er vel aldri dei som ligg her», seier Sigrun forskrekka, og drar fram ein pakke bak ryggen. Det er nok det, dei er blitt litt flate i eine enden. Ja, ja. Agnes har kjøpt julenek, ho tenker på småfuglane ho. Fleire kjem på ting dei skulle kjøpt, men kven kan huske på alt?
Martin kjem og deler ut nokre pakkar, ein haug med julekort og anna julepost. Alle vesker er fulle, men på eit eller anna vis får alle med seg det som blir utdelt. På kvart stopp var det «God jul» igjen, og båten tøffa vidare. Omsider er Martin åleine igjen. «Det var det, no skal det bli godt å komme heim igjen, ståket er over for denne gong».


Desse bileta er frå 13. august 1966, då «Frøydis» var skyssbåt i bryllaupet til Hildur Kleiven og Per Høidal. Bileta er tekne ved bua til Nikolai Holmen. Bryllaupsbileta er tekne av Harald J. Stavang.
Hildur Høidal har skrive ned namn på dei fleste som er med. Bilete 1: Frå høgre: Asbjørn Gjelsvik, Helge Kleiven, Arvid Stavang, ??, Gunn Gjelsvik, ??, Harald Stavang. Attmed masta Einar Nesbø, til høgre for han Palma og Arnold Rekster, ?. Til venstre for Harald S., Hjalmar Årebrot, meg Hildur Høidal, ?, Oddny Høidal, Hilma Årebrot, Håkon Årebrot, Else Endressen, Odd Hansen, jente Edith Årebrot, bak brura Hatlem, ? Bertil Gjøringbø ved styrehuset ? Doralf Høidal, Lars Frøyen.
Bilete 2: Walter Endressen, Dag Vidar Høidal, Palma Reksten, ?, Asbjørn Jagedal, Harald Rikheim, i regnkåpe Else Endressen, ved styrehuset Jakob Kleiven, Doralf Høidal, Odd Hansen. På land Harald Årebrot, Hjalmar Årebrot, Harald Rikheim, Svein Pettersen, Helge Kleiven og Bjørg Stavang.
Unni Hatlem 14.12.2024.
Norsk Barneblad kom fyrste gong ut i 1887, og er truleg det eldste eksisterande bladet for barn i verda. 11 utgåver i året, og i desember med julehefta Juletre og Smørbukk. Norsk Barneblad er redigert på nynorsk.
Atle Faye minnest attende til då han var ti år og førebuingane til jul, både heime i Vikja og på Årebrot skule. Adventstaken hugsar han slik: Vi har laga den av ein trestubb. Pynta med mose, konglar og granbar som vi fann over håjen bak skulehuset. Bora hol, slik at det er plass til fire lys. Lilla, fargen for advent.
A D V E N T
- Desember og måndag etter fyrste søndag i advent. Ei stutt versopplesing, eitt lys i staken blir tent, så syng vi. Det er sju ungar i skulestova, frå yngst til eldst, 1. til 6. klasse. Pluss den nye læraren. Han er frå Bergen og bur inne på lærarrommet. Søv oppe på loftet.
Med advent kan også eska med julepynt hentast fram. Vi sjekkar nøye kva som er teke vare på frå i fjor og om dei skjøre glaskulene framleis er heile. Glitter, flagg, englar, bjøller og kreppapir. Og nissemasker!
I dei korte vekene som ligg framfor oss skal det klippast strimlar av farga papir, brettast til korger og lagast lange lekkjer. Juletreet skal stå midt i skulestova, der det til vanleg står pultar.
Men ikkje berre julepynt, rullar med kreppapir blir omstendeleg omforma til dukar. To små fingrar held fast ytst på kreppapiret, frå den andre handa ein finger som gnir papiret inn mellom, slik at det langs kanten vert forma til ein svingande bord.
Det skal bydast inn til fest for folk frå to bygder. Året før har skulane på Årebrot og Nærøya blitt slegne saman. Nærøya har overtaket, dei er fire, vi frå Årebrot er tre.
Nokre av oss sit oppe på loftet, på rommet som er skulebibliotek. Her likar eg meg. Det luktar bøker og papir, og det tikkar svakt i panelomnen på veggen i det den slår seg av og på.
Vi blar i dei innbundne årgangane av Norsk Barneblad, finn små historier og stubbar om jul og livet i bygdene. Diskuterer, skriv av vitsar og plukkar ut gåter og spørsmål som vi kan bruke til ein konkurranse på festen. – No må vi øve, seier Kjell. Ein skikkeleg juletrefest skal ha eit kunstnarleg innslag.
Vi er tilbake i skulestova der læraren har valt ut ein sketsj om vegarbeid, svært tidsaktuelt ettersom dette er eitt av dei få åra der fylke eller kommune gjev ein liten slump pengar slik at det kan kome veg fram til nok eit hus langs den langstrekte stranda.
Det er arbeidarane i Statens vegvesen som skal parodierast. Skulegolvet blir omforma til scene, og den viktigaste rekvisitten er ein stor spade. På rollelista står oppsynsmann og nokre vegarbeidarar. Eg har fått tildelt ei lita birolle. Skal stå litt på sidelinja som anleggsslusk.
– Du kan godt ruske godt til i luggen, fint at du har litt langt hår, seier Kjell. Signalet vert raskt oppfatta, rolla skal være truverdig. Men samtidig har eg fått ein ny idé, ein veldig god idé!

Årebrot skule 1971–72. Gjengen som laga til juletrefest. Frå venstre etter alder; 1. klasse: Bjørn Hatlem, 2. klasse: Gerd Bareksten, 4. klasse: Atle Faye, 5. klasse: Unni Bareksten og Randi Hatlem, 6. klasse: Venche Faye, Knut Hovden og Astrid Bareksten. Fotograf og lærar: Kjell Lillestøl
J U L E R I T U A L
Heime på Vikja er det også adventstid. Huset blir rundvaska og det går føre seg storproduksjon av julekaker. Sandkake, berlinarkrans og sirupssnipp med mandel. Delfiakake og hjortetakk. Minst sju slag før mamma kan seie seg nøgd. Luktene gir oss ungane vatn i munn. Vi får smake ein av slaget før godsakene blir forsegla i boksar. Brått vart dagane fram mot julekvelden lange.
Men det er ikkje berre hus og bestikk som skal vere nypussa og skine til jul. Ritualet omfattar også oss ungane. Mamma passar alltid godt på at vi ser skikkelege ut. Ulike klede for skule, heim og helg. Men diverre er det også tid for noko langt verre. Den årlege juleklippen, ein seanse eg hatar!
Pappa hentar då fram regnfrakken til mamma, snur den opp ned, trer splitten bak inn frå nakken langs halsen og festar under haka med ei nål, lik kappen dei profesjonelle frisørane danderer før lokkane skal falle.
Fram med nyslipt saks og ei klippemaskin han eit par år tidlegare kjøpte brukt av frisøren på Florøyna. Eit manuelt muskedunder som sakte gneg seg oppover nakken og legg draumane om langt hår i grus.
For det er langt hår popikona har. Donny Osmund syng ikkje “Puppy Love” med snauklipt skalle. Dei store stjernene har alle langt hår, det har eg sett både på fjernsynet og i Det Nye!

Gamle Årebrot skule frå 1909. Der var det skule fram til det kom ny skule på Årebrot i 1985.
– Læraren seier eg må ha langt ruskete hår, det høyrer med i rolla!
Først måpande ansikt. Kafornåke? Læraren? – Ja, vi skal ha skodespel!
Endå det er strengt forbode å fortelje noko om kva som skal skje på festen må eg lette litt på sløret og seier at eg skal ha ei viktig rolle. Og eg utbasunerer at øvingane har kome langt og at læraren har sagt at eg ikkje må klippe meg.
Til mi store overrasking gjev argumentet inntrykk. Læraren er nemleg ikkje nokon kven som helst for folk i bygda vår. Det ser ut til at eg er redda!
I skulestova glir etterkvart det meste på plass. Ettersom vi øver blir vi stadig tryggare på rollene i skodespelet. Til festen har vi også fått tildelt andre oppgåver. Eit viktig ansvar er å stå for marknadsføringa slik at det kjem publikum. Oppgåva er å lage plakat om tid og stad, og få plakaten opp på døra som går ned til passasjerrommet på Skule Jarl.
Plakatjobben går ikkje til meg, eg skriv som ein gris og får som regel berre små sølvstjerner i boka med skjønnskrift. Og det er i grunnen heilt greitt, eg ser sjølv at ho Randi skriv mykje finare enn meg. Ho får då også stadig vekk stjerner i gull.
Skule Jarl fraktar skuleungar, arbeidsfolk og andre, og alle skal til byen for å handle til jul. På døra ser alle plakaten og på reisa har dei god tid til å både lese og snakke om oppslaget.
Siste skuledag før jul blir klasserommet rydda. Det blir stilt opp bord og benkjer til to rekker, ei langs vindauget og ei langs veggen til døra. Frå den store skogen til dei på Ura får vi juletre og på Ura både høgg og leverer dei, heilt gratis. Etter litt plunder med å få stamme og juletrefot til å samarbeide blir treet reist opp og vi kan starte pyntinga med alt vi har laga i formingstimane. Eit par timar og den gamle skulestova er klar til fest.

Julepynten vart henta ned frå loftet.
J U L E K V E L D
Kvelden før kvelden skal juletreet inn i stova også heime på Vikja. Ein lenestol må flyttast til sides for å få plass, so hente lys, kuler og anna pynt ned frå loftet. Inn i huset kjem også den gode lukta av nysaga trestamme. Det er oss ungane sin jobb å pynte, vi diskuterer plasseringa av lys, kuler, fargar og har prøvetenning. Mamma kjem og ser resultatet. Godkjent.
Men lysa blir raskt slått av igjen i påvente av den store dagen. Julekvelden kjem då endeleg og det blir tid for å gå med gåver. Fyrst til Gamlebøen.
Det var her pappa vaks opp, han vart fosterbarn her etter at mor hans døydde då han berre var vel to år. I stova sit Agnes og Richard. Klokka er fem og på fjernsynet syng Sølvgutane jula inn. Det luktar jul og vedunderleg god mat i heile huset.
Vi knekker nøtter og pratar. Agnes og Richard får høyre nytt frå skulen og vi drøser om forskjellige ting. Her kunne eg ha vore lenge, det er så utruleg hyggeleg i stova på Gamlebøen.
Men Agnes og Richard skal snart ete julemiddag, og dei et mykje tidlegare enn oss. Det endar med gåvebyte. I nettet med pakkane ser eg ein rull som eg veit kva er, Agnes er nemleg sjølvaste Bladsentralen i bygda og sel julehefte. Så er det på tide å seie god jul, få ein klem og gå vidare til neste stopp.
På Ura vaks mamma opp. Også her slår luktene imot straks ein opnar døra, ein kombinasjon av god mat og gullande reint hus. På kjøkenet sit bestefar og bestemor i kvar sin faste stol.
I stova står det framme allslags frukt, knask og godteri som onkel Jarl og onkel Kolbjørn har kjøpt inn.
Det sprakar i omnen og juletreet er på plass i kroken. Til forskjell frå heime har det lyspærer med forskjellig farga glas, til alt overmål med to lyspærer som blenkjer og heile tida slår seg av og på.
Magnus, onkelen til mamma, har kome heim frå Florøyna og vi får gå til det vesle skåpet på rommet hans og hentar ei lita glasflaske med raudbrus. Onkel Jarl slår ein spikar gjennom metalkorken og vi kan suge ut brusen som kiler så deilig i nasen.
Tante Borghild er som alltid ein kvitrande blid kvervelvind som fer rundt og fiksar smått og stort. Ein har ikkje vore lenge innom døra før ho har diska opp med eit fat snittar. Absolutt ingen lagar så fantastisk sylteflesk som tante!
Julemiddagen på Ura er litt seinare enn på Gamlebøen, men tidlegare enn det vi plar ha ute på Vikja. Snart er det på tide for klemming og utveksle gåver. Eit tung lass som det er ei sann fryd å bere på.
Heime har huset fått ei ny ro. Med ungane ute eit par timar har mamma gjort alt klart. Julegardiner, løparar med nissemotiv, nøtter og alt anna er på plass. Det luktar jul i heile huset frå pinnekjøtet som putrar i panna. Klokka har forlengst passert fem slik at juletreet har fått dei vakre, gamle og gule juletrelysa slått på.
Julemiddagen smakar himmelsk, men eg et ikkje så veldig mykje, proppande mett som eg allereie er etter alle nøttene på Gamlebøen, brus, snop og snittane med sylteflesk på Ura.
Det tar ulideleg lang tid. Særleg oppvasken drøyer altfor lenge. Det blir no likevel til slutt ring rundt juletreet og vi går sakte rundt og syng nokre julesongar. Alle versa, må vite!
Heile tida kikar eg på haugen av pakkar, lurer på kva som er til meg. Får den vesle grøne bjølla med snøflak på ei grein til å ringle, dultar tilfeldig borti kvar gong eg går forbi. Eg er glad i å synge, men det får no vere måte på og endeleg skjer det.
Pakkane! Det blir lest opp frå merkelappar og delt ut.
Stova er raskt forvandla til eit inferno med papir og band. – Hald no endeleg styr på kven som har gitt kva, formanar både pappa og mamma, dei ser det går vel fort unna i jakta etter nye skattar. Julekvelden er verkeleg kvelden for å setje pris på at ein har mange sysken, onklar og tanter!
Til slutt har eg att berre ein pakke.
Ingen andre får pakke derifrå. Unni og Karl i Synnavåg er nemleg fadderane mine. Pakken er mjuk. Skepsisen endrar seg raskt når eg opnar og ser kva som er inni.
Unni har stikka ein vest med rustraude og sennepsgule striper. Prikk makan til helten i ein tsjekkisk barnefilm. Svakt hugsar eg at Unni, ein gong på sommaren, “sånn litt ut i lufta”, spurde om den tøffe guten og vesten. Eg hadde nok snakka mykje om han.
Og der låg vesten!


Smørbukk på glattisen. Illustrasjonane er gjengjevne med løyve frå Norsk Barneblad. Bak Smørbukk stod Håkon Aasnes og Solveig Muren Sanden
ROMJUL
Fyrste juledag kan gåvene studerast i detalj. Den nye vesten er på før frukost. Kjenner meg like tøff som helten frå filmen, eg har til og med nesten like langt hår.
Vi ungane er sprekkferdige av nysgjerrigheit etter å kome oss ut og sjå kva dei i Synnavåg har fått, og har lyst til å vise dei våre gåver. Men vi veit også at er nyttlaust å spørje om å dra dit. Denne dagen er for familiane, då dreg ein ikkje på besøk. Basta bom!
Litt ut på dagen blir vi nysgjerrige på juleblada. I rullen frå Agnes ligg Juletre, Smørbukk og eit misjonsblad. Pappa har kjøpt inn 91 Stomperud, Fiinbeck og Fia, Texas og Vill Vest. Og julenummert av Krigsropet. Frelsesarmeen er nemleg ein bra organisasjon seier pappa, dei driv så godt hjelpearbeid utan å være so misjonerande.
Vi blar, les og kikar på illustrasjonar. Eg likar Smørbukk best, han finn alltid på so mykje tøys. Og Vill Vest med tøffe kaptein Miky, teikneserien frå cowboy-land som dessutan minner litt om Krutrøyk som laurdag etter laurdag klistrar nasjonen til fjernsynsskjermen.
No er også kakeboksane endeleg opna og vi kan berre proppe i oss. Eigentleg ein ganske fin dag, trass i at eg ikkje kjem meg ut i Synnavåg.

Songhefte «Kling no klokka» med 32 julesongar vart mykje brukt under juletrefestane i det gamle skulehuset på Årebrot. Eit hendig format til gang rundt juletre utgjeve av Alversund Mållag, Lindås Mållag og Ostereidet Mållag. Takka vere dette vesle heftet har folk i generasjonar, lært seg, blitt glade i og sunge julesongane på nynorsk.
J U L E T R E F E S T
Folk sig sakte inn i skulestova, det er folk frå nesten alle husa frå nord til sør i grenda. Kvinnene går til rada ved vindauget, mennene set seg ved bordet langs veggen. Det kjem båt frå Nærøya som legg til ved kaia på Ura. Frå glasa i skulestova kan vi følgje med på at dei går i land og kjem opp, nokre kikar seg litt ekstra rundt, har kanskje aldri vore her før.
Midt på golvet står treet og lyser, eg syns det er så fint. Ser på korga som heng på ei grein, den som dei små fingrane mine møysommeleg har fletta.
Det er læraren som opnar festen, men ganske raskt tar vi ungane over. Alle har fått tildelt ansvar og programmet er innøvd. Ein les vitsar og gåter, andre har skore skiver og laga snittar til mat, og kaffi skal kokast.
Og ein av dei vaksne skal spørjast om å kle seg ut som den hemmelege nissen og dele ut dei små pakkane med mandarin og tvist som dei minste barna skal få mot slutten av festen. Og so skal det helst også gjerast eit peik der eit par av dei eldste får pakke, saman med dei små.
Eit par har fått det tunge ansvaret med å lage fruktkorg. Ei gamal skoøskje, avispapir i botn, kledd med kreppapir og fylt med bananer, appelsiner, nøtter og allskens godsaker og tilslutt innhylla i mørkeraud cellofan med ei sløyfe. Verdas flottaste fruktkorg, og kveldens gevinst, tronar framme med tavla.
Eg er ein av loddseljarane, det er ein lite krevjande jobb for bygdefolket har alltid vore flinke til å kjøpe. Gang rundt juletreet. Tre ringar rundt treet. Hand i hand og med songheftet “Kling no klokka” i venstre, inn under albogen til ho som går føre. Ved neste song snur ringane og går den andre vegen, songheftet skiftar også hand og alboge. Dette kan bygdefolket!
I år kjem også orgelet i bruk fordi den nye læraren speler både piano og klaver. Og med orgel blir det mykje lettare for alle å fylgje tonen slik at det retteleg oppstår ei kraft i rommet når julesongane blir sunge i kor av bygdafolket.
Seinare står eg ute i gangen og ser i den vesle spegelen på veggen. Sketsjen om vegarbeidet skal framførast. Eg har lånt ei gamal sliten jakke, væter håret med vatn, rufsar rundt til flokar og prøver å sjå mest mogleg sluskete ut. So går vi alle inn – det er stint av folk, men også knuskande stilt.
Oppstilling. Systrene Gerd og Unni har hovudrollene. Gerd er vegarbeidar i Statens vegvesen og står og heng på den store spaden. Signalet frå oppsynsmannen kjem og arbeidsdagen startar. Brått gjev Gerd frå seg ein illevarslande lyd og segnar om på golvet.
Den store spaden – revisitten i sketsjen – svirrar sakte rundt før den dett over og landar på golvet med eit brak. Drama i skulestova, er Gerd død? Men arbeidet må starte. Andre må ta spaden, dei grev og grev. Gerd blir liggande, rører seg ikkje.
Til slutt kjem eit nytt lydsignal frå oppsynsmannen, arbeidsdagen er no over. Syster Unni veit straks råd.
– No er det slutt, vi skal heim, ropar ho. Som ved eit Guds under gjenoppstår Gerd frå tilstanden mellom liv og død, gnir seg i augo og reiser seg. – Ja, ja, eg kjem!
Det er applaus, folk ler. Sketjen som parodiserer vegarbeidarar som helst ikkje vil jobbe går rett heim. Vegvesenet har då også eit visst rykte på seg!
Stas å få applaus, men under framsyninga har eg merkt meg noko anna. Trass at eg har ryggen til merker eg at mamma sit heilt ytst på stolen og nøye følgjer med. Og det uungåelege skjer.
Då festen er i ferd med å ebbe ut ser eg at ho går mot læraren. Ho går raskt til saka. Har han verkeleg sagt at eg må ha langt hår for å være med i denne sketsjen?
Lærar Kjell blir litt forfjamsa, men seier forsiktig og lugnt at ja, han syntes det var lurt. Då er det greitt. Etter lensmann og prest er det trass alt læraren som har rang som den viktigaste i bygda.
E P I O L O G
Som kjent var ikkje Adam særleg lenge i Paradis. På nyåret kom saks og klippemaskin fram og eg vart igjen det som Lillebjørn Nilsen i ei vise nokre år seinare så treffande skildra som “ein trill rund skalle som var klipt ein gong for alle”.
Ikkje for det, pappa var flink han. Notabøtaren visste at millimetrane kunne vere avgjerande. Og heimeklipp var eit rituale i mange heimar.
Langt meir stas blei det då eg eit par år seinare fekk være med opp på Florøyna til frisøren som heldt hus i etasjen over Landbruk. 6 kroner for klippen min, 7 for pappa sin. Då gjekk det opp for meg at det å klippe seg kosta ei heil lita formue.

I bladet Juletre frå 1971, då barneskulen arrangerte festen det blir fortalt om, kan ein lese diktet “Åleine” av Jan-Magnus Bruheim.
Atle Faye, 1. desember 2024.

For tredje året på rad vert det laga til julemesse og kafe på Årebrot grendahus, i år laurdag 30. november, frå kl. 13.00 til 16.00. Og arrangørar er framleis Britt Maret Sunde og Sypikene på Årebrot. Dit kan du kome både med rutebåt og eigen bil.
Laurdag går det rutebåt frå Florø kl. 13.00 (båten til Smørhamn), som er på Villevik kai kl. 13.10. Retur derifrå er kl. 16.00. Det skal vere god tid til både handel og kjøpt av mat i kafeen. Dei som kjem køyrande nordfrå tek av fylkesveg 614 i Myklebustkrysset og køyrer langs Frøysjøen til Botnane, og vidare sørover til Årebrot grendahus, med adresse Frøysjøvegen 4200.
Desse stiller ut arbeid for sal på julemessa på Årebrot:
Heidi Yttrehus – saueskinn og urtete
Bente Årebrot – strikking
Åsmund Berthelsen – tægerbinding
Merete Langeland og Karin Andal – tova ullprodukt og rognebærgele
Reidun Seljevoll – hagefigurar i betong
Linda Førde – hekla figurar
Britt Maret Sunde – broderi og quilting
Anne-Karin Årebrot – lefser og natronkaker



Tale ved avdukinga av krigsminnesmerke «Eric» i Florø 8. mai 2020.
Den 8. mai 2020 vart det avduka eit krigsminnesmerke i Kyrkjeparken i Florø. Det er ei skulpturgruppe som førestiller motstandsmennene Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, og motstandskvinna Sigrun Solberg, som hjelpe dei under krigen. Det er Hjalmar Lote som har laga skulpturgruppa, på oppdrag frå Flora historielag og Flora krigshistorielag. Magni Øvrebotten var ei av dei som var bedne om å halde tale under avdukinga av dette krigsminnesmerke, og ho gjorde det på vilkår av at ho fekk snakke om kvinnene sin innsats under krigen:

Sigrun Solberg under krigen. Bilete er teke i 1942, då ho var 40 år.
Om Sigrun Solberg og andre motstandskvinner
«Vi såg vel aldri på henne som ein helt. Heltar, dei gjekk ikkje i uttrakka, avskorne gummistøvlar og rutete forkle. Eller kom på basaren i blå gabardinkåpe. Heltar gjekk ikkje på basar i det heile. Dei hadde anna å gjere».
«Det var ikkje krigen som stod i tunet på Solberg. Ikkje fedrelandet som kalla med tung og malma røyst. Det var menneske i mørkret, som trong hjelp. Dei hadde bruk for henne».
«Krigsåra gjekk. Agentar kom og for. Ho Sigrun kunne dei lite på. Ho var der støtt. Ho kom gåande skogalangs så ingen skulle sjå. Ho kom stilt roande i landskuggen, for ingen måtte sjå og ingen måtte høyre. Om dei såg og høyrde så måtte dei ikkje forstå».
«Då stasjonen fall ein tidleg vårdag i 45 måtte ho på skogen ho òg. Vi ville ha heltar med stengunn i neven og korslagde patronbelte. Heltar med fiendelik i haug og dunge ville vi ha. Ho Sigrun høyrde ikkje til i det biletet. Ho hadde gjort det ho kjende som plikt.»
«Då freden kom vende ho heim etter nokre veker i dekning. Då var det kvardagen som stod i grinda og tok i mot ho. Møka måtte ut om det var fred i landet».
Dette er sambygdingen Fridtjov Urdal si jordnære skildring av Sigrun Solberg og krigen. Betre kan det ikkje seiast. Ho såg ganske visst ikkje på seg sjølv som nokon helt, ho gjorde berre det ho tykte ho måtte gjere. Attåt dyra, garden og stell av gamle foreldre, og otten for to brør i tysk fangenskap. Ho var av dei som kunne teie og te seg slik at ingen spurde, pliktkjensla var ei rettesnor i livet og sjølv sa ho at «det vart no berre slik».

I dag har Sigrun Solberg kome på sokkel, saman med Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei to karane som banka på utedøra på Solberg 21. august 1941, og ba om hjelp. Det fekk dei; med husly, transport og mat, helgar og julekveld på Solberg, beskjedar til og frå andre hjelpesmenn. Sigrun vart deira auge og øyre i kvardagen dei sjølve ikkje lenger var ein del av. To av dei som hjelpte henne med dette var far og son Daniel og Dagfinn Hjertenes.
Kvinnene måtte bli
Sigrun Solberg ville heilt sikkert tykt at det er storveges at det vert sett opp eit minnesmerke over Svardal og Ulriksen, men som kvinne i sin generasjon ville ho truleg ha vore brydd over å stå der sjølv. «Det er no så altfor mykje», som dei brukte å seie.
Difor er det så fint at ho står der både for eigen innsats, og som representant for alle dei kvinnene som var med og gjorde det mogeleg å drive motstandsarbeid under krigen. Med mat, vaska og bøtte kle, omsorg og ansvar for ungar, gamle og sjuke folk og heile gardsdrifta, og andre næringsvegar. Kvinnene kunne ikkje fare frå alt dette, dei måtte bli. Åleine med frykta for kva som kunne skje. Det galdt å ikkje sleppe ho til. Arbeid dag og natt, helg og ørke, var god hjelp i så måte. Men ho sette seg i kroppen for livet.
«Eg laug så mykje under krigen»
«Eg laug så mykje under krigen at eg lurde på om eg kunne snakk sant meir då han var over». sa Besta mi, Magna (Øvrebotten), når eg ba henne fortelje om krigen. Saman med den 16 år gamle dottera Oddbjørg, stod ho for maten til dei som gøymde seg i hus, uthus og hytte i Botnane. Ein av dei som låg i kammerset heime var Linge-mannen, og den seinare krigshistorikaren, Ragnar Ulstein. Besta kunne aldri snakke om han utan å seie: «Han såg ut som ein gutunge då han kom her». Med all den omsut som låg i det utsagnet.

Thorbjørn, Magna, Arne og Oddbjørg Øvrebotten, fotograferte i 1947.
Mannen hennar Thorbjørn og sonen Arne var offisielt farne til England, så ingen måtte sjå dei eller andre som gøymde seg i skogen. Heime på garden var det dei to kvinnene og ei gamal bestemor. Det var farleg når det kom folk i hus og såg kor mykje mat dei laga, for det kunne skape mistankar, for tre kvinnfolk trong då ikkje så mykje mat. Det var bale med store gryter på vedkomfyren, fulle av komler, når du ikkje fekk røre i dei, fordi besøket ikkje ville gå. Det kunne kome heilt frå Kalvåg for å høyre om det «ikkje låg att noko tobakk etter karane?»
På det meste var det 6-7 mann som skulle ha mat. Det gjekk i komler, spekesild, røykesild og graut av krigsmjøl, natronkaker og potetkaker i uendelege mengder. For poteter hadde dei nok av. Faster Oddbjørn er i dag 91 år (døydde i 2023) og hugsar framleis at ho hadde store blemmer i hendene etter all kjevlinga. Det var ho som gjekk med matspanna til skogs og sette dei på avtalte plassar, i urdar, der faren henta og bar dei vidare. Ingen måtte sjå eller høyre dei, skyming og bekmørkna var tryggast. Aldri ope lende.
Besta grein ikkje i utrengsmål
Det var også ho som sprang til skogs for å hente faren heim for å snakke med Isak i Breivika når han kom med beskjedar. Isak kom alltid etter at det var mørkt og la seg til å sove til ho kom att. Ein slik kveld hugsar Oddbjørg at mora gav uttrykk for at ho var redd, ho byrja grine og utbraut; «No kjem eg ikkje til å sjå deg att i live». Besta grein ikkje i utrengsmål, men denne eine kvelden hugsar dottera at alt arbeidet, ansvaret og frykta ho levde med rann over. Men dei kunne ikkje gje seg over. – Å vere redd har ein ikkje råd til i slike situasjonar, då får ein ikkje gjort noko, slår Oddbjørg fast.
Roa deira kom vel med den dagen tyskarane kom på døra for å fange karane, 13. mars 1945, også då var det berre kvinnfolk heime. Kesting og kompani kom rett frå Breivika, der dei hadde skote Atle Svardal, mishandla Fredrik Persen stygt, kverrsett Roska-stasjonen og kommandert ut alle mennene i Botnane til å bere ned utstyret frå Roska-stasjonen. Sigrun Solberg visste ikkje kva som hadde skjedd før neste dag. Då måtte ho ryme og late to gamle foreldre site att til ein usikker lagnad når tyskarane kom.

Magni Øvrebotten snakka om kvinnene sin innsats under krigen.
Ei skam for etterkrigs-Norge
Det er ei skam for etterkrigs-Norge at alle dei motstandskvinner og – menn som ikkje bar uniform under krigen fekk så lite takk for innsatsen etterpå. Mange gjekk i grava utan, andre vandra på randa av grava då dei vart takka. Aller minst takk fekk kvinnene.
Heldigvis vart Sigrun Solberg 100 år, så ho rakk å få si takk og påskjøning. Heldigvis vart også krigshistorikaren Ragnar Ulstein mest 100 år. Han arbeidde mykje for at ukjende motstands-kvinner- og menn skulle bli heidra. Men skjemdavitet sat ofte langt inne hjå dei han måtte overtyde om at dei fortente det. Og dei som fekk heider hadde ilt av å tenkje på alle dei som ikkje fekk det.
I dag står motstandskvinna Sigrun Solberg her på sokkel, saman med dei fyrste som banka på og ba om hjelp. Til heider for dei tre og andre som gjorde motstand under andre verdskrig. Ikkje for at vi skal sole oss i glansen, men som ei påminning til oss og komande generasjonar om at ingen kamp og ingen fred er vunnen for alltid. Då gjeld det å kjenne si historie, også den lokale historia. Diktaren Jan-Magnus Bruheim formulerte det slik:
Veit vi ikkje noko om det som har vore,
vil vi heller ikkje klårt kunne sjå det som er.
Veit vi ikkje kvar vi står,
veit vi heller ikkje kvar vi skal gå.
Magni Øvrebotten 08. mai 2020.

Siren Uren pendlar mellom hytta på Ura og arbeid i Måløy.
Når Siren Uren kjem til Myklebustkrysset senkar skuldrane seg, då er det strake vegen til hytta på Ura, på Årebrot. Far hennar kom frå garden på Ura og der var familien i feriane frå ho var lita. Ho og broren Gisle vart tekne i mot med opne armar av tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for dei. – Det er så trygt her på Ura, her er det som det alltid har vore. Eg slappar slik av her. Ura er min «happy place», seier Siren Uren. No arbeider ho turnus nær Måløy for å kunne være mest mogeleg i hytta på Ura.
Siren Uren fekk etter kvart ta over eit område som faren hadde fått skilt ut frå garden, men ikkje bygde på. Der har ho eit ambisiøst prosjekt som det vil ta år å realisere. Det fyrste bygget ho fekk opp var ei matbrakke, som vart ordna til slik at Siren og dottera kunne bu der i feriar. I 2017 fekk ho opp ei hytte heilt frampå kanten, med vidt utsyn over grenda og skipsleia. Kring hytta planlegg ho inngjerda grønsaksåkrar, hage inndelt i soner, plattingar og drivhus. Gjerne jordkjellar òg, med tida. – Det manglar ikkje på planar, eg ser det føre meg korleis det skal bli. Her ser eigentleg ikkje ut no, men det skal bli fint, seier Siren Uren. Ho viser rundt på berghylla si og fortel entusiastisk om korleis det skal bli.


Hytta sett frå begge sider.
Gjevande å arbeide i barnevernet
Siren Uren er barnevernspedagog og har leilegheit i Bergen, men bur mest i hytta på Ura. For å kunne bu der arbeider ho i Måløykollektivet si avdeling i Torskangerpollen. Det er ein behandlingsplass for ungdomar med rusproblem og åtferdsvanskar, i alderen 13 til 18 år. Dei er plasserte der på tvang av barnevernet. Det er fem ungdomar på avdelinga og i alle høve fem tilsette, ofte fleire. Ho går i turnus, to veker på og to veker av.
– Det er kanskje ikkje dei mest motiverte ungdomane du har med å gjere?
– Nei, men eg har arbeidd med denne gruppa ungdom i alle år og likar det. Du får brukt heile følelsesregisteret ditt i løpet av dagen. Men eg føler at eg har knekt koden med desse ungdomane etter mange år i barnevernet og med fosterbarn. Det er gjevande og kjekt arbeid. Stundom tek eg ungdomar med hit også for å gje dei litt av den roa og tryggheita eg kjenner her.
– Kva gjer deg så knytt til Ura?
– Det har vore slik heilt sidan eg var lita jente og gledde meg så veldig til å besøke farmor og bestefar i Florø. Far min, Steinar Uren, var yngst av seks sysken på garden Ura, og det var berre han og systera Halldis (Faye) som hadde born. Vi var her i alle feriar og vart møtt av besteforeldre, tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for oss. Sa vi at vi ville ut å fiske var onklane våre, Jarl og Kolbjørn, klare til å ta oss med på flekken, og ville vi vere med i fjøsen var ikkje tante Borghild tung å be. Når dei var i Florø og handla hadde dei med så mykje snop heim at vi aldri såg slike menger elles i året. Det var som å kome til Paradis å kome hit.
– Kvifor var Jenny og Hjalmar Uren kalla «farmor og bestefar i Florø», når dei alltid budde her på Ura, på Årebrot?
– Det veit eg ikkje. Det vart alltid sagt med oss at vi skulle «til Florø», aldri Ura eller Årebrot. Vi sa også at vi hadde vore i Florø på ferie. Rart i grunnen, men slik var det.

Frå hytta ser ho rett ned på garden Ura, der barndomsminna kjem frå.
Spennande når folk kom for å ringe
Oldeforeldra Kristoffer og Hanna Cecilie Uren hadde brevhus på Ura frå 1909, og besteforeldra Jenny og Hjalmar Uren hadde telefonen på Ura. Siren hugsar kor spennande det var når det kom folk for å ringe, og ho fekk leike der inne «ho Jenny på Ura» styrde med telefonen. – Eg var nok ein litt vidløftig unge, og det var ikkje så mange på min alder her (f. 1968), så eg var kanskje mest saman med dei vaksne? Eller eg hadde med ei veninne. Bror min, Gisle, som er tre år yngre enn meg, hadde fleire jamaldringar å leike med her.
Siren hugsar at dei vaksne let vere å fortelje henne når dei skulle fare frå Bergen til «Florø», for elles byrja ho å pakke lang tid i førevegen. Familien reiste med Hurtigruta og vart henta med båt i Florø grytidleg om morgonen. Onkel Jarl hadde favoritt-båten fordi den hadde kalesje og benkar inne. Båten til onkel Kolbjørn var open, og dei sat under presenningar og store regnkle om det var dårlig vér når han henta dei. – Eg har eit koseleg barndomsminne om at eg trefte på postmann Olaf (Øvrebotn) inne i Florø og fekk vere med han i båten på postruta hans til Årebrot. Han let meg dele ut posten til dei som sto på kaiane og venta. Det var stas.
Det var tanta Borghild og onkelen Kolbjørn som budde på Ura, medan onkel Jarl var der i helgar og feriar. Han arbeidde i Florø. Dei hadde sauer og hest, og Siren hugsar også ei tid med kyr og ein gris av og til.
– Det fyrste eg gjorde når eg kom var å gå i fjøsen. Når vi kom på sommerferie var fjøsen tom og dyra på beite. Då hadde eg usynlege fantasisauer som eg gav høyrestar og mjøl til fleire gonger om dagen. Tante Borghild lo mye av dette og etter at eg vart vaksen minna ho meg ofte om alle dei rare tinga eg gjorde som barn. Eg dilta med Borghild når ho gjekk med kyrne og vi møtte Helena på Løype, som kom med sine kyr, kanskje hadde dei berre ei ku kvar på slutten? undrast Siren og minnest desse damene med glede.
Bortsett frå onkelen Jarl er den generasjonen borte no, men ho likar å bli kjend med nye folk og føler ho har eit godt nettverk på Årebrot. – Vi er to-tre stykke som har danna oss klubb der vi møtest på omgang. Elles likar eg meg i mitt eige selskap, med strikketøyet mitt og mykje forskjellig å drive på med. Som du ser manglar det ikkje arbeidsoppgåver rundt meg.

Hagen mellom husa skal delast inn i parsellar og gjerast inn, elles et hjorten opp alt.
Fem år i USA
I 1979 flytta familien til USA, Siren var 11 år. Far hennar var reisemontør i Frank Mohn (industriverksemd som lagar pumper til tankbåtar) og fekk jobb i Huston i Texas. – Mor mi Turid var veldig eventyrlysten og vi tykte alle at det var spennande å fare ut i verda. Eg følte meg veldig heldig, eg fekk lære språket og knyte venskapsband for livet. På mange måtar budde vi der i USA si glanstid, medan det var «stas» med USA, seier Siren. Alle naboane i Bergen fylgde dei på flyet når dei skulle fare. Då var det uvanleg å reise til USA, i dag er det ikkje det. – Vi hadde alle dei fordelane Norge gjev, samstundes som vi fekk møte nye impulsar før dei kom hit. Verda har blitt mindre sidan den gongen, konstaterer Siren Uren.
– Eg var tidleg i tenåra då vi var i USA, etablerte venskap, fekk meg kjærast og ville slett ikkje heimatt i 1984. Då måtte vi heim. Eg var veldig, veldig i mot det. I dag er ho glad for at det vart Norge og ikkje USA.

Siren Uren i grønsakhagen på Ura.
Padlar mellom holmar og skjær
I 1989 fekk Siren sjølv barn og det vart for travelt for dei gamle på Ura å ha huset fullt om somrane. Men ho ville gjerne vere her framleis og knyte dottera til plassen slik ho sjølv vart det. Ho fekk kjøpe matbrakka til Helge Kleiven, som kommunen gav løyve til å sette opp, føresett at det vart saltak på ho. – Det ordna far min, bror min og onkel Jarl med. Dei pussa opp brakka og eg og dotter mi budde i den når vi var her heilt fram til vi fekk opp hytta i 2017. No er det mange små og store hus rundt om på tomta, og vi kan overnatte ein god del folk her, seier Siren.
– Eg har i alle år hatt med meg barnebarnet mitt Olivia (no 15 år) til Ura, ei veke om sommaren og i haustferien. Ho fekk på seg våtdrakt, ein håv i handa og sto i timesvis og fanga reker og andre småkryp. Eg trur ho var seks år første gongen eg kjøpte kajakk til henne. Ho padla i ein liten rosa barnekajakk. Det har vore viktig for meg å knyte henne til staden og sjøen. I dag padlar eg på tur med både dotter mi og dotterdotter.
Siren Uren likar å padle kajakk mellom holmar og skjær i nærområdet når ho har fri. – Nyleg padla eg for fyrste gong ut til Nærøya og her er rikeleg med andre øyar og plassar der eg ikkje har vore enno. I kajakken kjem eg nærmare både sjøen og landskapet og oppdagar idyllar eg ikkje veit om. Dei synst ikkje like godt frå land. Før gjekk ho meir i fjella både her og i Botnane, men etter eit beinbrot har det vorte mindre av det.
– Ura og Årebrotet er min «happy place» på jorda. Eg nyt å vere her både i sol og styggever. Det skiftande veret kan vere fasinerande, fargane skifter frå intenst blått og grønt eine øyeblikket, til svart og kvitt og skikkeleg sjørok i det neste. Men mest av alt nyt eg den roa eg finn her, seier Siren Uren.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 16. august 2024.


