Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt

– Vi segla på isflak med hesjestaur

Her ved lykta på Sørbottsneset leika Sigfred og Åge mykje.

Kanskje er det best at borneborna ikkje veit kva bestefedrene deira leika seg med då dei var gutungar? Det slår meg i det Sigfred Nøttingnes (67) og Åge Sørbotten (64) byrjar å fortelje om nettopp det. Eg har tromma dei saman for å høyre om leik i Sørbotten på 1950- og 60-talet. – Det farlegaste vi dreiv med var å segle på isflak med hesjestaur. Var det synnavind var det fort gjort å kome for langt ut, seier Sigfred tilforlateleg. – Vi kan i alle høve slå fast at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge.

– Det var helst når foreldra våre kvilte middag at vi segla på isflak. Vi heldt oss bak Storrøysa, og då var vi ikkje lette å oppdage heimanfrå, fortel Åge. – Men jammen vart vi jaga opp att rett som det var, minnest Sigfred. Han fortel at dei segla frå enden av kanalen i Runnane og utover mot Sanden og Kvie-naustet. Det trur han var lengste strekket. Dei stoppa helst ved telefonstolpen litt lenger inne. – Ja, då var det byrja å bli djupt, vi rakk ikkje lenger nedi med hesjestauren og fekk ikkje staka, seier Åge. – Og isflaka var byrja å gå i oppløysing, legg Sigfred til. Tvillingbrødrene til Sigfred, Arve og Eidar, var også med på dette. Dei fire heldt mykje i hop, og tvillingane er like gamle som Åge. Eg angra på at eg ikkje hadde fått med dei også i denne praten.

Kunne frose forderva

På Sørbottsvatnet samlast ungar frå heile bygda når det la seg is der om vintrane. Vatnet var grunt og det var ingen fare for drukning. Dei fire omtalte karane var der også før isen la seg skikkeleg, for vatnet låg nær heime. Dei hugsar korleis dei gynga bortover den uferdige isen før dei gjekk på tryne og vart våte inn til skinnet.

– Vi kunne frose forderva. Eg hugsar ein gong Eidar vart gjennomvåt. Han vart heilt stiv og klaka og sette ikkje føter under seg. Vi la han på ein kjelke og drog han heim. Då vi kom heim hadde han frose fast i kjelken, fortel Sigfred. – Vi var ofte våte heilt opp under armhola og mødrene våre var fortvila mang ein gong. Eg veit ikkje korleis dei fann klebyte kvar gong vi kom våte heim. Men eg hugsar eg vart ryse redd når vi såg at storesystera til Sigfred var sendt ut for på hente oss. Då pitla i alle høve eg meg heim, for ho var så sint, ler Åge.

Leika i bølgene

Åge peikar nordover i fjøra, der det låg eit stort skipsvrak.

Dei leika mykje i fjøra, sjølv om det ikkje var lov. Det var ikkje langt frå heimetuna og ned dit og spennande å sjå kva som hadde reke i land sist Frøysjøen stod i eit ròk mot land. Der kunne det vere materiale til både eitt og hitt, og fritt for all den plasten som rek i land her no. Men mest spennande var der å leike der når det var store bølger. Då heldt dei seg på Sanden og ved fyret på Sørbottsneset. – Vi vassa ut mellom bølgene og så var det om å gjere å kome seg innatt før neste bølge tok oss, forklarar Sigfred. Det var nære på stundom, skjønar eg.

I dette området låg det restar av fleire skipsvrak. Dei minnest særleg eit styrhus dei leika mykje i. – Når det flødde opp i det styrhuset kunne det vere vanskeleg å kome seg opp att når vi leika inni det. Ved flo sjø bevega heile styrehuset seg. Det var nok ingen ufarleg leik vi dreiv med der, seier Sigfred.

Det var ulike grunnar til at båtar gjekk på grunn på Sørbottsneset, men ein av dei var at fyret stod for langt inne på land og hadde svakt lys. Her var heller ikkje fjell rundt det som synte på radar. Dessutan var det langt mellom fyra i området, frå fyret her og det på Olaskjæret må ein heilt inn til Hornelen før det er eit nytt fyr. – Vi leika mykje på fyret, sprang opp og rundt. Det var ikkje heilt lov det heller. Hugsar vi sat der og glana ein gong dei skulle dra av ein skyssbåt som hadde gått på grunn. Det var spennande for slike karar som oss, minnest Åge.

– Leika de ikkje med båtar og meir ufarlege ting?

– Jaudå, det var helst i Sørbottsvatnet vi hadde båtane, festa til ei troe med tau i. Vi drog dei  rundt til ulike hamner med namn frå inn- og utland. Båtane laga vi sjølve, eller dei var arva frå eldre båtbyggjarar. Det var ikkje kjøpeleikar i den tid, slår Sigfred fast.

Skaut med krut i Hakkedalen

Åge vert stille, mest så han lurer på om han skal fortelje korleis dei brukte den gamle krigsammunisjonen han, Eidar og Arve fann på eit naust. Den historia har ikkje Sigfred høyrt, han lurer på kva for eit naust? – Ditt, svarar Åge og ler. Det er Sigfred som eig Kvia og Kvie-naustet no. Historia må ha skjedd etter at han reiste ut i verda som 14-15-åring, meiner han. I Botnane hadde vi den gongen 7-årig folkeskule, deretter måtte vi reise på hybel anten det var arbeid eller skule vi tok i ferd med.

– Jau, vi fann ein god del krigsammunisjonen på Kvie-naustet. Vi tok patronene og heiv dei i steinen, for å få ut spissen og få tak i krutet. Lunter fann vi både her og der, fortel Åge. – Vi laga oss kanon av eit gamalt røyr, la lunta nedi og tende på med fyrstikker. Det var Eidar´en som var «spesialisten». Han var flink med det tekniske, konstaterer Åge.

– Kva skjedde så?

– Vi lada med krut og fylte røyret med mose, men før vi gjorde det hadde vi drege det med oss opp i Hakkedalen. Det er eit lite dalsøkk opp under Opnaren. Det var eit godt stykke frå folk, så der fyrte vi av utan at nokon høyrde det eller oppdaga oss. Operasjonen med å få ut krutet var farleg. Det var nok mange gonger at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge tenksamt.

Både Sigfred Nøttingnes og Åge Sørbotten vart sjøfolk og er no pensjonistar (sjølv om Åge har vore å sjå som «sommarvikar» i Fjord1). Sigfred og kona Grete bur i Florø, men er mykje i Botnane, på garden han arva etter onkelen sin. Åge og kona Solbjørg var dei fyrste i sin generasjon som busette seg i Botnane, lenge før det kom veg til bygda. Dei var viktige for at fleire gjorde det. To av borna deira har busett seg i Botnane og Åge nyt gleda av å ha barnebarn nær seg. – Det er kjempekjekt med barnebarn, og viktig å få dei til å trivast. Eg trur det er godt for dei å vekse opp her og får prøvt seg. Lære kva som er farleg og ikkje i praksis, og ikkje berre i teorien, seier han med ettertrykk. Skal tru kva han fortel dei når dei ber han fortelje om då han var liten? Det skal mykje til å overgå bestefar Åge sine barndomsminne. Bestefar Sigfred sine òg. Eg følte på langt nær at dei fortalde alt. Dei har enno ikkje kome dit som forfattaren Halldis Moren Vesaas sa i eit intervju i alders år: «No er eg så gamal at no fortel eg alt».

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 09.08.2020.

 

 

 

 

 

 

 

 

26. august 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-08-26 23:27:502020-08-26 23:27:50– Vi segla på isflak med hesjestaur
Aktuelt

Omvising på Diktarstien og bokkafe

Søndag 13. september kl.16.00 er det kafe i Botnane grendahus med presentasjon av den nye boka til Ottar Grepstad om 1900-talet. Det er Magni Øvrebotten som skal samtale med han om den. Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Rom for ord, som driv litteraturformidling på bygda, og Botnane og Årebrot grendalag. Det er gratis, men folk må som vanleg kjøpe seg mat og kaffi.

Tidlegare på søndagen, kl.14.00, vert det omvising på Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Det er Magni Øvrebotten som har omvisinga. Frammøte på Jørnjorda, ved dei tre diktsøylene i brunt som er starten på Diktarstien. Les meir om den på eiga side, som du finn i toppen av denne nettsida.

26. august 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-08-26 23:05:152020-08-26 23:08:19Omvising på Diktarstien og bokkafe
Aktuelt

Ro og kvile i Blomevikja

Det er lett å ty til klisjeen om «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» når ein skal til Blomevikja i Uradalen på Årebrot, der Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt har hytte. Lenge rodde dei frå enden av Uravatnet til hytta, men dei siste ti åra har ein sti gjennom skogen vore mest brukt. Dei har ikkje ramla ei einaste gong, seier dei. På den trivelege hytta i Blomevikja har dei sidan 1982 funne roa frå kjas og mas, og travle jobbar. No er dei begge 73 år og håpar helsa held til å fare hit lenge enno.

Frøydis Lilletvedt stammar frå Uradalen. Mor hennar, Magnhild, var syster til Paul Urdal, som eigde bruket hyttegrunnen er skilt ut frå. Dei ynskte seg tomt nærmare garden, men dyrka mark skulle ikkje brukast til hyttetomt, meinte onkelen hennar. I dag er det son hans, Fridtjov Urdal, som eig garden og han meiner ein må ha sopass med tomt kring hytta at ein kan pisse på eigen grunn heile vegen rundt. Det er andre tider no.

– Onkel Paul var oppteken av ord og kunnskap og gav oss to namn å velge i når vi skulle sette namn på hytta. Det var anten Blomevikja eller Einebakkjen, fortel Frøydis. – Det var eit lett val å ta, legg Tor Magnus kvikt til. No har dei hogge vekk mykje av eineren kring hytta, men blomen (bregna) veks villare enn nokon gong. Her er frodig og grøderikt. Hytta ligg kloss i Uravatnet, der vassliljene framleis blømer i byrjinga av august.

Bryllaupsreise til Uradalen

Frøydis har vore her nesten kvar sommar sidan ho var barn. Foreldra hennar reiste hit for å hjelpe til i slåtten, og dei budde hjå Paul og familien hans. Som vaksen, med mann og barn, budde ho hjå morsyster Helene og onkel Bjarne på Løype.

– Vi gifta oss i 1971 og bryllaupsreisa vår gjekk til Uradalen, fortel Tor Magnus, og begge ler godt. Det var ikkje så mykje pengar blant nygifte den gongen og dessutan har dei alltid likt seg her. Det var naturleg å fare hit. – Ja, vi gjekk på fjellet med onkel Paul og hamna i Terdalen. Der bygde dei på vassverket frå Sagavatnet, og vi fekk skyss heimatt til Årebrot. I tillegg var vi ein liten tur til ei venninne av meg i Svelgen, elles heldt vi oss her, fortel Frøydis.

Hytta bygde dei i 1982 og alt materiale og innbu er frakta hit i robåt, og tomt og grøfter er gravne ut med hand. Hit var det ikkje råd å få maskinhjelp til noko. Helge Kleiven leverte alt trematerialet og Leif Steinsvoll bygde hytta. Så her var det kortreist det meste.

Begge er praktisk anlagt, og seier dei er «oppvaksne» i Speidaren, der dei også var leiarar i mange år.         – Lenge hadde vi frys hjå onkel Paul og fiska med onkel Bjarne. Vi hadde fisk heile vinteren vi på den måten, seier Frøydis. Der det ikkje er butikk å fare til når du manglar noko lærer du deg å planlegge, og du blir meir oppteken av å finne løysingar enn av å lage problem av bagatellar, meiner ho. Men ho er likevel imponert over korleis lokalbefolkinga planlegg handling og kan klare seg i to veker utan å fare på butikken. – Det er slikt byfolk ikkje forstår seg på. Dei kan dra attende til butikken for den minste ting.

Solceller, gass og internett

Solceller skaffar dei vatn og lys. Koking, kjøl og frys går på gass. – Og vi har internett. Kva meir kan ein ynskje seg? spør Tor Magnus. Dei skryter av sønene når det gjeld tilrettelegginga av alt dette. – Det er dei som gjer det komfortabelt for oss, fortel dei. Eit større kjøleskåp med frys er det siste som har kome i hus. Eit stort framsteg.

Dei har to søner og ei dotter og alle var her mykje i oppveksten, og foreldra håpar at ein av dei vil ta over Blomevikja. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt er begge 73 år og spør seg stundom «Kor lenge orkar vi dette?» Men dei vil vere her så lenge dei maktar det.

Eg kan ikkje fatte at dei kjem seg heilskinna gjennom gåturane i mørkna på stien dei har laga til i ei hjorterås. Det er den dei brukar mest no, i staden for å ro. Frøydis vedgår at ho ikkje likar seg åleine i mørkna, særleg på grunn av all hjorten. Dei har merka stien med refleksar og refleksband og går med hovudlykt. Dei fortel med humor om heimturen frå hjortefesten då det krydde av hjort i og rundt stien deira. Hjorteaugo lyste som refleksar, problemet var berre at dei «refleksane» bevega seg. Men det er ei oppleving som er få forunt, og dei tok seg den tida dei trong. Turen er eit minne for livet og noko dei gjerne fortel vener og kjende om.

– Her er ei eiga ro

Dei bur på Askøy, og i yrkeslivet var Tor Magnus rektor der og hadde ansvaret for 400 elevar og 40 vaksne. Frøydis arbeidde fyrst i bank før ho vart SFO-leiar med ansvar for 130 barn og 20 vaksne. Det var travle år, i tillegg var dei aktive i politikk og organisasjonsliv. Etter jobb sette dei seg ofte rett i bilen på fredagane, for å køyre til Årebrot.

– Når vi har passert Gulestøa senkar roa seg. Eg nyt verkeleg den fantastiske kyststripa der langs Frøysjøen. Dei som skryter av Atlanterhavsvegen på Sunnmøre har ikkje køyrt Frøysjøvegen frå Gulestøa til Årebrot, seier Frøydis. – Det er ei eiga ro her oppe, vi kjem nærmare naturen, og vi likar folket. Dei er veldig hjelpsame og finn løysingar på det meste. Det er lett å be om og få hjelp her, legg ho til.

– Vi har levd hektiske liv og vitsen med å vere her er å ha det roleg, kvile og slappe av. Nokon seier at vi ikkje har utsikt! Heime på Askøy ser vi utover byfjorden. Her i Blomevikja ser vi eit stille vatn og skog. Uravatnet gjev oss ro, seier Tor Magnus og peikar utover vatnet frå den heimesnikra sofaen i stova.

Stien mot hytta i Blomevikja

Ny bru over elva.

Stien går i ei hjorterås.

Samstundes som dei likar denne roa likar dei å bli kjende med folk i bygdene her. Dei tykkjer det er kjekt å vere med på det som skjer og rår andre hyttefolk og fastbuande til å vere det. Kjensla av å høyre til har ein eigen verdi og gjev opplevingar og felleskap, meiner dei.

Frøydis har opplevd store endringar på Årebrot dei åra ho har vore her. Mykje har gått framover, men den nye postleveringa synst ho er eit steg langt, langt attende i tid. Ho minnest slekta, men også bygdefolket elles. Agnes på Gamlebøen, som var så god til å fortelje, Borghild på Ura, dit dei måtte for å bruke telefonen, og drivkrafta bak alle basarane, Mathilde på Kvalvika. Det var flotte folk.

Imponerte over grendalaget

– Livet vart eit anna her etter at vi kom i lag med Botnane då vegen kom i 1987, og vegen vidare nordover i 1993. Det vart større og meir aktivitet. Her er mykje trivelege folk og vi er veldig imponerte over Botnane og Årebrot grendalag og alt arbeidet som vert lagt ned der, på mange ulike felt, seier Frøydis.    – Ja, til å vere ein sopass liten plass, og så få folk, er det svært stor aktivitet i det laget. Men eg legg merke til at, her som elles, er det mykje same folka som er med på dugnadane, kommenterer Tor Magnus. Dei er sjølvsagt medlemmer i grendalaget og set pris på å fylgje med på både Facebook-sida og nettsida www.Botnane.no – Der kan vi lese om både notid og fortid, og brått finne historier vi ikkje kjenner til om tjukke slekta mi. Det er viktig å få skrive ned historia til desse bygdene, meiner Frøydis.

– Eg visste ingenting om Botnane før Audun Sande ringde meg Jonsokkafta i 1990 og spurde om eg kunne køyre bussen for han, slik at han fekk seg litt ferie med familien. Det enda med at Øystein Faye køyrde ei veke og eg den neste. Eg hadde køyrt buss då eg var student, men det veit eg ikkje om Audun visste. Men når du køyrer buss lærer du både kva folk heiter og kvar dei bur. Ein ekstra bonus var at eg fekk frukost med Alma og August San

de, foreldra til Audun, kvar morgon! Ein dag kom ein journalist og ein fotograf frå Firdaposten på bussen og spurde kva det var å skrive om her? Eg sa som sant var at eg korkje var bussjåfør eller kjent, og det vart ei heil bakside i Firdaposten, med overskrifta: «Eg er ingen bussjåfør», ler Tor Magnus.

Kjekt å syne fram området

Dei er begge ihuga turfolk og går mykje i fjella både kring Årebrot og elles. Det har dei gjort i alle år, og det er lett å sjå både på kroppar og balanse at dei ikkje har site for mykje i ro. Etter at dei vart pensjonistar har dei vorte meir aktive i turlaget, og Tor Magnus er leiar for Seniorgruppa i Bergen turlag.

I fjor hadde dei med 44 turlagsfolk frå Seniorgruppa rundt Hovden og på Kinnas

pelet.  Dei planlegg eit liknande opplegg neste år, mellom anna for om lag 30 personar frå Haugesund. – Det er kjekt å vise fram dette fantastiske området til folk som ikkje har vore her før, og mange vil attende når dei fyrst har vore her, seier Tor-Magnus.

Dei ror meg attende til Løype på eit stille og idyllisk Uravatn. Men det kan blåse her og, let dei om. I det eg stig i land får eg beskjed om at eg godt kan skrive at folk gjerne må ta seg ein tur i Blomevikja på besøk når dei er der. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt likar både folk og stille ro.

 

Tekst og bilete: Magni Øvrebotten 08.08.2020.

 

 

 

 

18. august 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-08-18 10:59:012020-11-13 22:44:55Ro og kvile i Blomevikja
Aktuelt, Historikk

På leit etter helleristingar

Les meir
6. august 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-08-06 21:11:252020-08-08 22:41:18På leit etter helleristingar
Aktuelt

Velkommen på sommarbasaren

Innbyding

 

6. juli 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-07-06 23:39:242020-07-06 23:39:24Velkommen på sommarbasaren
Aktuelt

Fridtjov Urdal: – Dette er bilete, ikkje kunst

Les meir
29. juni 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2020/06/IMG_1535.jpeg 768 1024 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-06-29 09:15:402020-07-06 20:29:45Fridtjov Urdal: – Dette er bilete, ikkje kunst
Aktuelt

Tre dugnadar på rad

– Eg er imponert over at så mange vart med på tre dugnadslaurdagar på rad denne våren, seier Åsmund Berthelsen, leiar for Botnane og Årebrot grendalag. Han vil takke alle som var med. Totalt deltok 32 personar på desse dugnadane. Nokon var med på fleire, men tanken var at folk skulle få fleire alternativ til å vere med.

Den siste dugnaden var strandrydding 13. juni der det vart fylt ein konteiner med det ein fann i fjøra. Om nokon har lyst og høve til å halde fram med strandrydding finn dei sekkar og hanskar ved inngangen til forsamlingslokalet i Botnane, melder primus motor for denne dugnaden Vetle Aase Øvrebotten.

Dei to føregåande laurdagane var det dugnad på dei to grendahusa og kaiskuret på Villevika. I Botnane vart det skifta utedører, måla 1,5 vegg og vaska inne. Ved grendahuset på Årebrot vart det rydda både ute og inne. Gamle leikeapparat vart tekne ned, kledning vart skifta og utsikta til vatnet vart betydeleg betre etter at fleire tre vart saga ned. Inne vart det vaska og rydda, og hengt opp kunst og gamle skuleplansjar. Kaiskuret på Villevika fekk eit nytt lag med måling.

 

 

 

Bileta er tekne av; Andreas Øvrebotten, Elisabeth Ruud Nordbotten, Ingunn Øvrebotten og Magni Øvrebotten.

17. juni 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-06-17 16:04:302020-06-17 16:04:30Tre dugnadar på rad
Aktuelt

Omvising og kafe 5. juli

Søndag 5. juli vert det omvising på Diktarstien i Botnane kl. 14.00, og kafe i Botnane grendahus kl. 16.00. Dette vert kanskje den einaste tillyste omvisinga på Diktarstien etter Jan-Magnus Bruheim i år, med Magni Øvrebotten som omvisar.

I fjor var det sju slike omvisingar med høve til å kjøpe seg mat på kafeen etterpå. – Dei som vil vere med på omvising 5. juli kan gje meg eit vink på mobil 970 55201, seier Magni Øvrebotten. Ho gler seg elles over at mange går stien på eiga hand og håpar at skilta gjev dei den informasjonen dei treng undervegs.

15. juni 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2020/01/IMG_8641.jpg 252 632 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-06-15 23:30:162020-06-15 23:30:16Omvising og kafe 5. juli
Aktuelt
Les meir
18. april 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-04-18 14:25:262020-04-19 10:08:51
Aktuelt, Arkiv

Om medlemskontingent og arbeidet i grendalaget

30.3.20-Medlemskontingent-2020Last ned

30.mars 2020

Til medlemmene i Botnane og Årebrot grendalag

Det er tid for å betale kontingenten for 2020. Som i 2019 kostar det 150 kr for personar over 18 år. For dei mellom sju og 18 år kostar det 50 kr. 

De kan betale til bankkonto 3775.65.59177 eller bruke Vipps 501465. Skriv på innbetalinga at det gjeld kontingent for 2020! 

Send oss ei melding også med opplysningar om e-postadresse, slik at vi kan sende informasjon og meldingar direkte til dykk! Send e-post eller tekstmelding til:

asmund.berthelsen@icloud.com eller 93237073.

Grendalaget har eit aktivt år bak seg, med mange tilskipingar og tiltak. Og vi arbeider med å påverke i fleire saker som gjeld båe bygdene.

Vi har også omfattande planar for 2020, men koronasituasjonen stoppar også oss. Difor vert det ikkje søndagskafear eller andre fellesarrangement før det vert lempa på tiltaka som er sett i verk. 

Men vi arbeider på med ein del tiltak og prosjekt som ikkje krev at folk samlast. Arbeidet med å tilrettelegge for at folk skal sjå og verte informert om gravrøysane i Botnane held fram. Og vi har tinga nye ytterdører til grendahuset i Botnane. Vi skal også tinge nye utebord og benkar til grendahuset på Årebrot. Der skal vi rydde vekk gamle og øydelagde leikeapparat og benkar. 

Vi står på for å få skikkeleg breiband og mobildekning og for å få både rusta opp Frøysjøvegen der det trengst, og  å få redusert fartsgrensa gjennom Botnane. Gatelys i Sørbotten står også på programmet. På årsmøte kom det fram iide om at ein bør vurdere å bruke ledlys og solceller.

Og så håpar vi altså at dei arrangementa vi planlegg også kan gjennomførast, både søndagskafeane, 17.mai, jonsokfeiring, sommarbasaren, fiskekonkurranse, hjortefest og kanhende også ein julemarknad. Vi er også med på ein felles strandryddeaksjon, men veit endå ikkje korleis den skal gjennomførast.

Få gjerne med dykk fleire som medlemmer i grendalaget. Pr. i dag er vi mellom 50 og 60 medlemmer som bur i dei to bygdene eller har tilknyting til ei eller båe bygdene. 

Beste helsing

Åsmund Berthelsen

(leiar i styret)

Mobil: 93237073

E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

30. mars 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-03-30 17:56:462020-03-30 17:56:47Om medlemskontingent og arbeidet i grendalaget
Side 18 av 24«‹1617181920›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top