Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Historikk

Kongehuset gav 500 kroner

Etter den tragiske drukningsulukka i Botnane i 1934 vart det sett i gong ein innsamlingsaksjon til dei som sat att. Truleg var det soknepresten i Bremanger som starta den og fekk med seg fleire aviser. Det vart haldne konsertar i Bergen til føremålet og kongehuset sende 500 kroner til innsamlingsaksjonen. For å få hjelp til å finne ut av denne aksjonen ba eg Vidar Sørbotten om å leite i arkiva. Han er både etterkomar, historieinteressert og van med å leite i arkiv. Her er det han fann:

Faksimile Bergen Tidende 8.2.1934

INNSAMLING AV PENGER TIL DE ETTERLATTE ETTER DRUKNINGSULYKKA I BOTNANE 6. FEBRUAR 1934

Etter ulykka ved Opnarhella ble det vanskelig for familiene å klare seg videre. I slike samfunn er man avhengige av hverandre; også kona ble regna som forsørg. Derfor var det ikke uvanlig at avisene satte i gang pengeinnsamling til de etterlatte. I Bergens Tidende blir ulykken kalt ‘Bremangerulykken’. Avisen satte i gang innsamling til familiene og deres i alt 18 barn.

Vi kan også lese i samme avis: «Kongefamilien tilstillet i går sognepresten i Bremanger 500 kroner som bidrag til den innsamling som er igangsatt til beste for de familier som er blitt nødlidende ved Bremangerulykken.»

Elida Kjelkenes er det eneste tidsvitnet i familien til Marie Sørbotten. Hun var seks år da det skjedde men husker det godt. De fikk masse gaver i form av tøy, særlig husker hun Hoff, en klesforretning i Oslo. Sambygdinger kom også med tøy, mer enn de kunne bruke.  Alle pengene som kom inn ble satt i banken. Kontoen ble styrt av Olav Nordbotten (bror til Solveig, som seinere ble gift med Bernt Sørbotten). Pengene skulle utelukkende brukes til påtrengende hjelp, særlig til konfirmasjon til de yngre barna, så da den yngste, Elida, var konfirmert i 1942 kom siste bidrag.

Her er noen funn fra i Digitalarkivet: ‘Dagsregister over geistlige embedsforretninger’.

  1. febr. Jordferd Husefest

Husvitjing hjå Harald Sørbottens etterlatne

Husvitjing hjå Marie M Sørbottens etterlatne

Husvitjing hjå Aletta H Sørbottens etterlatne

Sjukevitjing hjå Anna O Nøttingnes, Sørbotten

  1. febr. Høymesse ‘Lambet’
  2. febr. Husvitjingar (5) i Botnane hjå Anders Grotle og Anna Nøttingnes og i heimane åt dei som drukna 6. februar: Aletta, Marie og Harald Sørbotten.

Jordfesting i Botnane (4) (Jes. 55.8-9)

  1. febr. Høymesse. Nattverd: ‘Alt er mogeleg’.

Offer (kr. 92,-) til dei attlevande etter dei som drukna ved Botnane.

Det ser ut til at det var soknepresten i Bremanger, H.V. Greitanger, som satte i gang pengeinnsamling. Han skreiv ei ‘pressemelding’ til mange aviser, og de tok utfordringa med å legge ut lister i ekspedisjonen der folk kunne komme med penger og føre beløpet på lista.

Noen lister er gjengitt i avisene, og en ser at det blir gitt alt fra 50 øre til 50 kroner. De fleste skriver kun initialer som giver, mens andre har fullt navn.  Som eksempel har Bergens politikorps samlet inn kr. 33,54 og AS Joh. Petersens fabrikker, Solheim kr. 41,-.

Disse avisene hadde innsamling: Firda Folkeblad, Gula Tidende, Dagen, Bergens Aftenblad, Fjordenes Tidende, Morgenavisen, Nordfjord Folkeblad. Oppfølgende notiser og påminninger om innsamlinga, og oppdaterer på beløp som er kommet inn.

Flere aviser forteller om kongefamilien som gir 500 kroner til sokneprestens innsamling.

Bergens Tidende skriver om et spesielt arrangement i Ole Bull-salen. Det kunngjøres en konsert med Don-kosakkene og et trylleshow til inntekt for de etterlatte. De regner med fullt hus. Billetter kjøpes i Nødcentralen, pris kr. 1,- og kr. 1,50. Overskuddet, uavkortet og skattefritt, går til de etterlatte i Bremanger.

Etter hvert som innsamlingsaksjonene avsluttes i de ulike avisene sender soknepresten notiser og takker for støtten på vegne av familiene. Avisene sjøl har også skrevet liknende meldinger. Det er selvsagt forskjellige beløp ute og går, fra under hundre til noen tusen kroner.

I Firda Folkeblad kan vi i slutten av mars lese at alle de innsamla pengene ble satt inn på en felles konto.  Det kom inn kr. 11.238,54. (Summen tilsvarer ca. kr. 376.000,- i 2011.)  Det var oppnevnt ei nemnd til å fordele pengene etter beste skjønn. Av brevet som soknepresten sendte ut forstår en at ikke bare barnefamiliene skulle tilgodeses, men også søstrene til Harald Sørbotten, som han forsørget.

Nemnda besto av følgende personer: likningssekr. Olav Nordbotten,  gardrukar Kåre Øvrebotten, ordførar Torvanger, lensman Thunold og  sokneprest H.V. Geitanger.

Det har ikke vært mulig å få innsyn i nemndas arbeid. Arkivmateriale finnes i Bremanger Sparebank og i lensmannarkivet som oppbevares i Arkivverket i Bergen.

Vi må kunne regne med at familiene har fått etter beste skjønn.

Når det gjelder Magnus Sørbotten, som var poståpner, så stilte det seg litt betre. Som medlem av Poståpnernes landsforbund ble han tilkjent ei støtte på 400 kroner.

Ved å studere de gamle arkivene kunne en kanskje finne ut hvem som forvaltet midlene på vegne av de etterlatte. For Maries barn var det altså Olav Nordbotten. Pengene ble ikke utbetalt med det samme, men etter behov.  Hvilken myndighet som nedsatte selve nemnda kunne jo også ha vært interessant å vite. Sannsynligvis var lensmannen den styrende faktoren her. I alle fall virker det som en fornuftig ordning.

 

 

 

 

 

4. mars 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-03-04 21:59:052021-03-04 23:57:57Kongehuset gav 500 kroner
Aktuelt, Historikk

Avisene om drukningsulukka i 1934

Vidar Sørbotten er oppteken av historie og van med å leite i arkiv. Han har skrive av det lokalavisa Firda Folkeblad og ein del andre aviser skreiv om drukningsulukka 6. februar 1934, der farmora hans, Marie, og to andre drukna. Han har også funne ei skildring av gravferdsdagen 14. februar, då presten gjekk frå hus til hus og heldt minnetalar. Fyrst for Harald på Neset, så for Marie i Runnane og til slutt for Aletta i Posten, før alle samlast på gravstaden. Vidar Sørbotten skriv:     

BREMANGERULYKKA 1934 – UTFYLLENDE HISTORIKK   

I forbindelse med leiting etter fakta om ulykka og pengeinnsamlinga fikk jeg digital tilgang til Firda Folkeblad. De har utfyllende artikler om hendingene som kompletterer det som til nå er lagt ut på nettsida ‘Botnane.no’.

Jeg har i tillegg, via biblioteket, fått tilgang til Nasjonalbibliotekets aviser. Da fant jeg mye stoff, og noe av det har vært nyttig for utfylling av hendingsforløpet. Men mye er unøyaktigheter. Det er vestlandsavisene som har vært mest interessante å lese, men det er også ok å vite at ulykka ble skreve om i aviser over hele landet, samt Oslo-avisene Arbeiderbladet, Dagbladet, Nasjonen og Morgenbladet enten den 6. eller den 7. februar. Det meste basert på en pressemelding fra NTB fra Stord. Både feil og unøyaktigheter kom ut.

Mest og best omtale fant jeg i Firda Folkeblad, Gula Tidende, Nordfjord Folkeblad, Bergens Tidende, Bergens Aftenblad og Morgenavisen (Bergen).

Ved å studere avisene trer hendingsforløpet relativt klart fram, men alle brikker er ikke på plass. Det er noe vi må leve med.  At været har hatt en betydning er det liten tvil om. Alle skriver om et fryktelig dårlig vær, fra kastevinder til sterk storm.

Det har imidlertid blitt reist tvil om hvilken båt som kullseilte og hvem som førte den. For meg har det vært klart at det var bestefar, Bernt, sin båt. Den hang i sjøhuset da jeg var liten, og min far sa den var skadet etter kullseglinga der farmor drukna, og bestefar har sagt at den aldri skal brukes mer. Tvil har oppstått fordi andre folk har andre oppfatninger. Dessverre hadde jeg ikke modenhet nok til å spørre min far nærmere ut om ulykka. Men tante Ranveig sa at han var der og berga mor si og andre også.

Her følger noen avskrifter av enkelte aviser.

Firda Folkeblad 6.2.1934, avskrift:

Baat med 6 menneskje kollsiglde ved Botnane i dag. 3 av desse hev dei no fenge liv att i.

Ein seksæring med folk fraa Botnane skulde i dag til Husefest i gravferd. Komen eit stykke på veg kollsiglde baaten og alle dei 6 umbordværande kom i sjøen. Folk fraa Husefest som vart vár ulukka drog ut og fekk folk opp or sjøen. Det var daa ikkje liv i nokon, og doktor Kaastad i Kalvaag vart varsla. Doktoren og ei sjukesyster tok straks til med opplivingsarbeidet.

Daa bladet vaart gjekk i pressa var det lukkast aa faa liv i 3 av dei, men dei andre er det liti von um. Dei som kom seg att var: Bernt Sørbotten, Anders Sørbotten og Anna Nøttingnes. Dei tre andre er Harald Sørbotten, Marie Sørbotten (kona til Bernt) og Aletta Sørbotten (kona til Magnus).

Avskrift Firda Folkeblad 9.2.1934:

Drukningsulukka ved Botnane krov 3 menneskjeliv.

Den syrgjelege drukningsulukka ved Botnane i Bremanger som me melde um i fyrrige nr. hev skaka folk upp i vide krinsar. Det var Harald Sørbotten, Marie Sørbotten og Alette Sørbotten som drukna.

El SYRGJELEG GRAVFERD.

Det var 6 personar som tok ut fraa Botnane tysdag um fyremiddagen kl. 10. Dei siglde i ein færingsbaat. Daa dei var komne til ei liti bukt som heiter Opnarhellaren skulde dei gaa inn til land for aa taka med Magnus Sørbotten som stod der. Dei siglde undan vinden og med same dei skulde snu fekk dei slagside og baaten skar seg full. Alle 6 kom i sjøen. Dei var herre umlag 10 m. fraa land. Orsaka var ikkje stormen, men det at dei ikkje fekk storseglskjøte laust tidsnok.

1/2 TIME FØR HJELPI KOM.

Bjarne Sørbotten som nett hadde jaga geitene til fjells vart merksam paa hendingi, og han sprang straks til Botnane etter hjelp. Han fekk med seg Ulrik Sørbotten, Hans Øvrebotten og Magnus Øvrebotten, og dei rodde paa harde livet til ulukkestaden. Dei kom der umlag ein halv time etter at baaten kollsiglde.

Bergingsarbeidet var vanskeleg. Det var sterkt dragsug, men likevel fekk dei alle, Harald Sørbotten fraarekna, paa land nokolunde straks. Dei vart rodde attende til Botnane. Ulrik Sørbotten fekk tog på seg, sprang i sjøen og fekk Harald paa land. Han var daa heilt livlaus. Bergingsmennene gjorde utifraa godt arbeid.

INGEN KUNDE SYMJA.

Ingen av dei som var i baaten kunde symja. Det er vel grunnen til at dei ikkje kom seg paa land.

Det vart sendt baat til Kalvaag etter doktor og sjukesyster. Etter at dei hadde arbeidt med uppliving kring ein time livna Bernt Sørbotten, Anders Grotle Sørbotten og Anna Nyttingnes til att.  Den siste er endaa daarleg  og er fælt tilskraama. Den eine av dei andre ligg til sengs.

Dei tre andre fekk dei ikkje liv i.

17 BORN SIT ATT.

Alette Sørbotten var 44 aar gamal. Ho var gift med Magnus Sørbotten som er 42 aar. Dei hadde 10 born, av dei er 7 ukonfirmerte og det yngste er berre 10 maanader. Det var forferdeleg for Magnus Sørbotten aa staa paa land og sjå kona drukna, utan aa kunna hjelpa.

Marie Sørbotten var 50 aar og kona til Bernt som vart berga. Ho var postopnar i Botnane. Dei hadde 7 born. 4 av dei er konfirmert.

Harald Sørbotten var 41 aar gamal og ugift.

DAARLEGI ØKONOMISKE KAAR.

Det gjeld for alle at dei sat daarleg i det i pengevegen. Dei hev gardsdrift og fiske som leveveg.  I aar slo fiske heilt feil. — og det ser ikkje greidt ut for deim som sit att.

Gravferdi paa Husefest vart haldi tysdag.

ONSDAG VERT GRAVFERDI.

Alle dei tre som drukna vert gravlagde onsdag. Det vert ei sjeldsynt syrgjehøgtid- Det er heppe nok ikkje ofte det hender at ein lyt fylgja tre fraa ein gard til siste kvilestaden same dagen.

Me tala med mannen til Anna Nyttingnes i telefonen i dag. Han segjer at ho bev verk for brystet og ét svært lite. Men i dag var temperaturen laagare, og dei trur bo vert bra att snart.

Begravelse slik den er omtalt i Firda Folkeblad 16.2.1934. Avskrift:

Fraa gravferdi i Botnane

(Bilde i avisen)

Del var mykje folk samla i onsdag daa dei tre drukna skulde førast til siste kvilestaden. Skyldfolk og vener til dei avlidne var komne langveges fraa.

Syrgjehøgtida tok til i 11-tida i bustaden aat Harald Sørbotten. Sokneprest Gjeitanger heldt ei stutt, men gripande tale bygt paa ordi fraa Joh. 11, 20—26. Deretter gjekk bygdefolket til heimen hans Bernt, der kona, Maria var død. Presten tala der yver salme 139, 1—12. I heimen til Aletta Sørbotten vart det tala yver orda hans Job. ‘Herren gav, Herren tok. Herrens namn vere lova’. I alle heimane bar soknepresten fram samhugshelsing fraa Den indre sjømannsmisjon, Bergen og biskop Andreas Fleischer.

Paa gravstaden tala atter presten. Dei tre kvite blomepryda kistone vart so senka i jordi, det lydde 9 slag fraa den vesle grav-klokka og det graae gruset løynde kistone for godt. — So fór den store syrgjelyden attende.

Morgenavisen 9.2.1934

Innsamling til de hårdt rammede Sørbotten-folk

Fra Florø meldes til Morgenavisen ytterligere om den sørgelige ulykke i Bremanger: Der blev utført et glimrende redningsarbeide ved Botnane. Stranden hvor ulykken fant sted er stenet og langgrunn, og det hele gikk jo for seg på 5 minutters tid. Sjøen var oprørt, og man hadde de største vanskeligheter med å komme ut med båt i stormkastene. En gutt kasta seg ut i sjøen og svømte ut til de forulykkede. Han fikk tak i sin mor og fikk henne i land. De tre ungguttene Erling Nyttingnes, Bjarne Sørbotten og Ulrik Sørbotten utførte et opofrende og mandig redningsarbeide og omtales med den største anerkjennelse for den måte hvorpå de optrådte under bergingen av folkene fra den kantrede færingen.

Fjordenes Tidende 8.2.1934

En båt kantret hvorved to kvinner og en mann druknet

Vår korrespondent i Kalvåg melder.

Ved Botnane i Bremanger hendte tirsdag en sørgelig ulykke som krevet tre menneskeliv, Harald, Alette og Marie Sørbotten. En færing med seks mennesker om bord, tre menn og tre kvinner, skulde til Husefest i begravelse. Den syvende i følget var ikke ferdig til å følge med i båten. Han tok derfor veien fatt for å gå til Husefest.

Kommet omtrent midtveis mellom Botnane og Husefest blev de i robåten oppmerksom på ham og vinket at han skulde stanse så skulde de komme til land og ta han opp. Et stykke fra land ble båten liggende i dødvann og hadde herunder tatt grunn. Han som satt ved roret blev ikke oppmerksom på dette før det kom en kastevind som fylte seilet og veltet båten. Han som var vidne til ulykken fra land kunne intet gjøre. Veien hjem var for lang, og her gjaldt minuttene; men en gutt som var ute og så efter nogen sauer ovenfor bøgarden løp øyeblikkelig hjem og fikk med seg noen andre gutter i en båt og rodde ut til ulykkesstedet.

De to koner, Marie og Alette Sørbotten, lå da med hodet under vann og fløt på klærne som var fylt med luft. To av mennene, Anders og hans sønn Bernt hadde fått snudd båten og var kommet sig opp i den. Den tredje, Harald, lå og fløt på to årer, men sank idet hjelpen kom. Anna Sørbotten blev drevet mot land, og en av hennes gutter vasset ut så langt han kunde og fikk henne berget i land. De to som var kommet seg op i båten var enda ved bevissthet.

Doktoren kom til ulykkesstedet så snart som råd var og tok dem under behandling, men Alette og Marie kom ikke til bevissthet. Av de tre andre var Anna og Anders mest medtatt, men de kviknet til og anses nu utenfor fare. Harald blev senere funnet. Han lå og fløt nær bunnen og blev tatt op av en av guttene som dukket etter ham.

Den omkomne Alette var konen til Magnus og etterlater seg 10 barn, hvorav 7 ukonfirmerte. Marie var konen til Bernt og etterlater seg 8 barn.

Nordfjord Folkeblad 9.2.1934

Drukningsulukke ved Botnane i Bremanger kravde 3 menneskeliv.

— Dei fleste av gravferdsfolket var samla i tunet og såg folket komme siglande frå Sørbotten. Best det var såg dei båten la seg yver i ei råsa og reiste seg ikkje uppatt, men vart liggjande på seglet. Karfolka sprang med ein gong til båtane og rodde ut til kvelvet.

Det var eit heilt basketak i storm og sjø for å få tak i dei som låg i sjøen, men det lukkast å få alle inn i båten, men ingen synte teikn til liv. Den siste dei fekk opp var Harald Sørbotten, og han var slokna. Dei andre vart straks lagt til rettes, og medan karane rodde inn til Sørbotten dreiv andre på med oppliving. Distriktslækjaren i Bremanger vart varsla straks, og med ein motorbåt frå Kalvåg kom han og ei sjukesyster til Botnane knapt ein time etter ulukka.

Då lækjaren kom hadde dei fått liv i Bernt Sørbotten, Anders Grotle-Sørbotten og Anna Nyttingnes, men dei var alle tri sterkt medtekne. Lækjaren og sjukesystera heldt so fram med to av dei hine, og det såg ei stund ut til at det skulle lukkast å få liv i dei ogso, men diverre døyde dei båe millom hendene deira. Harald Sørbotten var det ingenting å gjera med. Han var død. —

‘Redningbåten’ fra Husefest kom også etter om lag en time. Båten fra Botne kom fram ca. en halv time etter kollseglinga.

Det står i Firda Folkeblad at Marie er poståpner, men det var jo Magnus Sørbotten. Det står også at hun hadde 7 barn, men det var de som bodde hjemme.  De fleste andre avisene forteller om 8 barn – at det var 18 barn til sammen etter Marie og Aletta.

Det synes klart at de to damene frøys i hjel, mens Harald gikk under – trulig etter å ha blitt så nedkjølt at han ikke kunne holde seg fast på årene i den urolige sjøen.

Det er nok mange detaljer som ikke er funnet, bl.a. hvor lenge de var under legebehandling ved Opnarhella før de ble rodd til Botnane. Der, forteller Elida, ble alle lagt på golvet i stua i Runnane, og behandlinga fortsatte. Så lita som ho var blei ho likevel ikke jaga bort.

Lillesand 20.02.21.
Vidar Sørbotten

4. mars 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-03-04 21:28:332021-03-04 21:28:33Avisene om drukningsulukka i 1934
Aktuelt, Historikk

BA om drukningsulukka i 1934

 

Hjå Statsarkivet vi Bergen har vi fått tak i ein avisartikkel i Bergens Arbeiderblad frå 7. februar 1934, om drukningsulukka i Botnane dagen før. Avisa har snakka med både lensmannen i Bremanger og Magnus Sørbotten om det som skjedde.

Den 6. februar 1934 drukna Aletta Sørbotten (44), Maria Sørbotten (52) og Harald Sørbotten (42) ved Opnarhella, på veg til gravferd i Husefest. Det var seks personar ombord i fjæringen då han kolsigla. Dei skulle opp under land og ta med Magnus Sørbotten, mannen til Aletta.

Avskrift av artikkelen i Bergens Arbeiderblad 7. februar 1934:

Den triste ulykke i Bremanger krevet 3 menneskeliv

Båten kullseilte ved Sørbotten 10 m. fra land.

Magnus Sørbotten som skulde ombord i båten så på at konen druknet.

Den triste ulykke i Bremanger igår, hvor et følge på 6 personer kullseilte krevet 3 menneskeliv – idet det ikke lykkedes å bringe Marie Sørbotten tillive. De andre to omkommne er som meddelt i går Alette Sørbotten og Harald Sørbotten.

Av lensmann Thunold i Kalvåg har vi i dag fått rede på de nærmere omstendigheter ved ulykken. Hele følget var fra gården Sørbotten og skulde til begravelse på Husefest etter notbas Hans Husefest. Det var 6 personer i båten da ulykken inntraff. Det var foruten de tre omkomne Bernt Sørbotten, Maries mann, Anders Grotle og Anna Nyttingnes. De tok ut i en stor færing og skulde seile sørover langs fastlandet.

Det er som meddelt igår ca 3 kilometer fra Sørbotten til Husefest, men underveis skulde de op i fjæren en kilometer lenger sør på gården og hente Magnus Sørbotten, Alettes mann, og det var her bare nogen få meter fra land ulykken inntraff.

De skulde vende båten mot land da en råse slo inn fra den motsatte side så båten fikk bakseil og veltet over til luvart. Samtlige ombordværende falt i vannet. De tre kvinner fløt på klærne, Harald på et par årer, mens Bernt og Anders holdt seg fast i båten. Det var i halvellevetiden at ulykken skjedde. Den blev iaktatt av Magnus Sørbotten som stod i fjæren og av folk som var lenger oppe i stranden. De styrtet til.

Kvinnene fløt inn i fjæren og blev berget på land. Båten rak også innover, slik at man fikk også Anders og Bernt brakt på det tørre. Harald holdt sig oppe på årene en stund, men så greide han det ikke lenger og gikk under. Han kom op igjen, men gikk på ny under. En stund etter fløt han opigjen, men da var han livløs.

Ulykken blev straks meldt til Husefest og en motorbåt gikk øieblikkelig til ulykkestedet og fikk fisket op Harald. Han hadde da været i vannet en halvtimes tid. De andre var da bragt på det tørre. Alle blev brakt til Sørbotten, ikke til Husefest, som meddelt igår. Det blev telefonert etter læge og distriktslæge Kåstad tok øieblikkelig ut fra Kalvåg sammen med en sykesøster. Anders og Bernt var ved bevissthet og kom sig forholdsvis snart. Anna fikk man liv i etter en stunds forløp, men de andre lyktes de ikke å få tillive tross et iherdig gjenoplivingsarbeide. Marie strevet man lenge med, men det nyttet ikke.

Marie Sørbotten, Bernts hustru, var 52 år og etterlater seg 8 barn, hvorav 4 ukonfirmerte.  Alette Sørbotten, Magnus hustru, var 44 år og hadde 10 barn. Et par av dem er konfirmert og det minste er 10 måneder. Harald Sørbotten var 42 år og ugift. Den triste ulykken har gjort et dypt inntrykk i bygden.

Vi har senere talt med Magnus Sørbotten som stod på land og var vidne til ulykken. Han var meget nedtrykt. Det var forferdelig å være vidne til at konen og to naboer druknet. Det var 10 -15 meter fra land ulykken skjedde. Foruten av ham ble den iakttatt av en mann som var oppe i haugene med sauene. På anskrik kom det flere folk til. Fra stranden kunde man intet gjøre for å hjelpe. Man måtte avsted etter båt og det tok et kvarters tid før den kom tilstede.

Da var ulykkesbåten  bare fem- seks meter fra land og det gikk hurtig å få folkene på det tørre. Harald så man ikke noget til og telefonerte derfor til Husefest etter motorbåten. Det gikk en times tid fra ulykken skjedde til man fant Harald. De andre var bragt i hus. Det var stygt vær med stygg sjø og kastevinn. Ulykkestedet er ved fastlandet på siden av Frøisjøen, hvor havet står inn og over til Hovden er leden åpen. De omkomne blir begravet neste uke, antagelig tirsdag eller onsdag.

Gravferda til dei tre omkomne var 14. februar 1934. Aletta Sørbotten si kiste til venstre, Maria Sørbotten i midten og Harald Sørbotten si kiste til høgre. Magnus Sørbotten står til venstre i bilete med eit barn i kvar hand.

 

PS: I stykket «Dei siste tidsvitna» frå 2019 intervjua vi Ranveig Øvrebotn (1922-2019) og Elida Kjelkenes (1927), døtrene til Maria og Bernt Sørbotten, om ulukka då dei miste mor si.

 

 

 

 

6. februar 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-02-06 11:29:462021-03-04 21:43:02BA om drukningsulukka i 1934
Historikk

JENTENE I SLETTEN

Les meir
3. januar 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-01-03 12:16:152021-01-03 23:22:11JENTENE I SLETTEN
Historikk, Ukategorisert

Karane i Sletten og kvar dei vart av

Les meir
31. desember 2020/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2020-12-31 11:20:302021-01-03 12:27:24Karane i Sletten og kvar dei vart av
Historikk

Gards- og bruksnummer i Botnane

Les meir
2. november 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-11-02 21:26:472020-11-02 21:26:47Gards- og bruksnummer i Botnane
Aktuelt, Historikk

På leit etter helleristingar

Les meir
6. august 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-08-06 21:11:252020-08-08 22:41:18På leit etter helleristingar
Historikk

Ein partisan til minne

Fridtjov Urdal skreiv dette minneordet om Sigrun Solberg då ho døydde. Det stod i Bergens Tidende 26. mai 2002:

Onsdag i veka som gjekk vart den siste krigsveteranen frå heimbygda mi gravlagd. Ho Sigrun Solberg. Ho hadde runda dei hundre år med godt og vel eit kvart år. Hundre år levd liv.

Ungdomsbilete av Sigrun Solberg teke i 1922, då ho var 20 år.

Av Fridtjov Urdal (1952), sambygding frå Årebrot

Strevsame år dei aller fleste. Oppvaksen på ein kystgard i ein stor syskenflokk. I ei tid då alle måtte vere med å få til rettes det som skulle på bordet. Enten det no skulle hentast frå land eller hav. Som skikken var reiste ho ut i teneste nokre ungdomsår. Det fall henne til ansvar å take seg av heimegarden og aldrande foreldre. Kva draumar ho hadde for livet kjenner ikkje vi. Ho var ikkje av dei som bar hjarta utanpå vesten. Det var ingenting uvanleg med ho Sigrun. Ho var som dei andre kvinnene her i bygda. Ho hadde blå gabardinkåpe og når ho skulle med rutebåten så knytte ho sjalet over hatten, for å vere sikker på at den ikkje skulle blåse på sjøen.

Eit vanleg menneske, men likevel var det ikkje alt som var vanleg. Det vart sagt at ho var sanndrøymt. Og så var det det at ho var ei av dei som hadde vore med. Ein kalla det ikkje krigsinnsats og motstandsarbeid, der eg kjem frå. Ein nøgde seg med: Dei som var med. Ho var av desse. Ein soldat utan uniform, ein partisan.

Vi kunne vel ha tenkt oss å spurt òg, men slik var ikkje skikken. Dei som verkeleg hadde vore med, dei fortalde sjeldan om det. Det var slik med ho Sigrun òg. «Det vart no slik», var ofte vendinga om ein kom inn på emnet. Krigsheltar var noko framandt, anten det no var ho Sigrun eller andre av dei som hadde vore med.

Det fall ikkje så lett, all den tid ein hadde sett dei i så mange kvardagslege gjeremål. Dei var som dei hine når dei stod med ræva i veret, og potetgrevet i nevane. Eller kom ruggande med ei høybør på ryggen og med avskorne  gummistøvlar på føtene. Heltane dei ter seg ikkje slik, trudde vi. Dei hadde uniform med striper og helste på kongen. Ingen av dei vi kjende tedde seg slik. Dei bar ikkje medalje på bringa på 17. mai eingong. Berre ein blyg maiblome. Annast ville dei ha fått ord på seg.

Men inst inne trur eg vi likevel visste eitkvart anna, og at vi var stolte over det på vår vis. Ho Sigrun søkte ikkje striden, den kom heim i tunet til henne. Stod der ei haustnatt og banka på døra. Menn i uniform var komne vestanfrå. Radioagentar som skulle sende melding om skipstrafikken på kysten.

Dei trong husrom, dei trong hjelp på så mange vis. Nokon som kunne vere auge og øyre for dei. Nokon som  kunne gå med melding, kome med mat når det trongst. Take ein klevask ein og onnor gong. Om ho tenkte på at ho var soldat utan uniform? Ho kjende vel lite til Bern-konvensjonen om soldatar og sivile i krig. Det er ikkje sikkert at det hadde gjort noko frå eller til for ho Sigrun. Ho hjelpte, slik folk var vane med å hjelpe når noko stod på. No stod det på.

Kontakt med fienden. Ho visste vel kva vågnad det var ho tok. Sysken sat alt i fangenskap, andre var or landet. Det kunne vere nok i ei slekt, med det som alt var. Det var enno tidleg i striden og uvisst kor det ville ende. Men ho Sigrun tok ingen slike taktiske omsyn. Om ho tenkte så mykje over dei store ord –  fridom, folk og fedreland? Ja, det veit eg ikkje. Det var ord som ein helst ikkje tok i munnen. Det byrja kan hende som hjelp menneske til menneske. Innsatsen vert ikkje mindre, børa ikkje lettare av den grunn. Ho kom gåande skogaleies så ingen skulle sjå. Ho kom stilt roande i landskuggen, for ingen måtte sjå og ingen måtte høyre. Om dei såg og høyrde så måtte dei ikkje forstå.

Dei som kom vestfrå var væpna og bar uniform. Dei kom og dei for vestover att. Nye kom og for att. Slike som ho Sigrun dei var der heile tida. Kvar dag, dei reiste ingen stad. Dei måtte vere der dei var, på sin stad i kvardagen. Det vert kvardag av alt. Det er kvardag om det er krig og okkupasjon aldri så mykje. «Visst tenkte ein på kor det skulle kunne gå, men ein måtte berre riste det av seg før det fekk bite seg fast». Heime var det to gamle foreldre og garden, sauene, kyrne, potetene i åkeren, alt dette som skulle gjerast. Alt det som var så sjølvsagt at det mest ikkje var omsnakkandes ein gong. Attåt dette det hemmelege livet, det ingen, eller så få som råd var, skulle vite noko om. Alt ein måtte bere åleine. Redsla som kunne hogge til når ein båt brått svinga inn under land. Eller når nokon uventa banka på døra. Er det no dei kjem? Alt uventa som kunne vere ein fare.

Slik såg Sigrun Solberg ut under krigen. Bilete er teke då ho var 40 år i 1942. Ludvig Solberg har lånt oss bileta. Han eig i dag garden på Solberg der Sigrun Solberg budde til ho vart langt oppi 90-åra.

Det gjekk godt lenge. Men i mars 45 vart stasjonen «Roska» peila og teken, løytnant Svardal fall og løytnant Peersen vart fanga. Nettet av hjelpesmenn rakna. Ved nær eit «slumpehøve» vart ho Sigrun varsla og fekk høve til å kome seg til skogs. Ho såg båten svinge til land. Det stod berre om ein ting; kome seg vekk. «Du kan vete eg tenkte på ho mor og han far heime, to gamle menneske. Kva dei vil gjere med dei?»

Komme seg bort. «Det er då ein får sjå kva grannar ein har og kven folk er». Ho takka dei som hjelpte henne då ho var på flog. Men ho lasta ikkje dei som var redde og ikkje torde.» Vi var redde alle i hop når det kom til stykkje, kan ikkje seie anna». Nei, ho brukte så visst ikkje store ord om seg sjølv og kva ho hadde vore med på.

Då freden kom reiste ho heim så fort ho kunne. Det var vår og mykje ugjort. Heime i grinda stod kvardagen og tok imot. Ho gjekk frå krig til fred gjennom grinda heime. Det var som kvardagsmenneske min generasjon lærde slike som ho Sigrun å kjenne. No går dei siste av desse or tida, om nokre tiår kverv dei or manneminne og vert segn og historie.

 

 

 

 

1. mai 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-05-01 11:52:422024-11-03 23:21:49Ein partisan til minne
Historikk

Sjukekorga i Botnane

På loftet i grendahuset i Botnane har ei gamal sjukekorg stått bortgøymd og ubrukt i mange år. Kvar gong det vart rydda der var spørsmålet om ho skulle brennast eller bli ståande. Hausten 2017 fekk Kystmuseet i Florø korga. Halmmadrassa med jutetrekk var borte, men bekkenet i aluminium og ein tisseflaske i glas fylgde med. Kystmuseet hadde ikkje ei slik sjukekorg og den er også ein del av historia vår.


Oline Øvrebotten (fødd 1919) er den eldste i Botnane som kan fortelje noko om når dei fekk sjukekorg i bygda. Oline er sikker på at dei ikkje hadde ho i 1951, då ho sjølv var sjuk og vart boren ned til båten på ei jarnseng. Då hugsar ho at «karane i Posten» (Håkon Sørbotten, med fl.) sa at dei gav ikkje ei krone meir til ulike føremål før det vart kjøpt ei sjukekorg til bruk i bygda. Den tid var det ikkje eiga sanitetsforeining i Botnane, men Oline og nokre andre yngre kvinner var med i Saniteten i Kalvåg. Ho har eit vagt minne om at innkjøpet av sjukekorg kanskje var noko dei fekk til i samarbeid med dei.

Uhygge med sjukekorga

Sjølv minnest eg ei sterk kjensle av uhygge med den sjukekorga. Ho var mykje inn og ut hjå oss på Flåten dei siste 6-7 åra bestefar min, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) levde. Han var mykje sjuk og når dei kom med den korga betydde det at han måtte på sjukehuset. Han var lam og sengeliggande dei fem siste åra han levde. Besta, Magna Øvrebotten (1900-1992), stelte han heime. Men kvar gong han fekk eit nytt slagtilfelle måtte han på sjukehuset og eg var redd han skulle døy.

Den 8. september 1967 døydde Bestefar. Eg var 13 år og hadde vore i Korsnesvika og henta posten og mjølkespanna. Synet som møtte meg då eg kom inn att i krysset på nabogarden sit som eit måleri i minnet. Det kunne vore måla av både Eirik Wærenskjold og Nikolai Astrup, men det finst berre på netthinna mi. For der for dei berande med han Bestefar i sjukekorga utover bøen, rett utanfor Bruaberget. Det sokk i meg og eg byrja grine, men trilla heim med mjølkevogna. Sette ho ikkje frå meg og sprang ned til sjukebåtskyssen M/S Harald som låg i Inste Stegen og venta. Ungar gjorde ikkje slikt den gongen.
Dei som bar må ha vore far min Arne (1923-2017), syster hans Oddbjørg (f.1928), Besta og doktaren. Det må ha vore tungt på alle vis. Faster Oddbjørg fortel at Besta ba doktaren om å la vere å sende Bestefar på sjukehuset den gongen. Ho ville at han skulle få døy heime i si eiga seng. Men doktaren var ung og urøynd, og veldig stressa, minnest Oddbjørg. Han ville ha den sjuke, gamle mannen på sjukehuset i Florø, sjølv om familien trudde han kom til å døy før dei kom så langt.

Bannande doktar
Det er eit godt stykke å gå frå huset heime til sjøen. Dei må ha hatt fleire kvilepausar. Då dei sette frå seg korga på berget i Inste Stegen, før ho vart løfta ombord i båten, skjønte også doktaren kva veg det bar. – Han sto der bøygd over han far og banna høgt og inderleg. Det var forferdeleg å høyre på, seier Oddbjørg stille når eg ber henne fortelje om det i dag. Men Bestefar var ikkje død enno, så det bar ombord i båten og Besta vart med han. Eg hugsar at pappa og faster kom gåande innover Myrane, og vi såg M/S Harald fare utover Pollen og runda neset på veg sørover. Det var ein stille og vakker haustdag.

Men det tok ikkje lange tida før M/S Harald kom til syne att, med kurs innover Pollen, og med flagget på halv stang. På den måten vart heile bygda varsla om at han Bestefar var død.

Botnane 20.01.2020.
Magni Øvrebotten

15. mars 2020/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2020-03-15 12:04:172020-03-19 11:15:52Sjukekorga i Botnane
Aktuelt, Historikk

Mora snakka aldri om uklukka

Dette bilete er teke å tunet i Vågen 27. mai 1931, på sølvbryllaupsdagen til Anna og Henrik Aarebrot. Framme frå venstre; Jenny Ingeborg, Henrik, Anna og Sofie. Bak frå venstre; Harald, Hilma, Agnes og Helga.

I romjula 1939, den 29. desember, drukna Henrik og Harald Aarebrot rett nord om Årebrotsodden. – Bestefar ville ha med seg mor mi til å dra garn då det bles opp til uver. Men ho var redd på sjøen og nekta. Ho sprang på skogen for å sleppe og broren Harald måtte vere med i staden. Mor mi snakka aldri om denne ulukka. Vart det snakk om den stadfesta ho berre at dei hadde drukna, og la til; «Når han absolutt skulle ut i det styggeveret». Vi spurde ikkje meir då, seier Ingrid Seljestokken.

Mor til Ingrid heitte Jenny Ingeborg Aarebrot (1920-81) og var dotter til Anna og Henrik i Vågen. Henrik Aarebrot (1881-1939) kom frå Tysnes og gifta seg med syskenbarnet sitt Anna, som hadde garden i Vågen etter foreldra sine. Dei fekk åtte born, tre av dei døydde tidleg. Som vaksen kalla Jenny Ingeborg seg berre for Ingeborg. Ho likte ikkje å heite Jenny, for det var namnet til ei eldre syster, som døydde i krybbedød. Broren Samson døydde av ein hjartefeil berre 13 år gamal og Harald (1915-39) drukna saman med faren.

– Eg er heilt sikker på at mor mi hadde mislikt sterkt at eg fortel om denne ulukka. Den var openbert eit traume for henne som ho ikkje snakka om. På far min sine eldre dagar sa han at ho hadde fortalt han om ulukka ein gong, men at det ikkje var meir å snakke om, fortel Ingrid Seljestokken.

Det Ingrid veit om ulukka har ho fått greie på av bygdefolk på Årebrot, for sjølv slekta snakka lite om ulukka i 1939. Ingrid vaks opp i Bergen, men var med syskena og foreldra til Årebrot annankvar sommar, heile barndommen. Dei reiste heim for å hjelpe til i slåtten, slik det var vanleg å gjere på den tid. Den eine sommaren på Årebrot, den neste i Hyllestad, der faren Harald Instefjord kom frå.

– Men det var fyrst då eg var vaksa, og hadde gifta meg med Torleif og budde i Seljestokken at eg drista meg til å spørje Aslaug i Vaulen (Aslaug Holmen) om kva ho visste om ulukka. Ho var nabo til Vågen der mor mi vaks opp. Det var Aslaug som fortalde at bestefar min prøvde å tvinge mor mi til å vere med han på sjøen den fatale dagen. Og at ho var redd på sjøen og hadde sprunge til skogs for å sleppe. Aslaug sa at ho aldri kom til å gløyme skriket til mor mi, men i ettertid var ho usikker på om det var då ho sprang til skogs eller då det vart klart at faren og broren hadde drukna.

Båten kvelva

Det var romjul og godver då Henrik Aarebrot sette garnet, men så bles det opp og det nærma seg helg. Då skulle det ikkje vere garn i sjøen og det var slett ikkje snakk om å dra garn på ein søndag. Henrik fekk med seg den einaste attlevande sonen og drog ut. Færingen kvelva og både karane og båten vart hengande fast i trollgarnet. – Det var så dårleg ver at ingen kunne fare ut på sjøen og leite etter dei då dei ikkje kom att. Dei vart funne dagen etter, rett nord om Årebrotsodden. Der var det bratte hamrar utføre og uråd å sjå dei frå land, fortel Ingrid.

Mannen hennar, Torleif Seljestokken, driv båtverkstad og meiner at færingane var skrøpelege greier. – Det skulle ikkje mykje sjø til før dei båtane kantra. Eg skjønar meg ikkje på denne romantiseringa av oselvaren og andre færingar, så mange drukningsulukker det har vore med dei båtane fram gjennom tidene, seier han.

Etter drukningsulukka i 1939 hadde enkja Anna Aarebrot att døtrene Helga, Agnes, Hilma, Jenny Ingeborg og Sofia. Helga tok etter kvart over garden og er farmor til noverande eigar Marit Kleiven Br

Forlovelsesbilete av Ingeborg Aarebrot og Harald Instefjord, foreldra til Ingrid Seljestokken.

andsøy. Hilma gifta seg til ein annan gard på Årebrot, der noverande eigar er Håkon Aarebrot.

– Bestemor ville at mor mi skulle ha huspost i Breivika, men det ville ho ikkje. Ho var nok litt stri, i alle høve til den tid å vere. Då skulle ein ikkje sette seg opp mot foreldra sine, seier Ingrid Seljestokken.

Forelska i pasienten

Jenny Ingeborg Aarebrot reiste til Bergen i 1941 og Ingrid sit med eit inntrykk av at ho var glad for å kome seg vekk. Ho fekk låne pengar hjå mora og ei dame som hadde vore lærar på Årebrot skule. Ingeborg trong pengar for å gå framhaldsskule og folkehøgskule, for å kome inn på sjukepleien. Når ho hadde kome inn på sjukepleieutdanninga på Haukeland fekk ho løn og budde på sokalla «søsterhjem». Då hadde ho kome seg dit ho ville.

Det var på Haukeland sjukehus ho møtte pasienten Harald Instefjord, som hadde meir eller mindre konstant magesår. – Mor vart forelska i pasienten og det måtte haldast skjult, då som no. Vi har jo lurt på om han var ekstra ofte innlagt på sjukehuset av den grunn, ler Ingrid. – Men det er eit faktum at far min ikkje vart kurert for magesår før han, godt vaksen, vart innlagt på Florø sjukehus då ei av døtrene våre var konfirmant.

– Mor di snakka aldri om ulukka, men må likevel ha vore merka av det som hadde skjedd?

– Ja, ho var nok det. Ho sleit med helsa på grunn av hjarteproblem, og vi skreiv mykje på det. Men kom vi ikkje heim i tide, når ho venta oss, var ho tilnærma hysterisk. Miste vi ein buss. og måtte vente på neste, visste vi at ho var veldig forkava når vi kom heim.

Torleif og Ingrid Seljestokken med barnebarnet Sverre.

– Du hadde inntrykk av at ho var glad for å ha kome seg vekk. Korleis reagerte ho på at du flytta attende hit, då du gifta deg til Seljestokken?

– Det var ho ikkje begeistra for, for å seie det mildt. Ho hadde ikkje noko mot Torleif, men tykte det var galskap at vi skulle bu her. Veglaust og avsides, meinte ho, og i den tid måtte vi i båt, same kvar vi skulle. Ho hadde alltid vore redd på sjøen og den redsla slepte henne aldri. Dette var midt på 1970-talet og vi rakk å få oss opp nytt hus før ho døydde i 1981. Borneborn og nytt hus var litt formildande, men eg trur ho tykte det var for gale at eine dottera skulle ende her når ho hadde kome seg vekk. Det var slik ho såg det, seier Ingrid Seljestokken.

 

 

Tekst Magni Øvrebotten, 27. oktober 2019.

27. desember 2019/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2019-12-27 12:02:442019-12-27 12:02:44Mora snakka aldri om uklukka
Side 5 av 8«‹34567›»

Kategoriar

  • Aktuelt
  • aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top