Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Historikk

Oline Øvrebotten 100 år:

– Dagsnytt 18 må eg ha med meg

Aktualitetsprogrammet Dagsnytt 18 har knapt ein større tilhengar enn Oline Øvrebotten, som fyller 100 år 5. februar. Kjem du på besøk til henne mellom kl. 18.00 og 19.00 må du berre sette deg ned og teie stilt, for då sit ho i godstolen sin og ser på NRK 2.   – Dagsnytt 18 må eg ha med meg, der får eg oppsummert kva som går føre seg, seier ho og legg engasjert ut om korleis dei som var med klarde seg.

Brordotter til Oline, Silje Sande, arbeider i NRK Dagsnytt og til 99-årsdagen til Oline sende ho ei videohelsing frå programleiarane i Dagsnytt 18. – Det var no artig at dei brydde seg med ei gamal kjerring, ler Oline. Fredrik Solvang er sjølve gromguten av programleiarane.       – Men han var så flink at dei flytta han til Debatten i NRK 1 om torsdagane, legg ho til og veit ikkje heilt om ho likte det. – Men Espen Aas er ikkje så verst han heller.

Å fylgje med i samfunnsdebatten har alltid vore viktig for Oline, og ekstra viktig i alders år. Det held hovudet skjerpa og krutet turt. – Eg blir så arg på desse høgrefolka som alltid skal mistru og rakke ned på Arbeidarpartiet. Eg hugsar då vi fekk regjeringa Nygaardsvoll i 1935 og det vart viktig å få folk i arbeid. Her fekk karane ei krone dagen for å arbeide med vegen. Vi hadde neimen ikkje hatt den velferdsstaten vi har utan Arbeidarpartiet og no driv høgrekreftene og byggjer den ned, privatiserer og aukar skilnadane mellom fattige og rike. Eg tykkjer framleis at «Gjer di plikt, krev din rett» er ein god leveregel.

I det siste er det særleg utvidinga av regjeringa Solberg som har oppteke Oline og  statsministeren står ikkje høgt i kurs. – Det var om å gjere for Erna Solberg å få lokka KrF inn i regjeringa for at ho skulle få beholde makta. No når dei har reint fleirtal kan dei få gjennomført så mykje høgrepolitikk som dei berre vil. Dei får gjort mykje gale som ikkje let seg gjere om. Men han der Ropstad trur eg dei vil få mykje plage med.

Fattig, men trygg barndom

Oline Gudrun Sande vart fødd 5. februar 1919, i ei stove med jordgolv og ljore i taket. Foreldra Birgit og Olav Sande fekk seg opp nytt hus i Sletten det året ho vart fødd, men så fekk faren astma og kunne ikkje arbeide. Det var før det kom medisin mot astma. –  Han far sat på ein stol heile vintrane og hadde nok med å puste. Han kom seg då det kom medisin for sjukdomen på 1930-talet, fortel Oline.

 

Olav og Birgit Sande med dei fire vaksne borna i 1956. Frå venstre: Odd, Mathias, Oline og August.

 

– Men sjølv om vi var fattig så hadde eg ein trygg barndom. Det var varmt og godt og ro i heimen, seier Oline og fortel med glede om ein oppvekst med tre brødre, foreldre, besteforeldre og to gamletanter i eit trongbudd hus. Og ein mulithandikappa gut, Hans, som foreldra tok på seg stellet av, for betaling, då Oline var tre år. Dei måtte ha meir enn garden å leve av då faren vart sjuk.

– Han Hans var i konfirmasjonsalderen då han kom til oss, men mentalt var han ikkje årsgamal. Han kunne ikkje snakke, kjende ikkje mor si, åt alt han kom over, var brå og uroleg og skreik veldig mykje. Oline hugsar at ho kom over mor si ein dag ho sat på kjøkenet og grein, ei tid etter at Hans kom til dei : «Å, Herre Gud skal eg bale med dette resten av mi tid», hiksta mora.  – Det brende seg fast, det var ikkje vanleg å sjå mor mi grine.

Vi måtte ikkje ha Hans i 19 år, men han vart ein del av familien og mor hans ville så gjerne at han skulle få bli hjå oss. Ho hadde to søner som var sjuke og ei frisk dotter. Hans blei buande hjå oss til han døydde sist på 1930-talet. Han forma synet mitt på psykisk utviklingshemma , og det gjorde at eg vart aktiv i Saniteten då den i mange år arbeidde for å få opp Solbakken i Florø, seier Oline. Solbakken var ein arbeids- og pleieheim for psykisk utviklingshemma som vart opna i 1960. Oline var leiar for Saniteten i Botnane i mange år. Ho trur det var 15 år, men er ikkje sikker.

Pelssyerske i Bergen

Det var huspost eller arbeid på Vefring kafe i Florø som var den vanlege levemåten for jentene i Botnane når dei var konfirmerte. Oline trur ho var den fyrste jenta her som ikkje var nøgd med det. Ho ville gå i lære. Den fyrst husposten hadde ho i Florø i 1937, og i 1939 fekk ho huspost hjå familien Mugaas i Bergen. Dei hadde kafé og iskremsalong. – Dei var kommunistar og behandla oss tenestefolka veldig skikkeleg, minnest Oline. Men i 1940 kom krigen og då kom faren og henta henne og syskenebarnet Gerd heim til Botnane.  – Dei trong hjelp heime, for dei to eldste brødrene mine var i krigen. Eg var heime i eitt år, men ville så gjerne i lære, fortel ho.

I 1941 fekk ho eit tre månaders sykurs hjå faren fordi ho hadde vore heime og hjelpt til. Ho sette inn lysing i Bergens Tidende og fekk seg læreplass i Pelsforretninga Gullaksen. Ho skulle få 18 kroner veka i løn, sa kontorsjef Berg. Men Oline hadde rekna ut at ho måtte ha 20 kroner i veka for å klare seg. – Det var ei tante av han som bestemte. Så når eg takka nei til 18 kroner og gjekk sa ho: «Henne der skulle du ikke latt gå, for hun ville klare seg selv». Så kontorsjef Berg måtte ut og spore meg opp, smiler Oline nøgd.

– Vi var tolv syersker, men symaskina var vanskeleg for meg som er keivhendt, så eg ba om å få sy i fôret. Etter ei veke fekk eg 22 kroner i vekeløn. Eg tykte eg hadde kome til himmelriket; Tenk å arbeid frå 08.00 til 16.30, med ein times middagsfri om kvardagane, og ferdig på arbeid kl. 13.00 på laurdagane. Og fri heilt til måndag!

Oline Sande hadde vel 90 kroner i vekeløn då ho slutta som pelssyerske i 1947, for å reise heim til Botnane for å gifte seg med Abraham Øvrebotten, den 5. juli. – Her var ikkje lys ein gong, ler ho og rister på hovudet. (Botnane fekk lys i desember 1954).

Ikkje velkomen

– Eg hadde mykje å bevise som svigerdotter her på garden. Dei tykte ikkje eg var god nok, ei jente frå små kår, som attpåtil hadde vore i Bergen i fleire år. Sjølv om vi heime i Sletten hadde både innlagt vatn, vindmølle som gav oss lys, traktekaffi og andre «byvanar», sidan mor mi var frå Bergen. Men Ragna og Nils hadde nok forventa at han Abraham skulle finne seg ei sværare kone. Det var å bli gift inn i overklassen i bygda å kome hit inn i Øvrebotten, lærarfamilie og alt. Slik såg dei på det sjølve óg, seier Oline.

Oline og Abraham fekk tre born, Vigdis i 1948, Ingunn i 1951 og Norulv i 1955. – Eg var den fyrste her i bygda som fødde på sjukehus. Det var vanleg å føde heime, men her trur eg dei fleste tok etter meg og reise til sjukehuset i Florø. Eg hugsar eg var frykteleg redd for å få barn med handikapp, det var minna om Hans som slo inn då, seier ho.

Dei tre borna Vigdis, Norulv og Ingunn. Fotograf Horne tok både dette og brudebilete.

Forferdeleg å misse huset

Huset til Oline og Abraham brann ned 13. mars 1970. Det var ein laurdag og Abraham sat på kontoret sitt og skreiv på ei tale han skulle halde på ein fiskarfest i Bremanger om kvelden. Oline dreiv og vaska brakkene til dei som mudra ut leia, for å få større ferjer til å gå inn til den nye kaia i Korsnesvika. Brakkene stod framfor hagemuren deira.

–  Abraham merka brått at det kom sivande røyk langsmed husveggen, og då han skulle sjå til var det full fyr i den andre enden.  Det gamle huset var berre harpiks (kvae) og det var ikkje kjellar under, så det vart raskt til eit bål. Vi miste alt, absolutt alt, seier ho og tek ein liten pause.

– Det var forferdeleg å misse huset. Det er ryse å misse alt du eig når du er 50 år. Det var ikkje søtmjølk. Men det var berre å gå på på nytt. Eg hugsar eg sydde meg ny sunnfjordbunad til landsmøte i Saniteten i juni, men då fekk eg skjorta av bror min Odd.

Dei budde eit år i skulehuset medan det vart sett opp eit nytt hus, som Oline bur i den dag i dag.  – Vi flytte inn til jul i 1971. Eg likte meg godt i skulehuset og nekta å flytte inn i nyehuset før alt var ferdig. For det som ikkje er gjort før du flyttar inn det vert aldri gjort.

Alt vatn som ikkje renn i røyr er ein uting

Abraham kom tidleg med i kommunalt styre og stell i Bremanger. Oline kan ikkje hugse anna enn at han var aktiv i politikken. Han byrja i jordstyret og kom med i kommuenstyret på byrjinga av 1950-talet.

Abraham Øvrebotten representerte Arbeidarpartiet og var ordførar i Bremanger frå 1968 til 1979. Han sat i fylkestinget i Sogn og Fjordane frå 1968 til 1976, og frå 1980 til 1987. Han stod sentralt i sjukehusstriden som prega fylket i fleire tiår og var tilhengar av sentralsjukehuset i Førde.

– Det vart han ikkje populær av, men det brydde han seg ikkje om å vere. Han var berre overtydd om at fylket trong eit større sjukehus slik at vi slapp å fare til Bergen for det meste, seier Oline. Eit anna sentralt stridsemne i hans tid i politikken var kraftutbygging og han var tilhengar av å bygge ut fleire vassdrag som vart verna. Abraham var stolt av å bli kalla «kraftsosialist». Det meste kjende sitatet etter han er: «Alt vatn som ikkje renn i røyr er ein uting», sagt i ein debatt om kraftutbygging på eit landsmøte i Arbeidarpartiet.

Klypp frå Firdaposten sin reportasje om kronprinsparet sitt besøk i Bremanger i 1979. 

Prata med kongen om fjøsstell

Oline var samd med Abraham politisk og tykte det var viktig at han var aktiv i politikken, sjølv om det betydde at ho måtte stå for mykje av arbeidet heime. – Eg likte å arbeide både med kyrne og sauene. Sjølvsagt vart eg veldig bunda, det var ikkje ofte eg tok med tid til å vere med han på representasjonsoppdrag.

Men då det noverande kongeparet, Harald og Sonja, vitja Bremanger kommune som kronprinspar 16. juni 1979 var ordførarkona med. Ho hugsar det godt og når eg spør kva ho snakka med dei om så var det fjøsstell. Dei hadde nett fått seg nytt fjøs på Skaugum og Harald var interessert i å høyre om stell av dyr, kva som måtte til for at kyrne skulle mjølke betre, sjukdomar dei kunne få og råd for å førebygge slike.
– Dei var like til folk å ha med å gjere, minnest Oline.

Her høver det å smette inn ei historie som Synøve og Asbjørn Sande i Svelgen fortel om dette besøket. Synøve serverte på hotellet og hugsar at praten gjekk lett, og at det var god stemning rundt bordet. Ordførarparet og kronprinsparet såg ut til å trivast i lag. Asbjørn hadde blankpussa skorne sine for å køyre kronprinsparet dei få metrane frå hotellet i Svelgen og ned på kaia, der kongeskipet låg på hamna.

Asbjørn stod ute saman med ein politimann og venta. Men det varde og rakk. Inne hadde dei god tid. Abraham fortalde historier og kronprinsparet lo og slappa av. Dei hadde det ikkje travelt med å kome seg vidare til Florø. Asbjørn Sande hugsar enno då dei endeleg kom ut på trappa. Abraham strekte ut høgre armen og sa; «Jammen er det ikkje opplett, då trur eg vi går ned på kaia». Og slik vart det, og Asbjørn med dei blankpussa skorne fekk ingen køyretur og ler godt av historia den dag i dag.

Abraham døydde brått i 1992, nokre veker etter nyttårsorkanen. – Det kom brått og uventa. Eg var to år eldre enn han og hadde visst innbilt meg at eg skulle fare fyrst. Han vart berre 69 år. Vi hadde tre små barnebarn som vi gledde oss til å bli kjende med, og så var han brått borte. Det var tungt og trist, men det nyttar ikkje på legge seg føre, livet må gå vidare, slær Oline fast.

Våren etter at mannen døydde sende ho til fjells 70 sauer og lam, med hjelp frå borna og bygda sin alt-mogeleg-mann Ragnvald Sørbotten. Ho reduserte saueflokken ein god del om hausten, men hadde gleda av å drive med sau i mange år etterpå.  Det sat langt inne å kvitte seg med sauene, for det var så godt selskap i dei.

 

 

 

 

 

 

Oline med borneborna, Ida, Vetle og Julie. Ida og Vetle er tvillingar.

– Eg har streta på

Det siste tiåret har Oline brote det som er å bryte av armar og bein og kvar gong sjukebilen har henta henne har ho frykta at ho ikkje skulle kome seg heim att. – Men eg gror så lett saman, nett som ein ungdom, seier doktarane.

Dottera Ingunn har hjelpt henne mykje og vore heime mest kvar helg når ho ikkje var på arbeid. Og Oline si store glede er at borneborna med kjærastar likar seg i Botnane og kjem på besøk så ofte dei kan. Særleg er haustane med hjortejakt kjekke, då er dei mykje heime.

– Eg har streta på for å vere heime så lenge eg kan. Eg har sagt med familien at dei ikkje må bli lei seg om dei finn meg her død. Det er slik eg helst vil fare. Så lenge hovudet fungerer har eg det best heime, og det held enno. Eg gjer alt i mitt eige tempo; lagar mat, et, spøtar, les aviser, høyrer på radio og ser fjernsyn. Men så er det desse forbaska føtene som ikkje vil bere meg lenge, seier ho og ser opprådd ned på beina sine og vidare til rullatoren. Det er bale og tungvindt å vere avhengig av den for ei som var van til å vere både rask og lett på foten.

 

 

Oline med krumkakebaksten jula 2018.

Foto: Ingunn Øvrebotten.

 

– No vil eg vere heime til eg er 100 år, feire dagen skikkeleg og så får vi sjå, seier ho. Oline har vore nokre vender på den nye sjukeheimen i Svelgen, på kortare opphald. Ho tykkjer det er ein flotte sjukeheim og det er greitt å vere der når du må.

– Men eg er redd eg forfell fort om eg hamnar der fast. Slik er det berre, det trur eg ikkje vi rår med.  Samstundes må eg vedgå at eg er trøtt no og kreftene svingar frå dag til deg. Eg har nådd ein alder ingen har opplevd før i Botnane. Det skulle dei ha sett dei som tykte eg var så lita og nåsleg då eg var unge at eg knapt kunne vekse opp, skrattler ho førnøgd

– Men det er fortærande og trist at eg ikkje skal få oppleve ei ny regjering………… No dei har fleirtal er det ikkje realistisk at eg lever i 2,5 år til. Men då håpar eg for landet og dykk som lever at det vert regjeringsskifte!

 

 

 

Intervju: Magni Øvrebotten 25.01.19.

 

 

 

28. januar 2019/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2019-01-28 21:36:312019-01-28 22:02:34Oline Øvrebotten 100 år:
Historikk

Åleine jente på Årebrot skule

 

Hausten 1948 byrja Knuthild Husefest Lunde på Årebrot skule, og der var ho åleine jente mesteparten av skuletida. Ho gjekk på skulen annankvar veke og budde hjå Agnes Uren på Gamlebøen. Det gjekk ikkje å bu heime i Husefest, for det var korkje veg eller båtsamband. Husefest låg i Bremanger kommune, men borna som budde der gjekk på Årebrot skule, og båtsambandet stoppa ved kommunegrensa.

Dei to åra Knuthild, og den fem år eldre systra Hulda, begge gjekk på same skulen var dei vekke kvar si veke. Det var småskule eine veka og storskule det andre. Faren Guttorm skyssa den som skulle på skulen til Ura søndag kveld, med medbrakt mat.

– Det var slik det var. Sikkert mykje verre for dei som sende oss frå seg enn for meg som budde vekke frå eg var sju år gamal. Ho Agnes var eit eineståande menneske som brydde seg like mykje om meg og Hulda som sitt eige folk, fortel Knuthild.

Lærde å vere usynleg

Huset på Gamlebøen var ikkje stort, men det hyste likevel ein del folk. Knuthild budde på rom med Agnes på lemmen. Der budde også dei to fosterbrødrene til Agnes, Agnar Faye og Rikard Rasmussen. Dei delte óg rom. – Nede var det eit lite kammers der Juditta, mor til Agnes, sat og såg ut glaset. Ho likte ikkje ungar i huset, så vi måtte lære å oppføre oss. Eg lærde tidleg å vere usynleg, slær Knuthild fast. Det var ikkje ei uvanleg øving for jenter i den tida.

– Eg brukte å ha med meg fersk fisk heimanfrå søndag kveld. Den hadde vi til middag måndag og om kvelden åt Juditta resten av fisken på skiva, med sukker på. Det gjorde inntrykk. Ho var alltid svartkledd og vel utstyrt med kamferdråpar, rigabalsam og honning. Det hjelpte mot alt, minnest Knuthild Lunde.

Mora Alma brukte å gje henne beskjed om at ho måtte vere grei med Juditta og ikkje klatre i hamrane på Ura. – Det fyrste eg gjorde når eg kom bort var å klatre i hamrane. Eg hadde ingen å leike med. Det vil seie ingen jenter. Eg var åleine jente på skulen mesteparten av skuletida. Å pakke ball og hoppe tau visste eg ikkje kva var.

Ho er likevel glad for at læraren, Johan Slettevold, ikkje gjorde noko ekstra for henne til skilnad frå gutane. – Då hadde eg vorte «brælebarnet» til læraren og det hadde eg ikkje kome godt utav. Eg er glad mobbinga ikkje var oppfunnen, då heitte det «erting». Eg lærde meg å slåst på harde nevane, det måtte eg for å berge meg mot seks gutar.

–  Du var vel ikkje godt vande med mange ungar i Husefest heller?

– Nei, det var eg ikkje. Men eg var veldig glad i alle dyra våre heime og styra mykje med dei. Eg har grete mang ein gong for hundar, sauer, kyr og grisar når dei vart slakta, men det gjorde meg ingenting å skylje tarmar når vi slakta. Vi hadde både kattar og hundar heime, og eg vart eit kattemenneske. Diverre kan eg ikkje ha katt her eg bur no.

Til Botnane for handarbeid

I fjerde klasse dukka handarbeid opp som fag på skulen. Då visste dei ikkje kva dei skulle gjere med Knuthild, å ha sløyd saman med alle gutane var utenkeleg. Løysinga vart at ho var heime i Husefest i tre veker og lærde mykje handarbeid.

– Vi var ein handarbeidsfamilie, så det var nok å lære. Men då eg byrja i femte klasse måtte eg til Botnane for å få handarbeid. Der var vi berre jenter i klassen og det var ei oppleving! Det var ho Kari i Vikja, som eg kjende frå før. Ho Marta på Håjen som eg óg visste kven var, og så var det Helga og Randi på Nesa. Eg trur ikkje vi var fleire dei tre vekene det varde. Men det var veldig stas.

– Men det var ikkje båtsamband til Botnane heller som høvde med skulen. Du måtte bu vekke der óg?

– Eg budde hjå besteforeldra dine, Magna og Thorbjørn Øvrebotten. Far min og Thorbjørn var syskenbarn, så sjølvsagt budde eg hjå slekta. Eg låg på lemmen saman med Oddbjørg, dotter deira. Eg hugsa at vi lo veldig mykje etter at vi hadde lagt oss. Dei veken der hugsar eg med glede. Dei hadde geiter og det hadde vi ikkje heime. Det var artige dyr. Og dei flotte dyra Thorbjørn skar ut med tollekniven har eg aldri gløymt.

Sidan Knuthild hadde slekt i Botnane var det ikkje «ukjendt land» for henne, som for mange andre på stranda. Mjølkeruta frå Gulefjordane, via Botnane, var innom Husefest og Breivika. Men der var kommunegrensa, så frå Seljestokken var det Ura-ruta som gjekk til Florø.

Året etter handarbeidsvekene i Botnane var det fleire jenter i storskulen på Årebrot og då fekk dei handarbeidsopplæring i stova til Agnes Uren. – Siste året eg gjekk på skulen på Årebrot var det samla skule frå nyttår av, og då var vi berre jenter. Eg trur eg var prega av å ha gått så mykje på skulen med berre gutar. Eg hugsar at når eg kom bort på Flora og fekk venninner så skjønte eg ikkje kvifor dei var så interesserte i desse forbaska gutane. Men det skjønte eg no etter kvart, ler Knuthild Lunde.

Radioen var fantastisk

– Kva var det de underheldt dykk med i din oppvekst?

– Det var basarane til kvinneforeiningane og preikarane som reiste rundt og forkynte. Og radioen! Elles vart vi lærde opp til å synge mykje, både heime og i skulen. Vi lærde songane utanboks og eg har framleis glede av å synge og kunne mange songar.

Knuthild kallar radioen og telefonen to viktige apparat i sin barndom. Det var telefon hjå Jenny og Hjalmar Uren, hjå Knuthild sitt folk i Husefest og i Posten i Botnane. – Eg hadde telefonskrekk, men visste at eg måtte ta han om eg var åleine heime. Det var forferdeleg. Men å springe i Seljestokken med bod om at nokon hadde ringt etter dei, det var heilt greitt. Trur vi hadde 1. kr. for denne bodtenesta.

Men der Knuthild minnest telefonen med skrekk står radioen i eit heilt anna lys. – Vi høyrde ikkje på radio i tide og utide, nei, for han gjekk på batteri. Men eg fekk høyre på  barnetimen og laurdagsbarnetimen, og på Ura hjå Agnes også andakten. I 1954 fekk vi straum i Husefest og då fekk vi høyre på radio med vi ville. Det var heilt fantastisk!

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 08.12.18.

 

31. desember 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-12-31 08:19:032018-12-31 13:45:53Åleine jente på Årebrot skule
Historikk

Sydama som trylla

Eg har aldri skjønt korleis Faster – Oddbjørg Sørbotten – fekk kjolar, skjørt og blusar ut av dei små tøystykka kvinnene heime i Botnane kom med når dei skulle ha henne til å sy seg kle på 1950- og 60-talet. – Det gjekk alltid på eit vis. Dei kjøpte ikkje meir stoff enn absolutt nødvendig. Det var ikkje mykje pengar blant folk og dei tok vare på det dei hadde. Dei kjøpte seg ikkje noko nytt til kvart høve, seier Oddbjørg på sitt forsiktige vis. Eg er framleis overtydd om at ho kan trylle med stoff, symaskin, nål og tråd. For eg har sett det!

Oddbjørg vart fødd i Øvrebotten i 1928 og har sydd frå ho var ganske lita. – Kom eg over ein tøybit så laga eg noko av han. Då gjekk det mest i dukkekle. Eg hadde nok anlegg for saum og måtte ha noko i nevane støtt. Eg trur eg putla på med det sjølv. Mor hadde ikkje så mykje tid til slikt. Ho sydde ny kjole til jul om dei eg hadde var for små eller utslitne. Eg hugsar ho sa at det skulle bli godt når eg vart så stor at eg kunne sy kjolane hennar. Det ynskjet fekk ho no opppfylt, smiler Oddbjørg nøgd. (Bilete over er av Oddbjørg med symaskina som ho sydde på, fram til ho fekk seg elektrisk symaskin.)

Brevkurs i saum og sylære i Florø

Det var etter krigen at Oddbjørg byrja sy for kvinnene i Botnane og bygdene ikring. Ho hadde sydd mykje kle til dei før ho tok eit brevkurs i saum. Det var å sende inn syprøvar, til dømes ulike måtar å legge opp falden på. Og ho lærde å rekne ut storleiken på ulike plagg og lage mønster. Mønsteret vart laga av store, kvite ark, som likna på gråpapir i konsistens.

– Men du gjekk i sylære i Florø?

– Ja, eg gjekk i lære hjå Torbjørg Midtbø fyrst på 1950-talet. Ho var enkje og hadde to døtre. Dei budde i eit hus rett innanfor Fram (ungdomshuset i Florø). Torbjørg hadde systove heime hjå seg sjølv og tok folk i lære. Ho tok mot syoppdrag som ho og lærlingen sydde.

– Kva slags kle var det de sydde?

– Det var mest kjolar, skjørt og blusar etter mål. Folk kjøpte seg tøy og kom med. Det var óg ein god del omsaum. Det var vanskeleg å få tak i stoff etter krigen, så vi spretta opp kle og sydde dei om. Torbjørg var eit tolmodig menneske og eg lærde mykje hjå henne. Eg fekk sydd mange slags kjolar og fekk meir variert erfaring.

I Florø budde Oddbjørg hjå Hedvig og Fridtjof Nybø. Han var bakar og hadde lege i dekning i Botnane under krigen. Oddbjørg og mora Magna hadde laga mykje mat til dei som gøymde seg for tyskarane der. – Det var kjekt å bu hjå Nybø sine. Dei visste ikkje kva godt dei kunne gjere for meg, så eg følte takksemda deira. Dei hadde to døtre, Kari og Grete, som eg heldt lag med. Om vintrane arbeidde eg vekselvis på systova til Torbjørg Midtbø og i butikken til Magnhild Huus på Tua. Men eg måtte heim att når det var mykje å gjere heime i Botnane.  Eg var i alle høve heime sommarstid, i slåtten, fortel ho som om det var heilt sjølvsagt. Og eg hugsar at det var stas når Faster var heime, ho hadde tolmod til alt.

Store damer og små tøystykke
Eg er fødd i 1954 og det må såleis vere slutten av 1950- talet og fyrst på 1960-talet eg har minna mine om Faster ved symaskina frå. Om dei små damene i moteblada ho hadde og dei røsslege damene med dei små tøystykka, som kom for å få sydd seg kle. At eg sjølv var lita gjer sikkert sitt til at eg hugsar damene som ekstra store. I  tillegg til dei eg kjende frå bygda kom det damer med båten. Det var veldig spennande, ei av dei fortalde at ho hadde vore tenestejente heime då far min vart fødd i 1923. Det var ho Margit på Sagebøen, og eg og syster mi fekk kvar vår brystnål av henne.

– Dei som kom frå Sørgulen, Myklebust og elles inne i Gulen kom med mjølkeruta «Skjolden» på føremiddagen og måtte vere til båten gjekk attende på ettermiddagen. Då fekk dei sjølvsagt mat og det var god tid til både å ta mål, passe til og prate, fortel Oddbjørg. Der reknar eg med at forvitne meg sat og prøvde å vere stille, noko som aldri har lege for meg. Men eg ser dei enno levande føre meg, og Faster som ligg på kne på kjøkengolvet for å få kanten på kleplagget bein, med masse knappenåler i munnen. Besta  og Bestefar var der og heldt drøsen i gang. Det var kjekt å høyre nytt frå grannebygdene.

 

På bilete frå 75-årsdagen til Aletta i Garden midt på 1950-talet, er det mange kjolar Faster Oddbjørg vedstår seg å ha sydd. Eg har mistanke om at ho har sydd dei fleste, men ho vil ikkje skryte. – Nokon sydde sjølve, veit du, forklarar ho. Fremst står høge og staselege Anna i Kvia. Henne hugsar eg frå kjoleprøving hjå Faster. Sjølv hugsar ho spesielt eitt kjoletøy Anna kom med. Det var eit grått ulltøy, med raude ruter, og det var moderne med skråklypte mønster på den tida.

– Eg hugsar ho mor vaska kjøkengolvet for at eg skulle få legge tøyet utover der, og legge på mønsteret. Men mor var overtydd om at det ikkje var nok stoff til å sy ein kjole til Anna. Når det er ruta stoff er det verre å få rutene til å stemme når du har knapt med stoff. Men det gjekk den gongen óg. Eg måtte aldri gje opp å få kjole av dei tøya dei kom med, men det hende at kjolen vart litt kortare og det var aldri store biten med restestoff att, seier Oddbjørg med eit lurt smil. Her skal det ikkje røpast meir enn høgst nødvendig.

– Sit du og syr for tjue kroner?

Når eg spør kva ho tok betalt for desse kjolane kjem ho på ei historie.  Oddbjørg hadde sydd ein grøn kjole til Bjørg på Støylen. Kjolen var skråklypt og brodert med gult moulinegarn, med andre ord mykje arbeid. Oddbjørg føreslo 20 kroner for kjolen. Jon Øvrebotten, bror til Bjørg, høyrde det. Han gjekk på Heimyrkjeskulen på Jølster fyrst på 1950-talet og hadde fått syn for verdien av handverk og utbraut: – Sit du og syr ein kjole for 20 kroner? Han var forferda, men Oddbjørg auka ikkje prisen av den grunn.

Brudebilete av Faster og Ståle 29. september 1962. Ho hadde sydd både brudekjolen og kjolane som Sissel og eg har på oss. Torbjørn er fire år, eg er åtte og Sissel fem år. Foto: Kåre Botnmark.

Oddbjørg dreiv som sydame til ho gifta seg med Ståle Sørbotten i 1962. Då fekk ho seg elektrisk symaskin. Ho slutta å sy utanfor familien, men heldt fram med det innanfor.  Både til mor si, mor mi og oss tre syskena, seg sjølv og etter kvart tre eigne barn. Borna Magnhild, Tore og Sigbjørn hadde heimesydde kle som knapt nokon såg var heimesydde, og vegra dei seg for å gå med dei heime i Førde, så sette ho berre på eit merke ho hadde spetta av eit kjøpt plagg.

Etter kvart som slektsledd etter slektsledd vart konfirmantar sydde ho bunadar. Den fyrste ho laga var til seg sjølv i 1948. Ho har kome ut av teljinga med kor mange ho har sydd, men vi har rekna saman at det er minst 12-13 bunadar; sunnfjordbunadar for både kvinner og menn, finnmarksbunad og kystdrakter. Og når vi stod fast i eigne syprosjekt var det berre å gå til Faster med problema. Alt let seg løyse når ho fekk hendene i det.

Laurdag 22. desember fyller Faster Oddbjørg 90 år, men det er ikkje noko å snakke om……… Det får då vere grenser. Denne dama har skydd merksemd på eigne vegne heile livet, men vi hine har kunna sole oss i glansen av abeidet hennar. (Oddbjørg døydde i 2023).

Fem sunnfjordbunader som Oddbjørg har sydd. Bilete er frå 1996.

Magni Øvrebotten 18.12.2018.

17. desember 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-12-17 23:21:072025-11-11 17:48:15Sydama som trylla
Historikk

Årebrot sanitetsforeining 1954

Bilete syner dei fleste av sanitstskvinnene på Årebrotstranda samla til sanitetsmøte hjå Alma i Husefest i 1954. Framme frå venstre: Helene Holstad (med gardshunden Freia på fanget), Kjellaug Seljestokken, Aagot Urdal, Ingrid Husefest og Hilda Andersen (Søndervåg). Bak frå venstre: Marta Kvalvik, Marie Husefest, Sofie Holstad, Alma Husefest og Kristi Bredvik. Foto: Knuthild Husefest.

Eg fann stykket om Årebrot sanitetsforeining i ei utklyppsbok etter mor mi, Sigrid Øvrebotten. Det var frå Harald Stavang sine Album-sider i Firdaposten. Stykket mangla dato, men var limt inn mellom artiklar frå 1993. I stykket stod det at Stavang hadde lånt bilete av Kjellaug Seljestokken. For å kunne bruke bilete på nettsida måtte eg ha det i original, men det var ikkje til å oppdrive korkje i Seljestokken eller Firdaposten.  Eg etterlyste det på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag og då melde sjølve fotografen seg: Knuthild Husefest Lunde (f.1941), frå Husefest, busett i Florø. Ho hadde bilete i album.

Knuthild Lunde hugsar at ho tok bilete i 1954, då mora Alma hadde sanitetsmøte heime hjå dei i Husefest. Det var Alma Husefest som skipa Årebrot sanitetsforeining, men Knuthild veit korkje når det skjedde eller når  foreininga vart lagt ned. – Men eg hadde inntrykk av at Årebrot sanitetsforeining hadde ein trang fødsel, då det var misjonsforening på stranda frå før av, fortel Knuthild Lunde. Ho husar sanitetsmøta med glede, då skjedde det noko og det var meir enn kvardagsmat på bordet. Var ho heldig fekk ho med seg to foreiningsmøte i «sesongen», eit heime og eit hjå Agnes Uren, på Gamlebøen. Knuthild budde hjå Agnes annankvar veke, for å gå på skulen på Årebrot, frå 1948 til 1955.

Foreininga var høgdepunktet

Journalist Harald Stavang skreiv dette etter å ha snakka med Kjellaug Seljestokken om bilete og Årebrot sanitetsforeining (sitat): «Kjellaug Seljestokken var ei ung kvinne den gongen og ny i bygda. Ho fekk det rådet at ho skulle bli med i sanitetsforeininga, for det var beste måten å verte kjend på. – Å gå i foreining var i grunnen høgdepunktet for oss husmødrene, og vi gledde oss, fortel Kjellaug.

– Det var langt mellom husa på strekninga mellom Husefest og Årebrot, så det var ofte langt å gå. Av og til var det båtskyss dersom det høvde slik. Vegsamband fanst ikkje då. Elles var det å trakke stiane. Frå Løype til Uradalen gjekk dei snarast ut dalen og langs Husefestvatnet når det var ver og føre til. – Foreiningsmøta var tidleg ettermiddag, slik at vi var heime att til dyra skulle stellast, fortel Kjellaug. – Pengane som kom inn på den årlege basaren, vart for det meste sende til NKS sentralt. Og det vart bygt mange helsehus, sjukehus, og ikkje minst vår eigen «Solbakken» i Florø, av dei innsamla midlane. Det var ei glede å vere med i dette arbeidet, seier Kjellaug Seljestokken til slutt» (sitat slutt).

–No er det berre Kjellaug som lever av dei som er med på bilete frå 1954. Rart kor fort tida går når ein ser bakover, seier Knuthild Lunde. Ho hugsar at ho selde lodd til sanitetsbasaren. – Eg ser føre meg både husa og menneska sørover stranda. Brukte å starte heilt sør i Brotet, hjå Inger Skaar og gjekk heilt i Breivika og selde lodd. Det tok si tid, minnest Knuthild Lunde.

Magni Øvrebotten, skrive 12.12.2018.

 

12. desember 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-12-12 23:50:582018-12-12 23:53:58Årebrot sanitetsforeining 1954
Aktuelt, Historikk

Historia om Hellebrotbåten

Av Ståle Sørbotten

Dreg du sørover på Frøysjøvegen (fv 577), og kjem til  Nordbottenstranda i Botnane, passerer du på styrbord side Nøre gravrøysa og rett nord for Søre gravrøysa passerar du Frivika. Der på babord side, oppunder hamrelaget ligg «Hellebrotbåten», ein båt oppmurt av heller.

 

Han har stått der sidan 1930-talet. Sannsynlegvis vart «kjølen» strekt tidleg på 1930-talet. Han er skapt av initiativrike ungdomar og born frå Nordbotten og Sletten og var i ei årrekke ein ynda leikeplass for 10,11,12 og 13-åringar i området.

Det var Mathias Sande i Sletten og Hermund Øvrebotten på Støylabruket som var opphavsmennene til «båten». Seinare kom Johannes Nordbotten og Otto Nordbotten inn i «Rederiet» og ei tid etter også Jon Øvrebotten og Anders Sørbotten. Vi kan vel sei at i 1930 og 1940- åra, og litt ut på 1950-talet, har borna i Nordbotten og Sletten hatt si tid på «Hellebrotbåten» på Frivika.

«Skipsbyggarane» brukte berghammaren som babord side på  båten, medan dei mura styrbord side av heller som dei fann i terrenget. Dei hadde fått lov av grunneigarane – fellesskapet i Nordbotten/Sletten –  til å ta av dei småhellene som var der.  Som dekk og tak på styrehuset brukte dei større heller, så sannsynlegvis tok dei seg litt til rettes. Dei rekna vel med at det var lettare å få tilgjeving når byggearbeidet var gjennomført. Ikkje rettare eg minnest var det brukt ein del trematerial som bjelkar for dekk og tak, så det var vel ikkje nok store heller.

Mathias Sande og Hermund Øvrebotten trekte seg etter kvart ut av «rederiet». Dei følte seg nok for store til å blande seg med dei yngre som meir eller mindre melde seg inn i «rederiet», og fekk andre interesser som drog meir. Det var visst Otto Nordbotten og Johannes Nordbotten som fullførde bygget.

Seperator frå Garden

«Båten» var innreia med eit styrehus, eit maskinrom i midten, ei kahytt bak og ein lugar framme. Han måtte ha ei maskin. Oppe i Garden hadde dei ståande ein gamal utrangert separator og den meinte Otto og Johannes høvde til motor. Ingen skulle vite om det då dei bar seperatoren opp i utmarka og nord ovanfor Slettegardane. Der tok Mathias og Hermund over og bar seperatoren nord til  «Hellebrotbåten»  og plasserte han i maskinrommet.  Johannes fortel at han til sist hadde fortalt mor si, Aletta, kva dei hadde gjort. Seperatoren var ikkje brukande, så ho hadde sagt at det fekk no gå, men dei kunne godt ha spurt før dei for med han.

Dei la ei røyrleidning frå ei lita tjønn opp på bergkanten, over kanten og ned i «maskinrommet».  Røyrleidninga gjekk over ei lita høgde. Vatnet rann difor ikkje ned til «maskineriet» av seg sjølv. Dei måtte, ikkje rettare eg minnest suge vatnet over kanten for å få det til å renne. Eg hadde inntrykk av at det ikkje var ei enkel sak. Dei kom visst ikkje så langt at dei fekk laga vasshjul til å drive seperatoren med. Dei måtte bruke handemakt.

Den omtalte tjønna. Foto; Ståle Sørbotten

«Maskinrommet» var ikkje ikkje tilgjengeleg for oss «barnsungane». Det som skjedde der kunne ikkje openberast for oss «næmingar», men ein gong hugsar eg vi fekk lov til å glytte ned i rommet eit lite sekund. Men så vart luka stengd. Eg tykte likevel eg hadde vore vitne til ei stor oppleving.  Seinare skjønte eg at det ikkje var mykje mystikk med «maskinrommet».

No er nok «Hellebrotbåten»  gått i «opplag» for godt. Dekk og tak er brotna saman enten av elde, eller med menneskeleg hjelp, for å hindre fallgruber for born som måtte finne på å granske kva eldre generasjonar har halde på med.

Sannsynlegvis var Odd Sande og eg, og kanskje Harald Langø, dei siste som «gjekk frå borde» frå «Hellebrotbåten»  og overlet han til naturen sin gang. No er han ein ynda stad for ville vekster – blom og einestabbe.

Ståle Sørbotten ( i midten) syner fram Hellebrotbåten til svigersonen Vebjørn Arntzen og barnebarnet Linus Arntzen Sørbotten, sommaren 2012. Foto: Kirsti Hole

For min barnegenerasjon, som ikkje hadde mobiltelefon og nettbrett med dataspel å putle med, var aktiviteten i «Hellebrotbåten»  ein leik vi ser tilbake på med mykje glede.

Det var ei gledestund å sjå og høyre kor Johannes Nordbotten, som nærmar seg 91 år, lysna opp då eg fekk han til å fortelje om starten og drifta  av «Hellebrotbåten». Han var heller ikkje tung å be då eg bad han vere med  meg nord på Frivika for å ta nokre bilete.

«Bergpreika» til Mathias

Då vegen mellom Myklebust og Botnane vart opna og teken i bruk (1993), førde det til ei «valfarting» av framande som ville plukke stein og heller. Det tok heilt overhand. Det var til og med ein person som hadde vore nede i Nøre gravrøysa for å leite etter gravstein til kona si.

Alt dette styret førde til at ein del av grunneigarane i Nordbotten ville  rive ned «Hellebrotbåten» og fordele hellene på bruka. Audun Sande fortel at dei kom tidleg ein laurdagsmorgon og ville ha han med på arbeidet. Han var so heldig at farbroren hans Mathias Sande, ein av pionerane for byggearbeidet, var heime på ein ferietur.  Han meinte at «Hellebrotbåten» som han og Hermund på Støylen bygd opp, måtte få stå i fred. Han gjorde ingen fortred. Skulle dei rive ned og dele desse hellene fekk dei og reise opp under fjellet og dele steinen der oppe og, for den var óg felles», meinte Mathias.

Etter denne «Bergpreika» i miniatyr, vart rivinga lagd død og blommen og einestabben fekk fortsette å  fylle styrehus og maskinrom som før.

Johannes Nordbotten og Ståle Sørbotten framfor restane av Hellebrotbåten. Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten

Her står to av brukarane av «båten», Johannes Nordbotten som var ein av dei første som kom inn i «rederiet». Ståle Sørbotten er sannsynlegvis den siste som gjekk frå borde og overlet «båten» til forfallet. Otto Nordbotten, som óg var ein dei første brukarane av «båten», bur på aldersheimen i Ulsteinvik. Desse tre er dei siste gjenlevande «sjømennene».

Vi vil sende ei varm helsing til Otto Nordbotten og ønskje at einkvan kan vise han artikkelen og bileta.

Her kan det høve med byrjinga på diktet «Tungt glir båten», av Jan-Magnus Bruheim.

Tungt glid båten. Fylt av draumar,

over opne, vide hav.                                      

Møter brot og understraumar

som vil søkkje han i kav.

 

Himlen myrknar. Stormen vaknar

just som soli klårast skein.                    

Draumane glid over ripa

ned i kavet, ein og ein.

 

 

14. november 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/11/Bilde1.png 531 945 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-11-14 22:58:342018-11-14 23:39:55Historia om Hellebrotbåten
Historikk

Atle Svardal

Les meir
14. november 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-11-14 22:37:362018-11-15 20:47:02Atle Svardal
Historikk

Augevitneskildring 13. mars 1945

Fredrik Persen (1906-1990) var radiotelegrafist på radiostasjonen Roska, saman med Atle Svardal. Dei hadde kontakt med motstandsfolk i området, radiokontakt med London, rapporterte om båttrafikken og sende meldingar om menneske som måtte hentast ut av landet. 13. mars 1945 vart dei oppdaga av tyskarane og Svardal vart skoten. Persen vart teken til fange, mishandla og fengsla. Etter krigen skreiv han ein rapport om det som skjedde den skjebnesvangre dagen.

Du kan lese heile rapporten nederst i stykket.

Bilete over syner Fredrik Persen i 1949. Han står framfor hammaren nedanfor der Roska-stasjonen var. Der hadde Ragnar og Per Svardal hogge denne teksten inn i fjellet. Dei to var brødrene til Atle Svardal. Flora historielag fekk bilete i hende i 2017 og etterlyste kven det var av. Anne Kristi Persen og Kari Persen kjende att faren på bilete og sende historielaget desse orienteringa om han:

Døtrene til Persen om far sin

For å bidra i motstandskampen rodde og delvis seilte vår far Fredrik Borchgrevink Persen f. 27.10.1906 d. 15.11.1990 over Nordsjøen sammen med to kamerater Henrik Hop og Øystein Østensen i en 17-18 fot lang oselver færing. De rodde ut fra Sotra 19. august 1941 med kurs for Shetland. Etter korrigering av kursen i forhold til vindretning, kom de til nordspissen av Skottland lørdag 23. august der de ble plukket opp av en britisk destroyer og brakt i land på flåtebasen Scapa Flow dagen etter. Ved undersøkelser om oselveren senere, viste det seg at denne destroyeren var blitt senket i kamp kort tid etter.

Vår far gikk inn i norsk militær styrke i Storbritannia og fikk forskjellig militær opplæring, bl. a. som fallskjermsoldat og radiotelegrafist. Dette var ulike steder i Skottland og i London.

  1. august 1944 ble han sammen med Atle Svardal sendt med MTB en Hessa, med Petter Salen som skipper, fra Shetland for å opprette radiostasjonen «Roska» ved Breivik nord for Florø. Atle Svardal var sjef for radiostasjonen. De ble satt i land ved Nordre Hovden om kvelden 19. august og lagret i dekning det meste av utstyret de hadde med seg. Samme kveld rodde de i en medbrakt robåt over fjorden og tok kontakt med Isak Bredvik i Breiviken. Isak Bredvik hentet sammen med noen andre etter en tid utstyret som var lagret på Hovden. Ved hjelp av Isak Bredvik fant de en fjellhylle i fjellet ovenfor gården der radiostasjonen ble etablert. De bygde en hytte som var godt kamuflert. Fra denne fjellhyllen var det god utsikt til båttrafikken på kysten utenfor.

De arbeidet med radiokontakt med London; rapporterte om trafikk og meldinger i forbindelse med mennesker som måtte hentes ut av Norge.

Viktige samarbeidspartnere og kontaktpersoner var Isak Bredvik, Magnus Uren, Dagfinn Hjertenes, Magne Sørbotten, Sigrun Solberg, Torbjørn og Arne Øvrebotten.

Etter tiltagende peilevirksomhet fra tyskernes side, ble radiostasjonen angrepet og tatt tirsdag 13. mars 1945. Atle Svardal ble drept mens vår far ble tatt til fange og ført til Gestapohuset i Bergen. Han satt fanget til tyskerne kapitulerte og freden kom.

Flere andre som hadde vært med i motstandskampen i samme område, deriblant Isak Bredvik, ble også tatt til fange av tyskerne. Vår far hadde alltid vondt av at Atle Svardal var blitt drept og at han ikke var blitt riktig behandlet av tyskerne etter at de var blitt tatt.

Han satt menneskene han hadde samarbeidet med der svært høyt. Vi besøkte i vår oppvekst Isak, Solveig og Kristi i Breiviken. Isak og pappa ringte alltid til hverandre og snakket sammen når de hadde fødselsdager.

Mvh

Anne Kristi Persen                                      Kari Persen

 

 

 

14. november 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-11-14 22:11:032018-11-14 23:54:10Augevitneskildring 13. mars 1945
Historikk

Under Gestapo sin kommando

«Eit minne frå krigen» var tittelen på denne stilen, som Halvdan Øvrebotten (1926-1993) skreiv på Sunnfjord folkehøgskule i Førde, rett etter krigen. Han var med då Gestapo kommanderte alle mennene i Botnane til å bere ned utstyret frå radiostasjonen Roska. Det var 13. mars 1945. Dette er den einaste skriftlege kjelda vi har om det, skriven av ein som var med. Stilen har vi fordi tanta hans, Magna Øvrebotten (1900-1992), fekk skrive av stilen til naboguten Halvdan, og tok vare på avskrifta i alle år. Dette er ei ny avskrift.

Av Halvdan Øvrebotten

Halvdan Øvrebotten

Det som her skal forteljast, bar til i dei hektiske vårdagane i 1945; då dei allierte trengde fram frå aust og vest og held på å knekkja den tyske krigsmaskina i heimlandet. Men her i landet sat «vernemakta» like trygg, og det tyske politiet og gestapo herja land og strand rundt og skulle få has på heimefronten. Det lukkast òg for dei i noken mun, og om ein slik rassia i heimbygda mi er det eg her vil fortelja.

Vi var komne til kvelden, den 13. mars. Heime hadde vi nett henta radioen fram or gøymsla, og vi skulde til å høyre nyhende frå London, då vi med eit høyrde ein serie skot frå eit automatvåpen ut i Pollen. Av det eit nes stengde for utsyne, sprang eg bort på ein haug og vilde sjå og få greide på kva det kunne vere det galdt. Og her fek eg syn for det vi ottast i dei dagane. Eit par kilometer lenger ut med stranda hadde ein stor motorbåt lagt til lands, og frå den sprang det til lands væbna menn som spreidde seg over bygda. Her kunne det ikkje vere tvil lenger, det var tyskarane som var ute og ferdast, og då var det vandt om dei hadde noko godt i sinne.

I ein  viss fart kom eg meg heim og varsla, og vi fekk gøyma radioen og ymse anna, før tyskarane nådde fram til oss. Det viste seg å vere to sivile gestapista med automatkarbinar i handa og handgranatar i beltet, jagande med to karar utanfrå bygda som vegvisarar. På ein brutal måte skreik dei etter pass, og spurde så etter kvar N.N. budde, og vegvisarane måtte syna dei til grannegarden vår der mannen  budde.

Denne mannen  hadde mange «svin på skogen» som det heiter, mellom anna gøymde han på rømlingar, og i ei hytte inne i skogen hadde han spionar med radiosender. Men gestapistane fekk lang nase der, for karane var rømde på skogen, og berre kvinnfolk var att heime. Med dei heldt dei då ei fæl «huskestove», kryssforhøyrde dei, og då dei sidan skulde ha husransaking, og dottera i huset ikkje viste dei fort nok fram, spente dei henne med jarnskodd støvel. Serleg var den eine brutal, ein stor, raud tjukkas so det osa brennevin av.

Då turen til grannegarden såleis mislukkast, kom dei heimatt til os, og far min, to av brørne mine og eg fekk ordre til å fylgje med dei. Ikkje tale om å få ta meir klæde med seg. Vi laut reise i genser og tresko, som vi stod og gjekk. Vi trudde med same at det var som gislar dei tok os, men det var inga onnor råd enn å fylgja med dei. Då vi kom ut til gestapobåten, var det nokso folksamt der. For det fyrste krydde det av godt vebna soldatar, og attåt dei var alle vaksne karar i bygda samla der, når ein undatek rømlingane. Så vart der gjeve ordre, vel å merkja på eit nokså «gebrokkent» norsk, men det var so mykje at vi skyna at vi skulde samle os på dekk. Her skulde vi då stå, mest mogeleg samla. Og så sette motoren i gang, og båten tok kursen sør langs landet mot det uvisse.

Her stod vi då, ei underleg samling på fram i mot 30 mann, i alle aldrer, med soldatar med skarpladde gever rundt os på alle kanter. Det viste godt att dei fleste av os ikkje hadde fått tid til mykje reisetoalette. Nokre var i berre skjortearmane, men dei fleste gjekk i gensar, og tresko hadde omlag alle mann. Og vi visste ikkje kor langt vi skulle, ikkje om vi kom att heller, for den del. Mange rare tanker for gjennom heilen på oss, og spegla seg av i anleta meir og mindre. Vi trudde helst at det bar til forhøyr ein kvar staden, og trøysta oss med at vi slapp fri att. Å spørja desse udyra om noko var uråd, og desuten burtkasta. Vi var so uptekne med desse forvillande framtidsvonene våre, at vi lite merka den vene vårkvelden rundt oss. For om kulden kraup gjenom vår mangelfulle klednad, så var veret vårleg til so tidleg på året å vera.

«Sonja», så heitte båten vi var med, pløgde dei lange, rolege dønningane som kom inn frå havet, medan mørkret la seg over land og sjø. Litt etter litt flaut detaljane i landskapet bort, og berre konturane av fjell og øyer tekna seg av mot himmelen. Di meir mystisk og uhyggeleg tyktest ferda vår på røverskuta. Komne sør lang land, til ein stad som heiter Storevika, der det er to gardsbruk, svinga «Sonja» brått til lands, og la att til ein hamar. Her fekk vi ein kvass ordre om å ha oss på land, og så bar det op i tunet på eine garden med oss alle samen. Her var mange tyskara før, både ute og inne, så her måtte vere eit kvart sers på ferde. Nokre soldata gjekk inn i huset, og kom ut att med to fjøslykter. Så fekk vi nummer, og etter ny ordre bar det op etter lia med oss.

Fyrst nokre gestapister og soldater, så vi nordmennene etter nummer, med ein soldat mellom fjerdekvar mann, og til sist gestapister og soldater. Så her skulle det ikkje vera godt å røma, nei. Vi fekk no og vita att dersom noken prøvde å røma, vart han skoten. Fjøslyktene hadde dei plasert ei i kvar ende av den lange rekkja, som åla seg fram gjennom ulendet, så dei som gjekk i midten såg ingeting; og laut difor hjelpa seg så godt dei kunne, ved å prøva stiga der mannen framanfor steig. Og mangt eit fet (=steg) tok vi, men laut no streva på i treskorne det beste vi hadde lært, for fram skulle vi, det var ikkje til å ta feil av. Kvar det bar av var meir og meir uskyneleg.

Då vi hadde gått eit langt stykke over furumoar og blaute myrar, bar det op gjenom nokre høge hamrar, som strekte seg langt inn over skogen. Vi kravla oss op gjenom kratta til vi langt om lenge, brått fek veta at vi skulle stogga. Ja, vi var no takksame for det, forundra over kva som no ville henda. Det slapp vi venta lenge på, for brått byrja dei å senda ned i gjenom kassa på omlag 30 kg, i mengdevis. Likeeins kom der oljedunkar, radiosenderutstyr i kufferter, og tilhøyrande laddemaskin. Alt samen var tunge saker. Dette vart so samla i samen nede under hamaren, der tyskarane stod med eine lykta, og tok i mot oss. Så fekk vi utdelt kvar si kasse til å bera, med ordre om å vera varsame, då dei innehelt sprengstoff. So tok vi til å tru att det var eit våpenlager vi helt på å herja med.

Best det var slo det ut ein loge oppe i hammaren, som var det olje so brann, og det kasta ein trollsk ljoske over neraste skogen, så trea stod som store risar i natta. Og med skrik og skrål frå tyskarane, sette den syrjelege prosesjonen i veg nedatt gjenom marka. Men vi vart snart på reine med at det ikkje var sprengstoff som var i kassane; for same kor varsamt vi steig, så rulla vi av og til, så kassane for i marka med dunder og bråk. Og tunge og vonde var dei å bera; serleg to gamlingar mellom 70 og 75 år streva hardt. Den eine fall ned på kassekanten og slo  av eit sidebein og anka seg stygt. Den andre miste båe treskorne ned i ei myr og vart liggande å grava etter dei, eit tragikomisk syn. Men tyskarane skreik og jaga på, utolege over stoggen. Her var ingen pardon for kva slag situasjon ein kom op i, og dei tok ingen notis av at vi gjekk og jabba i mørkret, berre dei hadde lys sjølve. Deira mentalitet fornekta seg ikkje her heller, det var «herrefolket» vi hadde med å gjera.

Framleis brann det lysteleg inn i skorane, og no hadde nokre halvturre furer teke fyr, og stod som logande faklar mot myrke bakgrunnen. Det såg spøke ut, det kunde nok verta skogbrann óg, men det var no lite tre der i nærleiken, og skogen og marka var våt, so vi vona det beste. Etter mykje slit og bal i dei utenkjelegaste situasjonar, kom vi då ned til sjøen og bar kassane ombord i «Sonja». No trudde vi oss ferdige med arbeidet og venta på tyskarane sitt neste trekk i dette sjakkspelet dei dreiv med oss. For liksom brikker flutte dei oss der dei vilde ha oss. Jau, no skulde dei ha 10 mann til å henta ned resten. Til all ulukke var der ein rest, og 10 av oss yngste karane vart uttekne til å prøve moroa opatt, og i veg bar det.

Dette bilete er frå då Halvdan Øvrebotten gjekk på Sunnfjord folkehøgskule etter krigen.

Komne op til husa på garden, råka vi på ein flokk gestapister, der i mellom var vår gamle kjenning, den raudsprengde tjukkassen, og millom seg hadde dei husbonden på garden, som vi kjende godt og så ein framand. Desse to hadde handjarn på. og var samanbundne med tog. Den framande, som vi seinare fekk veta var spion, var moldet og svart i anlete, eit teikn på at tyskarane hadde handsama han. Vi stogga utan vidare op, då vi såg dette, men då skrik tyskarane: «Passer, passer!» med eit slikt mål at vi var glade vi hadde oss i veg att. Det gjekk tolleg fort denne gongen, for vi hadde meir lys på kvar, og fekk lettare kassar å bera. Elden oppe i berget var slokna no, heldigvis. Seinare fekk vi greide på, att det var ei hytte til spionane som gjekk op i logar der. Då vi kom (ned)att denne siste venda, viste tyskarane sit kjende «storsinn», og gav oss lov til å reise heimatt, men med åtvaring mot å arbeida for engelskmennene, som dei sa. For vi såg kor det gjekk, la ein gestapist til, med slik ei sjølvgod mine, at ein kunde få lyst til å kverka han.

Men vi kunde vera glade for at vi slap frå det med dette, og i motorbåten til arrestanten, som vi nådigst fekk låna av tyskarane, tok vi på heimveg. Den vesle båten bar oss då heimover, ein flok hutrande og frysande karar. Det surkla i treskorne når vi leda oss, for dei fleste hadde nok henta dei att or myra ein eller fleire gonger, så sokkane var alt anna enn turre. Vi tala ikkje stort saman, tankane arbeidde di meir. Korleis kunne no dette hanga saman, og kva lagnad vilde dei få som var falne i hendene på desse røvarane? Og kor lenge kom vi til å gå fri sjølve? Ingen kunde gjeva svar på desse brennande spørsmåla, berre framtida vilde visa oss det.

Komne heim tok det til å lysne så smått. Bygda låg der så stille i nattestilla, det var ingen ting å sjå på henne, av det som hadde hendt. Men rundt om i husa låg det koner og mødrer som ikkje fekk sova, for kven kunde veta kva tyskarane fann på, det hadde hendt før det, att dei hadde deportert mannfolka or ei bygd. Ja, til og med alle, både store og små. Klokka var fem, då vi steig ind i stova heime. Vi gløypte i oss mat, kasta dei våte kleda og kom oss i seng. Ein hendingsmetta dag var til endes, og vi hadde fåt set og prøvt litt av tyskarane sit tyranni. Vi hadde vore slavar for dei, «das Herrenfolk», og såleis er dette det bilete frå okkupasjonstida, som lengst vil sitja i minnet mitt. Ja, for all tid!

Til å gje full klårleik over denne hendinga, lyt her til ei lita etterskrift. Vi fekk seinare veta at i den hytta som tyskarane brende op, hadde det i lengre tid halde til to engelske spionar; og i kassane vi bar på var provianten og utstyret deira. Desse spionane hadde hatt samband med eine gardbrukaren i Storevika, og så med grannen vår heime. Den eine av spionane vart drepen under skotvekslinga, då tyskarane kom fram til hytta. Den andre, og manne  dei hadde samband med, vart arestera og hadde nok og vortne skotne, dersom ikkje frigjeringa hadde kome like etter. Desse to lever altso enno, trass i at dei vart plaga mykje på «Gestapohuset» i Bergen. Serleg var tjukkassen eg nemnde grov, eit dyr i menneskelekam. Namnet hans var, etter det vi seinare fekk veta, Willi Kesting, og han er ikkje lenger millom dei levande. Han var ein av dei verste torturistane på Vestlandet, og han fekk si rettferdige straff. Men minnet hans vil leva i mange sinn, ogso her heime hjå oss. Han var eit levande symbol for nazistyret.

Tyskarane kom ikkje att til heimbygda mi, merkelg nok, kva no grunnen kunde vera. Men kvar av dei fylgjande dagane venta vi dei i spaning og otte. Stor var difor gleda då den tyske kapitulasjonen gjorde ende på deira makt over oss. Fram or skogen kom då dei rømde, og samen kunde vi alle atter leva som frie kvinner og menn i landet vårt.

 

Frå venstre: Brødrene Odd, Halvdan og Abraham Øvrebotten var, saman med faren Nils Øvrebotten, mellom dei omlag 30 mennene i Botnane som vart kommanderte til å bere ned utstyret frå radiostasjonen Roska 13. mars 1945. Bilete er truleg teke i 1943-44. Odd Øvrebotten døydde av turberkulose i 1948. Abraham døydde i 1992 og Halvdan i 1993.

 

3. november 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-11-03 16:56:002025-06-20 20:44:05Under Gestapo sin kommando
Historikk

Soga om Harald Langø

Av Ståle Sørbotten

Harald Langø var fødd i Batalden 1. februar 1901, i dåverande Kinn herad. 30. juni 1934 gifta han seg med Oddny Sørbotten, i Domkirken i Bergen. Ho var dotter til Anders og Anna Sørbotten på bnr. 5 i Sørbotten. Oddny og Harald Langø fekk to born, Harald (1935-2004) og Oddvar Villy (1937-1975). Den første tida etter giftarmålet budde dei i Bergen, men eg trur dei flytta til Botnane først på 1940-talet. Der  leigde dei eit rom hos Olav og Birgit Sande, på bnr. 7 i Nordbotten (Sletten).

Harald Langø var sjømann i innanriksfart. Han var skipper på motorkutteren «Roald» som trafikkerte Vestlandskysten, stort sett mellom Bergen og Trondheim. Det var ein brønnbåt på ca 70 fot og med ein 50HK Wickmann motor i. I krigsåra vart han med i illegalt arbeid, som i hovudsak gjekk ut på å frakte personar som var etterlyste. Det var visstnok laga eit hemmeleg rom i tilknytning til styrehuset der desse kunne holde seg i skjul.

Harald stogga av og til i Botnane når han for forbi for å sjå til kona og dei to sønene. Då hende det han tok med seg flyktningane på land. Dei gjekk forbi huset vårt og eg minnest eg var forundra over kor stort mannskap det var bruk for ombord. I ettertid skjønte eg at det nok ikkje var ordinert mannskap alle desse, men personar som var på flukt. Harald var vel kankje litt uforsiktig der, utan at eg trur nokon i bygda melde det.

Men trafikken hans vart i alle høve oppedaga. Tidleg ein morgon, våren 1944, kom Gestapo og skulle hente han. Dei dundra først på døra til Borgar Sletten på nabobruket vårt. Han kom ut i døra i berre underbuksa og ei rød topphue på hovedet. Gestapo spurde etter Harald Langø. Borgar svara at han ikkje budde der, men i huset utanfor. Gestapoffiseren helsa stutt og sa «Sov videre mann» og gjekk. Harald Langø var heldigvis ikkje heime, men Oddny måtte stå i berre ei nattrøye og forklare seg.

Gøymde seg under berghellar

Harald Langø var varsla om at han var ettersøkt og hadde forlete båten «Roald» i Trondheim. Han reiste nedover kysten med ein annan båt frå same rederiet, og vart sette i land i Botnane. Han søkte tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten. Han og sonen Arne hadde bygd ei «jordhytte»oppom garden i utmarka og der låg Harald til seinhaustes 1944. Oddbjørg, dottera til Thorbjørn, som då var 16 år, hadde som oppgåve å bere mat opp til han. Dei hadde avtale om tid og stad der maten skulle settast dersom Harald ikkje alt var komen ned. Det var ein liten vedomn i «hytta», som var bygd under ein hellar i berget. Men det var vanskeleg å bruke den, for røyken var godt synleg, for heile bygda. Oddbjørg hugsar at dei tok opp poteter då om hausten, og «Langøyen» som dei kalla han, hadde lagt i omnen. Det steig opp blå røyk som steig rett til himmels. Ho fekk beskjed av Thorbjørn om å gå og seie til Harald at han måtte sløkkje omnen, sjølv om det var både kaldt og hustre.

Harald var ein god del nede på garden. Han lånte ei trøye som Thorbjørn brukte for å vere mest mogeleg lik han. Nabokona Ragna, syster til Thorbjørn,  såg Harald Langø i denne trøya ein kveld ho var ute og såg etter kyrne sine. Ho trudde det var Thorbjørn og ropa til han om han hadde sett kyrne? Men Harald svara ikkje. Han gjekk berre vidare utan å snu seg. Seinare klaga Ragna seg til Arne. Ho kunne ikkje forstå kvifor Thorbjørn var so sint på henne at han ikkje svara. Arne hadde sagt at faren plagdes med nokre grabukkar som han ikkje fekk tak i. Han var sikkert so oppkava med dei at ikkje hadde høyrt ho.

Den 27. november 1944, kom det ein MTB frå  Shetland inn i Frøysjøen og henta Harald Langø. Thorbjørn Øvrebotten sa seinare han trudde oppholdet opp i berghellaren tok hardt på Harald. Det var ei lette for alle å få «skipa» han over til England. Resten av krigen gjorde Harald teneste som los og kjendtmann for Shetlandstrafikken. Han vart dimmitert frå marinen tidleg på året i 1946.

Den fatale ulukka

Den 4. februar 1946 skulle Harald Langø, 45 år,  hente ved hos Thorbjørn Øvrebotten. Harald lasta veden om bord i ein liten motorbåt han hadde, fordi det ikkje var køyreveg mellom gardane i Øvrebotten og over innmarkene i Nordbotten.

På veg ut Pollen rann båten full av sjø og sokk. Det kom raskt folk til, men Harald Langø omkom. Han  kunne ikkje symje. Dei fekk han på land og dreiv med opplivingsforsøk, men fånyttes. Kona Oddny hadde alltid vore redd for at han skulle hamne i sjøen fordi han hadde så lett for å få krampe. Yngste sonen Villy, 9 år, som var med, vart berga.

Så vart det spørsmål om kva dei skulle gjere med liket. Oddny budde på eitt rom med borna, så der kunne ein ikkje legge det. Det enda med at det vart bore ut og lagt i «beststova» vår, ei stove som vanlegvis ikkje var i bruk. Eg ser enno for meg kona Oddny 35 år då, farsystra mi, sat inn med omnen i kjøkkenet vårt og storgret etterpå. Eg, som var vel 10 år, kunne ikkje forstå at vaksne folk kunne sitje å gråte slik. I vaksen alder har eg skjøna at ho hadde god grunn til å gråte. Ho var åleine igjen med to mindreårige born, åtte ingen ting og budde til leige på eitt rom, så situasjonen var alt anna enn lys.

Det var ei ulukke som slo hardt ned i bygda.

Bygda slo ring om Oddny

Men  bygdefolket slo ring om Oddny og sønene hennar. Det vart ordna slik at ho fekk frådelt ein tomt i ein utmarksteig som faren hadde i Sørbotten. I Myrane. Bygdefolket grov ut og støypte grunnmur. Ved god hjelp av lensmann Mons Monsen i Bremanger fekk Oddny overta ei sokalla «tyskarbrakke» ute i Berle. Den reiste ein del bygdefolket i Botnane ut, reiv ned og førde inn til Botnane. Der var ho sett opp på grunnmuren som alt var reist. Dermed kunne enkja etter Harald Langø i alle høve flytte inn i eige hus.

Oddny Langø var fødd 13. mai 1911 og døydde 6. mars 2007, så ho vart nesten 96 år. Ho var anleggskokke på veganlegget Haukå – Myklebust. Då ho slutta der måtte dei tilsette tre-fire nye kokkar for å erstatte henne. Ho sleit seg vel litt ut på dette arbeidet, for ho slutta der før anlegget var ferdig og gjekk over i ei rolegare stilling som hushjelp hjå Einar Steffenakk i Florø. Eg kan tenkje meg at ho tok til som kokke på veganlegget sist på 1950-talet. Tunelldrifta i Magnhildskaret trur eg starta i 1959. Det var mykje matlaging til to arbeidsskift. Lenge etter at ho slutta fortalde ho meg at anleggssjefen hadde kome til Florø og spurt om ho ikkje kunne kome innatt og ta over kokkearbeidet att. Men det gjorde ho ikkje.

3. november 2018/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2018-11-03 16:23:072018-11-03 22:19:38Soga om Harald Langø
Historikk

August Sande og Orvald Sletten 1943 – 1945

August Sande og Orvald Sletten 1943-1945

Av Ståle Sørbotten

Den 5. september 1943 gjekk sabotørane Ragnar Ulstein, Harald Svindseth og Nils Fjeld i Kompani Linge i land nord på Gudbrandsbøen i Nordbottsstranda. Dei skulle til Svelgen og angripe den tyske skipstrafikken. På grunn av mykje tysk trafikk att og fram i Frøysjøen straks etter at dei kom på land, fann dei det tryggast å dra til fjells. Til slutt enda dei oppe på Krypen, opp for Sletten.

Der låg dei ei heil stund og studerte aktiviteten nede i Sletten. På den  yste garden såg det roleg ut, så om kvelden den 6. september bestemte dei seg for å gå ned. Der trefte dei først på tanta mi, Oddny Langø, som budde til leige der med sønene Harald og Villy, og mannen Harald. August Sande som òg budde i huset, var ikkje heime nett då. Då dei fortalde at dei kom frå England vart dei omfamna og fekk eit kyss av Oddny. Det var mannen hennar dei hadde fått oppgjeven som kontakt, men han var på reise. Ho følgde dei bort i huset til Orvald Sletten der dei vart vel mottekne. Helene Sletten, mor til Orvald og gift med Borgar Sletten, ønskte dei velkomne med orda «Stakkars dokke som er heimlause i eige land. Her er de trygge. Sit ned og varm dokke». Dei fekk hus for natta der.

August Sande og Orvald Sletten hjelpte dei med utstyret som var gøymt nord i stranda og skyssa dei inn til Svelgen der dei fekk kontakt med Arvid Birkelid. På denne turen måtte dei passere dei tyske festningsanlegga i Ospeneset. For å fare mest mogeleg stille la dei eit notstykke over eksosrøyret. Det dempa lyden vesentleg. Dei kom heimatt seint på natta.

Lingekarane venta lenge før det kom inn farty som dei meinte var verd å prøve seg på.  Etter eit litt mislukka sabotasjeforsøk på det tyske skipet «Hermud» den 23. september – sprengladninga gjekk av for tidleg – måtte dei i all hast trekkje seg tilbake over fjellet og ut att til Botnane. Der skyssa August Sande dei ut til Martin Domben som hyste dei til dei fekk skyss over til Shetland 17. november. Det vart difor ei lang ventetid ute i Domba.

Deretter var det ei roleg tid for August og Orvald.

På blokka til Gestapo

Eit av dei fyrste dagane i mars 1945 – 5. eller 6. trur eg – var vi på veg til skulen – det var nysnø og vi møtte  Thorbjørn Øvrebotten på veg utover. Det forundra meg at han var på veg utover så tidleg på morgonen. Lenge etter krigen fortalde han meg at han då skulle ut for å varsle August Sande og Orvald Sletten. Dei var komne på blokka til Gestapo på grunn av den hjelpa dei gav til Lingekarane hausten 1943. Martin Domben, som var arrestert midt i februar, hadde under harde forhøyr funne at han måtte gje opp namna på Orvald og August. Martin Domben hadde då resonert slik, at dei var ikkje så infiltrert i det illegale arbeidet at konsekvensane for dei ville bli så store. Thorbjørn Øvrebotten hadde gjennom sine kanalar fått melding om dette og for difor ut for å varsle.

Orvald og August tenkte at det ikkje hasta å kome seg vekk, så dei reiste til Kalvåg for å handle, og far min (Ivar Sørbotten) var med. Dei hadde avtala heime at dersom Gestapo kom, skulle dei ringe ut til forretninga til Aud Øvrebotten og sei at dei måtte kjøpe brød óg.

Gestapo låg ikkje på latsida, dei troppa opp i Sletten same dagen for å arrestere August og Orvald, men då var dei farne til Kalvåg.

Broren til August, Odd 11 år, vart sett under forholdsvis hardt forhøyr, men greidde å holde tett. Han visste vel heller ikkje så mykje om det illegale arbeidet til August og Orvald, to år før.

På heimvegen frå Kalvåg såg dei gestaposkøyta låg inne i Frøysjøen og då skjøna dei at det var best å kome seg vekk. Dei snudde utatt til Kalvåg, var opp og handla meir matvarer og reiste nord med Vågastranda. Der låg dei ei stund ved ein holme i Smørhamnen og følgde med gestaposkøyta. Då den trekte sørover kryssa dei fjorden og landa i Gulestøa, etter at dei hadde sett far min i land sør for Heianeset.

I Gulestøa fekk dei hjelp av Stin og Knut Gulestø til å sette båten inn i naustet i Gulestøa. Derifrå tok dei vegen opp i Skudalen, utrusta med tørka sild og brød, og tok inn i stølshuset til Gulestøa. Far min gjekk heimatt fjæra for å ikkje sette spor i nysnøen som var komen om natta. Han kom heim ut på kvelden.

August og Orvald låg lenge oppe i Skudalen, men dei tok seg ein tur heim av og til. I Svelgsdalen og inne i Indrehusmarka låg det ein heil del personar som hadde fått innkalling til Arbeidstenesta, men som hadde stukke seg vekk for å unngå å møte fram. For desse byrja det etter kvart å bli kritisk. Det vart difor arbeidd iherdig med å få båtskyss for dei til Shetland. Det lukkast omsider og August og Orvald kom med i same flokken.  Dei vart henta av ein båt i slutten av mars og førde ut til Bremanger. Det låg dei visst ein dag heller to i ei hytte som tilhøyrde Reidar Torvanger.

Strabasiøs tur til Shetland

Georg Trulsen Nessen med redningsskøyta  R/S Johan Bruusgaard hadde sagt seg viljug å føre dei over til Shetland.  August Sande fortalde at stuerten om bord hadde laga ei gryte med erter, kjøt og flesk som smaka utruleg godt. I følgje det Ragnar Ulstein skriv i bøkene om Englandsfarten drog redningsskøyta ut frå Bremanger 28. mars med kurs for Shetland. Dit kom dei 29. mars etter ein strabasiøs tur i nordvestastorm. Gryta med erter, kjøt og flesk kom oppatt straks dei kom ut om Olderveggen, fortalde August Sande. Sjølv han som var vand å vere på drivgarnsfiske om vinteren, måtte gje tapt.

Ragnar Ulstein skriv i «Englandsfarten» at 21 personar var med på denne turen, mellom desse var og Ragnvald Sørbotten frå Botnane og Sigurd Vågene frå Vindspollen.

Frå Shetland var dei førde med båt til Skotland, der dei vart plassert i ein fangeleir til forhøyr og gransking. August Sande meinte dei var i denne leiren ei vekes tid.

August og Orvald vart visstnok innrullert i luftforsvaret 24. april og dimmitert 8. mai 1945, så det vart forsåvidt  ei kortvarig millitær karriere, men dei berga seg unna Gestapo sine klør.

Dei kom heimatt til Noreg med «Bergensfjord»  i løpet av mai. Det var i alle høve før Kongen kom tilbake 7. juni, opplyste August, for han vart utkommandert til vakt på Carl Johan, under inntoget.

August meinte han kom heim att til Botnane ein gong i august. Kva tid Orvald kom veit eg ikkje.

Artikkelen er skriven med bakgrunn i eige minne og eit intervju som NRK-journalist Silje Sande gjorde med farbroren August Sande rundt årskiftet 2000.


Biletet er truleg teke i England og viser frå venstre August Sande, Sigurd Vågene og Orvald Sletten i flyvåpenuniform. Sigurd Vågene, vart i dagleg tale i Botnane kalla Sigurd i Pollen. Fotograf: Ukjend.



Dette bilete av Ragnar Ulstein er teke på Gudbrandsbøen i Nordbottsstranda 6. september 2015.  72 år og ein dag etter at han, Harald Svindseth og Nils Fjeld kara seg i land her natt til  5. september 1943. Her peikar han mot staden dei kom seg på land, i rullesteinsfjæra nord for Gudbrandsbøen. Foto: Ståle Sørbotten

28. oktober 2018/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2018-10-28 08:32:342025-11-02 18:53:27August Sande og Orvald Sletten 1943 – 1945
Side 7 av 8«‹5678›

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top