Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Historikk

Mystikk og uhyggje?

Av Fridtjov Urdal

Etter mi røynsle så har, om ikkje alle, så i alle høve mange vore ute for hendingar og opplevingar som vi ikkje finn noko rimeleg rasjonell forklaring på. Kva var no det? Kva var det eg såg? Kva var det eg høyrde og kva var det som hende? Det er kan hende heller ikkje så lett og fortelje om all den tid ein vil gå for å vere rimeleg vettig og rasjonell. Kven vil vel gå for å vera ovtruen. osv.

Men det at ein ikkje kan forklara tyder ikkje at der inga forklaring finst. Den kan vera kvardagsleg og rasjonell. Sjølv tykkjer eg slike forteljingar er med på å gjera stader og tilvære meir spanande, og dei fortel noko om korleis det har vore tenkt og korleis det vert tenk.

Skyming på vegen mellom Kvia og Løype, her ved Kvernhusvatnet. Foto: Magni Øvrebotten

I gamlehuset på Kvia var der eit fenomen som ein aldri vart klok på. Sjølv har eg minne etter å ha høyrt det to gonger i barndomen og siste gongen i 1972. Helst på vintrane kunne ein stundom på nattetider høyre bankelyd. Det var som om nokon nede i kjellaren sto og hogg på eit kvart. Dei fyrste gongane det vart høyrt for ein visst i kjellaren for å sjå, men der var det ingen, men då tyktest lyden komme frå ein annan stad. Så vart det til at ein på eit vis slo seg til tols med at dette var noko som berre var slik. Det eg veit vart det ikkje tolka som noko varsel om uhende av noko slag, så det fylgde ikkje noko uhyggje med det på det viset.

Ei anna forklaring

Bestemor mi ho Anna sa at det var eit merkje på at no vart det eit brått vêrskifte. Han Nils Seljestokken (Nilsen på Kvalvikja) som vi sa, bror henna Anna, hadde ei anna og meir overnaturleg forklaring på fenomenet. Det var nok han Samson som gjekk att. Han var frå Haugesund og båtbyggjar av yrkje. Han kjøpte Kvia og bygde hus der og budde der med huslyden sin. Nilsen si grunngjeving var at det sikkert var eit kvart han ikkje hadde vorte ferdig med før han måtte forlate denne verda. Det gav han ikkje fred på hi sida. Det er óg andre soger som knyter seg til staden. Eit er at dei underjordiske budde i Tussesteinane (det er fortalt om før, sjå sida for historikk).

Framand mann inn på tunet

Men tantene mine, ho Helena og ho Magnhild, kunne fortelje og dette hugsar eg at dei snakka seg i mellom om. Det var i deira barndom dei to og yngste broren Fridtjov var åleine heime. Då ser dei ein for dei framand mann komme inn på tunet og gå bort til løa, late opp døra, gå inn og late att etter seg. Dei torde ikkje gå bort og sjå, men heldt vakt i stoveglaset om dei skulle sjå han kome ut att. Men det gjorde han ikkje. Då foreldra og eldste broren Paul kom heim fortalde dei sjølvsagt at det var ein (fremmonde) mann inne på løa/fjøsen. Dei av stad, men dørkroken var i på utsida og inne var det korkje kjende eller ukjende å sjå. Dette var eit stykke ut på våren, så der var ikkje att noko særleg med høy å gøyme seg i. Dei måtte ha sett syner, men dei to heldt heile livet fast på kva dei hadde sett den gong. Og dei damene var slett ikkje av dei som var redde for sin eigen skugge.

Ein mann som brått vart vekke

Der er og ei anna soge, men der er ingen av husets folk med. Han Kristoffer på Urene hadde sett ein mann opp i nordre Vasskreken, som var på veg opp på Kvia, og som brått vart vekke. Ho Maria hadde sett han frå Løype og var viss på at ho kjende att kven det var. Det var han Annanias på Kviene. Han som hadde selt Kvia til Peder Iversen Sælø og så emigrert til Amerika. Dette synet skulle ha synt seg på den tid då Annanias døydde borte i Amerika, vart det sagt. Pederen på Kviene var det òg eit kvart med. Han var nordlending og helgelending, og hadde det som kallast «Helgelandskjeften». Det gjekk soger om kva Pederen hadde svara og sagt då og då. Ein som fleire gonger nytta høve til å fortelje meg om bestefar Peder var han Thor i Seljestokken, slike som denne: Det var eit kvinnfolk her i bygda som var ei sanne bygdaplage, som for og slarva om alt og alle så det var ikkje rettelse med det grand. Ho og Pederen møttest. »Gussens fine dage, Peder,» helste ho. » Eg ser varmen e kommen i skyn»,svara han.» Å, korleis da då?» « Eg ser at maneta er ut å ræk».

Kunne han meir enn godt var?

Det var òg dei som ikkje var heilt trygge på om han ikkje kunne meir enn det som godt var. Det var ein gong eit notlag som hadde gjort eit steng på Nordre vågen og Pederen spurde om han fekk kjøpe seg litt agn-sild. Det var nei i neven. Slikt småtteri hadde dei ikkje tid til å vase med. «Nei, nei, dei som ve dei små forsmå, dei skal heller ikkje det store få», sa Pederen og rodde der i frå. Kor det no var så rauk nota sund og dei miste kastet. Dei vart visst ute føre ymse slag andre uhell òg så det enda med det at Pederen fekk basen på tunet, med bøn om: «Var det så at han hadde sett noko ilt på dei så måtte han vere så inderleg snill å løyse dei att». Korleis ordskiftet vidare fall veit eg ikkje, men i høve kva eg elles har høyrt om Pederen så let han neppe høve gå frå seg. Det gjorde han i alle høve ikkje då der kom ein til han og klaga over at han trudde dei hadde fått trollskap i nota. Ho fiska ikkje, dei hadde kasta gong etter gong og etter alle synemerkje så skulle der vere fangst. Men så var det ikkje om Pederen visste eit råd?  Jau, dei fekk freiste drage nota opp i ein nypløgde åker og drive ein saueflokk over tre gonger. Denne soga har eg frå to kjelder; Heime og frå han Thor i Seljestokken.

Velstanden har gjort oss fri maktene

Det var mangslags påtruer og magiske gjersler som var så vanleg at ein ikkje tykte det var noko å snakke om. Dei helt seg i live til langt inn på 1900. Det kan ha noko å gjera med at når folk lever på smale marginar så må ein vere varsame med å terga det som kan hende er. Ein kan i alle høve ikkje vere heilt trygg på at det ikkje er.

Velstanden har gjort oss frie andsynes maktene. Pederen hadde og eit anna særdrag eller kan hende er det rettare å kalle det ei plage. Han kunne kjenne det på seg når det var noko som stod på på sjøen. Besta fortalde om den natt då snøggruteskipet Haakon VII forliste på Melsholmen ved Staveneset, 6. oktober 1929.  Dei hadde nett gått til ro for natta då Pederen vart så uroleg, han sto opp att og gjekk att og fram på golvet. «No hender det eit kvart alt for mykje gale på skjøna ein stad», sa han.

– Eg kjende så visst at det var eitkvart

Det skulle ha vore fleire slike hende. Det siste eg veit vart omtala var då han Henrik (Gamle Henrik i Vågjen) og sonen Harald drukna. Då vart Peder så uværige at han laut gå frå bordet, og då det spurdest kva som var hent, sa han: « Eg  kjende så visst at det var eitkvart, men ikkje kva det var». Dette gjekk godt i hop med at han for si tid var ein vetande og opplyst mann med både Bertha von Suttner, Victor Hugo  og andre i bokhylla. I ein kasse på lemmen låg bøkene hans. Der sto det sirleg innskrive: Denne bog tilhører Peder Iversen Sælø, samt kvar boka var kjøpt og når. I Folketeljinga står det om han at han var «jordbrukar og fiskar». I den mon det her er tale om jordbruk så var det nok ho Anna som måtte stå for det. Han Peder likte seg helst i båten og på sjøen.

– No kjem han Peder og då vert det kjekt

Han dreiv òg med notbruk og hadde slupperen  «Ferm», i hop med Straumen ute i Hovden. Gamle Straumen fortalde:» Vi ungane gledde oss når vi såg Ferm komme siglande inna tå Uravikan for då viste vi: No kjem han Peder og då verte det kjekt». Han skulle ha eit uvanleg godt lag med ungar og ungdomar. Han Agnar Faye, som voks opp på Gamlebøen, hadde òg ein del å fortelje all den tid han var mykje i hop med ungane på Kvia, både i barndomen og ungdomen. Agnar fortalde at han som unggut hadde vore med Pederen med nota og der vart han sett til å ro basen. «Å, du veit eg tykte no eg såg sild alle stane og sa i frå. Da slufsa dar inne på vikja, Dar er fugle».  «Ja, ja, du får ro inn då, så får vi sjå». Men der var sjølvsagt ikkje noko å kjenne på loddet. På det viset trur eg vi rodde heile Norddalsfjorden rundt. Det var ein god skule. Eg såg ikkje på langt nær så mykje dagen etter, fortalde Agnar Faye.

Det var ikkje verande heime

Han Bjarne Holstad var eldst i ein etter kvart stor barneflokk på Løype og kjende seg vel både forplikta og tilsidesett. Pederen trefte Bjarne i utmarka og lurde på kor denne karen hadde tenkt seg av? Jau, no hadde han tenk seg av å hengje seg for no var det ikkje verande heime for ungeskrik og spetakkel. Ja, men då var det no bra eg trefte deg i tide då, for eg hadde tenkt å høyre om du ville vere med meg ut å fiske i kveld? Det er ein av dei lengste ettermiddagane eg har hatt medan eg venta, eg var redde for at han Peder hadde gløymt kva han hadde lova, fortalde Bjarne. Men Pederen kom. «Om han hadde tenkt å be meg med, eller det var noko han kom på der og då, veit eg ikkje. Men det vart ikkje berre med den eine gongen».

Det er ting som kan tyde på at Peder var av dei som når han fyrst hadde fått ein tanke for seg så hadde han vanskeleg for å sleppe den. Ho Inger Skår (Inger i Brote) fortalde at då dei var komne i Bråte så kom han Peder og åtvara dei at dei måtte vere forsiktige med isen på myrtjørna der sør, for grunna myrgassen kunne den vere usikker. Dei måtte åtvare ungane.

Uhyggeleg nyttårsnatt 1961

Sidan ein no fyrst er innom Løype kan eg fortelje om den uhyggelege nyårsafta 1961. Kva vêr det var minnest eg ikkje, men eg går utifrå at det regna. Det var vanleg at vi gjekk i lag til kvarandre i jule- og nyårshelga på Løype og Kvia. Det var no ikkje så store laget sidan dei var i alt seks og vi fire. Dei to eldste, ho Maria og ho Anna, tok ikkje på ferd vintradag, i nittiåra som dei var.

Det var hyggjeleg, som det brukte å vere på Løype. Det var nyårsaft med det beste huset hadde å by på. Sprengheitt så veggene bula. Det var då storhelg. Det leid mot midnatt og vi var alle i stova hennar Helena og Bjarne. Der var foreldra mine, ho Maria, han Bernt og ho Sofia, han Olav, Helena og Bjarne. Då tek det i ytterdøra !

Kjem her folk? No på denne tid. Ho Helena for ut, det kunne vere eitkvert som sto på. Men der kom ingen prat frå kjøkenet. Nei, det må ha vore vinden. Men det bles ikkje ute. Kattane då? Praten var ikkje før komen i gong att, så er det der på nytt. Nett som nokon tek i klinka, trykker ho ned og slepper. Nei, kva er dette, ut å sjå. Alle ut å sjå på ingen ting, Ute på trappa er det som det skal vere, ingen uorden. Merkeleg. Då er det at eg ser Bassen. Han sit inn under kjøkenbordet og skjelv. Slik brukar då ikkje Bassen å vere. Merkeleg.

Det må ha vore eitkvart opp på trappa. Ein rev kan hende? Eg trur ikkje det var nokon som trudde på den reven. Rev som ville inn til folk på nyårsafta. Slikt seier ein berre, ein trur ikkje på det. Praten gjekk tråare, det var som vi alle venta på eitkvart vi ikkje visste kva var. Klokka og radioen fortalde at no var Nyåret komme. Då hender det for tredje gong. Alle ut, men Bassen kravla inn under divanen. Ingen ting å sjå, berre lyssirkelen frå utepæra og mørke. Hadde det hent noko hadde det vore noko. Det var då han Bernt let ordet falle: « Å, ja, det kan vel hende han ser innom oss i året som kjem». Der vart Bernt sannspådd. Han overlevde ikkje Cuba krisa.

Rykte om eit mogeleg drap og ei vis kone med lykt

Det som her vert fortalt er ikkje prøvd opp mot skrivne kjelder. Det er munnleg overlevering og må såleis takast med både pepar og salt.

På nordre Urøyna budde det den gong ein skreddar med namn Eide. Det var visst han som fekk bygt det huset som står der no. Kor han var som handverkar veit eg ikkje, men han skulle ikkje vere god å komme til rettes med. Særleg når han drakk, noko som helst gjekk titt på skulle han verte lumsk og farleg.

Ho Anna Korneliusdotter Seljestokken, seinare Anna på Kviene, fortalde: «Vi budde nede i Stokkjen den gong. Det var ei sleke ufjelge stormnatt ut på vinteren. Han far og han Nils var med bruket sør i Bulandet. Det var berre ho mor og eg heime. Vi høyrde at dar kom båt i støa. Det var no ikkje så rart om folk tok land ei sleke natt. Da dundra på døra og inn kjeme Eiden, blodige og forslegjen og godt fulle. Om han far va heime? Han hadde myst ein kar, dei skulle opp te Smørhamnen, han måtte ha hjelp til å leite. Ho Karnils-Helina for opp i Stokkjen og fekk tørna ut kan Kristoffer, som kom ned for å høyre ka som va tiss?».

Nok av det, heile saka var så vidt uklår og mistenkjeleg at det visst nok vart  gransking av det. Det som skulle vere sikkert var at to mann hadde gått i båten, men det var berre ein som kom i land. Han som kom i land var full, blodig og forslegen. Sjølv forklarte Eide sin eigen tilstand med at han hadde fått mastra over seg, ramla over ende i båten og slege seg til blods. Kvar den andre var vorten av, og når han hadde vorte borte, hadde han inga fast formeining om.

Det var eit godt grunnlag for rykte og teoriar, og det var dei som var sikre på at Eiden hadde slege den hin i hel. Det var ikkje anna ventande, det måtte no ende slik. Det vart teke prøver av blodfunn i båten og på ein sekk, men det var fiskeblod.  Men karen var borte og ikkje attfunnen, Den som fann liket var han Nils Korneliussen  i Seljestokken. Det låg ned i Djupevikja. Dei fann ut at dødsårsaka var drukning.

Han Nils fortalde:» Det var ein kveld eg hadde vore sør i Synnevåg eit ærend og mørkna ute. Men det var ikkje det som gjorde noko, men eg fekk det så på meg at eg torde ikkje gå frå Solberg og ned i dalen i Djupevikja. Same kva det var, noko var  galt. Eg visste meg inga råd anna enn at eg gjekk opp på Solberg og fekk ho Gunnhild te å stå med ei kveikte lykt oppe med grinda til eg va komme meg øve dalen. Eg veit ikkje kva da va som kom øve meg, men ho Gunhild på Solberg var av dei som hadde greie på slikt og vart med på fyrste ordet.

 

 

 

 

 

4. januar 2023/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2023-01-04 22:37:332023-01-05 09:04:23Mystikk og uhyggje?
Aktuelt, Historikk

I den gode saks teneste

Fyrst ei åtvaring frå forfattaren Fridtjov Urdal. Han åtvarar lesarane mot å lese dette som historiske sanningar. Det nyttar ikkje. Han minner om anekdoten om litteraturvitaren som kom dit forfattaren Olav Duun var frå og leita etter ein foss. Lokalbefolkninga svara berre at «Trong han Olav ein foss så skreiv han seg ein foss». Forteljinga «I den gode saks teneste» er med i boka «Juleglimt», som Selja forlag gav ut i 2008. Der er Fridtjov Urdal ein av 20 kjende vestlendingar som skriv om jula.

«Då eg selde julehefte» har Fridtjov Urdal kalla dette databilete. Det er nytt av året.

Av Fridtjov Urdal

Eg voks opp i den tid då vi levde under den amerikanske atomparaplyen og vi var radioaktive kvar haust når russarane prøvde bomber på Novaja Semlja, men det brydde vi oss ikkje om. Det var verre at jula drygde så lenge før ho kom.

Det var ei uendes tid å vente. Men oppe på loftet sto det ein gammal eplekasse og lukta jul. Den var forbode område, for der stod skoøskja med julepynten. Den var det strengt forbode å røre, ein kunne komme til å knuse kulene og vase i hop flagglekkjene og kva skulle ein då ha på juletreet? Men stabelen med dei gamle julehefta var det ikkje fullt så nøye med.

Det var alltid snø i julehefta, dess eldre julehefte, dess meir snø og brune tømmerhus. Stundom var det bilete av nakne heidningar frå Afrika, og i  ”Samenes venn ” var der reinsdyr og telt. Den tid venta vi ikkje berre på jula, vi venta på snø og såg etter ring rund månen. Det regna i alle høve alltid når ein skulle selje julehefte, bles gjorde det óg. Andre laurdag i adventa måtte ein i veg. Det var ho tante Helena, som var med i alle misjonane, både indre og ytre og saniteten, som sto for julehefte-distribusjonen i søre delen av bygda. Det var berre å følgje kallet når dagen og timen var komen. Godt innsnørt i regnklede stod eg i det vesle grønmåla, brennheite tante-kjøkenet.

På den blårutete voksduken låg bunkane med hefte. Så og så mange av kvart slag. Kundekrinsen var fast, så det var meir for utdeling enn sal å rekne. Dei var pakka så og så mange i solid brunt papir. Det hadde vore like greitt for henne om ho hadde teke dei med seg på foreiningane og delt dei ut der. Men det var ikkje slik det skulle gjerast. Det var nok oppdraging ho hadde i tankane, og formaningane sat laust. Alt laut nemnast, frå å passe på pengane til å turke godt av seg på føtene. «Ikkje dra skit inn i bislaga til folk og aldri gå inn til folk utan å ta av deg støvlane. Dei skal stå i bislaget. Ikkje ta i blada med våte fingrar, turk av deg fyrst så dei ikkje verte flekkete, hugs dei skal vere fine, dei skal seljast. Og så trenge du no ikkje svare på alt dei dei spør om sør i gardane, og får du greie på noko, så bere du da ikkje vidare. Det er ikkje god skikk». Det vart aldri sagt noko om kva det var ein ikkje skulle svare på, eller ikkje bere vidare. Det var slik det var og trong ikkje forklarast.

«Ta no med deg ei lommelykt»

Å selje julehefte var viktig, det gjekk til store og viktige saker, noko gjekk til redningskøytene, noko til fiskarane og samane, og resten gjekk til heidningane i Afrika og på Madagaskar. Det var eit heilt lite verdsansvar å bere rundt på. Det kan ikkje ha vore så mange hefte av kvart, for bygda var ikkje så stor. ”Sjå her har du tolv kroner i vekslepengar” . Portemonéen var grå med gullblank lås og lukta plastikk og kamferdrops.  ”No må du ikkje væte deg ut og ikkje klatre over grindane og rive sunde oljeklenå. Banke på og vente te dei seie kom inn.” Å, eg lova saktens vel.  Så stod ein ute på tunet i eit par Viking gummistøvlar, sydvest og ein litt for kort svart regnfrakk med brun fløyelskrage. Skuleranselen sprengpakka med julelesnad. ”Helse pent og takke, og ikkje drøle vekk tida så du mørkna ute». Eg skulle vere heime før ho skulle i fjøsen.” Og ta no med deg ei lommelykt for sikkerheits skuld.” Så var det berre å gje seg i veg ut i verda. Bassen fylde med til søre grinda, og eg viste han ville stå der når eg kom att.

Fjorden gjekk kvit, vindflagene fór lik mørke skuggar på vikar og sund. Det ula i telefonstrengene, det sikla og rann vatn etter alle berg og det surkla under støvlane. Ein kom ikkje langt før ein hadde ei våt, kald rand mellom regnfrakken og støvelkanten. Men det var som det skulle vere. Det var ikkje kome veg i dei tider, berre ei rås bort etter bergnakkar og myrar. Det var eit godt stykkje like sør i Brotet til ho Inger og han Johannes. ”Du kan byrje der, og så teke du dei føre deg heimover.” Det var vått og langt før ein kom inn på det blå kjøkenet hennar Inger. ”Å, nei stakkars deg så våte du er, set deg no bort åt komfyren og turk deg litevetta. Ryse kor da rigne. Du er flinke du som går og sele hefte heile dinna longe vegen.»

Inne var kjerringane einerådande

Det var i hardaste julestria og det var rundvask i mest kvart hus bort i gardane. Glas stod nakne utan blomstrar og gardiner, og inne var kjerringane einerådane. Dei karane som var heime, var stort sett jaga or stovene. Dei sat kring i nausta og vedhusa. Nei, no var det ikkje levande inne for folk. Det var så vidt ein fekk strekt seg på divanen etter middag, før ein vart send på dør att ein slik dag. Det høyrdest øksehogg frå vedhusa. Dei utdrivne stod og kløyvde juleved. Ein måtte innom der og få unnagjort ritualet. Om det var den karen som var ute og kva ærend ein fór i ? ”Julehefte?”  Ja, dei hadde no hefte frå i fjor liggjande. ”Ja, men desse var nye.” Å, det var vel det same som stod i dei. Kor det stod til heime? Om det var noko nytt borte i gardane? Ein måtte vel vete slikt når ein fór og rak. Nei, dei skulle så visst ikkje ha julehefte for heidningemisjonen . Det vart no aldri lese. ”Du får høyre me hinne som er inne, om du sleppe inn då.”

Kjerringane kom ut i bislagdøra med raude vaskehender. ”Ka dinna karen ve?” Dei visste kva det var, men dei spurde likevel. Det skulle vere slik. «Nei, julehefte no mitt i vaskinga, da er ho Hilina so har sendt deg». Og så vart ein sleppt inn på heite kjøken, der stod det dampande vasspanner på komfyren. Det lukta vått treverk, grønsåpe og sunlight-såpe, men huslukta slo likevel gjennom. Det var i den tida då alle framande hus lukta ulikt, ja, kvart rom óg. Det var berre heime det ikkje lukta det slag. Men slik var det visst alle stader. «Vi lyte no få sjå på dei i alle fall, sa dei og fór over voksduken med koppetvogene. Så kunne ein pakke opp hefta. Somme handfór dei nøye. Det var no ikkje sikkert dei fekk tida til å lese dei ein gong. Det var no mest karane som las, når det kom til stykkjet. Men handel vart det alltid. Nei, dei fekk no kjøpe i år óg, det gjekk no til ei god sak. Dei var borte i glaskarmen eller på radiohylla der det stod eit sylteglas med småpengar. To-, fem-, ti- og tjue femøringar, det fløymde med småmynt ut over bordet. Ein måtte telje sjølv under oppsyn, dei ville sjå med sjølvsyn at ein kunne telje og leggje i hop. «Var det 5 kr du sa?». Fem kroner vert ein bra dunge med småmynt, og det var alt anna enn lett å telje opp når ein måtte gjere greie for alt ein hadde sett og høyrt på vegen, og om kor det stod til bort i gardane. Og så var det dette med at ein ikkje skulle fortelje, då. Så var det å pakke ned att hefta, på att med støvlar og regnfrakk, ut att i regnet og av garde til neste kjøken.

Det stillaste huset i bygda

Somme stader tok dei seg god tid og spurde etter nytt. Kor det var med den og den, om dei óg hadde kjøpt hefte? «Du må berre take kake, dei er no frå i fjor, fann dei då eg skulle vaske boksane.» Sukkerstinne småkaker toler eit år og to med lagring. Hjå ho Agnes og han Rikard var det alltid helgestilt, dei hadde klanghelle på tunet og høyrde når det kom folk. Ein kunne sjå at det så vidt levde i den kvite kjøkengardina bak dei raud georginene. Det var det stillaste huset i bygda, det var mest berre kammersklokka som gav lyd. Det lukta ATA like ut i bislagdøra, men ho Agnes var ferdig med julevaskinga for lenge sidan. I steinhusa låg veden i snorrette lad. Rikkarden var så nøyaktig i at han brukte vinkel når han saga ved. ” Ja, sel du hefte, ja, da er ein gode ting”. Ho Agnes hadde stor sut for heidnigane i Afrika og for mangt anna óg. ” Å, trøste og beire meg for deg, du er no vel ikkje vorten våte på føtene? Du kan få longebetennelse. Ja, dissa bakteriane dei kan vere stygge.”

Det var korkje sut for heidningar eller bakteriar som gjorde at han Konrad og Lores kjøpte dobbelt opp med hefte. Dei to brødrene var så ueinige at dei måtte ha kvar sitt Fiskerens venn og Julehelg. Dei hadde kvar sitt abonnement på Ukens nytt og Firda Folkeblad, endå dei budde i same stova og kokte på same omn. Å skrive namna sine i hefta var det fyrste dei gjorde. «Vi gjere da so for at  det ikkje skal verte noko ufred», sa Loresen, det var han som var den mest ordhage av dei to. Der vart ein ikkje bydd noko. Dei to åt ikkje anna enn snus og kaffi, ikkje kasta dei bort tida med husvask heller. Det låg dungar med garn utover kjøkengolvet. Trollgarna måtte vere i stand til torsken kom i fjorden. Dei sat med ryggen til kvarandre når dei bøtte, så dei skulle sleppe å sjå kvarandre. Men dei klarde seg med éin radio og han sto på fiskeribølja. Så eit år var det berre han Konrad som levde att. Han skulle ha to av kvar. To av kvar? ”Ja, eg kjøpe hass Lores sitt óg. Da skulle han pinadeg ha visst da.”

Det var anna til styr hjå Nilsen. Der var det så  reint og ryddig at ein måtte setje frå seg støvlane ute på trappa, og inne lukta det kamfer. Han kjøpte alltid eitt av dei tre eksemplara av Samenes venn. Det var ingen som visste kvifor. Det var ikkje mange mysterium i bygda den gongen, dei fleste visste det meste og vel så det om kvarandre. Men ingen hadde noko forklaring på kvifor Nilsen kjøpte Samenes venn.  Men det gildaste var at han hadde ein båt inni ei flaske som sto på kommoden, under bilete av gamlekongen.

«Du er vel ikkje mørkredd du?»

«Nei, nu har du fortjent et stykke kake», sa ho Jenny og baud på nybaka julebakst og Mor Monsen sitronkake. Ho Jenny var nordlending og sa nu og nokka. Der i huset skulle dei ha eit hefte av kvart slag. «Nu kan du læse om han Stomperud, så ska eg ta enn kikk på heftan så lenge. Nu ska eg se kor de er blitt av, di herane brillan.»  Og ute vart det kveld og snart mørkt, og vegen heim var lenger enn ein tykte om. ”Nu må du være forsiktig. Har du lommelykt med dæ? Jau, det hadde ein. ”Du er vel ikkje mørkeredd du?” Å, nei det var ein så visst ikkje. Utepæra vart tend, men utanfor var det berre mørke og lysstrålen frå ei flat lommelykt.

Skogen stod og suste, våt og vindtung.  Opp geila framom brønnen, så utløa og Tussesteinen. Men verst var den store einen i enden av steingarden, den kunne sjå ut som kva som helst i mørkna. Og langsmed heile Søre vatnet, der to sysken hadde drukna ein gong for lenge sidan. Det var dei som hadde høyrt dei rope. Eg visste at mørkeredsla ville kome krypande, og at ho ville nå meg lenge før eg nådde grinda og såg lyset frå utepæra og kjøkenglaset. Det dunka tungt, og halsen snørdest. Berre eg kom så langt at eg nådde over kloppa og fram til grinda der Bassen låg og venta. Då var eg fri, då slapp uhygga og seig av. Vi gjekk opp vegen og inn under skinet av utepæra. Så var det berre avmønstring og oppteljing av all småmynten. Kakao i koppen og ein brun tiar i provisjon, og ein blå femmar ekstra ifrå sylteglaset som sto på Kuréren. Og då – då var det nesten Jul.

 

21. desember 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-12-21 17:49:572022-12-21 17:49:57I den gode saks teneste
Aktuelt, Historikk

-Pinnekjøt her i huset

Hannele Turunen er fødd i Finland, oppvaksen i Sverige og har budd i Norge sidan 1992. Det har etter kvart blitt ei god blanding julemat i heimen der.  – Men julafta er det pinnekjøt her i huset, slår Hannele Turunen fast. 

Hannele Turunen på kjøkkenet i Sørbotten. Foto: Magni Øvrebotten

Når vi snakkar med Hannele om juletradisjonar blir det raskt klart at mykje er likt i Norden, både mat og tradisjonar, med enkelte særtrekk. – Mattradisjonane frå Finland er mykje blanda med dei svenske, og når syster mi gifta seg med ein nederlendar og eg med ein nordmann vart det endå meir blanding, seier Hannele.

– Korleis er julafta?

– Vi brukar å drive med litt uteaktivitetar på dagtid. Difor vert det enkel servering på føremiddagen med dynegraut (risengrynsgraut) med kanel og sukker, og sviskekompott. Mor mi brukar turka frukt i sviskekompotten og då blir han ekstra god. Om kvelden er det sennepsglasert juleskinke av gris. Det var vanleg då vi budde i Karelen, så den tradisjonen tok foreldra mine med til Sverige.

– Korleis vert den laga?

– Skinka vert steikt lenge i omnen, på svak varme, før glassering. Vi  tek ut skinka og glasserer ho med egg, kavring og sennep, før vi set ho innatt i omnen. Der skal ho stå til ho blir gyllen.

 

Dette er karelske piroger. Laga og fotograferte av Hannele Turunen.

– Har Karelen nokon spesialitetar?

– Det må vere karelske piroger. Det er tynn, tynn rugdeig som blir forma til flate/ovale brød, med risengrynsgraut eller potetstappe i midten. På det brødet har vi eggesmør (hardkokte egg, blanda med meierismør) med skinke til.  Noko anna som er godt er raudbetsalaten rosolli. Den er laga av raudbetar, eple , kokt gulrot og potet, løk, og sur agurk, med piska krem på toppen og sild attåt.

I Finland brukar dei mykje gratengar; gulrot-, kålrot- og lever-gratengar i samband med jula. I Sverige går det mykje i kjøtbollar, prinskorvar, fiskerettar, Jansons fristelser og sild.
– Sild og annan fisk er mykje brukt som julemat i Sverige, sikkert med ulike geografiske skilnadar, slik det også er her i Norge, seier Hannele.

Ho har inntrykk av at folk gjer det enklare i matvegen no, både i Finland og Sverige. Det er ikkje lenger dei stor matbufeane, som var vanlege ei stund. Folk lagar meir det dei likar og et godt heile året. I Finland var dei også tidleg ute med å ta i bruk vegansk mat, og dei var føre si tid med laktosefri mat. – Eg hugsar særleg at dei hadde laktoseri softis alt i byrjinga av 2000-talet? Det halvsteikte bakverket, som vi kan kjøpe frose i butikken og steike ferdig heime, byrja dei også tidleg med i Finland.

Hannele var litt i stuss om kva oppskrift ho skulle gje vidare. Ho landa på mora Pirjo si daddelkake. Her er oppskrifta:

Daddelkaka. Laga og fotografert av Hannele Turunen.

 

Hanneles daddelkake

3 dl vatn
2 dl sukker
250 g dadlar
200 g smør
2 egg
3,5 dl kveitemjøl
1 ts natron
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

Bland alt det tørre. Kok vatn, sukker og dadlar til ein graut. Tilsett smør i den varme massen. Når smøret har smelta piskar du inn eitt og eitt egg og siktar mjølet over til slutt. Ha også i litt rive appelsinskal.

Ha deigen over i ei kakeform (springform) og steik kaka på 180 grader, nederst i omnen, i ein time.

Tekst: Magni Øvrebotten 15.12.22.

18. desember 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-12-18 09:22:522022-12-18 09:22:52-Pinnekjøt her i huset
Aktuelt, Historikk

Nederlandske mat – og juletradisjoner

Marion van Eck Ederveen, mannen Rudi og dei no vaksne borna deira Koen og Esmee flytta til Botnane i 2013 og har budd i Norge sidan 2009.  Ho arbeider på kontoret og laboratoriet på steinbrotet i Seljestokken og sit i styret for Botnane og Årebrot grendalag. Dei bur på garden som i bygda framleis blir kallar «Posten», fordi det var postopneri der i meir enn hundre år.

Marion sine mektige nederlandske julebrød «kerststol» er det mange av oss som likar og dei får du oppskrifta på til slutt i denne artikkelen. Men fyrst har vi utfordra henne til å skrive litt om nederlandske mat- og juletradisjonar:

Julaften

Jeg vokste opp i en katolsk familie. Vi gikk ikke til kirken hver søndag, men alltid på julaften. Da var det midnattsmesse kl.00:00, og når vi kom heim spiste vi kerststol og drakk te. Det har jeg gode minner fra. Det var veldig spesielt som barn å komme heim om natten. Jeg husker en gang det hadde snødd da vi kom ut av kirken, det gav oss virkelig julefølelsen.

Men vi var nok litt større barn før vi fikk bli med på midnattsmessen. For mindre barn var det gudstjeneste kl. 19:00 på julaften. Da Koen og Esmee var små var vi i kirken på ettermiddagen første juledag, der det var skuespill med og for barna, om Jesus fødsel.

Første juledag

I Nederland er det første juledag som er mest viktig og ikke julaften slik som i Norge.

Første juledag har vi en fin og omfattende frokost. I løpet av dagen går du ofte på besøk til familien eller familien kommer til deg for å ferie jul. Middagen er også veldig omfattende. En forrett, deretter suppe, deretter hovedrett med grønnsaker og poteter, og deretter dessert.

I Nederland har vi ikke en bestemt julemat slik som dere i Norge har pinnekjøtt, ribbe eller lutefisk. I Nederland spiser de kalkun, kanin, rulade, and, osv.

Retten «gourmetten» er veldig populær i Nederland. Det er et slag raclette. Jeg tror at halve Nederland lager «gourmetten» en av juledagene. Da kan du steke fisk, kjøtt, grønnsaker, alt som du vil i små panner. Veldig koselig å gjøre.

 

Gourmetten på Marions bord

 

Andre juledag

Denne dagen er også ofte fylt med familie- eller vennebesøk, men er mindre staselig enn første juledag. Når det er fint vær går en ofte tur i skogen eller går på skøyter når det er kaldt og is på kanalene.  Men i de siste 20 årene har det for mange nederlendere blitt tradisjon å gå til hagesentre eller møbelbutikker, som har åpent andre juledag. Det er lange køer og veldig travelt i disse butikkene, spesiell når det er dårlig vær. Jeg skjønner i det hele tatt ikke at folk liker å gjøre dette på andre juledag.

Maten en spiser på andre juledag kan være matrester fra forrige dag, eller igjen en omfattende middag, eller veldig enkel mat som gryteretten «boerenkool», som er grønnkål blandet med moste poteter.

Nyttårsaften

En annen nederlandsk tradisjon er «oliebollen» eller «appelflappen» på nyttårsaften. Det er friterte deigboller med rosiner, korinter, sukat og epleskiver med deig som er fritert. Begge spises med melis. Begge lager du vanligvis 31. desember, men jeg lager dem ofte dagen før.

 

Oliebollen og Appelflappen

Jeg har snakket med foreldrene mine om nederlandske juletradisjoner og de fortalte at da de var barn hadde de ikke juletre. Når du var katolikk hadde du en julekrybbe istedenfor. Når du var protestant hadde du juletre. Seinere ble dette endret slik at også familier som var katolikker hadde juletre. Dette visste jeg ikke.

En annen tradisjon var at du ventet med å sette juletreet inn i huset til etter 5. desember og hadde det der til helligtrekongersdag 6. januar. Men jeg tror ikke at noen har denne tradisjonen lenger.

Sinterklaas er en tradisjon som er 300 år gammel. Den feires i Nederland og Belgia. Sinterklaas kom sammen med Zwarte Piet med dampbåt til Nederland. Sinterklaas gir gaver til barna. Om kvelden setter barna sko foran peisen og har de ikke peis setter de skoene foran døra. De legger en tegning og en ønskeliste i skoen, gir gulrot og vann til hesten til Sinterklaas og synger en sinterklaassang. Neste morgen når du står opp er alt forsvunnet og du har fått en liten gave i skoen din.

Bilde av Koen, Sinterklaas og Zwarte Piet da Koen var barn.

Den 5. desember kommer Sinterklaas og Zwarte Piet på besøk og har med seg en stor sekk med gaver. Men Sinterklaas kan ikke komme på besøk til alle familier, så det hender ofte at Zwarte Piet banker på vinduer eller døra og når du åpner den stå sekken med gaver utenfor.

Barna tror virkelig at Sinterklaas eksisterer til de er +/- 8 år gammle. Da begynner de å tvile eller foreldrene forteller at det er de som kjøper gavene. Da Koen og Esmee var små var dette en virkelig fin tid på året. Vi feierer fortsatt Sinterklaas i Norge. Vi lager lapper med navnene våre på, alle trekker en lapp og de må kjøpe en liten gave til den personen som er nevnt på lappen. Vi lager da også et dikt til denne person. I diktet kan du erte denne person litt eller skrive om ting som skjedde siste året. Dette gjøre mange i Nederland når barna ikke lenger tror at Sinterklaas eksistere.

Marions julebrød

Oppskrift til to nederlandske julebrød «kerststol»

900 gram mel

28 gram gjær

40 gram sukker

120 gram smør

600 ml melk

16 gram salt

500 gram rosiner

2 bokser med sukat

Hakkede nøtter (jeg bruker mandler og hasselnøtter), men du kan utelate nøtter

1 egg

Mandelmasse

Sitron
Egg
Mandler
Sukker

Fjern skallet fra mandlene. Når du koker opp mandlene i to minutter i litt vann går det veldig lett å fjerne skallet.

Du maler mandlene i kjøkkenmaskin. Deretter tar du like mye gram sukker som du har gram av mandler. Ha i egg og litt sitronsaft og bland alt. Sett i kjøleskap.

Selvfølgelig kan du også kjøpe mandelmasse i butikken, men når du lager den selv smaker den mye bedre.

Kerststol

Varm melk med smør i en panne. Melken må ikke blir for varm.

Ha gjær, salt og sukker i melet og tilsett litt etter litt melk og smør og bland alt. Elt deigen for hand eller i kjøkkenmaskin i 15 minutt, til du har en fast deig. Deretter trykker du deigen flat og tilsetter rosiner, sukat og nøtter. Bland alt godt inn i deigen. Deretter deler du opp deigen og lager to baller. Sett den til heving i en time.

Elt deigen og trykk den litt flat. Ha i litt mandelmasse og lag en rull. Den legger du på deigen og bretter deigen over. Kerststol har form som et normalt brød, men litt flatere. Den er ikke rund som norsk julebrød. Legg begge brøda på et stekebrett med bakepapir, pensl dem med egg og hev i en time.

Varm stekeovnen til 200 grader.

Etter heving pensler du deigen på nytt med egg og setter den i stekeovnen i +/- 30-35 minutt.

Rett før du skal spise kerststol drysser du melis over brødet. En skive kerststol smaker godt med meierismør.

Kos dere 😊

Tekst: Marion van Eck Ederveen, desember 2022. Private bilete.

12. desember 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-12-12 10:16:032022-12-12 10:16:03Nederlandske mat – og juletradisjoner
Aktuelt, Historikk

Siste sildekastet på Nordre vågen

Fridtjov Urdal sitt mest fotografiske minne kjem til sin rett i denne historia om sildekasting i heimbygda. Som gutunge stod han på land og såg på den omstendelege leveringa av sild. Det var tydelegvis spennande og skildringa hans blir som ein liten film for vårt indre auge. Han minnest også dei to som tok siste sildekastet med not på Årebrot.

 

 «Bjarnen ser etter sild» har Fridtjov Urdal kalla dette databilete, som har sjølv har laga.

Uravikane og Søre vågen var rekna som gode kasteplassar den tid ein dreiv med landnot. Ikkje berre når det galdt vintersild, men óg når sommarsilda kom. I min barndom var det to bruk, Søre bruket frå Vågen og sørover og Nordre bruket, frå Løype og nordover. Til ut fyrst på 1960-talet var båe bruka i fiske på sommaren. Då var karane «med nota» Dei var vel ein 4-6 mann på kvart bruk.

Eg meiner å hugse at Nøre bruket hadde nota hengande inne på Grønenga eller på Hopen, for det var ein del tale om desse stadene og på Grønenga var der ei hengje. Operasjonsområde trur eg ikkje var så stort. Eg kan tenkje meg at det strekte seg frå Norddalsfjorden, Høydalsfjorden og nordover til Gulefjordane. Dei måtte no nå heim og slå óg, dei som hadde ei lita bot med jord.

Slik eg hugsar det frå min barndom var det årvisst kast nede på Vågen, også fleire somrar.  Kvar einaste kveld,  og elles og når høve baud seg, hadde han Bjarne på Løype sin faste gang ned på Hamrane der han såg etter sild. Var ho på Vågen så var det godt sildesyn derifrå.

– Ikkje ein spord inn på Vågen utan at han Bjarne ser da

»Det kjeme ikkje ein spord inn på Vågen utan at han Bjarne ser da», sa dei. Sommarkveldane  etter at onnearbeidet var slutt kunne verte lange, men han heldt ut så lenge der var råd å sjå. Så kom ho, silda, stundom som ein mørk skugge nede på Vågen, andre gonger under ei skur av skrikande måse.  Då var det ikkje lenge før ein høyrde: Tung-tung-tung og kong-kong-kong frå gavlbåtane. Sneken av brend solar, solvarm tjøre, sjø og den særeigne lukta av nót og tågverk. Spenninga var; Vart det kast?  Fekk dei noko? Basen i båten med handloddet der ute i det gneistrande solbraglet. Tåg frå notøyra og i land, nota tok til å renne over rullen. Tjung-tjung-tjung, tåg i land på hi sida. Nota var i sjøen og silda stengd.

Så var det å dra inn nota med spel. Det var eit handspel som sto i ein robåt, eller det var teke på land og sett ned i ei bergskòr og låst med stein. Eit tåg i notøyra så var det å sveive inn. Ta nytt tak, sveive inn famn for famn til nota sto som ho skulle. Eit tungt og langsameleg arbeid slik eg hugsar det. Nota måtte stå til silda hadde fått gått or seg åte. Så vart det gjort orkast med ei mindre not. Det var same prosessen då og så var det å vente på mottaksbåten slik at ein fekk levert. Korleis saksgangen var her har eg ikkje sett meg inn i, men fangsten var meld inn til «Kontoret» i Sildesalslaget og vart vel ordna derifrå.

Det var stas når  leveringsbåten kom og dei skulle taka opp kast. Det var opptaket ein venta på. Det var då det hende noko. Det er underleg  at eg berre har minne frå solskinsdagar, for det må då ha vore levert sild i regnver òg?

Silderikslet stod lik ei skinande sky

Orkast var gjort og stimen trengd i hop. Frå land der ein sto kunne ein sjå stimen likt eit mørkt svivande hjul nede i sollyset i den grøne sjøen. Eg kan ikkje minnast at det vart håva frå nota og rett opp i kjøpefartyet, nei, prosessen var meir omstendeleg enn som så. Det vart håva med handhåv frå nota og opp i ein stor færing. Det var kjekt arbeid å sjå på. Silderikslet stod lik ei skinande sky.

Båten vart håva full til det var så vidt det var flot att, spralande sild i høgd med toftene og så var det å padle seg bort til kjøpefartyet der silda vart aust opp i eit mål og lempa i rommet. Det tok timar. Nota måtte heile tida trengjast i hop alt etter som stimen minka. Ho var like opp i fjøretanga, ein kunne nå ho med neven. Bivrande, sitrande sild.

I  nota var der så visst ikkje berre sild. Raude taretorskar, mort, berggylter, blågommar, ein og annan sjøaure og ei uheldig flyndre eller to. Ein gråblå steinbit. All brukande matfisk hamna i spelebåten. Kråkebollar, korsetroll, breiflabb og skate gjekk over bord, ufisk! Ein gong kom der og ein langstrekt skapnad med nebb. Ein horngjel, den fekk ein kasse for seg sjølv inne på bua, det var visst ein uvanleg landnot-fangst. Så var siste slumpen levert og karane skein av slideriksel frå topp til tå.

Ei plage at folk heldt på med slikt

Dette var eit fiske etter si eiga tid. Ute i leia for samtida framom i nasetunge kraftblokkbåtar der hydraulikken hadde teke over for muskelkrafta. Det var umoderne, ulønsamt og mest ei plage for omsettingsledda at folk helt på med slikt.  Så det kom kondemnerings- ordningar for dei små fiskefartøy og hundretals notgavlar, skøyter og kutterar vart kondemnerte, rivne eller søkte.

Slik her òg. Ein gong kring fyrste halva av 1960-talet var det slutt på både landnotbruka og gavlane; Vikagavlen og Sundagavlen som vi sa. Men det var to som ikkje heilt gav seg. Kring om i buer og naust låg det mykje gamal not og rotna. Det var ikkje bærbusker til alt.

Bilete av garden på Ura: Her budde han Kolbjørn på Ura. Uravikja til høgre i bilete. Foto: Magni Øvrebotten.

Det var to som ikkje gav seg

Siste sildekastet med landnot vart gjort av dei som var att av Nordre bruket. Det vil seia to mann, han Bjarne Holstad på Løype og han Kolbjørn Uren på Ura. Bjarnen la aldri av seg vanen med å fare ned på Hamrane for å sjå etter sild. Dei hadde gjort nokre små kast ned på Vågen fram gjennom åra dei to.

Det må ha vore ein sommar ein gong ut på 1980-talet at det hende. Inne på bua låg Gamlenota. Kor gammal ho var er ikkje godt å seia, truleg jamgammal med fiskarane (alt i min barndom gjekk ho under namnet «Gamlenota), ho hadde korkfløyt og trekaggar. Det var det dei hadde att og ein liten sildedott ville ho no vel alltid halde.  Ein tidleg morgon vakna han av måsen.  Det var ikkje måsen på vatnet, men nede på Vågen. Her var det berre å komme seg i brokja og avstad. Det må ha vore tidleg for han var ikkje av dei langsøvde. Han måtte på Ura og få tak i Kolbjørnen.

Han Kolbjørn hadde òg høyrt og sett måsen, fare i kleda og opp på Løype. Dei treftest ute på tunet. Ingen av dei var langpratande i utide. Båe visste dei kva son skulle og måtte gjerast. Den opne gavlen låg nede ved bua, det var berre å få nota om bord.  Støvgovet valt då dei hala nota i gavlen. Alt gjekk for handemakt, då som for 100 år sidan. Dei var seige karar båe. Det var endå tidleg blanke julimorgonen då nota var komen i gavlen. Sildedotten sto eit godt stykke ute på Vågen, det var på langt nær nok nót til å nå i den.

 «Det beste var om det seig opp under Saga».Foto: Magni Øvrebotten.

Her var det berre å vente til ho seig til lands, det beste var om ho seig opp under Saga. No var alt klart, det var berre å vente. Ho kom opp under Saga og kast vart det. Det kastet vart ståande lenge. Truleg var totalsystemet for landnotfangstar lagt ned. Det vart levert litt her og der i smått ut etter sommaren og hausten, og det vart mange torgdagar på dei to karane. Men slumpen vart slept og nota kom i bua att. Ut på hausten kom han Kolbjørn med ei store plastbytte med spekesild. Det var  landslott-oppgjerd for det kastet. Det skulle vere rett og skil til siste slutt. Det var siste lykkja i ei lang, lang lekkje.

Av Fridtjov Urdal, 28.november 2022.

10. desember 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-12-10 09:53:142022-12-10 09:57:04Siste sildekastet på Nordre vågen
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Are på Gamlebøen

Når Are Skoglund slår med ljå mellom steinane på Gamlebøen vekkjer dei gode minne frå barndommen, like eins når han ror til Florø for å handle eller kokar nytrekt fisk midt på natta. – Eg var mykje her på Gamlebøen åleine som unge, saman med Agnes og Richard. Dei gav meg del i ein ubroten, urnorsk tradisjon som gjev meg ei ryggrad eg ikkje ville vore utan. Vi skal ikkje gløyme kvar vi kjem frå, seier Are Skoglund.

Are Skoglund på Gamlebøen hausten 2022. Foto: Magni Øvrebotten.

Han er klar over at mange ser på han som ein håplaus romantikar, men meiner sjølv at han er ein realist. – Den rettlinja historia med stadig framgang trur eg ikkje på. Vi kan stå i steinrøysa att før vi veit ordet av det. Når det kjem til stykke er det viktig å vite kva som skal til for å bu i dette landet, og her på Gamlebøen lærde eg om korleis det går an å overleve her i Vestlands-Norge.

Are Skoglund tok over Gamlebøen etter far sin, læraren og rektoren Einar Skoglund (1929-1994), som hadde det same inderlege forholdet til plassen som sonen. Einar planla å busette seg her når han vart pensjonist, men døydde før han kom så langt. Det var mor hans, Jenny (1898-1989), som kom frå Gamlebøen. Ho var nest eldste dotter til Juditta (1868-1957) og Hermann (Holmen) Uren (1877-1928), og syster til Maria og Agnes. Eldstedotter Maria gifta seg med Torvald Husefest, som hadde gard i Husefest.

Bilete er truleg teke i 1953, på den solide steintrappa framfor huset på Gamlebøen. Framme mor til Are, Kari og oldemora Juditta. Bak far hans, Einar og gamletanta Agnes.

Den yngste, Agnes, vart buande på Gamlebøen til ho døydde i 1992, 89 år gamal. Hermann Uren døydde 51 år gamal, av lungebetennelse.  Juditta tok til seg to fostersøner, Agnar Faye og Richard Rasmussen. Richard var fetter til Juditta. Han vart maskinist og budde på Gamlebøen til han døydde i 1986. Agnar Faye fekk seg eige bruk og stifta familie i nabolaget.

Farmor til Are, Jenny, arbeidde på kafe, fyrst i Florø, deretter i Sauda.
– Der møtte ho ein utruleg stileg fyr, Arthur Skoglund (1894-1976), med eigen bil. Han fekk mora Anna (f.1874) sitt svenske etternamn, sidan ho fekk han utanfor ekteskap. Foreldra hennar  kom til Norge kring 1865, etter at mange i slekta deira døydde i fattigmannsepidemien kolera, fortel Are Skoglund.

Rundt 1900 var det så mange svenskar i Oslo at det vart snakka svensk i fleire bydelar. Oldemor Anna var den fyrste kvinnelege arbeidsformannen i Norge, på ein syfabrikk i Oslo. Ho hadde god løn og eiga leilegheit i Trondheimsveien. Jenny og Arthur gifta seg i Florø i 1919, og flytta til Oslo. – Det var å fare langt den gongen, så heile slekta var møtte fram for å vinke farvel då ho reiste.

Gamlebøen var eit omsorgshus

Farmora Jenny fekk fire barn og den fyrstefødde Alf døydde berre eit halvt år gamal, av tuberkulose. Han vart smitta av bestemora Anna, som var sjuk, men likevel ville ha barnet opp i senga til seg. – Det fekk Agnes til å reise til Oslo for å rydde opp. Ho truga visst med både skilsmål og anna om dei ikkje fekk den sjuke bestemora inn på ein tuberkuloseheim. Det lukkast dei med. Agnes var ved fleire høve ein reisande familieterapeut, med oppbretta armar og mykje kraft, fortel Are med stor respekt for gamletanta på Gamlebøen. Han er sjølv psykolog og har fundert mykje på kor små kår fremjar det beste i nokon, og det verste i andre. Han finn døme i slekta:

Far til Juditta, Johannes Rasmusson Rogaldsvåg (1834-1922), var klokkar på Kinn i 40 år og rodde årleg til Bergen med uer for å kjøpe salt.( Han skal ha kome til verda på Ytre Reksten, faren heitte Rasmus Bendiksen og mora Oline Førdeleitane). – Tippoldefar Johannes rekna seg som ein mann av høg moral og var ikkje nådig då dottera Rakel fekk eit barn utanfor ekteskap. Han var av dette strenge folket som klora seg fast til tilværelsen med fingertuppane. Alle vart ikkje snille av det, meiner Are Skoglund. Oldemora hans, Juditta, tok eit oppgjer med denne strengheita då systra fekk dette «uekte» barnet.

– Juditta stod nok sjølv for ei streng grunnhaldning, men skilde mest mellom beviseleg skikkelege og uskikkelege folk. Det gjorde nok Agnes óg, men begge var svære til å ta seg av folk som trong hjelp på ulikt vis, både i nær familie og elles. For Are Skoglund er dei to døme på at små kår også kan fremje det beste i menneske. – Gamlebøen var eit omsorgshus, slår han fast. Juditta døydde i 1957, så henne hugsar han ikkje. Men han trur ikkje han har møtt eit meir gjestfritt menneske enn Agnes Uren.

Dette måleriet av Gamlebøen har Skoglund fått Trud Nybø til å måle etter eit gamalt bilete.

Mjølkering med flatbrød

Familien til Jenny og Arthur Skoglund i Oslo talde tre søner etter at den fyrstefødde døydde. Det var Harry, Arvid og Einar. Heile familien reiste til Gamlebøen i sommarferiane. Det var fast tradisjon at dei skulle ha mjølkering (rømmekolle) med flatbrød når dei kom, og at dei hjelpte til med slåtten og anna som trong gjerast. – Alle vart sterkt knytte til plassen. Men sidan far min var yngst var han også mykje her åleine, ikkje minst etter at vi flytta til Svelgen i 1963, fortel Are Skoglund.

Einar Skoglund var utdanna jerndreiar då han fekk det for seg at han skulle bli lærar. Han gifta seg med Kari Andersen i 1950 og dei fekk to barn, Are i 1954 og Nina 1958. – Då far skulle levere hovudoppgåva si (om dei grunnlovsforslaga som ikkje vart vedtekne i 1814) vart det brått ledig lærarjobb i Svelgen og det hadde han sikta seg inn på lenge. Han var høgmotivert for jobben på realskulen i Svelgen og fekk den, og hovudoppgåva vart aldri fullført. Han var svært glad for å få jobb nær slekta sin heimstad, og oppteken av at ungdom herifrå fekk seg utdanning og kunne tevle om viktige posisjonar i samfunnet.

Are Skoglund var åtte år då dei flytta til Svelgen. Han snakka austkantdialekt frå Oslo, men somrane på Gamlebøen gav han ei kjensle av å kome heim. Den kjensla er særleg knytt til dialekta her og det har gjort han glad i språk. Han veit ikkje om nokon finare dialekt enn dialekta ute på Bremanger-landet, men sjølv lukkast han aldri med å skifte talemål.

Familien Skoglund kom raskt inn i miljøet i Svelgen fordi svelgaren Ragnvald Rise (1894-1968) og Einar Skoglund var i slekt (Rise var søskenbarn med Juditta) og godt kjende frå sams opphald på Gamlebøen. Familien budde i Svelgen til Bremanger kommune avslutta to-årig realskule og innførde ungdomsskule i 1973. Då reiste Kari og Einar Skoglund toeine attende til Oslo og han heldt fram som lærar der, men med hyppige og lange opphald på Gamlebøen.

Yngstejenta Agnes framfor foreldra Hermann og Juditte Uren. Bak dei står fostersonen Richard Rasmussen og døtrene Maria og Jenny. Foto privat

 

– Kva med meg då?    

Det var ikkje planen at Agnes Uren skulle bli på Gamlebøen all sin dag. I ungdomen var ho aktiv i Frelsesarmeen og hadde fått seg arbeid på eit hotell dei dreiv i London. Ho stod reiseklar då mora Juditta utbryt: «Kva med meg då?» og Agnes tek av seg reisekleda og blir.

– Agnes hadde vore svært motivert og reiseklar. Ho snakka om London med ei avklara sorg. Men mora kunne ikkje sitte att åleine med ei ku og fem sauer. Etter å ha gjeve opp London forlova ho seg med Mandius Sønnervåg, som óg budde på stranda. Men han fekk tuberkulose og hamna på tuberkuloseheimen på Sandane, der han døydde i 1944. Dei gifta seg aldri, men ho gjekk med ringen hans heile livet, fortel Are stille. Ho planta ein vakker hage kring husa, som han trur var til minne om Mandius. Ein kjærleikens hage.

Are Skoglund og kona Berit Nygård bur i Oslo. Dei har to søner og ei dotter, og to barnebarn. Sommarstid er dei fleire på Gamlebøen, men elles i året er han her mest åleine i kortare og lengre bolkar. Han finn seg godt til rette med det, og søkjer den roa han finn her, seier han.

Den pensjonerte psykologen har planar om å skrive bok om sosialiserande miljøterapi, ein utviklingsteori han har utvikla i arbeidet sitt som psykolog og no prøver å utvikle vidare i lag med kollegaer som er interesserte og framleis aktive psykologar. Som psykolog har Are Skoglund arbeidd mest med barn og unge som vert sett på som «verstingar». Dei viktigaste spørsmåla å få svar på for å hjelpe dei meiner han er: «Kvar har utviklinga deira låst seg?» og «Korleis kan vi få normalutviklinga deira i gong att?».

– Vi har fått til utruleg ting med folk når vi tek dette utgangspunktet, men det er vanskeleg å få gjennomslag for det i systemet. Der er oppdraget å behandle psykisk sjukdom, ikkje å få i gong att ei fastlåst utvikling. Det eg kallar «støttande sosialisering og kulturell innpoding» er det menneske treng. Det fekk eg her på Gamlebøen og det har vore sentralt for meg å bruke som psykolog. Men det har vore tungt å omsette det til miljøterapi i praksis rundt om i ei tid der sjukdomsbegrepet rår hos alle leiarar, seier Are Skoglund.

Huset på Gamlebøen sett frå der fylkesvegen svingar seg forbi Urane. Foto: Magni Øvrebotten

I år tykkjer han at det har blitt lite gjort, både ute og inne, fordi han fleire gonger har friska oppatt ein lungebetennelse han pådrog seg etter å ha vore koronasjuk i april. Han har både gått for lange turar og vore for tynnkledd i skitveret denne sommaren, meiner han. Are har minna seg sjølv om at oldefar Hermann døydde av lungebetennelse, 51 år gamal, etter ein noko dumdristig rotur.

– Lungene mine er som store, opne og kalde grotter, som tek til seg all kulde og vind. Det kan jo vere ei svakheit eg har frå familien, så det er best å passe seg, ler Are Skoglund med aning av ein alvorleg undertone. Han fylgjer meg ut på trappa der tante Agnes sin eføy held på å få overtaket mellom dei solide steinhellene. Han påpeikar at her framleis er nok å ta tak i, sjølv kjærleikshagar steller seg ikkje sjølv.

 Intervju Magni Øvrebotten, 23.10.22.

2. november 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-11-02 08:54:122023-02-03 09:43:49Are på Gamlebøen
Aktuelt, Historikk

Har det stått eit kors på Korsneset?

Vidar Sørbotten (1948) er ein historieinteressert mann med røter i Botnane. Far hans, Ulrik Sørbotten, dreiv med fridykking og fortalde Vidar at han hadde sett noko på sjøbotn ved neset som kunne vore eit kors. Tidlegare forsøk på å få det undersøkt førde ikkje fram. Bergens sjøsfartsmuseum held det ikkje for usannsynleg at det har stått eit kors på Korsneset, både på grunn av namnet, landskapet og dei mange gravhaugane i området, fortel Vidar Sørbotten i denne artikkelen. Han etterlyser om andre har blitt fortalt noko, eller veit noko, om eit kors på Korsneset?

 

Hvilken betydning i historien hadde Korsneset?

Hva lærte folk på skolen?

Nå har jeg hatt en liten runde med Kystmuseet i Florø og Bergens Sjøfartsmuseum. Her er mitt spørsmål og deres svar:

– Jeg er opprinnelig fra Botnane i Bremanger. Der er mange historiske fornminner.  For noen år siden kom spørsmålet om navnet Korsneset og Korsnesvika i Botnane opp. Min far, som vokste opp på stedet, var en habil fridykker i sin ungdom. Han mente å ha sett noe som kan ha vært et steinkors på sjøbunnen utenfor- eller i nærheten av neset.  Et familiemedlem som da var ansatt ved Kystmuseet Sogn og Fjordane i Florø, sa han ville ta dette opp på jobben. Tanken var at en dykker fra museet kanskje ville sjekke dette ut. Dette kan ha skjedd rundt 1990. Min far døde i 1996.

Etter en nylig henvendelse til museet i Florø er det klart at de ikke har kjennskap til saken, men at Bergen Sjøfartsmuseum er rette vedkommende.

Mine spørsmål er: Kan det bekreftes at leiting etter et steinkors i Botnane har funnet sted? Er det laget en rapport som kunne formidles?

Generelt: Er det sannsynlig at det har stått et kors her f.eks. i middelalderen?

Selma Johanne Lauvland i Bergens Sjøfartsmuseum svarer:

– Mange takk for henvendelsen. Jeg har nå lett i arkivet og kontaktet også vedkommende som jobbet her på 1990-tallet, dessverre uten å finne noe mer informasjon om et potensielt steinkors. Det utelukker absolutt ikke at det kan ha stått et slikt kors på Korsneset fra gammelt av – stedsnavnet, landskapet og de mange gravhaugene i området tilsier at det kan være sannsynlig. Steinkorsene sees ofte i sammenheng med førkristne gravhauger og kan være fra tidlig middelalder.

www.museumvest.no

Vidar Sørbotten, 19. mars 2022.

29. mars 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-03-29 10:19:562022-03-29 17:13:57Har det stått eit kors på Korsneset?
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Fridtjov Urdal 70 år:
– Eg kunne ha blitt eit bygdarop

Den 22. mars var det 70 år sidan Fridtjov Urdal kom til verda i Bergen. Nokre veker gamal vart han adoptert vekk til Ågot og Paul Urdal, og bestemor Anna på Kviene. Han meiner han var heldig som hamna der. Fyrst i 2014 søkte han fylkesmannen om innsyn i kven som var dei biologiske foreldra hans, og over natta vart han storebror til fire halvsystrer og onkel til ti.

 – På den eine sida visste dei om meg, på den andre vart eg ei overrasking. At systrene mine ikkje visste om meg, trur eg på, men at familiemedlemmer før dei ikkje visste trur eg knapt. Dei heldt berre godt kjeft. Eg trur dei to familiane hadde stukke hovuda saman og i lag funne ut korleis «problemet» meg kunne løysast, utan at det vart eit bygdarop. Det både var og er viktig, ler Fridtjov.

Fridtjov Urdal bak pc-en på heimekontoret på Vassenden. Han samlar på kunst, bøker, møblar, tekstilar og bruksgjenstandar, ja, alt. Stilen kallar han «barokk estetikk».

Det var døtrene hans, Åsta og Idun, som fekk han til å søkje opp den biologiske familien sin. Sjølv var ikkje Fridtjov Urdal så oppteken av den. Han har alltid visst at han var adoptert, men delte det ikkje med alle. Døtrene var opptekne av om dei hadde ein stor familie dei ikkje visste om. Og det hadde dei.

– Begge dei biologiske foreldra mine var døde, men eg har fire halvsystre og det vert to heilsystre til saman! To på mor mi si side, og to på far si.  Eg er veldig godt fornøgd med den familien eg fann. Eg har gått frå å vere einebarn til å ha fire systrer.

– Kjenner du deg att i systrene dine?

– Ja, vi har ein del felles trekk. Eg la ut etterlysing av den biologiske familien min på Fjesboka og ei av systrene på farsida ringde morgonen etter. Det var nokre setningar og så var det som om vi hadde kjent kvarandre i årevis. Det er rause folk til begge sider og det vart veldig fort naturleg at eg fanst. Det har vore ei glede og heilt uproblematisk, seier Fridtjov. Han lurer på om han hadde vore meir oppteken av den biologiske familien sin om det var problem i samband med den? – Ein set kanskje for lite pris på det som er alminneleg og takkar for lite for det som er sjølvsagt?   

Fridtjov Urdal snakkar no om den biologiske familien og den sosiale/kulturelle familien sin. Mor og far er framleis Ågot og Paul Urdal. – Eg trur på mange måtar at eg var heldig som hamna hjå dei og bestemor Anna på Kviene. Eg kunna ha hamna i mange slags miljø, seier han ettertenksamt.

Dørklokka til Fridtjov: Ring på! Når du høyrer det brøler: Kom inn! Så gjer det Stå ikkje der som ein tyl Kom inn!

 

Tre gudar på Kviene

– Kva miljø var det på Kviene?

– Dei hadde det felles at dei ikkje visste kva godt dei kunne gjere for meg. Eg vart vel det dei kalla «forbrælt». Det var tre gudar i huset på Kviene. Gud ein var bestemor sin. Han oppheldt seg stort sett i Det gamle testamentet og la seg opp i alt. Ein uhyre travel person som meinte om alt frå verdssituasjonen til sauer i skorfeste. Gud to var mor mi sin. Han var ein litt engsteleg metodistgud. Gud tre var far min sin. Han var nokre etasjar over Vatikanet. Far var fasinert av moderkyrkja (Den katolske kyrkja). Men det var bestemor Anna som hadde det næraste og mest daglegdagse tilhøve til guden sin, minnest Fridtjov.

Han hugsar godt svaret til faren ein søndag det kom folk til gards som spurde om korleis det stod til med ho Anna? – Jau, ho sit inne og høyrer på høgmessa og hyggjer seg til dommedag. For då skal vi endeleg få sjå, svarde Paul Urdal. Slike svar set Fridtjov pris på og frydar seg over den dag i dag.

– Eg kunne Fadervår på latin før eg kunne det på norsk. Like eins Ave Maria. Det var det far min som lærde meg. Eg trur ikkje det er så mange av mine samtidige som har opplevd høgtlesing av helgenbiografien om den heilage Birgitta av Vadstena. Den las far min for meg som kveldslektyre. Like eins Snorre og dei islandske ættesogene, frå perm til perm. Det var spennande og greitt å høyre på, men berre råd å forstå på overflata for ein unge.

Mor Ågot var god til å teikne og hadde vore organist i metodistkyrkja i Haugesund. Ho spelte på husorgelet i heimen og på alle basarar og tilstellingar på Årebrot. – Men det var det skrivne ordet som hadde den største plassen i heimen. Dei las meir enn vanleg var av poesi. Både Bellmann og Frøding stod i bokhylla, fortel han. Til konfirmasjonen fekk Fridtjov boka «Hærverk» av Tom Kristensen, av ei tante i Danmark. – Litt av ei konfirmasjonsgåve, ein dekadanseroman, frå syster til mor mi, ler han og siterer innleiinga til romanen utanboks.

– Den store interessa for bøker og lesing som eg fekk heime gjorde at eg byrja kjøpe bøker sjølv i ung alder, ja, alt på folkeskulen kjøpte eg meg Fakkelbok med Ibsenstykka Brand og Peer Gynt. Hugsar eg fekk ein boksjekk og stod i valet mellom å kjøpe Hardyguttene eller «Brødrene Karamasov»/»Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij.

– Og du kjøpte Dostojevskij?

– Ja, eg fekk att mest sider og lesetid med det. Eg las dei som ei ytre handling og filosoferte meg ikkje gjennom laga. Men eg skjønte meir etter kvart. Difor er det ikkje vekkasta å lese Dostojevskij som 14-15-åring. Du treng ikkje forstå alt med ein gong.

– Eg vaks opp i eit hus der det var samla mykje. Fekk nok med meg det ho bestemor kalla «røyskattnatur»: Å dra likt og ulikt heim til hola og sjå seg gang i alt.

– Liten, feit og illsint

Fridtjov si evne til å hugse og lære seg tekst utanåt kom vel med i skulen då det synte seg at han var ordblind (dysleksi), og det vart mykje bal med skrivinga. Han hadde det ikkje kjekt på skulen og det var ikkje mykje hjelp å få med lese- og skrivevanskar på 1960-talet. Han vart det vi i dag kallar mobba, den gongen heitte det terga.

– Når ein er liten, feit og illsint då ligg alt til rette for at du skal bli plaga. Det ville vore eit under om ikkje så var tilfelle. Det er slik det er, slær han fast. – Å gå og hugse på skeive ord og fornærmingar, er den sikraste form for sjølvplaging. Slike ting er avhengige av situasjonane og den tida det skjer i, meiner Fridtjov.

– Korleis har det merkt deg?

– Somme tider likar eg å tru at slikt kan auke eins eigen toleranse. Nokon folk tykkjest å tenkje slik at «når eg vart plaga så skal jammen andre bli det óg». På den måten held elendigheita berre fram, ein får ikkje brote den vonde sirkelen. Slik er det med mykje i livet.

– Toler ein meir?

– Etter å ha byrja i arbeidslivet på fiskebåt og smelteverk har eg lært meg å ikkje vege andre sine ord på gullvekt. I ettertid sett ville eg ikkje vore utan tida på Bremanger smelteverk i Svelgen på slutten av 1960-talet. Det var ein del av oppdragelsen, ein stor arbeidsplass og store prosessar som var fasinerande.

Sjømannslivet til Fridtjov Urdal var makrellfiske i Nordsjøen, på Finnmarka etter lodde, frakt av jern til Oslo, kystfrakt frå Nordmøre til Svelgen med kalk, og malm frå Rødsand gruver til Svelgen. – Var vi heldige og alt gjekk greitt kunne vi ha Hustadvika og Stadten ein par dagar for veka. Så eg har vore i litt sjø.

– Han der høres passelig gal ut

Etter å ha avslutta sjømanns- og smelteverkslivet arbeidde han ei tid på Ungdomsklubben Docken i Florø. Han var med i Flora kunstlag og fekk ansvaret for å vere kontaktperson for ei utstilling i Riksgalleriet. Der møtte han Svanaug Steinnes som tipsa sjefen sin, Einar Berg, om at Fridtjov Urdal kunne vere ein godt eiga vikar når dei trong folk til å reise rundt med utstillingane til Riksgalleriet.
– Han der høres passelig gal ut, så han tror jeg at vi prøver, sa Berg etter å ha snakka med Fridtjov i telefonen.

Han vart sendt til Mandal, «Kunst i bøker» heitte fyrste utstillinga. Han fekk ei kort innføring av kunstnaren Hans Kristian Zigler om korleis han skulle gjere det. Utstillinga passa Fridtjov som hand i hanske, han kjende mykje av kunsten frå bøkene og julehefta på Kviene. Han reiste rundt med originalane frå Snorre, Kittelsen og Werenskiold.  – Vi hadde dei montert i glas og råme, pakka i tunge kassar, som vi køyrde på opne lastebilar. Kunsten levde farleg på midten av 1970-talet. Om dagens konservatorar hadde sett det hadde dei sprunge skrikande derifrå.

Denne engelske aqvarellen var det fyrste kunstkjøpet til Fridtjov. Kjøpt då han var 15 år.

Fridtjov likte dette arbeidet. Han trefte mykje folk som reiste rundt i anna arbeid, både kjende og ukjende. Alt frå seljarar til emisærar og landskjende pianistar. Han budde på alt frå finare hotell til brakker på industriområde, og heime under trappa hjå folk. Han har tråla heile landet på denne måten. Frå slutten av 1970- talet til 1989 reiste han på turne for Riksgalleriet fleire månader i året, om lag ei veke på kvar plass.

– Det var ei stor oppleving når du hadde synt rundt ein utkommandert skuleklasse og det kom att ein av eige tildriv og ville sjå meir. Det store er når du føler at du vekkjer ei form for interesse. Det er viktig å sjå kven som er førar i flokken og på eitt eller anna vis sette klørne i vedkomande, gje dei litt merksemd. Stundom var det nett dei som kom att for å sjå meir.

Men han skundar seg med å legge til at han sikkert har skremt av tusenvis av skuleelevar rundt om i landet, med si malmtunge røyst og dramatiske forteljingar. Han prøvde å snakke seg inn på dei med noko daglegdags som dei kjende, men stundom vart det meir monolog enn dialog.

– Eg brukte å seie med dei at eg kom til å seie ting dei ikkje forsto. Men det brydde eg meg ikkje om. Dei treng det dei ikkje forstår, for det er det dei får forstand utav. Dette forskrekka mange lærarar. Det vart ikkje betre når eg sa til elevane at dei ikkje måtte tru det eg sa, for eg formidlar mitt inntrykk. Dei kan ha eit anna.

– Var ikkje det litt krevjande tankegang for ein flokk skulelevar?

– Jau, det der slit jo vaksne folk med å forstå óg. Men det er berre kven som har laga bilete, når og storleik som er fakta. Resten er formidlaren si oppfatning og meiningar. Ein formidlar ikkje den absolutte sanninga, men viser veg for at folk kan gå sine eigne vegar og få sine eigne oppfatningar. Det er som med dikt, dei blir tolka ulikt og har ingen fasit.

– Denne vakre båten laga båtbyggjaren Saxe Bjørkedal til meg.

 

Sjølvlærd og forviten

Fridtjov Urdal kan med rette kallast sjølvlærd og fagleg forviten. Når eg spør kvar den store kunstinteressa hans kjem frå ber det attende til bøkene og foreldra på Årebrot. Faren hadde eit syskenbarn som var målar og då Paul Urdal gjekk på Voss landsgymnas gjekk han inn og ut av heimen til målaren Lars Osa.  – Mor mi kom frå Haugesund og der hadde dei omgang med målarane Fredrik Kolstø og Ole Frøvik. Så vi visste at slike fanst. Det fyrste eg las om kunst var to bøker av den danske kunsthistorikaren R. Broby-Johansen, som vi hadde heime. Så kunsten var ikkje framand for meg.

Fridtjov fortel med stor innleving om «fæle bøker» dei hadde på loftet. Han såg i dei for å skremme seg sjølv. Særleg gjorde Gustav Pore sin biletbilbel inntrykk. – Der hang folk att i trea når Syndefloda trekte seg attende. Salomons dom såg heller ikkje særleg kjekt ut, fortel han og ramsar vidare opp namna på biletebøker av tyske ekspresjonistar som Hitler rydda ut av dei tyske galleria då han kom til makta. Fridtjov trur faren hadde kjøpt bøkene for å halde tysken ved like.

– Kvar jul kom det i hus eit veldig flott julehefte som heitte «Kimer i klokker» (katolikkane sitt julehefte). Det var fullt av av kunst frå renessansen og helgenar i søkk og kav. Dessutan er eg nærsynt og det medførde at eg måtte til Bergen til augelækjar ein gong i året. Då budde vi hjå ei tante og ein onkel i Ladegårdsgaten og gjekk i dagesvis på Historisk museum, Rasmus Meyers samlinger og Permanenten og såg på kunst og historiske gjenstandar, seier Fridjov og kan på strak arm fortelje kva kunstverk han såg der som gutunge, og kva inntrykk dei gjorde.

Denne lampen er Fridtjov sitt siste «godkjøpt» på bruktbutikken. Det vert nok fleire.

Etter over ti år som kunstformidlar i Riksgalleriet byrja han i 1991/92 på Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane og «vart med som nissen på lasset» til Sogn og Fjordane kunstmuseum. Frå 1. april er Fridtjov Urdal pensjonist. Han tykkjer det har vore kjekt å arbeide med kunst og kunstformidling, difor håpar han at Kunstmuseet kan nytte han til «eitt og anna» ei stund til.

– Eg har høyrt så mange snakke om alt dei skal få gjort som pensjonistar. Men når eg ser kva dei har fått gjort på eigen kjøl har eg mista trua. Det er liten grunn til å tru at det vert annleis med meg, skrattler Fridtjov Urdal.

 

 

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 23.03.2022.

 

24. mars 2022/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2022-03-24 07:46:412022-05-10 20:39:57Fridtjov Urdal 70 år:
– Eg kunne ha blitt eit bygdarop
Arkiv, Historikk

Isskjering på Kvernhusvatnet

Av Fridtjov Urdal

Frå slutten av 1800-talet og fram til i mellomkringstida var naturis ei stor norsk eksportvare. Så sant det var kaldt nok til at isen la seg på dammar, vatn og tjern var produksjonen i gang. Mellom anna på Kvernhusvatnet på Årebrot, vatnet bak grendahuset som sumarstid er fullt av vassliljer. 

Vi har ikkje bilete av skjæring av is på Kvernhusvatnet. Dette er vatnet om sommaren, når det er fullt av vassliljer. Foto: Magni Øvrebotten

Vi har ikkje bilete av skjæring av is på Kvernhusvatnet, men her er vatnet sett frå grendahuset på Årebrot.

I denne tida selde og sende ein norsk is til utlandet, ikkje minst til England. Ja, like til Sør-Afrika og endå til India og Australia skal det ha kome norsk is seglande med skip.  Den norske isen, eller rettare sagt iseksportørane hadde i hop med importørane målmedvite reklamert for den norske isen. Det fanst ikkje reinare og kaldare is enn den. Dessutan så heldt den seg lenge. Det vil vel seie at den ryktesvis bråna seint. Det var ikkje måte på, sjølvaste dronning Victoria etterspurde norsk is, skal ein tru kva skrive stod.

Enkel og billeg is

Noreg kunne levere is heile året, sumar som vinter, men ikkje nett til same pris. Isen vart skoren i blokker og stabla inn i der til eigna ishus med tjukke veggar og tak, som kunne vera isolert med sagrubb eller halm for å halde heten ute. Den auka handelen og frakta av ferske varer, innan og mellom land og kontinent, gjorde at ein trong om kjøling. Den gongen rådde dei ikkje over kunstig kjøling eller frysing. Det vil seia det gjorde dei, men prosessane var særs kostesame.

Den norske isen var både enkel og billeg. Endåtil her i mi eiga heimbygd er det namn og merke etter denne næringa. Frå Kvernhusvatnet vart det skore is. Det er det vatnet på Årebrot som ligg nærast sjøen, berre nokre få ti-meter frå og med stue hammaren rett i sjøen. Der var det godt tilflot for båtar. Tilhøva var såleis dei aller beste for denne sort verksemd. Ishuset låg på vestsida av vegen ut på bergkanten mot sjøen, knappe hundre meter nord for grendahuset. Muren syner òg nett nedanfor Ishushammaren, og på ei berghylle stod motorhuset, med motor og iskvern. Motorhuset stod til i 1974.

«Eg berga no saga, Peder»

Når ein byrja taka is her og kor lenge det heldt på har eg anten ikkje høyrt eller gløymt, men truleg varde det til ut på 1930-talet. Den tid høyrde Kvernhusvatnet inn under eigedomen Aurdalskvia og eigaren var Peder Iversen (Pederen på Kviene). Han hadde gjort ein avtale med Jansen firmaet om skjering av is på Kvernhusvatnet. Det var ikkje uvanleg at dei som dreiv innan oppkjøp og sal av sild og fisk rådde seg til med isrettar, hus og det som skulle til. Pederen skulle òg etter som eg har høyrt ha vore både utleigar og arbeidsformann. Kontrakten var visst slik at grunnleiga skulle svarast fullt ut så sant det vart teke ut is.

«Han for igjennom og gjekk under, men han hadde saga med seg då han kom opp att».
«Eg berga no saga, Peder».
«Ja, du kunne no berre ha våga deg å kome opp att utan», var svaret. Det stod om å berga grunnleiga, og då fekk det heller våge seg om det var ei kalde bløyte eller to. Det var som det skulle vere, kor vidt Jansen var tent med det var meir uvisst.

Både knust is og is i blokk

Heime i eit uthus kalla Smia hekk i min barndom ein del av det utstyret som hadde vore i bruk. Ein tre-fire stortanna sager til isskjering og to store kliper eller sakser til å draga blokkene opp med. Isblokkene vart frakta frå vatnet og inn i ishuset langs ei trerenne. Der vart dei stabla så høgt og lenge der var plass. Han Bjarne (Holstad) på Løypa fortalde frå sin barndom at det var moro å vere med på isskjering på vatnet, og ikkje minst å vere med å sjå på når det kom båtar for å henta is.

Det vart levert både knust is og is i blokker. I motorhuset stod motoren som dreiv iskverna. Om vinteren, når det vart skore is kom blokkene rett frå vatnet og i kverna. Då vart transportrenna lagt framom ishuset og inn på den renna som førte frå ishuset til motorhuset og kverna. Frå kverna gjekk det ei renne vidare ned i rommet på båtane.

Eg trur at isen herifrå Årebrotet hovudsakleg vart nytta lokalt og ikkje til eksport. Det kunne vere frå sju til ti mann i arbeid der på det meste. I heller tronge tider kom sikkert løna frå dette arbeidet godt med. Det var mangt som skulle isast. I kalde vintrar kunne det verta mykje is frå eit slikt lite vatn om tilsiget var godt. Det skulle òg ha vore tale om å taka is  frå nokre små tjern lenger inne på Rabbane, men då måtte det byggast fleire og lengre renner, så det vart som med mangt anna berre med praten.

Kjelde:

Dette stykket er henta frå Fridtjov Urdal sitt digitale julehefte i 2021, og brukt med løyve frå han. Er det nokon som har bilete frå då dei tok ut is frå Kvernhusvatnet på Årebrot, eller veit når dei starta med dette og kor lenge det varde?  Dei som veit, kan sende opplysingar til magni.ovrebotten@gmail.com. Fridtjov Urdal trur det tok slutt på 1930-talet, men veit det ikkje sikkert.

28. februar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-02-28 09:16:022022-03-13 11:32:09Isskjering på Kvernhusvatnet
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Meir regn i Botnane enn i Bergen

Kvar dag i snart 47 år har Rune Nordbotten (58) registrert vêret i Botnane. Han var elleve år då han byrja med det. På veg til fjøsen om morgonen melder han inn vêret i bygda til NRK i Sogn og Fjordane. – Botnane er ein interessant plass å registrere vêret, for her går det eit markert vêrskilje. Det regnar meir her enn i Bergen, fortel Nordbotten engasjert.    

Rune Nordbotten med nedbørsmålaren mellom bustadhuset og fjøsen. Foto: Magni Øvrebotten.

Det byrja med at storebror hans, Atle, på ungdomsskulen fekk i oppgåve å registrere temperaturen i løpet av ei veke. For Atle vart det med den oppgåva, men hjå Rune vekte ho interesse og han tykte det var lite med berre ei veke.  – Den 9. juni 1975 byrja eg å skrive ned maks- og minimumstemperaturar, og frå nyttår i 1976 også nedbør. Så eg har etter kvart ein skikkeleg omfattande statistikk, seier Rune Nordbotten nøgd og vedstår seg stor interesse for både tal, grafar og statistikk. Det trengst nok for å drive med slikt.

– Vêret er ikkje likt, det går i bølger. Vi har til dømes nokre kalde vintrar i kvart tiår. Dei kjem alltid etter kvarandre, to eller tre på rad. I kalde vintrar vert det turrare og mindre nedbør.  Somrane har jamt over vorte litt varmare, men det er større skilnad på dei enn på vintrane Men somrane går i bølger dei også, seier Rune.

Vidare fortel han at våren kjem tidleg i Botnane og hausten seint. Det er sjeldnare med kulde i april, men det kan kome ei frostnatt før 10. mai. No er det sjeldan at bjørka ikkje har sprotte til 17. mai, og sjeldan med kalde haustar. Det er våren og hausten det er størst skilnad på frå tidlegare tider.

Markert vêrskilje

– Botnane er ein interessant plass å registrere vêret, for her går det eit markert vêrskilje. Frå Botnane og innover mot Ålfotbreen har vi flest dagar med nedbør i heile landet, ja, endåtil meir enn i Bergen. Det regnar like mykje i Botnane som i Svelgen, sjølv om det etter «normalen» skal regne meir lenger inne enn her heilt ute på kysten. Det er dei høge fjella våre som gjer det. Botnane får mest nedbør i sønnavind, Svelgen i sørvest-nordvest, og sidan det er jamt meir sønnavind, vert det i to av tre år mest nedbør i Botnane.

Intervjuet med Rune Nordbotten vart gjort 10. januar 2022, eit par dagar før uveret Gyda var varsla med mykje nedbør oppover kysten. Rune meinte at Gyda ikkje kom til å ta så hardt i Botnane, ho vart verre litt lenger inn i fjordane. Det slo til då Gyda kom. – Så lenge vinden er på sør får vi mest nedbør, men når han er på sørvest minkar det fort av her. Men når det ligg lågtrykk ut i havet, som ikkje kjem inn, får vi mykje nedbør i Botnane. Til dømes mykje meir enn i Sørgulen, lenger inn i Gulefjorden, legg han til.

– Eg hugsar vi fekk 60 cm med snø her frå ei byge som låg seks-sju timar og tømde seg ute ved Hovden. Det kom berre fem cm i Husefest rett sør om Botnane. Det snødde herifrå og inn i Svelgen, men der kom det berre halvparten så mykje snø som her. På Kalvåg kom det ein meter med snø, medan dei på Flora berre såg ein blå vegg her nord hjå oss.

– Kva er grunnen til dette?

– Det er ein knekk i landskapet som går nord-sør og svingar mot nord-aust. Det skaper eit vêrskilje, og det som kjem frå nord/nordaust fer til havs når det passerer Botnane. Den sørlege grensa for veret som vert meldt for Nordfjord og nordover går her i Botnane. Men bles det søraust stoppar ho i fjella på kommunegrensa Kinn/Bremanger og i Magnhildskaret, og det vert lite nedbør her på nordsida av fjellkjeda. Då kan det snø ein halv meter på Årebrot og på Flora, og like eins når det regnar om sommaren. Om vinden er på sør-sørvest er det omvendt.

Fjellet Opnaren i Sørbotten er ein viktig grunn til vêrskiljet i Botnane. Foto: Magni Øvrebotten.

Nyttårsorkanen vart eit tidsskilje

Sjølv om Rune Nordbotten ikkje har late seg personifisere med bruk av namn er det han som melder kva vêr det er i Botnane i morgonsendinga til NRK i Sogn og Fjordane. Han hugsar ikkje kor lenge han har drive på med det, men det har blitt nokre år. Målestasjonen hans ligg mellom bustadhuset og fjøsen, så det høver å ta med målinga på veg dit i sekstida om morgonen. Når han er rundt om i fylket på ulike møte merkar han at folk får det med seg og er opptekne av vêret.

– Før nyttårsorkanen i 1991/92 brydde ikkje media seg om veret, men etter den vart interessa stor. Nyttårsorkanen vart eit tidsskilje der som i mykje elles, også for vêrvarslinga. Eg hugsar godt trekantane som kom opp på vêrkartet den nyttårskvelden. Her blest det verst mellom fem og sju om morgonen fyrste nyttårsdag. Bygda såg ut som eit krigsområde. Nyttårsorkanen var det vi kallar «utsynning», ei form for sørvest der tunnakallane (syklon) kom tett og saug vekk det som kom i deira veg. Her på garden tok han heile eternittaket på løa, knekte ein bjelke på 40 cm i diameter. 30 cm av han var kjerneved. Eg saga 100 år gamal al til ved etterpå, det var beinhardt så gnistrane fauk i alen.

– Kor sterk var orkanen her i Botnane?

– Det er det ingen som veit. På Mehuken målte dei 88 meter i sekundet under ekstremvêret  Dagmar 26.12.2011, som vi kom oss bra frå her. Då var vinden beint på vest. Orkan er 32,9 meter i sekundet. Det betyr at Dagmar var tre gonger orkan og det bles endå meir her under orkanen natta til 1. januar 1992. Vi som opplevde den natta gløymer ho aldri. Dei vi då kalla «gamlekarane» hadde aldri opplevd maken til galevêr, og nyttårsorkanen sette ein støkk i mange, både unge og eldre.

Meir snø før?

– Er det berre dårleg hugs når eg påstår at det var meir snø her på 1960-talet enn no?

– Nei, de som var ungar på 1960-talet fekk oppleve meir snø enn nokon annan generasjon på 1900-talet. 1960-åra var dei desidert kaldaste i heile det hundreåret. Det trur eg kom seg av stor forureining. For det vart ei tydeleg forandring då Europa tok tak i forureininga og renska opp på slutten av 1980- og 1990-talet.

– Er det stor skilnad på dei ulike tiåra?

– Ja, 1930-talet var eit mildt tiår. 1940-åra var litt kjølegare, med nokre kalde vintrar i krigsåra, men ikkje så kalde som 1960-åra. På slutten av 1970-talet var det tre kalde vintrar etter kvarandre. Nyttårsdag 1978/79 var det minus 15 grader i Botnane og det er uvanleg kaldt her. Det er berre målt det ein gong til.  Om vi går til dei seinare åra var 2010 eit av dei mest stabilt kalde åra. Desember 2009 til februar 2010 var dei mest stabilt kalde månadane eg har opplevd. Då var her snø heile tida. Han kom og gjekk ikkje, slik han brukar å gjere.

– Kva med årsnedbøren?

– Årsnedbøren går i bølgedalar og er våtast i periodane mellom kalde vintrar. På slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet hadde vi fem, seks år med i snitt tre meter nedbør i året. Men den våtaste perioden eg har målt var 2011-17. Dei tre siste åra har vi vore inne i ein litt turrare periode, som vi kanskje er på veg ut av?  Men nedbøren aukar over tid, jamt med temperaturen, som har auka med minst 10-15 % dei siste 40 åra. Når havet vert varmare vert det meir fordamping, og då vert det meir nedbør. Det ser ut som lågtrykka om vinteren har større temperaturskilnad enn før, og det medfører meir uvêr og nedbør, seier Nordbotten.

Det er såleis ingen tvil om at temperaturen generelt har stige, og auken ser ut til å ha vore  jamn i Norge om vi ser han i eit 100 års perspektiv eller meir. – Vi kan ikkje halde fram med det forbruket vi har. Vi brukar opp det ressursgrunnlaget framtidige generasjonar skal leve av, seier Rune Nordbotten.

Rune Nordbotten likar å arbeide med tal, grafar og statistikk. Foto: Magni Øvrebotten

– Eg hugsar kor karane diskuterte vêret når dei var samla på kaia i Korsnesvika. Han Kåre i Kvia (Nøttingnes) var halden for å vere best til å spå veret. Kva vêrmerke har du teke med deg vidare frå dei?

– Eg kan kanskje ikkje så mange som gamlekarane kunne, men ein del har absolutt noko føre seg, medan andre er meir fantasi. Fullmåne og nymåne på same tidsrom etter kvarandre brukar å gje ein fjorten dagars periode med betre vêr enn elles, særleg når det er austamåne, dvs.at han er full og ny etter midnatt og mellom klokka eitt og ti. Han Kåre i Kvia sa at sørausten gav godvêr, men på slutten trur eg sjølv han byrja tvile på månen. Men det er klart at generasjonane før oss var meir avhengige av vêret og trong å forstå seg på det på ein heilt annan måte enn i dag. For dei var vêrmeldingane i radio viktigare å høyre enn noko anna.

Yr.no har tapt seg

Lenge tykte Rune Nordbotten at det var god hjelp i å fylgje med på kva nettstaden Yr.no melde. Men den har tapt seg, synst han. Dei har tilpassa seg mobilbruken og fjerna alt som er for tungt for mobilen, og er dermed lite brukande for dei som er spesielt opptekne av veret. Nordbotten saknar karta som synte prognosane framover i tid. No er det til dømes ein radar som syner nedbør 1,5 time før/etter. Det er for kort tid når han ynskjer å kombinere lokalkunnskap med ulike metodar for analyse som Yr.no hadde tidlegare. – Til dømes finne ut når eg skal gjødsle jorda utan at møkja berre renne vekk. Det bør regne når ein har gjødsla, men ikkje i altfor store mengder, seier gardbrukaren Rune Nordbotten.

– Botnane er kanskje ikkje plassen for dei mest versjuke. Men for dei som likar veksling i vêret er her fint. Det er vinden som skil oss mest frå andre plassar. Vind har vi mykje av, smiler Rune Nordbotten mykjeseiande. Medan han var vekke på skule på 1980-talet tok far hans, Johannes Nordbotten (94), målingane, og no er det avløysarane i fjøsen som må ta dei når Rune er vekkreist. Det er ikkje ei offisiell måling, men målaren i Nordbotten stettar dei krava som Meterologiske har til målarane sine. No automatiserar Meterologiske både nedbør- og temperaturmålarane, det siste fordi det er slutt på dei nøyaktige kvikksølvtermometera. Men Rune Nordbotten har ingen planar om å gje seg med å målet nedbør og vind i Botnane.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 10.02.22.

20. februar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-02-20 11:35:552022-05-10 20:41:21Meir regn i Botnane enn i Bergen
Side 3 av 8‹12345›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top