
Berit og Nina Seljestokken klar for jakt. No er dei rundt 40 år og har gått på jakt med gevær sidan dei var 18 år.
Systrene Nina (40) og Berit (39) Seljestokken var dei fyrste kvinnene i området her som byrja gå på hjortejakt med gevær. Eg hugsar det var eit storhende på hjortefesten dei åra «jentene i Seljestokken» hadde skote sine fyrste hjortar. Særleg imponerte var vi damene som aldri hadde tenkt på at vi kunne ha noko på jakt å gjere. No er det eit par unge damer til som går på jakt med gevær, men det er framleis mest vanleg at kvinner er med utan børse. – Når eg fortel at eg går på jakt, så trur folk framleis at eg berre er med, seier Nina Seljestokken. Berit Seljestokken opplever likevel at det er meir vanleg no, enn då ho tok viltprøva på vidaregåande i Florø.
Dei fekk ikkje vere med på jakt før dei hadde fylt 18 år og hadde klart viltprøva. Det var faren Torleif nøyen med, men då hadde dei alt lenge vore med på å få heim dyra og flå dei.
– Det var vi gode nok til. Pappa stod opp tidleg og skaut hjort, og så vekte han oss for at vi skulle hjelpe til. Det lærde vi oss frå barnsbein av, heile familien var med på det, fortel Nina, som er den eldste av tre systre.
Nina gjekk på jakt i to år før ho våga skyte. Ho var redd for å skadeskyte og hadde alltid ein grunn til å la vere å skyte. Faren var frustrert over at ho såg så mykje dyr, men aldri skaut. Så han tok affære og vart med henne på jakt og lova at han skulle skyte dyret om ho bomma.
– Vi gjekk langsmed bøen, slik at eg kunne skyte på eit oversiktleg område. Pappa sette seg ved sida av meg og brått kom det ei kolle, men eg vart så forfjamsa at eg fekk ikkje sikta. Så kom det ein bukk og eg sikta, men han måtte stå heilt «perfekt» før eg kunne skyte. Då kjende eg albogen til pappa i sida og beskjeden «No!» Eg skaut og bukken stupte. Då var det liksom gjort, og sidan har eg skote hjort, seier Nina.
– Pappa, pappa, eg har skote hjort!
Berit var ein litt meir framfusen type enn storesystra og gjekk rett på jakt åleine. Ho hadde teke jegerprøva på vidaregåande og var 18 år, og rende opp i Bjørkeliskaret ein dag ho var åleine heime. Ho var ikkje før komen opp så kom det ei kolle, ein kalv og ein stilk (fjorkalv) fram på ei myr, og ho skaut stilken. – Men då vart eg så fortumla at eg sette frå meg geværet og sprang heim til pappa. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Pappa var på arbeid på båtverkstaden då eg kom gaulande: «Pappa, pappa, eg har skote hjort!»
Sidan det har dei skote ein god del hjort til saman, men har ikkje noko tal. Det er fire hjorteløyve i Seljestokken og dei skyt eit dyr for ein nabo. I fjor skaut Nina fire dyr. I haustferien i år skaut dei eit dyr kvar. Berit, som brukar å skyte dei største dyra, fekk ein stilk. Då yngste son og finnmarking, Olav, såg den sa han: » Mamma, æ syns nu den her reinen var litt liten……»
Nina meiner ho skyt best i sjølvforsvar. – Eg møtte på ein aggressiv hjortebukk ein gong, så eg likar best å skyte kolle og kalv, seier Nina. Berit meiner ho har størst hell når ho er høggravid.
– Den største hjorten eg har skote var nær 100 kilo. Han kom mot meg, men eg kunne ikkje skyte fordi eg såg berre hovudet på han. Så kom han brått rett mot meg. Han var hissig og eg høggravid. Han var berre ti meter frå meg då eg skaut. Kjende mest pusten av han. Det var artig, ler Berit. Samstundes låg sambuaren hennar, Tormod Onarheim, på post eit stykke frå og det einaste dyret som kom i hans veg var ein mus som gnagde på skoen hans.
Dei bur i Finnmark og brukar kvar haustferie til hjortejakt i Seljestokken. Både dei og Nina ser på hjortejakta som ein fritidsaktivitet. – Pappa såg nok meir på det som ein jobb, attåt alt anna han måtte gjere. Trur det var difor han ikkje ville ha oss med då vi var yngre. Han var redd vi skulle rote det til for han, slik at det tok endå meir tid, seier Nina.
Torleif tek framleis storviltprøva for å skyte dyr på slutten av jakta, om døtrene og svigersonen Tormod ikkje rekk det. – Han er tidleg oppe og gjer klar traktoren. Ja, han har ofte starta traktoren i det eg går på jakt. Eg får mest prestasjonsangst, men han hjelper alltid til med å få dyra ned, fortel Nina.
– Dei blei slik
Så langt i intervjuet er også foreldra, Ingrid og Torleif Seljestokken, komne på besøk. Dei tre døtrene, Nina, Berit og Tone, har rive gamlehuset og bygt eit nytt i tre etasjar, der alle bur når dei er heime i Seljestokken. Yngstejenta Tone er på veg heim, men ikkje for å gå på jakt. Det har ho aldri brydd seg om.
– Var det i mangel på søner at du oppdrog dei to eldste døtrene dine til hjortejakt, Torleif?
– Dei er ikkje blitt oppdratt til det, dei blei slik. Det var ikkje råd å oppdra dei til noko som helst som dei ikkje ville sjølve, seier han med ettertrykk, til stor latter frå døtrene.
– Det var jenter vi hadde og middagsmaten gjekk på bøen. Både Ingrid og dei var med når vi slakta dyr heime før, og dei var med når hjorten skulle berast heim frå skogen, flådde og parterte. Dei fekk eit naturleg forhold til det, seier Torleif.
Ingrid Seljestokken meiner det har hatt sitt å seie at det var miniatyrskyting i grendahuset då jentene var små. Både ungar og vaksne var med, og slik lærde jentene seg å skyte. Ho fortel livfullt om korleis det var å kome som byjente til Seljestokken og lære seg å stelle med maten frå grunnen av. Ho bestemte seg for at ho skulle lære seg det og no er det ofte ho som er med døtrene og steller med hjortekjøtet.
– No jaktar eg mindre. Ja, nei, eg slepp ikkje til på jakt lenger. Eg har nok med å halde i orden det dei treng, som til dømes å slipe knivar og passe på at skuffa er på traktoren. Dei er svære til å gå på jakt, men eg har visst brælt dei vekk med alt det andre som må til, seier Torleif. Døtrene ler, men seier han ikkje imot. Nina fortel om ei helg ho fann ut at ho ville jakte åleine. Det var ingen andre som hadde tid. – Eg skaut ei kolle og ein kalv på bøen. Men traktoren ville ikkje gå, så eg køyrde dei heim i firmabilen. Det var tungt å få dei både inn og ut av den. Eg flådde og styra på og var heilt kokt om kvelden. Då skjønte eg at teamarbeid er viktig, det er ikkje nødvendig å styre med slikt åleine, seier Nina.
– Det vert ikkje utleige her
Dei er mange når storfamilien i Seljestokken er samla, og det er ungar i alle aldrar. Nina sine tre er eldst, men dei to finnmarkingane veks til dei òg, og Tone har nett fått ein son. Det er overvekt av gutar i neste generasjon.
– Vi har hatt Anita og Lars med på jag, og vi håpar at dei vil like det etter kvart, og fleire veks til. Vi har i alle høve gjort avtale om at jakta i Seljestokken ikkje skal leigast vekk, seier Nina, som driv Seljestokken båtverkstad saman med faren og tre tilsette.

Det er mange kring langbordet når storfamilien Seljestokken er samla. Dei var langtfrå alle då dette bilete vart teke 29. september 2018, fyrste helga i haustferien.
Intervju: Magni Øvrebotten
Av Ståle Sørbotten (1935)
Glaning, eller skotring, er eit uttrykk som vel er på veg ut av språket vårt. Dei yngre generasjonane veit knapt kva «glaning» eller «skotring» er?
Det var ein skikk før, at den som ikkje var bedd i bryllaup, kunne reise i bryllaupet for å «glane», eller «skotre», som det òg vart kalla. Då måtte han kle seg ut til det ugjenkjennelege og møte opp i bryllaupsgarden når det lei mot kveldstid. Det var om å gjere å kome seg fram til bryllaupsgarden utan at gjestane såg kvar «glanarane» kom frå. Det eigna seg difor best å kome når skymingstimen var godt på veg. Mottakinga i bryllaupsgarden kunne vere varierande, enkelte stadar godt mottekne, andre stadar meir kjøleg mottaking.
I Botnane var vi av og til på «glanarferd». Eg var med på to slike «glaneturar» i 1950 – åra. Den eine var inn til Dyrstad, der ei av døtrene til Albert Dyrstad gifte seg. Eg kjem ikkje i hug no kor mange vi var, men vi reiste innover med båten til bror min, Anders. På vegen innover reiste vi innover Nordgulen, langs søre landsida, for at vi ikkje skulle bli lagt merke til på Dyrstad. Eit stykke innanfor Dyrstad svinga vi over fjorden og gjekk i land på Askeland. Derifrå gjekk vi ut til bryllaupsgarden på Dyrstad. Der vart vi mottekne med opne armar, sette til bords og vart serverte kaker og kaffi. Albert Dyrstad, faren til brura, gjekk rundt og nesten putta mat i oss. Han tykte visst dette var ei storhending. Det lei så langt på kvelden at brureparet var gådde til ro, men dei vart «alarmerte» og kom ned frå loftet for å helse på oss.
Det store problemet med slike «glaneturar» var å unngå at nokon av gjestane skulle finne ut kven vi var. Det var mykje gissing om kven vi var på Dyrstad, men så var vi så uheldige at Ragnvald Sørbotten var i bryllaupet som gjest. Han kjende oss att og dermed var det ikkje lenge før alle visste kven vi var og kvar vi kom frå. Det var tydeleg at Albert Dyrstad tykte det var stas at det var «botningar» som kom, for han rekna seg halveges som botning sjølv. Han var fødd i Botnane, på Runnabruket i Sørbotten, i 1893, eit bruk som foreldra hans åtte i perioden 1880-1899.
Ei tid etter var det eit bryllaup ute i Hovdevågen. Der òg fann vi ut at vi skulle dra på «glanetur». Eg trur vi var ein ni-ti personar. Anders var skysskar og «glanar» der òg. Vi la til lands eit godt stykke ute i Hovdevågen for å komme usedde til gards. Vi måtte klatre gjennom ei ur for å kome fram til bryllaupsgarden, og der var ei av jentene så uheldig at ho glei og slo eine kneet sitt stygt. Men ho hinka likevel med.
Vi kom oss usedde fram til bryllaupsgarden der dei dansa på ei løe. Brureparet såg vi ikkje noko til. Det vart heller ikkje servering, men kjøgemeisteren for rundt og tilbaud drammar. Alle takka pent nei til det og då var det ein som sa; «Ingen av dei drikk, då er dei frå Botnane». Det var for så vidt ein god attest, og med den i «lommen» reiste vi heimatt.
I dag er «glaning» avleggs fordi bryllaup oftast blir haldne på hotell, eller forsamlingslokale og der held «glanarane» seg borte.

Bilettekst: Kan dette vere ein glanetur? Otto Nordbotten i styrehuset og Bjørg Øvrebotten på utsida. Dei hadde i alle høve ikkje kledd seg ut enno då bilete vart teke.

Den 13. mars 1945 var eg 9,5 år og budde i Sletten, på ein av dei nordre gardane i Nordbotten, med fri utsikt til dampskipsleia. Vi arbeidde med eit eller anna oppe på bakken, rett opp for husa. Då la vi merke til at Sonja, ein båt Gestapo hadde rekvirert, kom nordover ved Sørbottsneset, runda neset og svinga inn til Botnane. Ikkje rettare eg minnest la ho til ved sjøbua til Bernt Sørbotten, far til Magne Sørbotten. Det var vel den einaste staden med tilflot. Synet av Sonja var det same som gestapobesøk.
Far min, Ivar Sørbotten, sneik seg opp i utmarka og gøymde seg i nokre steinurdar. Han hadde hatt kontakt med naboane våre, Orvald Sletten og August Sande, som Gestapo var på jakt etter, i samband med at dei hadde hjelpt Vestige I- agentane sine operasjonar i Svelgen i hausten 1943. Difor tenkte far at det var best å stikke seg vekk.
«Hende hoch!»
Eg og dei andre borna på nabobruka vart sende nord til ein plass i utmarka der vi brukte å leike. Vi skulle vere ute av vegen, så vi ikkje skulle kome til å sei noko gale om vi vart spurde. Mor fortalde seinare kva som hadde skjedd.
Ho og bror hennar, Sigmund Nordbotten, og eldste bror min, Anders Sørbotten, stod oppe på låvebrua då nokre gestapofolk kom gåande utover. Leiaren i gruppa fikta med maskinpistol og ropte «Hende hoch». Men morbroren min og bror min skjønte ikkje kva det gjaldt, så dei stod roleg med nevane i bukselommane. Mor mi skjøna det, så ho løfta nevane opp, men fekk til svar «Nein, nein, ikke du, bare menn».
Då det lei så langt åt vi til kvelds og gjekk la oss. Midt på natta vakna vi av at det brått stod ein flokk kvinnfolk, både frå Nordbotten og Sørbotten, i kammersdøra og lyste inn med ei fjøslykt. Ei av dei spurde mor om ho hadde mannen med seg i senga. Då ho svara ja fortalde dei at Gestapo hadde teke med seg alle mannfolka i bygda, utan å sei noko om kva dei skulle med dei. Kvinnene var som ventande difor mykje oppkava.
Seinare fekk vi greie på at ein norsk agent frå England, Atle Svardal, var skoten opp i ei skor i Breivika, ein annan agent var teken til fange og Isak i Breivika var arrestert. Mannfolka i Botnane vart henta for å bere ned alt utstyret frå Roskastasjonen, og dei måtte bli med i det dei gjekk og stod i.
På minnemarkeringa på Kystmuseet 12. mars 2015, vart det referert frå rapporten til agenten som overlevde, Persen. Der gjekk det mellom anna fram at alle mannfolk under 50 år i Botnane vart utkommandert til å bere. Det må justerast litt. Bestefaren min, Anders Sørbotten, i Sørbotten var 74 år. Han braut eit ribbebein på denne turen. Johan Nordbotten og Geirvald Øvrebotten var 57 år.
Dei utkommanderte
Johannes Nordbotten (1927), som sjølv var med, meiner desse vart utkommandert til å bere ned utstyr frå Roskastasjonen i Breivika: Anders Sørbotten, Johan Nordbotten, Geirvald Øvrebotten, Jon Øvrebotten, Johannes Nordbotten, Otto Nordbotten, Olav Nordbotten, Halvdan Øvrebotten, Odd Øvrebotten, Abraham Øvrebotten, Nils Øvrebotten, Ottar Årøen, Ulrik Sørbotten og Olav Øvrebotn.
Ottar Årøen og faren Karl Årøen (lærar i Botnane) var på veg ut på fisketur, men Gestapo skaut varselskot og stansa dei. Ottar måtte bli med til Breivika, medan faren, som berre hadde ei hand, vart send heimatt.
Morbroren min, Sigmund, 63 år, vart funnen for gammal og bror min, 14 år, for ung. Dei vart difor ikkje utkommandert til beretenesta, medan bestefaren min Anders Sørbotten i Sørbotten, 74 år som nemnt, vart teken med.
Johannes Nordbotten opplyser til meg at desse personane er han nokså sikker på var med, men at det kunne vere nokre få til. Det var vel ingen som tenkte på å notere ned dette då. Etter så lang tid er det klart uttrykket «erindringsforskyving» kan vere eit aktuelt begrep. Av dei som vart utkommandert er det berre Johannes Nordbotten, Otto Nordbotten og Ottar Årøen som lever i dag (september 2018).
Dei vart stilt opp på rekke med om lag 1 meters avstand og det var klår ordre om at den som fall ut av rekka vart skoten. Bestefaren min, Anders Sørbotten, vart stilt først i rekka.
Johannes Nordbotten og ein del andre slapp med ein tur. Dei rodde heimatt med færingen til Geirvald Øvrebotten. Denne hadde Gestapo teke med seg sørover til Breivika.
Halvdan Øvrebotten skreiv ein stil om denne hendinga, då han gjekk på Solvang Ungdomsskule 1945/1946. Den stilen er truleg den mest litande rapporten om bereoppdraget.
Gestapo varsla sjølv
Eg reknar med at hovedsaka for Gestapo den 13. mars likevel var å arrestere Thorbjørn Øvrebotten og sonen Arne Øvrebotten, fordi dei hadde funne namna deira på Roskastasjonen. At dei ikkje fekk tak i desse to kunne Gestapo takke seg sjølv for, fordi då Sonja kom inn Pollen for Otto Nordbotten roande over. Han skulle bort i Sørbotten og hente posten. Gestapo skaut varselskot for å få han til å stanse. Denne skytinga høyrde Thorbjørn og Arne då dei sat og drakk kaffi. Dei skjøna at noko var i gjere og kom seg opp i marka i siste liten.
Isak Bredvik hadde hyra Magne Sørbotten som dreng i Breivika for å ha ein han kunne lite på, og hjelpe til med det illegale arbeidet. Isak hadde sagt med Magne at høyrde han noko unormalt oppe frå Roskastasjonen skulle han komme seg vekk med ein gong. Det hadde Magne gjort og kom difor springandes inn i Øvrebotten ei tid før Gestapo kom. Inne i Øvrebotten hadde han sansynlegvis sprunge fjæra for å vere minst mogeleg synleg. Oddbjørg fortel at han kom springande opp langs elva, han sa ikkje eit ord, men berre for vidare inn i marka.
Olav Øvrebotn og Ulrik Sørbotten, bror til Magne Sørbotten, vart utkommandert til å vise Gestapo veg inn i Øvrebotten der Thorbjørn og Arne budde. Den gongen var det ikkje opparbeidd veg like inn, men berre litt inn forbi Korsnesvika. Resten gjekk i terrenget. I terrengdelen – fortalde dei to seinare – at dei tok dei omvegar dei kunne for å seinke Gestapo. Dei pusta letta ut då dei kom fram og skjøna at Thorbjørn og Arne hadde kome seg vekk.
Gestaposjefen, Kesting, kommanderte Magna, kona til Thorbjørn og dottera Oddbjørg, ut på tunet. Oddbjørg vart kommandert innatt i huset og med maskinpistol i ryggen måtte ho gå frå rom til rom med Kesting bak seg. I eit rom oppe på loftet, der det hang forheng og tepper og det var skymt, ville han ikkje inn. Oddbjørg trur han var så nervøs at han ikkje våga.
Det er opplagt at dei som sat heime måtte tole store påkjenningar. Dei kunne ikkje ryme bort. Magna Øvrebotten sa etter krigen at ho hadde loge så mykje under krigen at ho lurde på om ho kunne snakke sant meir.
Bjarte Sindre fortalde på opninga av Roskastigen for for nokre år sidan at Gestapo var på veg nordatt til Breivika for å sette fyr på hus og bygningar. Dei hadde imidlertid fått kontraordre. Dei måtte istaden til Staveneset for å ordne opp i ei sak der.
Eg nemnde dette for Ragnar Ulstein og spurde om dette var noko han kjende til. Ragnar Ulstein var Linge-mann og sentral i motstandsarbeidet i Sogn og Fjordane. Han er vel ein av dei mest kjende forfattarane om hendinger under krigen, men dette hadde han ikkje høyrt om i det heile.
Eg synest og det høyrest usannsynleg ut. Det er sjølvsagt lett å samanlikne med Telavåg. I Telavåg vart imidlertid ein tysk offiser skoten, det var tidlegare i krigen, så at represaliane vart hardare der er vel rimeleg og ordren om nedbrenning kom vel frå Terboven sjølv. I Breivika derimot var det ein norsk agent som var skoten – altso ein siger for Gestapo – og alle visste at krigen gjekk mot slutten.
Bilettekst: Oddbjørg Øvrebotten, no Sørbotten, og Ståle Sørbotten oppe på Roskastasjonen 10. august 2010, vel 65 år etter den dramatiske hendinga i Breivika og som førde til at ho måtte gå med ein maskinpistol i ryggen, frå rom til rom heime på garden i Øvrebotten, 13. mars i 1945.
Foto: Sigbjørn Sørbotten

Nokre segner om underjordiske på Årebrot.
Av Fridtjov Urdal. Foto: Åsta Urdal
Det er ikkje så lenge sidan folk trudde på slikt. Mangt underleg hende og skulle ha ei rimeleg forklaring. Dei underjordske var ei slik. Ho Karnils-Helina hadde treft på buskapen deira opp ved tjønna i Stølsdalen. Ho trudde fyrst at det var kyrne i Sunnervågen ho hadde føre seg, men det såg ho snart at det ikkje var. Det var ein bøling ho ikkje kjende, og ho kjende så visst kvart beist som var der i markjene. Nei, her i kring hadde ingen slike beist, då var det ikkje anna råd, det laut vera dei underjordiske sine.
Det var fleire stader der dei hadde tilhald. Ut under Sunnervågvarden var ein stad, og i den store steinen som ligg mellom Kvalvik og Sunnervåg hadde dei både sett og høyrt til dei. Der skulle det ikkje vere heilt trygt etter at det var mørkt. Opp i ei urd, rett ovanom der kunne ein stundom sjå at det var som ein lysskjen og det høyrdest at der var folk, men dei var ikkje å sjå. Dei meinte at dei som budde i steinen hadde smia si der.
At det var huldrestø på nordre Uravikja var tvilaust. Folk hadde høyrt dei både når dei kom og for, sjølv om dei aldri vart sett der. Bjarne Holstad sa om båtplassen sin at det var ein bra plass å ha gavlen liggjande. Det er no ei gamalde huldrestø. Det skulle vere dei som helt til i huldresteinane på Kvia som hadde båtplass der. Det var sjeldan nokon såg dei underjordiske, men det hende. Ein gong hadde dei på Gamlebøen sett eit heilt følje av blåkledde som for opp Klipe (farvegen ovanom gamleskulen) Dei skulle kan hende heim på Kvia? Huldresteinane er to flytteblokker som ligg sør og vest om tunvegen, mellom Nordre vasskreken og tunet på Kvia.

SOGA OM DS SONJA
Av Ståle Sørbotten
Den 9. juni 1940 gjekk det svenske skipet DS SONJA – bygd 1917 for Rederiet AB Transmarin i Helsingborg – ut frå Thamshamn ved Trondheim – i retning Helsingborg i Sverige. Skipet var lasta med svovelkis frå Orkla Metall i Orkanger.
Den 10. juni, ein søndag seint om kvelden, kom skipet sør gjennom Frøysjøen og der i leia nordvest for Røysaneset i Sletten, gjekk det på ei mine og sokk momentant.
Denne kvelden hadde ungdommen fått lov til å danse på låven heime i Sletten. Det var vel ein sokalla smugdans for off. dans var ikkje tillete i krigsåra, sjølv om eg ikkje veit om det forbodet var sett i kraft så tidleg i okkupasjonsåra. August Sande – ein av dansarane – og budde på ein av nabogardane, fortalde meg ein gong, at då dansen nærma seg slutten kom ein kraftig eksplosjon ute frå Frøysjøen. Då dei kom fram i låvedøra stod ein båt rett opp ned i sjøen og so kvarv den ned i havet. Båten må difor ha gått raskt ned, for det kunne ikkje ta lang tid å kome fram i låvedøra etter eksplosjonen
Bestefar min, Ananias Nordbotten som låg og sov hadde vakna av eksplosjonen og kom springande ut i berre underbuksa for å sjå kva som stod på. Dei sa då at ein båt var minesprengd og forlist ut for Røysaneset. Bestefar sin kommentar var kort, fortalde August: ”Ditta blir eit godt linefeste”.
Ein del av ungdomane sette båt på sjøen for å dra ut å sjå om det trongst hjelp. Overlevande frå Sonja var då tekne om bord i eit anna svensk skip, «Inger» som var i følgje med Sonja, men lå om lag 15 minutt etter. Hjelpemannskapet frå Botnane vart imidlertid bedne om bord i «Inger» til litt servering som takk for at dei ville hjelpe.
Eg var av og til før med og sette line ute i Frøysjøen, men vi måtte alltid passe på at vi ikkje sette lina slik at ho kunne hekte seg fast i vraket av «Sonja».
Ei tid seinare kom ungdommane i Botnane igjen og bad om å få danse på låven, fortalede August Sande, men då sa morbroren min Sigmund bryskt nei. «Her skulle ikkje dansast, det gjekk gale nok sist»
Gjennom den svenske ambassaden i Oslo har eg fått tilgang til kjelder som tyder på at det har vore ei sjøforklaring i Sverige, i etterkant av forliset av DS Sonja. Ut i frå den har eg skissert kva som skjedde med M/S Sonja.
- April 1940 låg DS Sonja i Thamshamn ved Trondheim og lasta svovelkis som skulle til Helsingborg. Skipet vart liggande til først i juni fordi okkupasjonsmakta la ned forbod mot avreise. Den 25. april var skipet angrepe av engelske fly, men det førde berre til lettare skader.
Først i juni gav okkupasjonsmakta «Sonja» fri og den 9. juni – ein laurdag – om morgonen kasta DS Sonja laust og setter kursen sørover og kom som nemnt ovanfor inn i Frøysjøen om kvelden den 10. juni. Der gjekk det – som skrive ovanfor – på ei mine som reiv opp styrbord side i baugpartiet og DS Sonja gjekk rett ned med baugpartiet først. Det heile var i følgje dei svenske kjeldene gjort på 25 sekund. Dette stemmer overeins med det som August Sande fortalde, for då dei kom fram i låvedøra stod skipet rett opp/ned i sjøen.
I følgje opplysningane hadde DS Sonja eit mannskap 21 mann. Ni mann vart berga av det svensk følgjeskipet DS Inger som kom til etter ca 15 min. Det vil sei at 12 av mannskapet omkom. Av desse var sju norske, resten svenske, mellom anna kapteinen Frans L.Gustavsen. Dei norske var ; Karl Arntsen Rein, sjømann, Harald Ingvald Nordtømme, maskinsjef, Johannes Myr, Jungmann, Per Kringstad, sjømann, Birger Jonsen, kystlos, Reidar Ileby, maskinist, Øystein Holan, messegut.
Så der, i dampskipsleia norvest for Røysaneset i Sletten ligg DS Sonja, lasta med svovelkis og med tolv omkomne sjømenn.
Ikkje rart vi skulle vere varsame med line og pilk i det området.
Så Gud vere dei nådig i si våte grav i snart 80 år.
Bernt Støylen har så rett, så rett» …. Berre ei fjøl mellom seg og si grav…»
Biletet er henta frå http://tornsvala.se/Sonjas sista ferd.
Vindmøllene i Guleslettene vindkraftverk vert 35 meter høgare enn planlagt, og ordførar Ola Teigen i Flora meiner at politikarane er ført bak lyset. Det sa han til Bergens Tidende 15.09.18. Her er heile artikkelen og ein kommentar i BT frå 18.09.18.











