Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Aktuelt, Arkiv

Sauene gjorde at det vart Botnane

Heidi Yttrehus og nokre av sauene som gjorde at ho kjøpte seg gard i Botnane. Foto: Hannele Turunen.

– Eg har lenge hatt lyst til å bu ein stad der eg kunne ha eigne sauer. Her kunne vi overta 14 villsauer som det var lagt fint til rette for både med fjøs og beite. I tillegg likte vi naturen, med hav og fjell nær innpå oss. Det var fleire ting som klaffa, men sett på spissen var sauene mykje av grunnen til at vi flytta til Botnane, fortel Heidi Yttrehus. Ho kjøpte garden av Jacqueline og Alex Mannaart og flytta til Botnane saman med mor si, Hannele Turunen, den 1. november 2021.

Dei fekk ein dramatisk start då det byrja å brenne i kjøkkenvifta om kvelden fredag 23. november. Dei hadde ete middag og Hannele skulle slå av vifta, men det gjekk ikkje. Det byrja gnistre og lukte røyk. Heidi drog ut sikringane og ringde 110.
– Etter at sikringane var ute følte vi at vi hadde kontroll, så eg sa med brannvakta at dei ikkje trong kome. Det høyrde dei ikkje på. Vi tykte det var litt flaut då dei kom med to brannbilar og mannskap etter 55. minutt. Men det var godt at dei undersøkte alt, snakka med oss og fekk sjekka at det ikkje var skader på anna enn vifta, som vi fekk lempa ut, seier Heidi.

I ettertid har dei sjølvsagt tenkt på at hadde dei ikkje vore på kjøkkenet då det byrja brenne kunne huset deira ha vorte eit stort bål i løpet av kort tid. Hendinga avdekka også at 110-sentralen i Bergen ikkje varsla det lokale brannvernet i Botnane/Årebrot, slik dei skal. Dei fleste i bygda står på lista over dei 110-sentralen skal varsle med melding på mobil når det brenn. Bygdefolket har ein hengar med enkelt brannutstyr å hjelpe seg med til det kjem brannbilar frå Svelgen eller Florø, etter om lag ein time.

 

Den tolv år gamle hunden likar ikkje at dei har flytta. Det er ein Parson Russel terrier med namnet Yoshi Al Ghouti. Foto: Magni Øvrebotten.

Lege i spesialisering

– Ja, det har vore to innhaldsrike og spennande månadar, seier Hannele. Begge føler at dei er tekne vel imot. – Vi har hyggelege naboar og folk stoppar og pratar. Det er kjekt at folk tek seg tid til å snakke med oss, seier Heidi. – Eg er veldig glad for den gode mottakinga vi har fått. Folk tek kontakt og kjem innom. Det likar vi. Det at folk ser oss og har tid til ein prat opplever eg som ei tryggheit. Vi kan spørje folk om råd og hjelp. Eg håpar berre at vi kan hjelpe attende når vi er litt meir etablerte, seier Hannele Turunen.

Heidi Yttrehus er 31 år og var ferdig utdanna lege i 2016. Ho held på med spesialisering i gynekologi og fødselshjelp. Difor må ho til sjukehuset i Førde der det er fødeavdeling. Ho byrjar i jobb der 1. februar og skal gå 24 timarsvakter, døgn- og dagvakter, og har ei leilegheit ho kan bruke når ho ikkje kan reise heim.
– Eg har prøvd å få det til slik at eg kan vere mest her i Botnane. Men eg hadde ikkje våga å ta på meg dette åleine. Det er bra at mor mi kan vere her og sjå etter dyra når eg er vekke, seier Heidi. Ho ynskjer seg fleire båtavgangar frå Årebrot (Villevika) til Florø og omvendt. Det vil gjere det lettare både å bu her og arbeide vekke.

Heidi har arbeidd som lege både i Molde, Snåsa og Haugesund. – Legelivet er ofte omflakkande når du er nyutdanna. Men dei siste 2,5-3 åra har eg arbeidd i Haugesund, fortel Heidi.

Dette er husa på garden i Sørbotten. Foto: Magni Øvrebotten.

– Er du ein idealist?

– Ja, distrikts-Norge treng alt, også legar. Eg vert stundom trist og frustrert over at alle folk liksom må bu i byar. Men i staden for å klage på at andre ikkje gjer som eg tenkjer, får eg gjere det sjølv. Eg har budd både i byar og på bygda og kome til at når eg er i byen saknar eg den roa og pulsen som er på bygda. Men eg saknar aldri byen når eg er på bygda. Då har eg tenkt at, ok, då må eg gjere noko med det. Botnane er eit slik tiltak.

Plasskrevjande hobbyar

Både mor og dotter likar å bu i rolege omgjevnadar og ha god plass. Dei trivst med å vere ute i alt slags ver og ha kort veg til både fjellet og havet. Frå stove- og kjøkkenvindauga sine i Sørbotten ser dei utover Frøysjøen og Pollen i Botnane, og bak huset ruvar fjellet Opnaren.

Sauene held kulturlandskapet ved like. Foto: Hannele Turunen.

– Her er det råd å gjere alt eg likar å gjere. Her er ikkje trafikkstøy, men masse plass. Både Heidi og eg har plasskrevjande hobbyar. Vi likar å halde på ute med dyr og hage. Vi gler oss til å finne ut av kva vi kan få til å vekse i kjøkkenhagen som alt er her. Å sylte og safte, sanke bær og sopp, og fiske er slikt eg likar å drive på med, seier Hannele Turunen.

Begge driv mykje med handarbeid. Hannele strikkar, heklar, syr og fotograferer. Heidi likar å spinne og er særleg interessert i historisk handverk, korleis dei gjorde ting før?
I Haugesund har ho vore med i ein vikingklubb der ho lærde å veve og sy tradisjonelle kle. No har ho lyst til å halde fram med det. – Når eg lærer meg gamalt handverk får eg veldig respekt for alt det arbeidet kvinner har gjort i dårleg lys fram gjennom tidene. Eg har lært meg å spinne på handtein og gler meg til å bruke ull frå eigne sauer til det, seier Heidi Yttrehus.

Etter at dei flytta til Botnane har dei hatt nok å gjere med å gjere seg kjende med sauene, og snikre og måle i huset. Nett no riv dei eit rom der det skal bli nytt bad.

Aner frå Karelen og Ytrehus

Namnet Hannele Turunen røpar finske anar. Ho stammar frå Karelen i Finland, men vaks opp i Sverige. Hannele vart fødd i 1966 og kunne ikkje eitt ord svensk då foreldra hennar fekk seg arbeid i bilindustrien (Volvo) i Gøteborg og familien flytta dit på 1970-talet. – Elles er eg ein kjærleiksimport frå Sverige til Norge i 1992. Eg møtte far til Heidi, Bjarte Yttrehus, i Gøteborg, då han studerte der. Farfar til Heidi, Asgeir Yttrehus, kom frå Ytrehus i Bremanger, fortel Hannele.

Både mor og dotter er glade i å fiske. Her er det Hannele som er ute med fiskestanga. Foto: Heidi Yttrehus.

– Ja, vi brukte å vere på Ytrehus og Kalvåg med far min. Vi fiska, fiska og fiska. Trass i det vart eg veldig glad i både å fiske og ete fisk, seier Heidi.

– Vi kalla Heidi «Fiskarjenta» då ho var lita. Fekk ho fisk med poteter, gulrøter og saus var ho nøgd. Etter all fiskinga om somrane åt vi fisk eit halvår etterpå, ler Hannele. Ho har arbeidd som sekretær og kontorleiar på sjukehus, og budd i Fredrikstad dei siste tolv åra. Hannele og mannen har to barn, og skilde lag for mange år sidan.

– Vi er ikkje versjuke

Intervjuet med Hannele og Heidi vart gjort dagen før ekstremveret Gyda var varsla innover kysten. Dei driv og lærer seg at lausøyre anten må bindast godt fast eller kome under tak.
– Vi har hatt mykje moro av at vi ikkje heilt veit kva som er vårt av det som er ute. Ein dag kom det ein kar med ein stor balje han hadde funne på flukt. Han meinte baljen høyrde heime her og vi takka og tok mot. Men etter kvart skal vi få kontroll på dette. Og så må vi prøve å få kontroll på alt vatnet, som no renn frå alle kantar, seier Hannele.

– Vi er ikkje versjuke som typar. Her skifter veret veldig fort. Du kan gå ut i sol og det regnar før du kjem att, og omvendt. I helga var det stilt og kaldt vinterver, i morgon er det varsla høljeregn, seier Heidi. Sjølv tykkjer ho regnet er avslappande. Det gjeld berre å ta på seg gode kle og gå ut. Veret er fasinerande, samstundes som vi skal ha respekt for naturkreftene.

Det er ikkje ofte snøen ligg lenge i Botnane, men ved årsskiftet 2021/22 gjorde han det. Her er nokre av sauene på heimebøen. Foto: Hannele Turunen.

– Det bles andre stader også, ja, både i Gøteborg og Fredrikstad. Men her i Botnane er vi ikkje beskytta av ein by, vi får det rett i fleisen. Det kjennest ekstra sterkt når sjøen er så nær. Men dette var noko av det vi let oss sjarmere av med Botnane, seier Hannele Turunen.

Det er gått åtte månadar sidan Heidi Yttrehus tok seg ein spontan tur til Botnane i mai 2021. Ho hadde sett at garden var lagt ut for sal og at her var sauer. Heidi hadde vore rundt om og sett på fleire gardar, men anten var dei for store eller så var det så mykje å fikse at ho ikkje ville ta i ferd med det.

– Vi tenkte og funderte litt att og fram om vi skulle våge å satse i Botnane. Så såg vi at det skulle vere bygdehelg her midt i juli, men guida turar rundt om i nærområdet. Då reiste vi begge og var med på fleire av turane, og fekk sett naturen. Ei tid etterpå bestemte vi oss og eg kjøpte garden. Så langt har eg ikkje angra, seier Heidi Yttrehus.

Intervju Magni Øvrebotten 12.01.2022.

19. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-19 12:02:132022-05-21 23:04:32Sauene gjorde at det vart Botnane
Aktuelt

Lyst til å bu ved havet ?

Har du lyst til å bu ved havet, nær Frøysjøen i ein lengre eller kortare periode? No er  leilegheita i grendahuset i Botnane i Bremanger kommune ledig for utleige!

Huset er frå 1927 og leilegheita vart pussa opp på 1990-talet. Ho er i to etasjar med kjøkken, to stover, fire soverom og bad/vaskerom. Leilegheita har enkel standard og  mobilt breiband, internett, fjernsyn og varmepumpe.

Romma er enkelt møblerte og kjøkkenet har nødvendig utstyr for matlaging. På soveromma er det rammemadrasser (90×200). Ved langtidsleige kan folk bruke eigne møblar og eigendelar, og då vert møblar og utstyr lagra på loftet. Det er grendalaget som eig dette utstyret. Sjå bilete frå leilegheita her

Leiga er på 6000 kroner i månaden, medrekna straum.

Leilegeita ligg i Øvrebotten, Frøysjøvegen 2964. Det er bussamband morgon og ettermiddag til og frå båtsamband til Florø. Reisetid til Florø med buss/bil og båt er 25-30. minutt. Reisetid til kommunesenteret Svelgen med bil er 45-50 minutt, og med bil til Florø er det vel ein time.

Meir informasjon om Botnane, grendahuset og grendalaget finn du på heimesida www.Botnane.no og på fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag.

Ta kontakt med grendalaget

Er du interessert så ta kontakt med Botnane og Årebrot grendalag v/Åsmund Berthelsen (styreleiar).

Mobil: 93 23 70 73
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

 

Meir om huset og bygda

 

 

18. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-18 11:20:062022-03-13 12:54:44Lyst til å bu ved havet ?
Aktuelt, Arkiv

Kva skal vi arrangere, arbeide med – og få til i 2022?

Styret i grendalaget har drøfta planane for året vi nyleg har starta på, 2022. Vi stiller størsmål  med kva for arrangement vi skal satse på. Skal vi slutte med søndagskafeane? Skal vi ha sommarhelga/basaren 15.-17.juli eller helga etter, den 22.-24.juli? Kva saker skal vi arbeide med? Fiber, mobildekning, utbetring av veg, busskur og veglys? 

Styret vil sette vidare utvikling i dei to bygdene på dagsorden.

Kom med synspunkt! Vi invterer til søndagskafe i Botnane søndag den 6.februar kl.16.00 for å diskutere – og så vedtek grendalaget ein plan for arbeidet på årsmøte laurdag den 19.mars! 

 

Slutte med søndagskafeane?

Styret drøfta mellom anna kva vi gjer med søndagskafeane vi har hatt den fyrste søndagen i månaden. Frammøte har variert, men stort sett få som har kome. Noko skuldast nok korona og smittvernet, men det har gått jamt nedover med oppslutninga om kafeane. Vi må kanskje vurdere andre måtar og andre tidspunkt å samlast på?

Kva gjer vi med søndagskafeane? Det har vore ujamt med folk og stadig færre som kjem. Skal vi slutte med kafeane og finne på noko anna? Bilete er frå ein kafe med godt frammøte. Tidlegare stortingsrepresentant Tore Storehaug som slektar frå Husefest var med på kafeen.

Når vi har hatt eit innslag, orienteringar om aktuelle saker eller litt kultur, har det kome fleire. Difor er vi ute etter idear til program for møta/kafeane vi inviterer til, som kulturinnslag (dikt,sang, musikk?) eller aktuelle saker/tema vi kan ta opp. Og kanskje noko som kan engasjere den yngre garden i bygdene?

Kom med forslag!

17.mai og hjortefest er sjølvsagt!

17.mai-feiring, sommarbasar og hjortefest reknar vi som sjølvsagt! Det siste tek jegarane seg av.  Den festen har vi i Botnane. 17.mai har vi på Årebrot. Og her treng vi ein komite. Fint om nokon melder seg.

Sommar- og bygdehelg

Styret tenkjer at vi gjer som i fjor sommar, å ha ei sommarhelg eller bygdehelg der vi har den tradisjonelle basaren, men der vi også har anna program både fredag, laurdag og søndag. Kyrkja har sagt dei er interessert i å ha utegudsteneste på Jørnjorda den helga.

Bilete er frå fellesturen vi hadde frå Årebrot til Husefest under sommarhelga i fjor. Styret planlegg for ei ny slik helg komande sommar.

Om det ikkje var så mange med, hadde vi to fine og kjekke turar i fjor sommar. Så vi planlegg for fellesturar til sommaren også.

Er det andre ting det kan vere interesse for å ha denne helga? Og skal vi satse på midt i juli, 15.-17. eller helga etter 22.-24.juli? Ber om innspel både på innhald og datoar? Vi tek sikte på å ha det når det er mange som er på ferie i bygdene.

Fiskekonkuranse i Nøre vatnet er ein kjekk aktivitet, også for dei minste. Då det satsar vi på.

Å arbeide for å få ubetra, utvida og rusta opp Frøysjøvegen er ei viktig sak for grendalaget. Men kva andre saker skal grendalaget arbeide med og for?

Fiber, mobilsamband og veg

Både Kinn og Bremanger kommune har lova å få på plass fiber! Men grendalaget reknar med å måtte stå på for at det skjer så fort som mogleg. Vi skal dytte på så godt vi greier!

Og så er det å få gjort noko med Frøysjøvegen, frå Myklebust til Villevika. Her trengst både vedlikehald og utbetring. I juni handsamar fylkestinget investeringsprogrammet for fylkesvegane. Så der må vi arbeide for meir midlar til utbetring og vedlikehald av fylkesvegar!

Grendalaget må på nytt ta opp spørsmålet om redusert fartsgrense gjennom Botnane! I tillegg må vi ta opp sak om å bygge eit busskur med ljos i Myrane, og vi har hatt på programmet å få vegljos frå Myrane og fram til husa i Sørbotten.  Kom gjerne med synspunkt på dette også! Og om det er andre saker vi skal arbeide med  – inn mot kommunen og fylkeskommunen!

Gjestehamner?

I siste styremøte vart det også teke opp om grendalaget skal arbeide for å få til organiserte gjestehamner i Botnane og på Årebrot. Dette må sjølvsagt organiserast i samarbeid med private.

Husa våre

Grendalaget eig no grendahuset på Årebrot.  Og vi har ansvaret for huset i Botnane, men der er kommunen formell eigar. Det er behov for vedlikehald og reparasjonar av båe husa. Styret tenkjer at det er behov for å leige ein del hjelp til dette. Det er vanskeleg å få gjort alt på dugnad. Men det vert som tidlegare minst eit par dugnadslaurdagar for å gjere mindre arbeid på dei to eigedomane. I tillegg eig grendalaget kaihuset på Villevika. Her er det behov for å gjere mykje.

Grendalaget har no ansvaret for to hus. Styret meiner vi må leige meir hjelp for å få gjort alt av vedlikehald og reparasjon. Men det vil framleis verte behov for dugnad slik som her i Botnane i 2020. Frå venstre Åsmund Berthelsen, Asgeir Øvrebotten og Elisabeth Ruud Nordbotten.

Mange medlemmer og solid økonomi 

Grendalaget har godt økonomi, og vi reknar med å få ein del meir midlar inn i samband med overtakinga av grendahuset på Årebrot.

Grendalaget hadde nesten 140 betalande medlemmer i 2021. Det er positivt at så mange er med – og at så mange utanbygds også er opptekne av det som skjer i dei to bygdene.

Vidare utvikling ?

I 2022 vil grendalaget sette vidare utvikling i Botnane og på Årebrot på dagsorden. Kva gjer vi for å få fleire til å busette seg her? Det fyrste vi gjer er å lyse ut leilegheita i skulehuset for utleige til folk som vil bu der meir fast. Vi vil også invitere grendalaget på Askrova til ein kafe eller eit møte for å høyre kva dei har gjort for å få tilflytting.

Og så vil vi meir formelt ta opp ei vidareføring av Frøysjøvegen aust- og sørover via Terøya til Florø. Det minkar reiseavstanden mykje til byen – og det kan opne for at det vert meir utbygging på Årebrot. Om det er folk vil? Også eit aktuelt tema på ein kafe eller eit møte.

 

Styret i grendalaget, frå venstre Åsmund Berthelsen, leiar, Nina Seljestokken, nestleiar, Tone Seljestokken, Helen Aasen og Vetle Aase Øvrebotten. Nina, Tone og Vetle er på val på årsmøte den 19.mars. Og Åsmund er på val som leiar. Varamedlemmer til styret er Jens Anders Sunde Midtbø, John Sande og Jurate Tamosiuiene er varamedllemmer som er på val kvart år. Ei valnemnd førebur vala som skal vere på årsmøte den 19.mars.

Foto: Magni Øvrebotten

 

 

 

18. januar 2022/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2022-01-18 10:51:342022-02-17 17:27:47Kva skal vi arrangere, arbeide med – og få til i 2022?
Aktuelt

Kort om huset og bygda

På strekninga Botnane-Årebrot er det omlag 50 fastbuande personar, som anten arbeider i området eller pendlar til arbeid i Florø og Svelgen. Det er skule- og arbeidsruter med båt til/frå Florø morgon og ettermiddag, frå ferjekaia på Villevika (Årebrot). Dei som arbeider i Svelgen køyrer Frøysjøvegen nordover mot fylkesveg 614. Grendalaget arbeider for å få fleire båtruter for å gjere det lettare både å bu og arbeide i området.

Næringslivet i Botnane er gardsbruk med sauer, kyr og utegangarfe og eit settefiskanlegg for aure. I Seljestokken er det båtverkstad og steinbrot, og heilt sør mot ferjekaia på Villevika held Brandsøy maskin til. Sjå meir om nærlingslivet her

I desse bygdene var det tidlegare mange fiskarbønder, som livnærte seg av ein kombinasjon av fiske og jordbruk. Det er det ikkje lenger, men båtliv og fiske i sjøen er ein kjær aktivitet for mange.

Frå skulehus til grendahus

Grendahuset i Botnane var skulehus frå 1927 til 1975, og ligg i Øvrebotten. Leilegheita var lærarbustad og vart pussa opp for utleige på 1990-talet. Ho har vore utleigd i kortare og lengre tid sidan den tid.

Leilegheita ligg i den nordre delen av huset, med eigen inngang. Her er to stover, kjøkken og bad/vaskerom nede, og fire soverom, gang og loft oppe. Frå tømmerstova er det utsikt mot sjøen, medan dei andre romma vender mot fjella og skogen, og leike- og parkeringsplassen på baksida av huset.

Grendahuset og området rundt vert halde ved like og rydda på dugnad av bygdefolket. Det er viktig at dei som leiger her har respekt for det, og tek omsyn til at dette er både eit utleige- og forsamlingshus som folk i bygda er glad i og vernar om.

 

Diktarstien i Botnane

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-88) budde på to rom i denne leilegheita frå 1978 til 1985. Han var fasinert av roa og stilla han fann i Botnane, naturen og det omskiftelege veret. Han skreiv eit eige dikt om skulehuset.

I 2018 vart Diktarstien i Botnane opna, 4,3 km lang, med ti dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte der han vart inspirert til å skrive dei. Dikta «Huset som talar» og «Den annsame» finn du på baksida av grendahuset. Der er det inngang til forsamlingslokalet i bygda, som vert brukt til små og store samkomer.

I den gamle skulestova i grendahuset er det eit mindre lokale med delar av den gamle skule- og folkeboksamlinga og skulpturar av kunstnaren Aase Botnmark. Her har det vore både barnedåp og julemesse (sal av handarbeid), og rommet eignar seg godt til mindre møte og lag.

 

 

Flott tur- og sykleområde

Både i Botnane og på Årebrot er det mykje flott natur med både merka og ikkje merka stiar og vatn med fisk i. Frå Botnane er det merka stiar til fjella Opnaren, Middagsnova, Storehornet og Botnanipa. Herifrå kan ein også gå kortare turar til Nøre- og Søre dalen og Skudalen.

På Årebrot er det merka DNT-løype frå Årebrot til Grytadalen. Starten går innover i Uradalen med mykje storvaksen furuskog. Det er også eit fint turterreng frå Husefest og over mot Årebrot, og i Husefestmarka. Mellom Husefest og Botnane ligg Bugen naturreservat, «Regnskogen i Botnane», med over 100 år gamal bjørk- og furuskog, og mange andre treslag, innsekt- og soppartar.

Det er også fint å sykle langs Frøysjøvegen frå Botnane til Villevika, langs den merka Nordsjøløypa. Her syklar ein langs stranda mot Frøysjøen, der hovudskipsleia går rett forbi i dag som ho gjorde i bronsealderen. Meir informasjon om turar her

 

 

Kulturminneløype

I 2021 vart det opna ei kulturminneløype mellom Botnane og Årebrot, der det ligg over 40 graverøyser frå bronse-og jernalder. Dei fire største graverøysene i  Botnane er av dei fremste kulturminna i landet frå bronsealderen. Dei er no skilta og gjort meir tilgjengelege for folk. Det er også informasjonsskilt om graverøysene i Seljestokken og på Villevika, der gravrøysene ligg som perler på ei snor langs stranda. Les meir her

Eit aktivt grendalag

Botnane og Årebrot grendalaget arbeider med viktige saker for bygdene, både om å få fiber, betre mobilsamband, utbetringar av vegar og meir. Laget har stått i spissen for å få til både Diktarstien og kulturminneløypa om gravrøysene frå bronsealderen. Og grendalaget arrangerer dugnadar og sosiale samkomer som kafear, basar, 17.mai, hjortefest og no sist sommar ei bygdehelg med fellesturar og sommarbasar. Laget driv også ei aktiv side på Fjesboka for å halde folk oppdaterte om det som skjer.

Meir informasjon om Botnane og Årebrot, både i fortid og notid, finn du på heimesida www.botnane.no og på fjesboksida 

Til slutt litt folkeopplysing: Botnane er den sørlegaste bygda på fastlandet i Bremanger kommune, tvers over Frøysjøen frå Kalvåg. Grensa til Kinn kommune går i Husefest. Svelgen er kommunesenter i Bremanger kommune, som er omkransa av Kinn kommune. Den kommunen er laga av gamle Flora kommune i sør og gamle Vågsøy kommune i nord.

 

 

 

18. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-18 10:36:272022-01-18 13:14:38Kort om huset og bygda
Aktuelt, Arkiv

Treng fleire stjernestopp med Kystvegekspressen

Kystvegekspressen (Sylvarnes) ved kai på Villevika. Grendalaget ynskjer fleire stjernestopp som ikkje vil ta meir enn fem minutt, men vil ha mykje å seie for dei som reiser. Foto: Magni Øvrebotten

Botnane og Årebrot grendalag ynskjer stjernestopp på Villevika for alle båtrutene til Kystvegekspressen, som går mellom Florø og Måløy. – Båten passerer Villevik på veg mellom Florø og Smørhamn, og eit stopp her tek mindre enn fem minutt, skriv nestleiar Nina Seljestokken i eit brev til Kinn kommune. Kommunen oppmoda grendalaga om å kome med ynskje etter at Skyss/Vestland fylkeskommune inviterte kommunane til å kome med innspel vedkomande ruteendringar for buss, båt og ferje i 2022. Samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune skal ha saka føre i slutten av januar.  

– På strekninga Botnane-Årebrot er det eit aktivt næringsliv med mellom 25-30 arbeidsplassar, og eit meir fleksibelt transporttilbod gjer kvardagen langt enklare for oss. Det gjeld både for fastbuande, hyttefolk og pendlarar, seier Nina Seljestokken, som i tillegg til å vere nestleiar i grendalaget er leiar for Seljestokken båtverkstad.

Eit betre og meir fleksibelt rutesamband er viktig for busettinga i Botnane og Årebrot. Foto: Nina Seljestokken

Dei som til dømes bur i Florø og arbeider på båtverkstaden og steinbrotet i Seljestokken må kome seg med båten kl. 06.50, elles kjem dei seg ikkje på arbeid utan å køyre privatbil ein times tid. Det går ikkje båt til Villevika før om ettermiddagen.

– For dei kan rutebåten kl. 08.30 vere eit alternativ. Den sokalla «politikarruta». Båten har ofte få passasjerar, så det er god plass til oss. For dei fastbuande i Botnane og på Årebrot vil det vere eit stort framsteg om Kystvegekspressen kom opp om Villevika kl. 11.45, på veg attende til Florø. Då kan dei handle, gå til doktar eller besøke folk utan å måtte bruke heile dagen i Florø. I dag kjem dei til Florø lenge før butikkane opnar, seier Nina Seljestokken.

Ho er overtydd om at eit betre og meir fleksibelt rutesamband er viktig for busettinga. Ho veit om folk som vurderer å busette seg her, som går i turnus i Florø, og for dei ville desse rutetidene passe. Også hyttefolket er interesserte i fleire stjernestopp for å kunne bu på hytta og pendle til jobb, noko som også vil auke busettinga.

Nina Seljestokken har stundom prøvt å ringe Kystvegekspressen når båten er på veg attende til Florø, for å få dei opp under Villevika. Men det har dei ikkje lov til når staden ikkje står som stjernestopp i ruteheftet. – Villevika er merka av med nokre få stjernestopp, men altså ikkje 08.30-ruta frå Florø på yrkedagar. På laurdagar kan du ta Kystvegekspressen frå Florø til Villevika kl. 13.00, men båten kjem ikkje oppom på returen. Når det er skikkeleg styggever og dårlege køyreforhold over Magnhildskaret vinterstid er det betre å ta den bilførande Kystvegekspressen (må tinge plass) til ferjeleiet på Årebrot, enn til å køyre rundt med hjarte i halsen, seier Nina Seljestokken, nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag.

 

Styret i Botnane og Årebrot grendalag med frå venstre, Åsmund Berthelsen (leiar), Nina Seljestokken (nestleiar), Tone Seljestokken, Helen Aasen og Vetle Aase Øvrebotten. Foto: Magni Øvrebotten.

 

 

Magni Øvrebotten 10.01.22.

 

 

11. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-11 18:11:272022-01-11 23:10:19Treng fleire stjernestopp med Kystvegekspressen
Aktuelt, Arkiv

Steinbrotet må tøme lagra

 

 

– Det har vore ein stille haust ved steinbrotet i Seljestokken, november og desember var ekstra stille og lagera våre var fulle. Difor måtte vi permitere sju tilsette i januar, men no er fire av dei attende på jobb og eg reknar med at alle er det om ikkje så lenge.  No håpar vi å kome oss skikkeleg i gang att. Det er ikkje ofte vi har så store leveransar som i dag, 16.000 tonn med stein, og torsdag kjem det ein ny båt for å hente stein, seier Trond Sleire.

Han er dagleg leiar for DC Seljestokken Aggregates AS. Steinbrotet har bytt namn, men eigaren er den same, belgiske Group de Cloedt. Dei tre anlegga deira på Eikefet, Halsvik og Seljestokken har fått samlenamnet DC Resources Norge.

– Pandemien gjorde det vanskeleg å få tak i båtar og utgiftene til frakt aukar, fortel Sleire. Båtane vil gå med dei varene dei tener mest på, og det er ikkje stein. Den store lastebåten som låg ved kai måndag skal til Hull i England, der steinen  skal brukast til asfalt. Mesteparten av steinen frå Seljestokken går til asfalt, og sidan asfaltlegging er litt sesongbetont vert det som regel mindre levering vinterstid.

Til saman arbeider det 19 personar på steinbrotet i Seljestokken. Ti av dei arbeider i turnus, fire veker på og fire veker av. Ni arbeider dagtid og i administrasjonen.

Pandemien skapte ein god del problem i fjor på denne tid. Då det var vanskeleg å få inn arbeidskrafta frå utlandet. – Vi er nokså avhengige av dei, og etter at dei vart vaksinerte og kan teste seg på grensa har det gått greitt, seier Trond Sleire. Han håpar og trur at alle dei permiterte er attende i jobb om ikkje så lenge.

10.01.22. Magni Øvrebotten

 

11. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-11 10:46:492022-03-23 15:33:59Steinbrotet må tøme lagra
Historikk

Turking av torsk på Vengane

Vengane i Frøysjøen i solnedgang i 2021. Foto: Magni Øvrebotten.

I 1980 oppmoda Landslaget for bygde- og byhistorie og Nasjonalforeininga for folkehelsa folk som var fødde før 1914 om å skrive sokalla minneoppgåver. I Sogn og Fjordane deltok 161 pensjonistar og ein av dei var Magna Øvrebotten, fødd Nordbotten (1900-1992), frå Botnane. Eit av livsminna ho sende inn var dette om turking av torsk på Vengane:

Frå reina i Sletten ser ein tydeleg at Vengane består av to vengar. Den mot vest heiter Skavengen og vart brukt til sommarbeite for sauer frå gardane i Sletten. Vengen med seglemerket på heiter Langevengen og vart brukt av gardane i Nordbotten.  Foto: Ingrid Bruflot.

«Det var i 1912. Det hadde vore godt torskefiske på havet om vinteren og det var mange frå Botnane som fiska. Dei selde fisken på Kalvåg, der det var mange oppkjøparar. Desse salta fisken for å turke han seinare på våren. Og ein av dei ville turke fisken på Vengane, rett utanfor Botnane.  Det var vaksne folk som vaska fisken, og når det var gjort, skulle vi ungane vere med eit par vaksne karar og arbeide med fisken.

Vi rodde ut til Vengane i småbåtar tidleg om morgonen. Der la vi desse store fiskane utover berga så dei kunne turke. Det måtte vere opplett vêr, for det måtte ikkje kome regn på fisken. Men fisken var tung og stor, og det var ikkje greit å orke dette arbeidet. Du verda kor eg sleit!

Det var nok for tungt for ei 11-års jentunge. Men eg tenkte på pengane, tenk 80 øre for ein dags slit. Hendene var såre og fulle av salt, og ofte stakk eg meg på beina i fisken. Det var hardt nok og eg sleit meir enn eg vilde syne.

Ved middagsbel åt vi nista vi hadde med oss. Då hadde vi det gildt der vi sat i lag alle. Vi var ein seks-sju stykke. Men kvilda var ikkje lang. No skulle fisken snuast slik at han turka på den andre sida òg.

Då det leid ut på dagen var det å samle fisken saman og leggje han pent i store, runde stablar. Vi kom ikkje heim att før seine kvelden, og neste dag var det same arbeidet opp att. Dette arbeidet heldt fram i fleire veker før fisken var turr og fast».

Dette bilete av syskenflokken til Magna vart teke i 1912, same året som ho var med på å turke torsk på Vengane. Det er grunn til å rekne med at fleire av syskena var med på det. Frå venstre: Nils (1906-1966), Olav (1893-1973), Astrid (1894-1970), Magna (1900-1992), Malfrid (1897-1979), syskenbarnet deira Magnhild Sletten (1893-1970) og den eldste av syskena i Nordbotten, Solveig (1891-1975). Bilete er truleg teke av Arne Nordbotten, bror til Magnhild. Han var den fyrste frå Botnane som skaffa seg fotoapparat.

Kjelder:

Ståle Sørbotten, om Vengane.

Boka «Sogn og Fjordane i nær fortid». Det Norske Samlaget 1986.

Skanna bilete frå Bygdebok for Bremanger, band ll. Av Årstein Svihus. Selja forlag. Om nokon har dette bilete av syskenflokken i Nordbotten i original må dei ta kontakt, slik at vi kan få betre biletkvalitet på det.

4. januar 2022/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2022-01-04 16:56:052022-01-04 17:34:37Turking av torsk på Vengane

Kategoriar

  • Aktuelt
  • aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top