Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
magni

Om magni

This author has not written his bio yet.
But we are proud to say that magni contributed 192 entries already.

Oppføringar av magni

Aktuelt, Arkiv, Historikk

Naud er skam, endå om ho er gamal 

Få ting er meir skammeleg enn naud. Difor talast og minnest det lite frå tida då det fanst matnaud her i bygdene, for berre snautt 100 år attende. Då er det ikkje tale om krig, men rett og slett matnaud kring om i stovene. Men var det matnaud her som folk hadde havet så nær? […]

25. februar 2023/av magni
Aktuelt, Arkiv, Historikk

Fridtjov fortel om det han har blitt fortalt

– Det er merkeleg kor det eine minnet hektar seg på eit nytt, eller rettare sagt eit gamalt. Eg var ein slik unge som hadde glede av å sitje og høyre på vaksenpratet, og mykje av det eg høyrde skulle det ta tid før eg skjøna, seier Fridtjov Urdal. Han slær også fast at det […]

10. februar 2023/av magni
Aktuelt, Arkiv

Stor interesse for kurs i turrmuring

Det er stor interesse for kurs i turrmuring i Botnane med gråsteinsmurar Haakon Aase, frå Holsnøy. Fyrst melde 23 seg interesserte og etter bindande påmelding er det 19 som vil vere med. Det blir to kurs, eit frå 17. til 19.august og det andre frå 14. til 16.september. Det er plass til 10 deltakarar på […]

10. februar 2023/av magni
Aktuelt

Er det interesse for kurs i muring?

Grendalaget har fått spørsmål om å få til eit kurs i turrmuring med gråsteinsmuraren Haakon Aase, frå Holsenøy. Føremålet er å lære turrmuring og få betre kunnskap om stein og muring, både for å lage nye murar og halde ved like gamle. Vi bur i eit område med mykje stein og mange steingardar. Magni Øvrebotten […]

20. januar 2023/av magni
Aktuelt, Arkiv

Opplett i berre 99 dagar i 2022

Det var berre 99 dagar utan nedbør i Botnane i 2022. Men likevel vart det ikkje eit rekordvått år i Rune Nordbotten sine målingar. Det var ein turrare haust som gjorde det. Nordbotten har registrert veret i Botnane i 48 år og juli månad var den nest våtaste han har målt nokon gong. Juli var […]

19. januar 2023/av magni
Aktuelt

Kjekt å vere besteforeldre

Vi har vore i Runnane og snakka med Solbjørg og Åge Sørbotten om å vere besteforeldre, og mykje anna. Dei har fire barn og sju barnebarn, som gjerne samlast i Runnane. To av borna og tre borneborn bur i nærleiken. Det er stas. Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra, men […]

7. januar 2023/av magni
Aktuelt, Historikk

Besta og Besten i Runnane

– Det er sant som det vert sagt at borneborn er «livets dessert». Våre likar å vere her og vi likar å ha dei her. Eg prøver å la vere å legge meg opp i oppdraginga, det er foreldra flinke til sjølve, seier Solbjørg Sørbotten. – Å, for å seie det enkelt, det ungane ikkje […]

7. januar 2023/av magni
Aktuelt, Historikk

Mystikk og uhyggje?

Av Fridtjov Urdal Etter mi røynsle så har, om ikkje alle, så i alle høve mange vore ute for hendingar og opplevingar som vi ikkje finn noko rimeleg rasjonell forklaring på. Kva var no det? Kva var det eg såg? Kva var det eg høyrde og kva var det som hende? Det er kan hende heller […]

4. januar 2023/av magni
Aktuelt, Arkiv

Verre og verre å få tak i juletorsken

Torsdag 22.12.22, sola har snudd, det lysnar av dag og Audun Sande har lova at eg skal få vere med han og Arve Nøttingnes for å sjekke om det er juletorsk i dei sju doble torskerusene dei har ståande i sjøen. – Det vert verre og verre for kvart år å få tak i juletorsken, […]

25. desember 2022/av magni
Aktuelt

Ein gamal draum går i oppfylling

Frå måndag 2. januar 2023 går det buss frå Villevika kl. 07.00, som er framme i Botnane kl. 07.20. Det vil vere ei eigna arbeidsrute for dei som arbeider i området og kan kome med båten som går frå Florø kl. 06.50. På ettermiddagen vert det ei ny bussrute frå Botnane kl. 15.10, som er […]

22. desember 2022/av magni
Side 8 av 20«‹678910›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top