
Elvine vil ha foreldra med på å danse heller enn å bli intervjua.
I Botnane er det ikkje daglegdags at det flyttar folk til bygda. Men siste veka i mai flytta Bolette Nordbotten Espedal (26 år) heim, saman med ektemannen Fredrik Espedal (30) og dottera Elvine (2,5 år). Og 3. juni kom Alfred Johan til verda på sjukehuset i Førde. No er dei i ferd med å bu seg inn i huset etter besteforeldra til Bolette, og håpar å kunne bety ein skilnad for bygda.
På spørsmålet om ho alltid har tenkt seg heim dreg Bolette litt på det. – I vaksen alder har eg hatt lyst til å flytte heim ein dag, men ikkje nødvendigvis trudd at det kom til å bli. Eg var usikker på om eg kom til å møte nokon som ville bli med meg hit, seier Bolette. Ho møtte Fredrik Espedal i Bergen indremisjon, han er frå Bønes i Bergen. – For nokre år sidan ville det ikkje vore aktuelt for meg å flytte til Botnane. Men når du får barn blir det andre prioriteringar enn før. Familien betyr mest, det vert mindre tid til vener og alt ein dreiv på med før, seier Fredrik.
– Det er lett å tenkje at ein skal vente til her kanskje vert fleire barnefamiliar. Men her er barn i bygda og med å flytte sjølv tenkjer eg at vi kanskje kan få fleire til å kome hit? seier Bolette. Ho håpar det. Intervjuet føregår medan ho ammar Alfred Johan og storesyster Elvine gjer det ho kan for å få den merksemda ei storesyster er van med å ha. Ho både snakkar og syng høgt, og vil ha med seg faren ut på golvet for å danse.

Dei signaliserte sterk tilknyting til området alt då dei gifta seg 27. juni 2020. Dei vart vigde i Midtgulen kyrkje og bryllaupet feira dei på Årebrot grendahus. Det var skulehus då Bolette gjekk på skulen.
Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten.
Lærarjobb i Svelgen og heimekontor i Botnane
Bolette leverte masteroppgåva si på lærarutdanninga på Høgskulen i Bergen 15. mai og ventar spent på sensuren. Fast arbeid har ho fått seg på skulen i Svelgen (1. til 7.klasse) og der skal ho starte etter nyttår. Fredrik arbeider med datasikkerheit og har personalansvar for ni programutviklarar. På grunn av personalansvaret skal han åtte turar i året til Bergen. Utviklarane lagar dataprogram som bankane kjøper for sikker pålogging og bruk, og oppdaging av forsøk på svindel. Firmaet Tietoevry er eit finsk IT-selskap og har totalt 24.000 tilsette i 20 land. Fredrik byrja i jobb att tysdag denne veka, etter to veker pappaperm.
– Eg er veldig glad for at eg fekk flytte med meg jobben til Botnane og heimekontor her. Vi jobbar i team og koplar oss opp mot kvarandre. Før eg flytta var eg på kontoret tre dagar i veka og to heime, men under koronaen fekk vi god trening i å sitte på heimekontor. Så det trur eg ikkje vert noko problem.
– Kva ser du på som største utfordringa med å flytte til Botnane?
– Fyrst må eg få seie at det er ein heilt nydeleg plass. Største utfordringa med å bu her er all reisinga, ein må reise forholdsvis langt om ein unge blir sjuk, om ein skal delta på noko eller handle. Det blir ei omstilling.
– Kva fordelar ser du?
– I Bergen har vi sakna å ikkje kjenne naboane våre så godt. Det trur eg vert annleis her, vi kjem nærmare folk rundt oss med å delta på dugnadar og kafear, og vi vil vere med og dra lasset. – Vi ynskjer å bidra og forhåpentlegvis bety ein skilnad, og sette Botnane litt på kartet, seier Fredrik entusiastisk.
Opphavet til sendebrettbana
I fjor sommar opna Botnane sendebrettbane (diskgolf) og det hadde det neppe gjort om ikkje Bolette og Fredrik vart bitne av den sporten under koronaen. Og far/svigerfar Rune Nordbotten vart også engasjert og dei byrja arbeide med å få til ein bane i Botnane.

Bolette og systrene Birthe og Karen snikra utkast til bana saman med Fredrik, faren Rune og andre på dugnaden i påska 2023
– Det var kjekt å få til bana i det fine området ho ligg i, og det kjem folk langvegsfrå for å bruke ho. Eg trur ikkje det vert det siste prosjektet, for eg er veldig glad i å sette i gong til, fastslår Fredrik Espedal.
– Korleis er det å flytte inn i huset etter besteforeldra dine, Bolette?
– Det er litt rart. Her er ting eg forbind med Besta og Besten, som eg ikkje klarer å kvitte meg med. Her er ein del å rydde vekk, men vi er heldige som kan kome til eige hus. Det har vore ei omstilling for Elvine, for ho synst det er rart at vi skal vere her og ikkje oppe med foreldra mine. Det er der vi har brukt å bu når vi har vore heime, og ho likar seg der. Det er i det heile veldig kjekt med to besteforeldre rett opp i bakken (Elisabeth Ruud Nordbotten og Rune Nordbotten).

Fredrik og Bolette med borna Elvine og ein sovande Alfred Johan.
– Du er odelsjente, kva tenkjer du om gardsdrifta når far din ein gong gjev seg?
– Vi tenkjer ikkje å drive med dyr, i alle høve ikkje kyr. Du blir så bunden av dei. Men vi har lyst til å dyrke mat, og vi må slå graset, elles ser her ikkje ut, seier Bolette før Fredrik skyt inn at han har tenkt å ta traktorlappen for å vere med i det praktiske. Han ser positivt på at svigerfaren legg til rette for meir turisme. – Der kan eg administrere og styre meir, betre til det enn praktisk gardsarbeid, trur eg, seier Fredrik.
Bolette valde lærarjobb i Svelgen for å ha meir styring med tida si. – Då kan eg køyre til og frå arbeid, og vite om lag når eg er heime att. Det er ikkje like lett om eg skulle arbeide i Florø og vere avhengig av når båtane går til og frå Villevika på Årebrot.
Likar brettspel
– Du må få med at om her er nokon som likar å spele brettspel så må dei ta kontakt med oss, vi er begge glade i det. Eg lagar også brettspel, fortel Fredrik.
– Du lagar vel eit om Botnane då?
– Ja, kanskje det? Spørst kva det skal handle om?
Tekst og foto: Magni Øvrebotten 18.06.2024.


















Kornelius (Karnils) og Helena (Helina), foreldra til Anna. Dei var plassfolk i Seljestokken.







