Sommaren 2023 håpar vi at Sigrid Moldestad og Regndropebandet hennar står på scena på Årebrot grendahus med familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr. Ho har sett tone til 14 barnedikt av Jan-Magnus Bruheim og håpar å få laga plate av dei neste år. Det er eit samarbeid med Førdefestivalen, Falturiltufestivalen på Stord og Vossajazz som har gjort førestillinga mogeleg, som hadde premiere på Folkemusikkfestivalen i Førde i juli. I dette intervjuet fortel Sigrid Moldestad om forholdet sitt til Bruheim sine barnedikt.
– Dei som driv med hage lever lenger og er friskare enn andre. Det trur eg på, seier Anne-Karin Holm Årebrot bestemt. – Det er mykje god terapi i å arbeide i hagen, legg ho til, og skildrar leande kor godt det gjer å denge laus på ein stein eller hakke i jorda når du er skikkeleg forarga.

– Desse blomstrane likar ikkje slike regnsomrar som vi har i år, seier Anne-Karin Holm Årebrot, og plukkar vekk det som har visna.
Etter ein regntung sommar har eg endeleg kome meg på besøk i hagen til Anne-Karin i Vaulen på Årebrot, der ho og mannen Håkon Årebrot bur. Stadig fleire på Årebrot spurde om eg hadde vore der? Den hagen er noko å skrive om, meinte dei. Sjølv synst ho at eg helst burde ha kome i tidsrommet april-juni, når løkplantane og rododendronane blømer. Då er hagen eit syn! Men trass i alt regnet lyser vakre roser, klematis, busknellikar og massevis av stauder mot meg i sterke fargar, fint avstemt mot gråstein og grøne blad og busker. Blomane vitnar om godt stell og mykje arbeid.

Dette bilete har Håkon teke av Anne-Karin i arbeid med rosene. Det er så grunn jord at ho må plante dei i vide tønner for å få skikkeleg vokster på dei.
– Har du alltid vore oppteken av hagearbeid?
– Nei, på ingen måte. Eg trur det er ei sjeldan interesse hjå folk i heilt ung alder. Men eg vaks opp med ei adoptivmor på Furset, i Fjaler og hagen hennar var rekna for å vere fin. Der var det bærtre og prydbusker som sette preg på hagen.
Fyrste hagen i Luxemburg
Det var i Luxemburg Anne-Karin hadde fyrste hagen sin. – Der budde eg i seks år (1986-92), med den dåverande mannen min og dei tre borna våre. Der merka eg ei gryande interesse for å plante til hagen, særleg med busker, blant anna eit mandeltre. Borna mine har vore attende og sett huset vi budde i og fortel at buskene vi planta framleis står der og er frodige.
– Stor skilnad på Luxemburg og Årebrot reknar eg med?
– Ja, men mellom dei to hagane hadde eg hus og stor hage i Florø i mange år. Det var fyrst då eg selde huset der i 2012 at byrja med hagen her som Håkon hadde hus.

Håkon og Anne-Karin har stor glede av hagen og likar å finne ut kva dei kan få til å vekse der.
Dei var begge skilde då dei møttest på dans i Flora samfunnshus i januar 2000. Ho har to døtrer og ein son, han har to søner og ei dotter. I mange år budde dei fast i Florø og brukte huset på Årebrot i helgar og feriar. No har dei ei leilegheit i Florø, men bur mest på Årebrot. Begge er pensjonistar, men ho tek framleis vakter i omsorgstenesta i Florø når dei spør.
– Hagen her har blitt til litt etter litt. Det bles og er verhardt, så det er spennande å sjå kva ein kan få til å vekse her. No er det stauder som står hjarte mitt nærast, og dei plantar eg tettast råd, då er det minst arbeid med dei. Ugraset sleppe ikkje til på same måten som når det er opa mold, forklarar Anne-Karin.

Ingenting å seie på utsikta. Denne kvelden gjekk Christian Radich forbi.
– Er du med på dette hagearbeidet, Håkon?
– Det var ikkje mykje hage her med meg då Anne-Karin kom hit, eg konsentrete meg om å halde husa ved like. Men etter at eg fekk meg gravemaskin flyttar eg stein og planerer, berre ho seie korleis ho vil ha det. Vi brukar mykje naturstein som alt er på tomta, men som må flyttast både hit og dit.
Han er openbert stolt over hagen til kona, men tykkjer han er stor nok no. På ein rundtur i hagen fortel ho levande om at her ynskjer ho seg ein dam, her skal det bli meir bed, fleire stader trengst det ein ny sitteplass for å få nyte nett den nydelege sjøutsikta. Dei har panoramautsikt over hovudskipsleia, og medan eg er der fer Christian Radich forbi.
– Det er ikkje alltid at Håkon er ledig når eg vil ha noko gjort, ler Anne-Kristin. Men etter kvart har det vorte mindre snakk om at eg ikkje må kjøpe meir blomar. Det gjer eg no uansett, for eg vil plante tett, og så er det så spennande å prøve nye sortar.
Til dømes druer i drivhuset, som dei bardunerer fast om vinteren, slik at det ikkje fyk til himmels. Men no modnar det druene der.

Håkon byr på prøvesmaking av druene i drivhuset i Vaulen.
Tang mot sniglar
Håkon er mest med i samtalen når han kan dele gode råd mot sniglar på grønsakene. Det hjelper å legge tang kring karmane på beda, då slepp ein at gråsnigelen et opp grønsakene. Tang er også godt for bærtrea, ein sekk med tang per tre held dei friske og grøne. Mot lus på rosene hjelper det med neslevatn, så Anne-Karin har brennesle i blomsterbedet for å vere sjølvberga. Nesleblad og vatn skal stå i to veker til det luktar kloakk før ein blandar det ut i vatn og tek luseangrepet, raskt og effektivt.
Dei ynskjer å bruke minst mogeleg med kunstgjødsel og har funne løysinga i sokalla Bokashi-kompost. Dei samlar matavfallet i små plastbøtter, strør på sukkerhaldige frø og let det stå i to veker og gjære, også kalla fermertering. – Sniglar likar ikkje fermertert materiale, men makk og padder er det mykje av i komposten etter denne nedbrytingsprosessen. Og frå plastbøttene med matavfall tappar Anne-Karin vatn og brukar som gjødsel på plantane, fortel Håkon entusiastisk.
– Korleis reddar de hagen frå å bli oppeten av hjort?
– Straumgjerde, seier Håkon kontant. Han har sett opp eit høgt sauegjerde med eit straumførande kvit band/streng ca. 50 cm over på toppen. – Du merkar at du er borti det, seier han. – Det er vår og haust det er viktigast å ha straumen på. Det verkar som om hjorten har lært at her er det ikkje vits i å hoppe gjerde. Hadde vi ikkje hatt det gjerde hadde vi berre hatt rododendron og påskeliljer, for det et ikkje hjorten, seier Anne-Karin Holm Årebrot.

Ingenting kan måle seg med våren og forsommaren i hagen, meiner Anne-Karin, og dette bilete syner kva ho snakkar om då. Privat foto.
Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 1. august 2022.
Sigrid Moldestad er spent no når ho og Regnbogebandet skal ut og presentere ei familieførestilling med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, med premiere på Folkemusikkfestivalen i Førde 7. juli. – Dikta hans er tidlause og universelle. Han skriv om ei mikroverd eg hugsar godt frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små, og no set eg meg ned på huk for å sjå og formidle dette til andre, seier Sigrid Moldestad. I Regndropebandet har ho med seg musikarane Jørgen Sandvik, Kåre Opheim og Sondre Meisfjord.

– Då eg fekk den store gåva å saumfare diktinga til Jan-Magnus Bruheim og tonesette dikt til CD-en «Brevet til kjærleiken» i 2014, sat mange av barnedikta hans så i meg etterpå. Dei er så flotte. Alt då sette eg tone til to av dei, Bekken syng og Kråketankar, men dei kom ikkje med den gongen. Og etterpå måtte eg ha litt tid for å gjere andre ting, fortel Sigrid Moldestad.
Ho gjev Roald Kaldestad æra for å ha sparka henne i gong att med Bruheim sine barnedikt. Kaldestad har vore med i bandet hennar lenge og han står bak Falturiltufestivalen på Stord, med fokus på førestillingar for born. – Det var i fjor vinter han føreslo at vi skulle prøve å få fleire festivalar til å gå saman om å få til ei ny Bruheim-førestilling. Falturiltufestivalen var med, det same vart Folkemusikkfestivalen i Førde og Vossajazz. Førde får premieren, vi skal til Stord i november og til Vossajazz i påska 2023. Til den tid håpar vi å ha spelt songane inn på plate, seier Moldestad. Førestillinga har fått tittelen Regndropeborna og andre dyr.
– Kva er det med barnedikta til Bruheim som fengar deg slik?
– Eg har framleis eit fantasifullt barn inni meg. Dikta har klåre bilete og forteljingar. Det er mykje empati for små dyr, som grashoppa, snigelen og åma. Han skildrar ei mikroverd eg hugsar frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små og desse dikta kling veldig inn til barnet i meg. Bruheim ser dei små og dei som står utanfor, både i menneske- og dyreverda. Eg er sjølvsagt spent på mottaking, men dikta er tidlause og universelle, dei er ikkje begrensa til om han skreiv dei til dømes på 1960-talet.

Titteldiktet Regndropeborna står i boka Røyskatten og andre barnerim, Noregs Boklag 1961. Vakkert illustrert av Reidar Johan Berle, som illustrerte mange av barnebøkene til Bruheim.
– Kva dikt har du med?
– Bekken syng og Kråketankar har vore med sidan dei vart sett tone til i Botnane hausten 2013. Eg ser framleis føre meg akkurat kvar den kråka sat då det diktet fekk tone. Elles gler eg meg veldig til å presentere Liten gut fortel som song, det er eit av dei sterkaste dikta hans. Det byrjar slik:
Eg fekk det ordet
eg var tverr
og lei og vrang
og sky og skjerr
Eg ikkje anna
høyre fekk,
og sturen var eg
kvar eg gjekk.
Nypoteta er streta
Titteldiktet Regndropeborna er sjølvsagt med, vidare Snigla som sykla, Sutrelid, Hjort er hjort, Grashoppa og den fine fluga, Om alle tre var like, Einsam blom og Ynskje. Det siste handlar om det ævelege ynskje om å vere noko anna enn det vi er, bortsett frå mauren:
Men mauren, han var ikkje
noko til kar,
for han ynskte berre å vera
det som han var!
– Kva med Nypoteta, som var yndlingsdiktet til mange den tid Bruheim budde i Botnane og las dikt på alle tilstellingar i bygda?
– Nypoteta er streta, ho har ikkje vilja ta tone enno. Ho er litt slik som Den annsame var då vi laga førestillinga Brevet til kjærleiken. Det diktet bala eg lenge med før tonen sat. Men så er det andre dikt der tonen berre kjem flygande, som denne gongen til diktet Vinden:
Det var ein dag
at det var så stridt
at eg måtte saume fast
skjegget mitt.
Stormen kom kast i kast
og alle hadde nok med
å halde seg fast.

Sigrid Moldestad driv påminningshuset Pederhuset i Breim, der ho i sommar sette forfattarskapet til Bruheim på programmet. Her saman med Ove Eide, som skreiv om forfattarskapet og redigerte Dikt i utval i 2014. Foto: Magni Øvrebotten.
Det er 14 dikt/låtar med i familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr, som har premiere på Folkemusikkfestivalen 7. juli. Moldestad trur ho kjem til å ha med endå fleire dikt på ei innspeling. – Det ligg eit par som måtte vike til denne konserten, men som eg gjerne vil ha med. Det er så mange fine dikt å ta av, og denne gongen valde eg å ha fokus på dikt som handlar om dyr og natur. Men det er alltid ein menneskeleg relevans og kjensle i det Bruheim skriv. Om det er om maurar, kattar eller blomar, så handlar det alltid også om deg og meg, seier Moldestad.
I juni 2014 samla Sigrid Moldestad og musikarane hennar vel 400 menneske på skulehusplassen i Botnane med førestillinga «Brevet til kjærleiken», i samband med at det var 100 år sidan Bruheim vart fødd. I strålande sol. I 2018 var ho attende for å vere med på opninga av Diktarstien i Botnane, som samla over 200 menneske i eit galever som er sjeldan i august. Det bles og regna frå alle kantar.
– Kjem du att om vi tilbyr deg og bandet tak over hovudet for konsert i Årebrot grendahus neste sommar?
– Ja, vi må få lagt inn Botnane i turneplanane neste år. Fleire av dikta er skapte der, og som sagt hugsar eg akkurat kvar den kråka sat då diktet Kråketankar tok tone, seier Sigrid Moldestad. Ho fyller 50 år 19. juli og vi nyttar høve til å gratulere den fremste Bruheim-tolkaren i landet med dagen.
Intervju Magni Øvrebotten, 29. juni 2022.

Nøre vatnet sett frå Dyreskora. Fellestur over Dyreskora og fiskekonkuranse i Nøre vatnet laurdag 30.juli. Foto: Torbjørn Øvrebotten
Program for bygdehelga Botnane – Årebrot 29. – 31. juli 2022
Med bygdehelga ynskjer Botnane og Årebrot grendalag å syne fram bygdene og naturen vår, og samle både kjende og ukjende til sams opplevingar og aktivitetar. Kanskje kan nokon få lyst til å bu her med oss? Fint om du gjev oss beskjed om kva programpost du kjem til via Fjesboka eller til dei som står oppførde med mobilnummer.
Fredag 29. juli:
Kl. 19.00: Botnane grendahus. «Viser og slikt». Helge Johnsen syng eigne og andre sine viser, spelar gitar og fortel historier. Han har med seg Ove Mjåtveit på bass.
«Songane og poesien eg og Mjåtveit har med oss til Botnane, ber fingeravtrykk av bygdene våre og vårt vestlandske lynne, seier den tidlegare Firda-journalisten Helge Johnsen.
Bilettpris kr. 100. Førehandsbetaling til Vipps 50 14 65, eller i døra. Påmelding til leiar i grendalaget, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73, e-post:asmund.berthelsen@icloud.com
Laurdag 30. juli:
Kl. 11.00 -15.00: Lunsjkafé i Botnane grendahus v/Hannele Turunen og Heidi Yttrehus.
Sal av mat og drikke, bøker, diktkort, med meir.
Kl. 11.00: Fottur over Dyreskora i Botnane. Påmelding til turleiar Torbjørn Øvrebotten, mobil 992 51 114. Turen byrjar på Jørnjorda og går til Nøre dalen, over Dyreskora og ned att over Åsen til Øvrebotten. Det tek vel to timar og dei som blir med bør vere vane med ulendt terreng.
Kl. 13.00: Omvising i den faste utstillinga av skulpturane til Aase Botnmark v/Magni Øvrebotten. I den gamle skulestova i Botnane grendahus.
Kl. 15.00: Fiskekonkurranse for liten og stor i Nøre dalen v/Vetle Aase Øvrebotten
Denne konkurransen har vorte ein sommartradisjon i Botnane og det gjeld å få den minsteo g den største fisken. Heile familien kan vere med, og det er premiar.
Søndag 31. juli:
Kl. 11.00: Fottur til Futenipa på Årebrot. Påmeding til turleiar Håkon Årebrot, mobil 975 35 394. Turen startar på Kvia på Årebrot og tek to-tre timar. – Det er bratt somme stader, men vi tek det med ro slik at kven som helst kan vere med, seier turleiar Håkon Årebrot.
Kl. 11.30: Omvising på Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim
Påmelding til omvisar Magni Øvrebotten, mobil 970 55201
Diktarstien er 4,3 km lang og lett tilgjengeleg langs fylkesvegen. Han startar på Jørnjorda, har seks stopp og endar opp på gravstaden. Dei ti dikta er graverte i stål og bolta til stein.
Kl. 14.00: Utegudsteneste på Jørnjorda v/sokneprest i ytre Bremanger, Dag Leirvik og organist Jarle Grotle, på trekkspel.
Gudstenesta vert på Jørnjorda, ved dei brune diktsøylene der. Om det bles og regnar blir gudstenesta i Botnane grendahus.
Kl. 16.00: Sommarbasar på Årebrot grendahus, med kåseri av Fridtjov Urdal.
Basaren er til inntekt for Botnane og Årebrot grendalag sitt arbeid til beste for bygdene Botnane – Årebrot. På basaren er det loddsal, sal av mat og utloding av eit variert utval gevinstar.
Om du vil kjøpe lodd på basaren til Botnane og Årebrot grendalag kan du gjere det på Vipps 69 94 98, på «Lodd sommarbasaren 22». Kr. 5 per lodd. Vil du støtte arbeidet til grendalaget utan å kjøpe lodd er Vippsnummeret 50 14 65.
Anna du kan gjere: Ynskjer du å gå turar på eiga hand er det fleire merka turløyper, som du finn skilt om langs Frøysjøvegen; Til Skudalen/Botnanipa, Nøre dalen/Fossedalen, Opnaren/Middagsnova og Uradalen. Vidare er det tilrettelagt for Stolpejakt i Uradalen på Årebrot, i Seljestokken og i Øvrebotten i Botnane. Sjå www.Stolpejakten.no
Overnatting: Nytt overnattingstilbod i Botnane, hjå Kjersti Straume og John Sande. Mobil nr. 90 12 94 34/ 90 19 02 44. Dei har plass til fem personar. Det er mogeleg å telte og parkere bubilar fleire stader på strekninga Botnane-Årebrot denne helga. Ta kontakt med Rune Nordbotten, for nærmare opplysingar, mobil 415 53 395.
Båtplass: Nordlegaste flytebrygge, nord for kaiskuret i Korsnesvika. Leige kr. 100 per døgn. Betal på vipps til John-Magne Sande, mobil 90 19 02 44. Flytebrygga mellom Sande si og kaiskuret eig Steinar Øvrebotn. Han vil at leiga, kr. 100 per døgn, skal gå til grendalaget, vipps 50 14 65. Det vil også Åge Sørbotten at leiga for den store kaia skal gjere, kr.100 per døgn. Den er best eigna for større båtar.
www.Botnane.no for fullstendig program

Frå Futenipa der fellesturen går søndag 30.juli
Her finn du programmet som du kan skrive ut: Program bygdehelga 29.-31.juli
29. – 31. juli

Vaulen på Årebrot sett frå båt. Huset som vert leigd ut er det vesle raude bustadhuset som speglar seg i sjøen. Foto Håkon Årebrot.
Turisme er ikkje noko stor næring på strekninga Botnane-Årebrot, men i år har det kome til eit nytt tilbod. John Sande og Kjersti Straume i Botnane har pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra hans, kjøpt båt og satsar på folk som vil fiske. Dei er spente på sesongen og budde på at det tek si tid å etablere seg i marknaden. Håkon Årebrot på Årebrot er veteran som turistvert, han har leigd ut hus og båt sidan 2005 og har fullt hus. Det same seier Rune Nordbotten i Botnane om hytta han har leigd ut sidan 2006, også der fylgjer det med båt. Både Årebrot og Nordbotten satsar mest på familiefolk frå Tyskland.
– Denne sommaren er her ledig berre ei veke i august, frå 6.-13. august. Elles er gamlehuset utleigd, seier Håkon Årebrot. Han leiger ut via Airbnb og i tillegg lyser han litt på ei tysk web-side. Han administrerer utleiga sjølv, har pussa opp huset og fått den utvendige fasaden attende til slik huset opphavleg såg ut. Det var barndomsheimen til far hans. – Innvendes er det berre tømmerstova att av det gamle gardshuset i Vaulen, som truleg vart sett opp her på 1850-talet. Det seiest at det er den tredje staden det står, det var vanleg å flytte med seg hus i tidlegare tider, seier Håkon Årebrot. Huset har fire soverom og han har avgrensa tal personar til seks vaksne.
Han har aldri hatt problem med dei han leiger ut til. – Det er kjekke folk. Dei fleste som kjem hit er interesserte i ro og fred. Dei nyt roa og stillheita, og dei fleste likar å fiske. Difor er det båt med i leigeprisen. Nokon brukar huset på Årebrot som base og tek seg turar rundt om med båten eller eigen bil. Andre går i skog og mark, og om hausten er plukking av sopp populært, fortel Årebrot.
Han leiger mest ut til familiefolk. I starten hadde han ein familie som kom att ti år på rad, i to generasjonar. Men det vanlege er at folk er her ein sommar og nokon kjem kanskje att nokre år etterpå.
Årebrot diffrensierer prisen i løpet av sommaren. I juli og august tek han 85 euro (ca. 850 kr) per døgn for to vaksne m/ungar. Er det fleire vaksne legg han på 100 kr. døgnet. Båten er medrekna i prisen, så det er eit relativt rimeleg tilbod. Utanom sesongen er det 750 per døgn.
-Tyskarane er tidleg ute med å bestille. Dei tingar i mars/april for å vere sikre på å få plass. Nordmenn er jamt over seinare ute, seier Håkon Årebrot. Han og kona Anne Karin Holm Årebrot er pensjonistar og bur for det meste i nabohuset, men har også leilegheit i Florø.

Litt av utsikta frå hytta til Rune Nordbotten, ho ligg høgt og fritt ovanfor tunet på garden. Foto: Rune Nordbotten.
2022 vert eit rekordår
Rune Nordbotten driv gardsbruk med mjølkekyr og bygde ei hytte for utleige i 2006. Den har stort sett vore utleigd i hovudsesongen 10. juni – 01. september. men i kantsesongane mai og september varierar det litt. Elles leigd ut litt til arbeidsfolk i vinterhalvåret og eige bruk.
Han samarbeider med eit tysk firma i Berlin. – Det er regelen om fyrste mann til mølla som gjeld. Dei skaffar meg kundar og eg seier ja eller nei alt etter kva som høver. Å drive åleine, utan samarbeidspartnarar, ville vore for tungt, seier Nordbotten.
I hytta i Garden er det plass til 4-5 personar, fire senger, pluss madrasser på hemsen. Sjølv om det ringde folk i haustferien før hytta var heilt ferdig og fyrste leigetakar tok plass, gjekk det litt trægt i starten med mange hol i bookinga. Nokre år var også trægare enn andre. Men det kom seg fort. I dei to åra med korona miste dei vårsesongen, men folk slapp inn frå juli av begge åra. – I år vert det rekord. Dei fyrste gjestene kom sist i april og hytta er leigd ut til midten av september. Vi har ledig ei veke 13.- 20. august og to-tre dagar innimellom, fortel Rune Nordbotten, som driv tilbodet saman med kona, Elisabeth Ruud Nordbotten, som er lærar.
Turistane blir frå laurdag til laurdag, i ei eller to veker. Mange reiser rundt og ser seg om, særleg familiar. Nordbotten har hatt gjester som tek seg dagstur til Geiranger. Turar til Florø, Refvika og Bremanger er vanleg. Etter at det vart merka turstiar til fjellområda kring Botnane er det mange som brukar dei.
– Men tyske karar kjem mest for å fiske, så det gjeld å ha tilbod om båt til dei. Denne veka fekk eg problem med båten min og fekk bruke John Sande sin båt. Det er godt når vi kan samarbeide om slikt, seier Rune Nordbotten.
Han har satsar på ein djup båt som folk ikkje så lett ramlar ut av. Innimellom er det enkelte som burde vore meir forsiktige på sjøen, men stort sett brukar folk vit. – Vi rettar oss inn mot familiemarknaden, ikkje karagjengane. Dei som kjem for å fiske får fisk og er stort sett fornøgde. Fyrste sommaren hadde vi eit par som var her i to veker med blikkstille sjø kvar dag, men slikt er heller sjeldan, fortel han.
Utleigeprisen er 1000 kr. fyrste døgnet og 800 kr. dei neste. Vekeprisen er meir diskuterbar etter kor mange dei er, tidspunkt og bruk av båt. Båten er medrekna i prisen. Gjester som leiger gjennom det tyske firmaet har fast pris, med to prisgrupper etter om det er høgsesong eller kantsesong.
Rune Nordbotten hadde ei tid planar om å bygge ei utleigehytte til, men har lagt dei på is. No er det meir aktuelt å bruke kårbustaden på garden til utleige.
Mest interessert i fisketuristar
John Sande ha pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra sine for utleige. Han har bytt kjøkken, golv og vindauge og alt det elektriske. Der er det no ei stove, kjøkken, to soverom bad og vaskerom og plass til fem personar.

John Sande har pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra og er spent på utleigemarknaden. Utsikta er rett i hovudskipsleia i Frøysjøen, og rett over steingarden ligg den største gravrøysa på vestlandskysten. Foto: John Sande
Han samarbeider med Dancenter.no, eit dansk selskap som rettar seg mest mot fisketuristar, og har kjøpt ei 20 fots båt som er rekna med i prisen. Båten kan ein også leige separat.
– Vi fekk tilbodet på marknaden i april og har førebels leigd ut tre veker i sommar. Men to av dei kom i går, så det er ikkje godt å seie korleis sesongen blir her. Vi er mest interesserte i fisketuristar, då vi reknar med at 60 prosent av nettoen ligg i båten, seier John Sande.

Parti frå den nyoppussa stova. Foto: John Sande
Det er Dancenter.no som styrer prisane, som varierer i høve til tida på året. I høgsesongen i skuleferien kostar det 7.500 for ei veke, og av det får Sande kr. 5000.
John Sande har også tenkt å pusse opp andre høgda i gamlehuset på garden, med trapp opp utanfrå, slik at det vert to separate leilegheiter for utleige i huset. Men om det vert noko av avheng av av om det er butikk i å leige ut, for materialkostnadane er dyre for tida. John Sande og Kjersti Straume er småbarnsforeldre, han arbeider i Nordsjøen og ho er sjukepleiar i Svelgen. Dei bur i same tunet som huset dei leiger ut.

Vertskapet John Sande og Kjersti Straume og borna, med Frøysjøen i ryggen.
Foto: Magni Øvrebotten.
Interessert i natur, kultur og historie?
Leilegheita i Botnane grendahus er ledig for utleige denne sommaren. Førebels er ho leigd ut for heile juli og heile oktober, og nokre dagar fyrste veka i august. Elles ledig. Her fylgjer det ikkje med båt. Det er Botnane og Årebrot grendalag som står for utleige og har inntektene.
Tradisjonelt har dei som leiger i grendahuset ofte slektsrøter i Botnane, og kjem hit for å oppleve naturen og bygda, besøke slekta og ta seg turar rundt om i området. Dei er sjølvsagt framleis velkomne, men grendalaget håpar også at andre som er interesserte i natur, kultur og historie vil oppdage og bruke tilbodet meir.
Her går Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, rett utanfor døra, og ein kan bu i same leilegheita som han budde i frå 1978-85. I 2021 vart det opna ei kulturminneløype Botnane-Årebrot, der det er vel 40 gravrøyser frå bronse- og jernalderen. Botnane var eit høvdingesete i bronsealderen, noko fire store gravrøyser vitnar om. Det står fem skilt langsmed Frøysjøvegen som fortel om denne historia. Om ein likar å gå fotturar er det merka mange turløyper i området, med vidt utsyn og variert natur.
Leilegheita i Botnane grendahus har god plass til 5-6 personar. Det kostar kr 750 å leige ho for eit døgn, kr 1400 kr. for to døgn, kr 3000 for ei veke og kr. 6000 for ein månad. Ynskjer du å leige eller vil ha meir informasjon ta kontakt med leiaren for Botnane og Årebrot grendalag asmund.berthelsen@icloud.com, eller mobil 970 55201. Sjå meir om leilegheita i grendahuset her.
18. juni 2022. Magni Øvrebotten.
– og dei vil fiske

Bilete er frå ein dugnad på Årebrot for eit par år sidan.
Her er aktivitetane grendalaget planlegg og prøver å få til for resten av 2022. Og folk vert oppmoda om å melde seg til teneste på aktivitetane dei vil vere med å få til, kafear, jonsokfeiring, mm
Dei arrangementa der vi trur det kjem mange har vi lagt opp til å ha på Årebrot der det er betre plass. Og vi har prøvd å fordele aktivitetane på dei to grendahusa.
Kom gjerne med forslag til program på søndagskafeane og sommarhelga/bygdedagane!
Helsing
Åsmund Berthelsen (leiar)
Aktivitetskalender Botnane og Årebrot grendalag – 2022
| Dato | Aktivitet | Stad | Ansvar |
| 10. april | Søndagskafe | Botnane | |
| 8. mai | Søndagskafe | Botnane | Hannele, Magni |
| 17. mai | 17.-mai-feiring | Årebrot | Nina, Marion, Jurate og Helen |
| 5. juni | Søndagskafe | Botnane | Grete og Sigfred |
| 11. juni | Strandrydding | Botnane og Årebrot | |
| 23. juni. | Jonsokfeiring kl.18.00 | Jørnjorda i Botnane | Bålansvarlege: John Sande og Torbjørn Øvrebotten |
| 29.-31.juli | Sommarhelg/bygdedagar | Botnane og Årebrot | |
| Fredag 29.7
|
«Viser og slikt». Konsert med Helge Johnsen og Ove Mjåtveit. | Botnane grendahus | |
| Laurdag 30.7 | Fiskekonkuranse Nøre vatnet v/Vetle Aase Øvrebotten
Fottur over Dyrskora i Botnane m/Torbjørn Øvrebotten som turleiar Kafe Botnane grendahus v/Hannele Turunen Omvising skulptursamlinga etter Aase Botnmark, Botnane grendahus. v/Magni Øvrebotten |
Botnane
Botnane |
|
| Sundag 31.7 | Omvising Diktarstien i Botnane v/Magni Øvrebotten
Gudsteneste skulestova i Botnane kl.14.00 v/sokneprest Dag Leirvik Fottur Futenipa på Årebrot m/Håkon Årebrot som turleiar Basar m/Fridtjov Urdal som kåsør 16.00 – 18.00 |
Botnane
Årebrot Årebrot |
|
| 4. sept. | Søndagskafe | Botnane | Elisabeth |
| 2. oktober | Søndagskafe m/fellesmiddag | Årebrot | Avlyst |
| 6. nov. | Søndagskafe | Botnane | Avlyst |
| 19. nov.
(laurdag) |
Hjortefest | Botnane | Hjortejegarane |
| 26.nov. (laurdag) | Julemesse og kafe | Årebrot | Britt Maret, Marit og Ingrid |
| 27. des.
(3.juledag) |
Juletrefest/romjulskafe | Botnane | Marion og Nina |
Firda Seafood sitt settefiskanlegg i Botnane er for tida tomt for fisk. Det brukar det å vere på denne tida av året, frå midten av mars til ut i april. No får dei inn att yngel etter påske. Denne våren brukar dei tida utan fisk til å investere i betre og sikrare tilførsel av oksygen til kara. – Dette er ei investering på ca. 1,5 mill. kr, og det er ei forbetring av anlegget for å henge med i utviklinga, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten.

Driftsleiar Torbjørn Øvrebotten og dei andre tilsette ved Firda settefisk driv med ombygging medan anlegget er tomt for fisk.
Firda settefisk produserer smolt til regnbogeaure. Behovet for oksygen varierer mykje meir gjennom døgnet med aure enn med laks. Auren veks snøggare enn laksen og treng 30 prosent meir oksygen. Anlegget i Botnane brukte 120 tonn oksygen i 2021, til å produsere 200 tonn fisk. Det utgjer 1,6 mill. auresmolt.
– Omlegginga er betre for både fisk, miljø og økonomi og gjer det lettare å styre tilsettinga av oksygen, og vi får ei meir effektiv utnytting av oksygenet. Endringa vil óg gjere det lettare for dei som arbeider med dette. Tilførsla av oksygen er det som tek lengst tid for nyetilsette å forstå og kjenne seg trygge på, seier Torbjørn Øvrebotten.
Firda settefisk i Botnane har berre aureproduksjon. Øvrebotten fortel at auren vert lettare stressa enn laksen, difor er det viktig å vite kva du held på med. Auren er kvikkare og sym raskare enn laksen. – Når auren byrjar stresse vert det reine flodbylgja i karet, det vert det aldri med laksen. Og når auren klumpar seg saman vert det lett oksygenmangel, og då er det viktig å ha kontroll på tilførsla av oksygen, seier han.
– Korleis skal de forbetre tilførsla av oksygen i kara?
– Til no har vi hatt ein kjeglestasjon (beholdar) som fordelte oksygenet til alle kara. No skal det bli ei meir nøyaktig justering per kar. Ei kjegle pr. kar der vi tilset oksygen til vatn under trykk. For å oksygenere ferskvatn må ein ha 2,5-3 kg trykk. Døme: For kvar kg fòr vi brukar må vi bruke ½ kg oksygen.


Den grøne kjegla attmed inngangsdøra er av dei gamle kjeglene, medan dei ni nye er svarte.
Firda settefisk går no frå ein stasjon med tre kjegler til ni kjegler. Det gjer det mykje enklare å styre tilførsla av oksygen per kar, og det gjer at dei kan ha fisken lenger i anlegget. Særleg om sommaren vil dei no kunne auke snittvekta frå 100 gram til ca. 150 gram ved levering.
Det er fem stillingar ved Firda Settefisk i Botnane. – Vi gjer all planlegging sjølve, men leiger folk frå Seljestokken båtverkstad til å lage hol i kara og plastre dei, og gassleverandøren legg røyra frå oksygentanken og ut i kara. Elles gjer vi alt arbeidet sjølve, seier Torbjørn Øvrebotten. Han fortel elles at dei har planar om ein Open dag på fiskeanlegget, slik at folk kan kome og sjå korleis dei driv og stille spørsmål dei måtte lure på.
Intervju og foto: Magni Øvrebotten 28.03.2022.
PS: For dei som ikkje veit det er Torbjørn Øvrebotten bror til intervjuaren.
Vidar Sørbotten (1948) er ein historieinteressert mann med røter i Botnane. Far hans, Ulrik Sørbotten, dreiv med fridykking og fortalde Vidar at han hadde sett noko på sjøbotn ved neset som kunne vore eit kors. Tidlegare forsøk på å få det undersøkt førde ikkje fram. Bergens sjøsfartsmuseum held det ikkje for usannsynleg at det har stått eit kors på Korsneset, både på grunn av namnet, landskapet og dei mange gravhaugane i området, fortel Vidar Sørbotten i denne artikkelen. Han etterlyser om andre har blitt fortalt noko, eller veit noko, om eit kors på Korsneset?
Hvilken betydning i historien hadde Korsneset?
Hva lærte folk på skolen?
Nå har jeg hatt en liten runde med Kystmuseet i Florø og Bergens Sjøfartsmuseum. Her er mitt spørsmål og deres svar:
– Jeg er opprinnelig fra Botnane i Bremanger. Der er mange historiske fornminner. For noen år siden kom spørsmålet om navnet Korsneset og Korsnesvika i Botnane opp. Min far, som vokste opp på stedet, var en habil fridykker i sin ungdom. Han mente å ha sett noe som kan ha vært et steinkors på sjøbunnen utenfor- eller i nærheten av neset. Et familiemedlem som da var ansatt ved Kystmuseet Sogn og Fjordane i Florø, sa han ville ta dette opp på jobben. Tanken var at en dykker fra museet kanskje ville sjekke dette ut. Dette kan ha skjedd rundt 1990. Min far døde i 1996.
Etter en nylig henvendelse til museet i Florø er det klart at de ikke har kjennskap til saken, men at Bergen Sjøfartsmuseum er rette vedkommende.
Mine spørsmål er: Kan det bekreftes at leiting etter et steinkors i Botnane har funnet sted? Er det laget en rapport som kunne formidles?
Generelt: Er det sannsynlig at det har stått et kors her f.eks. i middelalderen?
Selma Johanne Lauvland i Bergens Sjøfartsmuseum svarer:
– Mange takk for henvendelsen. Jeg har nå lett i arkivet og kontaktet også vedkommende som jobbet her på 1990-tallet, dessverre uten å finne noe mer informasjon om et potensielt steinkors. Det utelukker absolutt ikke at det kan ha stått et slikt kors på Korsneset fra gammelt av – stedsnavnet, landskapet og de mange gravhaugene i området tilsier at det kan være sannsynlig. Steinkorsene sees ofte i sammenheng med førkristne gravhauger og kan være fra tidlig middelalder.
www.museumvest.no
Vidar Sørbotten, 19. mars 2022.
Den 22. mars var det 70 år sidan Fridtjov Urdal kom til verda i Bergen. Nokre veker gamal vart han adoptert vekk til Ågot og Paul Urdal, og bestemor Anna på Kviene. Han meiner han var heldig som hamna der. Fyrst i 2014 søkte han fylkesmannen om innsyn i kven som var dei biologiske foreldra hans, og over natta vart han storebror til fire halvsystrer og onkel til ti.
– På den eine sida visste dei om meg, på den andre vart eg ei overrasking. At systrene mine ikkje visste om meg, trur eg på, men at familiemedlemmer før dei ikkje visste trur eg knapt. Dei heldt berre godt kjeft. Eg trur dei to familiane hadde stukke hovuda saman og i lag funne ut korleis «problemet» meg kunne løysast, utan at det vart eit bygdarop. Det både var og er viktig, ler Fridtjov.

Fridtjov Urdal bak pc-en på heimekontoret på Vassenden. Han samlar på kunst, bøker, møblar, tekstilar og bruksgjenstandar, ja, alt. Stilen kallar han «barokk estetikk».
Det var døtrene hans, Åsta og Idun, som fekk han til å søkje opp den biologiske familien sin. Sjølv var ikkje Fridtjov Urdal så oppteken av den. Han har alltid visst at han var adoptert, men delte det ikkje med alle. Døtrene var opptekne av om dei hadde ein stor familie dei ikkje visste om. Og det hadde dei.
– Begge dei biologiske foreldra mine var døde, men eg har fire halvsystre og det vert to heilsystre til saman! To på mor mi si side, og to på far si. Eg er veldig godt fornøgd med den familien eg fann. Eg har gått frå å vere einebarn til å ha fire systrer.
– Kjenner du deg att i systrene dine?
– Ja, vi har ein del felles trekk. Eg la ut etterlysing av den biologiske familien min på Fjesboka og ei av systrene på farsida ringde morgonen etter. Det var nokre setningar og så var det som om vi hadde kjent kvarandre i årevis. Det er rause folk til begge sider og det vart veldig fort naturleg at eg fanst. Det har vore ei glede og heilt uproblematisk, seier Fridtjov. Han lurer på om han hadde vore meir oppteken av den biologiske familien sin om det var problem i samband med den? – Ein set kanskje for lite pris på det som er alminneleg og takkar for lite for det som er sjølvsagt?
Fridtjov Urdal snakkar no om den biologiske familien og den sosiale/kulturelle familien sin. Mor og far er framleis Ågot og Paul Urdal. – Eg trur på mange måtar at eg var heldig som hamna hjå dei og bestemor Anna på Kviene. Eg kunna ha hamna i mange slags miljø, seier han ettertenksamt.

Dørklokka til Fridtjov: Ring på! Når du høyrer det brøler: Kom inn! Så gjer det Stå ikkje der som ein tyl Kom inn!
Tre gudar på Kviene
– Kva miljø var det på Kviene?
– Dei hadde det felles at dei ikkje visste kva godt dei kunne gjere for meg. Eg vart vel det dei kalla «forbrælt». Det var tre gudar i huset på Kviene. Gud ein var bestemor sin. Han oppheldt seg stort sett i Det gamle testamentet og la seg opp i alt. Ein uhyre travel person som meinte om alt frå verdssituasjonen til sauer i skorfeste. Gud to var mor mi sin. Han var ein litt engsteleg metodistgud. Gud tre var far min sin. Han var nokre etasjar over Vatikanet. Far var fasinert av moderkyrkja (Den katolske kyrkja). Men det var bestemor Anna som hadde det næraste og mest daglegdagse tilhøve til guden sin, minnest Fridtjov.
Han hugsar godt svaret til faren ein søndag det kom folk til gards som spurde om korleis det stod til med ho Anna? – Jau, ho sit inne og høyrer på høgmessa og hyggjer seg til dommedag. For då skal vi endeleg få sjå, svarde Paul Urdal. Slike svar set Fridtjov pris på og frydar seg over den dag i dag.
– Eg kunne Fadervår på latin før eg kunne det på norsk. Like eins Ave Maria. Det var det far min som lærde meg. Eg trur ikkje det er så mange av mine samtidige som har opplevd høgtlesing av helgenbiografien om den heilage Birgitta av Vadstena. Den las far min for meg som kveldslektyre. Like eins Snorre og dei islandske ættesogene, frå perm til perm. Det var spennande og greitt å høyre på, men berre råd å forstå på overflata for ein unge.
Mor Ågot var god til å teikne og hadde vore organist i metodistkyrkja i Haugesund. Ho spelte på husorgelet i heimen og på alle basarar og tilstellingar på Årebrot. – Men det var det skrivne ordet som hadde den største plassen i heimen. Dei las meir enn vanleg var av poesi. Både Bellmann og Frøding stod i bokhylla, fortel han. Til konfirmasjonen fekk Fridtjov boka «Hærverk» av Tom Kristensen, av ei tante i Danmark. – Litt av ei konfirmasjonsgåve, ein dekadanseroman, frå syster til mor mi, ler han og siterer innleiinga til romanen utanboks.
– Den store interessa for bøker og lesing som eg fekk heime gjorde at eg byrja kjøpe bøker sjølv i ung alder, ja, alt på folkeskulen kjøpte eg meg Fakkelbok med Ibsenstykka Brand og Peer Gynt. Hugsar eg fekk ein boksjekk og stod i valet mellom å kjøpe Hardyguttene eller «Brødrene Karamasov»/»Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij.
– Og du kjøpte Dostojevskij?
– Ja, eg fekk att mest sider og lesetid med det. Eg las dei som ei ytre handling og filosoferte meg ikkje gjennom laga. Men eg skjønte meir etter kvart. Difor er det ikkje vekkasta å lese Dostojevskij som 14-15-åring. Du treng ikkje forstå alt med ein gong.

– Eg vaks opp i eit hus der det var samla mykje. Fekk nok med meg det ho bestemor kalla «røyskattnatur»: Å dra likt og ulikt heim til hola og sjå seg gang i alt.
– Liten, feit og illsint
Fridtjov si evne til å hugse og lære seg tekst utanåt kom vel med i skulen då det synte seg at han var ordblind (dysleksi), og det vart mykje bal med skrivinga. Han hadde det ikkje kjekt på skulen og det var ikkje mykje hjelp å få med lese- og skrivevanskar på 1960-talet. Han vart det vi i dag kallar mobba, den gongen heitte det terga.
– Når ein er liten, feit og illsint då ligg alt til rette for at du skal bli plaga. Det ville vore eit under om ikkje så var tilfelle. Det er slik det er, slær han fast. – Å gå og hugse på skeive ord og fornærmingar, er den sikraste form for sjølvplaging. Slike ting er avhengige av situasjonane og den tida det skjer i, meiner Fridtjov.
– Korleis har det merkt deg?
– Somme tider likar eg å tru at slikt kan auke eins eigen toleranse. Nokon folk tykkjest å tenkje slik at «når eg vart plaga så skal jammen andre bli det óg». På den måten held elendigheita berre fram, ein får ikkje brote den vonde sirkelen. Slik er det med mykje i livet.
– Toler ein meir?
– Etter å ha byrja i arbeidslivet på fiskebåt og smelteverk har eg lært meg å ikkje vege andre sine ord på gullvekt. I ettertid sett ville eg ikkje vore utan tida på Bremanger smelteverk i Svelgen på slutten av 1960-talet. Det var ein del av oppdragelsen, ein stor arbeidsplass og store prosessar som var fasinerande.
Sjømannslivet til Fridtjov Urdal var makrellfiske i Nordsjøen, på Finnmarka etter lodde, frakt av jern til Oslo, kystfrakt frå Nordmøre til Svelgen med kalk, og malm frå Rødsand gruver til Svelgen. – Var vi heldige og alt gjekk greitt kunne vi ha Hustadvika og Stadten ein par dagar for veka. Så eg har vore i litt sjø.
– Han der høres passelig gal ut
Etter å ha avslutta sjømanns- og smelteverkslivet arbeidde han ei tid på Ungdomsklubben Docken i Florø. Han var med i Flora kunstlag og fekk ansvaret for å vere kontaktperson for ei utstilling i Riksgalleriet. Der møtte han Svanaug Steinnes som tipsa sjefen sin, Einar Berg, om at Fridtjov Urdal kunne vere ein godt eiga vikar når dei trong folk til å reise rundt med utstillingane til Riksgalleriet.
– Han der høres passelig gal ut, så han tror jeg at vi prøver, sa Berg etter å ha snakka med Fridtjov i telefonen.
Han vart sendt til Mandal, «Kunst i bøker» heitte fyrste utstillinga. Han fekk ei kort innføring av kunstnaren Hans Kristian Zigler om korleis han skulle gjere det. Utstillinga passa Fridtjov som hand i hanske, han kjende mykje av kunsten frå bøkene og julehefta på Kviene. Han reiste rundt med originalane frå Snorre, Kittelsen og Werenskiold. – Vi hadde dei montert i glas og råme, pakka i tunge kassar, som vi køyrde på opne lastebilar. Kunsten levde farleg på midten av 1970-talet. Om dagens konservatorar hadde sett det hadde dei sprunge skrikande derifrå.

Denne engelske aqvarellen var det fyrste kunstkjøpet til Fridtjov. Kjøpt då han var 15 år.
Fridtjov likte dette arbeidet. Han trefte mykje folk som reiste rundt i anna arbeid, både kjende og ukjende. Alt frå seljarar til emisærar og landskjende pianistar. Han budde på alt frå finare hotell til brakker på industriområde, og heime under trappa hjå folk. Han har tråla heile landet på denne måten. Frå slutten av 1970- talet til 1989 reiste han på turne for Riksgalleriet fleire månader i året, om lag ei veke på kvar plass.
– Det var ei stor oppleving når du hadde synt rundt ein utkommandert skuleklasse og det kom att ein av eige tildriv og ville sjå meir. Det store er når du føler at du vekkjer ei form for interesse. Det er viktig å sjå kven som er førar i flokken og på eitt eller anna vis sette klørne i vedkomande, gje dei litt merksemd. Stundom var det nett dei som kom att for å sjå meir.
Men han skundar seg med å legge til at han sikkert har skremt av tusenvis av skuleelevar rundt om i landet, med si malmtunge røyst og dramatiske forteljingar. Han prøvde å snakke seg inn på dei med noko daglegdags som dei kjende, men stundom vart det meir monolog enn dialog.
– Eg brukte å seie med dei at eg kom til å seie ting dei ikkje forsto. Men det brydde eg meg ikkje om. Dei treng det dei ikkje forstår, for det er det dei får forstand utav. Dette forskrekka mange lærarar. Det vart ikkje betre når eg sa til elevane at dei ikkje måtte tru det eg sa, for eg formidlar mitt inntrykk. Dei kan ha eit anna.
– Var ikkje det litt krevjande tankegang for ein flokk skulelevar?
– Jau, det der slit jo vaksne folk med å forstå óg. Men det er berre kven som har laga bilete, når og storleik som er fakta. Resten er formidlaren si oppfatning og meiningar. Ein formidlar ikkje den absolutte sanninga, men viser veg for at folk kan gå sine eigne vegar og få sine eigne oppfatningar. Det er som med dikt, dei blir tolka ulikt og har ingen fasit.

– Denne vakre båten laga båtbyggjaren Saxe Bjørkedal til meg.
Sjølvlærd og forviten
Fridtjov Urdal kan med rette kallast sjølvlærd og fagleg forviten. Når eg spør kvar den store kunstinteressa hans kjem frå ber det attende til bøkene og foreldra på Årebrot. Faren hadde eit syskenbarn som var målar og då Paul Urdal gjekk på Voss landsgymnas gjekk han inn og ut av heimen til målaren Lars Osa. – Mor mi kom frå Haugesund og der hadde dei omgang med målarane Fredrik Kolstø og Ole Frøvik. Så vi visste at slike fanst. Det fyrste eg las om kunst var to bøker av den danske kunsthistorikaren R. Broby-Johansen, som vi hadde heime. Så kunsten var ikkje framand for meg.
Fridtjov fortel med stor innleving om «fæle bøker» dei hadde på loftet. Han såg i dei for å skremme seg sjølv. Særleg gjorde Gustav Pore sin biletbilbel inntrykk. – Der hang folk att i trea når Syndefloda trekte seg attende. Salomons dom såg heller ikkje særleg kjekt ut, fortel han og ramsar vidare opp namna på biletebøker av tyske ekspresjonistar som Hitler rydda ut av dei tyske galleria då han kom til makta. Fridtjov trur faren hadde kjøpt bøkene for å halde tysken ved like.
– Kvar jul kom det i hus eit veldig flott julehefte som heitte «Kimer i klokker» (katolikkane sitt julehefte). Det var fullt av av kunst frå renessansen og helgenar i søkk og kav. Dessutan er eg nærsynt og det medførde at eg måtte til Bergen til augelækjar ein gong i året. Då budde vi hjå ei tante og ein onkel i Ladegårdsgaten og gjekk i dagesvis på Historisk museum, Rasmus Meyers samlinger og Permanenten og såg på kunst og historiske gjenstandar, seier Fridjov og kan på strak arm fortelje kva kunstverk han såg der som gutunge, og kva inntrykk dei gjorde.

Denne lampen er Fridtjov sitt siste «godkjøpt» på bruktbutikken. Det vert nok fleire.
Etter over ti år som kunstformidlar i Riksgalleriet byrja han i 1991/92 på Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane og «vart med som nissen på lasset» til Sogn og Fjordane kunstmuseum. Frå 1. april er Fridtjov Urdal pensjonist. Han tykkjer det har vore kjekt å arbeide med kunst og kunstformidling, difor håpar han at Kunstmuseet kan nytte han til «eitt og anna» ei stund til.
– Eg har høyrt så mange snakke om alt dei skal få gjort som pensjonistar. Men når eg ser kva dei har fått gjort på eigen kjøl har eg mista trua. Det er liten grunn til å tru at det vert annleis med meg, skrattler Fridtjov Urdal.
Intervju og foto: Magni Øvrebotten 23.03.2022.
– Eg kunne ha blitt eit bygdarop
