Til ordføraren i Kinn, Ola Teigen, Florø
Til ordføraren i Bremanger, Anne Kristin Førde, Svelgen
Gjeld breiband/fiber og mobildekning i Botnane og på Årebrot
Bygdene Botnane og Årebrot er utan skikkeleg breiband/fiber, og i delar av bygdene er det svært dårleg mobilsamband. Dette gjer det vanskeleg for verksemdene i området. Og for alle som bur der. Enkelt sagt, så er det vanskeleg å drive verksemder utan eit skikkeleg breiband med stor breidde, og eit mobilnett som ikkje minst er 4G. Alternative løysingar for breiband, mobilt eller knytt til koparnettet er i tillegg dyrt.
No har det vore snakka lenge nok om dette. Det er tid for å handle og få gjort noko med det.
I Bremanger var ikkje Botnane med i dei bygdelaga som det no er gjort avtale for med Telenor. Eit tilbod frå Enivest i mai 2018 er det gjort lite med. Det har vi nyleg fått stadfesta av selskapet. No får vi opplyst at det ligg ein opsjon for Botnane i avtala med Telenor. Det er ikkje konkret nok for oss.
Før sommaren sende vi inn ei liste med interessanter på Årebrot, både fastbuande, verksemder og hytteeigarar. Dette skulle inn som grunnlag for søknad om statlege midlar til utbygging av breiband/fiber. Sidan har det vore lite å høyre. Kinn kommune søkte ikkje om midlar, men hadde sitt eige opplegg som også skulle gje Årebrot breiband med høg kvalitet. Vi ventar endå på tilbakemelding om kva som skal skje.
Vi forventar no at det vert gjort noko konkret for å skaffe bygdene Botnane og Årebrot både skikkeleg og godt brukande breiband, og også øver påtrykk på Telenor for å få tilfredstillande mobildekning i alle delar av dei to bygdene. Og vi forventar ein klar framdriftsplan for å gjennomføre det ein bestemmer seg for. Vi er trygge på at både verksemder og private vil stille opp med sitt bidrag for å få ting gjort.
18.november 2020.
Helsing
Botnane og Årebrot grendalag
v/Åsmund Berthelsen (styreleiar)
93237073
Den 7. desember 2019 høyrde eg denne meldinga i radio: «Sogn og Fjordane fekk i går tre nye naturreservat. Dei nye verneområda er Bugen og Gaddeskogsvatnet i Bremanger og Sørebødalen i Høyanger kommune. Målet med vernet er å ta vare på spesielle typar skog og truga innsektsartar og soppartar. I tillegg er fleire av skogane også viktige for fuglar som er avhengige av daud ved og gamal skog». Vedtaka var gjort av kongen i statsråd.

Bugen naturreservat ligg ved fylkesveg 577, mellom Botnane og Husefest. Her går ein opp i det verna området.
– Bugen naturreservat? Hadde eg ikkje høyrt Jacqueline Mannaart snakke om skogen sin Sør i stranda som kunne bli naturreservat? Det stemte, men enno var dette så nytt og ferskt at ho ville ikkje bli intervjua om det. Det fekk vente eit års tid.
– Det er eit litt ømt punkt her i huset kven som sette meg i gong med dette. Alex meiner bestemt at han synte meg artikkelen på NRK.no om regnskog i Norge. Det er nok rett, men det var fyrst då Tina Buer, styremedlem i Økologisk Norge, la den ut på Facebook at eg las artikkelen skikkeleg og fekk idear.
– Kva idear ?
– Då eg las artikkelen tenkte eg at dette måtte vere noko for oss, så vått som det er her! Dessutan kom eg på at noko av det fyrste Elisabeth (Ruud Nordbotten) fortalde meg då vi flytta til Botnane i 2003 var at her hadde vi den vestlegaste attverande urskogen i Norge. Du veit eg likar å bu på ein spesiell plass, og urskog er ikkje noko alle har, så det la eg meg på minne.

Det er framleis lov å hauste og drive jakt i skogen, seier Jacqueline Mannaart. Her plukkar ho sopp.
Frivillig vern betre enn tvang
Jacqueline Mannart fekk blod på tann då ho fann ut at styresmaktene sidan 2003 har prøvd å få til frivillig vern av skog, i staden for tvang. Påtvinga vern har ført til konflikter og store kostnadar, medan staten betalar dei som går med på frivillig vern. Det er ofte litt betre betalt enn med tvang. Stortinget vedtok i 2016 eit langsiktig mål om å verne 10 prosent av skogen her i landet, for å få ned tapet av naturmangfald.
– Pengane vart sjølvsagt ein ekstra motivasjon for å finne ut av dette. Eg fann fort ut at Botnane ikkje var med på karta over verneverdig skog i Norge. Så eg sende brev til Vestskog, som er bindeleddet mellom grunneigarane og Fylkesmannen. Eg skreiv om den vestlegaste attverande urskogen og all væta han vart velsigna med. Var ikkje dette regnskog, kva var det då?
Brevet hamna hjå ein sakshandsamar hjå Fylkesmannen, som hadde vore i området 20 år før han fekk brevet frå grunneigarane Alex og Jacqueline Mannaart. Seniorrådgjevar Tom Dybwad hugsar kystskogen i området godt. Denne skogen har det Dybwad på fagspråket kallar «ei ekstrem oseaniske utforming, sterkt forma av vestaveret». På kysten er det kjølege somrar og milde vintrar, og dermed liten skilnad i temperatur gjennom året. Slikt klima vert kalla «oseanisk klima», og det er dette, saman med vestaveret som gjer denne skogen så særprega. – Det er verna svært lite slik skog så langt vest, så eg vart veldig begeistra over at det kunne bli naturreservat i denne skogen i Botnane, seier seniorrådgjevar Tom Dybwad hjå Fylkesmannen.
Skogeigarselskapet Vestskog hadde gjeve Jacqueline Mannaart beskjed om at hennar skog var eit for lite område å verne. Ho måtte få med seg minst ein grunneigar til, og det måtte vere to skogteigar som låg attmed kvarandre. – Grunneigaren til naboteigen, Jan Harry Hamrebø, vart med med ein gong eg spurde. Dermed var vi i gang. Dei andre var meir skeptiske og ville sjå det an, og vite meir om kva vern innebar både av restriksjonar og pengar, seier Jacqueline Mannaart.


Spennande formasjonar og grønfargar.
Sju raudlista artar og gamal kystskog
I oktober 2018 kom biologar for å undersøke skogen og vurdere om han var verneverdig. Dei fann sju raudlista artar. Det gav skogen A-verdi og Fylkesmannen gjekk vidare med freding. Fyrst til Miljødirektoratet før endeleg vedtak i regjeringa, det som meir høgtidleg vert kalla kongen i statsråd, 6. desember 2019.
Området ligg nord for Husefest, på sørsida av Furehaugfjellet, heilt sørvest i Bremanger kommune. På oppsida av Frøysjøvegen, fv. 577. Rapporten frå kartlegginga av skogen syner at det er furu som dominerer området nedanfor kraftlina, og bjørk ovanfor. I området veks det òg einer, ein del hassel, osp, rogn, selje og eik, medan det er sparsamt med alm, hegg og kristorn. Skogen er stort sett ganske gamal. Både furu- og bjørkeskogen er kring 100 år og det kan vere tre i området som er opp til 150 år gamle. Furuskogen er storvaksen med tre på 40-50 cm i diameter i brysthøgde, dei største opp til 60 cm. Dei sju raudlista artane (frå raudlista 2015) er: Alm, kystprikklav, kranshinnelav, kystblåfiltlav, praktfiltlav, kjøtkraterlav og gult pærelav.
Etter kvart vart også dei tre andre grunneigarane i Sørbotten, som har skog i Bugen, med på frivillig vern av området. Dei siste vernevedtaka vert gjort no i desember. Ein kan framleis gå på jakt i området, og bruke det til beiting, sanking og turgåing. Men ikkje skogsdrift, vedhogst eller vegbygging. Når skogen er verna skal han ligge som han er, utan inngrep. På spørsmålet om kva dei fekk betalt i erstatning for frivillig vern av skogen sin i Bugen seier Jacqueline Mannaart at bygdefolket veit det, og andre får finne det ut sjølve. Totalt utgjer Bugen naturreservat 798 mål.
Tekst: Magni Øvrebotten 25.10.20.
Foto: Jacqueline og Alex Mannaart

Bugen naturreservat er innafor firkanten som er markert med grønfarge på utsnittet av norgeskart.
Laurdag 12. desember, kl. 10.30, skal det vere ekstraordinært årsmøte i partslaget Årebrot grendahus. Møte skal vere på Flora alderssenter Havglytt, i Florø.
Avtala mellom partslaget og Botnane og Årebrot grendalag om drift av grendahuset på Årebrot går ut til nyttår. Difor vedtok det ordinære årsmøte i partslaget 7. mars at ein var innstilt på å løyse opp partslaget og at grendalaget skulle overta eigedomen. Og det vart vedteke å kalle inn til ekstraordinært årsmøte.
Styret har saman med innkalling og sakliste sendt ut ei innstilling som inneheld ein del opplysningar om eigedomen, om vedtekter og lover som regulerer forholda og styret legg fram ei innstilling der det er to syn på vurdering av verdiane og to alternativ på fordeling av dei kontante verdiane. Styret er samde om at huset vert overført til grendalaget utan vederlag.
Styret føreset at huset vert eiga driftseining og ha eige rekneskap. Og overføringa av eigedommen vert å gjennomføre når grendalaget har godkjent ei overtaking på sitt årsmøte. Det møte er fastsett til laurdag 6.mars neste år. Etter det må partslaget gjere endeleg vedtak. Styret oppmodar alle partseigarane om å møte fordi dette er eit viktig møte. Otto Ullevålseter er styreleiar for partslaget.

Søndagskafe i Botnane 1. november
Søndag 1. november vert det kafe i Botnane grendahus kl. 16.00.

Her ved lykta på Sørbottsneset leika Sigfred og Åge mykje.
Kanskje er det best at borneborna ikkje veit kva bestefedrene deira leika seg med då dei var gutungar? Det slår meg i det Sigfred Nøttingnes (67) og Åge Sørbotten (64) byrjar å fortelje om nettopp det. Eg har tromma dei saman for å høyre om leik i Sørbotten på 1950- og 60-talet. – Det farlegaste vi dreiv med var å segle på isflak med hesjestaur. Var det synnavind var det fort gjort å kome for langt ut, seier Sigfred tilforlateleg. – Vi kan i alle høve slå fast at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge.
– Det var helst når foreldra våre kvilte middag at vi segla på isflak. Vi heldt oss bak Storrøysa, og då var vi ikkje lette å oppdage heimanfrå, fortel Åge. – Men jammen vart vi jaga opp att rett som det var, minnest Sigfred. Han fortel at dei segla frå enden av kanalen i Runnane og utover mot Sanden og Kvie-naustet. Det trur han var lengste strekket. Dei stoppa helst ved telefonstolpen litt lenger inne. – Ja, då var det byrja å bli djupt, vi rakk ikkje lenger nedi med hesjestauren og fekk ikkje staka, seier Åge. – Og isflaka var byrja å gå i oppløysing, legg Sigfred til. Tvillingbrødrene til Sigfred, Arve og Eidar, var også med på dette. Dei fire heldt mykje i hop, og tvillingane er like gamle som Åge. Eg angra på at eg ikkje hadde fått med dei også i denne praten.
Kunne frose forderva
På Sørbottsvatnet samlast ungar frå heile bygda når det la seg is der om vintrane. Vatnet var grunt og det var ingen fare for drukning. Dei fire omtalte karane var der også før isen la seg skikkeleg, for vatnet låg nær heime. Dei hugsar korleis dei gynga bortover den uferdige isen før dei gjekk på tryne og vart våte inn til skinnet.
– Vi kunne frose forderva. Eg hugsar ein gong Eidar vart gjennomvåt. Han vart heilt stiv og klaka og sette ikkje føter under seg. Vi la han på ein kjelke og drog han heim. Då vi kom heim hadde han frose fast i kjelken, fortel Sigfred. – Vi var ofte våte heilt opp under armhola og mødrene våre var fortvila mang ein gong. Eg veit ikkje korleis dei fann klebyte kvar gong vi kom våte heim. Men eg hugsar eg vart ryse redd når vi såg at storesystera til Sigfred var sendt ut for på hente oss. Då pitla i alle høve eg meg heim, for ho var så sint, ler Åge.
Leika i bølgene

Åge peikar nordover i fjøra, der det låg eit stort skipsvrak.
Dei leika mykje i fjøra, sjølv om det ikkje var lov. Det var ikkje langt frå heimetuna og ned dit og spennande å sjå kva som hadde reke i land sist Frøysjøen stod i eit ròk mot land. Der kunne det vere materiale til både eitt og hitt, og fritt for all den plasten som rek i land her no. Men mest spennande var der å leike der når det var store bølger. Då heldt dei seg på Sanden og ved fyret på Sørbottsneset. – Vi vassa ut mellom bølgene og så var det om å gjere å kome seg innatt før neste bølge tok oss, forklarar Sigfred. Det var nære på stundom, skjønar eg.
I dette området låg det restar av fleire skipsvrak. Dei minnest særleg eit styrhus dei leika mykje i. – Når det flødde opp i det styrhuset kunne det vere vanskeleg å kome seg opp att når vi leika inni det. Ved flo sjø bevega heile styrehuset seg. Det var nok ingen ufarleg leik vi dreiv med der, seier Sigfred.
Det var ulike grunnar til at båtar gjekk på grunn på Sørbottsneset, men ein av dei var at fyret stod for langt inne på land og hadde svakt lys. Her var heller ikkje fjell rundt det som synte på radar. Dessutan var det langt mellom fyra i området, frå fyret her og det på Olaskjæret må ein heilt inn til Hornelen før det er eit nytt fyr. – Vi leika mykje på fyret, sprang opp og rundt. Det var ikkje heilt lov det heller. Hugsar vi sat der og glana ein gong dei skulle dra av ein skyssbåt som hadde gått på grunn. Det var spennande for slike karar som oss, minnest Åge.
– Leika de ikkje med båtar og meir ufarlege ting?
– Jaudå, det var helst i Sørbottsvatnet vi hadde båtane, festa til ei troe med tau i. Vi drog dei rundt til ulike hamner med namn frå inn- og utland. Båtane laga vi sjølve, eller dei var arva frå eldre båtbyggjarar. Det var ikkje kjøpeleikar i den tid, slår Sigfred fast.
Skaut med krut i Hakkedalen
Åge vert stille, mest så han lurer på om han skal fortelje korleis dei brukte den gamle krigsammunisjonen han, Eidar og Arve fann på eit naust. Den historia har ikkje Sigfred høyrt, han lurer på kva for eit naust? – Ditt, svarar Åge og ler. Det er Sigfred som eig Kvia og Kvie-naustet no. Historia må ha skjedd etter at han reiste ut i verda som 14-15-åring, meiner han. I Botnane hadde vi den gongen 7-årig folkeskule, deretter måtte vi reise på hybel anten det var arbeid eller skule vi tok i ferd med.
– Jau, vi fann ein god del krigsammunisjonen på Kvie-naustet. Vi tok patronene og heiv dei i steinen, for å få ut spissen og få tak i krutet. Lunter fann vi både her og der, fortel Åge. – Vi laga oss kanon av eit gamalt røyr, la lunta nedi og tende på med fyrstikker. Det var Eidar´en som var «spesialisten». Han var flink med det tekniske, konstaterer Åge.
– Kva skjedde så?
– Vi lada med krut og fylte røyret med mose, men før vi gjorde det hadde vi drege det med oss opp i Hakkedalen. Det er eit lite dalsøkk opp under Opnaren. Det var eit godt stykke frå folk, så der fyrte vi av utan at nokon høyrde det eller oppdaga oss. Operasjonen med å få ut krutet var farleg. Det var nok mange gonger at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge tenksamt.
Både Sigfred Nøttingnes og Åge Sørbotten vart sjøfolk og er no pensjonistar (sjølv om Åge har vore å sjå som «sommarvikar» i Fjord1). Sigfred og kona Grete bur i Florø, men er mykje i Botnane, på garden han arva etter onkelen sin. Åge og kona Solbjørg var dei fyrste i sin generasjon som busette seg i Botnane, lenge før det kom veg til bygda. Dei var viktige for at fleire gjorde det. To av borna deira har busett seg i Botnane og Åge nyt gleda av å ha barnebarn nær seg. – Det er kjempekjekt med barnebarn, og viktig å få dei til å trivast. Eg trur det er godt for dei å vekse opp her og får prøvt seg. Lære kva som er farleg og ikkje i praksis, og ikkje berre i teorien, seier han med ettertrykk. Skal tru kva han fortel dei når dei ber han fortelje om då han var liten? Det skal mykje til å overgå bestefar Åge sine barndomsminne. Bestefar Sigfred sine òg. Eg følte på langt nær at dei fortalde alt. Dei har enno ikkje kome dit som forfattaren Halldis Moren Vesaas sa i eit intervju i alders år: «No er eg så gamal at no fortel eg alt».
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 09.08.2020.
Søndag 13. september kl.16.00 er det kafe i Botnane grendahus med presentasjon av den nye boka til Ottar Grepstad om 1900-talet. Det er Magni Øvrebotten som skal samtale med han om den. Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Rom for ord, som driv litteraturformidling på bygda, og Botnane og Årebrot grendalag. Det er gratis, men folk må som vanleg kjøpe seg mat og kaffi.
Tidlegare på søndagen, kl.14.00, vert det omvising på Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Det er Magni Øvrebotten som har omvisinga. Frammøte på Jørnjorda, ved dei tre diktsøylene i brunt som er starten på Diktarstien. Les meir om den på eiga side, som du finn i toppen av denne nettsida.

Det er lett å ty til klisjeen om «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» når ein skal til Blomevikja i Uradalen på Årebrot, der Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt har hytte. Lenge rodde dei frå enden av Uravatnet til hytta, men dei siste ti åra har ein sti gjennom skogen vore mest brukt. Dei har ikkje ramla ei einaste gong, seier dei. På den trivelege hytta i Blomevikja har dei sidan 1982 funne roa frå kjas og mas, og travle jobbar. No er dei begge 73 år og håpar helsa held til å fare hit lenge enno.
Frøydis Lilletvedt stammar frå Uradalen. Mor hennar, Magnhild, var syster til Paul Urdal, som eigde bruket hyttegrunnen er skilt ut frå. Dei ynskte seg tomt nærmare garden, men dyrka mark skulle ikkje brukast til hyttetomt, meinte onkelen hennar. I dag er det son hans, Fridtjov Urdal, som eig garden og han meiner ein må ha sopass med tomt kring hytta at ein kan pisse på eigen grunn heile vegen rundt. Det er andre tider no.
– Onkel Paul var oppteken av ord og kunnskap og gav oss to namn å velge i når vi skulle sette namn på hytta. Det var anten Blomevikja eller Einebakkjen, fortel Frøydis. – Det var eit lett val å ta, legg Tor Magnus kvikt til. No har dei hogge vekk mykje av eineren kring hytta, men blomen (bregna) veks villare enn nokon gong. Her er frodig og grøderikt. Hytta ligg kloss i Uravatnet, der vassliljene framleis blømer i byrjinga av august.
Bryllaupsreise til Uradalen

Frøydis har vore her nesten kvar sommar sidan ho var barn. Foreldra hennar reiste hit for å hjelpe til i slåtten, og dei budde hjå Paul og familien hans. Som vaksen, med mann og barn, budde ho hjå morsyster Helene og onkel Bjarne på Løype.
– Vi gifta oss i 1971 og bryllaupsreisa vår gjekk til Uradalen, fortel Tor Magnus, og begge ler godt. Det var ikkje så mykje pengar blant nygifte den gongen og dessutan har dei alltid likt seg her. Det var naturleg å fare hit. – Ja, vi gjekk på fjellet med onkel Paul og hamna i Terdalen. Der bygde dei på vassverket frå Sagavatnet, og vi fekk skyss heimatt til Årebrot. I tillegg var vi ein liten tur til ei venninne av meg i Svelgen, elles heldt vi oss her, fortel Frøydis.
Hytta bygde dei i 1982 og alt materiale og innbu er frakta hit i robåt, og tomt og grøfter er gravne ut med hand. Hit var det ikkje råd å få maskinhjelp til noko. Helge Kleiven leverte alt trematerialet og Leif Steinsvoll bygde hytta. Så her var det kortreist det meste.

Begge er praktisk anlagt, og seier dei er «oppvaksne» i Speidaren, der dei også var leiarar i mange år. – Lenge hadde vi frys hjå onkel Paul og fiska med onkel Bjarne. Vi hadde fisk heile vinteren vi på den måten, seier Frøydis. Der det ikkje er butikk å fare til når du manglar noko lærer du deg å planlegge, og du blir meir oppteken av å finne løysingar enn av å lage problem av bagatellar, meiner ho. Men ho er likevel imponert over korleis lokalbefolkinga planlegg handling og kan klare seg i to veker utan å fare på butikken. – Det er slikt byfolk ikkje forstår seg på. Dei kan dra attende til butikken for den minste ting.
Solceller, gass og internett
Solceller skaffar dei vatn og lys. Koking, kjøl og frys går på gass. – Og vi har internett. Kva meir kan ein ynskje seg? spør Tor Magnus. Dei skryter av sønene når det gjeld tilrettelegginga av alt dette. – Det er dei som gjer det komfortabelt for oss, fortel dei. Eit større kjøleskåp med frys er det siste som har kome i hus. Eit stort framsteg.
Dei har to søner og ei dotter og alle var her mykje i oppveksten, og foreldra håpar at ein av dei vil ta over Blomevikja. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt er begge 73 år og spør seg stundom «Kor lenge orkar vi dette?» Men dei vil vere her så lenge dei maktar det.
Eg kan ikkje fatte at dei kjem seg heilskinna gjennom gåturane i mørkna på stien dei har laga til i ei hjorterås. Det er den dei brukar mest no, i staden for å ro. Frøydis vedgår at ho ikkje likar seg åleine i mørkna, særleg på grunn av all hjorten. Dei har merka stien med refleksar og refleksband og går med hovudlykt. Dei fortel med humor om heimturen frå hjortefesten då det krydde av hjort i og rundt stien deira. Hjorteaugo lyste som refleksar, problemet var berre at dei «refleksane» bevega seg. Men det er ei oppleving som er få forunt, og dei tok seg den tida dei trong. Turen er eit minne for livet og noko dei gjerne fortel vener og kjende om.
– Her er ei eiga ro

Dei bur på Askøy, og i yrkeslivet var Tor Magnus rektor der og hadde ansvaret for 400 elevar og 40 vaksne. Frøydis arbeidde fyrst i bank før ho vart SFO-leiar med ansvar for 130 barn og 20 vaksne. Det var travle år, i tillegg var dei aktive i politikk og organisasjonsliv. Etter jobb sette dei seg ofte rett i bilen på fredagane, for å køyre til Årebrot.
– Når vi har passert Gulestøa senkar roa seg. Eg nyt verkeleg den fantastiske kyststripa der langs Frøysjøen. Dei som skryter av Atlanterhavsvegen på Sunnmøre har ikkje køyrt Frøysjøvegen frå Gulestøa til Årebrot, seier Frøydis. – Det er ei eiga ro her oppe, vi kjem nærmare naturen, og vi likar folket. Dei er veldig hjelpsame og finn løysingar på det meste. Det er lett å be om og få hjelp her, legg ho til.
– Vi har levd hektiske liv og vitsen med å vere her er å ha det roleg, kvile og slappe av. Nokon seier at vi ikkje har utsikt! Heime på Askøy ser vi utover byfjorden. Her i Blomevikja ser vi eit stille vatn og skog. Uravatnet gjev oss ro, seier Tor Magnus og peikar utover vatnet frå den heimesnikra sofaen i stova.

Ny bru over elva.

Stien går i ei hjorterås.
Samstundes som dei likar denne roa likar dei å bli kjende med folk i bygdene her. Dei tykkjer det er kjekt å vere med på det som skjer og rår andre hyttefolk og fastbuande til å vere det. Kjensla av å høyre til har ein eigen verdi og gjev opplevingar og felleskap, meiner dei.
Frøydis har opplevd store endringar på Årebrot dei åra ho har vore her. Mykje har gått framover, men den nye postleveringa synst ho er eit steg langt, langt attende i tid. Ho minnest slekta, men også bygdefolket elles. Agnes på Gamlebøen, som var så god til å fortelje, Borghild på Ura, dit dei måtte for å bruke telefonen, og drivkrafta bak alle basarane, Mathilde på Kvalvika. Det var flotte folk.
Imponerte over grendalaget
– Livet vart eit anna her etter at vi kom i lag med Botnane då vegen kom i 1987, og vegen vidare nordover i 1993. Det vart større og meir aktivitet. Her er mykje trivelege folk og vi er veldig imponerte over Botnane og Årebrot grendalag og alt arbeidet som vert lagt ned der, på mange ulike felt, seier Frøydis. – Ja, til å vere ein sopass liten plass, og så få folk, er det svært stor aktivitet i det laget. Men eg legg merke til at, her som elles, er det mykje same folka som er med på dugnadane, kommenterer Tor Magnus. Dei er sjølvsagt medlemmer i grendalaget og set pris på å fylgje med på både Facebook-sida og nettsida www.Botnane.no – Der kan vi lese om både notid og fortid, og brått finne historier vi ikkje kjenner til om tjukke slekta mi. Det er viktig å få skrive ned historia til desse bygdene, meiner Frøydis.
– Eg visste ingenting om Botnane før Audun Sande ringde meg Jonsokkafta i 1990 og spurde om eg kunne køyre bussen for han, slik at han fekk seg litt ferie med familien. Det enda med at Øystein Faye køyrde ei veke og eg den neste. Eg hadde køyrt buss då eg var student, men det veit eg ikkje om Audun visste. Men når du køyrer buss lærer du både kva folk heiter og kvar dei bur. Ein ekstra bonus var at eg fekk frukost med Alma og August San
de, foreldra til Audun, kvar morgon! Ein dag kom ein journalist og ein fotograf frå Firdaposten på bussen og spurde kva det var å skrive om her? Eg sa som sant var at eg korkje var bussjåfør eller kjent, og det vart ei heil bakside i Firdaposten, med overskrifta: «Eg er ingen bussjåfør», ler Tor Magnus.
Kjekt å syne fram området
Dei er begge ihuga turfolk og går mykje i fjella både kring Årebrot og elles. Det har dei gjort i alle år, og det er lett å sjå både på kroppar og balanse at dei ikkje har site for mykje i ro. Etter at dei vart pensjonistar har dei vorte meir aktive i turlaget, og Tor Magnus er leiar for Seniorgruppa i Bergen turlag.
I fjor hadde dei med 44 turlagsfolk frå Seniorgruppa rundt Hovden og på Kinnas
pelet. Dei planlegg eit liknande opplegg neste år, mellom anna for om lag 30 personar frå Haugesund. – Det er kjekt å vise fram dette fantastiske området til folk som ikkje har vore her før, og mange vil attende når dei fyrst har vore her, seier Tor-Magnus.
Dei ror meg attende til Løype på eit stille og idyllisk Uravatn. Men det kan blåse her og, let dei om. I det eg stig i land får eg beskjed om at eg godt kan skrive at folk gjerne må ta seg ein tur i Blomevikja på besøk når dei er der. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt likar både folk og stille ro.

Tekst og bilete: Magni Øvrebotten 08.08.2020.

