Få ting er meir skammeleg enn naud. Difor talast og minnest det lite frå tida då det fanst matnaud her i bygdene, for berre snautt 100 år attende. Då er det ikkje tale om krig, men rett og slett matnaud kring om i stovene. Men var det matnaud her som folk hadde havet så nær? Det var vel alltid råd å få seg ein mort og to?
Det er ikkje sikkert det var så enkelt. Det var heimar og huslydar der dei ikkje hadde båt, og om dei hadde så kunne det vere smått med reiskap utover handsnøre. Og sume år var svartår, det var uår på sjø, så vel som på land. Då var matmangelen ein realitet i mange heimar.
Det var ikkje så at folk ikkje ville hjelpe, men då krevst det noko å hjelpe av. Dessutan var matmangelen ei skam ein nødig synte fram. Om vi ungane var bort i gardane og vart bydde mat, så skulle vi takke nei, for elles kunne folk tru dei ikkje hadde mat heime. Det var hardt mange gonger når vi var svoltne og ikkje viste om det var noko å få heime heller. Dei små jordlappane som utgjorde gardane her var ikkje mykje å forlite seg på. Om karane var vekke på fiske, eller borte på anna arbeid, så var det slett ikkje sikkert at dei hadde reide pengar å sende heim til kvinnfolk og ungar. Slo det til med sjukdom og ulukke var vegen ut i naud kort. Dette er ei soge som ein ugjerne fortel sjølv om eins eigen slekt og familie var ein del av det, Naud er skam endå om ho er gammal.

Legdekallen låg i fjøsen. Databilete av Fridtjov Urdal.
Legdekallen låg i fjøsen
Å gå på legd var den gamle sosial-ordninga, for dei som var gamle og fattige og sjølv ikkje hadde midlar til eige livsunderhald, eller kunne gjere arbeid. Då måtte dei på bygda. Dei kunne ha fast tilhald på ein gard eller dei vart frakta rundt frå gard til gard, eller det var nokre gardar eller plassar som delte på eit legdeslem.
I min barndom høyrde eg om ein stad her i bygda at dei hadde legdekallen liggjande i fjøsen. I ettertid vart det lagt folk til last at dei for slik åt. Det kan synast som om dette var ei nedverdigande og inhuman framferd, men går ein attende til den tida då dette hende, slutten av 1800-talet, så var ikkje det å ligge i fjøsen nokon dårleg stad å vere. Om der ikkje var så heilt patent når det gjeld hygiene-standaren og lukta, så var det ikkje kaldt all den tid ein hadde varmen frå beista. Og det talde mykje i ei tid då det å skaffe til rettes ved var svært arbeidskrevjande, anten det no var tre eller torv. At kosten kunne vere skral, og at husets folk så godt dei kunne freista pine arbeid ut or legdefolk, var noko folk den gong skjøna seg vel på. Den som ikkje vil arbeide «skal heller ikke æde». I Synnervåg plagdest dei visst lenge med ei legdekjerring som vart sengeliggjande og ikkje ville daue.

«Engel i kaffikopp». Databilete av Fridtjov Urdal
Ho som såg englar
Det vart fortalt om ei som budde på Vikja. Ho hadde det heller smått, så ho rak stundom i gardane for å få noko å leve av. Men all den tid Vårherre ser til sine så hadde ho fått den gjevnaden at ho kunne sjå englar på høglys dag.
Det var helst når nokon hadde døydd at desse englane synte seg. Bodskapen var at dei vart henta til himmels. Så snart eit dødsfall spurdest så møtte ho fram i sørgjehuset og fortalde kva ho hadde sett. Kor vidt folk trudde noko vidare på desse syna skal vera usagt, men skikken vare at synet vart honorert i kaffi og eit mål mat.
Då han gamle Thore i Husefest (1819-1913) gjekk or tida hadde ho visst fortalt at ho hadde sett fleire englar. Det heldt folk for rimeleg all den tid at skulle ein få gamle Thoren med seg til himmels så nytta det nok ikkje berre med ein engel.
Det gjekk óg det ordet at dei trudde han gjekk att nord i Husefest. Han var ikkje før komen i jorda før der synte seg ein rev som var svært nærsøken, og som det ikkje beit skot på. Det meinte/sa folk «de ska sjå det er Thoren som går atte so ein røv, jau, da skulle høve seg».
Thore Hansen Husefest var ein framtøk og driftig kar som stelte med mangt og mykje. Ikkje berre var han ein dugande notbas og forretningsmann, han var óg dugande i fleire handverk, mellom anna som smed. Trass dette fekk han ikkje noko eintydig rosande ettermæle. Til det var han for påhalden og vanskeleg å kome til rettes med.
Av Fridtjov Urdal, februar 2023.
Årsmøte laurdag 11.mars 2023 kl.15.00
i Botnane grendahus
Sakliste:
- Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under møteboka.
- Godkjenning av innkalling og sakliste.
- Årsmelding for 2022 –
- Rekneskap for 2022
- Arbeidsplan for 2023
- Kontingentsatsar for 2024
- Budsjett 2023
- Val
Med helsing
Åsmund Berthelsen
(leiar i styret)
Mobil: 93237073
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Meir informasjon om grendalaget finn de på heimesida www.botnane.no og på Botnane og Årebrot grendalag si fjesbokside!
Sakspapir og endeleg sakliste for årsmøte vert lagt ut på heimeisda til grendalaget omlag ei veke før årsmøte.
– Det er merkeleg kor det eine minnet hektar seg på eit nytt, eller rettare sagt eit gamalt. Eg var ein slik unge som hadde glede av å sitje og høyre på vaksenpratet, og mykje av det eg høyrde skulle det ta tid før eg skjøna, seier Fridtjov Urdal. Han slær også fast at det er ingenting det vert så mange versjonar av som det som ikkje skulle snakkast om. Her fortel han vidare litt av det han har blitt fortalt:

Gode emne var best å la stå. Databilete av Fridtjov Urdal.
Då Vår Herre gjorde rett og skil i Sunnervåg
I eldre tider var det landskapet som vi kjenner her langs strendene heilt annleis. Det var eit bert og til dels skog- og krattlaust landskap. Hard nedbeiting heldt voksteren nede. Det som voks opp vart freista teke vel vare på og utnytta til alt anna en ved. Det var nær ei overdådigheit å felle veksande tre for å bruke det til ved. Det var rikeleg anna å bruke materialen til. Det kunne vere så mangt, ein kunne sjå på ein rogn eller ei bjørk og sjå at når ho fekk nokre år til på seg så kunne det verte eit godt mei-emne under ein slede, eller det helt på å vekse seg til ei brukande skok. Det kunne vere til sjølvbruk, men óg for sal.
Ein sette ikkje vedøksa i noko som kunne verte ein båtkeip eller ei ny åre, ein la det til sides eller let det stå på rot til ein hadde bruk for det. Døma kan gjerast uendelege. Alt måtte takast vare på. Av ei krokete einerot kunne der verte ei usliteleg hovd. Ei slik utnytting førde stundom som rimeleg kan vere til usemje. Somme tider vart det så gale at høgare makter måtte gripe inn.
Ein gong måtte Vår Herre døme mellom bruka i Synnervåg. I grenseskilje mellom dei inna i elva og dei uta i elva stod det den gong ei gammal stor bjørk. Båe brukarane såg seg mun i denne og båe meinte dei at bjørka tvillaust stod på deira mark. Det vart gardastrid og ufred i lange tider. Den eine skjelte ut hin for å vere ein einøygd kjeltring og tjuv, og ufreden vart ikkje mindre av det. Det var då Vår Herre greip inn og let lynet slå ned, så bjørka vart splintra og kløyvd. Eit slikt fingerpeik frå det høge gjorde til at ingen torde røre det falne treet. Bestemor mi fortalde at ho kunne hugse at der låg att av det då ho var unge. Om denne gudsdommen førde til forsoning veit eg ikkje.
Smeden miste hammaren og grannen miste auga
Det var ein her i bygda som dreiv ein del som smed. Han vart sæleg halden for å vere ein god bitjarn-smed, som var flink med alt slag verktøy. Ein dag var tyngste hammaren vekke og ikkje att finnande. Han måtte vere stolen og smeden trudde han visste kven tjuven var. No høvde det seg slik at det var ein i bygda som kunne kunsten å syne tjuvar. Det vart gjort i eit kar med vatn, som så vart dekka til og lese over. Så vart overtrekket drege til sides og tjuven vart synt. Men denne gongen ville ikkje denne karen syne tjuven. »Men eg kan merkje han til deg», sa han. Ja, det kunne han gjere, men det måtte ikkje vere slik at det gjekk på livet laust. Same dagen miste grannen eine auga. Han var merkt.
Vedløyse og torvstikking, uteslåttar og tangskjering
Sjølv på dei gardar og bruk som hadde skog vart det skore brenntorv for å spare. Den staden der dette enno er synleg er i myra over Gjytten (Opp i torvmyra), og der vart det skore brenntorv til etter krigen, ikkje rettare eg veit.
På 1960-talet stod der enno ein torvsjå att under ein hammar. Den siste som skar var så vidt eg veit han Gustav på Kvalvika. I myrane nord for Lonene var det óg strukturar som kunne tyde på torvstikking, så også i myrane sør mot Brotet. Det var ikkje berre tre som kunne føre til konfliktar, men også beiting og sanking i utmark. Det meste av slike rettar var nedfelt i dokument, men dei var ikkje så lette å få hand så til kvardags, og langt frå alle var «brevsynte», som ein sa. Det var alle dei avtalane og lovnadane som var gjort der og då, og som berre den eine parten hugsa. Mellom Gamlebøen og Ura hadde det vore usemje om lyngskjering og det så pass at det visst var nære på at dei hadde brukt sigden på kvarandre.
Utmarksslåttar var det óg ein del av. Var det ein holme, ei skor eller slette med gras, så vart det slege. Den garden som dreiv lengst med utslått var Ura. Dei slo Lonene-holmane til fram på 1960 talet. Holmane låg så lågt at om det kom ei regnbye eller to så flaut graset bort. Så der måtte ein ta mange omsyn skulle ein få hausta. Ei tid hadde dei to hesjar nest nede i Futelida og ei lita utløe (Det skal ha vore i ho Juditta og han Matias si tid). I min barndom låg det att eit par svillestokkar av den utløa. Den tid løa var i bruk skulle dei ha slege Slokemyra og ein stad inne i dalen. Den tid eg hugsar bar dei rågras-børene frå Lonene og heim på Ura. Det er kring 2 km fram og attende. Det var dyre strå.
Tang vart og skore til beist, men det er så vidt eg kan hugse i at det vart brukt. Av dei stader eg veit det vart skore tang til fôr er Vågen, Løype, Kvia og Ura, Det vart óg nokre gonger skore tang som vart levert i Gunhildvågen i Florø. Eg trur det var han Agnar Faye som stod for det, i alle høve var det Vikagavlen dei brukte til føring. Eg hugsar vi sto på skuleplassen på Ura og såg den tunglasta gavlen på veg ut vika. Det må ha vore kring 1962.
«No kan du gå inn og seie til mor di at ho kan berre daue»
Ho Maria på Løype var nok ikkje av dei mildaste, men ho hadde óg røynt sitt. Når eg skulle til sjøen for å hente posten var eg ofte inne hjå henne i kårstova på Løype, ho hadde største rommet i huset for seg sjølv. Ho bydde på kamferdrops og ville vite nytt. Det var ingen som fortalde ho det slag, meinte ho. Eg hadde ikkje så mykje å by på eg heller i så måte, men ho kunne fortelje.
Kor det gjekk føre seg veit eg ikkje, men emne likkiste vart i alle høve ein gong nemnd. Då fortalde ho at i hennar tid så skaffa ein slikt til veges sjølv kring om på gardane. Ho fortalde at mora hadde vorte bråsjuk og låg og talmast, så det nok var på siste tida, Faren stod på tunet og telgde til bord og gjorde til kiste. Då han var ferdig sa han: «No kan du gå inn te hinne mor di og sei at no kan ho berre daue, for no er kista hinnar ferdige». «Eg so gjorde, men ho mor livna no til att den gongen», fortalde Maria på Løype.

Den framande. Databilete av Fridtjov Urdal.
Den framande i Seljestokken
Dette skulle vere noko som hende eit av dei fyrste åra etter at det gamle huset (no rive) i Seljestokken var bygt. Det sat to, tre karar ute på trappa. Det var klåre dagen, då ser dei ein mann kome opp sjøvegen. Dette tykte dei var underleg, for dei hadde ikkje sett at der kom båt. Ikkje kjende dei mannen heller, og ikkje verka det som han brydde seg med dei heller endå dei både helste og tala til. Den framande gjekk inn i kjellaren. Dei for etter, for å sjå kven dette var, men der var ingen å finne.
Han Pitter måtte under jord
Han Peder, som budde på det dei kalla Pitterplassen, gjekk for å vera svært ovtruen. Ei tid hadde han vore så ille plaga av verk at han var mest ikkje god til å arbeide. Han var sikker på at det var einkvan som hadde sett ilt på han. Sjølv trudde han at det var ei som heite Samelina, som han visst hadde eitkvart uoppgjort med.

Pitter bøtte seg for torv. Databilete laga av Fridtjov Urdal.
Men Peder visste råd for slikt. Han måtte under jord, då ville trollskapen sleppe og gå attende på den som hadde sendt den i veg. Det gjorde han på følgjande vis: Han skar opp ei torvremse, som var hengande jordfast i båe endar, og så smaug han seg under. Han Nils i Seljestokken, son hans Karnils, hadde kome på Peder då han nett var ferdig. Då vart Pitteren rykande sint. «Hadde du kome på meg før eg var ute på hi sida, so kunne eg ha vore daude no», let han om. Det var såleis på ingen måte ufarleg å gjere slik. Korleis det gjekk med ho som heite Samelina veit eg ikkje.
Blått lys i Breivika
I min barndom var det ein viss omgang mellom oss på Kvia og dei i Breivika. Eg minst at ho Kristi var på vitjing to gonger. Det var moro, for ho og bestemor mi hadde mykje å prate om frå gamle dagar. Mellom anna det at det skulle ha vore einkvan i Breivika som kom vekk/drukna. Kven, kvar og når veit eg ikkje, det feste seg ikkje i minne.
Det som var verdt å hugse var det som vart fortalt hadde hendt rett føreåt. Då hadde dei i Breivika sett eit blått blafrande lys, som tre gonger hadde kome opp frå støa og opp mot tunet før det slokna. Dei hadde skjønt at det ikkje var noko godt varsel, og det var det heller ikkje.
Den utrygge senga i gamlebua i Husefest
I Husefest er det gamal busetnad. Han Torvald fortalde at han hadde talt 17 husgrunnar der på bruket sitt. Der var heller ikkje heilt fritt for mystikk. Eit var no at dei fortalde at han gamle Thore hadde kome att i skapnad av ein skotfri rev. Eit anna var at det i tunet sto ei gammal bu, der det i andre høgda var ei seng som ingen fekk ligge i. Dei som prøvde enda heller ublidt fram på golvet.
Det var både kvern og sag i Husefest, og folk reiste dit for å male korn, for det skulle vere ei svært god kvern. Det var mange ut på Frøyalandet som reiste til Husefest for å male hjå han gamle Thore og seinare hjå sonen, han Hans i Husefest. Der kunne dei nattestid sjå at det lyste frå kverna og ein kunne høyre lyd av kvennagong endå der ikkje var folk som mol. Det var eit sikkert teikn på at no skulle der kome rikeleg kvennavatn. Dei sa då at no var det dei underjordiske som mol.
Dei underjoriske i Husefest gjer óg til at huset i søre tunet står der det no gjer. Det var meininga at det skulle stått lenger opp i bakken, men det kom ein framand kar til han Anders (namn usikkert) Han sa at «reiser du hus der du har tenkt så byggjer du oss til meins, og sjeldan er den til vens som er ein til meins. Men byggjer du annan stad, så skal ikkje vøre deg eld elle vete». Det var óg sagt at det budde underjordiske i ein stor stein inn med Husefestvatnet og støa si hadde dei i Jektevika.
Husefestarane miste plassen sin i kyrkja
I grålskyrkja (kyrkja på Grotle) hadde alle gardane i soknet faste benkar og det var halde for ei grov fornærming om nokon tok plassen deira. Denne ordninga med faste benkjer var komen ut or bruk då den nye kyrkja på Frøyalandet kom i bruk i 1865. Då husefestarane kom til nyekyrkja så fann dei ikkje plassane sine. Dei hamna lenger attom og ned med døra i kyrkja enn dei tykte rett var.
Dei klaga på dette til sokneprest Koren, som meinte at det ikkje var noko han kunne gjere i så måte. Husefestarane vart ikkje åleine om klagemålet, både botningar, sørgularar, myklebustarar og indre- og ytrehusingar var arge. Koren måtte minne dei ilske sokneborna på at det ikkje var plassen i kyrkja, men i himmelen, som var hovudsaka. Denne historia fekk eg frå to kjelder i Bremanger: Amanda Igland og Alf Torvanger.
Ho hadde greie på mangt ho Gunnhild Thorsdatter f 1865
Ho Gunnhild på Solberg var av dei som var nyttige i bygda. Ho hadde greie på både folk og fe. Der var ofte ei slik i ei bygd, ei som visste meir en hine. Her var det ho Gunnhild. Det var henne dei gjekk til når det var noko som stod på, anten det no var folk eller beist. Ho hadde greie på kva planter som hjelpte mot ymse sjukdomar, ho kunne lækje sår og spjelke brot.
Plantene som skulle brukast til læking måtte samlast ved solsnu, eller helst jonsoknatta, då hadde dei størst kraft. Gunnhild skulle ha lært dette hjå mor si, ho Kristi, som kom frå Kvinnherad og var gift med han Gamle Thore i Husefest.
Dr. Skridshol på Florene skulle ha sagt det om ho Gunnhild at dei kunne trygt gå til henne, for ho gjorde ikkje meir enn ho visste. Dottera henna Gunnhild, ho Sigrun Solberg, skulle og vere flink med dyr, men så vidt eg veit og har høyrt, så prøvde ho seg ikkje på folk.
Lyset på Olaskjeret
Det vart fortalt at dei stundom såg eit lys på Olaskjeret, som ikkje kunne vere tå folk. Dei meinte det måtte vere attegongarar frå eit forlis som skulle ha hendt der i gamle dagar.
Ein av amtsbåtane helt på å renne seg opp der, dei kom frå Smørhamn og styrde etter eit lys som dei trudde var lykta på Lyktehogen i Seljestokken. Når ein såg lyset på Olaskjeret så visste ein at det vart verforandring i vente – til uver.
Kven var det dei segla etter?
Der var eit båtlag som skulle frå Frøyalandet og inn til Husefest. Dei fekk uver på seg i Frøysjøen, vind og snøtjukke, så dei såg ikkje hand for seg. Etter ei stund visste dei ikkje kvar dei var og var redde for å segle seg på land. Då fekk dei sjå som ein skugge av ein båt med folk om bord. Dei ropte for å gje seg til kjenne, men der var ikkje svar å få.
Det vart likevel til at dei freista halde fylgje med den framande båten, i von om at dei visste både kor dei var og kvar dei skulle. Dei merka på sjøen at dei var nær opp under land. Dei svinga om eit nes og kom i livd. Då letta snøveret og dei låg inne på Jektevikja i Husefest. Men den hin båten såg dei ikkje noko til, og den vart heller aldri spurd. Dette skulle ha hendt ein gong kring 1860.

Ei ferd frå Seljestokken til Ålesund og attende. Kva han Thor i Seljestokken fortalde:
Han far hadde ein galeas som heite «Vandringsmannen», som dei dreiv fraktfart med og stundom leigde ut som losjement for større notlag. Det året eg hadde gått for presten skulle eg vere med på tur og det var berre eg og han Karsten på Kvalvika som var mannskap. Det var ei kjende sak at han Karsten låg under for drikk, så han far sytte nok litt med å sende meg av stad med han.
Han Karsten hadde lova på tru og ære at han ikkje skulle røre det sterke. Det gjekk godt opp til Ålesund og vi fekk gjort det som gjerast skulle. Då vi var ferdige og skulle ned att så styrde han Karsten båten til vi var komne ut forbi Godøya, og kunne setje kursen vest og sør. Då fekk eg beskjed om att no fekk eg passe roret for no ville han ha seg kaffi. Men han kom ikkje att, og då eg var komen så langt at vi hadde Runde om babord og Stadten i sikte, tykte eg at det måtte vere måte på kaffidrikking.
Så eg fann å måtte sjå etter han og gløtte ned skaileit (glugge på rufftaket som sleppte lys ned i lugaren). Der såg eg koppen på bordet og framunder bordet stakk der eit par støvlar. Der låg han aldes dauddrukken på dørken. Eg fekk baksa han opp i ein benk og fekk av han dei fullepissa støvlane, så var det ikkje meir å gjere enn å gå oppatt og styre sørover. Heldigvis var det sommarsdagen med godver og stødig nordavind, så det gjekk rimeleg radig sørover.
Ukjend som eg var fann eg det tryggast å halde langt vest og klar av land. Han Karsten såg eg ikkje meir til før vi var komne inn sør om Kalvåg. Det var i kveldinga, andre dagen etter at vi reiste frå Ålesund. Der vart vi liggande å drive i damstilla. Eg kunne sjå heim, og på morgonen hadde dei sett oss heimanfrå og kom ut og fekk slepa oss inn på Vågen.
Eg veit at eg prøvde å lyge så han Karsten skulle kome i frå det, for han var i mangt ein bra mann, men han far fekk no greie på tilburen (hendinga) likevel. Eg trur ikkje han Karsten førde «Vandringsmannen» etter den turen, fortalde han Thor i Seljestokken.
Kva Anna og Nils fortalde om omgangsskulen på 1880-talet
(Anna på Kvia og Nils Korneliussen var sysken. Anna var bestemor til Fridtjov).
Det var ikkje alle gardar der dei hadde rom til å ta i mot skulen. Der vart halde skule på følgjande stader etter det eg har høyrt fortalt: I Sundet der han Martin budde, på Ura, sameleis på Kvalvika og i Seljestokken. Beste staden var Vågen, der var det stor, nybygd stove og lyst.
Den tid var folk vande med å gå lange vegar, anten det no var ungar eller vaksne. Men det var eit hinder som kunne vere fårleg, og det var elva frå det dei den gongen kalla Kviavatnet og ned til Saga. Der var det inga bru, så der var det å hoppe på sleipe steinar, eller krype på dei rotne stokkane i demma i osen av vatnet. Stundom, når elva gjekk stor, så hende det at dei på Ura rodde ungane inn i Vågen.
Lærekreftene var nok så som så. Dei lærde å lese, men det var det ein god del som hadde lært heime før dei byrja på skulen. Rekning var pluss, minus, gange og dele. Brøk torde ikkje læraren seg på. Elles lærde dei bibelsoge og katekisme, så dei skulle vere vel budde til dei skulle gå for presten.
Sjølve læreprosessen kunne vere brutal, særleg for dei som ikkje hadde så lett for å ta til seg lærdom. Lærarane hadde ofte stor tru på at det ein ikkje lærde med det gode, det fekk ein lære med det vonde. Ein var, med god grunn, så redd læraren att han pissa seg ut. Då tok læraren og braut han i hop og kneka han godt ned i væta, medan han fortalde dei hine elevane for ein stakkarsleg ålmåse han var.
Men då hadde læraren forrekna seg, for han Henrik i Vågen (det var i vågastova dette hende) tok læraren føre seg og lova at om dette hende ein gong til, så skulle han syrgje føre at han ikkje kom innom dørene meir, og at han kom til å sende klage til presten for slik framferd. Læraren skulle ha vorte merkande spakare etter det.
Dei som budde i den store steinen
På vegen mellom Sunnervåg og Kvalvika ligg der ei stor flytteblokk. Der budde dei underjordiske i gamal tid. Det vart ikkje rekna for heilt trygt å gå framom der i mørkna. Han Nils fortalde at det kunne kome ei tyngsle over folk der, nett som noko hadde lagt ei bør på dei. Då måtte ein lese Fadervår eller kome seg inn på pløgd mark (åker). Der hadde ikkje dei underjordiske makt lenger.
Fridtjov Urdal januar 2023.
Det er stor interesse for kurs i turrmuring i Botnane med gråsteinsmurar Haakon Aase, frå Holsnøy. Fyrst melde 23 seg interesserte og etter bindande påmelding er det 19 som vil vere med. Det blir to kurs, eit frå 17. til 19.august og det andre frå 14. til 16.september. Det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs. Den ledige plassen er på kurset i september.
På kurset i august har tre kvinner og sju menn meldt seg på, medan det er fem kvinner og fire menn som er påmelde i september. Kvart kurs kostar 20.000 kroner. Grendalaget søkjer om tilskot til kursa og reknar med at kursavgifta ikkje vert høgare enn 1000 kroner pr. deltakar.

Haakon Aase i aksjon som kurshaldar. Privat foto.
Kursa byrjar torsdag kveld med to-tre timar med teori, og brukar heile fredag og laurdag til muring. I samarbeid med Haakon Aase vert det på førehand valt kva/kvar vi skal mure. Det kan vere reparasjon av gamle steingardar, påskøyting av murar, nye murar og bakkemurar, osv. Det er ikkje snakk om «øvingsmurar», men arbeid som skal stå for ettertida.
Det var bindande påmelding innan 22. februar, så informasjonen nedanfor er frå før den var gjennomført.
For at alle skal få mura er det best med 8-10 personar pr kurs. Kvart kurs kostar kr. 20.000. Botnane og Årebrot grendalag er glade for den store interessa og skal prøve å skaffe pengar til to kurs. Difor må vi no ha bindande påmelding til desse to alternativa; Torsdag 17. til laurdag 19. august eller torsdag 14. til laurdag 16. september. Bindande påmelding innan 22. februar. Påmelding til magni.ovrebotten@gmail.com, mobil 970 55201. Skriv namn, adresse og mobilnummer på kvar påmelde og kva datoar de kan gå på kurs. Dei som treng overnatting må de gje beskjed om det.
Vi treng tid til å skaffe oss finansiering og ser vekk frå mai som ein aktuell kursmånad, på grunn av mange helgedagar, konfirmasjonar og dugnadar. I juni driv kurshaldaren slåttonn og i juli er det ferie for mange. Difor landa vi på august og september som kursmånadar, og håpar at veret er på vår side og at hjortejegarane ser stort på at dei siste datoane er i hjortejakta.
Mat og overnatting
Grendalaget kjem til å lage til fellesmåltid i Botnane grendahus dei to kursdagane, der deltakarane kan få kjøpt seg mat. Når vi veit kor mange som eventuelt treng overnatting formidlar vi kontakt med dei som driv med utleige i området.
Dei som får plass på kursa får direkte melding om det. Og vi vil gje oppdateringar om kursa på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag, og heimesida www.botnane.no
Grendalaget har fått spørsmål om å få til eit kurs i turrmuring med gråsteinsmuraren Haakon Aase, frå Holsenøy. Føremålet er å lære turrmuring og få betre kunnskap om stein og muring, både for å lage nye murar og halde ved like gamle. Vi bur i eit område med mykje stein og mange steingardar.
Magni Øvrebotten har teke på seg å finne ut om det er interesse for eit slikt kurs. Dei som er interesserte sender henne melding om det innan 1. februar, om det er vår eller haust som høver best, og kva med kurs torsdag-laurdag, eller fredag-søndag? Send til: magni.ovrebotten@gmail.com, mobil 970 55 201.

Haakon Aase kan halde murekurs i Botnane, men før vi tingar kurs må vi vite om det er interesse for det? Og det må søkjast om tilskot frå ulikt hald. Eit 25 timars kurs i turrmuring kostar kr. 20.000, og vi ser for oss at deltakarane ikkje skal betale meir enn maks kr. 1000 per stk. Det er plass til 8-10, maks 12 personar, på kvart kurs, om alle skal få mura sopass mykje at dei har med seg lærdom heimatt. Kurset er ope for alle interesserte.
Aase brukar å starte kurset med ein teoribolk på to-tre timar og mure i to dagar etterpå. Han ser helst at kurset byrjar ein torsdagskveld og avluttar laurdag, men om det må gå frå fredag til søndag kan han tilpasse seg det.
Våren byrjar å bli opptinga for Haakon Aase sin del, men det kan kanskje gå med eit kurs til, om vi er raske. Elles har han god røynsle med murekurs i august/september. På grunn av hjortejakta er kanskje slutten av august beste tida her i området? Kvar i bygda vi kan halde kurset, og få spreidd deltakarane på fleire murar, får vi kome attende til når vi veit om det blir kurs. Før kurset må det køyrast til ein god del stein til å mure av.
Kallar seg gråsteinsmurar
Haakon Aase er halden for å vere ein av dei fremste turrmurarane i landet og bur på Litlebergen på Holsenøy. Han blir omtalt som ein kulturberar, men sjølv kallar han seg gråsteinsmurar. For turrmuring er den tekniske nemninga. Dottera hans, Kjersti Aase Winjum, gav i fjor haust ut boka «Mur, far og dotter», på Skald Forlag. Det er ei bok om turrmuring, der Haakon Aase lærer dottera å mure og ho dokumenterer framdrifta.

Det var berre 99 dagar utan nedbør i Botnane i 2022. Men likevel vart det ikkje eit rekordvått år i Rune Nordbotten sine målingar. Det var ein turrare haust som gjorde det. Nordbotten har registrert veret i Botnane i 48 år og juli månad var den nest våtaste han har målt nokon gong. Juli var 100 prosent våtare enn normalt, med berre fire dagar med opplett. – Månadane mai – august var dei våtaste månadane eg har målt nokon gong, med over ein meter med regn. Det var ein spesiell sommar, på fire månadar var det berre 23 dagar utan nedbør, seier Rune Nordbotten.

Rune Nordbotten visste mest ikkje å kome ut på bøane med traktor i fjor sommar. Foto: Magni Øvrebotten
Det han kallar «tjukkaste sommaren», frå 10. juni til 28. august var det berre åtte dagar med opphaldsver. – Ingen sommar i nærleiken av det som eg har målt. Vi har hatt enkeltmånadar som har vore trøstelause før også, men ikkje fire månadar i strekk, fortel Rune Nordbotten. At det vert meir nedbør med auka temperaturar seier seg sjølv, legg han til.
– Kva er den våtaste månaden du har målt?
– Det var oktober 2021. Då kom det 667,3 mm med nedbør og det var berre ein dag med opphaldsver. Oktober 2022 var den våtaste haustmånaden også i fjor, med 351,6 mm nedbør. Då var det seks dagar utan nedbør. Regntida på Vestlandet er frå september til januar.
– Kva gjorde at 2022 ikkje vart det våtaste året i dei 48 åra du har målt nedbøren i Botnane?
– Det var først og fremst ein turrare haust enn normalt som gjorde det. Men april i fjor var også ein særdeles fin månad med mykje godver. Vi hadde ein relativt mild og fuktig vinter, og etter all nedbøren i fjor sommar og i september, vart det fint i november og desember. Snø i desember og i jula har vi ikkje kvart år. Totalt var det 99 dagar utan nedbør i 2022.
– Kva med vinden?
– Det var mindre med storm i fjor enn normalt. Ei tid no har det vore mindre med kraftige vindar, det går i bølgedalar, som så mykje anna. Tidleg på 1990-talet og ein periode etter 2010 var det mykje vind.
– Og temperaturen?
– I fjor hadde vi totalt 33 dagar med over 20 varmegrader, og dei spreidde seg godt over året. Dei to fyrste hadde vi i april og dei fem siste i september. I juli var det berre fire dagar med over 20 grader.
– Korleis har 2023 starta?
– Måndag 9. januar var det heile 9,8 varmegrader i Botnane på morgonkvisten. Varmlufta kjem i framkant av lavtrykka. Til denne tid i år har vi hatt fem dagar utan nedbør, og det er godt føre fjoråret, slær Rune Nordbotten fast.
Intervju Magni Øvrebotten, 15. januar 2023.

Oppslaget om vegen på heimesida i desember 2021.
10.januar 2023
Til Vestland fylkeskommune
v/fylkesordførar Jon Askeland og avdelingsdirektør Dina Lefdal
Botnane og Årebrot grendalag har merka seg at Vestland fylkesting i dsember 2022 vedtok å løyve meir midlar til å vedlikehalde fylkesvegane. Det er bra – og det er mange vegar å bruke dei på.
Me er sjølvsagt mest opptene av vegen som gjev dei to bygdene, Botnane og Årebrot fast vegsamband, Frøysjøvegen (Fv 5711) som går frå Myklebustkrysset (krysset der Frøysjøvegen møter Gulevegen og Magnhildskarvegen, Fv 614). Me peika på det dårlege vedlikehaldet av vegen for vel eit år sidan. Me fekk då som svar at det i samband med budsjettet for 2022 var spela inn fleire forhold som det burde gjerast noko med. Men det vart ikkje gjort noko med vegen i 2022 og forholda har berre vorte verre. Difor tek me opp att det me peika på for godt over eit år sidan:
«På grunn av djupe hjulspor er det vanskeleg å få bort snø/slaps- og det vert liggande og frys til, så det også vert vanskeleg å føte seg. Vegen er slik nokre stader at også utstyret vert øydelagt i forsøket på å få gjort det skikkeleg. Også på grunn av djupe spor og generelt ujamn veg. Delar av vegen er slik eg vurderer det heilt nedkøyrt. Dette på grunn av mykje tung transport dei siste åra i samband med utbygginga av vindkraftanlegget på Guleslettene. Vegen har ikkje fundament for slik transport. På same tid er verksemdene på denne strekningen mellom Botnane og Årebrot heilt avhengige av å kunne nytte denne type transport.»
Me kan no legge til at det dårlege vedlikehaldet går mykje utover utstyret som entreprenøren nyttar. Han vurderer å slutte om det ikkje vert betre. Det ville vere svært uheldig då han bur ved vegen og er godt oppdatert på ver- og føreforhold. Det går også utover bilane til dei pendlar og brukar vegen mest.
Det er særskilt strekninga frå Myklebustkrysset til Mulehamn det må gjerast noko, og så frå Sletten i Botnane til Villevik. Vegen gjennom Botnane er også svært smal og det er vel i røynda ein utbetra «kjerreveg».
Me ber om at de prioriterer å utbetre og vedlikehalde desse delane av Frøysjøvegen når de skal fordele midlane til vedlikehald i 2023.
Med helsing
Åsmund Berthelsen (leiar i styret)
93237073
Kopi til ordføraren i Bremanger, Ann Kristin Førde og leiaren i Hovudutval for samferdsle og mobilitet Jannicke Bergesen Clarke
Brevet kan du laste opp her:
Vi har vore i Runnane og snakka med Solbjørg og Åge Sørbotten om å vere besteforeldre, og mykje anna. Dei har fire barn og sju barnebarn, som gjerne samlast i Runnane. To av borna og tre borneborn bur i nærleiken. Det er stas.
Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra, men den blide og hjelpsame Åge er rett som det er å sjå på jobb ombord i skyssbåtane. – Det er fordi han ikkje kan ordet «Nei, seier Solbjørg. Åge meiner han har blitt flinkare til å bruke det ordet, men han likar seg på sjøen og tykkjer det er kjekt å hjelpe til.
– Det er sant som det vert sagt at borneborn er «livets dessert». Våre likar å vere her og vi likar å ha dei her. Eg prøver å la vere å legge meg opp i oppdraginga, det er foreldra flinke til sjølve, seier Solbjørg Sørbotten. – Å, for å seie det enkelt, det ungane ikkje får lov til heime det får dei lov til her. Som til dømes å bruke senga vår som trampoline, legg Åge Sørbotten til og ler. Dei har fire born og sju borneborn. To av borna og tre av borneborna bur i nabolaget i Botnane, og heile flokken med barn og barnebarn samlast gjerne i Runnane.

Åge og Solbjørg Sørbotten med borneborna Thea, Marcus og June. Foto: Linn-Kristin Sørbotten.
Solbjørg og Åge Sørbotten har budd i Botnane sidan 1. juni 1982. Dei hadde med andre ord 40-årsjubileum sist sommar. Dei og Torbjørn Øvrebotten var dei fyrste av 1950-talsårgangen som busette seg her. Generasjonen som var fødd på 1930- og 40-talet hadde ikkje busett seg i bygda, som talde om lag 25 sjeler då familien på fire kom til Runnane. At det flytta heim fleire ungdomar med familie var starten på ei ny tid i bygda, som enno ikkje hadde vegsamband, korkje sør- eller nordover. Det kom veg til Årebrot i 1987 og fastlandssamband til Sørgulen i 1993.
Postruta etter Olaf
– Det var høvet til å ta over postruta sørover stranda og i øyane, etter Olaf (Øvrebotn), som gjorde det mogeleg for oss å flytte hit i 1982. Då pensjonerte han seg og eg kunne ha fast arbeid og bu her. Garden hadde ikkje vore driven på fjorten år, seier Åge. Foreldra hans flytte til Florø tidleg på 1970-talet og faren Magne hadde planar om å flytte attende som pensjonist. Men han døydde før han vart det.

Solbjørg og Åge i stova si i Runnane. Foto: Magni Øvrebotten.
– Vi hadde vore her ein god del før vi flytte hit og hadde lyst til å ta over då det var klart at ingen av syskena til Åge ynskte å gjere det. Åge var nær knytt til plassen og eg var oppvaksen i Barlinbotn i Eikefjord, så for meg var ikkje overgangen så stor, fortel Solbjørg.
Dei er begge 1956-årgang og har vore i lag sidan dei var 16 år gamle. I 1975 gifte dei seg og eldste dottera, Astrid-Marie, vart fødd i 1976. Bernt i 1978, Jan-Åge i 1983 og Linn-Kristin i 1989. Det er Solbjørg som svarar når eg spør etter namn og fødselsår på borna deira, slik det ofte er når ein spør ektepar om slikt. – Alt du veit, kjem det frå Åge i det ho er nesten ferdig med oppramsinga. Borna har gjeve dei sju barnebarn, det eldste er snart 20 år og det yngste 5,5 månad, fire jenter og tre gutar. Eldste sonen og yngste dottera kjøpte seg begge hus og bur i Botnane.

Fem av sju borneborn samla i Runnane jula 2022. Frå venstre: Marcus, Isak, Maria med Thea på fanget, og June. Maximillian og Sarah Emilie er ikkje med på bilete. Foto: Privat.
Storfamilien samlast mykje i Botnane. – Eg veit ikkje korleis det har blitt slik, men alle borna våre er sterkt knytte til bygda. Det er Botnane som er plassen for dei, både dei som bur her og dei som gjerne skulle ha gjort det, seier Solbjørg. Under koronaen budde eldste barnebarnet i Runnane med besteforeldra. Ho gjekk dei to siste åra på vidaregåande skule i Florø, og studerer no i Bergen. Det gler openbert eit bestemorhjarte å få hjelpe til slik.
Radarparet Marcus og Besten
Dei tre borna til yngstedottera Linn-Kristin og sambuaren Jens Anders (Sunde Midtbø) bur ein liten gåtur frå besteforeldra. Det vert sjølvsagt tettast kontakt med dei i det daglege. June er 7 år, Marcus 6 år og Thea 5,5 månad gamal. – Dei to eldste er nesten oppvaksne her. Då minstejenta vart fødd såg Marcus litt mørkt på å få ein baby i hus. Så han truga med at han skulle flytte ut til Besta og Besten. Men det vart ikkje noko av, han fann visst ut at det var stas med ei lita syster, seier Solbjørg.

Marcus er mykje saman med Besten i arbeidet. Foto: Privat.

Marcus og Besten er eit skikkeleg radarpar. Det er kjekt å vere med Åge ut og sette teiner, styre med ved, ja, dilte med i Besten sine gjeremål. – Eg prøver å lære dei praktiske ting. Vi er her med dei og dei får bruke både kniv og øks. Marcus kappar ved med meg og er på kjøkkenet med Besta og lagar mat. «Skal vi lage noko i dag», spør han henne, og får kutte opp grønnsaker. Eg trur born har godt av slikt, seier Åge overtydd.
June takkar heller ikkje nei til ein tur på sjøen med Besten og Brage. Foto: Privat.
Solbjørg er glad i å gå tur og blir gjerne med når Linn og familien brukar naturen både i bygda og nærområda kring Botnane. – Linn og Jens Anders er veldig flinke til å gå tur med borna. Helst på fjellet. Vi har vore fleire gonger på Opnaren med dei. Men vi treng ikkje gå langt for å ha med oss kakao og mat. «Trollskogen» vår ligg rett bak gravstaden. Vi fortel dei om blomar, orm (som Besta er redd) og livet i fjøra. Elles så har vindmøllene opna eit nytt turområde for oss. Vi køyrer til Magnhildskaret og går vegen innover, både på ski og på beina. Førebels har vi vore så langt at vi ser ned i Sørgulen.

June, Besta, Marcus og Linn på tur i Norddalsfjorden. Foto: Privat
– Er bruken av naturen, både på land og sjø, noko av hemmelegheita med at både born og borneborn kjenner seg så knytte til Runnane og Botnane?
– Eg veit ikkje, men naturen her er heilt fantastisk, både for store og små, kropp og sjel. Jan-Åge (yngste sonen) låg inne i Oddny-elva og vatnet og leika frå han var liten. No lærer han sonen Isak om kva det som leve i fjøra heiter. «Ingen krabbe her, berre marflo», melder seksåringen. Han er for tida mest oppteken av å få seg høner her med Besta og Besten, fortel Solbjørg.
– Det blir det kanskje ei råd med når vi no skal til å vøle løa, skyt Åge inn. Etter 40 år med ulike turnusjobbar på sjøen er det mykje å ta att på husa heime, og han er glad for å ha søner som kan og vil hjelpe til.
– Ragnvald var god å ha
Gjennom samtalen nemner Solbjørg fleire gonger kor godt det var å ha naboen Ragnvald (Sørbotten) når det var noko, og ho var åleine heime med borna og Åge var vekke på arbeid. – Ragnvald innprenta meg at eg kunne ringe han uansett: «Om det er natt eller dag. Berre eg har fått på meg brokja, så kjem eg», sa han og det gjorde han verkeleg.
Ho hugsar ein gong Åge hadde ringt heim og sagt at det bles så gale at han ikkje kunne kome seg heim med båten. Ho var åleine med ungane og dei hadde dyr i fjøsen. Styggeveret gjorde at ferja ikkje kom inn til Botnane den dagen og då Solbjørg let opp utedøra vrengde vinden døra av hengslene. – Eg alarmerte Ragnvald og han kom. I det vi hadde baksa døra på plass att ser vi ut på den forrykande Pollen og der kjem båten til Åge. Han kom heim likevel, tykte nok ikkje at det var forsvarleg at vi var åleine heime.

Ragnvald og Valborg Sørbotten var gode støttespelarar for ungfolket i Runnane. Bilete av foto frå Tor-Harald Langø.
Åge vedgår at det var fleire tøffe styggeversturar med post- og skuleruta, men snakkar dei helst vekk. Før det kom veg mellom Botnane og Årebrot hadde han også dei to eldste borna med i båten. – Men Astrid-Marie seier at ho aldri var redd. Ho sette seg slik at ho såg faren, og når han var roleg så var ho det også, same kor båten hogg og rulla, fortel Solbjørg. Etter at det vart slutt på skule- og postruta arbeidde Åge i utanriksfart, på supplaybåt, i Fjord 1 og dei siste ti åra for Florø skyssbåt.
– Når han var lenge vekke og eg var åleine med borna og dyra, var eg heldig som hadde to sett med «reservebesteforeldre» i Posten hjå Valla (Valborg) og Ragnvald og i Kvia hjå Jenny og Kåre (Nøttingnes). Astrid-Marie og Bernt var ofte på besøk hjå dei. Jenny lærde Astrid å brodere og Bernt var på pletten når Kåre sat på loftet og bøtte garn. Og Valla var svær til lære meg å bake flatbrød og masse anna eg ikkje kunne, seier Solbjørg.
Åge kan ikkje ordet «Nei»
Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra. Ho frå mange års arbeid på Krisesenteret i Florø, han frå matrosjobb i Florø skyssbåt. Men det blide oppsynet til Åge er framleis ofte å sjå ombord i ulike båtar.
Han dreg på det og flirer, ho ler og forklarar: – Du veit, han Åge kjenner ikkje til ordet «Nei». Etter at han vart pensjonist har han vore med på oppstarten av dei nye ambulansebåtane, lostenesta har han vore med i og som vikar når turnusane ikkje går opp på rutebåtane. Nei, «Nei-ordet», har han ikkje lært.
– Jau, eg har no det, etter kvart. Det er kjekt å ta ein og to dagar, ja, opp til ei veke. Men meir seier eg nei til no. Eg trivst på sjøen og likar å hjelpe til, men eg har så mykje å ta att heime at eg vil prioritere det framover.
Og Solbjørg ilar til med ei vedkjenning: – Misforstå meg ikkje. Eg tykkjer det er greitt at han tek vakter. Trur ikkje det hadde vore bra for oss å gå og trakke oppi kvarandre her heile tida. Eg er av den typen som trivt godt i mitt eige selskap, ja, som treng sokalla «åleinetid».
– Korleis takla du å bli pensjonist?
– I starten var det vanskeleg å ikkje skunde seg. Ja, i det heile å få hovudet til å forstpå at eg ikkje lenger skulle på dei ulike vaktene på Krisesenteret. Eg hadde vanskeleg for å lande etter så mange år med turnus. Eg var 11 år i fast jobb på Krisesenteret, og før det arbeidde eg turnus både der og på hotellet. Det var ikkje helsesamt. Men no har eg landa og trivst med å styre mi eiga tid og kva ho skal brukast til. Eg er glad for å ha både naturen og ein ung familie i nærleiken, som eg kan invitere på middag og vere til nytte for.
– Eg hadde tørna om eg no skulle budd i ei leilegheit i Florø, med 4×4 meter plen. Ja, eg hadde tørna, slår Åge Sørbotten ettertrykkeleg fast og rister på heile seg berre av tanken.
Intervju: Magni Øvrebotten 30.12.22.
