Anne-Karin Holm Årebrot hadde fyrste hagen sin i Luxemburg, no prøver ho ut kva ho kan få til å vekse på Årebrot. Mannen hennar, Håkon Årebrot, har lukkast med å gjerde ute hjorten og då er det meste mogeleg. I drivhuset modnar druene.
Når Are Skoglund slår med ljå mellom steinane på Gamlebøen vekkjer dei gode minne frå barndommen, like eins når han ror til Florø for å handle eller kokar nytrekt fisk midt på natta. – Eg var mykje her på Gamlebøen åleine som unge, saman med Agnes og Richard. Dei gav meg del i ein ubroten, urnorsk tradisjon som gjev meg ei ryggrad eg ikkje ville vore utan. Vi skal ikkje gløyme kvar vi kjem frå, seier Are Skoglund.

Are Skoglund på Gamlebøen hausten 2022. Foto: Magni Øvrebotten.
Han er klar over at mange ser på han som ein håplaus romantikar, men meiner sjølv at han er ein realist. – Den rettlinja historia med stadig framgang trur eg ikkje på. Vi kan stå i steinrøysa att før vi veit ordet av det. Når det kjem til stykke er det viktig å vite kva som skal til for å bu i dette landet, og her på Gamlebøen lærde eg om korleis det går an å overleve her i Vestlands-Norge.
Are Skoglund tok over Gamlebøen etter far sin, læraren og rektoren Einar Skoglund (1929-1994), som hadde det same inderlege forholdet til plassen som sonen. Einar planla å busette seg her når han vart pensjonist, men døydde før han kom så langt. Det var mor hans, Jenny (1898-1989), som kom frå Gamlebøen. Ho var nest eldste dotter til Juditta (1868-1957) og Hermann (Holmen) Uren (1877-1928), og syster til Maria og Agnes. Eldstedotter Maria gifta seg med Torvald Husefest, som hadde gard i Husefest.

Bilete er truleg teke i 1953, på den solide steintrappa framfor huset på Gamlebøen. Framme mor til Are, Kari og oldemora Juditta. Bak far hans, Einar og gamletanta Agnes.
Den yngste, Agnes, vart buande på Gamlebøen til ho døydde i 1992, 89 år gamal. Hermann Uren døydde 51 år gamal, av lungebetennelse. Juditta tok til seg to fostersøner, Agnar Faye og Richard Rasmussen. Richard var fetter til Juditta. Han vart maskinist og budde på Gamlebøen til han døydde i 1986. Agnar Faye fekk seg eige bruk og stifta familie i nabolaget.
Farmor til Are, Jenny, arbeidde på kafe, fyrst i Florø, deretter i Sauda.
– Der møtte ho ein utruleg stileg fyr, Arthur Skoglund (1894-1976), med eigen bil. Han fekk mora Anna (f.1874) sitt svenske etternamn, sidan ho fekk han utanfor ekteskap. Foreldra hennar kom til Norge kring 1865, etter at mange i slekta deira døydde i fattigmannsepidemien kolera, fortel Are Skoglund.
Rundt 1900 var det så mange svenskar i Oslo at det vart snakka svensk i fleire bydelar. Oldemor Anna var den fyrste kvinnelege arbeidsformannen i Norge, på ein syfabrikk i Oslo. Ho hadde god løn og eiga leilegheit i Trondheimsveien. Jenny og Arthur gifta seg i Florø i 1919, og flytta til Oslo. – Det var å fare langt den gongen, så heile slekta var møtte fram for å vinke farvel då ho reiste.
Gamlebøen var eit omsorgshus
Farmora Jenny fekk fire barn og den fyrstefødde Alf døydde berre eit halvt år gamal, av tuberkulose. Han vart smitta av bestemora Anna, som var sjuk, men likevel ville ha barnet opp i senga til seg. – Det fekk Agnes til å reise til Oslo for å rydde opp. Ho truga visst med både skilsmål og anna om dei ikkje fekk den sjuke bestemora inn på ein tuberkuloseheim. Det lukkast dei med. Agnes var ved fleire høve ein reisande familieterapeut, med oppbretta armar og mykje kraft, fortel Are med stor respekt for gamletanta på Gamlebøen. Han er sjølv psykolog og har fundert mykje på kor små kår fremjar det beste i nokon, og det verste i andre. Han finn døme i slekta:
Far til Juditta, Johannes Rasmusson Rogaldsvåg (1834-1922), var klokkar på Kinn i 40 år og rodde årleg til Bergen med uer for å kjøpe salt.( Han skal ha kome til verda på Ytre Reksten, faren heitte Rasmus Bendiksen og mora Oline Førdeleitane). – Tippoldefar Johannes rekna seg som ein mann av høg moral og var ikkje nådig då dottera Rakel fekk eit barn utanfor ekteskap. Han var av dette strenge folket som klora seg fast til tilværelsen med fingertuppane. Alle vart ikkje snille av det, meiner Are Skoglund. Oldemora hans, Juditta, tok eit oppgjer med denne strengheita då systra fekk dette «uekte» barnet.
– Juditta stod nok sjølv for ei streng grunnhaldning, men skilde mest mellom beviseleg skikkelege og uskikkelege folk. Det gjorde nok Agnes óg, men begge var svære til å ta seg av folk som trong hjelp på ulikt vis, både i nær familie og elles. For Are Skoglund er dei to døme på at små kår også kan fremje det beste i menneske. – Gamlebøen var eit omsorgshus, slår han fast. Juditta døydde i 1957, så henne hugsar han ikkje. Men han trur ikkje han har møtt eit meir gjestfritt menneske enn Agnes Uren.

Dette måleriet av Gamlebøen har Skoglund fått Trud Nybø til å måle etter eit gamalt bilete.
Mjølkering med flatbrød
Familien til Jenny og Arthur Skoglund i Oslo talde tre søner etter at den fyrstefødde døydde. Det var Harry, Arvid og Einar. Heile familien reiste til Gamlebøen i sommarferiane. Det var fast tradisjon at dei skulle ha mjølkering (rømmekolle) med flatbrød når dei kom, og at dei hjelpte til med slåtten og anna som trong gjerast. – Alle vart sterkt knytte til plassen. Men sidan far min var yngst var han også mykje her åleine, ikkje minst etter at vi flytta til Svelgen i 1963, fortel Are Skoglund.
Einar Skoglund var utdanna jerndreiar då han fekk det for seg at han skulle bli lærar. Han gifta seg med Kari Andersen i 1950 og dei fekk to barn, Are i 1954 og Nina 1958. – Då far skulle levere hovudoppgåva si (om dei grunnlovsforslaga som ikkje vart vedtekne i 1814) vart det brått ledig lærarjobb i Svelgen og det hadde han sikta seg inn på lenge. Han var høgmotivert for jobben på realskulen i Svelgen og fekk den, og hovudoppgåva vart aldri fullført. Han var svært glad for å få jobb nær slekta sin heimstad, og oppteken av at ungdom herifrå fekk seg utdanning og kunne tevle om viktige posisjonar i samfunnet.
Are Skoglund var åtte år då dei flytta til Svelgen. Han snakka austkantdialekt frå Oslo, men somrane på Gamlebøen gav han ei kjensle av å kome heim. Den kjensla er særleg knytt til dialekta her og det har gjort han glad i språk. Han veit ikkje om nokon finare dialekt enn dialekta ute på Bremanger-landet, men sjølv lukkast han aldri med å skifte talemål.
Familien Skoglund kom raskt inn i miljøet i Svelgen fordi svelgaren Ragnvald Rise (1894-1968) og Einar Skoglund var i slekt (Rise var søskenbarn med Juditta) og godt kjende frå sams opphald på Gamlebøen. Familien budde i Svelgen til Bremanger kommune avslutta to-årig realskule og innførde ungdomsskule i 1973. Då reiste Kari og Einar Skoglund toeine attende til Oslo og han heldt fram som lærar der, men med hyppige og lange opphald på Gamlebøen.

Yngstejenta Agnes framfor foreldra Hermann og Juditte Uren. Bak dei står fostersonen Richard Rasmussen og døtrene Maria og Jenny. Foto privat
– Kva med meg då?
Det var ikkje planen at Agnes Uren skulle bli på Gamlebøen all sin dag. I ungdomen var ho aktiv i Frelsesarmeen og hadde fått seg arbeid på eit hotell dei dreiv i London. Ho stod reiseklar då mora Juditta utbryt: «Kva med meg då?» og Agnes tek av seg reisekleda og blir.
– Agnes hadde vore svært motivert og reiseklar. Ho snakka om London med ei avklara sorg. Men mora kunne ikkje sitte att åleine med ei ku og fem sauer. Etter å ha gjeve opp London forlova ho seg med Mandius Sønnervåg, som óg budde på stranda. Men han fekk tuberkulose og hamna på tuberkuloseheimen på Sandane, der han døydde i 1944. Dei gifta seg aldri, men ho gjekk med ringen hans heile livet, fortel Are stille. Ho planta ein vakker hage kring husa, som han trur var til minne om Mandius. Ein kjærleikens hage.
Are Skoglund og kona Berit Nygård bur i Oslo. Dei har to søner og ei dotter, og to barnebarn. Sommarstid er dei fleire på Gamlebøen, men elles i året er han her mest åleine i kortare og lengre bolkar. Han finn seg godt til rette med det, og søkjer den roa han finn her, seier han.
Den pensjonerte psykologen har planar om å skrive bok om sosialiserande miljøterapi, ein utviklingsteori han har utvikla i arbeidet sitt som psykolog og no prøver å utvikle vidare i lag med kollegaer som er interesserte og framleis aktive psykologar. Som psykolog har Are Skoglund arbeidd mest med barn og unge som vert sett på som «verstingar». Dei viktigaste spørsmåla å få svar på for å hjelpe dei meiner han er: «Kvar har utviklinga deira låst seg?» og «Korleis kan vi få normalutviklinga deira i gong att?».
– Vi har fått til utruleg ting med folk når vi tek dette utgangspunktet, men det er vanskeleg å få gjennomslag for det i systemet. Der er oppdraget å behandle psykisk sjukdom, ikkje å få i gong att ei fastlåst utvikling. Det eg kallar «støttande sosialisering og kulturell innpoding» er det menneske treng. Det fekk eg her på Gamlebøen og det har vore sentralt for meg å bruke som psykolog. Men det har vore tungt å omsette det til miljøterapi i praksis rundt om i ei tid der sjukdomsbegrepet rår hos alle leiarar, seier Are Skoglund.

Huset på Gamlebøen sett frå der fylkesvegen svingar seg forbi Urane. Foto: Magni Øvrebotten
I år tykkjer han at det har blitt lite gjort, både ute og inne, fordi han fleire gonger har friska oppatt ein lungebetennelse han pådrog seg etter å ha vore koronasjuk i april. Han har både gått for lange turar og vore for tynnkledd i skitveret denne sommaren, meiner han. Are har minna seg sjølv om at oldefar Hermann døydde av lungebetennelse, 51 år gamal, etter ein noko dumdristig rotur.
– Lungene mine er som store, opne og kalde grotter, som tek til seg all kulde og vind. Det kan jo vere ei svakheit eg har frå familien, så det er best å passe seg, ler Are Skoglund med aning av ein alvorleg undertone. Han fylgjer meg ut på trappa der tante Agnes sin eføy held på å få overtaket mellom dei solide steinhellene. Han påpeikar at her framleis er nok å ta tak i, sjølv kjærleikshagar steller seg ikkje sjølv.
Intervju Magni Øvrebotten, 23.10.22.
Ingrid og Torleif Seljestokken har bygt på 70-talshuset sitt i Seljestokken for å kunne bu der lenger i alderdommen. Vaskerommet er flytta opp og badet har vorte betydeleg større enn det var. Då dei bygde hus i 1978 var det på 85 kvadratmeter, mot vanleg 95 kvadratmeter. Dei trudde ikkje dei trong så mykje plass. No hadde dei tenkt å bygge på 1,8 meter, men det vart 3. meter. – Vi har det med å ha smålåtne planar, seier Torleif Seljestokken (70), som er glad for at han høyrde på fagfolka og dottera Nina. – No kan vi klare oss her i 20 år til, legg Ingrid (68) nøgd til.

Tilbygget til høgre, sett frå oppsida av huset. Foto: Privat
Etter at dei gifta seg i 1976 budde dei på loftet i gamlehuset på garden, eit hus som er rive og erstatta av eit nytt hus, som dei tre døtrene eig i lag. Torleif vakse opp i det store og kalde gamlehuset, og ville ha seg eit lite og varmt hus. Grunnen til nyehuset var sprengt ut til bryllaupet deira, minnest Torleif. – Brurefylget gjekk i prosesjon kring røysa med skotstein, ler han og rister på hovudet.
Ingrid fortel at etter at dei sende ut nabovarsel fekk ho høyre på kaia at «Høyrer de skal bygge nytt hus i Seljestokken. Huset der er då stort nok til to familiar, men det er vel ikkje fint nok for deg som er byjente». Bergensjenta klarde å teie, men hugsar det godt.
– Eg brukar å vere treg av meg, men eg hadde hastverk med å få gifta meg. At vi gifta oss tidleg, bygde hus tidleg og fekk ungar tidleg det angrar eg ikkje på, slær Torleif fast, og blir ikkje motsagt av Ingrid på det.

Etter å ha bygt på huset satsar Torleif og Ingrid Seljestokken på å kunne bu der lenger som gamle.
Men dei har ulike versjonar av kvifor det nye tilbygget vart realisert. Ingrid hevdar at det var når ho opererte begge knea og ikkje kunne gå den bratte kjellartrappa, at Torleif skjønte kor tungvindt og lite framtidsretta den var. Han måtte ta over klesvask og anna vask, hente mat i frysen i kjellaren, ja, flyge opp og ned den trappa ho hadde klaga på i årevis.
Han skjønte det var fornuftig, men det tok tid. Han innsåg at badet var litt lite, men likte ikkje at kjøkkenet ikkje var godt nok heller lenger. – Det var Nina (eldste dotter deira), som lanserte totalløysinga om kva som burde gjerast, og etter kvart gjekk eg med på det. Vi skulle klare det for 1. mill. kroner, men det vart meir. Vi fekk det så vidt til utan å ta opp lån, seier Torleif.
Litt humortistisk legg han til: – Du skjønar eg hadde så mykje å gjere på båtverkstaden at Ingrid fekk for mykje tid åleine med både snikkaren, røyrleggaren og elektrikaren. Då vart det fleire stikkontakter, lyspunkt og skifte av golv i heile fyrste høgda. Det var finast om det var likt over alt, sa dei, og eg ser jo at det er sant. Dessutan fekk vi bytt mykje som trong bytast etter 43 år, gamle vassrøyr, utløpsrøyr og varmtvasstank. Det var dårlege greier etter kvart, medgjev Torleif.

Vaskerom med plass til «alt nødvendig» er ein draum mange damer ber på.
Ingrid er strålande fornøgd med eit nytt, stort og godt vaskerom, der det også er plass til strykebrettet, frysen og baketakka. Det er slutt på å steike sveler på kjøkkenet. Det er pussa opp og har fått ny innreiing, den far hennar laga då huset var nytt hadde gjort si teneste.
– Det gjer seg å få steikomn, kjøleskåp og vaskemaskin opp frå golvet, særleg når målsettinga er å kunne bu her så lenge som råd, seier Ingrid. Eit stort og romsleg bad vart det også plass til og gangen er større og romslegare. Det gamle vaskerommet i kjellaren er no staden for stell av fisk og hjortekjøt. I den nye kjellaren under tilbygget har Torleif fått seg ny redskapsbod, der det er plass til syklar, ski, verktøy og fiskeutstyr, slik som aldri har hatt nokon fast plass i huset. Oppe, attmed det nye vaskerommet, er det klerom med trådhyller, som Ingrid no har systematisert etter eigar.

Ingrid er glad for endeleg å ha fått rydda kle og sko på plass.
– Der er det 15 korger. Kan du gjete kor mange som er mine? spør Torleif retorisk. Eg tenkjer at det er her som elles, at vi damene både har meir kle og treng meir plass til slikt enn karane, og føreslår at han har fire. – Nei, fem, ler han og virkar alt i alt nøgd med å sitte i eit nyoppussa hus med ei fornøgd kone, og god plass til besøk av borneborna, som var sende på dør for at eg skulle få gjort dette intervjuet.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten 04.10.22.
Laurdag 26.november kl.13-16.00 vert det julemesse med sal av handarbeid og kafe på Årebrot grendahus. Det er åtte utstillarar og det vert utlodding til inntekt for grendahuset på Årebrot, med gevinstar frå utstillarane. – Lodda kostar kr. 10, fortel Britt Maret Sunde. Det er ho og Marit Brandsøy som har teke initiativet til julemessa på […]
Rune Nordbotten (58) slår seks gardar i Botnane, men i år er han langt frå ferdig med fyrste slåtten. Det er så mykje væte i jorda at han ikkje kjem utpå med traktor. – Eg har 2,5 månad med fôr av kvalitet, resten er vombafyll, mest berre brukande til ungdyra. Difor har eg alt tinga to trailerlass med fôr. Eg har aldri opplevd ein slik sommar før, seier Nordbotten, som har drive som gardbrukar sidan tidleg på 1990-talet.

Mor hans, Kari Nordbotten (93) er no den einaste attlevande av foreldregenerasjonen vår i Botnane og ho fortel at det var like eins sommaren 1964. Det var uråd å få høyet turt, korkje i hesjar eller på bakken, og vanskeleg å fare ut på bøen med slåredskap. Det året la vinden hesjane flate. I tillegg hadde ho to bleiebarn, som ho ikkje fekk turka bleiene til. Rune var eit halvt år gamal sommaren 1964. Kari minnest den sommaren som eit mareritt.
– Eg burde sikkert bli motlaus, men eg får ikkje gjort så mykje med dette veret. Det er uråd å fare ut på bøen, køyrer eg der no vert det ei blanding av jord og gras, som ikkje er brukande til noko. Og svære dammar etter meg. Veret må snu ein gong…..
Per dags dato har Nordbotten 40 storfe, av dei 19 mjølkekyr. Men når kalvane vert slakta i løpet av hausten er det 30 dyr som skal ha mat gjennom vinteren. – I år har kyrne fått mest stutkalvar og dei vert slakta som kvalitetskalv når dei er 6.-7. mnd gamle. Å slakte, for å kjøpe att dyr og ikkje fylle mjølkekvoten, er dårleg økonomi. Då er det betre å kjøpe fôr, men det løner seg lite å kjøpe fôr til kjøtproduksjon, seier han.

Han prøver å slå litt kveldsmat til dyra langs vegen, der det er turrast. Men spora er tydelege.
– Kva kostar to trailerlass med fôr?
– No stig jo alt i pris, så det er litt usikkert. Men ein stad mellom 140.000 og 150.000 kroner. Nettoen forsvinn. Eg får vere glad for at det er eit godt turistår, med godt belegg på utleigehytta. Der er det så nær hundre prosent utleige som det går an å kome.
Sverm av fiskemåsar
– Har du fått slege noko i august i det heile?
– Ja, eg slo litt i månadskifte juli-august, og det var kolsvart etter meg. Det vart ikkje betre då det kom mellom 200 og 300 fiskemåsar, som vi kallar småmåse, og la seg på bøen for å ete makk. Dei kom så tett på traktoren at vengene slo mot ruta i hytta. Dei forfølgde meg rundt traktoren, det har eg aldri vore borti før.

Dette bilete er henta frå Fjesbok-sida til Nordbotten. Han har teke det frå traktorhytta 30. juli.
– Er det ikkje vanleg at måsen legg seg på bøen når du slår?
– Jau, det er vanleg med måse på marka i august. Men ikkje i slike mengder. Dei seinare åra er det berre gråmåse og svartbak som har hekka og halde seg her. Fiskemåsen har vorte bymann og held seg i Florø og Førde, der det er jamnare tilgang på mat folk kastar frå seg.
Berre åtte dagar med opplett
Rune Nordbotten har registrert veret i Botnane i 47 år og har aldri målt så mykje nedbør i juni-august før. Det har snart passert ein meter.
– Frå 10. juni til 12. august har vi hatt berre åtte dagar utan nedbør. Det er uvanleg. Tidlegare har det i same tidsperiode vore 20-25 dagar opplett slik at det går an å slå. Som regel har det brukt å vere ei veke med godver slik at ein får slege.
– Kva er det nærmaste du kan samanlikne denne sommaren med?
– I 2001 registrerte eg mest nedbør i juni-juli-august. Då var det likevel 23 dagar opplett i juni-juli, og medrekna august var det 34 dagar opplett. Så vi har fått vår del av nedbøren sommaren 2022, slår han fast.
– Du snakkar ofte om eit verskilje som ligg ved Botnane. Er det det som har heimsøkt oss denne sommaren?
– Ja, når det ligg høgtrykk sør for oss og lågtrykka ligg ut i havet då vert nedbøren pressa ned her, men trenger ikkje så sterkt innover land. Vi har fått 175 mm til no i august. Til samanlikning har det kome 97 mm i Svelgen, 57 i Davik, 109 på Fureneset og 70 mm i Bergen på dei tolv fyrste dagane i august.
– Har du ikkje for tung traktor når du ikkje kjem deg ut på bøen utan å køyre opp jordet?
– Så vått som det er no er det mest uråd same kva eg brukar av redskap. Det var ikkje råd med den gamle traktoren min heller, som eg brukte før den gjekk sund. Den nyaste traktorane veg fort 6-8 tonn.

I Nordbotten er det både nyslegne jorde og bøar der håslåtten burde vore teken.
Nordbotten slår seks gardar i Botnane og har så langt fått slege fire av dei. Han er ferdig på sin eigen gard og nabobruka i Nordbotten. Der skulle han no ha slege håa, men får ikkje gjort det heller på grunn av regn og væte.
– Korleis kan du rekke over dette åleine?
– Nei, når eg får slege er det arbeid frå seks om morgonen til midnatt. Stundom tek eg natta til hjelp også. Eg har yngste dotter vår, Karen, med meg i siloen og prøver å få hjelp til å mjølke, slik at eg slepp det når det står på som verst med slåtten.
Høymolen ser ut som plantefelt

I Øvrebotten ser høymolen ut som ein juletreskog.
Rune Nordbotten slår også dei to gardane i Øvrebotten og der har han ikkje fått byrja. Der ser høymolen ut som brune plantefelt og gjev ein skrekkvisjon om korleis det kan bli sjåande ut den dagen heller ikkje Rune slår lenger. Høymolen likar seg ekstra godt når det er mykje væte.
– Ja, høymolen blir ei større og større plage, og det blir ikkje betre når han får stå og frø seg no når eg ikkje får slege. Den tid alle hadde sauer og kyr som åt han, var det råd å ha kontroll med høymolen.
– Korleis då?
– Vekselbruket mellom sauer og kyr var nyttig. Sauer er gode beitedyr på høymol, dei et alt og gjekk på bøen vår og haust. Dei forseinka høymolen på våren, det er alltid mjukt gras der sauene beitar. Kyrne beita der etter at håa var i hus. Dei åt også den høymolen som ydda opp att. Men no er det lite av dette vekselbruket.
Bøen, den innerste garden i Nordbotten er eit godt døme på ein gamal bø der det var slikt vekselbruk og høymolen ikkje har fått tak. Difor jyllar ikkje Rune der, det spreier berre høymolefrøa, som har passert kyramagane.
– Kvifor sprøytar du ikkje mot høymol?
– Eg gjorde det i Mækja for to år sidan, og i fjor var all høymol vekke der, men i år er han på plass att. Frøa ligg i jorda. I 2020/21 trudde eg at eg fekk litt hjelp av insektet gullsmed, som gjekk på høymolen i svære svermar og åt opp alt det grøne på han. Men heller ikkje det reduserte mengda med høymol.
Hjorten forseinkar slåtten
Rune Nordbotten er gardbrukar i Garden der det er tradisjon for å vere dei fyrste som byrjar å slå i juni. Far hans, Johannes, byrja å slå 10. juni mest same kva som stod på.
– Det går diverre ikkje lenger. 10. juni er det berre ei veke eller to sidan store flokkar med hjort beita på bøen og åt graset nedåt. Då eg byrja som gardbrukar på 1990-talet slo eg garden tre gonger. Det varde til tidleg på 2000-talet, men no er det uråd. No er 18.-20. juni det vanlege, litt avhengig av veret. Det er ideelt å slå frå då og fram til 1. juli. Då får ein beste graset. Og håslått frå 1. august omlag.
– Men i år gjekk ikkje dette?
– Nei, men det må vel bli ei råd slik at eg får slege resten. Men nett no ser det ikkje lyst ut på vermeldinga. Eg håpar ikkje dotter Birthe vert sanndrøymt. Ho drøymde at eg slo i silo julafta!
Intervju og foto Magni Øvrebotten 12.08.2022.

Bygdehelga Botnane-Årebrot, 29. til 31. juli, trefte eit par dagar med nokolunde opplett ver, og stundom sol. Det må vi rekne som eit lukketreff denne sommaren. Fredag vart dessutan «kvelden rundt oss signa av dette sommarlyset Vårherre stundom gjev kystfolket til sjelefred og helsebot», for å sitere Helge Johnsen.
Bygdehelga vart opna med konsert i Botnane grendahus fredag kveld. «Viser og slikt» hadde Helge Johnsen kalla programmet. Han hadde med seg Ove Mjåtveit på bass og lydmann Einar Nesbakk sytte for god lyd. Den tidlegare Firda-journalisten Helge Johnsen song både eigne og andre sine tekstar og tonar, og etter tilbakemeldingane å døme fall dei godt i smak hjå publikum. Mange sa dei var glade for at dei hadde teke turen då dei gjekk.
Kari Brun Ågotnes og Asgeir Øvrebotten var vertskap for kvelden og hadde laga god fingermat til dei omlag 30 som kom. Kva oppleving hadde så dei som song og spelte? Helge Johnsen oppsummerer besøket i Botnane slik:
– For meg var besøket i Botnane 29. juli ei oppleving. Eg hadde aldri vore i denne bygda før, og det var med ei viss ærefrykt eg kom med tekstane mine til staden der Jan-Magnus Bruheim i si tid budde og dikta. Her har langt større sko trødd enn mine. Bassist Ove Mjåtveit og eg følte vi fekk ei mottaking som varma, og vi opplevde eit lyttande publikum som tok vel mot songane vi hadde med. I tillegg, vart kvelden rundt oss signa av dette sommarlyset Vårherre stundom gjev kystfolket til sjelefred og helsebot. Takk til dykk alle».
Fottur over Dyreskora


Laurdag føremiddag møtte ni opp for å vere med turleiar Torbjørn Øvrebotten over Dyreskora, frå Nøre til Søre dalen. Dei var fyrst oppom restane etter hytta i Nøre dalen der det låg motstandsfolk i dekning under krigen. Deretter tok dei seg over elva på Støylen og opp over Dyreskora, med eit flott utsyn over både Nøre vatnet og Botnane. Ingrid Bruflot var med på turen og tok desse bileta og skreiv om turen på Fjesboksida til grendalaget.
Rekordstor fiskekonkurranse

Fiskekonkurransen i Nøre dalen har vorte ein tradisjon i Botnane, med Vetle Aase Øvrebotten som primus motor. I år var det rekordstor deltaking med heile 29 deltakarar, i alle aldrar. Dei konkurrerte i å få den største og den minste fisken, og flest fisk.
Seks år gamle Guro Hole Sørbotten fekk den største fisken på fyrste kastet. Han vog 171 gr. Kvelden før hadde Guro høyrt bestefar Ståle fortelje om den store auren han og onkel Tore, fekk på garn i Nøre vatnet i 2001, på 2,9 kg.
På årets fiskekonkurranse fekk Marie Ullevålseter den minste fisken på 21 gr, og Vegard Følling Slettemark fekk flest fisk, 27 stk.


Godt besøkt lunsjkafe


Dei som kom frå fottur eller skulle på fiskekonkurranse kunne nyte den gode maten på lunsjkafeen til Hannele Turunen i Botnane grendahus. Den var open frå 11.00-15.00. Både bygdefolk og tilreisande la inn ei matstund der. Hannele servert graskarsuppe med focaccia-brød, smørbrød og diverse kaker. Salet gjekk strykande og folk var veldig positive til den nye menyen. Kor mange som var innom lunsjkafeen laurdag veit vi ikkje, men Hannele hadde ikkje sett så mykje folk sidan ho flytta til Botnane i november! Det vart seldt mat for over 4000 kr. til inntekt for grendalaget.
Overraska over kunsten


I samband med Bygdehelga nytta vi også høve til å ha omvising i den faste samlinga av skulpturar etter Aase Botnmark (1927-2012), fødd Øvrebotn, på garden Håjen i Botnane. Etterkomarane har deponert vel tjue skulpturar til Bremanger kommune, som no er å sjå i den gamle skulestova i Botnane. Aase Botnmark ynskte at delar av kunsten hennar skulle kome «heim» etter at ho var død.
Bygdehelga var omlag ti personar innom og fekk omvising. Fleire var overraska over å finne slik kvalitetskunst i eit grendahus utanfor alfarveg, av ein kunstnar dei aldri hadde høyrt om. Det var også innom folk frå Sogn og Fjordane kunstmuseum denne helga og såg kunst av ein kunstnar dei ikkje kjende til frå før. Samlinga i Botnane grendahus er den einaste faste utstillinga av kunsten til Aase Botnmark, som budde på Jessheim frå sist på 1960-talet til ho døydde i 2012.
Fottur til Futenipa

Søndag føremiddag hadde turleiar Håkon Årebrot med seg fem glade vandrarar til fjellet Futenipa på Årebrot, skriv Kirsti Hole på Fjesboksida til grendalaget etterpå. Turen er blå-merka, men det var likevel godt å ha med seg lokalkjende. Kva namnet Futenipa kjem av veit vi ikkje. Lokalt vart ho før ofte omtalt som Futnipa.
Frå Futenipa er det eit vidt utsyn både over Årebrot, fjell og vidde, sjø og land ikring. Bileta har Kirsti Hole og Håkon Årebrot teke.
Diktarstien etter Bruheim

Det møtte opp tre personar som ville vere med meg på omvising på Diktarstien i Botnane søndag. Ekteparet Anne Grete og Arild Vedvik har hytte på Myklebust og hadde gått Diktarstien åleine før. Denne søndagen hadde dei bestemt seg for å få med seg ei guida omvising. Arild Vedvik driv Fjesboksida PoesiRingen der han har lagt ut meir enn 11.000 dikt. https://www.facebook.com/poesiringen/
– God kunnskapsformidling og mykje nytt å høyre, sjølv for oss som trudde vi visste mykje frå før, skriv Magnhild Sørbotten på Fjesboksida til grendalaget. Det er ho som har teke bileta.
Gudsteneste i skulestova


Det var planlagt med utegudsteneste ved diktsøylene på Jørnjorda, men vermeldingane gjorde at gudstenesta kl. 14.00 søndag vart innomhus i den gamle skulestova i Botnane. Det var 16 frammøtte.
– Igjen viste dette lokalet seg å høve godt, prest Dag Leirvik ved talarstolen og Jarle Grotle ved det gamle trøorgelet. Ei passeleg stor forsamling stemte med i dei sommarlege salmane. Takk for frammøte frå fjern og nær», skreiv Elisabeth Ruud Nordbotten på Fjesboka etter preika. Ho tok også bileta.
Basar på Årebrot



Rundt 60 personar kom på basaren på Årebrot grendahus kl. 16.00 søndag. Der styrde Husefest-folket (Ullevålseter-familien som driv Ullevålseter sportsstue i Nordmarka), Ragnhild Nøttingnes, Elisabeth Ruud Nordbotten og Ingrid Seljestokken med mat og servering, og kakebordet vart fylt med hjelp frå kakebakarar i dei to bygdene.
Årebrot sin mest ordhage son, Fridtjov Urdal, var i storform då han kåserte om kva stadnamna i ei bygd som Årebrot fortel om historia vår, at vi i staden for å klage må gjere noko sjølve med det vi vil ha annleis, og kor stas det var som gutunge når det var basar i bygda.
Seks loddbøker hadde vore på omgang og var nær fylte då Sigfred Nøttingnes og Magnhild Sørbotten tok over loddsalet på sjølve basaren, som vart avslutta med loddtrekking av masse gevinstar. Og framleis er mange av dei heimelaga; strikka, hekla, sydde, tova og denne gongen sådde nellikar. Den tradisjonelle babydukka med heimelaga kle var med også i år.
Godt resultat
Botnane og Årebrot grendalag fekk inn omlag 36.400 kr på loddsalet og 2.500 kr på matsalet på basaren. Begge summane er brutto og det er fleire som skal ha dekka utlegg. På konserten fredag kveld og lunsjkafeen laurdag vart det seldt mat for 4.300 kr. Salet av Bruheim-bøker/kort og andre bøker til inntekt for Diktarstien i Botnane – vipps 76 14 42 – gav ei inntekt på 2.345 kr.
Sommaren 2023 håpar vi at Sigrid Moldestad og Regndropebandet hennar står på scena på Årebrot grendahus med familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr. Ho har sett tone til 14 barnedikt av Jan-Magnus Bruheim og håpar å få laga plate av dei neste år. Det er eit samarbeid med Førdefestivalen, Falturiltufestivalen på Stord og Vossajazz som har gjort førestillinga mogeleg, som hadde premiere på Folkemusikkfestivalen i Førde i juli. I dette intervjuet fortel Sigrid Moldestad om forholdet sitt til Bruheim sine barnedikt.
– Dei som driv med hage lever lenger og er friskare enn andre. Det trur eg på, seier Anne-Karin Holm Årebrot bestemt. – Det er mykje god terapi i å arbeide i hagen, legg ho til, og skildrar leande kor godt det gjer å denge laus på ein stein eller hakke i jorda når du er skikkeleg forarga.

– Desse blomstrane likar ikkje slike regnsomrar som vi har i år, seier Anne-Karin Holm Årebrot, og plukkar vekk det som har visna.
Etter ein regntung sommar har eg endeleg kome meg på besøk i hagen til Anne-Karin i Vaulen på Årebrot, der ho og mannen Håkon Årebrot bur. Stadig fleire på Årebrot spurde om eg hadde vore der? Den hagen er noko å skrive om, meinte dei. Sjølv synst ho at eg helst burde ha kome i tidsrommet april-juni, når løkplantane og rododendronane blømer. Då er hagen eit syn! Men trass i alt regnet lyser vakre roser, klematis, busknellikar og massevis av stauder mot meg i sterke fargar, fint avstemt mot gråstein og grøne blad og busker. Blomane vitnar om godt stell og mykje arbeid.

Dette bilete har Håkon teke av Anne-Karin i arbeid med rosene. Det er så grunn jord at ho må plante dei i vide tønner for å få skikkeleg vokster på dei.
– Har du alltid vore oppteken av hagearbeid?
– Nei, på ingen måte. Eg trur det er ei sjeldan interesse hjå folk i heilt ung alder. Men eg vaks opp med ei adoptivmor på Furset, i Fjaler og hagen hennar var rekna for å vere fin. Der var det bærtre og prydbusker som sette preg på hagen.
Fyrste hagen i Luxemburg
Det var i Luxemburg Anne-Karin hadde fyrste hagen sin. – Der budde eg i seks år (1986-92), med den dåverande mannen min og dei tre borna våre. Der merka eg ei gryande interesse for å plante til hagen, særleg med busker, blant anna eit mandeltre. Borna mine har vore attende og sett huset vi budde i og fortel at buskene vi planta framleis står der og er frodige.
– Stor skilnad på Luxemburg og Årebrot reknar eg med?
– Ja, men mellom dei to hagane hadde eg hus og stor hage i Florø i mange år. Det var fyrst då eg selde huset der i 2012 at byrja med hagen her som Håkon hadde hus.

Håkon og Anne-Karin har stor glede av hagen og likar å finne ut kva dei kan få til å vekse der.
Dei var begge skilde då dei møttest på dans i Flora samfunnshus i januar 2000. Ho har to døtrer og ein son, han har to søner og ei dotter. I mange år budde dei fast i Florø og brukte huset på Årebrot i helgar og feriar. No har dei ei leilegheit i Florø, men bur mest på Årebrot. Begge er pensjonistar, men ho tek framleis vakter i omsorgstenesta i Florø når dei spør.
– Hagen her har blitt til litt etter litt. Det bles og er verhardt, så det er spennande å sjå kva ein kan få til å vekse her. No er det stauder som står hjarte mitt nærast, og dei plantar eg tettast råd, då er det minst arbeid med dei. Ugraset sleppe ikkje til på same måten som når det er opa mold, forklarar Anne-Karin.

Ingenting å seie på utsikta. Denne kvelden gjekk Christian Radich forbi.
– Er du med på dette hagearbeidet, Håkon?
– Det var ikkje mykje hage her med meg då Anne-Karin kom hit, eg konsentrete meg om å halde husa ved like. Men etter at eg fekk meg gravemaskin flyttar eg stein og planerer, berre ho seie korleis ho vil ha det. Vi brukar mykje naturstein som alt er på tomta, men som må flyttast både hit og dit.
Han er openbert stolt over hagen til kona, men tykkjer han er stor nok no. På ein rundtur i hagen fortel ho levande om at her ynskjer ho seg ein dam, her skal det bli meir bed, fleire stader trengst det ein ny sitteplass for å få nyte nett den nydelege sjøutsikta. Dei har panoramautsikt over hovudskipsleia, og medan eg er der fer Christian Radich forbi.
– Det er ikkje alltid at Håkon er ledig når eg vil ha noko gjort, ler Anne-Kristin. Men etter kvart har det vorte mindre snakk om at eg ikkje må kjøpe meir blomar. Det gjer eg no uansett, for eg vil plante tett, og så er det så spennande å prøve nye sortar.
Til dømes druer i drivhuset, som dei bardunerer fast om vinteren, slik at det ikkje fyk til himmels. Men no modnar det druene der.

Håkon byr på prøvesmaking av druene i drivhuset i Vaulen.
Tang mot sniglar
Håkon er mest med i samtalen når han kan dele gode råd mot sniglar på grønsakene. Det hjelper å legge tang kring karmane på beda, då slepp ein at gråsnigelen et opp grønsakene. Tang er også godt for bærtrea, ein sekk med tang per tre held dei friske og grøne. Mot lus på rosene hjelper det med neslevatn, så Anne-Karin har brennesle i blomsterbedet for å vere sjølvberga. Nesleblad og vatn skal stå i to veker til det luktar kloakk før ein blandar det ut i vatn og tek luseangrepet, raskt og effektivt.
Dei ynskjer å bruke minst mogeleg med kunstgjødsel og har funne løysinga i sokalla Bokashi-kompost. Dei samlar matavfallet i små plastbøtter, strør på sukkerhaldige frø og let det stå i to veker og gjære, også kalla fermertering. – Sniglar likar ikkje fermertert materiale, men makk og padder er det mykje av i komposten etter denne nedbrytingsprosessen. Og frå plastbøttene med matavfall tappar Anne-Karin vatn og brukar som gjødsel på plantane, fortel Håkon entusiastisk.
– Korleis reddar de hagen frå å bli oppeten av hjort?
– Straumgjerde, seier Håkon kontant. Han har sett opp eit høgt sauegjerde med eit straumførande kvit band/streng ca. 50 cm over på toppen. – Du merkar at du er borti det, seier han. – Det er vår og haust det er viktigast å ha straumen på. Det verkar som om hjorten har lært at her er det ikkje vits i å hoppe gjerde. Hadde vi ikkje hatt det gjerde hadde vi berre hatt rododendron og påskeliljer, for det et ikkje hjorten, seier Anne-Karin Holm Årebrot.

Ingenting kan måle seg med våren og forsommaren i hagen, meiner Anne-Karin, og dette bilete syner kva ho snakkar om då. Privat foto.
Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 1. august 2022.
Sigrid Moldestad er spent no når ho og Regnbogebandet skal ut og presentere ei familieførestilling med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, med premiere på Folkemusikkfestivalen i Førde 7. juli. – Dikta hans er tidlause og universelle. Han skriv om ei mikroverd eg hugsar godt frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små, og no set eg meg ned på huk for å sjå og formidle dette til andre, seier Sigrid Moldestad. I Regndropebandet har ho med seg musikarane Jørgen Sandvik, Kåre Opheim og Sondre Meisfjord.

– Då eg fekk den store gåva å saumfare diktinga til Jan-Magnus Bruheim og tonesette dikt til CD-en «Brevet til kjærleiken» i 2014, sat mange av barnedikta hans så i meg etterpå. Dei er så flotte. Alt då sette eg tone til to av dei, Bekken syng og Kråketankar, men dei kom ikkje med den gongen. Og etterpå måtte eg ha litt tid for å gjere andre ting, fortel Sigrid Moldestad.
Ho gjev Roald Kaldestad æra for å ha sparka henne i gong att med Bruheim sine barnedikt. Kaldestad har vore med i bandet hennar lenge og han står bak Falturiltufestivalen på Stord, med fokus på førestillingar for born. – Det var i fjor vinter han føreslo at vi skulle prøve å få fleire festivalar til å gå saman om å få til ei ny Bruheim-førestilling. Falturiltufestivalen var med, det same vart Folkemusikkfestivalen i Førde og Vossajazz. Førde får premieren, vi skal til Stord i november og til Vossajazz i påska 2023. Til den tid håpar vi å ha spelt songane inn på plate, seier Moldestad. Førestillinga har fått tittelen Regndropeborna og andre dyr.
– Kva er det med barnedikta til Bruheim som fengar deg slik?
– Eg har framleis eit fantasifullt barn inni meg. Dikta har klåre bilete og forteljingar. Det er mykje empati for små dyr, som grashoppa, snigelen og åma. Han skildrar ei mikroverd eg hugsar frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små og desse dikta kling veldig inn til barnet i meg. Bruheim ser dei små og dei som står utanfor, både i menneske- og dyreverda. Eg er sjølvsagt spent på mottaking, men dikta er tidlause og universelle, dei er ikkje begrensa til om han skreiv dei til dømes på 1960-talet.

Titteldiktet Regndropeborna står i boka Røyskatten og andre barnerim, Noregs Boklag 1961. Vakkert illustrert av Reidar Johan Berle, som illustrerte mange av barnebøkene til Bruheim.
– Kva dikt har du med?
– Bekken syng og Kråketankar har vore med sidan dei vart sett tone til i Botnane hausten 2013. Eg ser framleis føre meg akkurat kvar den kråka sat då det diktet fekk tone. Elles gler eg meg veldig til å presentere Liten gut fortel som song, det er eit av dei sterkaste dikta hans. Det byrjar slik:
Eg fekk det ordet
eg var tverr
og lei og vrang
og sky og skjerr
Eg ikkje anna
høyre fekk,
og sturen var eg
kvar eg gjekk.
Nypoteta er streta
Titteldiktet Regndropeborna er sjølvsagt med, vidare Snigla som sykla, Sutrelid, Hjort er hjort, Grashoppa og den fine fluga, Om alle tre var like, Einsam blom og Ynskje. Det siste handlar om det ævelege ynskje om å vere noko anna enn det vi er, bortsett frå mauren:
Men mauren, han var ikkje
noko til kar,
for han ynskte berre å vera
det som han var!
– Kva med Nypoteta, som var yndlingsdiktet til mange den tid Bruheim budde i Botnane og las dikt på alle tilstellingar i bygda?
– Nypoteta er streta, ho har ikkje vilja ta tone enno. Ho er litt slik som Den annsame var då vi laga førestillinga Brevet til kjærleiken. Det diktet bala eg lenge med før tonen sat. Men så er det andre dikt der tonen berre kjem flygande, som denne gongen til diktet Vinden:
Det var ein dag
at det var så stridt
at eg måtte saume fast
skjegget mitt.
Stormen kom kast i kast
og alle hadde nok med
å halde seg fast.

Sigrid Moldestad driv påminningshuset Pederhuset i Breim, der ho i sommar sette forfattarskapet til Bruheim på programmet. Her saman med Ove Eide, som skreiv om forfattarskapet og redigerte Dikt i utval i 2014. Foto: Magni Øvrebotten.
Det er 14 dikt/låtar med i familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr, som har premiere på Folkemusikkfestivalen 7. juli. Moldestad trur ho kjem til å ha med endå fleire dikt på ei innspeling. – Det ligg eit par som måtte vike til denne konserten, men som eg gjerne vil ha med. Det er så mange fine dikt å ta av, og denne gongen valde eg å ha fokus på dikt som handlar om dyr og natur. Men det er alltid ein menneskeleg relevans og kjensle i det Bruheim skriv. Om det er om maurar, kattar eller blomar, så handlar det alltid også om deg og meg, seier Moldestad.
I juni 2014 samla Sigrid Moldestad og musikarane hennar vel 400 menneske på skulehusplassen i Botnane med førestillinga «Brevet til kjærleiken», i samband med at det var 100 år sidan Bruheim vart fødd. I strålande sol. I 2018 var ho attende for å vere med på opninga av Diktarstien i Botnane, som samla over 200 menneske i eit galever som er sjeldan i august. Det bles og regna frå alle kantar.
– Kjem du att om vi tilbyr deg og bandet tak over hovudet for konsert i Årebrot grendahus neste sommar?
– Ja, vi må få lagt inn Botnane i turneplanane neste år. Fleire av dikta er skapte der, og som sagt hugsar eg akkurat kvar den kråka sat då diktet Kråketankar tok tone, seier Sigrid Moldestad. Ho fyller 50 år 19. juli og vi nyttar høve til å gratulere den fremste Bruheim-tolkaren i landet med dagen.
Intervju Magni Øvrebotten, 29. juni 2022.

Nøre vatnet sett frå Dyreskora. Fellestur over Dyreskora og fiskekonkuranse i Nøre vatnet laurdag 30.juli. Foto: Torbjørn Øvrebotten
Program for bygdehelga Botnane – Årebrot 29. – 31. juli 2022
Med bygdehelga ynskjer Botnane og Årebrot grendalag å syne fram bygdene og naturen vår, og samle både kjende og ukjende til sams opplevingar og aktivitetar. Kanskje kan nokon få lyst til å bu her med oss? Fint om du gjev oss beskjed om kva programpost du kjem til via Fjesboka eller til dei som står oppførde med mobilnummer.
Fredag 29. juli:
Kl. 19.00: Botnane grendahus. «Viser og slikt». Helge Johnsen syng eigne og andre sine viser, spelar gitar og fortel historier. Han har med seg Ove Mjåtveit på bass.
«Songane og poesien eg og Mjåtveit har med oss til Botnane, ber fingeravtrykk av bygdene våre og vårt vestlandske lynne, seier den tidlegare Firda-journalisten Helge Johnsen.
Bilettpris kr. 100. Førehandsbetaling til Vipps 50 14 65, eller i døra. Påmelding til leiar i grendalaget, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73, e-post:asmund.berthelsen@icloud.com
Laurdag 30. juli:
Kl. 11.00 -15.00: Lunsjkafé i Botnane grendahus v/Hannele Turunen og Heidi Yttrehus.
Sal av mat og drikke, bøker, diktkort, med meir.
Kl. 11.00: Fottur over Dyreskora i Botnane. Påmelding til turleiar Torbjørn Øvrebotten, mobil 992 51 114. Turen byrjar på Jørnjorda og går til Nøre dalen, over Dyreskora og ned att over Åsen til Øvrebotten. Det tek vel to timar og dei som blir med bør vere vane med ulendt terreng.
Kl. 13.00: Omvising i den faste utstillinga av skulpturane til Aase Botnmark v/Magni Øvrebotten. I den gamle skulestova i Botnane grendahus.
Kl. 15.00: Fiskekonkurranse for liten og stor i Nøre dalen v/Vetle Aase Øvrebotten
Denne konkurransen har vorte ein sommartradisjon i Botnane og det gjeld å få den minsteo g den største fisken. Heile familien kan vere med, og det er premiar.
Søndag 31. juli:
Kl. 11.00: Fottur til Futenipa på Årebrot. Påmeding til turleiar Håkon Årebrot, mobil 975 35 394. Turen startar på Kvia på Årebrot og tek to-tre timar. – Det er bratt somme stader, men vi tek det med ro slik at kven som helst kan vere med, seier turleiar Håkon Årebrot.
Kl. 11.30: Omvising på Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim
Påmelding til omvisar Magni Øvrebotten, mobil 970 55201
Diktarstien er 4,3 km lang og lett tilgjengeleg langs fylkesvegen. Han startar på Jørnjorda, har seks stopp og endar opp på gravstaden. Dei ti dikta er graverte i stål og bolta til stein.
Kl. 14.00: Utegudsteneste på Jørnjorda v/sokneprest i ytre Bremanger, Dag Leirvik og organist Jarle Grotle, på trekkspel.
Gudstenesta vert på Jørnjorda, ved dei brune diktsøylene der. Om det bles og regnar blir gudstenesta i Botnane grendahus.
Kl. 16.00: Sommarbasar på Årebrot grendahus, med kåseri av Fridtjov Urdal.
Basaren er til inntekt for Botnane og Årebrot grendalag sitt arbeid til beste for bygdene Botnane – Årebrot. På basaren er det loddsal, sal av mat og utloding av eit variert utval gevinstar.
Om du vil kjøpe lodd på basaren til Botnane og Årebrot grendalag kan du gjere det på Vipps 69 94 98, på «Lodd sommarbasaren 22». Kr. 5 per lodd. Vil du støtte arbeidet til grendalaget utan å kjøpe lodd er Vippsnummeret 50 14 65.
Anna du kan gjere: Ynskjer du å gå turar på eiga hand er det fleire merka turløyper, som du finn skilt om langs Frøysjøvegen; Til Skudalen/Botnanipa, Nøre dalen/Fossedalen, Opnaren/Middagsnova og Uradalen. Vidare er det tilrettelagt for Stolpejakt i Uradalen på Årebrot, i Seljestokken og i Øvrebotten i Botnane. Sjå www.Stolpejakten.no
Overnatting: Nytt overnattingstilbod i Botnane, hjå Kjersti Straume og John Sande. Mobil nr. 90 12 94 34/ 90 19 02 44. Dei har plass til fem personar. Det er mogeleg å telte og parkere bubilar fleire stader på strekninga Botnane-Årebrot denne helga. Ta kontakt med Rune Nordbotten, for nærmare opplysingar, mobil 415 53 395.
Båtplass: Nordlegaste flytebrygge, nord for kaiskuret i Korsnesvika. Leige kr. 100 per døgn. Betal på vipps til John-Magne Sande, mobil 90 19 02 44. Flytebrygga mellom Sande si og kaiskuret eig Steinar Øvrebotn. Han vil at leiga, kr. 100 per døgn, skal gå til grendalaget, vipps 50 14 65. Det vil også Åge Sørbotten at leiga for den store kaia skal gjere, kr.100 per døgn. Den er best eigna for større båtar.
www.Botnane.no for fullstendig program

Frå Futenipa der fellesturen går søndag 30.juli
Her finn du programmet som du kan skrive ut: Program bygdehelga 29.-31.juli
29. – 31. juli
