Telenor har no varsla at Firda settefiske i Botnane skal få innlagt fiber i bedrifta sitt namn og ikkje i driftsleiar Torbjørn Øvrebotten sitt, slik vi skreiv om på www.Botnane.no 15. mars. Det let seg brått ordne etter at Otto Ullevålseter sende artikkelen vår direkte til konsernsjefen i Telenor, Sigve Brekke. Seks dagar etterpå kom det to karar frå Eltel og la inn fiber til kontoret på Firda settefisk. – Men han som skal kople til utstyret har ikkje vore her enno, seier Torbjørn Øvrebotten. Han vågar ikkje å tru det før han ser det. Det vart gjort 18. april 2023.

Torbjørn Øvrebotten er driftsleiar ved Firda settefisk. No slepp han å få fiber i sitt namn på anlegget.
Dette er siste utviklinga i saka:
Otto Ullevålseter driv saman med familien sin serveringsstaden Ullevålseter i Nordmarka, familien har hatt eigedom i Husefest i 60 år og han har vore leiar i Botnane og Årebrot grendalag. Ullevålseter er såleis godt kjend med kor vanskeleg det er å få del i nyvinningar og fellesgoder for små bygder som Botnane og Årebrot.
Same dagen, 15 mars, som saka «Kasteball i Telenor» stod på nettsida til grendalaget sende Ullevålseter kopi av saka til konsernsjefen i Telenor, Sigve Brekke. Han takka for beskjed om «ei interessant sak» og lova at han skulle få nokon til å ta tak i ho. Torbjørn Øvrebotten fekk tilsendt kopi av det Otto Ullevålseter hadde sendt Telenor, men etter eitt års runddans med Telenor hadde Øvrebotten små forventningar.
Men 20. mars får Torbjørn Øvrebotten telefon frå ei dame i Telenor Bedrift som fortel at han om eit kvarters tid blir kontakta av ein annan i Telenor for å få orden på dette. – Vi skulle få fiber i Firda settefisk sitt namn. Når eg spurde kvifor det hadde vore så vanskeleg fortalde ho at utbygginga av fiber i Botnane hadde vore eit samarbeid mellom Bremanger kommune og Telenor, og dei hadde prioritert privatkundar framfor bedrifter. Men den forklaringa kjøper eg ikkje, seier Øvrebotten.
Og 15. min. etterpå ringde det ein kar frå Telenor som skulle ordne med å få signert ein avtale om fiber i bedrifta sitt namn. – Det vart signert digitalt og når eg spurde han kvifor dette hadde teke slik tid, og vore så vanskeleg, vedgjekk han at det hadde vore dårleg kontakt mellom Telenor Privat og Telenor Bedrift. Det er også mitt inntrykk, der verka det mest ikkje som det var kontakt i det heile, seier Torbjørn Øvrebotten. Når han spurde kor lang tid det kom til å ta å få inn fiber no held Telenor-mannen på å seie «nokre veker», men tok seg i det og lova at han skulle prøve å framskunde det, sidan dette hadde teke så håplaust lang tid.
– Dagen etterpå kom det to karar frå Eltel (på oppdrag frå Telenor) og la inn fiber på kontoret til Firda settefisk. Men han som skal kople til utstyret har ikkje vore her enno. Vi er spente på kor lang tid det tek, seier Torbjørn Øvrebotten.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten 26.03.23.

Det vert ikkje fleire stjernestopp eller bestillingsstopp på Villevika for Kystvegespressen frå 2024. Grendalaget har fått brev frå Skyss (Vestland fylkeskommune) om at det vert som no. Det vil seie stjernestopp på Villevika i nordgåande retning om ettermiddagen måndag til fredag. Og om kvelden fredag i sørgåande retning.I helgane vert det stjernestopp (bestilling) i nordgåande i retning mot Smørhamn på laurdagar og mot Måløy sundag ettermiddag.
Grendalaget tok opp saka etter at samferdsleutvalet i Vestland ba Skyss om å vurdere å ta vekk bestillingsstopp i Leirgulen for å få kortare seglingstid for Kystvegekspressen Måløy- Smørhamn – Florø. Det vart sendt ut notat om dette til Bremanger og Kinn kommune der det vart foreslått endringar. Skyss har no varsla samferdsleutvalet i fylket om at dei ikkje går vidare med denne endringar i rutetabellen, mellom anna med bakgrunn i konsekvensane det ville ha fått for dei lokale forbindelsane mellom Bremanger og Kinn. Mellom anna for stjernestoppane på Villevika.
Grendalaget peika i brev til Skyss på at det også var ynskjeleg med stjernestopp på ruta som går sørover på føremiddagen og er i Florø kl.11.50. Det ville gjere det mogleg for folk å kome til Florø utan å bruke heile dagen. I tillegg ville grendalaget også ha stjernestopp på ruta som Florø kl. 08.30. Det ville mellom anna gjere det mogleg for nokre å kome seg heim etter til dømes nattevakt. Og for verksemder som har oppdrag i Smørhamn/Kalvåg.
Saka ligg no hjå samferdsleutvalet som skal ta endeleg stilling til. Grendalaget vil vende seg til utvalet og be om at politikarane set opp fleire stjernestopp på ruta mellom Måløy og Florø – og på ruta mellom Florø og Smørhamn. Det er ynskje om stjernestopp på alle rutene, både nordover og sørover.
Foto: Francisco Munoz
– Dette er kanskje noko av det skumlaste eg har gjort, seier Sigrid Moldestad om barneplata “Regndråpeborna”, som ho gjev ut 24. mars. – Det er skummelt fordi barn er det ærlegaste publikumet ein kan ha. Eg har aldri skrive for barn på denne måten før. Men å arbeide med orda og dikta til Jan-Magnus Bruheim har vore ei glede, også denne gongen, utdjupar Sigrid Moldestad.
Etter seks soloalbum med eigne tekstar og låtar, med tradisjonsmusikk og diverse tonesettingar, har ho no laga eit barnealbum med 13 nye songar. Alle basert på barnedikt av diktaren Jan-Magnus Bruheim.
Musikarane i Regndråpeorkesteret; Sondre Meisfjord, Jørgen Sandvik og Kåre Opheim er kjende i mange kretsar og spelar i fleire ulike genrar. Sandvik og Opheim spelar i Sigrid sitt faste band. Når dei no har leika seg saman i Duper studio i Bergen, med Yngve Leidulv Sætre som produsent og Iver Sandøy på lyd/miks, er resultatet nettopp det; – Ein musikalsk genreleik med dikt som ofte talar like mykje til vaksne som til barn, seier Moldestad i ei pressemelding. Det er Heilo Records som gjev ut albumet.
– Det har vore veldig befriande å skrive desse songane. Eg har heile tida hatt fokus på at eg ville forsøke å skrive så bra musikk som mogleg til desse fine dikta og historiene. Dei inviterer til det. Bruheim si verd er full av leik, fantasi og empati. Musikalsk har det vore befriande å kunne dra litt på og leike med ekstra store penslar, seier Moldestad. – Det er kanskje det som skil dette frå det eg har gjort før. Det har vore ekstra fint å ta fram dei sidene for alle oss som er med, legg ho til.
Prosjektet starta eigentleg som konserten “Regndråpeborna og andre dyr”, ein bestillingskonsert under Førdefestivalen 2022, i samarbeid med Falturiltu på Stord og Vossajazz.
Diktaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) har mange eit kjært forhold til. Hele livet skreiv han for både barn og vaksne. Den første barnediktboka kom ut i 1956, den siste i 1986, to år før han døydde. No kjem 13 av desse dikta for fyrste gong som songer.
Sigrid Moldestad er ikkje ukjend med Bruheim. I samband med 100 års-jubileet for Bruheim i 2014, skreiv ho musikk til ei rekkje vakre kjærleiksdikt med albumet “Brevet til kjærleiken”. Det fekk strålande kritikkar og vart kåra til “Årets album” i NRK´s Norsk på Norsk.
– Det var eigentleg då eg arbeidde med «Brevet til kjærleiken» at eg oppdaga alle dei fine barnedikta hans. Eg har tenkt på dei sidan, at dei burde få sitt eige prosjekt ein dag. No er det her! Vi gler oss til å spele konsertar for store og små rundt omkring i det ganske land, seier Sigrid Moldestad.
Albumet kjem 24. mars. Først ut er platesleppkonsert på Vossajazz, laurdag 1. april.
Illustrasjon til plateomslaget av Jens Kristensen / Coverdesign: By Ingis. Jens Kristensen illustrerte også diktsamlinga «Trollguten og andre dikt», eit utval av Bruheim sine barnedikt. Boka kom ut på Samlaget i 2018 med Hildegunn Solberg Nes som redaktør.
Litt om dei som er med:
Sigrid Moldestad er frå Breim i Nordfjord, men bur i Bergen. Ho har gjeve ut seks soloalbum. Det siste, “Tonen i meg” kom i 2021. “Et strålende album” skreiv Puls, Arild Rønsen. “Jeg finner ingenting å sette fingeren på”. Skriv tekster og musikk i tillegg til sitt arbeid med tradisjonsmusikk. Har to Spellemannspriser bak seg, ( 2005 og 2007) og turnerar stadig med eige band og i ulike og andre samarbeidskonstellasjoner. Moldestad er utdanna folkemusikar og spelar fele og hardingfele i tillegg til å synge. Kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og har motteke ei rekke andre priser. Særlig kjent for songer som «Så tag mitt hjerte», «Eg vil vere her» og «Vise til far». Er for tida aktuell som skodespelar på Det Vestnorske Teater i Bergen, med førestillinga “Heimatt”, som går til og med 29. mars.
Sondre Meisfjord: Bassist frå Frei på Nordmøre. Jazzmusikar, utdanna ved jazzlinja i Trondheim. Kjend frå fleire sentrale grupper og prosjekt som Come Shine, Gjermund Larsen Trio, Erlend Viken Trio, Kari Bremnes band m.fl
Kåre Opheim: trommer. Frå Voss og kjend frå fleire band; Real Ones, Karl Seglem Band, Sigrid Moldestad m.fl
Jørgen Sandvik: Gitarist frå Bergen, busett på Stord. Spelar mange ulike strengeinstrument i tillegg til å synge. Fekk Spellemannsprisen 2018 for si soloplate i klassen for Blues. Kjend frå band som Real Ones, Sigrid Moldestad band, ulike samarbeidsprosjekt.
Tekstar av Jan-Magnus Bruheim (1914-1988). Musikk av Sigrid Moldestad. Produsent: Yngve L. Sætre. Lyd/Miks: Iver Sandøy og Yngve L. Sæthre.
Mastering: Iver Sandøy

Etter fleire års kamp vart det hausten 2022 lagt inn fiber i dei fleste husa i Botnane, bortsett frå hjå verksemda Firda Settefisk. Der hadde dei fått utsett utkopling av fasttelefonen i nær eit år fordi Telenor ikkje kunne levere dei godt nok trådlaust nett til bruk for møte og anna digital kontakt med omverda. – Vi har vore ein kasteball i Telenor-systemet i over eit år, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten i Firda Settefisk.
Øvrebotten hadde kontakt med Telenor Bedrift hausten 2022. Dei som jobba med fiber i bygda grov ned trekkerøyr også til anlegget. – Den 22.12.22 kom det folk frå Eltel så då rekna vi med at dei skulle installere fiber på fiskeanlegget. Men nei, dei skulle montere nytt trådlaust internett. Nett den same teknikken som ikkje fungert sist dei prøvde, då Teams-møta våre vart reine hakkematen, fortel Torbjørn Øvrebotten. Men no var gode råd dyre for fasttelefonen skulle kuttast ved årsskiftet.
Installatørane frå Eltel, som arbeidde på oppdrag frå Telenor Bedrift, arbeidde i seks, sju timar og heva mellom anna antenna fem meter. – Det gjekk på eit vis, men det er eit usikkert samband, seier Øvrebotten. Då han ringde attende til Telenor Bedrift, for å klage og tinge fiber på nytt, fortalde dei at dei ikkje kunne tilby fiber i Botnane. Dei synte han til Telenor Privat, utan å vite at dei nett då dreiv med installering av fiber i private hus i Botnane.
Håpar det skjer noko neste veke
– Men Telenor Privat synte meg attende til Telenor Bedrift, sidan det var ei bedrift det var snakk om. Etter å ha vore kasteball mellom desse to ei god stund synte det seg at Firda Settefisk måtte bestille fiber i mitt namn hjå Telenor Privat. Det var uråd å få fiber i Firda Settefisk sitt namn, forstå det den som kan, seier Torbjørn Øvrebotten. No håpar han at det skjer noko neste veke, men kjenner seg ikkje sikker etter alt styret det har vore med Telenor.
Firda Settefisk måtte betale nær 9000 kroner for å få opp den mellombelse løysinga, som ikkje var tinga, men som Telenor kom med før jul. – Det skjedde samstundes med at eg og andre her i bygda fekk installert fiber i privathusa våre. Då eg tinga fiber til fiskeanlegget sa Telenor Bedrift ingenting om at det måtte stå i mitt namn. Ein ting er sikkert: Telenor Bedrift veit ingen ting om det som skjer hos Telenor Privat og omvendt. Og ein må bruke vanvittig med tid for å kome i mål med noko som helst når ein har med Telenor å gjere, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten i Firda Settefisk i Botnane.
PS: Enivest skal bygge ut fiber i Kinn
Som kjent høyrer Botnane og Årebrot til kvar sin kommune, Botnane til Bremanger og Årebrot til Kinn. Det er Enivest som skal bygge ut eit nytt TV- og breibandnett med fiber på strekninga Årebrot – Seljestokken – Husefest. Selskapet er i gang med planlegginga, og det er aktuelt med eit folkemøte på Årebrot, som grendalaget skal vere med å arrangere. Det er ikkje fastsett dato for møte enno.
Magni Øvrebotten 14.03.23.

Dei av styret og vara som var på årsmøte. Frå venstre: Nina Seljestokken, John Sande, Helen Aasen, Åsmund Berthelsen og Marion Ederveen van Eck.
Trass i snøver og skiftande føre møtte det 14 medlemmer på årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag laurdag 11. mars. Åsmund Berthelsen vart attvald som leiar for eit år og i styret for to år. Helen Aasen vart attvald til styret for to år. Nina Seljestokken, Marion Ederveen van Eck og Vetle Aase Øvrebotten var ikkje på val. Varafolk er Jens Anders Sunde, John Sande og Hannele Turunen (ny). Sigfred Nøttingnes vart attvald som revisor.
Valnemnda for neste årsmøte er Rudi van Eck, Elisabeth Ruud Nordbotten og Marit Brandsøy (ny). Alle val var samrøystes. Årsmøte vedtok å betale rekneskapsførar til å føre rekneskapet, som etter kvart har blitt omfattande.
Under finn du vedteken arbeidsplan og budsjett og godkjent årsmelding og rekneskap for 2022. Det var litt debatt om ein skulle auke medlemspengane, men årsmøte kom til at dei blir som no. Kr. 150 for vaksne og kr. 50 for dei mellom sju og 18 år. Dei yngste kan vere medlemmer gratis.


Alliert fly skote ned ved Nærøyane. Databilete av Fridtjov Urdal
Flystyrt våren 1945
Ein gong på vårparten 1945 vart eit alliert fly skote ned og styrta i fjorden nord for Nærøyane. Han Peder Iversen (Pederen på Kviene) såg til og rodde ut og fekk plukka opp flygaren, rodde han i land og fekk han i hus, og sette han til turk attmed kjøkenomnen. Men kva gjer ein med ein alliert flygar som har landa i fjorden høgste dags?
Skal ein freiste å få vedkomande unna og korleis? Peder kom til at sjansane var små for at noko slikt ville lukkast. Ein måtte gå utifrå at den tyske kontrollposten på Storeåsen i Florø hadde sett kva som hadde hendt og at det hadde vore båt ute og henta ein som låg i sjøen. (Kor vidt flyet hadde naudlanda på fjorden, eller om flygaren hadde kome i skjerm, er for meg noko uklårt, all den tid båe ting vart fortalt). Dessutan var det sikkert andre som óg hadde sett. Avgjerda vart at her var det berre å melde frå til okkupasjonsmakta om at dei kunne kome og hente ein alliert flygar. Så vart gjort.
Men det smakte ikkje heilt godt å gjere det. Sjølv om det ikkje var noko særleg tale om det, så verka det som ein hadde eit agg for at flygaren vart utlevert til fienden. I ettertid kan ein vel sjå at det å få flygaren unna og i løynd ville ha vorte svært vanskeleg all den tid dette var noko som hende høgste dags med mange tilskodarar. Tyskarane ville likevel ha kome før eller seinare, og kva då? Nei, han sprang til skogs han og borte var han. Ville dei verte trudde på det? Og kva med dei hine i bygda om det vart noko styr?
30. mars 2023: Vi etterlyste dato for denne flystyrten då vi la ut denne historia, og fekk svar frå Aud Slettehaug, som er knytt til Luftkampmuseet i Frammarsvika, Naustdal. Flyet styrta 7. april 1945 og flygaren overlevde krigen, sjølv om han kom i tysk fangenskap etter flystyrten.

«Dinna store styggheita», databilete av Fridtjov Urdal.
Då dinna «Store styggheita» låg nede på Vågen
Eit av krigsåra kom det eit havariskadd tysk fraktefartøy og la seg til ankers på Nordre Vågen. Kva tid dette var og kva fartøy det var veit eg ikkje, men det skulle vere lasta med kol og poteter vart det fortalt.
Bjarne Holstad meinte at det var eit fartøy som hadde gått seg på Årebrotsodden. Der var tydeleg merkje i bergnova etter skuring, og båten var oppskrapt og hadde kollisjonsskadar i baugen. Folk var redde for at der skulle kome allierte fly og gå til åtak. Ho Maria på Løypa var så å seia næraste granne til fartøyet og ho omtala det slik: «Eg har aldri vore så redde som då dinna store styggheita låg nede på Vågen her.» Heldigvis for gardane i kring så kom der ingen fly og bomba. Men ein del av mannskapet hadde fått landlov og trekte til skogs og fjells.
Det gjekk ikkje likare en at to-tre mann gjekk seg skårfaste i Futenipa og måtte ha hjelp av heimekjende folk for å kome seg velberga ned att. Nokon var framme med kjeften og meinte at ein «berre skulle ha lete dissa helsikes tyskarane sete opp i skåra si». Men fekk då til svar: «Kunne no ikkje ha dei sitjande der å skrike som nokre andre ramnar». Fartøyet kom ikkje under åtak den tid det låg på Nord Vågen, så bygda gjekk klar åtak.
Spekulasjonar kring eit løetak
På Kvia vart det rett etter krigen lagt nytt tak på løa/fjøsen. Slikt går ikkje uakta føre seg i ei lita bygd der det ikkje er kvart år det ver lagt nye tak. Kor hadde dei no fått råd til det? Jau, det vart sakte funne ei forklaring på det. Det var sjølvsagt pengar som dei hadde fått som erstatning for han Fridtjov, yngste sonen som kom av dage då lokalbåten Fusa vart attakkert (angripe) på Korsfjorden (Krossfjorden) 8. januar 1945. Ja, slik var det nok, meinte somme å vite. Nett dette vart aldrig omtala heime, men det skulle meir en godt gjerast for at det ikkje skulle kome dei etterletne for øyra, men det vart aldri nemnt som eg kan minnest. Det er dette med reip i hengd manns hus. Det var noko sørgjande pårørande hadde klart seg godt utan.
Eg har ingen grunn til å tru at eit slikt ord kom ut grunna vondskap eller aggresjon/misunning mot dei på Kvia. Nei, det var nok heller syskenbarna, toskeskapen og tankeløysa som gav føter til slikt. Så korleis kom det for mine øyre? Den som fortalde mest utførleg om dette var Abraham Øvrebotten frå Botnane. Vi kom ved eit høve i prat om farbror Fridtjov, som han hadde kjent i si ungdomstid. Abraham nemnde det som eit døme på kva folk kunne sleppe or seg. Han fortale vidare at det óg var dei som hadde meint at det måtte vere ei trøyst for familien at det var dei allierte og ikkje tyskarane som hadde drepe han. Kva trøyst der var å finne i det var han meir enn tvilande til. Nett den trøysta hadde eg høyrt heime, med mora, ho Anna, sin kommentar: «Å, da er lett trudd da so ikkje sjølv e røynt». Andre informantar når det gjeld ord om det nye løetaket var Henrik Kleiven og Kjell Døskeland.
Av Fridtjov Urdal, februar 2023.
Få ting er meir skammeleg enn naud. Difor talast og minnest det lite frå tida då det fanst matnaud her i bygdene, for berre snautt 100 år attende. Då er det ikkje tale om krig, men rett og slett matnaud kring om i stovene. Men var det matnaud her som folk hadde havet så nær? Det var vel alltid råd å få seg ein mort og to?
Det er ikkje sikkert det var så enkelt. Det var heimar og huslydar der dei ikkje hadde båt, og om dei hadde så kunne det vere smått med reiskap utover handsnøre. Og sume år var svartår, det var uår på sjø, så vel som på land. Då var matmangelen ein realitet i mange heimar.
Det var ikkje så at folk ikkje ville hjelpe, men då krevst det noko å hjelpe av. Dessutan var matmangelen ei skam ein nødig synte fram. Om vi ungane var bort i gardane og vart bydde mat, så skulle vi takke nei, for elles kunne folk tru dei ikkje hadde mat heime. Det var hardt mange gonger når vi var svoltne og ikkje viste om det var noko å få heime heller. Dei små jordlappane som utgjorde gardane her var ikkje mykje å forlite seg på. Om karane var vekke på fiske, eller borte på anna arbeid, så var det slett ikkje sikkert at dei hadde reide pengar å sende heim til kvinnfolk og ungar. Slo det til med sjukdom og ulukke var vegen ut i naud kort. Dette er ei soge som ein ugjerne fortel sjølv om eins eigen slekt og familie var ein del av det, Naud er skam endå om ho er gammal.

Legdekallen låg i fjøsen. Databilete av Fridtjov Urdal.
Legdekallen låg i fjøsen
Å gå på legd var den gamle sosial-ordninga, for dei som var gamle og fattige og sjølv ikkje hadde midlar til eige livsunderhald, eller kunne gjere arbeid. Då måtte dei på bygda. Dei kunne ha fast tilhald på ein gard eller dei vart frakta rundt frå gard til gard, eller det var nokre gardar eller plassar som delte på eit legdeslem.
I min barndom høyrde eg om ein stad her i bygda at dei hadde legdekallen liggjande i fjøsen. I ettertid vart det lagt folk til last at dei for slik åt. Det kan synast som om dette var ei nedverdigande og inhuman framferd, men går ein attende til den tida då dette hende, slutten av 1800-talet, så var ikkje det å ligge i fjøsen nokon dårleg stad å vere. Om der ikkje var så heilt patent når det gjeld hygiene-standaren og lukta, så var det ikkje kaldt all den tid ein hadde varmen frå beista. Og det talde mykje i ei tid då det å skaffe til rettes ved var svært arbeidskrevjande, anten det no var tre eller torv. At kosten kunne vere skral, og at husets folk så godt dei kunne freista pine arbeid ut or legdefolk, var noko folk den gong skjøna seg vel på. Den som ikkje vil arbeide «skal heller ikke æde». I Synnervåg plagdest dei visst lenge med ei legdekjerring som vart sengeliggjande og ikkje ville daue.

«Engel i kaffikopp». Databilete av Fridtjov Urdal
Ho som såg englar
Det vart fortalt om ei som budde på Vikja. Ho hadde det heller smått, så ho rak stundom i gardane for å få noko å leve av. Men all den tid Vårherre ser til sine så hadde ho fått den gjevnaden at ho kunne sjå englar på høglys dag.
Det var helst når nokon hadde døydd at desse englane synte seg. Bodskapen var at dei vart henta til himmels. Så snart eit dødsfall spurdest så møtte ho fram i sørgjehuset og fortalde kva ho hadde sett. Kor vidt folk trudde noko vidare på desse syna skal vera usagt, men skikken vare at synet vart honorert i kaffi og eit mål mat.
Då han gamle Thore i Husefest (1819-1913) gjekk or tida hadde ho visst fortalt at ho hadde sett fleire englar. Det heldt folk for rimeleg all den tid at skulle ein få gamle Thoren med seg til himmels så nytta det nok ikkje berre med ein engel.
Det gjekk óg det ordet at dei trudde han gjekk att nord i Husefest. Han var ikkje før komen i jorda før der synte seg ein rev som var svært nærsøken, og som det ikkje beit skot på. Det meinte/sa folk «de ska sjå det er Thoren som går atte so ein røv, jau, da skulle høve seg».
Thore Hansen Husefest var ein framtøk og driftig kar som stelte med mangt og mykje. Ikkje berre var han ein dugande notbas og forretningsmann, han var óg dugande i fleire handverk, mellom anna som smed. Trass dette fekk han ikkje noko eintydig rosande ettermæle. Til det var han for påhalden og vanskeleg å kome til rettes med.
Av Fridtjov Urdal, februar 2023.
– Det er merkeleg kor det eine minnet hektar seg på eit nytt, eller rettare sagt eit gamalt. Eg var ein slik unge som hadde glede av å sitje og høyre på vaksenpratet, og mykje av det eg høyrde skulle det ta tid før eg skjøna, seier Fridtjov Urdal. Han slær også fast at det er ingenting det vert så mange versjonar av som det som ikkje skulle snakkast om. Her fortel han vidare litt av det han har blitt fortalt:

Gode emne var best å la stå. Databilete av Fridtjov Urdal.
Då Vår Herre gjorde rett og skil i Sunnervåg
I eldre tider var det landskapet som vi kjenner her langs strendene heilt annleis. Det var eit bert og til dels skog- og krattlaust landskap. Hard nedbeiting heldt voksteren nede. Det som voks opp vart freista teke vel vare på og utnytta til alt anna en ved. Det var nær ei overdådigheit å felle veksande tre for å bruke det til ved. Det var rikeleg anna å bruke materialen til. Det kunne vere så mangt, ein kunne sjå på ein rogn eller ei bjørk og sjå at når ho fekk nokre år til på seg så kunne det verte eit godt mei-emne under ein slede, eller det helt på å vekse seg til ei brukande skok. Det kunne vere til sjølvbruk, men óg for sal.
Ein sette ikkje vedøksa i noko som kunne verte ein båtkeip eller ei ny åre, ein la det til sides eller let det stå på rot til ein hadde bruk for det. Døma kan gjerast uendelege. Alt måtte takast vare på. Av ei krokete einerot kunne der verte ei usliteleg hovd. Ei slik utnytting førde stundom som rimeleg kan vere til usemje. Somme tider vart det så gale at høgare makter måtte gripe inn.
Ein gong måtte Vår Herre døme mellom bruka i Synnervåg. I grenseskilje mellom dei inna i elva og dei uta i elva stod det den gong ei gammal stor bjørk. Båe brukarane såg seg mun i denne og båe meinte dei at bjørka tvillaust stod på deira mark. Det vart gardastrid og ufred i lange tider. Den eine skjelte ut hin for å vere ein einøygd kjeltring og tjuv, og ufreden vart ikkje mindre av det. Det var då Vår Herre greip inn og let lynet slå ned, så bjørka vart splintra og kløyvd. Eit slikt fingerpeik frå det høge gjorde til at ingen torde røre det falne treet. Bestemor mi fortalde at ho kunne hugse at der låg att av det då ho var unge. Om denne gudsdommen førde til forsoning veit eg ikkje.
Smeden miste hammaren og grannen miste auga
Det var ein her i bygda som dreiv ein del som smed. Han vart sæleg halden for å vere ein god bitjarn-smed, som var flink med alt slag verktøy. Ein dag var tyngste hammaren vekke og ikkje att finnande. Han måtte vere stolen og smeden trudde han visste kven tjuven var. No høvde det seg slik at det var ein i bygda som kunne kunsten å syne tjuvar. Det vart gjort i eit kar med vatn, som så vart dekka til og lese over. Så vart overtrekket drege til sides og tjuven vart synt. Men denne gongen ville ikkje denne karen syne tjuven. »Men eg kan merkje han til deg», sa han. Ja, det kunne han gjere, men det måtte ikkje vere slik at det gjekk på livet laust. Same dagen miste grannen eine auga. Han var merkt.
Vedløyse og torvstikking, uteslåttar og tangskjering
Sjølv på dei gardar og bruk som hadde skog vart det skore brenntorv for å spare. Den staden der dette enno er synleg er i myra over Gjytten (Opp i torvmyra), og der vart det skore brenntorv til etter krigen, ikkje rettare eg veit.
På 1960-talet stod der enno ein torvsjå att under ein hammar. Den siste som skar var så vidt eg veit han Gustav på Kvalvika. I myrane nord for Lonene var det óg strukturar som kunne tyde på torvstikking, så også i myrane sør mot Brotet. Det var ikkje berre tre som kunne føre til konfliktar, men også beiting og sanking i utmark. Det meste av slike rettar var nedfelt i dokument, men dei var ikkje så lette å få hand så til kvardags, og langt frå alle var «brevsynte», som ein sa. Det var alle dei avtalane og lovnadane som var gjort der og då, og som berre den eine parten hugsa. Mellom Gamlebøen og Ura hadde det vore usemje om lyngskjering og det så pass at det visst var nære på at dei hadde brukt sigden på kvarandre.
Utmarksslåttar var det óg ein del av. Var det ein holme, ei skor eller slette med gras, så vart det slege. Den garden som dreiv lengst med utslått var Ura. Dei slo Lonene-holmane til fram på 1960 talet. Holmane låg så lågt at om det kom ei regnbye eller to så flaut graset bort. Så der måtte ein ta mange omsyn skulle ein få hausta. Ei tid hadde dei to hesjar nest nede i Futelida og ei lita utløe (Det skal ha vore i ho Juditta og han Matias si tid). I min barndom låg det att eit par svillestokkar av den utløa. Den tid løa var i bruk skulle dei ha slege Slokemyra og ein stad inne i dalen. Den tid eg hugsar bar dei rågras-børene frå Lonene og heim på Ura. Det er kring 2 km fram og attende. Det var dyre strå.
Tang vart og skore til beist, men det er så vidt eg kan hugse i at det vart brukt. Av dei stader eg veit det vart skore tang til fôr er Vågen, Løype, Kvia og Ura, Det vart óg nokre gonger skore tang som vart levert i Gunhildvågen i Florø. Eg trur det var han Agnar Faye som stod for det, i alle høve var det Vikagavlen dei brukte til føring. Eg hugsar vi sto på skuleplassen på Ura og såg den tunglasta gavlen på veg ut vika. Det må ha vore kring 1962.
«No kan du gå inn og seie til mor di at ho kan berre daue»
Ho Maria på Løype var nok ikkje av dei mildaste, men ho hadde óg røynt sitt. Når eg skulle til sjøen for å hente posten var eg ofte inne hjå henne i kårstova på Løype, ho hadde største rommet i huset for seg sjølv. Ho bydde på kamferdrops og ville vite nytt. Det var ingen som fortalde ho det slag, meinte ho. Eg hadde ikkje så mykje å by på eg heller i så måte, men ho kunne fortelje.
Kor det gjekk føre seg veit eg ikkje, men emne likkiste vart i alle høve ein gong nemnd. Då fortalde ho at i hennar tid så skaffa ein slikt til veges sjølv kring om på gardane. Ho fortalde at mora hadde vorte bråsjuk og låg og talmast, så det nok var på siste tida, Faren stod på tunet og telgde til bord og gjorde til kiste. Då han var ferdig sa han: «No kan du gå inn te hinne mor di og sei at no kan ho berre daue, for no er kista hinnar ferdige». «Eg so gjorde, men ho mor livna no til att den gongen», fortalde Maria på Løype.

Den framande. Databilete av Fridtjov Urdal.
Den framande i Seljestokken
Dette skulle vere noko som hende eit av dei fyrste åra etter at det gamle huset (no rive) i Seljestokken var bygt. Det sat to, tre karar ute på trappa. Det var klåre dagen, då ser dei ein mann kome opp sjøvegen. Dette tykte dei var underleg, for dei hadde ikkje sett at der kom båt. Ikkje kjende dei mannen heller, og ikkje verka det som han brydde seg med dei heller endå dei både helste og tala til. Den framande gjekk inn i kjellaren. Dei for etter, for å sjå kven dette var, men der var ingen å finne.
Han Pitter måtte under jord
Han Peder, som budde på det dei kalla Pitterplassen, gjekk for å vera svært ovtruen. Ei tid hadde han vore så ille plaga av verk at han var mest ikkje god til å arbeide. Han var sikker på at det var einkvan som hadde sett ilt på han. Sjølv trudde han at det var ei som heite Samelina, som han visst hadde eitkvart uoppgjort med.

Pitter bøtte seg for torv. Databilete laga av Fridtjov Urdal.
Men Peder visste råd for slikt. Han måtte under jord, då ville trollskapen sleppe og gå attende på den som hadde sendt den i veg. Det gjorde han på følgjande vis: Han skar opp ei torvremse, som var hengande jordfast i båe endar, og så smaug han seg under. Han Nils i Seljestokken, son hans Karnils, hadde kome på Peder då han nett var ferdig. Då vart Pitteren rykande sint. «Hadde du kome på meg før eg var ute på hi sida, so kunne eg ha vore daude no», let han om. Det var såleis på ingen måte ufarleg å gjere slik. Korleis det gjekk med ho som heite Samelina veit eg ikkje.
Blått lys i Breivika
I min barndom var det ein viss omgang mellom oss på Kvia og dei i Breivika. Eg minst at ho Kristi var på vitjing to gonger. Det var moro, for ho og bestemor mi hadde mykje å prate om frå gamle dagar. Mellom anna det at det skulle ha vore einkvan i Breivika som kom vekk/drukna. Kven, kvar og når veit eg ikkje, det feste seg ikkje i minne.
Det som var verdt å hugse var det som vart fortalt hadde hendt rett føreåt. Då hadde dei i Breivika sett eit blått blafrande lys, som tre gonger hadde kome opp frå støa og opp mot tunet før det slokna. Dei hadde skjønt at det ikkje var noko godt varsel, og det var det heller ikkje.
Den utrygge senga i gamlebua i Husefest
I Husefest er det gamal busetnad. Han Torvald fortalde at han hadde talt 17 husgrunnar der på bruket sitt. Der var heller ikkje heilt fritt for mystikk. Eit var no at dei fortalde at han gamle Thore hadde kome att i skapnad av ein skotfri rev. Eit anna var at det i tunet sto ei gammal bu, der det i andre høgda var ei seng som ingen fekk ligge i. Dei som prøvde enda heller ublidt fram på golvet.
Det var både kvern og sag i Husefest, og folk reiste dit for å male korn, for det skulle vere ei svært god kvern. Det var mange ut på Frøyalandet som reiste til Husefest for å male hjå han gamle Thore og seinare hjå sonen, han Hans i Husefest. Der kunne dei nattestid sjå at det lyste frå kverna og ein kunne høyre lyd av kvennagong endå der ikkje var folk som mol. Det var eit sikkert teikn på at no skulle der kome rikeleg kvennavatn. Dei sa då at no var det dei underjordiske som mol.
Dei underjoriske i Husefest gjer óg til at huset i søre tunet står der det no gjer. Det var meininga at det skulle stått lenger opp i bakken, men det kom ein framand kar til han Anders (namn usikkert) Han sa at «reiser du hus der du har tenkt så byggjer du oss til meins, og sjeldan er den til vens som er ein til meins. Men byggjer du annan stad, så skal ikkje vøre deg eld elle vete». Det var óg sagt at det budde underjordiske i ein stor stein inn med Husefestvatnet og støa si hadde dei i Jektevika.
Husefestarane miste plassen sin i kyrkja
I grålskyrkja (kyrkja på Grotle) hadde alle gardane i soknet faste benkar og det var halde for ei grov fornærming om nokon tok plassen deira. Denne ordninga med faste benkjer var komen ut or bruk då den nye kyrkja på Frøyalandet kom i bruk i 1865. Då husefestarane kom til nyekyrkja så fann dei ikkje plassane sine. Dei hamna lenger attom og ned med døra i kyrkja enn dei tykte rett var.
Dei klaga på dette til sokneprest Koren, som meinte at det ikkje var noko han kunne gjere i så måte. Husefestarane vart ikkje åleine om klagemålet, både botningar, sørgularar, myklebustarar og indre- og ytrehusingar var arge. Koren måtte minne dei ilske sokneborna på at det ikkje var plassen i kyrkja, men i himmelen, som var hovudsaka. Denne historia fekk eg frå to kjelder i Bremanger: Amanda Igland og Alf Torvanger.
Ho hadde greie på mangt ho Gunnhild Thorsdatter f 1865
Ho Gunnhild på Solberg var av dei som var nyttige i bygda. Ho hadde greie på både folk og fe. Der var ofte ei slik i ei bygd, ei som visste meir en hine. Her var det ho Gunnhild. Det var henne dei gjekk til når det var noko som stod på, anten det no var folk eller beist. Ho hadde greie på kva planter som hjelpte mot ymse sjukdomar, ho kunne lækje sår og spjelke brot.
Plantene som skulle brukast til læking måtte samlast ved solsnu, eller helst jonsoknatta, då hadde dei størst kraft. Gunnhild skulle ha lært dette hjå mor si, ho Kristi, som kom frå Kvinnherad og var gift med han Gamle Thore i Husefest.
Dr. Skridshol på Florene skulle ha sagt det om ho Gunnhild at dei kunne trygt gå til henne, for ho gjorde ikkje meir enn ho visste. Dottera henna Gunnhild, ho Sigrun Solberg, skulle og vere flink med dyr, men så vidt eg veit og har høyrt, så prøvde ho seg ikkje på folk.
Lyset på Olaskjeret
Det vart fortalt at dei stundom såg eit lys på Olaskjeret, som ikkje kunne vere tå folk. Dei meinte det måtte vere attegongarar frå eit forlis som skulle ha hendt der i gamle dagar.
Ein av amtsbåtane helt på å renne seg opp der, dei kom frå Smørhamn og styrde etter eit lys som dei trudde var lykta på Lyktehogen i Seljestokken. Når ein såg lyset på Olaskjeret så visste ein at det vart verforandring i vente – til uver.
Kven var det dei segla etter?
Der var eit båtlag som skulle frå Frøyalandet og inn til Husefest. Dei fekk uver på seg i Frøysjøen, vind og snøtjukke, så dei såg ikkje hand for seg. Etter ei stund visste dei ikkje kvar dei var og var redde for å segle seg på land. Då fekk dei sjå som ein skugge av ein båt med folk om bord. Dei ropte for å gje seg til kjenne, men der var ikkje svar å få.
Det vart likevel til at dei freista halde fylgje med den framande båten, i von om at dei visste både kor dei var og kvar dei skulle. Dei merka på sjøen at dei var nær opp under land. Dei svinga om eit nes og kom i livd. Då letta snøveret og dei låg inne på Jektevikja i Husefest. Men den hin båten såg dei ikkje noko til, og den vart heller aldri spurd. Dette skulle ha hendt ein gong kring 1860.

Ei ferd frå Seljestokken til Ålesund og attende. Kva han Thor i Seljestokken fortalde:
Han far hadde ein galeas som heite «Vandringsmannen», som dei dreiv fraktfart med og stundom leigde ut som losjement for større notlag. Det året eg hadde gått for presten skulle eg vere med på tur og det var berre eg og han Karsten på Kvalvika som var mannskap. Det var ei kjende sak at han Karsten låg under for drikk, så han far sytte nok litt med å sende meg av stad med han.
Han Karsten hadde lova på tru og ære at han ikkje skulle røre det sterke. Det gjekk godt opp til Ålesund og vi fekk gjort det som gjerast skulle. Då vi var ferdige og skulle ned att så styrde han Karsten båten til vi var komne ut forbi Godøya, og kunne setje kursen vest og sør. Då fekk eg beskjed om att no fekk eg passe roret for no ville han ha seg kaffi. Men han kom ikkje att, og då eg var komen så langt at vi hadde Runde om babord og Stadten i sikte, tykte eg at det måtte vere måte på kaffidrikking.
Så eg fann å måtte sjå etter han og gløtte ned skaileit (glugge på rufftaket som sleppte lys ned i lugaren). Der såg eg koppen på bordet og framunder bordet stakk der eit par støvlar. Der låg han aldes dauddrukken på dørken. Eg fekk baksa han opp i ein benk og fekk av han dei fullepissa støvlane, så var det ikkje meir å gjere enn å gå oppatt og styre sørover. Heldigvis var det sommarsdagen med godver og stødig nordavind, så det gjekk rimeleg radig sørover.
Ukjend som eg var fann eg det tryggast å halde langt vest og klar av land. Han Karsten såg eg ikkje meir til før vi var komne inn sør om Kalvåg. Det var i kveldinga, andre dagen etter at vi reiste frå Ålesund. Der vart vi liggande å drive i damstilla. Eg kunne sjå heim, og på morgonen hadde dei sett oss heimanfrå og kom ut og fekk slepa oss inn på Vågen.
Eg veit at eg prøvde å lyge så han Karsten skulle kome i frå det, for han var i mangt ein bra mann, men han far fekk no greie på tilburen (hendinga) likevel. Eg trur ikkje han Karsten førde «Vandringsmannen» etter den turen, fortalde han Thor i Seljestokken.
Kva Anna og Nils fortalde om omgangsskulen på 1880-talet
(Anna på Kvia og Nils Korneliussen var sysken. Anna var bestemor til Fridtjov).
Det var ikkje alle gardar der dei hadde rom til å ta i mot skulen. Der vart halde skule på følgjande stader etter det eg har høyrt fortalt: I Sundet der han Martin budde, på Ura, sameleis på Kvalvika og i Seljestokken. Beste staden var Vågen, der var det stor, nybygd stove og lyst.
Den tid var folk vande med å gå lange vegar, anten det no var ungar eller vaksne. Men det var eit hinder som kunne vere fårleg, og det var elva frå det dei den gongen kalla Kviavatnet og ned til Saga. Der var det inga bru, så der var det å hoppe på sleipe steinar, eller krype på dei rotne stokkane i demma i osen av vatnet. Stundom, når elva gjekk stor, så hende det at dei på Ura rodde ungane inn i Vågen.
Lærekreftene var nok så som så. Dei lærde å lese, men det var det ein god del som hadde lært heime før dei byrja på skulen. Rekning var pluss, minus, gange og dele. Brøk torde ikkje læraren seg på. Elles lærde dei bibelsoge og katekisme, så dei skulle vere vel budde til dei skulle gå for presten.
Sjølve læreprosessen kunne vere brutal, særleg for dei som ikkje hadde så lett for å ta til seg lærdom. Lærarane hadde ofte stor tru på at det ein ikkje lærde med det gode, det fekk ein lære med det vonde. Ein var, med god grunn, så redd læraren att han pissa seg ut. Då tok læraren og braut han i hop og kneka han godt ned i væta, medan han fortalde dei hine elevane for ein stakkarsleg ålmåse han var.
Men då hadde læraren forrekna seg, for han Henrik i Vågen (det var i vågastova dette hende) tok læraren føre seg og lova at om dette hende ein gong til, så skulle han syrgje føre at han ikkje kom innom dørene meir, og at han kom til å sende klage til presten for slik framferd. Læraren skulle ha vorte merkande spakare etter det.
Dei som budde i den store steinen
På vegen mellom Sunnervåg og Kvalvika ligg der ei stor flytteblokk. Der budde dei underjordiske i gamal tid. Det vart ikkje rekna for heilt trygt å gå framom der i mørkna. Han Nils fortalde at det kunne kome ei tyngsle over folk der, nett som noko hadde lagt ei bør på dei. Då måtte ein lese Fadervår eller kome seg inn på pløgd mark (åker). Der hadde ikkje dei underjordiske makt lenger.
Fridtjov Urdal januar 2023.
Det er stor interesse for kurs i turrmuring i Botnane med gråsteinsmurar Haakon Aase, frå Holsnøy. Fyrst melde 23 seg interesserte og etter bindande påmelding er det 19 som vil vere med. Det blir to kurs, eit frå 17. til 19.august og det andre frå 14. til 16.september. Det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs. Den ledige plassen er på kurset i september.
På kurset i august har tre kvinner og sju menn meldt seg på, medan det er fem kvinner og fire menn som er påmelde i september. Kvart kurs kostar 20.000 kroner. Grendalaget søkjer om tilskot til kursa og reknar med at kursavgifta ikkje vert høgare enn 1000 kroner pr. deltakar.

Haakon Aase i aksjon som kurshaldar. Privat foto.
Kursa byrjar torsdag kveld med to-tre timar med teori, og brukar heile fredag og laurdag til muring. I samarbeid med Haakon Aase vert det på førehand valt kva/kvar vi skal mure. Det kan vere reparasjon av gamle steingardar, påskøyting av murar, nye murar og bakkemurar, osv. Det er ikkje snakk om «øvingsmurar», men arbeid som skal stå for ettertida.
Det var bindande påmelding innan 22. februar, så informasjonen nedanfor er frå før den var gjennomført.
For at alle skal få mura er det best med 8-10 personar pr kurs. Kvart kurs kostar kr. 20.000. Botnane og Årebrot grendalag er glade for den store interessa og skal prøve å skaffe pengar til to kurs. Difor må vi no ha bindande påmelding til desse to alternativa; Torsdag 17. til laurdag 19. august eller torsdag 14. til laurdag 16. september. Bindande påmelding innan 22. februar. Påmelding til magni.ovrebotten@gmail.com, mobil 970 55201. Skriv namn, adresse og mobilnummer på kvar påmelde og kva datoar de kan gå på kurs. Dei som treng overnatting må de gje beskjed om det.
Vi treng tid til å skaffe oss finansiering og ser vekk frå mai som ein aktuell kursmånad, på grunn av mange helgedagar, konfirmasjonar og dugnadar. I juni driv kurshaldaren slåttonn og i juli er det ferie for mange. Difor landa vi på august og september som kursmånadar, og håpar at veret er på vår side og at hjortejegarane ser stort på at dei siste datoane er i hjortejakta.
Mat og overnatting
Grendalaget kjem til å lage til fellesmåltid i Botnane grendahus dei to kursdagane, der deltakarane kan få kjøpt seg mat. Når vi veit kor mange som eventuelt treng overnatting formidlar vi kontakt med dei som driv med utleige i området.
Dei som får plass på kursa får direkte melding om det. Og vi vil gje oppdateringar om kursa på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag, og heimesida www.botnane.no


