Botnane
  • Link to Facebook
  • Heim
  • Aktuelt
  • Diktarstien
  • Næringsliv
  • Turar
  • Om oss
  • Utleige
  • Historikk
  • Arkiv
  • Gravrøysene
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Arkiv

Innkalling og sakspapir til årsmøte i Årebrot grendahus PL

Innkalling til årsmøte 2021 i Årebrot grendahus PL

ProtokollÅrebrotGrendahus_Signert_des-2020 (1)

vedtekter_årebrot_grendahus_BAvedtekter_årebrot_grendahus_BA

Årsmelding for 2020 Årebrot Grendahus

8. september 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-09-08 18:40:262021-09-25 22:39:55Innkalling og sakspapir til årsmøte i Årebrot grendahus PL
Aktuelt, Arkiv

– Er ikkje borna våre like verdfulle som born i tettbygde strok?

Småbarnsforeldra John Magne Sande og Kjersti Straume snakkar med borna om å passe seg for trafikken kvar dag.

Frå 50-sona på Myklebust til Årebrot er det 80 km fartsgrense på Frøysjøvegen, trass i at vegen er nedkøyrd, svingete og går gjennom mange tun. Botnane og Årebrot grendalag søkte for nokre år sidan Vegvesenet om å få 60 km gjennom Botnane, men fekk avslag. Det var for få avkjøyrsler og for lite folk til at Vegvesenet ville senke farten. – Er ikkje borna våre like verdfulle som born i tettbygde strok, spør småbarnsforeldra i Botnane.

– Mellom Sørgulen og Botnane er det kanskje vegstandard til å køyre i 60 km. Men her i bygda er vegen bygd med hakke og spade som krisearbeid, og har knapt standard til det. Likevel susar bilane forbi her i 80 km og stundom meir, seier John Magne Sande (38). Han og familien bur i det fyrste tunet du kjem til i Botnane. Dei tre tuna i Sletten har trafikken mest heilt opp i husnova.

– Vi ser borna våre djupt inn i augene kvar dag og minner dei om at dei ikkje må gå ned i vegen, seier Kjersti Straume (37), sambuaren til Sande. Fyrst vart det drege ein raud strek i tunet, som dei ikkje måtte gå over. Men det vart for mange strekar å forholde seg til, no er det den kvite stripa dei må stoppe for. – Borna våre er så små at vi må vere ute med dei heile tida, men dei skal vekse opp her og kunne leike seg ute utan å risikere å bli ihelkjøyrde, seier Straume.

Hjå familien Sande/Straume prøvde dei fyrst med ein raud strek borna ikkje måtte gå over. Men no gjeld det å stoppe før den kvite streken, for her kjem bilane fort på begge vegar.

Lokalkjende tek omsyn

Dei understrekar at folk som er lokalkjende jamt over er flinke til å ta omsyn, dei veit kva tun det er ungar i. – Men det er nokre som køyrer faste ruter her som kostar forbi utan at det ser ut til at dei tenkjer på det, seier John Magne. Det var ekstra gale den tid det vart køyrd stein og sand frå steinbrotet i Seljestokken til vindkraftanlegget på Guleslettene.

– Då vart fleire bilar tekne med 20 tonn overlast og du kan tenke deg kva bremselengde ein slik bil vil ha, seier han og grøssar. Han prøvde å ta farten opp med selskapet som køyrde stein. – Men då fekk eg passet mitt påskrive. Eg vart kjefta opp med beskjed om å passe på ungane mine sjølv, dei køyrde stein. Rett nok køyrde dei litt forsiktig eit par dagar etterpå, men så var det full pining att, seier han.

Dei har sett opp skilt om at barn leikar og gjort syklar og leiketraktorar godt synlege, men det har ingen verknad. – Eg vert ganske motlaus når folk ikkje bryr seg om at her bur barn, seier Kjersti.

– Nokon bryr seg korkje om folk eller fe, dei skal berre køyre så fort dei vil. Far min driv med utegangarkyr, som beitar langs vegen nord i stranda, og vi må avlive stadig fleire som vert påkøyrde, seier John Magne. Han meiner det hadde vore nyttig med ei trafikkteljing, for både privat- og tungtrafikken er større enn ein vil tru. – Her er mykje trafikk av folk som pendlar inn og ut på arbeid og oppdrag til verksemdene i området. Men uansett må liv vere like mykje verd utanfor sentrale strok, og siktlinjer og vegstandard må vere viktigare enn kor mange avkøyrsler det er på ein veg, seier John Magne Sande.

Med hjarte i halsen

Ingrid Bruflot (68) er nærmaste nabo til familien Sande/Straume. Ho er bestemor og oldemor med mykje besøk av barn i ulike aldrar. – Eg sit med hjarte i halsen mange gonger. Når du ser kva fartsgrenser det er andre stader burde den ha vore maks 60 km her. Det er stadig bilar som kvin forbi og eg ser dei berre som ein strek.

Ho har prøvd seg både med skilt og tilsnakk, men det mest effektive var eit fugleskremsel døtrene hennar sette ned mot vegen, i redningsvest og caps. Det hjelpte ei stund, men så vart det ein vane og farten tok seg opp att gjennom eit tun der det ikkje er fri sikt i noko retning.

Eit heimelaga «kamera» var det mest effektive tiltaket for å få ned farten, fortel Bjørg Kleiven.

– Etter tungtrafikken mellom steinbrotet og Guleslettene er vegen så nedkøyrd at det går ikkje an. Han hallar alle vegar, ja, det er vanskeleg sjølv å gå på han. Når eg syklar lang vegen må eg gå av sykkelen når det kjem bilar, elles vert eg teken av dragsuget og den ujamne vegen. Dei kan ikkje ha undersøkt noko om kvaliteten på vegen dei som avslo 60 km-sone i Botnane, seier Ingrid Bruflot.

Dei tenkjer ikkje på konsekvensane

Bjørg Kleiven (41) har fostra opp fire barn i det tredje tunet i Sletten og minnest mange stygge episodar i trafikken fram gjennom åra. – Ein gong var vi samla tre familiar her til grilling i tunet, og 10 ungar frå 7-8 år og nedover leika rundt oss. Vi sat og grilla og høyrde det kom ein bil, men vi fekk ikkje med oss anna enn fargen på han i det han kosta forbi i ein himla fart. Hadde det vore ein eller fleire ungar i vegen då hadde det gått gale. Eg trur ikkje dei som køyrer rasfort tenkjer på konsekvensane.

– Borna fekk ikkje lov til å gå på vegen og kunne ikkje vere ute å leike åleine. Jentene hadde hestar og når dei var ute og rei på vegen var eg livredd for at dei skulle møte ein bil i 80 km. Det vart lite riding på den måten og det var ikkje kjekt for borna, seier Bjørg.

Ho meiner bygdefolket og dei som er her på tur køyrer skapleg. Men dei som ikkje kjenner nokon her, men kjenner vegen fordi dei har køyrt her ofte, er dei verste til å køyre fort.
– Det mest effektive tiltaket vi har hatt for å få ned farten var då son min laga eit slags «kamera» og sette det opp ved steingarden. Det var veldig effektivt i starten, mykje meir enn skilta om at barn leikar. Stundom virkar det som dei køyrande ikkje trur det bur folk her, seier Kleiven, som likevel trur at ei 60-sone gjennom bygda ville bli respektert av dei fleste.

Avslag på skilt om «Gardstun»

Bjørg Kleiven prøvde å få Vegvesenet med på å sette opp skilt med «Gardstun», men fekk avslag fordi hus og løe må ligge på kvar si side av vegen for å få godkjent eit slikt skilt. Husa ligg samla i tunet i Sletten.  – På Frøysjøvegen er det gardstun-skilt i Mulelida og i Seljestokken, men hus og løe ligg på same sida av vegen der også, så eg skjønar ikkje argumentasjonen når vi fekk avslag her, seier Kleiven.

Det er sett opp skilt om at «Barn leikar» fleire stader i bygda, men foreldra har ikkje inntrykk av at bilistane bryr seg om skilta.

 

Torleif Seljestokken (69) fortel at det var far hans Norvald som fekk Vegvesenet med på å sette opp eit skilt med «Gardstun» i Seljestokken. Han meiner det kom opp ikkje så lenge etter at vegen nordover vart opna i 1993, og at grunngjevinga var at gamlehuset låg nær vegen og den strake vegstrekninga innbaud til stor fart. – Men den gongen var det mest lokale trafikantar. I dag er det mykje meir trafikk generelt og mange framande trafikantar som ikkje er kjende, som køyrer både tungtransport og privatbil og ofte tykkjest å ha dårleg tid etter farten å døme, seier Torleif Seljestokken.

Jens Anders Sunde Midtbø og familien bur i Myrane i Sørbotten. Der er det uoversiktleg veg til resten av Sørbotten og bilane kjem i stor fart begge vegar. Det eldste barnet på bilete er på besøk.

«Ungane er på veg»  

I Myrane i Sørbotten er det eit lite bustadfelt der Linn Kristin Sørbotten (31) og Jens Anders Sunde Midtbø (41) bur saman med dei to borna sine på fem og seks år. Huset deira ligg ikkje heilt inn i fylkesvegen, men vegen er uoversiktleg og mange køyrer fort forbi.

– No er ungane så store at dei får lov til å gå på vegen ut til mamma, men eg ringjer henne alltid og seier at «Ungane er på veg», seier Linn Kristin Sørbotten. Ho har sjølv vakse opp i Runnane i Sørbotten, men under heilt andre trafikkforhold. – I dag kjem bilane i full fart opp over Håjen og «landar» inne i Runnane. Der er det rett i vegen frå tunet, seier Linn Kristin.

–  Vi har sett opp skilt med «Barn leikar», men det ser mest ut til at folk tenkjer at er det 80 km så køyrer vi i 80. Dei lokalkjende køyrer rolegare, men ulike firmabilar, posten og større bilar, feiar gjennom bygda. Dei verste er dei som tykkjer det «helsikes langt» ut her og køyrer tilsvarande fort. Det er mange bremsespor i vegen, seier Jens Anders.

Når dei har besøk av folk utanfrå, som er vane med rolege gater med låg fartsgrense, må dei passe ekstra på ungane og dei vaksne kan ikkje forstå at det kan vere 80 km fartsgrense her. Dei må nekte ungane å leike i ei lita elv ved vegen, for det er for uoversiktleg og farleg.  Det hadde hjelpt litt om Vegvesenet var meir opptekne av å ta vekk tre og kratt enn småblomar langs vegen, seier dei og held fram med å kjempe for lys langs vegen. Om vinteren er det kolande mørkt, og det kombinert med stor fart på bilane gjer at dei ofte kjenner seg utrygge.

Dei opplever at trafikken har auka mykje berre i sommar, både med bilar og folk som syklar gjennom bygda. – Det er eit utruleg sug etter stor lastebilar når du går og og syklar etter vegen. Små ungar misser lett balansen og det trur eg vaksne folk også gjer på denne nedkøyrde og ujamne vegen, seier Linn Kristin. Ho fortel at når ungane skulle lære seg å sykle med støttehjul, så er vegen så nedkøyrd at støttehjula ikkje tok nedi.

 

Det kan vere freistande å leike i vegen og foreldra må passe ekstra på når dei har besøk av barn som er vane med rolege gater med låg fart.

Burde ha fiksa vegen etter seg

– Det seier seg sjølv at ein veg som er bygd med handmakt ikkje er dimensjonert for slik trafikk som her er no. Etter alle lastebillassa frå Seljestokken til Guleslettene er han rett og slett totalt nedkøyrd. Dei burde ha måtta fiksa vegen etter seg, men det var det vel ingen som tenkte på å ta med i vilkåra då Guleslettene vart godkjende? seier Jens Anders.

Han køyrer sjølv lastebil og fortel at det er god oversikt frå høgt oppe i ein lastebil. – Men ein må ta omsyn til farten. Det er 50-60 tonn du skal stoppe og det stoppar du ikkje på meteren. Det er ingen stader her der det er forsvarleg å køyre i 80 km i timen. Eg trur mange tenkjer at det er så få folk her at dei berre kan peise på, utan å tenkje på konsekvensane. Men eit liv her er like mykje verd som andre stader skulle ein tru? spør småbarnsfaren Jens Anders Sunde Midtbø.

Intervju 7. og 8. august 2021. Magni Øvrebotten.

8. september 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-09-08 18:14:452022-01-04 15:19:31– Er ikkje borna våre like verdfulle som born i tettbygde strok?
Aktuelt, Ukategorisert

Fiber/breiband i Botnane og på Årebrot neste år?

Fiberkabel kjem på land i Botnane, og det er lagt kabel vidare nordover. Men ikkje innover i Botnane. Kommunen lovar at det skal kome, truleg i 2022. Foto: Marion Van Eck Ederveen.

 

I det siste er det lagt kabel frå ein sentral i Botnane for å gje fiber til bygdene nordover, til Gulestø, Sørgulen og vidare. Mange har med rette spurt om kvifor ikkje Botnane får når det alt er fiber fram til ein sentral i bygda. Grunnen er at Botnane ikkje var med då Bremanger kommune for eit par år sidan søkte om midlar for å få fiber/breiband. Men no lovar både ordføraren, Anne Kristin Førde og næringssjefen, Karl Vidar Førde at dei områda som ikkje er med no vil få, kanhende neste år. Ordføraren håpar at dei siste områda utan breiband/fiber vert sendt ut på anbod i haust, slik at det kan verte lagt inn i budsjettet for 2022.

Det vil vere på høg tid! Koparnettet er kutta og fleire i Botnane har gått over på mobilt breiband. Men med dårleg mobildekning er det langt frå tilfredstillande, korkje for private eller settefiskanlegget. Grendalaget vil stå på for at fiber/breiband kjem på plass så snart som råd!

Og kva med Årebrot? Kinn kommune har Årebrot med på lista over prioritert bygder som skal få breiband/fiber i perioden frå i år til 2025, i følgje eit oppslag i Firdaposten tidlegare i sommar. Kommunen har fått midlar frå fylkeskommunen og har sjølv sett av midlar i budsjett- og handlingsplanen dei neste fire åra! Grendalaget vil også følgje med her – og gjere sitt til at det kjem på plass så snart som mogleg.

25. august 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-08-25 17:01:402021-08-25 17:01:40Fiber/breiband i Botnane og på Årebrot neste år?
Aktuelt, Arkiv

Gravplassen fortel bygda si historie

Det er fjerna mange gravminne i naturstein frå den gamle delen av gravplassen i Botnane dei seinare åra, og til færre steinar til lettare er det å slå.

– Gravstaden i Botnane er framleis ein fin og fredeleg plass, med graver som er fint stelte. Men det er noko som manglar. Her var langt fleire gravminne, busker og blomar fyrste gongen eg var her enn no. Det ser ut til at lettstelt plen er viktigare enn bygda si historie. Men ein gravstad er meir enn ein arbeidsplass, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten. Ho har bakgrunn som kyrkjeverge i Birkenes kommune i Agder (2002-18) og har vore på besøk til Botnane fleire gonger etter at ho gifta seg med den historieinteresserte Vidar Sørbotten. Far hans, Ulrik Sørbotten, vaks opp i Botnane.

– Det er bygda si historie som ligg her. Det er her eg kan «møte» forfedrane mine. Ein konkret plass, der eg finn namn og datoar om dei eg har høyrt om, og kan oppdage dei eg ikkje har høyrt om, seier Vidar Sørbotten. Han vart opprørt då kyrkjekontoret ville fjerne grava til ein farbror som døydde som småbarn. – Eg hadde ikkje høyrt om denne onkel Arthur før eg kom hit og oppdaga at far min hadde ein bror han aldri snakka om. Då var vi nokre syskenbarn som gjekk saman om å ordne stein på grava til denne onkelen vår.

Mai Liss Hellingsæther Sørbotten seier at dette er eitt av mange døme på kva historier ein gravstad kan fortelje. Vidar si familiehistorie omfattar også drukningsulukka i 1934, då farmor hans, Maria Sørbotten, var ei av dei tre som drukna ved Opnarhella på veg til gravferd i Husefest. På gravstaden i Botnane ligg dei gravlagde både han dei skulle i gravferd til, dei tre som drukna og dei tre som overlevde og vart gamle folk.

– Kva fortel gravstaden i Botnane det tidlegare kyrkjeverget, Mai Liss?

– Han syner meg at her har slektene lege sidan år 1900. Eg kan sjå at nokon døydde tidleg, noko som var meir vanleg før. Fleire drukna, men det står ingenting om spesielle hendingar på steinane. Det ville det kanskje gjort i dag. Det som var meir vanleg før var at dei hadde tittlar på gravsteinane, særleg dei med «fine» tittlar. Her har eg sett ein gravstein der det står «poståpner», elles er det ingen tittlar. Det kan fortelje om eit nokså jamstilt samfunn, eller at det ikkje var god tone å stikke seg fram slik. No er det få særprega og høgreiste gravminne att, men dei kan vere fjerna? Det er rart at her ikkje er eit einaste kors av jern eller steinar med engel eller fugl på toppen av steinen. Nokon hadde berre ein enkel naturstein. Gravsteinane er prega av tidas mote som alt anna, og dette mangfoldet er spennande å sjå og viktig å ta vare på.

Gravminne frå ulike tidsepokar er også ein del av gamle gravplassar og viktig å ta vare på, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

– Det er feil at alt skal forenklast og forsimplast. Framtidige generasjonar skal også ha noko å kome til som fortel ei historie, skyt Vidar inn. Han syner til at gravrøysene i Botnane, frå 1700 f. Kr til 500 e. Kr. no er merka som dei fremste fortidsminna i landet frå bronsealderen, medan graver frå dei siste 120 åra vert fjerna fordi ingen betalar for dei og for å gjere det lettare å slå gravplassen med maskin.

– Tenk om forfedrane våre hadde vore like historielause, då hadde her ikkje vore gravrøyser å merke. Men fordi dei fekk ligge i fred fortel dei no historia om bygda langt attende i tid, mykje lenger enn vi visste om, seier Vidar Sørbotten.

Råd å ta vare på

– Det er mogeleg å ta vare på gamle graver om kyrkjekontoret vil det, men det er ulike kulturar for det. Der eg arbeidde hugsar eg at det var ei lita bygd der vi let gravstaden ligge som han var, fordi det var eit sterkt ynskje frå bygda. Biskopen var på visitas og ville sjå denne gravplassen som ligg på ein haug ved ei elv. Så vakker gravplass hadde dei aldri sett før, og kom ikkje til å sjå heller, let han om. Men gravplassen hadde ikkje vore slik om vi ikkje hadde bestemt oss for å ta vare på han som ein liten bygdegravplass, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

– Må ikkje alle gravplassar forvaltast likt?

– Nei, det står ingen stad skrive at dei må det. Plassbehov er den einaste grunnen til å ta vekk graver og det behovet finst ikkje i Botnane. Gravplassar i Botnane og Oslo treng ikkje forvaltast likt. Om dei vil kan kyrkjekontoret i Bremanger lage ein forvaltningsplan og seie at gravstaden i Botnane skal stå som han er. Det er heller ikkje eit argument at graver er fjerna i stor stil ved andre gravplassar i kommunen. Det kan tvert om vere ein grunn til å la vere her, slik at noko av det gamle blir teke vare på.

Dette er grava til Harald Sørbotten som drukna saman med farmora til Vidar Sørbotten og ei kvinne til i 1934. «Herrens vegar er undarlege», står det på steinen.

– Men kyrkjekontoret er ansvarleg for at gravsteinar ikkje kan velte over på nokon, og sit då med heile ansvaret?

– Det formelle ansvaret ligg hjå festaren av grava, men i 2003 var det ei ulukke med ein stein som velta i Trondheim. Då tok KA (Kyrkjeleg arbeidsgjevarorganisasjon) ein aksjon for å få bolta steinar rundt om på gravplassane i heile landet. I Birkenes kommune leigde vi inn eit steinhoggeri til å feste alle steinane, med to boltar. Eg sende rekning der det var nokon å sende rekning til, dei andre gravsteinane freda vi. Vi tok ein pris som gjorde at det jamna seg ut, 500 kr. for ein stor stein og 300 kr for ein liten. Vi opplevde at folk var glade for at det vart gjort.

– Er det ulik praksis frå kommune til kommune med ein eller to boltar i gravsteinen?

– I gravferdsforskriftene står det at det skal vere to boltar på kvar stein, for at dei skal vere sikra nok. Men i dag vert dei ofte sette opp med berre ein bolt for at dei skal svinge for slåmaskina. Det kan jo vere ein fordel for å unngå skade, men er ikkje i tråd med Gravferdslovas punkt om bolting (sjå heile ordlyden her under intervjuet).

Verna mange gravminne

– Forvaltinga og vedlikehaldet av gravstadane er noko av det mest interessante ved jobben som kyrkjeverge. Eg var også ute og jobba på gravstadane, mellom anna med å bolte gamle steinar. I mi tid som kyrkjeverge i Birkenes hadde vi ein gjennomgang av alle dei fem gravplassane i kommunen for å ta best mogeleg vare på dei. Gjennom det arbeidet fekk eg mange historier og kontakt med eldre folk som kunne fortelje om gravene. Vi vurderte om dei skulle takast vare på og vernast, eller ikkje.

– Kva grunngjeving var det for vern?

– Eg var med på å gje mange gamle gravminne vernestatus. Som til dømes gamle obeliskar og kors av jern med englar og andre symbol. Vi ynskte å la dei stå der dei hadde stått for å vise historia. Ein sjeldan gong hende det at vi trong ei ny grav der det var ei gamal, og då tok vi vekk den grava når det ikkje var etterkomarar til ho.

– Tok de også vare på graver det ikkje vart betalt for?

– Ja, vi dreiv detektivarbeid for å finne ut om folk ville ha dei. Det var eit gamalt manuelt gravregister, og utifrå det fann vi då etterkomarar. Hadde mest med steinen å gjere, meir enn person. Men det kunne også vere at det knytte seg spesielle historier til personen. Når vi hadde den prosessen kjende vi oss trygge på kva vi kunne gjere. Ein gong fjerna vi ein stein som skapte reaksjonar i bygda, og den sette vi attende.  Det var grava til splinten i Herefoss vi hadde teke vekk og det ville ikkje bygdefolket ha noko av. Det er viktig å ha respekt både for folk og historie, både i smått og stort, når ein forvaltar gravminne. Det er mange fleire enn vi trur som oppsøkjer gravplassar for å finne historia si, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

Intervju 23. juli 2021. Magni Øvrebotten.

Ordlyden i gravferdslova om bolting av gravminne:

§ 24. Sikring. Stående gravminne i stein skal festes til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tykke rustfrie bolter. Fundament skal ha en form og en størrelse som sikrer at gravminnet står stabilt og skal i bunnen ha en anleggsflate som er dobbelt så bred som gravminnets tykkelse. Fundamentet kan være opptil 10 cm lengre enn gravminnets bredde. Gravminne som er mer enn 60 cm høyt skal ha en fundamentdybde som utgjør minst 20 % av gravminnets høyde over bakken. Fundament skal ikke være synlig over bakken. Ved anlegg, utvidelse og vesentlig endring av gravplass kan det fastsettes særskilte bestemmelser for sikring av gravminner i vedtektene for gravplassen. Når særlige grunner tilsier det, kan kirkelig fellesråd i enkeltsaker skjerpe eller lempe kravene etter denne paragrafen.

23. august 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-08-23 14:58:122021-10-11 22:22:58Gravplassen fortel bygda si historie
Aktuelt, Arkiv

Attende i den gamle heimen

Utsikta frå altanen er hoggen fram att, i alle høve mot sjøen og skipsleia.

Randi og Sigbjørn Holsen er attende i lærarbustaden på Årebrot, som var heimen deira frå  1979 til 1985. – Det kjennest som å vinne i Lotto å få kjøpe dette huset til hytte, det var ei glede for heile familien, seier Randi Holsen. Ho trur dei kjem til å vere her meir enn dei tenkte då dei kjøpte huset i fjor haust. Her er fritt og roleg, og den fantastiske utsikta over sjøen og skipsleia er hoggen fram att or skogen som stod tett kring huset.   

Det er 45 år sidan dei kom til Årebrot fyrste gongen, med to små ungar, rett frå studietid i Bergen. Sigbjørn hadde fått jobb som lærar på Årebrot skule og dei skulle bu i det gamle skulehuset. Der var det smått med plass og ganske upraktisk for ein småbarnsfamilie. Randi hugsar at ho reiste på Flora og vaska kle hjå foreldra sine, det var enklast. Men dei hugsar best kor godt mottekne dei vart, kor naboane kring gamleskulen på Ura ville dei vel og prøvde å hjelpe dei til rettes.

– Det tok si tid for ei byjente som meg å lære den langtidsplanlegginga du må meistre for å bu der det ikkje er berre å springe i butikken om du manglar noko. Då var det å spørje Agnes eller Borghild om dei hadde det eg mangla, og det hadde dei som regel. Etter kvart lærde eg meg å skrive handleliste og kjøpe i stort, og i dag er eg glad for den lærdommen. Vi ringde på Combi og fekk varene sende med båten og henta vareøskja på kaia, fortel Randi.

Dei blir begge rørt når dei fortel om dei gamle sambygdingane sine og kva dei betydde for dei. – Ungane var veldig glade i han Paul, som hadde så mange historier å fortelje. Folket på Ura var som besteforeldre for oss. Vi gjekk tur nordover til Isak, Solveig og Kristi i Breivika, og sørover til Inger i Brotet. Og på vegen kunne vi gå innom til Bjarne og Helena, minnest Randi.

Ho hugsar godt den dagen dottera Cathrine var søkk vekk. Det var medan dei enno budde i gamleskulen. Naboane var med og leita og sjøen var det fyrste dei tenkte på. Alle vart meir og meir urolege etter kvart som tida gjekk. Det er då Borghild på Ura spør: – Ho har vel ikkje gått opp til ho Jenny?» Det var nett det jentungen hadde gjort. Der sat ho og las i Bibelen for ho Jenny. Det var ein god del born på Årebrot den gongen, men gamle folk var også spennande å vere i lag med.

Huset skifter farge frå brunt til grått. Det vart bygt som lærarbustad på Årebrot sist på 1970-talet.

Finn roa på Årebrot

Då dei kom til Årebrot i 1976 hadde skulen skifta lærar ofte. Det var seks elevar, ein på kvart klassetrinn. Sigbjørn var åleine lærar, men Randi hadde også nokre timar etter kvart. Dei brukar seie at eldstedottera Cathrine var 3,5 år då ho byrja på skulen, fordi mora måtte ha henne med seg når ho underviste. Det var god plass i klasserommet og jenta likte seg der, ho gjorde det same som dei andre.

– I dag ville ikkje seks elevar blitt sett på som «pedagogisk forsvarleg». Mange trur at små skular ikkje er gagn i, men det har kome mange glupingar frå små skular. Kva læremiljø som vert skapt avheng mykje av ånda i klassen, om dei er mange eller få, seier Sigbjørn engasjert.

Dei fekk med seg opninga av den nye skulen på Årebrot, i mai 1985, før dei flytta til Eikefjorden, der Sigbjørn kjem frå. Der har dei budd sidan. Det høvde å flytte då eldstejenta skulle byrje på ungdomsskulen. Men sjølv om dei flytta har dei halde kontakta med vener og kjende på Årebrot og i Seljestokken. 17. mai feirar dei i Eikefjorden på føremiddagen før dei set seg i bilen og køyrer til Årebrot.

– Det var ikkje 17.mai-fering på Årebrot då vi kom hit, dei som hadde ungar reiste for det meste til Florø. Ein vår meinte Borghild på Ura at det var så mange ungar på Årebrot at vi burde få til vår eiga 17.mai-feiring. Det var då eg lærde å lage rømmegraut av ho Agnes på Gamlebøen, fortel Randi.

– Korleis er det no å kome attende til Årebrot?

– Det er heilt vedunderleg, det er så godt og fritt. Det er lettare å puste her. Eg finn roa, seier Randi spontant.  Sigbjørn meiner at han har roa med seg. Men han er samd i at det er godt å vere her, dei høyrer og legg meir merke til dei lydane som er. Når dei høyrer måsen skrik og baksar går dei ut på altanen og ser ørna segle på vinden og luftstraumane. Dei får naturen nær innpå seg og likar det slik.

 

Utsikta frå sofaen i stova blir vidare til meir tre som vert saga ned.

Sigbjørn er 70 og Randi 68 år. Dei leiger seg hjelp til å sage ned tre og pusse opp huset. – Vi må ha tid til å kose oss og ikkje stresse, for det har ingen av oss godt av. Huset var i god stand, så det er målarkost og motorsag det har vore mest bruk for. Med på flyttelasset attende har dei same sofaen, dobbeltsenga, lampen og Thingnes-skåla (av keramikaren Svein Thingnes) som dei hadde då dei flytta herifrå i 1985. Dei høver godt til huset og sjølvfolket tykkjer det er viktig å ta vare på det som er brukande. Dei har også teke vare på venskapsband som vart knytte då dei budde her, så det er lett å kjenne seg heime att.

Betre samband, men færre folk

– Korleis har Årebrot forandra seg sidan de reiste i 1985?

– Det har grodd til og her er færre fastbuande enn då vi budde her. No er det mykje folk om sommaren og få om vinteren. Men det er lettare å kome både til og frå enn på 1980-talet, med veg og betre båtsamband, seier Sigbjørn Holsen.

Randi hugsar at ho var mot «hyttifiseringa» av Årebrot då ho budde her, ho ynskte fastbuande som kunne engasjere seg og halde liv i bygda. No er ho sjølv ein av hytteeigarane og spørjande til kvifor det ikkje er fleire som bur her.

– Det har vorte lettare å kome både til og frå, her er arbeidsplassar og det går an å arbeide og gå på skule i Florø. Kanskje det kan forandre seg no med koronaen, at folk har fått opp augene for at det kan vere bra å bu med litt meir avstand, og at heimekontor er mogeleg? spør Randi Holsen og syner til at Askrova har lukkast med å få unge folk til å busette seg der.

Sjølve trur dei at dei kjem til å vere meir på Årebrot framover enn dei tenkte då dei kjøpte huset. Det er godt å vere her og som pensjonistar kan dei kome og fare når dei vil. Det er berre ein time å køyre mellom Eikefjord og Årebrot, og «ungane» Tarjei, Veronica og Cathrine ser fram til å feriere i den gamle heimen sin på Årebrot.

Årebrot 08.08.21. Magni Øvrebotten.

12. august 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-08-12 09:54:362021-10-11 22:39:12Attende i den gamle heimen
Aktuelt, Ukategorisert

Velkommen til bygdehelga 23.-25.juli!

Les meir
14. juli 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-07-14 09:56:242021-07-14 09:56:50Velkommen til bygdehelga 23.-25.juli!
Aktuelt, Historikk

Botnane er ei skjult perle

 

Berit Gjerland på synfaring på Storrøysa i Sørbotten 19.11.19. i fylgje med veren Lille venn. Foto: Magni Øvrebotten.

– Gravrøysene i Botnane er ei spesiell samling av ekstra store gravrøyser i eit fasinerande og flott landskap. Når ein er i Botnane kan ein mest sjå føre seg korleis det var her for fleire tusen år sidan. Botnane er ei skjult perle, rett og slett, seier arkeolog Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune.

Det var ein 30 år gamal draum som gjekk i oppfylling for Berit Gjerland søndag 30. mai 2021. Då var dei store gravrøysene i Botnane endeleg skilta og som ein ekstra bonus vart det opna ei kulturminneløype om dei vel 40 gravrøysene Botnane-Årebrot. Utan standhaftige Berit Gjerland hadde ikkje dette blitt gjort.

Ho vart fasinert av gravrøysene i Botnane alt på 1970-talet då ho som arkeologi-student på Universitetet i Bergen var på ekskursjon med båt langs kysten. I Botnane såg ho Søre røysa og Storrøysa kneise på land. Då ho i 1990 byrja som arkeolog i Sogn og Fjordane fylkeskommune visste ho at det var laga ei liste på landsplan over kulturminne som burde fram i lyset. På den lista stod mellom anna helleristingane i Vingen og Ausevika, gravrøysene i Botnane og tunområdet Modvo i Luster.

– Det var opplagt for meg at gravrøysene i Botnane burde tilretteleggast for publikum. Informasjon om kulturminne er det beste kulturminnevernet, for folk er interesserte og det er viktig å få fram historia vår, seier Gjerland.

Frå Storrøysa i Sørbotten ser ein over Pollen til Søre røysa i Sletten (Nordbotten). I Sørbotten står skiltet om dei store gravrøysene. Foto: Magni Øvrebotten.

Avhengig av lokal interesse

Men fylkeskommunen treng ekstra midlar for å gjere slikt arbeid, som oftast frå Riksantikvaren (Direktoratet for kulturminnevern). Dei siste ti åra har kommunane og fylkeskommunane kunna søkje om pengar frå BARK (Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne) til sikring og tilrettelegging av kulturminne.

– I desse prosjekta skal fylkeskommunen arbeide saman med kommunane og lokale lag, og vi er heilt avhengige av lokal interesse. Difor er eg glad for at Botnane og Årebrot grendalag i 2017 var med og søkte om BARK-midlar til skilting av gravrøysene saman med Bremanger kommune, seier Berit Gjerland. Ho er for beskjeden til å nemne at det var ho sjølv som spurde grendalaget om det var mogeleg med eit slikt samarbeid.

Riksantikvaren løyvde vel 280.000 kroner til skilting av gravrøysene i Botnane, men Botnane og Årebrot grendalag ynskte å sjå heile området i samanheng og få opp skilt også i Seljestokken og på Årebrot. Dette vart mogeleg med støtte frå Seljestokken båtverkstad, Flora historielag og Kinn kommune, og Bremanger kommune løyvde pengar til ein lomme på den smale vegen for å gje plass til eit skilt i Sørbotten. Bremanger kommune sette også opp skilta i eigen kommune.

– Det har vore eit godt samarbeid mellom grunneigarane, grendalaget, bygdefolket, kommunane og Vestland fylkeskommune i dette tilfellet, og såleis er det eit godt døme på kva ein kan få til i lag, seier Gjerland.

Bremanger kommune har vore ein av Berit Gjerland sine ansvarskommunar før Vestland fylke vart skipa. No har andre teke over Bremanger, men ho ba spesielt om å få fullføre kulturminneløypa Botnane-Årebrot og det fekk ho.

Berit Gjerland på synfaring i Søre røysa saman med grunneigarar og folk frå grendalaget. Foto: Magni Øvrebotten.

Mest oppteken av dei som ligg i røys

Berit Gjerland har i området vore sett på som ein sterk forsvarar av fortidsminnevernet, og at ho er meir oppteken av dei som ligg i gravrøysene enn dei som leve i dag.

– Det er del av jobben min og til andre arkeologar i kulturminneforvaltinga å ta vare på automatisk freda kulturminne og landskapet rundt dei. Både dei som leve i dag og i framtida skal kunne oppleve desse kulturminna. Landskapet kan i mange tilfelle forklare plassering av dei gamle minna og på den måten vere med på å auke opplevinga av dei. Landskapet og eventuelle tiltak rundt dei er med å auke eller forringe opplevinga.

– Kva seier du til dei som er redde for at fortida skal stå i vegen for notida og framtida?

– Eg vil seie at dei skal ikkje vere redde for det. Det er veldig viktig at vi snakkar saman, høyrer på og har tillit til kvarandre. Kulturminnevernet handterer svært mange saker årleg, i tidlegare Sogn og Fjordane hadde vi fleire hundre saker i året. Dei fleste aktørane vi har med å gjere, vil nok seie at vi samarbeider og prøver å finne løysingar, ofte i fellesskap. I Botnane har det blitt bygd bustadfelt og her kan dei bygge fleire naust i Korsnesvika, og det har ikkje vore noko problem med det i forhold til gravrøysene.

– Det har vore folk i Botnane i 3700 år og dei fleste gravrøysane er enno godt bevarte. Syner ikkje det at folk i generasjonar har teke ansvar og synt respekt for gravrøysene?

– Ja, det har folket i Botnane gjort i generasjonar. Dei har synt age for desse imponerande gravrøysene. Særleg Storrøysa og Søre røysa er fine døme på det. Samlinga av dei ekstra store gravrøysene er eksepsjonell. Det må ha vore både ansvar og respekt for dei i fleire tusen år og sikkert mange historier om kva dei betydde, som vi ikkje kjenner i dag.

Som når kvinner snakkar om fødslar

Berit Gjerland seier ho møter stor interesse og forståing for fortidsminnevern ute blant folk, men det er ikkje dei som går til media. Der opplever ho at mytane og dei negative historiene vert resirkulerte nokså ukritisk.

– Det er litt som når det sit ein flokk med kvinner og snakkar om fødslar. Det som blir fortalt er vonde opplevingar. Hine teier stilt. Då får dei som ikkje har eigne røynsler, berre høyre den negative versjonen, og då er det ikkje så rart at folk blir skremde, seier Gjerland.

– Men korleis har det seg at vi som vaks opp i Botnane aldri har høyrt at bygda var eit høvdingsete i bronsealderen?

– Det er diverre slik det ofte er. I skulen lærer vi litt om førhistoria i 5. klasse, men skuleverket tek i avgrensa grad i bruk det som er i nærområda. Dessutan har det kulturhistorisk lenge vore mest fokus på store bygg og rosemåling. Det har vi mindre av her vest om langfjella og på kysten. Vi har lett for å tru at kulturhistoria vår her ikkje er viktig, perspektivet «periferi» kontra større plassar er også med her, og mange trur at område som er viktige i dag, alltid har vore det.

– Kan det óg vere at arkeologane ikkje deler kunnskapane sine for å verne kulturminna?

– Dei fleste arkeologane eg kjenner vil gjerne dele av kunnskapane sine. Den beste måten å informere på, er gjerne når vi snakkar med folk i ulike samanhengar. Det er likevel avgrensa kor mange vi kan nå på den måten.

 

30. mai 2021 vart kulturminneløypa Botnane-Årebrot opna og Berit Gjerland fortalde om kva gravrøysene fortel oss. Foto: Arne Kleiva.

Mykje informasjon å finne på nettet

Gjerland ser det som positivt at det i dag er mykje kulturhistoriske opplysningar å finne, særleg på internett. Det var ei landsomfattande registrering/kartlegging av slike minne på 1970 og 80-talet, og då var arkeologar også innom Botnane. Dei registrerte fortidsminna har forlengst kome på kart på nettet så alle kan finne dei der. Ein god stad å leite dei opp er på  Kulturminnesøk. Ein annan god nettstad er Fylkesatlas Vestland som også har mange andre opplysningar som er festa til kart der. Til meir folk veit og forstår spora frå fortida, og skjønar at spora fortel om førhistoria på staden der dei bur, til betre tek folk vare på spora. Slik skilting som det no er i Botnane-Årebrot, er eit framsteg, meiner Berit Gjerland.

– Men frykta for å finne noko i jorda og måtte betale er stor?

– Ingen skal betale om dei gjer funn, det vere seg ved hagearbeid, ved jordbruksarbeid på garden eller når ein er på tur i skog og mark og på fjellet. Finnarar har aldri blitt kravd for pengar, og det er ingen ting som tilseier at dette skal bli annleis. Funn melder folk inn til fylkeskommunen, og dei arkeologiske musea er pålagt å sikre og ta vare på funna for framtida. Finnar og grunneigar får som standard i dag takkebrev med opplysningar og fint foto av gjenstanden. Oversikter over innleverte funn finst på Unimus på nettet. Her kan folk også sjå gjenstandar som beste- eller oldeforeldra deira i si tid leverte til museet, fortel arkeolog Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune.

Intervju: Magni Øvrebotten 20. juni 2021.

 

 

 

 

 

 

 

24. juni 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-06-24 08:27:322021-06-24 08:27:32Botnane er ei skjult perle
Aktuelt, Historikk

Kva fortel gravrøysene?

 

Dette er prosjektleiar og arkeolog Berit Gjerland, i Vestland fylkeskommune, si forteljing om kva gravrøysene fortel oss. Ho heldt tala ved opninga av kulturminne-løypa Botnane-Årebrot, i Botnane 30. mai 2021:

Høvdingen var død. Det utenkjelege hadde skjedd. No var tida for å gjere han klar for den siste reisa. Gravferdsstaden var valt ut for lenge sidan og den nedste meteren med stein i gravrøysa var alt lagt opp. Han hadde bestemt at hans gravstad skulle vere den aller største. Den skulle kneise på ryggen nord for gardane, gravrøysa skulle strekke seg mot den heilage himmelen og bli eit minne om han og ætta og landemerke for alle som for forbi i leia. Alle var samde med han i det.

Gjestene var komne langvegs frå. Høvdingen hadde mange allierte – sjølv om det også var mange høvdingar som ville han og ætta hans vondt.

Etter dei omfattande gravferdsseremoniane var over, høvdingen var lagt i grava i sin finaste stas og sjela hadde starta på reise til det hinsidige, dei fremtredande gjestene hadde drege sin veg – då tok byggearbeidet for alvor til.

Trælar og andre undersåttar i Botnane og grendene omkring tok til på det tunge og langvarige arbeidet med å bere stein frå marka omkring og frå fjøra. Oksar drog kjelkar med stein fram til røysa. Kvar stein vart plassert for hand i det som skulle bli den største gravrøysa frå bronsealderen på Vestlandskysten – Søre røysa som er heile 38 meter i tverrmål og 5 m høg.

Slik kan vi tenkje oss noko av det som skjedde kring gravferda her i Søre røysa.

Vi kan stille oss ei rad spørsmål –  Når skjedde dette? Kva slags tid var det? Kva slags samfunn var det på den tida?  Og kunne det verkeleg vere eit maktsenter her i Botnane??

Over heile Europa blei det bygd store gravminne på denne tida. Hjå oss vart dei bygde i stein slik som her. I andre gode jordbruksbygder lenger sør i dagens Noreg og vidare sørover vart dei ofte bygde av jord. Desse store gravhaugane og gravrøysene vart i Skandinavia bygde i bronsealderen,  – i laupet av nokre hundre år i eldre bronsealder. Vi er då 1700 – 1100 år før Kristi fødsel.

Det var framtredande personar i viktige slekter som fekk slik gravlegging. Det gjaldt både kvinner og menn i desse slektene. Storleiken på gravminna signaliserte mynde og autoritet. Det kravdest stor mynde, både religiøst, militært og politisk for å få bygd slike store konstruksjonar. Det visste folk i samtida, og det var mykje symbolikk knytt til dei gravminna, også i tida etterpå.

Styrke og mynde var sentrale momenta i samfunnet, i alle fall hjå dei rådande ættene. Det var eit lagdelt samfunn med rikdom hjå nokre og fattigdom hjå andre. Det var eit samfunn med rivalisering og konkurranse, og inga overordna statsmakt til å regulere forholda. Det var eit samfunn der den sterkaste makta rådde. Difor kunne maktforholda endre seg frå generasjon til generasjon.

Her i Botnane ligg det derimot fire ekstra store gravrøyser frå denne tida – det indikerer eitt stabilt maktsenter over fleire generasjonar, kanskje eit par hundre år.

Store gravrøyser rommar ofte ei gravlegging, men det er døme på at det har blitt sett inn sekundærgraver, gjerne i kanten av store gravrøyser. Det for å vise slektskap og tilhøyre til den mektige i gravrøysa.

Dei avdøde vart gravlagde i sin finaste stas og utsøkte klede. Kvinnene kunne ha store bronsesmykke og mennene flintdolkar, nokre fekk bronsesverd med seg til det neste tilværet. Det er ikkje kjent gjenstandar frå desse gravrøysene i Botnane. Her er groper i fleire, det tyder på plyndringar, men uvisst når det kan ha skjedd. Det kan ha vore rituelle haugbrot i samtida, det kan ha vore skjending av gravminne utført av rivaliserande høvdingar eller det kan ha blitt gjort dei siste hundreåra då respekten for dei daude i slike graver var på veg ut.

Det er slett ikkje sikkert at folk fann noko, i alle fall ikkje no etter så lang tid. I slike gravminne der den rå og fuktige sjølufta siver inn mellom steinane, der løyser organisk materiale seg opp og alt blir til støv, bokstavleg talt.

Dei fire store gravrøysene på kvar si side av Pollen utgjer ei sjeldsynt samling med ekstra store gravrøyser. Dei viser at det har vore ein unik og spesiell situasjon her, eit tydeleg maktsenter i eldre bronsealder. Den største røysa har vi nemnt alt. Den nest største er 30 m i diameter og ligg her rett i mot på andre sida av Pollen. Dei nærmaste røysene av same storleik finn vi nord i Ulvesundet ved Måløy medan vi må like til Stord i sør før å finne tilsvarande.

 

Arkeolog Berit Gjerland heldt tale ved opninga av kulturminneløypa ved Søre røysa i Sletten i Botnane. Foto: Arne Kleiva

Kvifor eit maktsenter i Botnane? – vil du gjerne spørje.

Maktgrunnlaget låg i landskapet her. Ei heldig plassering i si tid.

Det var ei bygd med gardar rundt Pollen, her kunne det bu ein del folk samla på eit relativt konsentrert og avgrensa areal. Her var lune stader til kornåkrar. Kyr, sauer og geiter hadde rikeleg med beite i liene, i dalane innanfor og oppe på fjella. Det var varmt og tørt klima på denne tida, og dyra kunne gå ute året rundt. Slik slapp bøndene å sanke vinterfôr. I sjøen var det mat å få tak i heile året.

Så her kunne det brødfødast bra med folk slik at det var folk tilgjengeleg for det som truleg var det viktigaste grunnlaget for makta her;

Innkrevjing av passeringsavgifter.

Innkrevjinga skjedde, gjerne med våpen i hand, av høvdingen og krigarfølgjet hans.

Leia gjekk forbi – då som i dag. Sjøen var hovudferdsleåra, og all ferdsla og trafikken fôr forbi her. Det var rike bronsealderssamfunn nord i Trøndelag og på Sunnmørsøyane, i Sogn og sør i Sunnhordland, Karmøy og Jæren. Det var slektskap og alliansar mellom dei framtredande slektene over vide avstandar, og i sommarhalvåret var det kontakt mellom dei. Alle måtte dei fare forbi her.

Folk rodde i lange, smekre kanoar, båtar og roskip. Segl kom i bruk først 2500 år seinare. Her vi er, var leia open – det var ingen holmar og øyar å gøyme seg bak for dei som fôr leia. Passeringsavgifter kunne også bety garanti for dei reisande for ei sikker og trygg reise innanfor eit vidare område. At dei skulle sleppe å bli overraska av små røvarbandar som plutseleg kunne dukke opp.

System med passeringsavgifter er det også indikasjonar på andre stader, t.d. på Karmøy. Her sat det ei mektig slekt som kontrollerte ferdsla gjennom Karmsundet.

Det er mykje som kan seiast om dei interessante og spennande samfunna i eldre bronsealder. Vi får innblikk i religiøse førestillingar, t.d. gjennom helleristningar. Gravrøysene si plassering har også samanheng med religion. Røysene var ikkje berre maktdemonstrasjonar.

Mange gravrøyser i denne tida er vende mot leia, også mot sjøen og særleg det opne havet. Det ser vi vi tydeleg her og sørover til Villevika. Kan hende hadde folk førestillingar om det hinsidige – på andre sida av havet. Strandsona var i tillegg  spesiell – her møttest dei tre verdene; den overjordiske/himmelen, den jordiske og den underjordiske/undersjøiske. Kompliserte førestillingar om tilværet og tida etterpå har ikkje vi i dag einerett på.

Den tette kopling til strandsona ser vi særleg tydeleg i den heilt særeigne rada med gravrøyser som vi finn litt lenger sør, frå Storevika og sørover til  og med Årebrot og Nærøyane. Her ligg det over 30 gravrøyser som perler på ei snor i strandsona.  Dei er frå bronsealderen og etterfølgjande jarnalderen. Her har den førhistoriske leia alltid gått – slik ho også gjer i dag med vår tids langt meir solide og kraftige skip.

Dette og langt meir kan vi fundere på når vi stille vandrar kring desse minna frå ei lenge svunnen tid.

 

13. juni 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-06-13 22:16:222021-06-13 23:39:56Kva fortel gravrøysene?
Aktuelt

Bygdehelg 23.-25.juli!

Les meir
7. juni 2021/av asmund
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 asmund https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png asmund2021-06-07 22:11:102021-06-08 08:37:51Bygdehelg 23.-25.juli!
Aktuelt, Historikk

Kjem fortida i vegen for notida?

Frå fjellknausen der gravrøysa Stokkevarden ligg ser ein rett ned på fylkesvegen og kaiområdet til steinbrotet i Seljestokken.  Foto: Magni Øvrebotten

– Fortida har ein tendens til å legge seg i vegen for notida, seier Fridtjov Urdal, som vaks opp med ein svært historieinteressert far i Uradalen på Årebrot. Det var ikkje gravrøyser på deira eigedom, men dei fann stadig spor etter fortida når dei pløgde. Og funna tok dei med til Historisk museum i Bergen. I Seljestokken er det heile ti gravrøyser, men der var dei knapt omsnakka. I Botnane føler folk at vernestyresmaktene er meir opptekne av dei som ligg i gravrøysene enn dei som leve no.

Fortidsminne som gravrøysene vart freda i 1905, i den fyrste lova det norske Stortinget vedtok. Dei skulle vere tilgjengelege for ålmenta og er ein del av den felles kulturarven vår. Allmennkunnskapen om dei er ikkje gamal. Lover og regelverk har kome til etter kvart, men er lite kjende. I skulen lærde vi om pyramidane i Egypt, men ikkje om gravrøysene i vår eiga bygd.  – Det er vanskeleg å vere stolt av eller glad i det du ikkje veit om, seier Fridtjov Urdal.

Det er heller ikkje så enkelt å ha ei freda gravrøys nær tunet. Det set begrensingar på kva du kan gjere og utfordrar sjølvråderetten. – Haldninga var at det som er funne på vår grunn, eller rak i land i vår fjære, det er vårt, seier Fridtjov Urdal.

– Seinare kjem den store skrekken, at nokon skal kome og grave og vi må betale. Men denne frykta for å måtte betale er av nyare dato. Vi har fagfolk for at dei skal passe på faget sitt, til dømes fortidsminna. Det er jobben deira og det skal vi ha respekt for. Men nokon av dei gjev ikkje slakk og kjem såleis i vegen for seg sjølv, meiner Fridtjov Urdal.

Aldri omsnakka

På strekninga Botnane-Årebrot er det registrert vel 40 gravrøyser, men det er nytt for dei fleste. Ti av dei ligg i  Seljestokken. – Pappa var ikkje oppteken av slikt. Eg trur knapt han fortalde oss om Stokkevarden, og heller ikkje om røysa på Djupevikneset. At det er heile ti gravrøyser her på garden var aldri omsnakka. Eg lurer rett og slett på om han visste det. Eller om problemet var at han ikkje fanst interessert? undrar Torleif Seljestokken

Dottera Nina Seljestokken hugsar at det kom folk langvegs frå for å sjå på røysene då ho var  lita. – Eg var heilt sjokkert, eg ante ikkje at det var noko spesielt med dei. Men eg hugsar at vi fekk beskjed om å ikkje ta stein frå dei. Gravrøysene skulle ligge i fred. Ho kan ikkje minnast at dei 30 gravrøysene frå Storevika til Årebrot vart brukt i undervisinga i skulen.

Gravrøysene var ikkje noko problem då Norvald Seljestokken byrja bygge opp båtverkstaden på 1950-talet. Men då det i 2005 var planar om steinbrot i Seljestokken måtte det heilt til topps i departementet, for Riksantikvaren ville ikkje ha steinbrot i dette gravrøyslandskapet. Lokalt var det underskriftsliste om at «Vi kan ikkje bu i eit museum» og argumenta om bygdeutvikling og busetting vart avgjerande for steinbrotet.

Ingrid Seljestokken har slektsrøter på Årebrot, men kjende knapt til gravrøysene før ho og Torleif var nygifte sist på 1970-talet og det kom folk frå Universitet i Bergen for å sjå på gravrøysene. Ho har vore lærar både på Årebrot og i Florø, men det er lite fokus på lokal historie i skulen, seier ho. Ingrid synst det er fasinerande å tenkje på at det har budd folk i Seljestokken så lenge.

– Ja, og det er same grunnen til at vi er her som at gravrøysene ligg her. Det er nærheita til sjøen. Dei som reiser forbi her legg merke til båtverkstaden, og dei møtest på kaiene rundt om. Og spør kvar har du fått tak i den båten? Når svaret er Seljestokken så veit dei kvar det er. Eg lurer på korleis båtane såg ut i bronse- og jernalderen, då gravrøysene vart bygde? spør Torleif Seljestokken.

Utsikt til Storrøysa frå stoveglaset. Foto: Grete Thorsen Nøttingnes.

Å bu i eit forhistorisk rom

Grete Thorsen og Sigfred Nøttingnes ser beint ned på Storrøysa i Sørbotten frå stoveglaset i Kvia. Ho kjem frå Østfold og er vel van med gravhaugar. Men der er dei dekte med jord, så ho skjønte ikkje at dei store røysene i Botnane var gravhaugar. – Ikkje før eg ein dag sa at eg var så imponert over kor folk i Botnane hadde rydda stein og lagt i så svære haugar. Då fekk eg beskjed om at dette var gravrøyser, ler ho.

Sigfred leika på Storrøysa som liten gut. Ho låg nær gardstuna og han minnest at dei flytta på steinar i von om å finne eitkvart. Men fann dei noko var det helst rusk og rask som var stukke vekk under steinane i nyare tid.

– Ser du røysa er du i eit forhistorisk rom og det gjer det vanskeleg om du ynskjer å gjere noko, til dømes bygge på huset. Heldigvis fekk vi gjennom at det som ligg ovanfor vegen er unnateke det rommet, elles er det vanskeleg å gjere noko som helst her i Botnane. Bruka ligg nær sjøen og ovanfor er det definert som rasfarleg, sjølv der vi ikkje alltid skjønar kvar rasa skal kome frå, seier Sigfred Nøttingnes.

Bygging 30 meter frå sjøen (definert strandsone i Bremanger kommune), rasfare og fire store gravrøyser, gjer det vanskeleg å få løyve til å bygge nytt og gjere endringar på det som er bygt i Botnane, meiner Nøttingnes.

Positivt engasjement er det beste vernet

Rune Nordbotten har nett hatt arkeologiske undersøkingar på garden sin fordi han ynskjer å legge høgspentlina i bakken. Han oppfattar det slik at eigendelen på mellom 25. og 30.000 kr, som han må betale, kjem seg av desse undersøkingane. Han har klaga og vore i kontakt med arkeolog Berit Gjerland, i Vestland fylkeskommune, som seier at ho ikkje har vore borti eit liknande tilfelle før.

Historisk sett meiner Rune Nordbotten at gravrøysene i Botnane ikkje har vore noko problem for dei som bur her. Dei har lege der og folk har styra med sitt. Det er dei seinare åra det har vorte meir merksemd kring dei.

– Eg meiner dei som steller med kulturminne har forsømt seg når dei ikkje har delt meir av kunnskapen om røysene med lokalbefolkinga. Det har gjort at dei fleste av oss har hatt eit ubevisst forhold til røysene og det er det farlegaste forholdet vi kan ha. Om dei hadde fortalt kva vi skulle leite etter i jorda hadde det kanskje vore funne og teke vare på meir? Til dømes kva skal vi sjå etter i jorda for å finne tuftene etter garden(ane) i bronsealderen? Elles meiner eg at staten bør betale utgifter vi får på grunn av gravrøysene. Det skaper fort problem slik det er i dag, seier Rune Nordbotten.

Modell av «Frøysjøkatedralen», teikna av arkitekt Stein Halvorsen. Foto: Arkitekt Stein Halvorsen AS.

Nordbotten har ivra for å få opp eit eige visingshus der ein kan syne historia om røysene og bygda. Arkitekt Stein Halvorsen AS (som mellom anna har teikna Sametingsbygningen) har teikna «Frøysjøkatedralen» til føremålet. Huset er godkjent i kommunedelplanen i Bremanger, men det er ikkje finansiert eller søkt om byggeløyve. Kulturavdelinga hadde motsegn, men fekk ikkje medhald.

– Om vi kan skape eit positivt engasjement kring gravrøysene er det det beste vernet dei kan ha, meiner Rune Nordbotten. Han meiner også at funn frå førhistorisk tid, som blir levert til museet i Bergen, må bli lånt ut. – Det er når folk får sjå gjenstandane at dei blir stolte og interesserte, og då trur eg at mange fleire ville ha augene med seg og levere inn funn, seier Nordbotten.

Utegangarkyr beitar fredeleg ved Søre røysa. Foto: Magni Øvrebotten

– Hadde vore molo for lenge sidan

Audun Sande er nærmaste nabo til den største gravrøysa på vestlandskysten, Søre røysa, i Sletten. Både han og generasjonane før han har levd godt med det naboskapet. No har han gjeve grunn til å sette opp hovudskiltet om gravrøysene og lage parkeringsplass mellom Søre røysa og garden hans.

– Vi vart lærde opp til at gravrøysene var freda og skulle ligge i fred. Vi leika på dei, men fekk beskjed om aldri å ta vekk stein frå røysene. Lokalbefolkninga har i generasjonar hatt respekt for gravrøysene og hadde vi ikkje hatt det hadde dei vore tekne til molo for lenge sidan. Då hadde her ikkje vore mykje å sette opp skilt om i dag, seier Audun Sande.

Han hugsar at det var folk frå Bergen og grov i røysene då han var gutunge, men det var alltid så hemmeleg kva dei dreiv på med og lokalt fekk vi aldri høyre om dei fann noko. Det var som om det ikkje vedkom dei som budde i bygda.

– For 25 år sidan hadde vi planar om å bygge to hytter inn i bakken nær Søre røysa, tilpassa landskapet. Då tilbydde eg også plass til parkering og skilt om røysene, men det var blankt avslag, fortel Sande. I nyare tid har son hans bygt seg nytt hus i gardstunet utan problem.

Audun Sande understrekar at han er for å ta vare på gravrøysene, men han er uroleg for framtida.  – Eg er redd for at gravrøysene skal bli brukt mot oss når vi vil ha noko gjort. Eg hugsar enno godt at Berit Gjerland på eit møte her sa at etter hennar syn skulle ein ikkje sette opp noko nytt der ein såg i gravrøyser. I røynda betyr det heile bygda, bortsett frå i Øvrebotten. Då er dei som ligg i røysene viktigare enn vi som leve i dag, meiner Audun Sande.

– Kva med den arva frykta her i bygda for å finne noko og måtte betale?

– Ja, den sit djupt i oss. Eg høyrer at det vert sagt at vi slepp om det ikkje er snakk om næringsverksemd, men vi ser stadig at folk må betale. Sist no tilfellet med kraftlinja i bakken hjå Rune. Om vi fekk det svart på kvitt at vi slapp betale om vi fann noko, ja, då trur eg det ville blitt snakka meir om både kva som er funne og blir funne, seier Audun Sande.

Van med at kraftlinjeselskapet betalar

Arkeolog og seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Berit Gjerland, seier at kulturavdelinga alltid har oppfatta det slik at i dei sakene der det må gjerast arkeologiske undersøkingar, så tek kraftlinjeselskapet seg av det og legg ikkje kostnadane vidare på tiltakshavar eller den som ynskjer arbeidet utført. Etter at Gjerland vart kjend med at Rune Nordbotten måtte betale har ho undersøkt   med kraftselskapet Linja AS om kulturavdelinga si oppfatning er rett.

– Det viser det seg at det nødvendigvis ikkje er tilfelle. Selskapet tek betalt for oppdrag kunden har teke initiativ til, sokalla «kundeinitierte oppdrag», og NVE har sett reglar for dette. Linja AS forklarar at i dei tilfella der kunden ynskjer ombygging eller flytting av kraftlinjer, så skal kunden betale alle kostnader. I Botnane er det snakk om omlegging frå luftspenn til jordkabel, etter ynskje frå Nordbotten og då må han betale. Ved oversending av saker til kulturavdelinga, er det sjeldan opplyst om oppdragsgjevar, seier Gjerland.

Ho seier vidare at når det gjeld betaling for arkeologisk arbeid så blir det kravd ved offentlege og større private tiltak, sjå også lov om kulturminne §§ 9 og 10. Ved det som heiter «mindre private tiltak» dekkar det offentlege kostnadane, og slike tiltak kan vere privat hus, hytte, grøfter, landbruksveg og anna. Rundskriv T-2/07, også det er å finne på nettet, forklarar dette nærare. – Generelt sett, dersom det er tilfelle der ein meiner at utgiftene er urimeleg tyngande, så seier den same lova at er det høve til å søke staten om å få dei dekka, seier seniorrådgjevar Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune.

Intervju Magni Øvrebotten 28.05.2021. Siste avsnittet vart oppdatert med nye opplysingar frå Gjerland 21.06.21.

 

28. mai 2021/av magni
https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png 0 0 magni https://botnane.no/wp-content/uploads/2018/05/BÅG-logo-300x84.png magni2021-05-28 21:02:232021-10-11 22:31:40Kjem fortida i vegen for notida?
Side 18 av 34«‹1617181920›»

Kategoriar

  • aktuelt
  • Aktuelt
  • Arkiv
  • Historikk
  • historikk
  • Innlegg
  • News
  • Personal
  • Ukategorisert

Botnane og Årebrot Grendalag

Leiar:

Åsmund Berthelsen
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com
Tlf. 93237073

Lik oss på Facebook

© Kopirett - Botnane
  • Link to Facebook
Scroll to top Scroll to top Scroll to top